onsdag, februar 17, 2010

Vermelding 17.februar 2010.

Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grader C. Nils er sjølvsagt ute, han finn heile tida snø som må flyttast. På bildet kan de sjå hola der båten stod, før han kom fram i dagslyset i går.

Har du nokon gong opplevd å komme til kort? Ikkje å nå opp til andre hylla i kjøkkenskapet t.d.? Eller berre nesten nå opp for å pusse vindua? Den kjensla har eg hatt heile livet,men før var ikkje problemet så stort, det var berre å klatre opp på ein stol. Etter kvart som alder og andre plager sig på, ser ein etter andre løysingar. Først kjøpte eg ei trapp med tre trinn, som er god å ha når ein skal nå heilt opp, men som vert for tungvint å dra fram til dagen.
I går var eg innom Europris, og der finn ein som regel eitt og anna som er kjekt å ha. Eg kom heim med denne vesle krakken, som er lett på bere med seg i handa. Så i dag har eg fått pussa stuevindua både ute og inne utan å klatre så altfor mykje. Å pusse vindu når sola skin, er ikkje ideelt, men kven orkar å stå ute og pusse når det regnar og snør?
Eg veit at mange av mine medsøstrer har slike små krakkar, men eg har ikkje kome fram på dei før.

3 kommentarer:

solveig sa...

Vi har ein slik krakk som vi kjøpte for at ungane skulle nå opp til vasken. Men vi har ikkje gøymt den vekk.

Anonym sa...

Vebjørn har også ein slik krakk.

Hildegard sa...

Sjølv om eg er litt høgre enn deg, har eg også slike utfordringar. Skal be Besten, som likar å gå på Europris, å kjøpe ein slik krakk. Han har kjøpt seg ein i tre med to trinn, stødig og god, men litt tung.
Eidabesta

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...