torsdag, desember 08, 2011

Vermelding 8.desember - 2011

Klokka er snart halv tre, og eg synest faktisk at det alt er åt å skymest. Veret er lettskya og fint, med ein temperatur på minus 2,5 grader C. Eg er litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje kjem meg ut i fineveret. Eg finn alltid noko å gjere. INNE.
I dag kunne vi ikkje fare nokon stad, sidan vi venta på LINK, firmaet som legg inn "Tussa fiber" til oss. Vi åt tidlig middag, så vi skulle vere ferdig med den før LINK-arbeidaren kom. Nils hadde ei tugge att då bilen svinga ned på tunet. Godt tima.
Eg har bakt ei kake i dag, og styrt med deiverse anna husarbeid. Eg har  skrive ferdig referatet til avisa og fått det av garde, og så blir det ikkje så mykje meir med meg, i alle fall ikkje før eg har fått kaffi.
Har nokre julegåver att å kjøpe, er rimelig a jour, men blir vel ikkje heilt klar før butikkane stenger på julafta. Som Nils brukar å seie. Vi blir trulig hos Solveig på julafta i år også. Greitt det no når det er ferjefritt og ein kan køyre heim att og legge seg.

1 kommentar:

solveig sa...

Her har vi ikkje kjøpt så mykje enno, men butikkane i Vik har ope til åtte. Det vert til at ein kjøper til dei som skal sendast først. Så de står nok sist på lista sidan de kjem hit;-)

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...