mandag, januar 31, 2022

Dagbok 2022: 31.januar


                                     Dette bildet tok eg for mindre en 5 minutt sidan-

Klokka er no fire minutt på 5, temperaturen ute er 0 grader og det har kome mykje ny snø. Først på dagen såg det ut til at det skulle klårne opp, og vi skulle få sol. Slik blei det ikkje. No tenkjer eg på at viss eg skal på trening i morgon , så må eg ut og moke både i kveld og i morgon tidleg.

  I dag då eg stod opp var foten min heilt fin, men det varte ikkje så lenge. Eg sette meg til å skrive eit brev til legen min, det har ho sagt er heilt greitt. Eg ordlegg meg betre når eg skriv enn når eg snakkar. Så gjekk eg i dusjen og vaska håret, før eg kledde meg om. Eg tok bilen min og køyrde ned til Legesenteret og leverte brevet, men eg har ikkje høyrt noko enno. Ho er truande til ringe utpå kvelden-det har ho gjort før.

Sidan eg først hadde tatt laus og ikkje hadde andre ærend, tok eg like godt og fylte bensintanken på bilen. Det var visst på høg tid, for der gjekk mykje bensin innpå. Eg fyller alltid tanken heilt opp.

Då eg kom heim att var det så fint ver at eg skunda med å ha ut alle golvteppe på soverommet og datarommet. Dei romma får eg ikkje vaska utan det er opplett ute.Fordi der er så mange teppe. Eg rakk så vidt å få teppa inn att før snøen lava ned.

Eg leita i frysaren på kjøkkenet etter middagsmat, og i dag fann eg middagspølser og surkål. Poteter har eg i lageret mitt- Så det blei middag i dag også. Eg prøver å bruke av det eg har -for eg har ein tendens til å hamstre. No prøver eg å ikkje kjøpe så mykje, butikken er ikkje langt unna. 

Etter at eg hadde ete, sette eg meg til å strikke på jakke-erma som eg begynte på i går. No er heile jakka i vaskemaskina, så får vi sjå om den vart brukbar. Det ser no heilt fælt ut når ein strikkar med opprekksgarn. Den oransje kofta har i alle fall sett sine beste dagar. Men eg treng no arbeidsklede- har ein del av det, ja. 
Dagane går fort, og no skal eg lage meg litt kaffi, det er ikkje så mykje eg får gjort på ettermiddagane, og slett ikkje med ein vond fot.

No snør det tett ute, , i år har vi verkeleg "Come back"-vinter, det er kvite og grøne dagar på skift heile tida. 

søndag, januar 30, 2022

Dagbok 2022-30. januar


Klokka er no 15.50, temperaturen er så vidt over 0,det er lettskya og opplett. 
Og i dag har vi sett sola, vi såg litt ein dag før, men i dag skein den inn i stova i fleire minutt. Hadde det vore klårt, hadde vi hatt sol i fleire timar. I går kveld var det ruskever med hagl og vind, tora høyrde eg også. Men i dag var markene kvite igjen. Foten min var veldig bra med det samme eg stod opp, men heilt god er den ikkje.

Eg var ut i garasjen og henta inn ved, då såg eg at det var såpass med snø at eg måtte moke trappa og ein sti opp til gata, for eg venta Marit på besøk. Det er greitt å ha moka litt, for no trur eg det blir frost, det likar eg lite, men så får vi vel også sol.

På føremiddagen i dag, begynte eg å strikke ny erm på kofta mi. Marit kom ned  litt før klokka 13, så då hadde vi "formiddagskaffe". Eg set veldig pris på Marit. Ho er ei god venninne, og vi kan snakke om det meste, for ingen av oss fer med slarv.

Etter at Marit gjekk opp att, sette eg meg til å skrive eit utførleg referat frå styremøtet vi hadde på fredag. No må eg snart ta fram spanskbøkene mine og jobbe litt med leksa, for komande onsdag startar vi opp igjen. No skal vi vere på Bakk-Ola igjen, for på hotellet la dei på prisen.


Dette bildet tok eg gjennom vinduet på datarommet presis klokka 12. Her er sola i ferd med å gå bak Melshornet, men den kom att ein tur seinare også. Det var på tide med litt sol no.

lørdag, januar 29, 2022

Dagbok 2022: 29.januar


Klokka er no17.22, temperaturen ute er + 1grad C, og akkurat no snøar det. Tidlegare i dag var det regn, sludd og hagl, men no ser det ut til at det blir kvite marker igjen.

Dette har vore ein lat og koseleg dag. Etter frokost tok eg fram to sudokuar som eg ikkje hadde fått heilt i hamn i går,  i dag var det ingen problem, men det tok si tid. Etterpå sette eg meg til å strikke og sjå SERIE, no er eg komen a jour med RÅDEBANK, ein fin serie.

Eg sat og såg siste episoden då Solveig ringde og spurde om eg ville ha besøk, og mens eg snakka med Solveig, ringde Margrete, så i dag har eg kost meg. Solveig hadde kjøpt kaffimat og Margrete hadde kjøpt kaffi. Men den var umalt og eg har kasta kverna mi, som var slutta å virke. Men Margrete hadde kjøpt seg kvern i dag, så den fekk eg, mens ho fekk pengar til å kjøpe seg ei ny . Vi åt kveitebrød og drakk kaffi og prata til det vart tid for dei å fare heim att.

I dag hadde eg bestemt meg for å halde meg mest mulig i ro, for å sjå om det hjelpte på den låke foten. Eg har også gått berrføtt for å sjå om  det var bra for å ikkje hovne opp. Det har gått bra til denne tid.

Eg har ei kjensle av at denne dagen vart altfor kort. Tida går fort i godt selskap. Bilda tok eg frå altanen,rett før eg sette meg til å skrive,  Kvar gong det nesten er blitt bert, kjem det ny snø. Eg må tenkje på at viss det hadde vore klårt no, hadde vi hatt sol mange timar kvar dag. Slik var det i fjor, men eg har trua på at vi kan få det klårt og kaldt i februar, det må no ein gong slutte å regne og snø.



fredag, januar 28, 2022

Dagbok 2022: 28.januar


Klokka er no17.50, temperaturen ute er+ 3 grader og det regnar så smått. Markene var kvite før eg la meg i går kveld, så snøen var inga overrasking i dag. Foten min var ganske bra til å begynne med i dag, og det var ikkje så vondt å gå på sokkelesten, verre med sko. Men eg fekk no unna fredagsvasken før eg shina meg opp og  for ned på Bakk-Ola. Eg moka litt på tunet for å vere sikker på at eg kom meg ut med bilen. 

Møtet var for det meste om årsmøtet i pensjonistlaget. Vi er fleire som går ut av styret no i år, og så gjeld det å finne nye folk til å ta over styringa. Eli skal heldigvis halde fram eit år til.

På heimvegen stoppa eg og hamstra litt meir mat og drikke på KIWI. Heime laga eg meg litt middag og så tok eg opp ein tørr klesvask frå vaskekjellaren, har eit tørkestativ der, som ei nødløysing.

Etter middagen begynte eg på ny frisk med Sudokuen frå i går, eg har enno ikkje løyst den. Så var det Møre-Nytt og bladet PENSJONISTEN som måtte lesast  - meir og mindre, før eg tok kaffikoppen med meg inn i stova til meir RÅDEBANK. Eg har begynt på 3.sesongen no. Serien er mykje betre enn eg trudde.

Marit vil at eg skal gå til legen med foten min, men eg må i alle fall vente til over helga-og då er eg kanskje bra. Viss eg skal til lege , må det bli på "Øyeblikkelig hjelp"- men det brukar det ofte å vere med meg, i alle fall når det gjeld føtene mine- Tre gonger har eg vore der- og alt var med føtene.

Eg har ingen spesielle planar for helga, men det dukkar vel opp eit kvart. Har gått lenge og tenkt på å fare fram å grava, men det har ikkje vore bert. Kanskje blir det mindre nedbør i februar, for denne månaden har det vore både snø og regn .

Fredag i dag, og då er det helg, tenk før arbeidde ein om laurdagane også, det har vi nesten gløymt. Helga var ikkje så lang då. Håper alle får ei fin helg-uansett vêr og føreforhold.


Som de ser har eg fått ny bil(på tunet) Dette er ikkje ein rånebil , men ein fin BMW


torsdag, januar 27, 2022

Dagbok 2022: 27.januar


Klokka er no16.10, temperaturen er + 3 grader C. Det kjem diverse nedbør frå oven, av og til regn, eller sludd eller hagl, og så blæs det nokså mykje innimellon. Så eg held meg inne i dag.
I dag var Marit og eg på trim. Den hovne foten min var mykje betre i dag, men framleis litt hoven. Eg viste den til terapeuten og  ho vart bekymra, når eg spurde kvifor, sa  ho at hevelser kan vere teikn på blodpropp. Ho meinte at eg burde gå til legen. Eg blei berre litt bekymra, men det ser ut som om foten blir bra heilt av seg sjølv. Eg har berre smurt eit par gonger med smertedempande gelé- Men eg går ikkje på Vernet før eg er heilt bra.
Vi skulle ikkje handle i dag, så vi reiste rett heim , men sat og prata i bilen ei stund-det gjer vi alltid. Då vi kom ut av bilen fekk vi sjå sola ei lita stund. Eigentleg skulle vi hatt ein del sol no, men skyene er i vegen,
I dag ville eg bake brød for eg fann ikkje meir i frysaren, så no ligg der tre nysteikte brød på benken; dei skal bli ein del av ein sein middag.Ja, eg et no ikkje alle på ein gong.
Elles har eg ikkje gjort så mykje. Festa trådar på dei siste lestane av garnet eg fekk av Solveig til jul. Og så har eg rekt opp "halsen" som høyrer til den oransje kofta mi. Garnet skal eg bruke til å strikke ny venstre-erm. Høgreerma har eg 
reparert før. Men eg tenkte garnet skulle få fred ei stund-og kanskje strekke seg.


Eg la  opp eit lite strikketøy i dag, fordi eg såg på TV, men no må eg bruke ein 

god del tid på spansken, for vi startar opp att neste veke. Det er vanskeleg å lære så mykje nytt når ein er gammal. Eg har ikkje problem med å forstå-men å hugse. Så eg tek spansken som trim for hukommelsen. Vi er faktisk 5 stk. på gruppa som er over 80 år.

Eg skal kome meg bort på El-kjøp ein av dagane, men før eg skal ha inn ny tørketrommel, må eg rydde litt i vaskekjellaren. Eg går ut frå at dei tek med seg den gamle i retur. I morgon har eg ikkje så mykje på arbeidsplanen min, anna enn å vaske litt til helga. (Og det er fort gjort).




 

onsdag, januar 26, 2022

Dagbok 2022: 26.januar


 Klokka er no 17.42, det er + 4 grader ute , og det regnar. I dag har eg ikkje vore noko særleg ute.

Sist natt og i dag tidleg verkte eg mykje i ryggen og hofta, så eg var litt skeptisk då eg stod opp i dag. Det er nesten slik kvar dag, men det plar gå over når eg kjem i "arbeid" og det gjorde det i dag også. Merkeleg nok Eg fekk vaska ned bad og WC før middag, og det gjekk heilt fint. 

Verre var det med høgre foten. I går då eg hadde vore på Vernet fekk eg låkt i tærne på høgre foten, eg trudde det var støvlettane som var trange, men det var det ikkje, Det er ikkje tærne som er vonde , det er lenger inn på fotbladet. Det er ikkje vondt når eg sit i ro, berre når eg stig på foten, og det er verre når eg har sko på enn når eg går på sokkelesten. Viss det blir trening i morgon kan eg høyre med fysioterapeuten. Viss det ikkje blir bra etter nokre dagar, må eg vel ein tur på røntgen.

Mens eg vaska tak og vegger, hadde eg ein klesvask gåande i kjellaren, men då eg skulle ha kleda over i tørketrommelen, oppdaga eg at låsen på "døra" var heilt kaputt. Ja, eg har mange gonger lurt på kor lenge den trommelen ville leve, den har overlevd minst tre vaskemaskiner. Eg trur at noko av grunnen til det er at den er så enkel. Dampen har gått ut i rommet , der er to val når det gjeld varme, og så kan ein stille tida som ein vil. Eg har tørka store klesvaskar på 1 time. Men eg får vel ikkje tak i noko liknande no. Eg har vore inn på nettet og sjekka prisar , og no kostar ein trommel frå 3000++ til mykje over 10|000 kr. Eg må no bort på El-kjøp ein dag,eg irriterer meg over at vi ikkje har EL-butikkar i Ørsta , men må bort i Furene og det er Volda. 

Til middag i dag steikte eg meg fine små pannekaker med mykje egg i. Tenkjer på proteinen når eg et egg. Etter middag har eg sete og strikka, blir kanskje ferdig med siste sokken i kveld. Og så ser eg RÅDEBANK. Har ikkje brytt meg om den serien før, men no har den fått så mykje skryt. No er dei komne til 3.sesong, men eg begynte på 1.sesong i går. No har eg ikkje rånebil på tunet, det kom ein annan bil i går, men veit ikkje om rånebilen er vekk for godt.

Det er mørkt og vått ute, men eg er glad så lenge det ikkje er kaldt. Men om det blei klårt og kaldt, hadde vi hatt sol no.

Det mørknar så tidleg og så fort at eg sjeldan somlar meg til å ta bilde i dagslys.


tirsdag, januar 25, 2022

Dagbok 2022: 25.januar


 Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 5 grader C, det er opplett , men kald vind.

Denne dagen gjekk nesten heilt i vasken, har ikkje fått gjort særleg mykje fornuftig.
Då eg kom ut til garasjen, klar for å køyre til treninga, kom Marit og spurde kvar eg skulle. Det viste seg at ho hadde fått melding frå Fysioterapeuten o at det ikkje vart trening i dag, på grunn av sjukdom. Eg såg etterpå min telefon og den låg samme meldinga. Eg hadde fått den mens eg var på badet kl.9.03.
Men eg måtte på apoteket i dag, for det var andre dagen eg ikkje hadde fått tatt eine blodtrykkstabletten, så vi vart samde om å fare nedover klokka 11.
Så vart det å byte klede etc.Fekk no betalt ei rekning og lese litt i avisa før vi for nedover. På ALTIvar vi kun inn på apoteket og så var vi på Spar. Etter at Koronaen blomstra opp att, går alle folk med munnbind igjen.
Det var ikkje så mykje eg skulle ha på Spar, men fann no litt. Då eg kom heim att gjekk eg tur på Vernet mens eg framleis hadde ytterklede på meg. Eg møtte ei gammal venninne som eg prata litt med, så då eg kom heim, var det nesten middagstid.
Middagen var lettvint i dag, restar frå i går ! Eg syntest det var litt hustre så eg tok og kveikte i omnen før eg slappa av med kaffikoppe, Vart VEL slapp  og TV-en stod på, så eg halvsov ei god stund. Etterpå måtte eg ut i garasjen etter meir ved. Slik kan ein heil dag gå utan at ein får "gjort" noko. 
Det eg skal gjere no er å strikke ferdig den siste lesten av Arne og Carlos -garnet. Då har eg strikka 8 store, lange lestar av tynt garn. Så no skal eg ikkje strikke lestar på ei stund, har enno mange par på lager. Eg har spanskboka liggande så eg kikar i den innimellom. Den 2.februar startar vi opp att spanskgruppa og då skal vi vere på Bakk-Ola. På hotellet hadde dei lagt godt på prisen. På Bakk-Ola er det alltid godt og varmt , så det er ikkje meg imot.
                              Dagens utfordring: 42 trinn opp non stop.

mandag, januar 24, 2022

Dagbok 2022: 24.januar


 Klokka er no 16.10, temperaturen er + 4 grader C, og det meste av snøen er borte, heldigvis, og i dag fekk eg endeleg gå ein tur på Vernet igjen.

I dag vakna eg tidleg, men greidde å ligge i ro til halv åtte. Einar skulle komme på besøk etter at han hadde vore hos fysioterapeut her i Ørsta. Eg visste ikkje sikkert kva tid han skulle kome, så eg hadde gjort klar middagen i går, så det var berre å koke poteter. Einar fekk ikkje vite tidspunktet han skulle vere hos fysioterapeuten før i går kveld. Det vart tidlegare enn eg trudde, så då han kom spurde eg om han ville ha middag her, eller få med seg mat heim.  Han valde det første, så då klokka var vel 11, sette vi oss til med middagen. Då kom eg på korleis det var då mamma jobba på sjukehuskjøkkenet. Då sende dei middagen med heis opp til avdelingane klokka 11, og så åt kjøkkenpersonalet middag mens det var fredeleg , før dei kom, dei som skulle ete i spisestua. Eg jobba der av og til sjølv, så eg var kjend med skikkane. No er det vel ikkje mange som et middag klokka 12, slik det var før.

Det var kjekt å ha besøk av Einar, og kjekt at det no går framover med skaden hans, no får han lov å trene litt meir og det trur eg han er glad for.

I dag var det nesten sol her, men berre litt slapp gjennom skyene- hadde det vore klårt så hadde vi sett meir.

Då Einar hadde reist, såg er ferdig serien min. Eg likte den godt ei stund, men etter kvart vart det meir blod og drap. Nok er nok av den sorten. Når eg ser så mykje seriar er det fordi eg sit og strikkar mykje, men no skal det snart bli slutt på det -snart. I morgon og torsdag er det trening, og neste veke blir det spansk også. Så då blir det tre morgonar å ta laust. Men det hadde vore trasig å ikkje ha noko å gjere. I morgon må eg ein tur på ALTI for eg må på apoteket.


                                 I dag legg eg ut bilde med dagslys

søndag, januar 23, 2022

Dagbok 2022: 23.januar

 




                                         Utsikt frå altanen kl.18.00

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 8 grader, og det blæs og regnar litt, så det kjennest ikkje direkte varmt ut. Eg kom meg ikkje ut og gå tur i dag heller, noko som eg sjølv må ta ansvaret for. På føremiddagen dreiv eg og laga litt mat, til i dag og til i morgon. Klokka 13-15 var eg oppe hos Marit, vi hadde mykje å snakke om, sidan vi ikkje hadde vore i lag sidan torsdag morgon. Eg hadde for øvrig ikkje snakka med NOKON sidan då. Det er inga katastrofe, for eg snakkar no bra mykje med meg sjølv.

I dag hadde eg grønsaksuppe til middag+ dessert. Etter måltidet fann eg ein litt spennande serie på Netflix som eg begynte å sjå mens er strikkar. Eg har no begynt på det fjerde og siste lesteparet som eg strikkar av garn eg fekk av Solveig til jul. Det går ikkje så fort, for garnet er tynt og lestane store.

Det er snart slutt på vinterferien min, for i februar begynner spanskkurset igjen, og i den anledning har eg etterlyst eit bilde. Eg har ikkje fått kobla printeren skikkeleg til den nye maskina, derfor kan eg ikkje lage bilde sjølv. I morgon kjem Einar på besøk, så då kan eg kanskje høyre med han. Eg har fått skrekk for å gjere ting sjølv på PC-en, for det har ikkje alltid blitt så vellykka. Men eg får  skrive ut tekstar som ligg på maskina, så der er no ein slags kobling.

Dagane er så korte, og det blir så tidleg mørkt, og når eg då akal ta bilde til bloggen har eg ikkje så stort val. Eg synest det går mykje tregare med snøsmeltinga no enn det gjorde gongen før, men då kom det både mildvêr, regn og vind.


                                         "Kosekroken" min.

lørdag, januar 22, 2022

Dagbok 2022: 22.januar


 Klokka er no17.10, og temperaturen ute er + 5 grader. Det var ikkje så mildt i natt at snøen hadde smelta, så eg måtte moke litt på føremiddagen i dag-Eg må legge snøen nær huset for den inneheld mykje singel. Men eg kom no ut med bilen. Var også ut og moka litt på altanen, men håper resten fer av seg sjølv.

Eg hadde ikkje så mykje på planen  min i dag, berre at eg skulle handle litt matvarer på KIWI. Og det blei gjort. Etter at eg kom heim laga eg meg middag, i dag vart det Gilde karbonade med mykje festlig tilbehør, i tilleg til ei potet frå i går.

Kaffikoppen tok eg i stova, med strikketøy og SERIE. I dag fann eg ein liten serie som var litt OK, så den såg eg ferdig. På vanleg TV er det berre sport, og no når eg er åleine i huset slepp eg å sjå det, for det er det kjedeligaste eg veit. 

Eg hadde tenkt at Marit og eg skulle hatt oss ein tur til Vik i dag, men Marit hosta, så ho hadde ikkje lyst å vere i lag med "FOLK". Og det forstår eg. No er det lenge sidan eg har gått tur, så i morgon må eg komme meg på beina.Kva tid eg kjem meg på gravplassen, veit eg ikkje.Der ligg vel snø enno.

I kveld blir det TV og strikketøy og Eides språksjov, som er det programmet eg likar best. Ja, så er det MGP. Det blir mykje strikking, men når eg har strikka ferdig den lesten eg held på med no, er det berre eitt lestepar att, og etter det skal eg strikke ny venstre-erm på den oransje kofta mi. Ny høgre-erm har den fått før.

fredag, januar 21, 2022

Dagbok 2022: 21.januar



 


Klokka er no18.22, det er+1 grad på trappa og det har småregna litt i heile dag, dertil smeltar snøen og det renn frå taket, eg håper at all snøen forsvinn før vi får ny forsyning.

I dag sov eg godt og lenge sidan eg ikkje hadde noko eg skulle i dag. Då eg kom ut på kjøkkenet i 10-tida deiv Torbjørn og fresa brøtekanten , slik at det vart farbart ned til meg. Eg brydde meg ikkje om å moke i dag sidan eg ikkje skulle ut med bilen, men eg laga meg ei rås bort til garasjen sidan eg hentar ved der. Eg prøvde å moke litt på altanen , men det vart for tungt. Nils brukte alltid å passe på at der ikkje vart liggande vatn på altanen som kunne trenge inn i huset, eg prøver også det. Men å spade DEN snøen i dag og hive over rekkverket det vart for tungt for meg, så eg laga berre "vegar" der vatnet kunne renne. Det har vore mange kvite og grøne dagar i januar hittil i år. I morgon må eg vel handle litt så då får eg håpe at snøen smeltar i natt-det er no meldt mange varmegrader.

I dag har eg hatt ein roleg dag, har tatt fredagsvasken, men elles har eg ikkje gjort all verda. I går kveld kokte eg risgraut, så det vart middagen i dag også, med spekemat og poteter som forrett. Eg lever i grunnen godt. Det einaste eg ikkje har tilgang til er blodfersk fisk, og det saknar eg. Så lenge Nils kunne fiske, var det fisk opp til fem dagar i veka. Det er mykje ein kan lage av fisk!

Etter at eg hadde ete middag i 15-15.30 tida, slappa eg av, som vanleg, Elles så blir det mykje "strikketøy og TV"  det blir det vel for andre også ?

Viss det blir klårt og kaldt no, så har vi sol nokre timar for dag- og det lyser opp.

I dag er det fredag, ein god dag for dei som må vere på jobb i veka. Eg vil ønske alle ei god helg !

                                   Heilt ferske bilde frå tunet mitt.


torsdag, januar 20, 2022

Dagbok 2022: 20.januar


 Klokka er no15.35, og det er 0 grader ute. I dag vakna eg grytidleg, men stod ikkje opp før klokka hadde passert halv sju. Eg måtte opp tidleg skulle eg få moka snø såpass eg fekk ut bilen- Men først åt eg frokost. Eg er ikkje sikker på kor lenge eg moka, men eg fekk no vekk såpass mykje at eg greidde å rygge ut bilen. Eg skulle ikkje fare før klokka 9.45 så eg hadde god tid, og eg kom meg opp på vegen til tross for at det hadde kome mykje snø sidan eg moka.

Marit skulle på trening så ho sat på med meg ned dit, og eg køyrde vidare. Eg visste at Røde Kors-huset var ute i Strangata ein stad, men eg såg ikkje logoen nokon stad, så eg parkerte og gjekk til fots for å finne fram. Eg trefte ei dame som eg spurde, og då forstod eg at eg skulle ha køyrt lenger utover. Tilbake til bilen, og jammen kom eg fram eit par minutt før klokka 10.

No viste det seg at det ikkje berre var digitalisering som stod programmet."Sterk og stødig" var hovud-tema. Det er eit lavterskel- tilbod til eldre og går ut på å gjere gamle folk stødigare så dei ikkje dett så ofte. Eit mosjonsprogram med andre ord. Der var minst 4 ergoterapeutar til stades, og dei hadde budd seg godt. Leiaren i Røde Kors, Kjell Bjarne Eikebø, var der og Eva Berset møtte også for Røde Kors. Eldrerådsleiaren, Toril Langlo, var der, og Eli og eg møtte for Pensjonistlaget.

Den andre saka på programmet var digitalisering, dvs. at vi skal få i stand opplæring  for eldre. Kurset skal vere på Bakk-Ola-marka. Det vart ikkje snakka så mykje om dette, Men eg gjorde dei merksame på at dei kan søke på "Datastuer" på nettet. Eg hadde med ei utskrift, men syntest ikkje det var noko å begynne å informere om der og då. Rune Sæbønes kom og fekk orientering og tok bilde, så no kjem vi i avisa. Eg hadde pynta med med den raude kofta mi og det raude skjerfet som eg har fått av Marit.

I dag fekk eg verkeleg "køyrt meg" på "blindeføre", som Matias Austrheim snakka om. Eg for og snikla ned i Vik, før eg parkerte ved Spar. Eg skulle kjøpe ei svineribbe- eg skal ikkje steike den, men eg har salta den, og når den er ferdig til bruk, blir det ball- eller kanskje "erter,kjøt og flesk" som var den retten Nils alltid laga, og den var god. Trur ikkje eg klarer å få den like bra.

Då eg kom heim var tunet attsnødd, men eg kom meg inn i garasjen, sjølv om bilspora var djupe. Eg var trøtt og svolten, så eg tok meg ei brødskive og ein kaffikopp før eg fyrte i omnen og sette meg med pleddet eg fekk av Margrete rundt skuldrane og "småsov" ei stund. 

Eli hadde med seg spanskboka mi som eg la att på hotellet før jul så eg har lese litt i den. Trur ikkje det blir gjort noko her i heimen i dag  - og snøen skal berre få ligge til han smeltar av seg sjølv -  trur eg. I morgon er det fredag og fredagsvask-kanskje.

Eg er lei av snøen som kjem og fer heile tida.

På altanen er det spor av mange fugleføter. Eg har ikkje fått hengt opp fuglematen enno, for det er ikkje trygt å gå opp i gardintrappa så lenge der er så glatt, men fuglane har fått ein heil boks med gamle flatbrød.



onsdag, januar 19, 2022

Dagbok 2022: 19.januar


 Klokka er no 17.12, det er minus 4 grader og det snør og snør- I går regna det så det vart nesten bert, no er alt kvitt igjen, og det kan hende at somme er glade for det. Men ikkje dei som skal stille på møte klokka 10 i morgon tidleg, og som må moke snø før dei kan ta ut bilen. Trur ikkje det er hjelp i å moke i kveld-

Hittil var eg veldig nøgd med dagen, fordi eg hadde vaska veggane på gangen og vindfanget, det er ikkje slikt som skjer så ofte. Ikkje var her så skite heller, men kjekt å få friske opp litt. Det går så greitt å vaske veggar når eg har den gode gardintrappa mi. Taka får eg heller ta med moppen. Det er slutt på den tida eg står på borda og vaskar. 

Eg var så fornøgd med meg sjølv at eg laga meg god middag etter vaskinga , steikt ørret med poteter, grønsaker og rømme. Eg prøver å bruke det eg finn i dei mange frysarane mine, eg har litt lett for å hamstre.

Etter middagen vart det kvilestund med kaffi og TV, og etter kvart kom strikketøyet fram. No skal eg stryke nokre klede før eg gir meg for dagen, må spare på kreftene i tilfelle eg må moke tunet i morgon- og det må eg sikkert. At temperaturen skulle gå så mykje ned, såg eg ikkje på vermeldinga i går. I fjor på denne tid var det stabilt kaldt og snø og så kom sola fram. Den 19. var første dagen vi fekk den inn i stova.

Hittil i vinter har vi hatt mykje "julestemning".



tirsdag, januar 18, 2022

Dagbok 2022: 18.januar


 Klokka er 16.10 og temperaturen + 4 grader C. Bildet over er heilt ferskt - tatt frå trappa mi.

I dag fyller Håkon 28 år, og eg hugsar godt dagen då han blei fødd - i det herrens år 1994, med OL på Lillehammer og greier. Somme hugsar vel figurane som var maskottar i OL, Kristin og Håkon? Så derfor fekk guten som vart fødd i OL-vinteren det namnet. Det var snø og skikkeleg vinter her også - ikkje berre på Lillehammer. 

No i seinare tid har eg funne ut at vi får att sola på bursdagen til Håkon, men ikkje i år. Det er ikkje antydning til sol i dag, berre regn og mørkt. Det einaste som er positivt med veret er temperaturen. 

Sist natt sov eg rimeleg bra, og vakna av vekkerklokka klokka 8. Sidan eg ikkje såg lys hos Marit, ringde eg på telefonen til henne. Det er ein avtale vi har. Ikkje alle vekkerklokker er til å stole på. Men Marit var vaken.

Vi var på treneing 10-11 og så køyrde vi heim, for ingen av oss skulle ha noko på butikken. 

I dag var eg litt flinkare enn i går, eg fekk bytta på senga mi, sett på vaskemaskina og støvsuga teppegolva - før eg varma opp suppa frå i går til middag -og sette på oppvaskmaskina etterpå. No jobbar maskinene for meg og eg har hatt ein liten pause i godstolen-har ikkje funne fram spøtet enno.


Eg moka tunet for snø i går, det slapp eg i dag. Eg skulle ønske at vi ikkje skifta vêr kvar dag. Eg likar godt at det er varmegrader, så slepp eg å fyre så mykje. Eg har varmepumpa på heile døgnet så her er aldri utkaldt. Det trur eg faktisk er god økonomi, så slepp ein å varme så mykje opp kvar dag.

Det er ikkje mange fødselsdagar som har vore feira siste to åra, så vi får mykje å ta att- ein gong. No er snart alle i familien fullvaksinerte så det blir vel ei råd. I mellomtida får vi gratulere digitalt.

Gratulerer med dagen Håkon

mandag, januar 17, 2022

Dagbok 2022: 17.januar


            Bildet er tatt på toppen av Storebakken , med utsikt austover mot "Mosmarka."


Klokka er no 17..27, temperaturen ute ligg på 0 grader, men det er meldt regn og mildver i morgon. 

I dag har eg hatt sundagskjensle, ikkje fordi eg har hatt det så koselig etc. men fordi eg ikkje har "gjort" noko. Eg hadde planlagt mykje eg skulle gjere i dag, men så vart det berre rot med søvnen i natt, så eg stod opp og var trøttare enn då eg la meg. Det einaste eg hadde energi til var å strikke og sjå TV. Til all lykke vart det slutt på serien min såpass eg kom meg opp av stolen.

Eg fann ut at det beste eg kunne gjere for å komme i siget var å gå ein tur. Då eg kom ut oppdaga eg at det var så mykje snø at eg måtte moke tunet litt. Det burde eg ha tenkt på før!. Eine bossdunken hadde blitt tatt av vinden, så den fekk eg på plass igjen. Det var godt å ha piggsko i dag også, for det var meir snø enn eg hadde tenkt. Eg gjekk på vegane i dag, gjekk ikkje opp på Vernet. Eg vart meir og meir låk i ryggen og visste nesten ikkje å gå til slutt.(Eg hadde mobilen med, så eg kunne ha gått inn på 113-apen om det hadde gått gale.) Men eg møtte Solveig nabo, som eg ikkje har snakka med før i år, og vi vart ståande å prate, og då vart ryggen bra igjen..

Eg vart litt kvikkare etter turen, så då eg kom heim laga eg meg ei god grønnsaksuppe med pølsebitar. Den retten har eg ikkje hatt sidan i fjor. Etter middag sette eg meg inn i stova med ein kaffikopp- utan serie og spøt. Sat og halvsov og drøymde ei stund utan å vere heilt vekke.

Eg rotar stadig med dagane, til tross for at eg no har eit heilt arsenal av kalenderar. Men i morgon er det i alle fall tysdag og trening. Torsdag må eg skofte treninga for då skal eg ,  saman med Eli, møte som representant for Pensjonistlaget der vi skal planlegge data-kurs og -hjelp for pensjonistar. Det er no aktuelt for tida at pensjonistar skal verte sjølvhjelpte med data. Dei gamle skal digitaliserast fordi vi blir så mange etter kvart at der ikkje er hender nok til å hjelpe oss. Eg for min del er bra digitalisert, men manglar likevel kunnskapar som kan vere gode å ha.Så eg ser fram til meir kursing. Spansk-kurset startar ikkje igjen før i februar.


Dette er gata som går på baksida av husa på oppsida av gata vår. Eg var ikkje klar over kva gata heitte, så eg sjekka på kartet. Det er enden på Vallabøvegen, faktisk, men når rin kjem fram til svingen , møter vi Bjørkevegen..



søndag, januar 16, 2022

Dagbok 2022: 16.januar

                                                             Utsikt mot Mosmarka
 

Klokka er no 16.15, og temperaturen ute er + 2 grader. Det regnar og det blæs. I hagen er det grøne plenar, men opp mot vegen ligg det litt snø her og der.

I dag hadde eg tenkt meg ein tur fram på gravplassen og rydde opp litt, men eg fann ut at det hadde lite for seg slik som veret arta seg. Eg vart sittande å strikke og sjå serie på Netflix.. Eg hadde også planar om å farge håret mitt, men då måtte eg ha det varmt og godt, så eg fyrte i omnen.

 Det tok si tid før eg hadde gjort det eg skulle, så då vart det å lage seg litt middag. Karbonadekaker på skive vart det i dag-og så vart det meir spøt og TV, heilt til Bodil ringde for å ha ein prat. Det var veldig kjekt. Eg er så lite flink å ringe til folk-der har eg eit forbetringspotensiale. 

Eg hadde også tenkt å rydde litt ute i dag, for hagen var ikkje ferdigrydda då hausten sette inn med regn i vekesvis .før snøen kom. Veret er ikkje mykje å skryte av for tida og no er det ikkje så mildt heller. Sist onsdag var det + 9 grader, men det var vel uveret og stormen si skuld.

I siste Møre-Nytt var det nesten berre om alle oversvømmelsane i bygda. Her eg bur er det ikkje snakk om slikt, her renn vatnet unnabakke. No skal eg strikke litt igjen, kan ikkje strikke heile tida, for då blir eg låk i ryggen. I morgon er eg fri-skal ikkje på trening eller noko anna, så då får eg kanskje gjort noko i huset-eller hagen om veret skulle bli høveleg, men det blir det nok ikkje. Komande veke får vi att sola om det blir opplett og klårt, noko eg ikkje har tru på.Når det gjeld vêret er eg ikkje så optimistisk.



lørdag, januar 15, 2022

Dagbok 2022: 15.januar


 Klokka er no 18.57, og temperaturen ute er + 3 grader C. Det har vore overskya i heile dag, men eg trur ikkje det har vore så mykje nedbør.

Eg vakne tidleg i dag , men stod ikkje opp før klokka var 7.30. Etter frokost etc. sat eg og strikka ei stund, til eg tok meg sammen og gjekk ein tur på Vernet. Der var ikkje mykje snø i dag, det vesle vi har av snø kom etter det voldsomme regnet. På Vernet var det spor etter flaumen fordi dei hadde vore nøydde til å lage ein veg for vatnet. Også mellom Storebakken og parkeringsplassen ved trappa til Vernet hadde dei spada veg for vatnet. I dag var det berre vanleg mykje vatn i elva.



Då eg kom heim att hadde Solveig sendt melding om at ho kom tidlegare på dagen enn det som først var avtalt, men det var no berre kjekt. Eg skulle ein tur på butikken i alle fall, og der fekk eg ideen til at eg kunne kjøpe ein pizza til oss to , på deling.
Eg gjorde litt i stand på kjøkkenet og så vart det å strikke og sjå serie før Solveig kom. Vi åt pizza, drakk kaffi , prata etc. før vi tok ein tur på ALTI. Solveig kjøper alltid buksene sine der. Ho køyrde meg opp att i Starevegen før ho reiste heim att. Dagen i dag gjekk fort, og det var kjekt å ha besøk. Solveig er no så bra i handa som ho skada at ho kan køyre bil, Det er kjekt både for henne sjølv og andre.

fredag, januar 14, 2022

Dagbok 2022: 14.januar


 Klokka er no 18.20, temperaturen på trappa er +1 grad C. Eg hadde sett for meg ein fin og mild dag med grøne plenar etc, men det hadde kome litt kvitt frå skyene før eg stod opp. Elles veit eg ikkje så mykje om vêret i dag, for eg har vore inne heile tida, berre ut i garasjen ein tur for å hente ved. 

Etter frokost tok eg fredagsvasken, som ikkje var så så krevjande i dag. Så måtte eg gjere eit nytt forsøk på å løyse Sudokuen frå i gå, og i dag gjekk den i boks. Til middag i dag kokte eg risgraut, eg har blitt så glad i graut etter at eg fekk den nye grautpanna. Litt spekepølse attåt for å få litt saltmat, Elles har eg vaska ei maskin med klede. Men-mesteparten av dagen har gått med til å sjå serien om Leonardo da Vinci i 8 episodar. Den ligg på NRK TV Eg begynte i går. Alt får eg ikkje med meg, for eg strikkar heile tida, og så blir den mange menn med svart skjegg og lange svarte krøllar -å halde styr på. Kor autentisk serien er veit eg heller ikkje, men eg syntest det var kjekt å bli betre kjend med den store kunstnaren.  Eg likar å sjå slike historiske seriar frå langt tilbake i tid.

Det er ikkje bra for ryggen min å sitte i ro så lenge, og eg hadde tenkt å gå tur i dag, men eg orka ikkje å gå ut i det kalde våte veret.

Kvar einaste fredag trur eg at det er helg, men vi har no laurdagen innimellom. Eg vil ønske alle ei god helg. I dag har Roar fødseldag, eg hugsar alltid på dagen hans, for han vart fødd same året som Margrete. Eg har gratulert Roar med dagen på Mimi sin Messenger.

For morgondagen har eg ingen planar.

torsdag, januar 13, 2022

Dagbok 2022: 13, januar


Dette bildet er tatt for nokre få minutt sidan, det er ikkje det samme bildet som eg hadde i går. 

Klokka er no16.45, temperaturen ute på trappa er + 9 grader, men i dag blæs det mykje meir enn i går. Mange har problem med vatn, men her som eg bur er ikkje det noko problem. Vikelva som er den som kunne ha gjort skade her, er vel regulert på ein måte som ger art den ikkje fløymer over. Eg trur i alle fall det. Elles er visst straumen ekstra billeg, har eg høyrt.

I går kveld tok eg to sovetablettar for å få sove godt før treninga. Det er berre det at dei virkar ei stund, men så vaknar eg tidleg likevel. Men eg var veldig trøtt då eg kom heim frå trening og handel. Det var for tidleg å ete middag så eg jobba med spanskleksa ei stund. Middagen var restar frå i går, og eg tvinga med til å ete opp alt, så eg skulle sleppe å ha det samme i morgon også. Etter middag var det ikkje tale om å halde seg vaken lenger, så det blei ei lita kvilestund i godstolen med "Serie"- eg såg  ein episode , men måtte sjå den om att. Det hadde auka på med vind, så eg gjekk ut og berga mokebrettet mitt og hadde den inn i garasjen. Eg let att garasjedøra, eg trur ikkje den har vore attlaten på fleire år-



Eg var ut på verandaen og såg utover godset. Eg fekk ikkje rydda opp skikkeleg på grunn av veret vi hadde heile hausten, berre vått og surt. Ikkje har eg fått tatt bort visne klematis til dømes. Eg måtte også tenkje på januar for to år sidan, då var det så fint og mildt og bert, at Marit Urke og eg var ute og klipte hekk og så var vi på VØR med mange sekker hageavfall. I fjor var det fint og kaldt og snø i januar, så det er så ymse. Vêret kan v ikkje gjere så mykje med.. Det blir tidleg mørkt og det gjer at eg tek tidleg kveld. Eg får vel ikkje gjort anna i dag enn å strikke etc. Maskinene kan no både vaske opp og ta klesvasken. I morgon er det heimedag og fredagsvask..


onsdag, januar 12, 2022


 Klokka er no 16.40, temperaturen ute er +9 grader C og det regnar og blæs- Men vinden er ikkje så sterk at eg merkar den når eg er inne. Eg var no budd på eit forferdeleg vêr etter det som dei melde i går, men her er det ikkje stort verre enn det plar vere, berre litt våtare.

Eg torde ikkje sette boss-dunkane opp til vegen i går kveld, så det var det første eg gjorde i dag. Eg hadde også planlagt å vaske ferdig veggane i stova og det er det eg har styrt med i dag. Å vaske veggane er no ikkje så mykje arbeid, men mykje skal ned og opp att. Og på vindusveggen er det 5 store vindu å pusse. Det skjedde berre ei ulykke og det var at eg velta bøtta med såpevatnet i kroken borte ved omnen. No er ikkje det så farleg for her er plastbelegg på golvet under teppet. Eg fanga  opp mesteparten av vatnetmed hjelp av handkle og små teppe som eg brukar å legge attåt veggen når eg vaskar. Og så fyrte eg godt i omnen då eg var ferdig.

Eg skal rense golvteppet , har eiga "rensemaskin"- men då må det helst vere vêr til å sette opp altandøra og lufte ut. Som før sagt vil eg gjere mest muleg husarbeid før det blir vår og hagearbeid. Eg likar å styre både i hus og hage -elles hadde eg vel ikkje gjort det.

Og så laga eg middag til meg sjølv i dag også. Eg har fulle fryserar med diverse. Blant anna hadde eg kjøpt noko oksekjøt ein gong; eg hadde brukt noko av det men det var få fullt av sener og feitt etc. så eg fraus resten. I går kveld tok eg det opp frå frysaren og skar det opp og steikte det. I dag laga eg ein gryterett av det. Eg tok det eg fann i kjøleskapet av løk,gulrot paprika etc. Og det blei faktisk godt. Eg kokte poteter til. God og mett sette eg meg inn i godstolen og slappa av utan så godt som ein strikkepinne i hendene. Sette på TV-en utan å følgje så godt med. No er klokka 17, og det er mørkt ute. Då blir det ikkje gjort stort meir i dag. Men eg har no sett på vaskemaskina-kan ikkje heilt unngå klesvask sjølv om straumen er dyr.

I morgon er det trening igjen, og då er det Marit sin tur å køyre. Og så skal vi handle på Spar. Eg kan ikkje handle så mykje, eg må bruke det eg har i hus. Trur eg. Det blir spennande å sjå korleis veret har arta seg andre stader, her er det ikkje så dramatisk i alle fall.






Boknr.2 -2022: Jente 1983



 «Gjennom å skrive det som skjedde, gjennom å fortelle historien så sannferdig som jeg kan, forsøker jeg å samle dem i én kropp - kvinnen fra 2021 og jenta fra 1983. Jeg vet ikke om det er mulig.» Paris, en vinternatt i 1983. Hun er seksten år og har gått seg vill i de ukjente gatene. På en lapp har hun adressen til den tretti år eldre fotografen A. Nesten fire tiår senere, mens både hennes eget liv og verden utenfor krakelerer, prøver den voksne kvinnen å forstå den unge jenta hun en gang var. «Jente, 1983» utspiller seg i Oslo, New York og Paris, og er en sjangeroverskridende og besettende reise gjennom lag av minner og glemsel. Linn Ullmann fortsetter å utforske hukommelsens dikteriske kraft i forsøket på å fortelle om det aller hemmeligste. Hun trekker linjer frem og tilbake i livsløpet, linjer som også går tvers gjennom den stedville seksten år gamle jenta. Dette er en rå, naken og til tider brutal fortelling om makt og avmakt, lyst og skam, skjønnhet og glemsel.

Denne boka fekk eg også til jul,  eg har lese heile boka "på senga". og eg har berre ein ting å seie om denne boka: Den er god! Eg likar spesielt godt at den er skriven på ein litt uortodoks måte. I går kveld då eg hadde lese slutten
 bladde eg fram att og ville helst lese den ein gong til med det samme. 

tirsdag, januar 11, 2022


Klokka er no16.20 og temperaturen ute er + 3 grader, i dag morgon var den + 6 grader C. Eg syntest det var kjekt å stå opp og sjå at altanen var fri for snø. Dvs på altanen på nedsida av huset, på vestsida ligg det framleis ein god klatt igjen .



Det var ingen problem med å få ut bilen i dag, for mykje av snøen hadde smelta bort. Marit og eg var på trening først og så var vi på ALTI og handla. Eg kjøpe m.a. ein kalender, for eg har ikkje fått ein einaste ein gratis i år. Før om åra har vi fått rikeleg. Dama som eg kjøpte kalenderen med sa at Tussa sende ikkje ut kalenderar i år. Men eg fekk no melding frå Tussa på telefonen, med spørsmål om eg ville ha kalender og eg svarte ja. Nok om det, no kan eg i alle fall halde orden på dagar og nmånader. I dag såg eg at det var akkurat 1 veke til Håkon sin fødselsdag og då skal vi få att sola. Ja, det spørs no kva slags ver vi får då..





No er det mørkt ute, mørkare enn det ser ut på bilda. Eg tok inn dørkransen min i dag , så her er jula rydda heilt vekk.

Eg trudde at Marit skulle handle på Spar i dag, men det skulle ho gjere på torsdag det var då det var trippel-trumf. Dermed så køyrde vi opp til KIWI for eg måtte handle litt. I dag laga eg god middag til meg sjølv: Steikt ørret med poteter og gulrot m.m. Til dessert hadde eg frosne bær med is til. Ja bæra måte eg no tine opp først. Men før eg kom så langt som til middagen hengde eg opp nyvaska gardiner i det vesle vinduet i stova. Eg tok med meg kaffien inn i godstolen, men passa på at eg sette koppen frå meg før eg sovna. Ca. kl. 15 på dagtid er den einaste tida på døgnet  eg kan sovne, elles er eg aldri trøtt.

I morgon er det heimedag, så kanskje eg vaskar ferdig stove-veggane då ; eller kanskje ikkje. Får sjå korleis forma er. No har eg kveikt opp i omnen ei lita stund, så håper eg at temperaturen held seg. Eg skal no sette meg til å strikke snart. Det varmar det også-

mandag, januar 10, 2022


 Klokka er no fire minutt på fire og det er 4 varmegrader ute. I dag morgon var det minusgrader, men heldigvis ser det ut til at vi skal få det mildare. I går kveld/natt då eg la meg , fekk eg ikkje sove, eg var lys våpen sjølv om eg hadde tatt både sovetablett og Paracet- Ut på natta måtte eg ty til det einaste sikre sovemiddel: Ut på kjøkkenet ta eit frukost-knekkebrød med brunost og et det. gå så og legge meg igjen-og då sovnar eg. Det slår aldri feil. Bank i bordet.

Klokka var vel nærmare 9 då eg stod opp i dag, og etter frokost hadde eg ingen planar; tenkte kanskje å ta ein biltur til Vik, for bilen har stått inne sidan tysdag i førre veka. Men Mariit meinte vi måtte handle i morgon for då er det tredobbel trumf-. Men eg ville sjå  om eg måtte moke meir for å komme ut så eg starta opp bilen og prøvde. Eg måtte ta bort litt snø, men så kom eg meg ut og køyrde ein liten runde.

Så fann eg ut at eg ville gå tur sidan eg likevel hadde kledd på meg. I dag gjekk eg på Fonnvernet for første gong i år, og eg kom meg rundt sjølv om det berre var ei trakka rås.

Turen gjorde visst godt , for då eg kom heim hadde eg energi og lyst til å begynne å vaske veggane på stova. Eg vaskar dei med spesialsåpe annakvart år for å hindre at dei blir for mørke. Mange seier at eg må lakke eller beise, men eg står på mitt og vil ha dei naturell. TV kroken vaska eg før jul, og u dag tok eg veggen mot vest og den mot aust. Det som står att no er ovnsveggen og vindusveggen- det blir vel ikkje så lenge før eg tek dei også. Kjøkkenet vaska eg ned før jul. Eg må gjere ifrå meg vaskinga før våren kjem, for då er det så mykje å gjere ute. Eg likar igrunnen godt å vaske når eg får styre på åleine slik som EG vil.


Etter at eg hadde rydda opp att, støvsuga og hengt opp at bilda, var det høg tid for middag. I dag hadde eg ikkje tenkt ut npko lurt så det vart ein rest av risgraut + litt spekemat. Det var no heilt greitt, men no skal eg ha kaffi med noko attåt.


I går såg eg ferdig ein heil serie på NETFLIX. I dag skal eg lese resten av boka til Linn Ullmann -trur eg-

søndag, januar 09, 2022

Dagbok 2022: 9.januar


                                                           Lyngvegen i dag ca. kl.13


Klokka er no 17.30, temperaturen ute er minus 5 grader, men kjennest som 10, minst.

Det har ikkje skjedd så mykje i dag , det kan no vere både godt og gale. På føremiddagen rydda eg litt i huset etc. og så la eg opp eit nytt spøt-no skal eg strikke tynne herresokkar av Arne og Carlo-garnet eg fekk av Solveig til jul. Det går ikkje så fort, så eg har jobb lenge. Eg gjekk ein tur rundt klokka 13, har laga meg ein runde på vegane tilsvarande Vernet i lengde.  Då eg kom heim laga eg skikkeleg middag til meg sjølv, eg må prøve å ete tomt i skap og frysarar. I dag vart det Gilde karbonadar med steikt løk, poteter og erterstuing m.m. Skal det vere så skal det vere ! Til dessert ein liten kakerest pluss kaffi.

Eg hadde kveikt i omnen før eg gjekk tur så det var lunt i huset då eg sette meg inn i godstolen med kaffien. Etterpå strikka eg og såg serie. Det var utbrent i omnen og varmepumpa varma ikkje mykje, den er ikkje noko tess når det er så kaldt ute. Så no har eg fyrt opp igjen. Her på datarommet har eg ei liten vifteomn som eg set på mens eg er her, den  hindrar at eg frys i hel. Eg likar ikkje kulde og alt under +20 er i grunnen kaldt-særleg inne. No er det mindre enn 10 dagar til vi får sola att-men då blir det vel overskya. Eg er den evige optimist-som kjent. Eg trur eg må ha meg litt meir kaffi. I morgon må eg skrape tunet viss eg skal få ut bilen.


lørdag, januar 08, 2022

Dagbok 2022: 8.januar


                                                          Frå toppen av Storebakken


Klokka er no 18.00, temperaturen ute er 1-2 kuldegrader, men det kjennest veldig kaldt. Eg gjekk ein liten tur mellom kl.13-14, det var fint å gå med piggsko i dag, og eg trur føtene mine tålte det.

Før eg gjekk ut hadde eg kokt ei lita panne med risgraut, så no har eg fått brukt opp all melka eg kjøpte før jul. Den held seg veldig lenge når eg legg den i kaldaste skuffa i kjøleskapet. Eg set nesten aldri melka i døra, for det har eg lese at ein ikkje skal.

I går kveld begynte eg å sjå ein serie på NRK, dei viste dei to første episodane, men eg såg berre den eine før eg la meg. I dag før middag såg eg dei 2 første og etter middag såg eg resten. Serien var på 6 episodar, og eg syntest den var tankevekkande og god.

Eg har i heile dag hatt ei kjensle av at det er sundag, så eg har ikkje gjort det skapte grann- anna enn å koke graut-som vel helst er laurdagsmat. Her i huset er det ikkje så nøye, når eg er her åleine. I går snakka eg ikkje med ei levande sjel, men i dag trefte eg leiaren i Eldrerådet, ho bur på toppen av Storebakken, der eg gjekk tur. 

Eg kveikte i omnen før eg sette meg til å strikke og sjå serie, men det slokna igjen før serien var slutt fordi eg slutta å legge innpå. No må eg vel tende opp att-

Det var veldig fint ute i dag med sol i fjella. Om ti dagar skal vi ha den her nede også.



Dagbok 2022: 30.juni

                                                     Skjærsminen blomstrar no Klokka er no 18.22, temperaturen ute er +24 grader, det har vo...