tirsdag, juni 30, 2009

Bitevillig sei.

Nils har nettopp vore ut og sett liner, som han skal drage seinare i dag.Han fekk ikkje lina uti, før det beit på, og han måtte hale opp og ta av denne fine seien og nokre litt mindre. For dei som ikkje er heilt inne i fiskeriet, kan eg nemne at linefiske helst dreiar seg om fisk som går forholdsvis djupt, så no håper eg han får lange. Salta lange er ein av favorittane mine.

mandag, juni 29, 2009

Bok nr.42:Livlegens besøk.

Denne boka har eg lese for mange år sidan, men då i papirutgåve.
Eg likte boka godt den gongen, så då eg fann lydbokutgåva, fekk eg lyst å lese den ein gong til. Eg har alltid likt å lese gode bøker fleire gonger, ein får med seg meir for kvar gong, oppdagar stadig noko nytt. Dessutan hugsar eg dårlig, så eg har godt av å repetere.Eg angrar ikkje på at eg las denne for andre gong.
Går ut frå at mange av dykk som les bloggen min også har lese boka. For dei som enno har denne til gode, vil eg berre seie ein ting:Les den!
Dette er ein historisk roman,"based on a true story" som det heiter i filmverda. Scena er det danske hoffet i København under Christian den 7.Ein konge i den lange rekkja av Christianar og Fredrikar i det vi i Norge kallar dansketida.Mange av desse kongane vart erklært sinnsjuke, og fleire var det...Eg skal ikkje gå meir inn på hendinga, men her er fleire intrigar enn i ein amerikansk såpeopera.
Men dette er inga "såpe". Boka er glitrande godt skriven i eit nydelig språk.( No skulle ein vel helst lese den på originalspråket, svensk, men omsetjaren har gjort ein flott jobb.) Noko som er spesielt er at forfattaren ofte gjentek seg sjølv. Ikkje insisterande og påtrengande slik som Jon Fosse, men på ein naturleg og ledig måte.
Opplesaren var eg litt i tvil om til å begynne med. Han las på ein oppstykka måte, med mange pausar, ikkje berre mellom setningane, men midt inni også.Etter kvart forstod eg at desse pausane var nødvendige, i alle fall for meg, sidan eg trengde tida til å fordøye alle fakta.


Denne vesle boka har eg ståande i bokhylla attmed meg, slik at eg kan slå opp når det er noko eg lurer på om dei gamle kongane. Eg vil ikkje påstå at ho er framme KVAR dag, men ho er kjekk å ha. Her kan de lese om Christian den 7. - i fall de ikkje er heilt oppdaterte på han.








Økologisk hagebruk?

I dag var det så varmt at ikkje ein gong eg orka å sitte/ligge rett ut i sola.Men å vere i skyggen går heller ikkje an,så vi sette i gang med eit hageprosjekt. Nils saga ned tre rotekte plommetre nede i hagen. Dei var blitt så store at dei skygde både for jordbær og bringebær. Eg hjelpte til å klippe kvister og greiner med hagesaks, og så sette vi i gang kompostkverna.Nils mata og eg sende. Eg har inga aning om kor mange tre som har gått gjennom kverna, men det er ikkje få!
Dei tjukkaste stammane og greinene vart saga til ved, så dei skal få varme oss ein gong til!

Her kan de sjå kva som vart att av kvistar og små greiner. Denne massen brukar vi til å dekke over og kvele ugraset nedst i hagen.
Heile arbeidet tok ca 2 timar. Sveitten sila, men det er berre godt. Til slutt skåla vi i Bris og Fun light!


torsdag, juni 25, 2009

Bok nr.41:Pinnsvinets eleganse.

Eg vågar følgande postulat:Franske bøker er ikkje som andre bøker.
Skal ein tru det skrivne ord, er franskmenn sjuklig opptekne av kultur,intelligens og klasse.Det var i alle fall mitt første inntrykk av denne boka.Då eg hadde lese ei plate, tenkte eg: Dette orkar eg ikkje !
Men så hadde eg ikkje noko anna, så eg gjorde ein vri:Eg la neste plate inn i datamaskina og begynte å rydde skapa på datarommet mens eg lytta. Då greidde eg å konsentrere meg betre.Neste dag scanna eg bilde mens eg hørte bok osv.Eg har altså lese denne boka parallelt med krimmen.
Og etter kvart fekk eg sansen for dei to forteljarane. Den middelaldrande kvinna og den 12 år gamle superintelligente jenta fortel om livet sitt,deler tankane sine med oss og filosoferer over dei små og store spørsmåla i livet.Dei stiller spørsmåla og svarar sjølve, reflekterer kvar på sin måte. Boka er ingen pageturner, men likevel verd å lese.
NB:Den er verken tung eller vanskelig å lese, og opplesarane er flinke.

onsdag, juni 24, 2009

Bok nr.40:Rødsonen.

Denne boka har Solveig blogga før, så det er best de les hennar omtale,dersom de er interesserte.
Når ein les lydbøker, kan det vere mange ting som gjer at ein ikkje blir så begeistra. Det kan vere opplesaren som ikkje er god nok, eller det kan vere at handlinga er vanskelig å følgje med på, av ein eller annan grunn.
Denne boka har fått god kritikk, men MEG fenga den ikkje. Handlinga vart for lite oversiktlig, det vart for mange namn å halde greie på etc. Eg datt ut litt for ofte, og fekk ikkje heilt tak i samanhengen. (Eg skulle nok ha lese boka meir i samanheng).
Slutten av boka er eit kapittel for seg. Her møter vi den eventyrlege vitskapen, som ein berre må gi seg heilt over for.Den, og så den humoristiske undertonen gjennom heile boka, er det som gjer boka lesverdig. Dette er MI meining.

Gratulerer med dagen, Einar!

I dag fyller eldste barnebarnet vårt 22 år, og må vel reknast for vaksen.I arbeidet med å scanne gamle album har eg funne utruleg mange bilde av guten som i nærmare tre år fekk råde grunnen åleine både som barn, barnebarn og tantebarn.No har eg ikkje tenkt å legge inn livshistoria hans her, og bilda eg har teke med, nokså tilfeldig, er alle frå 1995, meiner eg.
Dette bildet har eg teke med for å vise Einar i fotballpositur. Interessa hans for denne sporten, trur eg nesten var medfødt.Og han var ikkje gamle karen før han hadde funne favorittlaget sitt, som han framleis held på. Det er sjølvsagt Tottenham Hotspur. Før E begynte på skulen, hadde han teikna heile laget og skrive namn på alle spelarane.Han har sjølv spela fotball i alle år, men i det siste har det blitt meir skriving enn speling, trur eg. De kan finne reportasjane hans mellom anna på VG-nett.

Dette bildet fall eg for av heilt egoistiske grunnar. Som bestemor til etter kvart ti barnebarn, har eg strikka nokre genserar!No når eg ikkje lenger får strikka så mykje, er det kjekt å sjå tilbake på fordoms verk. Her står han i lag med broren,Keeperen, som deler fotballinteressa med storebror.
Gratulerer så mykje med dagen, Einar.


tirsdag, juni 23, 2009

Shopping.

I dag var det rimelig tomt i kjøleskapet, så vi måtte nedover og proviantere.Og så vart det litt anna enn mat også.Eg har lenge ønska meg ein passelig liten kasserolle til kvit saus, graut o.l. , og i dag slo eg til og kjøpte denne. Har samme sorten frå før i mindre format, og den er det ingen ting som brenn i botnen på.Skeia heilt ut og kjøpte steikespade og pensel også, ikkje akkurat billigaste sort nokon av delane.


Så hadde vi eit ærend bort i Rystefeltet på andre sida av fjorden. Derifrå hadde vi kjempefin utsikt heim att. Som de ser held skodda på å lette.
Måtte beundre nabohuset til dei vi "besøkte". Dei hadde laga DEN fine uteplassen+ hagestue med mykje vindu. Dei rosa buskene var nydelige, men eg veit ikkje kva dei heiter. Kunne tenkt meg nokre slike.

Byggeprosjekt.

Somme av dykk lurer vel litt på "headingen" min for tida, og synest den er lite flatterande for bloggen. Saka er at naboen tvers over vegen driv og bygger på huset. Dei utvidar kjellerleilegheita til bestemora.Det er to polakkar som bygger, og så vidt vi kan sjå, er dei både flittige og flinke.No er heile familien der oppe på tur, og eg har påtatt meg å dokumentere framgangen i prosjektet.Eg synest alltid det er kjekt å sjå eit arbeid skride fram. I min jobb hadde eg ikkje alltid så synlege resultat å vise til.
I dag er det jonsokafta og vi ventar framleis på sommaren, men i MORGON skjer det visst at han kjem.

mandag, juni 22, 2009

Gratulerer med dagen, Øystein!


Eg driv for tida og scanner bilde frå gamle album, og då slår deg meg at det er nokre som eg nesten ikkje har bilde av. Ein av dei er Øystein. Derfor gikk eg inn på Internett og fann eit der.Men kva ser eg? Margrete har gjort akkurat det samme- FØR meg.
Eg fall litt for ein omtale av ei av diktsamlingane hans under googlinga:
" Hemningsløs modernist. Orten er en dikter som ikke alltid vet å veie sine ord".
Dette passar svært dårlig på den private Øystein, som absolutt ikkje er verken hemningslaus eller uvøren i ordbruken. Tvert imot.

I tillegg til å vere sporty og i god form, jobbar han hardt både med skulearbeid og skriving. Gjennom arbeidet med dokumentarromanen om Englands-fararane under krigen, har vi fått eit innblikk i det nitide research-arbeidet som ligg bak ei slik bok.Er spent på boka som kjem ut til hausten.
Bilda eg legg inn i dag er nokså tilfeldige. Det var dette albumet eg dreiv og scanna i går.Bilda er frå 1990, då dei fekk son nummer to. På veg heim frå sjukehuset i Volda, var dei oppom Starevegen og viste fram guten. I påsketider vart han døypt i kyrkja på Hareid og heile storfamilien var samla hos foreldra til Øystein.
Gratulerer så mykje med dagen! Og så blir det vel feiring i Ørebro?



lørdag, juni 20, 2009

Gratulerer, Margrete!

I dag fyller altså yngstebarnet vårt 41 år. At tida går fort, det veit vi alle, men når ein sit og bladar i gamle albun, ser ein også at åra har vore spennande og innhaldsrike.Skulle gjerne hatt ein reprise på somme av dei.
Sidan Margrete ikkje var så fornøgd med bildevalet til mimringa, har eg i dag brukt to av hennar eigne bilde og montert saman til eitt som skal symbolisere firebarnsmora sin travle kvardag,med pendling over fjorden og rekreasjonsturar i naturen, med fotografering.
Gratulerer med dagen, Margrete!

fredag, juni 19, 2009

Mimring.

Sidan Margrete fyller år i morgon, har eg laga eit lite mimre-innlegg. Det er meininga at det skal lesast nedanfrå og opp. Bilda er slike som ikkje har vore publisert så ofte, trur eg, og vona er at dei skal sette i gang mimre-funksjonen hos fleire.

Mimring om Margrete.

Her er heile storfamilen samla på tunet vårt 2.august 1992. Lise og Kjell kom innom på besøk, og det er dei som har tatt bildet.To naboungar ville også vere med , dei står heilt til høgre.Som de ser hadde vi berre to barnebarn på den tida. Storfamilien er blitt monaleg større sidan den gongen.

Her er vi på hotellet på Eid. Året er 1989 og mamma fylte 85 år. Ho spanderte middag på den nærmaste familien.Her øver Margrete og Lars seg til dei skal bli 4-barnsforeldre. Einar var det einaste barnebarnet vårt på den tida, og den einaste som M.og L. var tante
og onkel til.

Same året som Margrete og Lars gifta seg, reiste dei til Kristiansand for å studere.Der budde dei i to år. Begge haustferiane dei var der, reiste vi nedover på besøk.Dette er frå den andre turen, trur eg. Margrete var glad i å shoppe den gongen også,men ein fattig student har ikkje råd til all verda. Her har vi tatt bilde etter ein tur på Sørlandssenteret. For pengar som ho fekk til konfirmasjonen, kjøpte Margrete hunden Nadja, ein Old English Sheepdog, som levde til ho var over 11 år.Viss de synest at Nadja liknar på hundane dei har no, så gjer ho det. Men Nadja var mykje større.Dette bildet av Margrete og Lars er frå 1987.
Til konfirmasjonen i 1983 fekk Margrete seg ekte sognebunad. Det var farmora og tanta som stod for det prosjektet. Bunaden sin har ho sjølvsagt enno.Det lange håret klipte ho kortare rett etter konfirmasjonen,så på dei offisielle konfirmasjonsbilda har ho ein annan frisyre.
Margrete var med i "leikarring" nokre år. Der var det vanleg å ha bunad, eller aller helst jukse-bunad. Dette var den andre juksebunaden ho hadde. Her er dei tre søskena samla i sofakroken.Truleg er det jul
Synest eg ser ein juledekorasjon på hjørnebordet.Dei orange gardinene hadde vi i fleire år, før mamma overtok dei.

Kor gammal Margrete er her, er eg ikkje sikker på, men eg trur bildet må vere frå 1978 eller-79.Ho og mormora har sett seg til bords julafta. Når eg tek med så mykje av bakgrunnen på bilda, er det for å vise fargar og interiør som var in på den tida.
Julafta var det skikk og bruk å kle på seg det ein hadde fått i presang, og så ta bilde.( Solveig har strekt hovudet ut av bildet her).Denne jula fekk Margrete ei dokke som ho blei veldig glad for. Dessverre fortok gleda seg utover kvelden, då armar og bein fall av etter kvart som ein fekk dei på plass igjen. Dokka vart bytta 3.juledag, men den "nye" dokka vart aldri så god som den første.

Her sit dei tre små på kista til Marie Eline Andersdotter Sætre, oldemora mi. Vi budde framleis på Melle. Margrete er blitt stor og tung, og Solveig har visse problem med å halde henne.Solveig fylte 5 år den sommaren M. vart fødd.

Margrete vart fødd 20.juni 1968.Her er ho mellom dei to søskena sine i stova vår på Melle.Den kvite jakka ho har på seg hadde eg hekla.










Gratulerer, Lappetausa!

I dag er det den produktive Lappetausa som fyller år.Eg har kjent henne sidan ho var 8 år, sidan ho er veslesysta til svigerinna mi. Bildet er frå fødselsdagen min, då ho kom på overraskande besøk og hadde med seg den fine gåva på bildet.
Gratulerer med dagen og god sommar, Elin!

Bok nr.39: Gylne tider.

Dette er Jan Mehlums første bok i serien om Tønsberg-advokaten Sven Foyn. Som dei fleste krimheltar har han sine kjenneteikn. For det første ei lett stamming,som kan vere plagsom innimellom. Han har den store St. Bernhardshunden Hulda, som somme tider lyder namnet sitt; og så har han sansen for ein god konjakk og ein sigar i ny og ne.
Sven Foyn er sjølv forteljar i boka; stilen hans er elegant, slentrande og lett sarkastisk-humoristist. Språket er kort sagt heilt glitrande etter mi meining.
Somme gonger lurer eg på om boka rett og slett er ein sjangerparodi.I alle fall er likskapen med Staalesen og Varg Veum påfallande, når ein ser bort frå dialekten.
Innhaldet er ikkje spesielt originalt; andre bøker i serien er betre i så måte.
Ove Christian Owe les boka så bra som det er mulig.Eg kosa meg med opplesinga og språket.
Solveig har også blogga denne boka, så les gjerne kva ho skriv også.

mandag, juni 15, 2009

Bok nr.38: Øya.

Denne boka har Solveig skrive om før, så eg vil tilrå at de les hennar meining også..
Her kjem mitt syn:
Forfattaren har eit fantastisk materiale å jobbe med.På nordkysten av Kreta ligg den vesle byen Plaka og eit lite stykke ute i havet ligg øya Spinalonga, der det var leprakoloni frå 1903-1957. Alle spedalske frå Kreta og fastlands-Hellas vart sende til denne øya etter at dei hadde fått diagnosen.Her levde dei resten av livet sitt i eit heilt spesielt samfunn. Ingen utanfrå besøkte pasientane, med unntak av legane.
I den vesle byen Plaka kunne dei sjå ut til øya,med skrekk for at dei, eller nokon i familien, ein dag måtte reise dit. Elles går livet som vanlig, folk lever og dør, gifter seg og får born.Dei opplever krig og fred og elles alt anna som eit menneskeliv kan innehalde.
Alt dette bakgrunnsstoffet i boka er interessant og lærerikt.Eg fekk vite mykje om sjukdommen lepra som eg ikkje visste før. Eg fekk også vite mykje om livet i ein gresk småby, om skikkar ved bryllup, barnedåp og gravferd, og om måten folk tenkjer på. Og om sladder og baktaling.Så langt synest eg boka fungerer godt.
På denne bakgrunnen har forfattaren plassert ein handfull menneske som hovudpersonar.Og det er her forteljinga sviktar totalt, etter mi meining, for vi kjem aldri "under huda" på personane.Alt blir berre på overflata, same kor dramatisk det er det som skjer.Det er som å lese ein ukebladsroman.
Språket i boka er uinteressant, gammalmodig og romantisk(i tydinga urealistisk). Opplesaren kan kanskje ta noko av skulda for det?
Til tross for denne knusande kritikken, vil eg likevel tilrå folk å lese boka- på grunn av bakgrunnsstoffet.Eg las den som ein dokumentar-roman.

Strikkemor(o) fyller år.




I dag vil vi gratulere Hilde så mykje med dagen! Sjølv om det er ei stund sidan, hugsar eg tydelig den fine varme sommardagen ho kom til verda.
Mamma var på besøk hos oss på Melle, men var ikkje til å stoppe då vi fekk meldinga om at jente nummer to i familien på Hildegard var komen til verda.Då var det rett heim!
Åra har gått og mykje har skjedd, men Hilde er likevel den samme som ho alltid har vore. Kjapp i replikken, og flittig med hendene.
Eg har rota fram nokre gamle bilde frå den gongen ho kom på besøk og hadde med seg den første av dei fire sønene ho fekk etter kvart.Solveig har nok også vore her, sidan eldsteguten hennar også er med på eitt av bilda.
Eg kunne sjølvsagt mimra mykje meir,men det får vere til ein annan gong.
Kjære Hilde! Gratulerer så mykje med fødselsdagen.

søndag, juni 14, 2009

Kvivsvegen.





I kveld køyrde vi Bjørnaset-gjengen heim att, og på tilbaketuren tok vi ein tur inn til Kalvatn og såg på bygginga av Kvivsvegen.Vegen skal gå i tunnel gjennom fjellet Kviven, vidare til Grodås og Stryn. Når dette sambandet blir ferdig kan ein køyre ferjefritt frå t.d.Ulsteinvik til Oslo.Eg er ikkje heilt sikker på kvar trasséen skal gå, men trur det vert fleire nye tunnelar.

Gratulerer!


I dag fyller veninna mi i Fredrikstad år.Sidan ho er eitt år yngre enn eg, vil ho alltid vere UNG i mine auge. Ho vaks opp på Eid, men livet har ført henne langt av garde, både i inn-og utland. No bur ho i Gamlebyen i Fredrikstad, der vi besøkte henne for snart to år sidan. Vi håper å ta turen over Oslofjorden, eller under, neste gong vi er i Kongsberg. Derifrå er ikkje vegen så lang.
Gratulerer med dagen, KM ! Håper vi kan møtast snart!

lørdag, juni 13, 2009

Barnebarn på besøk.




I dag har vi besøk av tre barnebarn frå Bjørnaset. Vi har steikt vafler, vore på Amfi og handla, og no er vi nettopp attkomne frå Det lille Napoli der vi sette til livs to store pizza.Det blei eit par små pakkar med Lego på Amfi, så no har minstemann noko å leike med.
Vi sender med dette ei helsing til den hardt arbeidande mora som er heime åleine.


Bie og blomster.


fredag, juni 12, 2009

Glimt frå hagen.






















I dag vart det såpass opplett at eg kunne gå ut og sjå til blomstrane våre. Alt det som såg så lovande ut tidlegare, har no fått ein knekk.Riddersporane som blir ca 2 meter høge, låg rett ut, så dei får vi prøve å hjelpe opp att.Likevel var der diverse lyspunkt å sjå.Clematisen, Nelly Mose, som vi planta ved garasjen til naboen, hadde slått ut sin første blomst,og den var både stor og fin! Den foredla Storkenebben, som eg fekk hos nabo Sissel i fjor, blomstrar også.Heile åkeren med blå iris står i blomst, men den blå valmuesøstera står framleis i knopp.Som de kanskje veit, elskar eg blå blomster.Ved sidan av irisen har vi planta "klungerrosa" Rosa Moyesi. Krukka på trappa med kvit rose og raude nellikar såg også bra ut, men det har vore litt mykje regn for rosa, så no skal krukka under tak.Prestekragane midt i blomsterkassene vart skifta ut med rosa geraniar, for det vart nesten ikkje blomster på prestekragane.
Nils har henta eit lass hún som han driv og sagar på.Han førebur alt no neste vinter.

onsdag, juni 10, 2009

Briller og shopping.

I dag har vi hatt ein skikkelig rekar-dag. Eg skulle til syns-test kl.11, og det tok si tid. Augene vart grundig undersøkte, og det viste seg at eg måtte ha nye briller. Ikkje så rart, for eg har ikkje vore til optikar sidan 2001.Og sidan eg fekk solbriller med styrke for berre 250 kr i tillegg,sa eg ja til det tilbodet. Dermed vart det to innfatningar å bestemme seg for.
Då vi var på pinsetur hadde Nils sett eit sagbruk fram i Åmdalen der dei hadde mykje hún liggande. Derfor hadde han lyst fram dit å høyre om der var noko å få kjøpt. Det var der, så no skal han fram med båtvogna og hente seg eit lass.
Vi tok turen over Krøvelseidet til Volda og til Møre Konfeksjon der eg kjøpte meg ei sommarbukse og to T-skjorter.Så såg vi på klokka, og fann ut at Kina-resatauranten var open, så då vart det kafébesøk også.
Eg vil seie at det vart ein kjekk føremiddag for pensjonistane.

tirsdag, juni 09, 2009

Bok nummer 37: Den skogen.

Dette er ikkje ei vanleg krimbok med heltar og skurkar. Eg vil heller kalle den ein roman der mystiske,dramatiske og grusomme ting skjer. Historia blir fortalt med stort alvor, der skuld og skuldkjensle står sentralt.Personane må gong på gong velje kva veg dei skal gå; om dei skal gjere det som er "rett" eller om dei skal ta andre omsyn. Eit anna spørsmål som melder seg er:Kor langt kan eit menneske gå for å verne om sine eigne born? Her er mange parallellhandlingar, noko som av og til gjer det vanskelig å henge med når ein ikkje har det skrivne ord og halde seg til.Det er også ein del namn å halde orden på.Boka kan somme gonger virke langdryg, men den er på alle måtar lesverdig. Vi slepp dei vanlege krim-klisjéane , språket er veldig korrekt. Vi får forklaring på det meste til slutt-likevel er ikkje alt som det skal.
Eg trur denne boka vil falle mest i smak hos vaksne lesarar som likar å tenkje sine eigne tankar mellom linjene.

Barnebiblar.


Det har vore ein del skriving om bibeltekstar i det siste.Då kom eg til å tenkje på den gamle Barnebibelen til bror min.Han kjøpte den for sine eigne pengar ein gong i barndommen, men då han seinare kom i akutt pengekrise, selde han den til meg.Prisen kan eg ikkje hugse, men no vil eg gjerne "selje" den tilbake til ein billig penge(gratis). Bibelen er på bokmål og trykt i Oslo i 1949. Den inneheld fine gammaldagse bilde. Om eg skulle gløyme det, så minn meg!!
Den andre barnebibelen er frå 1987, den har eg kjøpt sjølv og den er på nynorsk.
Fordelen med barnebiblar viss ein vil lese/ fortelje til barn er at bøkene er oppdelt i forteljingar i staden for kapittel og vers. Dessutan er ikkje alt teke med, berre det som høver for born, stort sett.

mandag, juni 08, 2009

Før og no.


Fall for freistinga å stele eit bilde frå Solveig og legge til eit bilde av dei same to frå sist laurdag.Ingeborg er 10 mnd. eldre enn Håkon, men som de ser, var dei ikkje så gamle før Håkon vaks forbi henne.Gode venner er dei framleis, sjølv om interessene naturleg nok ikkje er akkurat dei samme som då dei var små.

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...