tirsdag, juni 30, 2020

Dagbok 2020: 30.juni

Klokka er 23.10, temperaturen ute er + 10 grader C - det er kaldt.
I dag har eg ikkje gjort så mykje, men fekk no laga den obligatoriske lasagnaen  til Rasmus og fam. kom i 17 -tida.
Gutane hadde håpa på at eg hadde laga lasagne i år også, så dei vart ikkje skuffa. Der er ikkje meir att for å seie det slik. Elles har vi drukke kaffi og prata, og no har vi sett litt TV. Det har ikkje skjedd noko spesielt, gutane finn seg til rette, som vanleg. Margrete og Erlend skulle vere to netter til i Sula, før dei kjem heim.
Her har vi ikkje lagt så store planar, men det er no litt av kvart vi skal fikse på. Vi får sjå kor langt vi rekk med tid og energi.
Eg såg på TV at det skulle bli bra vêr i morgon, men det vart ein veldig overgang på temperaturen-ikkje så fristande å styre på ute når det er kaldt.

mandag, juni 29, 2020

Bok nr. 37 - 2020: Arv og miljø.

Denne boka av Vigdis Hjorth las eg ferdig i går- eller gjorde eg det ? Den slutta mistenkeleg brått, og når ein les på Storytel er det ikkje godt å vite.
Forfattaren les boka sjølv, så det blir stor innleving-kanskje FOR stor. Eg veit ikkje kva eg meiner om boka eigentleg for den er skriven på ein litt uvanleg måte -. Men den har absolutt noko for seg. Eg har problem med datamaskina så eg får ikkje lagt ut verken bilde elle omtale frå nettet.

Dagbok 2020



Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 26 grader C, sola skin for det meste, men der er skyer på himmelen. Sidan det regna i går har eg ikkje vatna i dag, men eg har gjort diverse anna.
Først vaska og rydda eg kjøkken og bad, så gjekk eg ut og klipte Skråninga, der var meir gras enn eg trudde. Eg er klar over at det no blir enda meir gul-brune flekker i plenen, men det er likt for alle. Etter ei lita drikkepause, klipte eg rundt huset også, så no skal her vere klippefritt resten av veka. Eg skulle gjerne ønske at det  var litt regn om nettene, så det vart grønt og fint igjen. Etter at eg var ferdig å klippe gjekk eg rett i dusjen.
Et åt litt og så tok eg ein tur på butikken i dag også, det er alltid noko ein treng. Ja, eg reknar med at Rasmus & co kjem i morgon? Det ser eg fram til-ikkje at eg vantrivst åleine, men det er no kjekt med besøk, då. No skal eg ikkje gjere meir i dag, men eg skal sjå inn på NRK  TV  om dei har lagt inn dei siste episodane på serien min-der var tre att.

søndag, juni 28, 2020

Dagbok 2020: 28.juni

Leonardo da Vinci

Klokka er no 18.40 og temperaturen har gått ned til + 18 grader C, det vart litt av ein overgang.
Då eg stod opp i dag var det framleis varmt og sola skein. Men etter kvart skya det til og eg trudde det skulle komme regn, men det vart berre nokre få bittesmå dropar. Hadde litt husarbeid å ta meg til i dag, så eg utsette vatninga både her og der. Men det var likevel ikkje teikn til nedbør, så eg tok like godt og vatna, særleg i min eigen hage. Så gjekk eg inn og då vart eg brått så trøytt at eg sette meg i godstolen framfor TV og sette på ein serie. Sat og halvsov då det brått begynte å blåse og regnet piska på ruta. Men det varde ikkje så lenge. No ligg skyene langt ned i fjellsidene  og vi er tilbake til normal temperatur og vêr. Men eg håper ikkje sommaren er heilt forbi, kan godt tenkje meg meir både sol og varme. Til så lenge får vi vere glade for det vi har fått så langt.
Eg har ikkje sett eit menneske i dag og ikkje snakka med andre enn kattane, men snart kjem no Marit heim, der var heile familien samla på hytta i dag.






lørdag, juni 27, 2020

Dagbok 2020: 27.juni



Dette bildet tok eg 3 min. før midnatt. Dei klårsynte kan kanskje sjå månen.




Klokka er no17.40, og temperaturen har gått ned til +32-den var eit hakk høgare opp ista. Eg har nettopp vore og handla og bore inn fire store posar med varen, sveitten renn, enda eg dusja før eg for. Kunne tenkt meg å dyppe kroppen i kulpen i Skytjåa, men litt kleint å fare åleine. Eg skal ut og opp og vatne enno ein gong i dag, men ventar til det ikkje er fullt så varmt lenger.
Eg kosar meg med å sjå bilde frå Solund og dei som er der. Jammen bra tima å få slikt ver der ute.
Her var det meldt regn i morgon men no har dei utsett regnet til tysdag, så det blir enda eit par dagar å bere vatn.
I dag hadde eg planlagt å vaske og rydde kjøleskapet før eg handla meir mat, så eg sette i gang rett etter frokost. Eg hadde ikkje tenkt å støvsuge i dag, men eg orka berre ikkje å vere ute midt på dagen, så då fekk eg unna den jobben. Eg likar sol og varme, men når temperaturen kjem opp i 30 + då blir det litt FOR heitt-når ein ikkje er ved sjø eller vatn.
Eg passar Lollo i helga, og ho kjem med ein gong viss eg går ut på trappa og ropar på henne. Eg tok på meg bukse og bluse då eg for nedover, men eg trur eg må skrelle det av meg. Når vinteren kjem, sur og kald, då skal eg tenke på korleis det var å sveitte.
No skal eg tømme oppvaskmaskina før eg går ut og vatnar. Eg er no glad for at eg er heime slik at eg kan ta vare på hagen min, men når Rasmus kjem skal han få i oppdrag å fikse slangen min dvs. forlenge den og få nytt munnstykke.
Det såg friskt ut å vere på sjøen i dag -går ut frå at det er Rolf sin båt dei har fått låne.
I dag er det bryllaupsdagen til Bodil og Svein (56 år), og til Hilde og Oddvar(33år)-eg gratulerer!



fredag, juni 26, 2020

Dagbok 2020: 26.juni




Klokka er berre 16.40 så det er litt tidleg å oppsummere dagen, men eg får heller henge på noko om det skjer noko viktig. Det har vore sol og fint ver i heile dag, og no har temperaturen klatra opp til 29 grader C. Eg har nettopp vore ute og jobba, så eg må vente litt med å gå i dusjen, for sveitten renn enno. På bildet ser de Skjærsminen som blomstrar no. Det er alltid noko som blomstrar, men blomstringa varer ikkje lenge i denne varmen-så vi må skulde oss å nyte blomstrane mens dei er her.
I dag var eg oppe litt tidlegare enn vanleg og fekk vaska nokre golv + rista teppe. Etterpå gjekk eg ut og begynte vassberinga, det er berre ein dag att no, så kjem regnet og vatnar på søndag. Eg har ikkje hatt ork til å slåst med ugraset i dag, men etter at eg hadde slappa av på altanen ei stund gjekk eg ut og klipte plenstykka opp mot gata, Skråninga skal få stå litt til, elles blir den heilt brunsvidd. Eg er glad for å ha hagen no sommars tid, for då kan eg vere ute heile dagen-med godt samvit. Eg ser at dei som er i Solund også har fint vêr og då er der nydelig.
Marit var av garde med sin eigen bil i dag, eg kunne fått vore med men vil ikkje handle før eg har ei oversikt over det eg treng.
No skal eg som sagt i dusjen og få vaska håret med det samme.
I dag er det Birte sin fødselsdag, ho er den siste junibarnet i familien, men så har Solveig bursdag 3.juli, så først då blir det ein pause.
Gratulerer med dagen, Birte !
Og God helg til alle.







torsdag, juni 25, 2020

Dagbok 2020: 25.juni


Klokka er no 19.30, temperaturen ute er + 24 grader, høgste temperatur eg har lese av i dag var +26 grader, trur eg, så i dag har det vore behageleg varmt.
Eg dreiv med litt rydding og anna innearbeid før eg gjekk ut i hagen. Vi hadde fått varsel om at vatnet skulle vere avstengt frå 9-15, men her hadde vi vatn heile tida, berre med begrensa trykk. Derfor kunne eg vatne plantane mine i dag også. Det er ganske mykje arbeid når eg må bruke vatnekanne. Elles så har eg luka ugras, klipt kantar etc. Det er alltid nok å gjere i hagen, og no har vi hatt vêr som det går an å vere ute i.
Ca kl.18 la eg meg ut på altanen og las ferdig boka mi før det vart tid for Nyheiter.
Margrete, Rasmus og Wenche +dei fem gutane er no innstallert i rorbu i Solund, og har det fint ser det ut til. Her er det meldt regn på søndag så det gjeld å bruke finevêret mens vi har det. Vi har hatt ein nydeleg juni -månad. Eg takkar for kvar dag sola skin - og dei andre dagane også. I dag tenkte eg på at no har vi hatt slik sommar som vi hadde i gamle dagar-då vi var barn. For då skein sola heile sommaren - eller gjorde ho ikkje det? I morgon er det fredag igjen-tida går fortare enn eg likar.

Bok nr. 36 - 2020: Svartedauden

No har eg lese ferdig boka om Svartedauden på Storytel. Boka er skriven og blir lese av Yngvar Ustvedt på ein flott måte. Eg har vore interessert i Svartedauden lenge, og lese mykje om den. Men her er det mykje meir å lære, og boka er ikkje kjedelig ein augneblink. Spesielt var det interessant å lese om verdens største og lengstvarande pandemi med bakgrunn av Coronakrisa.( Sjukdommen heiter Pest og var aktiv heilt fram til 1900 talet. Det er det voldsomme utbrotet ca. 1350 som vert kalla Svartedauden, men det var samme sjukdommen som dukka opp fleire gonger.)
Eg finn ikkje verken bilde eller omtale på nettet-så her blir det berre mi meining som kjem fram.

onsdag, juni 24, 2020

Dagbok 2020: 24.juni.

Klokka er 19.50, temperaturen ute er + 27 grader C og sola skin.
Etter langtidsmeldingane trudde eg det skulle bli delvis regn og i alle fall ikkje mykje sol denne veka.
Eg la opp til eit arbeidsprogram. I dag skulle eg klippe Skråninga, men ombestemte meg då eg såg at det var mindre gras enn eg trudde. Eg la ein ny plan og bestemte meg for å pusse vindua på stova, både ute og inne. Dette plar vanlegvis vere ein enkel og lett jobb, men det var litt verre når hendene ikkje er heilt gode. Men med hjelp av vass-slange(som er for kort) og nal, blei resultatet brukbart.
Det var berre det at mens eg dreiv med dette vart vêret finare og finare, varmare og varmare -noko søm førte til at arbeidsmoralen minka.
Eg hadde fleire jobbar på lur, men det vart ikkje gjort mykje. Det einaste var at eg vatna litt her og der, men ikkje nok!
Eg ser at eg må planlegge dagane mine betre såpass eg får unna litt av det eg har tenkt. Det blir visst fint i morgon også, så då kan eg ikkje klippe plen då heller, det er nok avsvidde flekkar.
Men i dag fann eg til mi store forundring to store fine, raude, jordbær. Eg kan dessverre ikkje legg ut bilde av dei. Det var i den gamle åkeren, som kjent øydela eg den eine åkeren, tok av duken og planta nye plantar der+ sette poteter. Potetene veks voldsomt-i alle fall det som er over jorda.
På sein ettermiddag før Nyheitene låg eg på altanen og høyrde Storytel. Det er boka om Svartedauden er les no, og det er mykje meir underhaldande og interessant enn ein skulle tru.
Rasmus og fam. er no i Bergen, men i morgon går vegen vidare til Solund. Margrete reiser heimanfrå i morgon og så skal dei vere i lag.
I dag er det 33 år sidan eg vart bestemor for første gong. Så i dag er det Einar som får gratulasjonar, men han er ikkje det siste bursdagsbarnet vårt i sommar. Vi har eit par til.


GRATULERER MED DAGEN, EINAR !

tirsdag, juni 23, 2020

Dagbok 2020: 23.juni

Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 21 grader, det har vore overskya og opplett i heile dag. Veldig greitt vêr det, særleg viss ein har noko ein skal gjere ute.
Marit hadde invitert meg til å vere med henne på handletur til Vik. Ho har ikkje fått brukt bilen sin på aldri så lenge, men no har ho tatt operasjon og fått att synet. Vi skulle fare klokka 11 og vi var klar! Det var ikkje bilen, den var død, og med den erfaringa eg har no stilte eg diagnosen: Flatt batteri ! Bilen har vel fått stått vel lenge i ro. Mn rådlause var vi ikkje, for Yarisen var klar. Vi var på ALTI og på Spar og handla det vi skulle ha.
Eg hadde bestemt meg for å klippe plen i dag, ikkje heile tomta, men rundt huset. Der var mykje gras,  eg fylte opp i to plastsekker som eg skal ta med bort på VØR seinare, eg har snart fullt lass med hageavfall igjen.
Så vart det ei nokså lang pause etterpå, då eg åt og såg eit par episodar av serien min, no har eg berre ein SESONG att. Best å få det unna, slik at eg ikkje forsømmer pliktene mine. Men så var eg ut og pynta litt med kantklipparen, det blir ikkje så lange stunder med den før batteriet er tomt og må ladast. I morgon får eg håpe på at eg får klipt resten av plenane, der er anna hagearbeid som står på vent også. Det var fint arbeidsvêr i dag og det blir det kanskje i morgon også. Eg likar betre å jobbe ute enn inne. Men det er eit skrikande behov for t.d. vinduspuss både ute og inne. Eg er ikkje SÅ motivert for det.
I dag har begge telefonane lagt på nattbordet mitt, og der er mange ubesvarte oppringingar  på Doroen, men eg veit ikkje kor gamle dei er. Som ein regel kan eg seie at eg til vanleg har mobilen på meg, men det er sikrare å kontakte meg på Messenger.
Er det ikkje jonsokaftan i dag, forresten ?
PS: Eg stilte feil diagnose på bilen til Marit.


mandag, juni 22, 2020

Dagbok 2020: 22.juni

Klokka er n,o 17.15. Temperaturen på trappa er + 25 grader C, det er lettskya og littsol. Tidlegare i dag var det litt regn. Eg er veldig fornøgd med at vi fekk så mykje regn at alle plenar og det som elles skal vekse fekk "drikke" nok utan mi hjelp.
På føremiddagen i dag var det innevêr så då tok eg ein tørn på "gutterommet" i kjellaren og gjorde det klart til bruk. Etterpå støvsuga eg og tørka støv i vaskekjellaren.  Då eg kom opp att fekk eg melding frå Margrete om at ho og "ungane" var på veg til Ørsta for å handle, og så ville dei komme oppom. Det var no veldig kjekt. Dei skulle kjøpe med seg kaffimat så det vart ikkje noko "strev" for meg. Mens eg venta på dei høyrde eg lydbok, "Svartedauden" heiter boka eg les no. Eg har alltid vore interessert i Svartedauden og lese mykje om den før, så den boka fengde meg med ein gong.
Margrete og gutane reiser til Solund på torsdag og dit kjem også Rasmus med sine gutar. Dei skal vere der i lag nokre dagar, og så blir Rasmus med oppover igjen- og kjem hit. Eg ser fram til å få besøk av Kongsberggjengen, eg ser dei ikkje ofte.
Etter at eg vart att her åleine gjekk eg ut og klipte med kantklipparen så lenge som batteriet varte -det var ikkje så lenge. Det må ladast ofte, men så slepp eg ledning i alle fall. No er det så fint ute at eg trur eg måta med meg "Svartedauden" ut.
I morgon skal vi ikkje på trening sidan Marit har tatt augeoperasjon og har treningsforbod-då får eg finne noko å trene med her heime-det er alltid noko ein kan gjere-vissein vil.
I dag er det Øystein som fyller år, han er allereie blitt 58 - men han er no ganske ung enno.




 GRATULERER MED DAGEN, ØYSTEIN



søndag, juni 21, 2020

Dagbok 2020: 21.juni

Klokka er no17.25, temperaturen på trappa er + 21,5 grader C og det er akkurat passeleg varmt når det er overskya og litt regn av og til. Det passa meg godt at det kom og regna sist natt for så fekk alle plantane mine det dei skulle ha.
Eg har vore veldig lat no det var så varmt, dessutan blir eg dårleg i føtene i slikt vêr. Eg trudde aldri eg kom til å få energien igjen - og såg svart på alt eg skulle gjere. Men i dag var energien på plass, eg har fått gjort det eg skulle og så har eg tatt ei runde på Vernet.
På føremiddagen rydda eg litt inne og vaska bad og kjøkken. Der var ein del gras på golva. Rydda litt ute også, og etter at eg hadde ete eit måltid såg eg to episodar av TV-serien min, det er vanskeleg å stoppe når ein først har begynt å sjå.
Så vart det ein tur på Vernet, lenge sidan sist! Eg gjekk ut Starevegen , men i krysset med Storebakken var der hendelse så det går ikkje an å komme forbi med bil i alle fall. Det såg ut som det var ein stor kum dei heldt på å grave ned.
Eg gjekk opp Storebakken og tok runden derifrå i dag. der gjer eg ofte elles også.
Elles har det ikkje hendt noko spesielt i dag, eg har vore her åleine, men snakka med naboane då eg kom att frå turen.




lørdag, juni 20, 2020

Dagbok 2020: 20.juni

Klokka er 18.25, temperaturen ute er + 26 grader C og det er overskya. Tidlegare i dag hadde vi sol og +32 grader C. Ja, vi har hatt varme og fine dagar no, og eg kjende at eg vart latare og latare for kvar dag. No kan det bli godt med litt kjøligare dagar-men ikkje for lenge.
På føremiddagen i dag prøvde eg å gjere litt inne. Mellom anna så strauk eg eit par plagg og gjorde eit forsøk på å rydde., så hengde eg ut ein klesvask og tok inn ein annan. 
Men det vart ikkje så lenge før eg for ut og begynte å vatne. Det var ikkje så interessant det heller no, men det måtte til. Så var eg opp til Marit og sat i skyggen ei stund før eg for ned og åt litt før eg la meg ut på altanen med Storytel. Der vart det etter kvart godt å vere sidan skyen kom og bremsa sola litt. Ja, det er ikkje så ofte vi får høve til å bli lei av varmen-det er eg no ikkje no heller, men det kan vere godt med ein pause frå varmen,
I heile dag har eg gått og tenkt på at eg skulle ta ein runde på butikken, men eg har utsett og utsett. Så slo eg det frå meg-men då kom eg meg av garde i ein fart. Det var ikkje mykje eg skulle ha, men det vart no opp i ein Kiwipose i dag også. Bilen har stått på tunet sidan tysdag så eg skulle sette den inni garasjen og då kunne eg like godt ta ein tur.
Solveig og Øystein reiste til Bergen i går for å hente Olaug, det er eit par timar sidan eg hadde kontakt med dei og då var dei i Jølster. Komande veke skal både Margrete og Rasmus til Solund, Rasmus kjem opp hit etterpå.
I dag er det Margrete sin fødselsdag, men eg får ikkje lagt ut bilde av henne her. Ho er 52år gammal no-åra kryp inn på oss alle. Men det er lenge til ho blir GAMMAL. Det blir ein når ein fyller 80-kanskje.
No blir det snart å sette seg til framfor TV-en. Det er ikkje så nøye med kva dei har på programmet, for no har eg NRK  TV og kan sjå dei seriane eg vil .


GRATULERER MED DAGEN, MARGRETE

fredag, juni 19, 2020

Dagbok 2020: 19.juni

Klokka er no 19.45, temperaturen ute er + 28 grader, høgaste temperatur eg har registrert i dag var +34 grader C-
 det er varmt.
Det har ikkje blitt gjort mykje i dag; eg shina opp kjøkkenet etter frokost og så gjekk eg ut. Det er restriksjonar på hagevatning no, så eg måtte ta det litt med ro. Eg fylte kanna mange gonger og bar rundt på den, men eg kunne ikkje la slangen ligge og vatne heile tida. Det er meldt regn på sundag, så no gjeld det å halde plantane i live til det regnet kjem.
Det blei lite gjort i dag utanom vatninga, eg blir lat i varmen og kroppen fungerer ikkje så veldig bra Mens eg sat ute og vatna litt kom der ein bil på tunet. Det var Håkon og Amund som stakk oppom mens Birte gjorde unna nokre ærend i Vik. Amund sov roleg og fint i bilsetet sitt heile tida han var her. Ja, det var ikkje så lenge, men kjekt at dei stakk oppom.
Etter at eg hadde ete eit måltid i 15-tida,la eg meg ut på altanen. Akkurat då kom det ei sky og la seg over sola, så då gjekk det  an å lidde på solsenga.
No i kveldinga har eg sete oppe hos Marit i skyggen under altanen, elles plar eg halde meg i sola- men i dag vart det lovleg varmt.
Eg har ingen planer for helga, men eg må kanskje handle litt i morgon.
Solveig og Øystein er på veg til Bergen for å hente Olaug heim til ferien.
Eg skulle ut i hagen og ta bilde, men telefonen var tom for straum, så den ligg på lading.
No har vel alle slitne lærarar og elevar fått ferie-det er dei vel unt. Eg ønsker både dei og alle andre ei god helg. Vi får nyte den siste fineversdagen i morgon.

torsdag, juni 18, 2020

Dagbok 2020: 18.juni

Klokka er 18.40, temperaturen er + 24 grader og det har vore sol og sommar frå morgon til kveld. Eg har vore ute det meste av dagen, berre korte turar inn på kjøkkenet for litt mat og drikke.
Eg rigga meg til på plenen med stol, vatnekanne og sakser. Hageslangen låg på plenen og rann det meste av tida. Eg vatna og vatna, både med slage og kanne. Skråninga som eg klipte i går var meir og mindre gulbrun i dag, mens naboen sin plen var frisk og grøn. Han har nemlig kjøpt seg "Spreder". Eg vatna hekken mor naboen, og alle pyntebuskene fekk ei heil kanne kvar, jordbær og poteter vart vatna, og slangen vatna plenen heile tida. Eg skulle absolutt hatt ein lengre  betre slange viss det skulle bli behov for meir vatning, men sundag skal regnet komme og då blir det automatisk vatning resten av sommaren er eg redd for. 
Men eg hadde eit prosjekt til i dag, og det var litt meir krevjande. Nede ved bringebæra er det berre rot, ugras og anna gras. Eg begynte på prosjektet i dag ; reiv vekk skvallerkål som dominerte heile "bringebæråkeren"- det er eit intelligent ugras, veks godt i lag med plantar som liknar. Eg hadde også med meg kantklipparen og klipte vekk mykje gras. Eg har ikkje klipt der så nøye hittil i sommar- men det skal det bli orden på. No tek eg alt ugras og anna gras og fyller i sekker som eg skal køyre bort på VØR med.  Eg har gitt opp håpet på at alt rusk og rask skal forvandle seg til fin kompostjord-det skjer berre ikkje.
Ja, ja, det blir mykje hageprat desse dagane, men sjølv om det er mykje arbeid med hagen, likar eg å jobbe ute-i mitt eige tempo.
Marit har vore på Åse i dag og tatt stæroperasjon, eg har ikkje snakka med henne enno. Men eg hadde ein lang prat med ein annan  nabo. No låg eg ute på altanen ei stund og las lydbok, men sørger for å komme inn att til Nyheitene.                                     

Bok nr.35 2020: Her, nå alltid



Bli med på en reise til vakre Frankrike som vil forandre alt …
Jess legger ut på ferie til idylliske Dordogne hvor ekskjæresten Adam driver et gammelt herregårdshotell. Med reisen har hun to mål: å gjenforene Adam med deres felles sønn og forhåpentligvis tilgi mannen hun en gang elsket.
Men ferien blir annerledes enn Jess hadde tenkt. Hun ser sider av Adam som er dypere enn den tilsynelatende bekymringsløse og ufornuftige mannen hun en gang kjente. Samtidig plages Jess av en hemmelighet ingen må få vite om. Kan dagene i Frankrike få henne til å virkelig leve livet, her og nå?
Verdensensasjonen Her, nå, alltid er en gripende og hjertevarm fortelling om drømmer, tilgivelse, kjærlighet og håp.
...................................................................................................
Denne boka las eg på Storytel, eg "miste" den, men så dukka den opp igjen.
Dette er ei slik bok som eg plar  unngå å lese. Eg kallar dei ROSA-bøker, dvs. at dei er "romantiske"  og heilt utan  verdi for meg.  Men sidan eg hadde lese nesten alt før las eg slutten for å få den med på "lista" mi.

onsdag, juni 17, 2020

Dagbok 2020: 17.juni

Klokka er ca 17.30, temperaturen på trappa er ca.27 grader C, og sola skin.
Eg har eit lite problem med at eg vaknar så tidleg om morgonen-etter berre ca. 3 timars søvn, og så prøver eg å ligge i ro når eg vaknar, i alle fall til klokka 8. Slik var det i dag også, og då eg endeleg stod opp var det nokså skya. Eg bestemte meg for å begynne å klippe plenar  rett etter frokost. Ville bli ferdig med Skråninga før eg skulle køyre Marit til frisør. Men då eg var ferdig med Skråninga ringde Marit og sa at ho hadde avbestilt frisøren fordi ho var forkjøla. Og sola hadde ikkje tenkt å fare bak om skyene så det var varmt og godt med 28 grader og lår himmel. Eg toler varmen godt, så den gjer meg ikkje noko.
Dermed fortsette eg å klippe og klippe til klokka var 13.30. Då spylte eg klipparen og rydda opp etter meg, før eg gjekk inn og dusja. Etter kvart tok eg meg litt mat, og så la eg meg rett ut på dagsenga og sovna . Det gjorde godt. Sette meg ut på altanen ei lita stund, men så måtte eg ta ein jobb til, nemleg vatning. Eg vatnar åkrane mine og elles plantar rundt om kring. Sidan slangen ikkje er lang nok, må eg bruke vatnekanne også. Det kan høyrest ut som om eg har det veldig travelt, men det har eg ikkje. Eg likar å ha noko å gjere ute når veret er så fint og eg har lange kvilepausar innimellom. Eg likar å ta all klippinga på ein dag, så får eg spyle klipparen og sette den vekk til neste veke.
Eg har ikkje snakka med nokon i dag, anna enn på Messenger. 
Eg fekk Storytel til å virke igjen, og las ei stund, så var det slutt-og den førre boka, den eg ikkje fann att, den dukka opp. Eg må ha litt mobilundervisning i sommar, trur eg.
Eg får framleis ikkje pryde Bloggen min med bilde.
No skal eg legge meg ut på solsenga til klokka blir 19-då høyrer eg Dagsnytt. 

tirsdag, juni 16, 2020

Dagbok 2020: 16.juni

Klokka er no 18.15, temperaturen er ca. + 27 grader C, det vil seie at den har gått ned eit par grader sidan det var på det varmaste.
I dag har heten plaga meg såpass at eg ikkje har orka så mykje, eg har ikkje fått utretta stort for å seie det slik.
I dag skulle vi trene frå 11-12 og det gjekk no på eit vis, det var ikkje så varmt enno. Etterpå handla vi på Spar, så klokka var nærmare 13 før vi kom heim.
Eg prøver å gjere litt hagearbeid, vatne, luke ,klippe etc. men det er korte arbeidsøkter og lange kvilepausar. Det er då eg må snakke litt hardt til meg sjølv og poengtere at eg er gammal og ingen forventar at eg skal vere så produktiv. Ingen andre enn eg sjølv. I dag synest eg varmen vart litt plagsom- men for all del-eg vil gjerne ha det fint og varmt om sommaren.
Det blir tidsnok både kaldt og regnfullt så vi får kjøle oss av.
Eg la meg ut på solsenga ei stund for å høyre bok på Storytel, men no var den nye boka også nesten forsvunnen, men eg kom meg no inn på - på ein måte-det var tydeleg at det hadde skjedd mykje som eg ikkje hadde fått med meg. Eg vart så oppheta at eg la meg inn på sofaen ei stund fordi eg var så trøtt- eg legg meg seint og vaknar tidleg-men eg sovna ikkje på dagtid i dag.
Eg synest bloggen min blir veldig kjedelig utan bilde, men heile maskina skulle hatt seg ein overhaling.
Det er veldig kjekt no når eg har lært meg å bruke NRK TV for då kan eg sjå på seriar eg likar utan å vere bunden til det dei viser på vanleg TV.
I morgon skal eg køyre Marit ned til frisøren, torsdag skal ho operere auget sitt, og neste veke skal vi ikkje på trening. 
Eg må vel snart til å tenkje på plenklipping igjen. Det er tørt i graset no og plenen er ikkje så frodig som før. Det er nesten stygt å seie det, men vi treng ei regnbye eller to.

mandag, juni 15, 2020

Dagbok 2020:15 juni

Klokka er 20.15, og enda ein nydeleg dag går over i historia-sola skin enno frå klår himmel, og temperaturen er + 23 grader C. Kor varmt det kan ha vore tidlegare i dag, veit eg ikkje, men det har vore varmt nok.
Då eg vakna i dag kjende eg med ein gong at høgrehanda mi var betre enn i går, sjølv om den er langt frå bra. Eg greidde i alle fall å få kleda på meg ganske raskt. Sola var ikkje framme då, men den kom etter kort tid.
I dag skulle Einar komme og male litt igjen, så då måtte eg lage middag til to-det er mykje kjekkare enn å lage til ein. Eg hadde ferdiglaga kjøttkaker i frysaren, så eg skulle berre lage saus. Eg likar å lage saus på gamlemåten frå grunnen av, og det gjorde eg i dag. Eg sette kjøttkakene på tining i sausen. Men eg var lens for poteter, så eg måtte ein liten tur på butikken - ikkje noko problem når bilen går.
Då Einar kom i 13-tida var himmelen klar og blå og sola var varm. Han sette i gang med å male, mens eg dreiv og vatna litt på åkrane mine. Eg skulle hatt ein lenger slange så hadde eg sluppe å gå og bere på kanna.
Ca. klokka 15 åt vi middag og den kosa vi oss med og åt godt. Det blei som vanleg is og kaffi til dessert.
Etter at Einar hadde reist og eg hadde rydda opp,  var eg ein snartur opp til Marit som sak ute og strikka. Etterpå la eg meg på solsenga med Storytel. Eg fann ikkje att boka eg las i går, så eg begynte på ei anna som var SVÆRT lettlesen. Plutselig kom Marit ut på altanen til meg, og så vart vi sittande å prate til det vart tid for dagsnytt.
Dette vêret er berre eventyrleg og etter den vinteren og særleg  den våren vi har hatt, prøver vi å nyte kvar solståle .
I morgon skal Marit og eg på trening igjen-men vi er ikkje så motiverte akkurat.
Den yngste av døtrene til bror min har fødselsdag i dag-eg hugsar godt den dagen ho vart fødd, det var også ein fin og varm dag.
Gratulerer med dagen, Hilde !

søndag, juni 14, 2020

Dagbok 2020: 14.juni

Klokka er 17.55, temperaturen ute er + 22 grader, tidlegare i dag var det 29 varme grader her, men så skya det over og då gjekk tempen ned. Sidan det var så varmt trudde eg at vi kanskje fekk ei lita regnbye, men slik gjekk det ikkje. Så eg måtte fram med slange og kanne for å redde diverse plantar.
 Då eg vakna i dag var eg så låk i hendene at eg greidde ikkje å få på meg klede-det er særleg høgrehanda som plagar meg. Men etter kvart fekk eg på meg eit par klesplagg såpass eg kunne gå over gata til Marit. Ho har også vore heime åleine i helga, men no er "ungefolket" kome heim. Marit og eg sat på uteplassen hennar og prata ei god stund. Så sette eg i gang med litt vatning, men det er litt tungvindt sidan eg ikkje har lang nok slange, så eg må bruke kanne.
Det skya visst over for godt-men utan at det kom regn.
Sidan eg hadde utsett fredagsvasken eit par gonger, tok eg og vaska bad og kjøkken i dag, sidan det like vel var overskya.
Så skulle eg høyre bok på Storytel-men der forsvann boka, og eg har enno ikkje funne den att. Ikkje veit eg kva boka heiter, ikkje namnet på forfattaren, men eg har litt peiling på korleis den såg ut så eg driv og leitar mellom alle dei hundrevis av bøkene som ligg der. Boka var ikkje så interessant eller god på nokon måte, men eg hadde berre litt att, så eg kunne tenkt meg å fullføre. NB: Det er ikkje første gongen eg har vore i denne knipa.
For komande veke har eg ikkje mange planar, men vi skal på trening tysdag, det er fast.
Datamaskina mi feilar alt muleg-og eg får til dømes ikkje lagt inn bilde på bloggen. Det er litt kjedelig. Og til tross for at eg har stilt inn maskina på NYNORSK får eg raude strek under alle nynorske ord-noko som er litt irriterande.
No har eg forstått det slik at det er berre ei veke att av skuleåret, så eg håper det blir litt fint ver då også.

lørdag, juni 13, 2020

Dagbok 2020: 13.juni

Klokka er 19.25, temperaturen ute er + 24 grader C, og det har nyss skya over. Tidlegare i dag har det vore sol frå klår himmel og veldig varmt, minst + 28 grader.
Marit og eg var ein tur på butikken på føremiddagen, og etterpå tok vi ein tur på gravplassen og vatna og stelte litt.
Resten av dagen har vi vore heime i kvar sitt hus, heilt til eg tok ein tur over gata i 18 tida.
Eg har stort sett halde meg på altanen til tross for varmen, eg har lata meg og slappa av med Storytel på øyra.
Eg har ikkje gjort det skapte grann i heile dag. Eg blir lat i varmen. No håper eg på ei lite regnbyge i løpet av natta, såpass eg slepp å vatne i morgon-i dag er det for seint.
No skal eg kanskje lage meg litt "middag" før eg set meg ned framfor TV-en.
Det vart ein kort epistel i dag-men har ikkje meir å skrive om.

fredag, juni 12, 2020

Dagbok 2020: 12.juni

Klokka er 20.00, og vi har hatt ein varm og strålande dag. Høgaste temperatuen eg har lese av er +29 grader, men naboen hadde sett 31 grader og eg har ingen grunn til å tvile på han. Kor mange varme vi har no veit eg ikkje for eg kan ikkje gå ut på trappa å sjekke.
Eg vakna grytidleg i dag men låg til klokka var nesten 8. Då stod eg opp og gjorde meg klar til å fare til Biltilsynet, hadde time 10.30, men skulle kome litt før. Det var fint å sitte i "kø" der borte i dag. Vi blei henta inn puljevis. Det gjekk heilt greitt å få fornye førarkortet, slapp å ta nytt bilde denne gongen også, så eg kunne spart meg hårvasken. No har eg berre eit papir, sjølve sertifikatet får eg om ei veke.
I dag tidleg oppdaga eg at eg var lens for ein sort tablettar, så eg stakk innom apoteket og bunkra opp tablettlageret mitt. Like greitt å ha det på plass.
Då eg kom heim var eg ikkje så lysta på å gjere noko, så eg sette meg berre på tunet og las avisa  mens eg venta på at Marit skulle kome heim, ho hadde legetime i dag.
Eg prøvde å jobbe litt, blant anna så vatna eg litt på blomsterbeda og spylte bilen med det samme.
Litt seinare kom Marit ned og vi sett oss på altanen der det etter kvart kom ein liten bris. Vi hadde tenkt oss av stad og handle , men det vart utsett til i morgon før middag. Eg orka ikkje å kle på meg ein gong til i dag. Heilt sløvt!
Etter at Marit hadde gått opp att, ringde Solveig og sa at ho og Øystein ville komme innover- for Øystein ville ta siste strøket på trappa. Dei kom ein time seinare- eg prøvde å få gjort litt i hagen mens eg venta, men det var ikkje arbeidstemperatur. 
Mens Øystein mala trapp fekk eg TV-undervisning av Solveig, slik at eg no skal kunne sjå NRK TV-seriar etc. Eg er ikkje så lett i begripelsen lenger, men Solveig har kjøpt ei bok til meg, der ho og eg har skrive opp diverse TV-og data "oppskrifter" som t.d. adresser og kodar. Så får vi sjå kva mor greier å finne fram til når ho er her åleine. 
Datamaskina er eit kapittel for seg, trur eg må spare den til Rasmus viss han kjem ein tur i løpet av sommaren. Eller viss ein av dei andre gode hjelparane kjem innom.
Denne veka har gått som ein røyk, så i dag er det fredag igjen og eg kan ønske alle lesarane ei god helg.
Eg får ikkje lagt til bilde på bloggen no, så den blir litt kjedelig å sjå til.

torsdag, juni 11, 2020

Dagbok 2020: 11.juni

Dagbok 2020: 11.juni

Klokka er no ca. 17.30, temperaturen ute er + 24 grader, det er full sol og litt vind. Nydelig vêr, med andre ord. Litt for varmt til å vere veldig aktiv. 
I går kveld fann datamaskina mi ut at ho ville forandre seg til det ukjennelege, men det har gått bra til denne tid. Eg erberre ikkje sikker på om eg får lagt til bilde med det samme. Og så får eg raudt strek under alle nynorsk-ord enda maskina er innstilt på nynorsk. Ja, det er no ein bagatell.
I dag før middag var eg nokså aktiv. Eg køyrde bilen, full av sekker, ned på bensinstasjonen og tanka opp. Så kjøpte eg bensin på kanna mi med det samme. Eg likar ikkje så godt å køyre bort til VØR, det er samme vegen som flyplassen. Som regel er der mykje trafikk begge vegar, men i dag kom eg meg lett til venstre i krysset. Dei snakkar om det det skal bli rundkøyring i dette krysset og det hadde avgjort vore ein fordel.  Eg fekk tømt dei fem sekkane mine, men eg må snart bort att med meir "hageavfall"-det er betre å ha det bort der enn å fylle haugen på kassene her heime. Det er gratis å levere slikt avfall.
I fjor kjøpte eg tre Potentilla - busker og planta nedom garasjen, men den ein buska  trivast ikkje, så den ville eg bytte ute. Men no har eg vore på alle planteutsala her utan å finne sorte. Gule har dei nok av alle, men eg skulle ha ei rosa. I dag køyrde eg bort på Hageland, og tok ein sveipar opp på Felleskjøpet utan å finne rette sorten. No har eg anmoda Margrete om å sjå etter på Hildenes, ho er relativt ofte på Eid.
Eg skal innrømme at arbeidslysta er berre moderat i dette vêret, men eg fekk no klipt ferdig Skråninga og i tillegg dei to små plenbøtene opp mot vegen. Etterpå spylte eg klipparen og håper den skal få stå i ro bortimot ei veke. Vatnar gjer eg kvar dag, og eg er ikkje heilt ferdig med dagens enno.
Eg gjekk inn att og åt litt før eg la meg på magen på solsenga med Storytel på øyra.
No skal eg snart ha meg ein tur ut igjen og vatne jordbærplantane mine. Og så kan det hende eg går opp til Marit og sit på uteplassen hennar ei stund.

onsdag, juni 10, 2020

Dagbok 2020: 10.juni



Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 22 grader C og det har vore nydeleg vêr i heile dag. Slike dagar er eg om lag ikkje i hus , men held meg ute. I dag greidde eg endeleg å bestemme meg for å fare bort på VØR med nokre sekker hageavfall, eg greidde å få inn i bilen 6 sekker utan problem. Og så skulle eg fare. Men bilen var heilt død -ikkje ein lyd då er vrei om nøkkelen. Det første eg tenkte på var at den var tom for bensin, det er ei stund sidan eg fylte. Men eg hadde ei kanne med ein slant på, eg brukar samme bensin på bilen og klipparen. Men eg fekk ikkje til å få bensinen ned på tanken. Det kan no hende eg ikkje prøvde nok, då. Eg tenkte eg fekk sjå meg om etter einkvan som var meir bilkyndig.
Derimot kunne eg godt bruke grasklipparen, og eg sette i gang å klippe rundt huset til tross for at doggen knapt var ute av graset. Klippinga vart deretter. Eg tok ein lang pause i lag med Marit på uteplassen hennar.
Så bestemte eg meg for å begynne på Skråninga og klippe så lenge eg hadde bensin-det blei litt for lenge så eg slutta av litt før. 
Då kom naboen heim frå arbeid og han fekk bensin på bilen min utan at det hjelpte. Han meinte at det var batteriet som var flatt, men eg syntest det var utruleg for batteriet er nokså nytt og eg køyrer nedsten kvar dag. Men han fann ut at lyset har stått på mens bilen stod i garasjen. Både Marit og eg sjekka at lyset var av i går då vi kom heim, men eg må ha kome bort i ein brytar då eg køyrde bilen inn i garasjen. Batteriet vart i alle fall sett på lading, så i morgon kan eg ta ein tur. Svein, bror min, stilte samme diagnosen sjølv om han er på Eid. Ja, det hjelper å ha litt peiling. Eg er heldig som bur her i Starevegen, for her er folk veldig hjelpsomme.
Så måtte eg vatne litt i dag også, det blir veldig fort tørt i beda.

Eg tok duken av den eine jordbæråkeren og grov opp. Så planta eg nye jordbærplantar som eg fekk av naboen, på andre sida sette eg poteter. Eg hadde tenkt å sette ei rad til, men så hadde eg ikkje fleire settepoteter -og no er det vel for seint. Jordbærplantane  lever og veks. Berre synd at kattane må ha do akkurat der. Og her er mange kattar. Her må eg vatne kvar dag.






Dette er svartsurbær-busken. Eg kjøpte den fordi den har så fine haustfargar. Bæra er veldig sunne , inneheld mykje C-vitamin og antioksidantar. Eg synest ikkje dei er så veldig gode, men eg et dei. Prøvde å koke saft av dei i fjor, men den gjekk rett i vasken.
Eg har ikkje kjøpt særleg mykje til å pynte opp med enno, men det er enno tidleg på sommaren.





tirsdag, juni 09, 2020

Dagbok 2020: 9.juni

Klokka er 17.50, temperaturen er + 19 grader og no har det skya over etter at det har vore sol i heile dag. Eg merka det med det same eg vakna i dag at vêret ikkje var som i går, eg var på langt nær så låk i armar og bein som eg var då.
Det var bra at eg hadde kome meg, for så greidde eg både å kle på meg  og vaske håret med meir. Vi skulle vere på treninga klokka 10 og då må eg stå litt tidleg opp sidan det tek litt tid å komme i "form". Treninga gjekk heilt greitt, det er stort sett føtene/knea eg trenar no, ingen vits i å trene armane no når dei er relativt bra. Det kunne virke mot si hensikt.
Vi var ein tur på Spar etterpå og handla aldri så lite. Trefte fleire kjende, mellom anna Åse Melle.
Då eg kom heim att laga eg riskrem av grøten som eg kokte i går + fløten som eg hadde på lager.
Eg hadde kjøpt Piano Bringebærsaus til å ha på, så eg måtte smake litt med det samme. Eg begynte å lese på sause-kartongen, og oppdaga at det faktisk var bringebær-jus i sausen! Av bringebær frå Vik i Sogn. Før i tida var no slike ferdigsausar berre kunstige.
Eg gjekk ut og prøvde å jobbe litt i hagen; klipte graset med saks rundt tre og buskar, vatna både her og der etc. Men det var ikkje så mykje eg orka, vart fort trøtt både i ryggen og føtene. Men med nokre gode pausar fekk eg no gjort litt.     Jordbærplantane og potetene som eg planta i mai veks fint no, så det blir vel avling når det lid på.

No har Torbjørn vore her og hjelpt meg å bestille time på Biltilsynet, eg kom aldri i mål med det, men han hadde gjort det før til seg sjølv, så han kunne det. No skal eg bort og fornye førarkortet komande fredag kl.10.30, så no har eg det i boks. Det er godt å ha hjelpsomme naboar.

Eg gjekk inn frå hagen litt før 15.30, då åt eg ein ny porsjon med riskrem. Det eg lagar til når eg er åleine må eg ete sjølv. Etterpå la eg meg ut på solsenga med pledd over meg og kvilte meg godt ut. Hadde Storytel på øyret, og eg har ein mistanke om at eg sov litt innimellom, for eg var trøtt og hadde sove dårleg om natta.
No vart det så fint vêr igjen at eg må ut og sjå kva naboane held på med. Klokka er merkeleg nok kome heilt fram til 18.30.

mandag, juni 08, 2020

Dagbok 2020: 8.juni

Klokka er no 18.15, temperaturen ute er + 11 grader, og det blæs. Eg var ut på altanen for å ta nokre bilde, trudde eg skulle fange vinden, men nei, det ser heit stilt ut.
I dag morgon såg eg tydeleg at det hadde regna godt om natta, og det var ikkje meg imot, for både jordbærplantane og potetene som eg har sett i jorda trong vatn. 
Det som begrenser meg ganske mykje for tida er "gikta" mi. Med det samme eg er oppe har eg null kontroll på høgrehanda og berre litt meir på venstre. Ryggen og føtene er heller ikkje gode. Men no er eg rimeleg bra-i alle fall så bra at eg kan gjere noko.
Eg hadde ikkje planane klar for denne dagen, men eg visste at eg hadde to liter H-melk som var ute på dato-men ikkje dårleg. Til tross for at hendene ikkje var så gode sette eg ein brøddeig, så no har eg tre nye brød , to av dei er i frysaren, der det er nokså mykje brød frå før. Den andre melkeliteren blei brukt til risengrynsgraut, som vart middagen i dag. Der er ein porsjon graut att, og tilfeldigvis har eg også fløyte som er ute på dato...… 
Eg har ikkje gjort mykje ute i dag, men eg hausta all rabarbraen, rensa den og skar den i bitar, som no ligg i frysaren. Det skulle ikkje forundre meg om der ligg ein porsjon frå i fjor også. No skal rabarbraen få meir mold og rikeleg vatn; så lenge ein tek bort stilkane og let nye stilkar kome opp kan ein bruke rabarbraen. Det heitte seg før at den var ikkje brukande etter jonsok. Eg fekk støtta opp klematisane litt også. Skulle sikkert ha gjort meir ute, men det kjem dagar etter desse, dagar som kanskje er mildare og mindre vindfulle.
I morgon skal Marit og eg på trening klokka 10, og då kan det hende vi handlar litt etterpå. Elles har eg ikkje store planar, vanskeleg å planlegge så mykje når kroppen ikkje er heilt i form.
Etter at eg hadde ete middag i dag la eg meg på dagsenga og las ut boka mi. Det gjorde godt-eg prøver å ligge i staden for å sitte innimellom, men no fekk eg lyst å gå ein tur på vernet-eg var der i går. Men det er litt kjedelig å gå der heilt åleine.


Bok nr. 34 -2020: I rett linje


En syklist styrter i et hull ved et veiarbeid og brekker nakken. En tragisk ulykke, konkluderer Christianssund-politiet - helt til hans nære venn også dør. Henger de to dødsfallene sammen? Privatdetektiven  Dan Sommerdahl er ikke så ivrig etter å bidra til gåtens løsning, som han ellers pleier. Han er i full sving med sitt eget mysterium. Han leter etter sin far, som han aldri har møtt og som han ikke engang kjenner navnet på. Hans liv tar enda en brå vending, når en tidligere elskerinne kontakter ham ...
…………………………………………………………………………………………...
Då har eg lese ferdig den 7. og siste boka i denne serien. Det har vore bra underhaldning. Det eg har likt best er at det stort sett er same personane i alle bøkene, dermed blir rammehistoria vel så interessant som "brotsverka". Margrete har skrive meir om bøkene.

søndag, juni 07, 2020

Dagbok 2020: 7.juni


Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 10 grader og det har regna. På føremiddagen var det berre nokre små dropar, meir som skodde-yr, men no har det vore skikkeleg regn, såpass eg slepp å vatne.
Dette har vore ein heilsløv dag. Eg bestemte meg frå morgonen av at eg skulle slappe heilt av i dag. På føremiddagen gjorde eg nokre små jobbar som å vatne blomster, tørke støv og stryke, men så gjekk det over i Storytel.
Eg har vore mest på datarommet, der blir det fortare varmt enn i stova, og så kan eg ligge på dagsenga viss eg treng det for ryggen sin del. Ja, eg har vore veldig lat-men det fortente eg eigentleg. Det er så mykje som skal gjerast ute når det er fint vêr, men i dag tok eg fri med godt samvit. 
Eg held på med siste boka i serien av Anna Grue, og no nærmar den seg slutten. Eg har lese mykje i det siste.
No ser det ut til at skodda kan lette, og sola kan kome fram. det er gode meldingar for komande veke og det er bra. Eg klipte plenen på fredag, og no er graset på full fart opp igjen. Å klippe plen er ein grei jobb, men eg må snart til å plante noko også. Og så må eg bestille time på Biltilsynet, og sidan det er nær VØR må eg ha med nokre sekker med hageavfall dit. Dette er nokre av planane for komande veke. Dessutan skal vi på trening på tysdag. No nærmar det seg at eg skal sette på TV-kl.19 og høyre nyheiter. Dagane går fort anten er gjer noko eller ikkje.
.

lørdag, juni 06, 2020

Dagbok 2020: 6.juni

Klokka er 16.35, temperaturen ute er + 20 grader C og det er nokså skya, men fint likevel. I går kveld då eg la meg verkte er både i armar og bein og vel så det, så eg fekk ikkje sove. Klokka 3.30 stod eg opp og tok 2 Paracet og sovna tvert og sov tol klokka var 9. Eg hadde tenkt å sende avbod til Ragnhild, men så følte eg meg heilt bra og hadde lyst på ein Volda -tur. Fredagsvasken vart utsett på ubestemt tid.
Eg har vore mange gonger bort i Furene i det siste, men når eg køyrer sjølv ser eg ikkje så mykje rundt meg. I dag registrerte eg at det var mange hus under bygging på hi sida av bygda. 
Vi handla litt på Coop før vi for til Volda. Der var vi på Møre Konfeksjon og kjøpte oss kvar sin topp. Der var regelen at viss ein hadde prøvd eit plagg på, og ikkje kjøpte det, skulle plagget i karantene i nokre dagar før det vart tatt fram igjen. Vi hadde ikkje lyst å sette oss inn på kafé i dag når det var så fint ute. Så Ragnhild køyrde meg heim. Då var klokka så mykje at eg kunne ete middag, og det blei ein god porsjon suppe frå i går. Eg delte det som var att i går på Einar og meg, eg vart så mett ateg måtte legge meg på dagsenga ei stund før eg stod opp og tok "fredagsvasken"- så no er det gjort.

I dag er det " Svenska flaggans dag" - ein dag vi plar feire i familien vår. Ja, det er sjølvsagt fordi Olaug jr. har fødselsdag. I dag fyller ho 23 år-og viss eg ikkje tek feil så er ho snart på veg heim frå Bergen.


                       Gratulerer med dagen, Olaug Marie!


fredag, juni 05, 2020

Dagbok 2020: 5.juni




Klokka er 16.40, temperaturen er +19  grader C, og no er det overskya. Tidleg på dag var det sol og fint.
Eg hadde ikkje tenkt å klippe plen i dag for eg trudde det kom regn, men då vêret vart så fint ombestemte eg meg. Eg klipte rundt huset og opp mot vegen, men Skråninga fekk stå.  Før eg kom så langt at eg klipte hadde eg skrella poteter og grønsaker til suppa som Einar og eg skulle sette til livs litt seinare. Ferdigbruna kjøttbitar hadde eg i frysaren, så det vart ein lettvindt rett. Eg var ferdig å klippe før Einar kom, men hadde ein liten jobb med å spyle klipparen. Einar bestemte seg for å male andre strøken på veggen opp mot vegen. Det vart fin og frisk farge med eit nytt strøk. det er litt uvisst med vêrmeldinga; best dei melder opplett og sol, så skal det kome regn. Men no er plenane klipte og huset måla, så for det berre kome det som skal. Eg kjem ikkje til å handle i dag, men i morgon må eg ta fredagsvasken,  som eg ikkje tok i dag, og så blir det kanskje ein runde på byen.
Då vil eg ønske alle ei fin helg uansett vêr.


torsdag, juni 04, 2020

Dagbok 2020: 4.juni

Akkurat no.
Klokka er 20.00, temperaturen + 16 grader og det er opplett-men overskya.
Eg hadde venta at det skulle regne i dag, så eg vart gledeleg overraska då eg såg ut og sola skein. På grunn av vêrmeldingane hadde eg ikkje lagt opp til utearbeid i dag, dessutan skulle eg til frisør kl.12. 
Det vart til at eg gjorde litt husarbeid før den tid, og då eg kom att var klokka nærmare 14, så eg tok meg berre litt mat, før eg sette meg til å høyre ferdig boka mi. Det tok litt lenger tid enn eg hadde berekna. Eg sende melding til Marit at ho måtte komme ned og drikke kaffi, og det ville ho, men seinare. 
I mellomtida gjekk eg laus på eføyen på tilbygget, det er ikkje så mange år sidan eg røska den nesten heilt vekk, men den har vakse mykje sidan den gongen. Eg fekk full ein stor svart sekk med rusk som eg skal ta med på VØR når eg somlar meg til å fare bort. Eg har mange sekker fulle no. 
Graset veks så fort at eg ser det gro, så eg må vel ut med klipparen anten i morgon eller laurdag eller begge dagane.Det går heilt fint å klippe no når eg er så mykje betre i armane-og det er god trim, så eg treng ikkje gå på Vernet så ofte no. 
Fekk nettopp melding frå Einar som vil komme og male litt i morgon, så då håper eg at han vil ete middag i lag med meg. Det er kjekkare å koke til to enn til ein.

Bok nr.33 - 2020: Siste forestilling



En lærer i videregående skole blir blodig og brutalt drept med en hammer. Hun blir funnet i sitt idylliske hus i skogen av sin lesbiske kjæreste, politioverbetjent Pia Waage. Flere spor peker mot at Pia selv har begått drapet, og hun blir varetektsfengslet av sine kolleger i Christianssund-politiet. I sin desperasjon ber hun Dan Sommerdahl om hjelp med å bli renvasket, og å finne den riktige morderen. Den dameglade Dan må se seg omgitt av kvinner, som ikke er det minste interessert i hans mandige sjarm. Skolens lærere og teaterglade elever bidrar til forvirringen rundt drapet. 
…………………………………………………………………...
Dette er den nest siste boka i serien til Anna Grue. Bøkene er lettlesne og relativt underhaldande. Eg synes det er kjekt å lese ein serie der samme folka går att-då held eg lettare tråden. For all del: Dette er lett underhaldning og ikkje så ykje anna. Men eg skal lese siste boka også

onsdag, juni 03, 2020

Dagbok 2020: 3.juni

Klokka er17.10, temperaturen ute er + 16 grader. Det er overskya, litt skodde i fjella, men det er opplett.
I dag var eg oppe litt tidlegare enn vanleg sidan vi skulle på trening kl.10. Vi må ha god tid om morgonane.  Etter trening tok vi ein tur bort til Gjenbruk der gartnaren på Urke har utsal. Der var mykje fine blomster men ikkje så billeg der heller. Eg kjøpte berre ein liten rosa pelargonium. Etterpå handla vi på SPAR. Då vi kom heim vart vi sittande i bilen og prate ei stund-vi blir LITT slitne av treninga.
Eg tok meg eit lett måltid før eg gjekk ut i hagen for å jobbe. Det blir ikkje gjort så mykje, for eg blir låk i ryggen og må sette meg ned rett som det er. Men eg fekk no rydda bedet ved Urke-garasjen, og det nedanfor min garasje. Eg skulle ha planta både her og der , men eg er så ubestemt på kva eg skal ha. Hadde trengt ein shoppingassistent.
Eg skal til frisør i morgon, og så må eg bestille time på Biltilsynet. Snakka med Torbjørn, han hadde fått til å bestille time på nettet, så då må no eg også greie det. Det hadde vore enklare å ta telefonen og ringe. Det var vi samde om.
Graset på plenane veks og veks, men eg kan ikkje klippe heile tida. Om graset er langt spå er ikkje plenane så fine og tette som dei skulle ha vore.
No skal eg slange meg litt med Storytel-ryggen treng kvile.

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...