lørdag, desember 31, 2011

Dikt ved årsskifte.

 Det er den draumen.

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje-
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa-
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
                      
                                                    Olav H. Hauge.

Bok nr.72 - 2011: Tredve dager i Sandefjord.

Tordis er dramatikar, ho skriv for scena, har gått på Universitetet og studert. Ho er kanskje litt snobbete, og litt åndssnobb. Men ho er ikkje alltid like lur, og ho har eit lite alkoholproblem. Ein kveld tek ho bilen til kiosken for å kjøpe røyk, enda ho eigentlig ikkje røyker, og blir blanda inn i ei bilulykke. Det viser seg at ho har svært høg promille. Ho misser sertifikatet for tre år, må betale bot, og i tillegg sone 30 dagar i eit kvinnefengsel i Sandefjord.
Fengselet har såkalla open soning, og dei som er der, sit inne for mindre brotsverk. Dei får gå relativt fritt innafor området, dei strikkar og syr, vaskar og lagar mat. Her kjem Tordis i lag med folk som har ein heilt annan bakgrunn enn ho sjølv, dei fleste er narkomane.
Eg hadde ikkje store forventningar til denne boka, men faktisk likte eg den godt.Den er lettlesen og enkel, men ikkje banal. Forfattaren skildrar livet i fengselet med både humor, ironi og lett samfunnskritikk. Personane blir skildra med varme og forståing. Det mest interessante er likevel dei tankane og refleksjonane ho gjer seg sjølv. Tankar som eg også godt kunne ha tenkt. Sidan hovudpesonen heiter Tordis og er forfattar, og sidan ho drøymer om ein skada hjort i siste kapittel i boka, lurer eg sterkt på om ikkje dette i bunn og grunn er sjølvopplevd.
Les gjerne denne boka.
Frå nettet:For to år siden ble forfatteren Vigdis Hjort tatt for fyllekjøring. Hun hadde 2,2 i promille, noe som kostet dyrt. Hun fikk en bot på 50.000,- og ble i dømt 30 dager i fengsel. Soningen foregikk i Sandefjord, og Vigdis Hjort har – nesten som vanlig – flettet erfaringene inn i en bok.

Vermelding 30.desember 2011

Klokka er 13.30, temperaturen ute er 0 grader C, og det er overskya opphaldsver. Sidan det er kvitt på markene, har ein kjensle av at det faktisk er vinter og nyttår.
Når ein  begynner å dra på åra, synest ein i grunnen at julene kjem for ofte, like eins nyttår og fødselsdagar. Ein får lyst å sette bremse på tida, så den ikkje skal gå så altfor fort. I barndommen og ungdommen var det heilt motsett, då var det ei æve frå helg til helg.
Dette har vore eit år utan dei HEILT store hendingar på det private plan, og det er i grunnen heilt greitt. Dersom ein ser på alt som har skjedd i landet, for ikkje snakke om verda, så er situasjonen ein annan. Vi er heldige som bur i eit fredelig hjørne av kloden, i alle fall så langt. Dei største krisene her i Ørsta på førejulsvinteren, var SMØR-krisa og STORMEN, den sistnemnde noko alvorligare enn den første.
Nils og eg skal feire nyttårsaftan for oss sjølve, og det har vi ingen ting imot.Vi er så sosiale som vi vil vere, og har ingen ting imot å kose oss med god mat og TV på nyårskvelden.
I år, som alle år, har eg fått ny dagbok som eg skriv i kvar kveld. Rasmus har tatt på seg ansvaret for å kjøpe den til meg. Der skriv eg om viktige og mindre viktige hendingar, og desse bøkene har hjelpt oss meir enn ein gong når vi ikkje hugsar verken tid eller stad når det gjeld diverse reiser, innkjøp etc. Hukommelsen er ikkje å lite på lenger. I tillegg kjem eg vel til å halde fram med blogginga, så då har eg back-up på det meste.
Eg har også hatt for vane og kåre årets bok. I år har eg ikkje tenkt så mykje på det, men trur kanskje at Gaute Heivoll si bok "Før jeg brenner ned" er den boka som har gjort sterkast inntrykk.
Så står det berre att og ønske alle ein fin nyttårskveld og alt godt i det nye året.

GODT  NYTT ÅR 2012!

fredag, desember 30, 2011

Vermelding 30.desember 2011

Klokka er15.10, veret er lettskya og fint. Temperaturen er minus 2 grader, så vi kan ikkje klage på noko.
Nils var relativt tidlig oppe i dag, for å styre med fisk etc. Og eg ville til Vik. Ikkje for å handle mat, men for å komme ut dørene og treffe litt folk. Det var ingen ting vi hadde behov for å handle, men på Amfi trefte vi mykje kjentfolk som vi prata med både vel og lenge.Vi trefte eit par som vi gjerne ville prate meir med, og avtalte møte på nye Føniks. Der var stappfullt, men vi fekk oss bord i lag med nokre andre som vi også kjende. Den nye kaffibaren var fin og koselig, men med ein akkustikk som var heilt forferdelig. Det var ikkje berre eg og tinnitusen  som reagerte på den. Der må dei nok til med eit eller anna støydempande.Utrulig mykje folk ute i dag, det har vel med det å gjere at mange er fri og har lyst ut og treffe folk.
Vi er invitert til naboane til kaffi i 18-tida, så dette blir ein særdeles sosial dag.
Skulle sikkert ha pussa stuevindua, dei ser ikkje ut. Men no er det litt for kaldt.
Då vi for nedover var trafikken omdirigert, der hadde vore kollisjon i Rå-krysset. Trur annankvar ørsting har vore ute for noko akkurat der, så det er heilt utrulig at ikkje noko blir gjort. Veit ikkje kor alvorlig det var, men såg i alle fall ambulansen.Der hadde visst vore helikopter også. Eg får sjekke Sumpen.

torsdag, desember 29, 2011

Vermelding 29.desember 2011

Bildet er tatt klokka 14.00.
Klokka er 15.00, temperaturen + 3-4 grader C. Det er overskya, skodde og regn. Vi har nettopp ete fersk sei til middag, med Tine smør setertype. Det smakte godt etter all kjøtmaten.Nils for på sjøen i dag før eg var vaken, og kom heim i 13-tida. Då hadde han fått nok fisk. Det skal sløyast og filiterast også, så det gjeld å ikkje fiske for mykje om gongen.
Sjølv blir eg veldig energisk og flink når eg er heime åleine. I dag har eg gjort grundig reint på kjøkken og bad, vaska og rydda kjøleskapet og støvsuga stova og gangane. Det var eit visst behov, for å seie det slik. Etterpå shina eg opp meg sjølv og vaska håret. Ikkje mindre behov for det, når sant skal seiast.
Som de ser på bildet har vi grøn jul, veldig ulikt slik som det var i fjor og året før der. No skal vi slappe av litt før det blir kaffi. Håper at alle etter kvart får att både straum, nett, TV og vatn.

onsdag, desember 28, 2011

Vermeldig 28.desember - 2011

Klokka er no 18.00. Ute er det mørkt, overskya og + 5 grader. Heilt ordinært ver med andre ord, og heilt vindfritt, trur eg. Har ikkje vore ute for ei dør i dag.
Før middag gjorde eg litt husarbeid; la i hop ein klesvask, strauk, rydda m.m.
Margrete og ungane har vore i Volda sidan i går f.m. sidan dei var utan både lys og vatn i Nautvika. Dessutan skulle Margrete og Ingeborg på "Rokken" og høyre på Lars og 80-talsbandet hans "Broad line". Eirik var for ung, men fekk vere med faren og rigge.
Akkurat i dei tide eg hadde begynt å lure på kva vi skulle ha til middag i dag, sende Margrete ei melding og spurde om dei kunne komme på besøk, sidan det ikkje var særlig fristande å fare heim til vasslaust og straumlaust hus.Dei vart sjølvsagt invitert til middag. Av overskotslageret mitt fann eg fram medisterpølser og sousisser, surkål m.m. Til forrett vart det broccolisuppe, noko som fall særlig godt i smak hos dei to yngste.
Dei reiste herifrå for ei stund sidan, i den tru at dei hadde straum heime, men no fekk eg melding om at der framleis var straumlaust. På Bjørneset derimot er det straum, så no for dei dit. Ikkje særlig kjekt å vere klimaflyktning mykje av juleferien.
Ein fordel i bu i meir tettbygde strok -  på meir enn ein måte.
I morgon trur eg at eg må på butikk, elles kan eg få abstinens.

tirsdag, desember 27, 2011

Bok nr 71- 2011: Du skal elske lyset.

Tittelen på denne boka, passar bra i desse dagar.
Dette er den tredje boka eg les av denne forfattare. Før har eg lese "Gulldronning, perledronning" og "Mors bok". Eg likte ingen av desse bøkene særlig godt.
Denne boka tykte eg var mindre søtladen og sentimental enn dei første to, men slutten øydela mykje.
Boka handlar om den gamle dama, Alva, som frotel livshistoria si til eit lite barn. Den første tida i barndommen levde Alva eit lykkelig liv saman med mor, far og lillesøster.Særlig er Alva knytt til faren, som fortel all slags spennande og artige eventyr. Så dør faren, og mora flyttar med dei to små døtrene sine, heim til foreldra, som bur på ein gard. Bestefar til Alva, og dermed heile familien, høyrer til ei slags dissentermenigheit der det meste er synd, og Alva har ei vond tid. Det er mange måtar å mishandle barn på. Lyspunktet i tilværet er bestemora og ein som ho kallar "Vakkermannen". Boka har mange henvisningar til eventyr og dikt og til Bibelen. Dette blir ein slags motpolar i livet til Alva, som blir oppseda i "Herrens tukt og formaning". Dei valde sitata frå Bibelen gjer at den virkar både vond og dyster; på slutten av boka dreg ho fram meir positive element i  boka.
Alt i alt er eg ikkje overdrive begeistra for boka, men somme sekvensar er bra. Mot slutten gjekk det veldig fort, men det var vel særlig barndommen ho ville skildre?

Vermelding 27.desember 2011



Klokka er no 13.00. Temperaturen er + 4 grader, og vinden ikkje så sterk som før, men mykje kaldare.
Vi har hatt oss ein tur for å sjå etter ev.øydeleggingar etter stormen. Mange tre har velta, særlig grantre, men også innrotne bjørker. Håper at dei som "eig" tre og skog får rydda opp i det versta, og saga ned det som er for stort eller for gammalt, eller for mykje.
Hamna på Rjåneset låg så stille og rolig som eit stovegolv, og båten vår hadde ikkje lide overlast.Det pjaska og bles utanfor moloen, men det har nok vore verre før, det såg vi på alle småsteinane som var komne opp på vegen.
Den verste øydelegginga denne gongen, her i Ørsta, er at den gamle kommunekaia nedanfor Ørsta bruk og Kaihuset er fullstendig smadra. Med tanke på utflytta ørstingar legg eg ut mange bilde av den. Det er lenge sidan denne kaia har vore i bruk, men heilt til for 40-50 år sidan(?) gjekk det rutarbåtar her, til Ålesund t.d. No var det i grunnen like godt den forsvann, for der var langt frå trygt å ferdast.
I Nautvika hos Margrete hadde dei verken lys eller vatn i dag heller, så i dag er dei i Volda hos Ingeborg og besteforeldra.Lars og bandet hans skal spele på "Rokken" i kveld. Billettane er selde for lengst.
Nils og eg har det lettvint i dag, rikelig med restar frå i går.




Utanfor Ørsta bruk står snøfresarane på rekke og rad. Vi var budde på ein kald og snørik vinter, slik vi har hatt dei to siste åra. Men sjå kva vi fekk!

mandag, desember 26, 2011

Vermelding 26.desember 2011

Klokka er 19.45, og eg høyrer at ein ny storm er i kjømda. Ute regnar det, og temperaturen er + 10 grader.
Denne julehelga vart veret meir dramatisk enn vi likar det. Ikkje at eg er så bekymra for min eigen del, føler meg relativt trygg. No har vi både straum, telefon og internett, så det går bra. I går kveld var vi utan straum frå ca klokka 19.30, men klokka 2 om natta fekk vi den tilbake. Dermed vart det tradisjonelt treff med jentene m/ fam. i dag. Margrete var utan straum i gårkveld og i natt, og då har dei heller ikkje vatn, sidan dei har el-vasspumpe. På Bjørnaset hos Lars har halve taket blese av løa, leikarhuset var smadra, men huset står.
No fekk eg nettopp melding frå Margrete om at dei er heime  i Nautvika att, der det framleis vantar både lys og vatn- og ti grader i huset. Solveig sende melding frå Hareid, der er dei utan lys.Og her sit vi og har både lys og varme og TV-i alle fall enno.
Eg har vore frampå før og snakka om store tre i små hagar. Eit digert lerketre rotvelta i går kveld i ein hage i Starevegen. Heldigvis vart det ikkje skade verken på hus eller folk. Ved Helgehorntunnelen på veg til Hareid, hadde vinden knekt store grantre som fyrstikker. Her som vi bur, tek ikkje vinden så hardt som nede i Vik, så her er det ikkje gale enno. Såg frå Eid på TV-det var skræmande å sjå. Det som er spennande for oss no, er om båten har klart seg.Det er lenge, lenge sidan vi har hatt slikt ver her hos oss.Nyttårsstormen i -92 var nok sterkare, men den var over på 3-4 timar. Eg vakna ikkje før det var slutt. Lyset blinkar litt innimellom, så heilt trygt er det ikkje.

søndag, desember 25, 2011

Vermelding 25.desember 2011

Klokka er 15.30, temperaturen  er+5 grader; det regnar og blæs litt, og det er nesten mørkt ute.
Men inne har vi det både lyst, tørt og varmt, så det er ingen ting som står på.Nils var ute og såg etter båten, men her har det ikkje blese så mykje, i alle fall ikkje enno. No er middagen ferdig. Nils og eg skal kose oss med svineribbe i dag, sjå på julegåvene, lese litt og sjå TV. I morgon får vi besøk, så vi slepp å kjede oss. Fortsatt god jul til alle.

Julaftan på Hareid.

I år som i fjor feira vi jul på Hareid. No når vi kan køyre heim att gjennom tunnelen er det ikkje så mykje styr som før, då vi måtte overnatte.
I år såg vi eksta fram til å sjå og høyre att "Jens prest" som var prest i Ørsta då Solveig og Rasmus vart konfirmerte. Jens var den gode gamle og gjorde julaftan- preika til noko spesielt. Etterpå helste vi på han utanfor kyrkja. Eg trur han sette pris på at kyrkja var fullsett og at folk støttar opp om han etter alt han har vore utsett for.
Så var vi resten av kvelden hos Solveig med familie, dei var fulltallige sidan det to eldste også var heime. Vi fekk nydelig julemat, og så var det gåveutdeling som varte i timesvis. Trur ikkje at det er mange som har så stor gåvehaug. Ikkje berre dei vaksne men også barna kjøper gåver til alle, og når ein er 8 personar, så kan ein opphøge i andre potens +++ Alle fekk mykje fint som dei vart glade for. Olaug fekk mellom anna ein stor tung rokkering som måtte prøvast. Det viste seg at Solveig ikkje hadde gløymt gamle kunstar, men meisteren var faktisk Håkon.
Strykebrettet i bakgrunnen betyr ikkje at Solveig ikkje vart ferdig stroken til jul.Det var ei av julegåvene til Einar som no bur for seg sjølv.
Eg vil ikkje nemne  julegåver vi fekk, sidan eg ikkje kan nemne alle, berre seie at vi fekk altfor mykje, og alt var fint.
Etter gåveutdelinga var det dessertar og kaffi. Og så måtte vi prøve eit quiz-spel som einkvan hadde fått i gåve.Audun var programleiar, og vi vart delt i tre laget. Laget mitt som bestod av Einar og meg vann sjølvsagt. Einar er jo stadig med på quiz-konkurransar på Hareid og i Ulsteinvik, så eg var heldig med makkeren min.
Då vi køyrde heimover etter midnatt, var det begynt å blåse, men temperaturen var + 7. Litt skilnad frå i fjor då vi køyrde heimover i 18 minusgrader.
Vi hadde ein fin julekveld og takkar vertskapet for det.

lørdag, desember 24, 2011

Vermelding 24.desember - 2011

Klokka går mot 11 på sjølvaste julaftan. Veret er lettskya og fint, men det er bra fart i skyene over Melshornet, noko som kanskje er eit forvarsel på stormen som skal kome. Temperaturen er + 1 grad.Det er nokså mykje annleis enn julaftan i fjor, då var det minus 18 grader på HAREID, og meir snø enn i dag.
I dag har eg ikkje mykje å gjere, skal berre pynte meg til vi skal reise utover til Hareid, der vi skal møte opp i kyrkja klokka 14.30. Det er den mykje omtala "Jens prest" som skal halde julepreika der i dag, og det ser vi fram til.  Han var prest her i Ørsta då Solveig og Rasmus vart konfirmerte, og han var veldig godt likt. Og så er det ein ting til;  hareidsdølene er kjende for at alle syng i kor, derfor er salmesongen der i bygda litt ut om det vanlige.
Nils har vaska bilen, og no driv han og sikrar alt som er laust på altanen, i påvente av stormen "Bent".
Då vil eg ønske alle som er innom bloggen ein fin julekveld. Akkurat det har eg vel gjort før, men det skader vel ikkje å gjere det ein gong til. Slike dagar/kveldar tenkjer eg på alle -slekt og venner her i landet og i andre land.
Har nettopp snakka med Rasmus i telefonen, og dei har det bra.

God jul

fredag, desember 23, 2011

Vermelding 23.desember 2011



Klokka er 14.00, temperaturen er + 6 grader C.Det er overskya, litt vind og regn innimellom.
Vi har vore ein tur til Vik og handla meir mat, no har vi snart såpass at vi klarer oss eit par dagar. Då vi kom heim, hadde nokon vore her med denne nydelige buketten i kvitt og sølv. 
Så står det berre att å ønske alle blogglesarane ei god jul og eit godt nytt år!
Håper at alle får høve til å slappe av og kose seg desse dagane. Nils og eg skal til Hareid julekvelden, og 2.dag kjem barn og barnebarn hit.

torsdag, desember 22, 2011

Vermelding 22.desember 2011

Klokka er no ca 13.30. Ute er det overskya, opphaldsver og + 5 grader C. Det er fint ver, men eg tvilar på om det varer. Når ein held seg inne for det meste, har ikkje veret så veldig mykje å seie, men eg skal innrømme at eg synest det er godt å sleppe sprengkulden.
I dag har eg brukt føremiddagen til å støvsuge ekstra grundig; golvvasken tek eg i morgon. Nils har vore ein tur på butikken, og så har han kokt ertersuppe som vi skal ha når Margrete kjem innom utpå dagen.(Ja, eg hjelpte til med å kutte opp grønsakene, så er det sagt.) No skal eg ha meg ei lita stund på sofaen. Ryggen min er ikkje heilt god for tida, men det plar hjelpe å ligge strak ut ei stund.
Vi stressar ikkje før jul i år, det er begrensa kor mykje ein må førebu for eit par ekstra helgedagar.

onsdag, desember 21, 2011

Vermelding 21.desember - 2011


Klokka er no13.15.Temperaturen er minus 1 grad og det er lettskya, fint ver. Det øvste bildet er teke frå altanen vår i 10-11-tida, det nedste frå parkeringsplassen ved Amfi ca 12.30. Der ser vi godt kor langt ned sola rekk, men no kjem ho nærmare oss for kvar dag.Eg har sjekka på data, og funne ut at sola skal snu i morgon tidlig klokka 5.30. Tidspunktet for "solsnu" varierer frå år til år.
I dag tok vi oss ei runde og handla mat, først på Rema 1000, og etterpå på Euro-Spar. Lenge sidan eg har vore inn på Spar, der vi alltid handla før, men det var kjekt å vere der igjen. Vi henta også pakken frå Rasmus. Spar har nemlig "post i butikk". No skal vi få på plass all maten, pakke opp kassa frå Rasmus og fordele pakkane på tre familiar. Margrete kjem innom i morgon og hentar sine, resten blir med til Hareid julafta.
Dessverre skal det visst kome regn og mildver til jul,det har alt begynt å skye over, hadde vore kjekt om vi kunne fått hatt det slik som det har vore siste dagane.
Her i huset er det ikkje antydning til stress. Skal vaske og støvsuge og pynte litt.Det er alt som står att.

Bok nr.70 -2011: En lykkelig mann.

Likar ein bøkene til Arto Paasilinna, så likar ein alle. Denne er kanskje ikkje så HYSTERISK morsom, men den er meir slik småkoselig morsom.Det er ei lita og kort bok,på 4 CD-plater, som eg las ut på senga før eg stod opp i dag tidlig.

tirsdag, desember 20, 2011

Vermelding 20.desember 2011

Klokka har passert 17.30 og det er heilt mørkt ute; men no snur sola snart, og vi kan sjå fram til at dagane vert lysare og lengre. I dag har det vore fint, lettskya ver, og no er det minus 1 grad.
Det er ei skam at eg ikkje har vore ut for døra. Føremiddagen gikk fort. Jobba litt på kjøkkenet, og så skreiv eg eit relativt langt julebrev til dei som ikkje er så ofte inn på bloggen. Veit at ikkje alle er så begeistra for databrev til jul, men sjølv meiner eg at det i alle fall er betre enn eit "God jul, godt nytt år"-kort.
Til middag i dag grov vi fram nokre restar frå frysaren.
Eg vart så elendig i ryggen at eg la meg på sofaen, og dermed somna eg med Paasilinna på øyret. Og ryggen vart bra.
No har vi pakka resten av julegåvene. Vi har sikkert gløymt eit kvart.Men lid nokon urett, får vi ordne det opp i løpet av neste år.
Matvarer får vi handle i morgon og torsdag, fredag skal eg vaske og rydde. Så er det eit par-tre dagar så er det kvardag igjen.

mandag, desember 19, 2011

Vermelding 19.desember - 2011

Klokka er snart 16, temperaturen er minus 1 grad og det held på å klårne opp ute.Bildet er tatt for 2-3 timar sidan, før vi for nedover til Vik.
Før middag var Nils til frisør og fekk klipt seg. Eg dreiv og rydda litt; fekk ut adventspynten og begynte så smått å pynte til jul. Eg likar godt å skifte fargar i stova-denne gongen frå lilla til raudt.Elles så er eg ikkje så veldig "pyntete" av meg. "Less is more"- er mitt slagord.
Det var lite folk på butikkane i dag, sidan det hadde vore sundagsope i går. Ærendet mitt i dag var først og fremst å skaffe meg lesestoff til jul; det var dårlig utval på biblioteket i dag, men eg fekk meg ein hyggelig prat med bibliotekaren. Vi er stort sett enige om kva bøker som er gode. Vi skal ha sein middag i dag. Viss vi et tidlig, kjem vi oss ikkje til med noko særlig etterpå. I dag blir det steikt sei, det er ein favoritt.
Klokka  21.
Eg sat på datarommet og rippa bøker og strikka heilt til det var på tide å begynne på middagen.Var akkurat komen i gang med å steike fisk, då det brått slo som eit lyn ned i hovudet mitt: KONSERTEN. Det var i dag Amanda skulle vere med å spele i Ørstakyrkja, men kva tid? Ei rask melding til Margrete- det var klokka 19. OK -klokka var berre 18.00, så vi rakk både å lage middag, ete den, drikke kaffi og komme oss til kyrkje til klokka 19. Vi har vore på mange slike konsertar før, men ikkje i Ørsta. Eg synest det er betre akustikk i Voldakyrkja, men ikkje alle er samde i det. Det som var spesielt i dag var at det var ei overvekt av jenter som spela og det var få feler i høve til det som plar vere. Elles er eg som vanlig imponert over alle dei flinke barna (og lærarane deira). Men eg skulle ønske at dei vaksne hadde vore flinkare å snakke inn i mikrofonen, greitt og tydelig, slik at slike som eg også hadde fått med seg kva dei sa.

Smør til jul

Det er ikkje smørkrise i heimen. For det første bakar eg ikkje noko som eg treng å ha smør i, og for det andre så HAR eg smør-ekte Tine smør, kjøpt heilt lovlig på Coop. Det einaste eg mangla var litt usalta smør til ein sjokoladeglasur. Men så var det slik at eg hadde ein lite pakke fløyte som var utgått på dato, og då blei freistinga for stor. No skal det seiast at eg har ei viss erfaring med kinning av smør frå den tida eg budde på ein gard i Sunnfjord og kinna kvar mandag. Det vanlige når ein lagar "bondesmør" er å kinne av sur fløyte dvs seterrømme.Rømmen bør stå i romtemperatur. Det smøret blir utrulig godt. Det som overraska meg då eg kinna med handmiksaren i dag, var at det blei så mykje smør.Eg vog smøret, det var 130 gram av 1/3 liter fløyte Har  smakt på det og det smakte heilt normalt.
Elles ser de at når eg tek bilde inne i lampelys, blir bilda ofte veldig gule. Har nokon eit godt råd for å unngå det?

søndag, desember 18, 2011

Bok nr.69: Maya

Isabell Allende skuffar sjeldan tilhengerane sine, heller ikkje denne gongen. Det som er annleis med denne boka enn dei eg har lese før, er at hendingane er lagt til vår tid.
Den  19 år gamle Maya er "forvist" til ei øy utanfor kysten av Chile.Ho er nemlig trua av amerikanske forbrytarar som vil ha tak i henne. Bestemora, som har sendt henne til denne øya, har sagt at ho sikkert kjem til å kjede seg der, så ho å ta med seg skrivesaker, slik at ho har noko å fordrive tida med. Og Maya skriv ned historia si, men går ikkje god for at ho held seg heilt til sanninga. Ho har såleis forteljestemma gjennom heile boka. Ho fortel om opphavet sitt, om foreldre og besteforeldre og den store sorga som fekk henne til å miste fotfeste og hamne på skråplanet.
Vil ikke fortelje så mykje om handlinga i boka, for dette er ei bok som mange kjem til å lese. Eg har sjølvsagt lese lydbokversjonen, og Heidi Gjerdmundsen Broch gjer ein god jobb. Ho har ei ung og livlig stemme som kler Maya.
Elles er her eit "bakteppe"  av historie, politikk, miljø-og samfunnsskildringar - ei mangfaldig bok, slik vi er vant til å få frå denne forfattaren. Ei relativt enkel historie som kanskje ville verka som ein klisjé- om den ikkje hadde vore så meisterlig fortalt.
Det er mykje å lese om boka på nettet. Men les den heller sjølv.

Vermelding 18.desember - 2011


 Klokka har berre så vidt passert 12.00, men her har vi vore i full sving ei god stund alt; Nils ute og eg inne.Våt, tung snø lavar ned heile tida, så i dag har snøfresaren kome til nytte.Sidan sist den var i bruk, har den fått kjettingar, så eg håper det er til god hjelp.Hadde vore fint, dette veret, om det hadde vore LITT kaldare, no begynner det vel etter kvart å regne, og då veit vi korleis det blir. Temperaturen ligg på ca 0 grader C.

lørdag, desember 17, 2011

Vermelding 17.desember - 2011

Klokka er 14.00, temperaturen er +1 grad C og snøen lavar ned. Eg har ikkje særlig mykje imot snø, men dette slapset er eg ikkje begeistra for. Ikkje blir vel snøen liggande heller, sidan det er meldt mildver og regn.
Vi har vore på ei lita handlerunde, og hadde tenkt oss på kafe. Men sidan vi vart både kalde og våte, fann vi ut at vi hadde det betre heime. Så her er vi.Nils driv og skiftar ut det gamle brannslokkingsapparatet som vi har hatt i ørten år.Vi var sjokkerte over prisen på det vi kjøpte i dag. UNDER 200 kr. Eg hadde trudd at det vart ei lita investering.
Elles kan vi i dag gratulere Hans Petter på Eid med dagen.Det blir vel samling av søskenbarn i dag kan eg tenkje meg.Håper alle får ei god og relativt fredelig helg.

fredag, desember 16, 2011

Vermelding 16.desember - 2011

Klokka er ca 14.30. Ute er det fint, lettskya ver; endelig kom sola som yr har drive og meldt om.Ho kjem rett nok ikkje heilt ned til oss, men 18.januar skal vi ha den igjen. Og om vi ikkje ser sola direkte, så blir det i alle fall mykje lysare ute. Og ein får litt meir energi.Det er 0 grader C og glatt og isa på alle vegar, men heldigvis har dei strødd dei fleste stadane.
I dag hadde vi ein koselig start på dagen. Bodil og Svein stakk innom på veg til Ålesund, så vi hadde ein litt sein frokost i lag og fekk prata om eitt og anna før dei reiste vidare.Dei kjem innom på heimvegen også, for å få med seg fisk; Nils driv og fileterer i garasjen. Det blir julegåva i år.
Klokka 16 får vi nytt besøk. Då kjem Margrete og ungane til middag. Margrete og jentene skal på ballettframsyning, og gutane skal vere her i mellomtida. Det er kjekt med besøk i førjulstida-ja, elles også sjølvsagt.
Vi var ein bitteliten tur ned på Amfi, og det er frå parkeringsplassen der eg har tatt bildet.I dag har nevøen vår Roy Morten fødselsdag, og vi gratulerer.

torsdag, desember 15, 2011

Vermelding 15.desember 2010

Klokka er 12.30, det er overskya, regn og + 3 grader. Eg er glad til at eg får vere inne, men Nils har hatt seg 2-3 timar på sjøen og fiska sei. Som de ser, fekk han bra fangst. Her er nokre store og mange små. Reknar med at vi skal ha "levende pale" til middag i dag. Jammen bra vi har smør. Det er eit MUST til kokt fisk og flatbrød. Naboane har også blitt orientert, somme av dei likar fersk småsei. Dvs. den eldre generasjonen.
Sjekk de tøffe hua han har på seg! Den har eg strikka for fleire år sidan av Rauma finullgarn, og så har eg tova den i maskina. Det er den beste fiskehua han kan ha, seier storfiskaren. Strikka fleire slike huer den gongen, men veit ikkje om eg har mønsteret nokon stad.
Mens han var vekke, har eg fått støvsuga og rydda litt til helga; tek det ikkje så altfor nøye denne veka.DET blir neste veke. Sjekkar vermeldinga innimellom; ser ut til at vi får ei mild og våt jul.  Ingen "White Christmas" i år, slik det var i fjor, men så slepp vi også kulden.

onsdag, desember 14, 2011

Vermelding 14.desember 2010

Klokka har såvidt passert 14, men det er ikkje heilt lyst ute. Det kjem vel av at det er overskya og grått. Regnar gjer det også; temperaturen er + 4 grader C. Bildet av Melshornet frå altanen vår er vel eit heller kjent motiv? Ikkje særlig fristande å gå ut og fotografere. Men eg trur ikkje eg ville ha byta med iskulden vi hadde i fjor.
Før middag i dag har eg baka tre store grovbrød, så no får det halde. Dessutan har eg vaska og støvsuga i vaskekjellaren, ikkje at det er direkte julearbeid, men det er rart med det, det meste skal i boks til jul.No skal vi snart ha middag, i dag blir det heimelaga spekesild med kålstuing. Det er sjølvsagt også ein av livrettane mine.
Vart forresten oppringt av Møre-Nytt i dag igjen. Dei ville ha eit intervju med meg. Dei ville vite om eg kunne seie noko om dei glatte vegane og om broddar m.m. (Ja, det er du som er i pensjonistlaget?) Eg måtte innrømme at eg ikkje hadde broddar, og at eg stort sett vart kjørt frå dør til dør, og ikkje gjekk så mykje ute på glatta. Men eg visste om mange eldre som brukte broddar. Kunne eg kome med namn. Nei, det kunne eg ikkje. Det var full forståing for det. Så eg slapp lett unna denne gongen

tirsdag, desember 13, 2011

Vermelding 13.desember - 2011

Klokka har passert halv fire; det skymest og temperaturen ute er +6 grader.
Faktisk er det opplett og litt vind dag, og eg ser i klår himmel over fjella i sør-vest.
I dag var tunet heilt nede-isa, men Nils spanderte litt sand og strødde stigar der ein gjekk trygt. På hovudvegane var det andre som hadde strødd rikelig med sand, så det var inga sak å ta seg fram.
I dag var vi ein liten tur til Volda, og på vegen bortover var vi innom Coop i Furene, der dei hadde smør, både Tine og ein franskspråklig sort. Kva eg valde forstår de sikkert. Men eg tok berre to pakkar. Usalta hadde dei ikkje, men eg fann usalta margarin, så no er eg i tvende sinn: Kva skal eg bruke i den mykje omtala sjokoladeglasuren? Kanskje endar eg opp med 50-50 %.
Vi kjøpte litt julegåver i Volda og litt i Ørsta, så no trur eg at eg er ferdig. I alle fall nesten.......
Etter at vi kom heim steikte vi ei medisterpølse på panna, og hadde mandelpoteter og surkål til. Det var veldig lettvint (og billig).
Nils er somna i godstolen, han var oppe lenge før meg i dag. Men til mitt forsvar må eg seie at eg låg vaken til langt på natt fordi er verkte. Det er ikkje så ofte det skjer, men Nils kunne fortelje at barometeret som han har i garasjen stod usedvanlig lågt i dag. Det er sikkert litt av forklaringa.

Postkassestativet er ikkje så vinkelrett som det ein gong var, det synte seg då Tussa sette opp fiberboksen. Men det er ikkje råd å gjere noko med det før til sommaren. Ser de godt etter, så ligg nabokatten, Nusse, på postkasseloket til matmora. Der låg katten til ho kom og såg etter post. Nusse kjem ofte på besøk til oss, men berre ned på trappa. Inn vil ho ikkje.

mandag, desember 12, 2011

Vermelding 12.desember 2010

Klokka slår akkurat tre i dag også. Temperaturen ute er + 4 grader, det er overskya og regn innimellom.
Hadde store planar for denne dagen, men det har ikkje blitt så mykje med meg. Har rettnok laga noko som skal forestille julebrød; dei vart noko utoversigne og lave-skulle nok ha hatt dei i former !
Til middag hadde vi fiskekaker og sildekaker som vi hadde i frysaren. Ikkje noko gourmet-måltid akkurat. Men godt alt som er vekk frå frysen.
Planen var å vaske håret og ta ein butikkrunde, så langt er eg enno ikkje komen, tvilsomt om eg kjem så langt. Men det er ein dag i morgon også...
Altså ikkje nokon overaktiv dag, men eg har i alle fall ei bra bok å høyre på;  "Maya" av Isabell Allende. Og eg strikkar framleis lestar. Dagane er korte og nokså mørke. No skal vi ha ein kaffikopp, og smake ei skive av julebrødet med meierismør på. Kanskje får eg energi etterpå?

søndag, desember 11, 2011

Vermelding 11.desember 2010

Klokka slo akkurat tre (15.00), og vi er nettopp komne heim frå tur. Ute er det overskya, + 2 grader og opphaldsver. Ikkje så fint som i går, men greitt nok.
I dag fann eg ut at det hadde vore kjekt å ha litt eine å pynte med til jul. Oppe i skogen her er ein del snø, så vi tenkte at vi kunne fare ut på Rjåneset, for der er nesten bert. Det stemte nok, men eit aber var det, vegen var dekt av blankis. Vi køyrde heilt bort til hyttene, sidan vi ikkje greidde å fote oss, og kom oss på ein måte ut på stigen.
Lions Club i Ørsta har nemlig laga ein kjempefin asfaltert stig utover langs sjøen, slik at dei som ikkje er så spreke også kan få kome seg fram. Ein kan køyre rullestol der og. Det er dessutan laga fiskebrygger fleire stader, som dei handikappa kan bruke. Det er sett ut bord og benkar langs ruta. Dette hadde eg tenkt å ta bilde av i dag, men fotoapparatet låg att i bilen, og det var for glatt til å springe tilbake å hente det.
Vi fekk tak i eine, så dermed vart det ikkje bomtur. Hensikta var no eigentlig å komme seg ut litt, men eg er så håplaus med det at eg alltid må ha eit ærend.

Det var ganske stilt på sjøen då vi kom ut, og hadde Nils vore åleine, hadde det vel blitt ein fisketur. Då vi skulle fare heim , var det litt meir vind, så då var det ikkje SÅ fristande lenger. No har Nils varma opp ein gryterett som vi skal ha til middag.Greitt å få vekk desse restane som ein er så lure at ein frys ned.

lørdag, desember 10, 2011

Bok nr.68: Anger

Endelig er eg ferdig med denne boka. Til tross for at den berre er på 7 CD-ar har eg brukt lang tid på å lese den. Trur eg må ha lese teksten opp til fleire gonger. Har falle av lasset meir enn ein gong og lese om att for å vere sikker på at alt vart med. Kvifor. Jo, for det første har eg hatt mykje anna på programmet siste tida, og for det andre:Boka fenga meg overhode ikkje. Den handlar rett og slett om at folk gjer ting dei angrar, så angrar dei lenge, og til slutt prøver dei å rette opp att "alle feil i frå i går". Eg brukar å like Roy Jacobsen sine bøker, dei plar rett nok vere enkle, men interessante likevel. Denne boka når ikkje opp.

Vermelding 10.desember - 2011

Klokka er snart halv fem, og det er mørkt ute. Men vi har hatt eit fantastisk ver i dag også; lettskya med sol i fjella.No er det minus 2 grader ute, noko som er akkurat passelig kaldt.
I dag hadde eg ærend på biblioteket, og så var det litt småtteri som mangla i Kongsberg-pakken, dermed vart det handlerunde i dag også. Ikkje den beste dagen for shopping, det var mykje folk i butikkane! Men så trefte vi litt kjentfolk, og det er alltid kjekt. Då vi køyrde heim att via Garvargata, såg eg eit nydelig syn-heile Skåla var bada i rosa sollys. Men før eg hadde kome meg ut av bilen og fått fram fotoapparatet, var sola nesten borte-det skjedde FORT. Men litt av idyllen fekk eg med, sjølv om løa på Hoggamyra kom litt i vegen.
No skal vi pakke ferdig pakken til Kongsberg, så sender vi den på måndag.
For ein gongs skuld har eg ikkje vaska til helga, men vi overlever vel det også. Skal ikkje gjere så mykje meir jule-arbeid heller. Det blir vel mest  berre å slå inn koda på Visa-kortet heretter.
Elles synest eg det er bra at danskane kjem oss til hjelp i desse smørkrisetider. Vi har fått hjelp frå både Danmark og Sverige før, vi. Men då var det rett nok krig.Eg kan hugse både svenskesuppe og svenskepakkar. No bur vi i eitt av dei "feitaste" landa i verda, og det aller rikaste.
Min generasjon har vel stort sett baka av margarin før, men no skal det plutselig vere meierismør i alle kaker.Men eg skulle så gjerne hatt den veste klatten med usalta smør.......

fredag, desember 09, 2011

Vermelding 9.desember - 2011

Klokka er snart 15.00. Ute er det lettskya, fint ver og temperaturen er + 2 grader C. Stort finare kan vi vel ikkje vente å få det på denne årstida. Det er meldt + grader ei heil veke framover; godt å sleppe gnallkulde.
I dag har eg støvsuga, men enno ikkje vaska til helga. Vi var nedover og handla litt, skulle kjøpe nokre fleire julegåver, men det er håplaust når ein ikkje har tenkt ut noko på førehand. Margrete og Ingeborg skulle også på julehandel i dag, og sidan dei skulle til Ørsta, inviterte eg dei like godt til middag. Har ei svineribbe i omnen, så vi kan ha ein liten forsmak av jul i dag. Det er jo enda 14 dagar til sjølve høgtida.
Sidan det er fredag ønsker eg alle blogglesarane ei GOD HELG !

torsdag, desember 08, 2011

Vermelding 8.desember - 2011

Klokka er snart halv tre, og eg synest faktisk at det alt er åt å skymest. Veret er lettskya og fint, med ein temperatur på minus 2,5 grader C. Eg er litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje kjem meg ut i fineveret. Eg finn alltid noko å gjere. INNE.
I dag kunne vi ikkje fare nokon stad, sidan vi venta på LINK, firmaet som legg inn "Tussa fiber" til oss. Vi åt tidlig middag, så vi skulle vere ferdig med den før LINK-arbeidaren kom. Nils hadde ei tugge att då bilen svinga ned på tunet. Godt tima.
Eg har bakt ei kake i dag, og styrt med deiverse anna husarbeid. Eg har  skrive ferdig referatet til avisa og fått det av garde, og så blir det ikkje så mykje meir med meg, i alle fall ikkje før eg har fått kaffi.
Har nokre julegåver att å kjøpe, er rimelig a jour, men blir vel ikkje heilt klar før butikkane stenger på julafta. Som Nils brukar å seie. Vi blir trulig hos Solveig på julafta i år også. Greitt det no når det er ferjefritt og ein kan køyre heim att og legge seg.

onsdag, desember 07, 2011

Vermelding 7.desember - 2011

Klokka er 14.00. Temperaturen er ca minus 4 grader C og det er nydelig ver. Til og med sparkføre på vegane her oppe hos oss. Vi har ikkje montert opp sparken enno, vil først sjå om veret varer. I dag har vi vore på Bakk-Ola og dekka på til ca 70 personar, og pynta til julemiddagen som vi skal ha klokka 16.00. Ja, vi får vel ikkje mat før eit stykke ut i programmet,då. 
Etterpå var vi på Amfi, og fekk handla litt i dag også. No skal vi ha oss ein kaffikopp, og litt å bite i før vi begynner å pynte oss. Eg vaska håret i dag tidlig, så det er gjort. 
Har fått ein som eg kjenner til å ta bilde i kveld. Det er den nymotens journalistikken, har eg fått høyre; mykje bilde og lite tekst. Heile Møre-Nytt er snart berre bilde. Veit ikkje om eg likar det. Eg er jo glad i det skrivne ord. 
Har ein annan kar som eg forhandlar med om eit kamera som pensjonistlaget kan eige. Det er lettare å vere om seg når det gjeld eit lag enn når det gjeld ein sjølv.

tirsdag, desember 06, 2011

Vermelding 6.desember - 2011

Klokka har passert 13.00, temperaturen ute er 0 grader C og det er nydelig ver. Slike fineversdagar skulle ein sjølvsagt nytta til uteliv, men eg hadde lagt andre planar for dagen, som ikkje kunne endrast.
Har steikt opp kilovis med kjøt i dag og kokt halvferdig Stroganoffgryta som vi skal ha 2. juledag. Når eg var så godt i sving, laga eg også ei rund formkake som Margrete brukar å få til jul kvart år. Sidan ho likte den så godt før. Har ikkje spurt om ho likar den enno........
Nils har vore av stad og kjøpt kjettingar til snøfresaren, og så har han vore ute og sett etter båten.
I morgon er det møte i pensjonistlaget - med juletallerken, så då går heile dagen for oss som er i styret, for vi skal dekke og pynte borda på føremiddagen, og så tek møtet til klokka 16.00.
Går ut frå at dei fleste har lese om ulykkene som eg stelte i stand i går? (På FB) Benkeplata på kjøkkenet fekk ein liten skade i hjørnet, der vatn hadde trengt ned i sponplata under belegget. Einaste sponplata som er i denne kjøkkeninnreiinga.
I dag kan vi gratulere Roger på Eid med 50-årsdagen. Det er litt rart for oss eldre når den yngre garde når denne milepelen.
Rannveig På Stårheim har også fødselsdag i dag, og vi gratulerer.
Minste jenta i heile gata fyller i dag 1 år. Vi gratulerer Mari Ella!

mandag, desember 05, 2011

Vermelding 5.desember - 2011


Klokka er no nesten halv fem, og vi er nettopp ferdige med middagen. Ute har det vore mykje ver i dag; ganske mykje tung, våt snø då vi stod opp, seinare regn og hagl og vind. No er det relativt rolig, og temperaturen er + 2grader C.Nils moka for hand i dag, mest fordi han hadde lyst å prøve kreftene sine, trur eg. Mens han moka styrte eg med diverse inne. Klesvasken som har hengt ute i dagesvis, fekk ein omgang i trommelen, slik at eg endelig fekk tøyet på plass.
Vi hadde eit skikkelig ærend til Volda i dag. Var bort på slaktarbutikken til Jacobsen og kjøpte reint, beinfritt oksekjøt. Brukar å lage halvferdig ei gryte med Biff Stroganoff, som vi serverer til familien 2.juledag. Godt alt som er gjort. 
Dessutan måtte eg ha litt meir garn, for då eg talde over julelageret mitt i dag, fann eg ut at der var ein storleik som mangla.Og det er det jo noko å gjere med!
Så måtte vi innom Lefdal i Furene og inn på Coop, der det mellom anna var SMØR, men ikkje usalta. For skams skuld kjøpte eg to 1/2-kilos - pakkar, utan eg treng å bake av den grunn.På Mega på Amfi hadde dei også smør.Kjøpte 4-5 julegåver i dag også, men så vart eg så låk i ryggen at vi måtte heim. No har vi ete ein durabelig porsjon med steikt sei, så eg synest vi fortener ein pause.
I dag kan vi gratulere niesa vår, Anne Merete, med dagen. Ein gong for lenge sidan,bar eg henne til dåpen.

søndag, desember 04, 2011

Vermelding 4.desember - 2011

Klokka er snart 13.30, temperaturen ute er + 2 grader C; det er litt snø og det blæs, noko som er relativt sjeldan her. Ein ting er positivt med dette veret; det blir lysare både ute og inne og vi slepp å føle at det er mørkt døgnet rundt.
Eg har brukt føremiddagen til å steike krumkaker, den einaste årvisse juletradisjonen min. Eg steiker både til meg og Margrete, det går for det samme. Eg skal ikkje ha så mykje. I fjor løyvde eg nesten ein heil boks, som eg utpå sommaren knuste og hadde ned i brøddeigar. Likar ikkje å kaste mat.
Det finst eit utal av oppskrifter på krumkaker, men eg hugsar at mamma brukte ei oppskrift med potetmjøl.Brukar ein litt potetmjøl i tillegg til kveitemjølet blir kakene sterkare og toler transport betre.
Eg har funne ein forholdsvis liten porsjon, som eg dobla i dag.Desse kakene blir litt hardare enn vanlige krumkaker, derfor kan denne røra egne seg godt om ein vil lage "skåler".
                                                                Krumkaker.
3 egg 
1dl sukker
100 gram smelta margarin
2 dl kveitemjøl
1 dl potetmjøl
1 ts vaniljesukker
3-4 ss vatn

Pisk eggedosis av sukker og egg.
Ha i smelta margarin, vaniljesukker og vatn.
I dag brukte eg ekte vanilesukker. (I mange oppskrifter brukar ein kardemomme. Det gjer ein sjølvsagt som ein vil med). Eg synest steikinga går lettare om eg let røra stå 15-20 min. før eg begynner å steike.
Av denne porsjonen blir det ca 30 kaker.
No skal vi snart ete middag. På menyen i dag står resten av suppa frå i går. Til dessert blir det mislykka krumkaker og kaffi.Håper at alle har høve til litt kos i adventstida.

lørdag, desember 03, 2011

Bok nr.67 - 2011: Faller fritt som i en drøm

No har eg lese ut denne boka som er på 15 CD-plater. Det har blitt ein del tilbakespolingar, for her må ein vere våken når ein les, dvs. lyttar til Nils Nordberg. Han har sjølv karakterisert denne romanen som den beste krim-romanen i 2011, og eg trur han kan ha mykje rett i det.
Boka er særdeles velskriven, og opplesaren les svært godt. Begge deler betyr veldig mykje for meg. 
Her er kanskje ikkje så mykje spenning og action, men her er gode menneske-skildringar og mykje humor. Dessutan mange herlige måltid etc. Å skrive om handlinga i boka, maktar eg ikkje, men der er mykje å lese på nettet.
Ein ting kan gjere lydbokversjonen litt vanskelig; her er så mange personar å halde greie på at ein lett kan gå i surr, så eg angrar på at eg ikkje noterte ned namn frå begynnelsen av. Det er mitt beste råd til andre som vil lese boka.
Av ein eller annan grunn blir teksten på omslaget heilt uleselig når eg legg "bildet" inn på bloggen, så eg skal sitere det som står der:
" Den 15. august 2007 bestemmer Rikskriminalsjef, Lars Martin Johanson, seg for å oppklare Palme-mordet. I all hemmelighet innkaller han landets skarpeste etterforskere og oppretter en uformell Palme-gruppe. Sammen begynner de å se på verdens mest omfattende politiutredning med friske øyne. Det tar ikke lang tid før gruppen avslører de mest forbløffende ting, og at Christer Petterson ikke drepte Olof Palme, slår de snart fast. Men hvem var det så? Og hvis sporet de sakte, men sikkert avdekker fører dem til Palmes morder- er det mulig å offentliggjøre sannheten?".
Når ei les bøker som tek utgangspunkt i ei verkelig hending, vil ein naturlig nok spørje seg sjølv: "Er noko av dette sant? Er det kjende konspirasjonsteoriar? Har personane i romanen parallellar i det verkelige liv? Eller er alt berre oppdikta?" No kan ikkje eg seie noko om det, for eg har ikkje så mykje kjennskap til Palmemordet, og har heller ikkje lese så mykje om det. Men her er det sikkert andre som veit meir.
Les denne boka om du er interessert i saka.God bok.

Vermelding 3.desember 2011

Klokka er snart  18.00, temperaturen ute er +2-3 grader C , og det har regna i heile dag. Med så mykje nedbør som der er for tida, kan vi vere glade for at den kjem i flytande form. Sjølv om eg føler litt på at det kunne vore litt fint med kvit snø i mørketida.
Føremiddagen i dag vart kort. Det første vi gjorde var å lage ei stor panne med ertersuppe, med tanke på at vi blei fleire enn vanlig til bords i dag.
Så var der berre å gjere seg klar til ballettshower klokka 13.00. Både Ingeborg og Amanda skulle vere med å danse, så det var sjølvsagt at vi møtte opp, i lag med Margrete og resten av familien.
Jentene var flinke, det er dei alltid. Nytt denne gongen var at Ingeborg og to andre "seniordansarar" (elitedasarar) hadde eit nummer heilt for seg sjølve. Som regel er det mange på scena i kvart nummer.
Etter balletten, kom Margrete og gutane hit opp og åt middag, mens jentene vart att på kulturhuset og var med på enda ei forestilling. Lange dagar for dansarane! Margrete henta dei hit, så dei også fekk suppe.
Reknar med at Margrete legg ut bilde på sin blogg, eg har ikkje fotografert i dag.
No er vi gamle att åleine, og har ikkje tenkt å gjere det skapte grann resten av dagen.

fredag, desember 02, 2011

Vermelding 2.desember - 2011

Klokka er snart halv tre. Ute er det fint, lettskya ver, litt sol i fjellet og litt snø på marka.Temperaturen er + 1grad. Ja, det var såpass mykje snø i dag tidlig at plogen for her forbi, og Nils måtte moke vekk brøytekanten, før han for av garde ut på Rjåneset for å fiske. No driv han og kokar småsei til middag. Heldigvis har vi att ein liten klatt med Kvitseidsmør- det er eit must til fisk her i huset.
Eg har brukt føremiddagen til å vaske og støvsuge til helga, og så har eg stroke og hengt opp julegardiner på kjøkkenet. Sidan dei er i kvitt og gull er dei ikkje så veldig julete. Og  eg har lagt på ein nissevoksduk, så no har vi ei blanding av advent og jul i huset.
Sidan vi vakna grytidlig i dag, blir det vel ein middagslur etter eit relativt stot inntak av "levande pale"- the same procedure as everytime.
Ønsker alle ei god og avslappande smørlaus helg! Vi skal på ballettframsyning i morgon. Det er kjekt.

torsdag, desember 01, 2011

Vermelding 1.desember - 2011


Klokka er 14.00, temperaturen + 6 grader C og det har vore lysare i dag enn i går. Men akkurat no begynner det å blåse og regne så smått.
Vi hadde planlagt å handle litt i dag, både mat og anna, så vi var ein tur ned på Amfi. På Coop var det tomt for smør, men margarin hadde dei. Ja, dei hadde Rørossmør også, men det er slik luksus som ein berre unner seg attåt fisk t.d. (Vi brukar Kvitseidsmør til kokt fisk-salt og godt). Vi brydde oss ikkje med å jakte etter meir smør, klarer oss med margarin så lenge.Dessutan tviler eg på at det finst smør på dei andre butikkane når Coop er lens. Kjøpte litt julegåver, så no er vi i gang. Elles er det no fritt føre å komme med ønskelister.
Av bildet kan de sjå at dei er i full gang med å bygge på Amfi.Det blir spennande å sjå kva butikkar som no kjem. Særlig om vinteren, og i styggever, har eg sansen for å handle inne. Elles synest eg det er synd at den fine gågata blir liggande tom.
I dag skal Nils ha salta kveitehovud til middag. Det er ein av dei få rettane eg ikkje er så begeistra for, så han har lova at eg skal få noko anna.
I dag fekk eg endelig kjøpt meg ei kvit julestjerne til å ha i den fine potta eg kjøpte på Gjenbruk.

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...