onsdag, desember 07, 2011

Vermelding 7.desember - 2011

Klokka er 14.00. Temperaturen er ca minus 4 grader C og det er nydelig ver. Til og med sparkføre på vegane her oppe hos oss. Vi har ikkje montert opp sparken enno, vil først sjå om veret varer. I dag har vi vore på Bakk-Ola og dekka på til ca 70 personar, og pynta til julemiddagen som vi skal ha klokka 16.00. Ja, vi får vel ikkje mat før eit stykke ut i programmet,då. 
Etterpå var vi på Amfi, og fekk handla litt i dag også. No skal vi ha oss ein kaffikopp, og litt å bite i før vi begynner å pynte oss. Eg vaska håret i dag tidlig, så det er gjort. 
Har fått ein som eg kjenner til å ta bilde i kveld. Det er den nymotens journalistikken, har eg fått høyre; mykje bilde og lite tekst. Heile Møre-Nytt er snart berre bilde. Veit ikkje om eg likar det. Eg er jo glad i det skrivne ord. 
Har ein annan kar som eg forhandlar med om eit kamera som pensjonistlaget kan eige. Det er lettare å vere om seg når det gjeld eit lag enn når det gjeld ein sjølv.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...