mandag, mai 23, 2022

Dagbok 2022: 23.mai

 

                                      Utsikt mot fjorden ?

Klokka er berre 16.10, men eg trur ikkje det skjer så mykje meir i dag. Eg har vore aktiv til denne tid, så det blir vel ikkje gjort så mykje meir-.

Eg starta dagen tidleg; klokka var 5 då eg vakna og verkte i heile kroppen. Eg fekk ikkje til å sove meir, så då klokka var 6 stod eg opp og tok ein reseptfri sovetablett, dei plar vare i to timar, og det gjorde den i dag også. 

Eg hadde tenkt å slå plen i dag, men det regna bitte lite grann av og til, så eg slo det frå meg. I staden bytta eg på senga mi og sette på vaskemaskina, det blir ein del klesvask om eg er åleine, men eg vaskar ikkje så ofte som før. 

Eg hadde nokre sekkar ståande med hageavfall, eg heiv dei inn i bilen og køyrde på VØR. Men før eg kom så langt hadde eg lossa av dei fem sekkene med bark. Eg har ikkje rygg til å løfte sekker, men eg har utvikla ein måte der eg slepp å bruke rygg. Eg køyrer trillebåra attåt bagasjerommet, og "vippsar" sekkane over. Eg rydda litt her og der i hagen før eg for, og då fann eg ei stor fin saks i kompostbingen; i fjor måtte eg kjøpe sakser, men etter at eg hadde kjøpt, dukka det opp sakser både her og der.

Då eg kom heim att frå VØR såg eg at der stod att ein sekk med hageboss, men det gjer ingen ting, for eg skal bort att på fredag, då skal eg på Biltilsynet, og då er det nesten samme vegen. Eg køyrer bort graset også, for eg vil ikkje ha meir kompostering her no.

Eg gjekk her og surra ei stund, hengde opp klede etc. Då såg eg at Naboen hadde begynt å slå, han slo min  plen ovafor garasjen også. Då var det berre å komme seg ut å slå - for meg også. Klipte berre rundt huset, Skråninga tek eg ein annan dag.

Eg hadde gått og sett etter ein annan nabo-han som hjelpte meg sist eg skulle fornye førerkortet og fann han i garasjen. Han hjelpte meg i dag også, så no har eg fått time på Biltilsynet komande fredag klokka 12.30. Førerkortet som eg har gjeld berre ut månaden, så det hasta litt.

I morgon skal Marit ha bilen sin på verkstad for EU-kontroll. Då skal eg stille opp som sjåfør, slik ho gjorde då min bil var til kontroll. Reknar med det blir trening i morgon, men det blir berre ei trening denne veka, sidan det er helg på torsdag.

Det er stort sett opplett ute, men det er overskya. Eg trur ikkje eg går tur i dag, har hatt bra med mosjon. Eg har ete middag, i dag vart de berre egg og bacon.



søndag, mai 22, 2022

Dagbok 2022: 22.mai

 

                             Stemorsblomstrane blir finare for kvar dag


Klokka er no 19.05, temperaturen ute er + 17 grader C, det har vore lettskya og mykje sol i dag.

I dag vakna eg opp med mykje verk i venstrefoten og hofta + ryggen, det var så viddt eg greidde å gå over golvet. Men underet skjedde i dag også, etter eit par timar var eg i god form. Det er å vere i ro som gjer vondt.

Eg såg på den store skåla med mislukka graut frå i går, og tenkte eg kunne prøve å lage rislappar, eg fann oppskrift på nettet, men eg syntest ikkje det vart så godt. Så eg laga ikkje mykje.

Marit og eg hadde planlagt tur til Plantasjen i dag, og kl.12.30 for vi av garde , i min bil denne gongen, fordi eg skulle kjøpe bark på tilbod 299,-kr for fem sekker. Eg treng ikkje så mykje,men kven veit kva eg kan finne på. Eg greidde ikkje å hive 5 sekker inn i bagasjerommet-ikkje med den ryggen eg har no. Men der er ein veldig søt og kjekk liten "Kineser" der borte som lasta inn. Eg har snakka med han før og han er alltid så hyggeleg.

Då eg kom heim planta eg prestekragar i kjøkkenkassene mine, og sådde blomkarse langs kanten. Eg hadde kjøpt frø for ei stund sidan. Og for nokre frø!!! EG har litt kjennskap til blomkarsefrø, og dei plar ikkje sjå slik ut. Bitte små og ruskete-ikkje var der mykje i pakken heller. Eg hadde kjøpt ein annan blomst også, som eg planta i ei krukke. Så gjekk eg opp til Marit og sat på benken og såg heim att- Då eg gjekk ned att tok eg opp nokre løvetann, Apropos, så har eg aldri sett så mykje løvetann på alle marker  som det er i år.

Til middag i dag, kokte eg poteter og så vart det spekesild, eller rettare sagt nydelig kryddersild frå Coop.

Marit og eg hadde diskutert kva eg kunne gjere med grauten min, og blitt samde om at den kunne gå i brøddeigen. Så etter middag sette eg brøddeig - og mens  den heva, las eg spansk. Brøddeigen heva seg veldig og var langt frå fast å jobbe med, eg måtte bake inn meir mjøl, men no er brøda i omnen og eit brett med bollar står til heving. Får no håpe at det vert brukbart, ein skal ikkje fare stygt med maten!

Denne dagen har gått fort og greitt, og eg har vore bra heile dagen, men viss eg set for lenge i ro, då får eg svi. Eg har ikkje gått på Vernet i dag, men det kan hende eg må klippe plen i morgon.

              Ser litt pjuskete ut-men det blir betre etter kvart-trur eg.


Marit og eg kjøpte oss kvar sin slik, eg trur den heiter "Japansk myrt"eller noko liknande. Den har bitte små rosa blomster, og ein veldig fin grønfarge.

lørdag, mai 21, 2022

Dagbok 2022: 21.mai


 Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 12 grader C. Det er overskya og det har regna i dag, men akkurat no er det opplett, eller i alle fall nesten. Eg kom akkurat att frå ein tur på Vernet. I dag har eg vore plaga med sundagskjensle heile dagen enda eg har vore på butikk. Det er litt irriterande.

Eg hadde ingen plan for dagen og då brukar det ikkje bli så mykje "gjort" heller. Veret får ta litt av skulda for at eg ikkje har fått gjort noko ute. Eg vakna klokka 6 i dag og fekk ikkje til å sove lenger, for eg verkte der eg plar verke, men eg låg no i ro ei stund og høyrde lydbok før eg stod opp. Eg hadde berre ein ting på programmet i dag og det var at eg skulle på KIWI og handle, men eg venta no ei stund før eg fór. 

Marit skulle fram på gravplassen og plante i dag og eg såg at ho for. Så etter at eg hadde handla køyrde eg fram og såg om ho var der enno. Det var ho ikkje. Men eg synest det er fælt å sjå korleis der ser ut, berre løvetann og gammalt lauv og ikkje stelt i det heile tatt. Parkvesenet som har ansvaret rekk ikkje over alt dei skal passe på. Eg kunne godt ha tenkt meg å tatt opp ca. 100 løvetannrøter viss andre kunne gjere det samme, det er utruleg mykje løvetann i år, har aldri sett det så gult før. Eg har rensa opp på tomta mi, men det kjem kvar dag nye.

Eg hadde kjøpt meg ferdiggrilla kyllinglår som eg  hadde middag, og det smakte veldig godt . Eg kokte rikeleg ris til, og då eg var ferdig med middagen, tømte eg berre melk opp i risen og let plata stå på 1. Det hadde blitt heilt fin graut om eg ikkje hadde sovna framfor TV-en, og det gjekk litt for lang tid. Likevel var ikkje grauten øydelagd, for det hadde laga seg ei brun skorpe i botnen, og oppå der var grauten heilt grei. Den blir nok brukt å ein eller annan måte, for eg likar ikkje å kaste mat, så det unngår eg - stort sett.

Eg hadde eigentleg så smått tenkt meg bort på Plantasjen i dag, men eg kan no like godt vente til i morgon, då er det mindre trafikk. Marit blir kanskje med då.

Det var så fint å gå tur i dag, og det er så friskt og grønt alle stader. Vikelva gjekk stor og kvit og eg tenkte på KWH, men den skaffar oss no drikkevatn, så vi får vere nøgde med det.



fredag, mai 20, 2022

Dagbok 2022: 20.mai

             Det finaste i hagen akkurat no. Perlebusk, trur eg den heiter.


Klokka er no 16.50 , temperaturen ute er + 17,5 grader C, det er lettskya og mykje sol. Det har vore ein nydeleg dag hittil.

Før eg gjekk ut i dag, tok eg fredagsvasken, eg var vel ferdig i 11-tida. Så gjekk eg ut og begynte å ta opp løvetannrøter  igjen- der står kanskje att eit par enno, men eg ser i alle fall ikkje noko gult. Så tømde eg blomsterkassene for mold og planta eit par plantar nede ved komposten. Eg fylte kassene med kompostjord som eg la rundt bærtrea, så spylte eg kassene reine; jord har eg ein sekk frå i fjor, så no er det berre plantar som manglar. 

I heile dag har eg irritert meg over at eg ikkje kjøpte meir på Plantasjen i går. Veit ikkje kvar eg hadde tankane mine . Eg skulle også ha kjøpt bark som dei hadde på tilbod for300++++kr for 5 sekker, for eksempel. Eg skulle hatt med meg ein kvan som kunne hjelpe til med å bestemme. Men eg kan fare bort att når eg vil-der er ope sundag også. Eg fann mykje å gjere ute, og eg kunne godt ha gjort meir, det er berre det at eg har ein rygg som må kvile ofte. Det er mykje å gjere ute i hagen no, og kvar gong eg skulle gå inn att såg eg noko som eg måtte gjere. Før eg gjekk inn var eg opp til Marit ein tur, ho passa Arya. Så var det rett i dusjen.

Til middag i dag vart det same menyen som i går, nemleg grønnsaksalat- Og så la eg meg ut på solsenga med lydbok og kvilte . Eg hadde tenkt litt på å fare på VØR i dag, eg har mange store sekker med hageavfall, men det kjem dagar etter desse.

I går kveld hadde eg heilt gløymt at det skulle vere Møre-Nytt i dag, så klokka var nærmare 1 før eg gjekk inn og henta ut sudokuen . Den vart ikkje ferdig i går og eg har ikkje gjort den ferdig i dag heller, så eg har noko å fundere på. Eg har heller ikkje sett serien min enno, så det blir ein travel kveld. Eg har litt vondt i vestrefoten og hofta så det kjem an på om eg må gå ein tur, å sitte i ro er ikkje bra. Det beste er å klippe plen, men det skal eg ikkje gjere før på mandag, men graset veks.

I morgon skal eg på butikken å handle igjen, eg forstår ikkje at eg må kjøpe så mykje mat. Men no har eg ei liste liggande som eg skriv på, så då får eg kanskje med meg det eg treng denne gongen.

Då vil eg nytte høvet til å ønske alle som er innom bloggen ei fin helg.

I går siterte eg dikt for meg sjølv: Im wunderschøne Monat Mai.

                                                  Als alle Knospen sprangen

                                                  Da ist in meinem Herzen

                                                  Die Liebe aufgegangen

 Eg hugsar godt  dikt, songar og salmar som eg lærte då eg var ung. Det som skjer no hugsar  eg knapt frå kl.12 til middag.

No skal eg gå ut og ta nokre bilde.

            Prover å rydde opp ned mot grensa. Naboane lagar ny mur.

torsdag, mai 19, 2022

Dagbok 2022: 19.mai


 Klokka er no16.30, temperaturen ute er + 21-22 grader C -det er lettskya og opplett, med sol innimellom.

Dette har vore ein "lopradag" der Marit og eg har vore på tur til Furene , mellom anna. Det begynte med at fysioterapeuten var sjuk og avlyste treninga, og då måtte vi finne å noko. Det var Marit som køyrde i dag. Vi har lenge snakka om at vi skal på Plantasjen og CO-OP t.d.EG har så mange tankar om kva eg skal kjøpe av plantar etc.., men når eg kjem bort, så kan eg ikkje bestemme meg for noko. Det einaste eg kjøpte i dag var ein kvit margeritt til grava, og så skulle eg kjøpe stemors på KIWI og plante rundt. Marit kjøpte mykje meir.

På COOP gjekk det betre, mat har eg alltid bruk for, og så kjøpte eg ei rimeleg steikepanne i mellomstørrelse-dei er har før er ei stor og ei lita. Ja, eg meiner også at eg har eit arsenal av steikepanner som eg har slutta å bruke ein eller annan plass i huset. Så var vi på apoteket-før vi for heim. Eg tok så turen bort på Askjellhaugen og skulle plante, men først var eg innom KIWI der dei ikkje hadde stemors i dag. Eg hadde heller ikkje spade med meg, så det vart til at eg sette potta ned i jorda mellom dei meir og mindre visne perleblomstrane. (Bildet)

Eg laga meg grønsaksalat til middag i dag, og då eg hadde ete, køyrde eg fram att på gravplassen, no med spade og hanskar-og stemors, som eg fann i beddet her heime. Då låg telefonen att i bilen så eg tok ikkje bilde. Men kven møtte er der? Jo, det var Marit- eg visste ikkje at ho hadde tenkt seg dit.

Eg har altså ikkje jobba verken ute eller inne i dag, og no tel eg på knappane om eg skal gå ut og ta opp løvetannrøter-eller om eg skal gå tur på Vernet. Det er ganske fin sol ute, så eg må i alle fall UT. Men først må eg koke meg litt KAFFI.


 steikepanne i ein 

onsdag, mai 18, 2022

Dagbok 2022: 18.mai


 Klokka er no17.00. Temperaturen ute er +18 grader C og no er det opplett og delvis sol; for tre-fire timar sidan kom det ei voldsom regnbye som varte ei stund, men no er det tørt på asfalten igjen.

I dag hadde eg arbeidsplanen klar, så etter morgonstell + serie på TV gjekk eg ut og klipte Skråninga. Eg stilte klipparen litt ned, for å sleppe å klippe så ofte der nede, Derfor er det ikkje så grønt og fint som resten av plenane. Det var ingen stor jobb å klippe, men så begynte eg å rydde på nabogrensa til Larsen-huset, det vil mellom anna seie rundt den gamle   kompostkassa, der skvallerkålen likar seg godt. Eg  har planta diverse plantar der også, så det vart mykje jobb, elles så tok eg no vekk ugras m.m. langs heile muren. På slutten måtte eg hente ned ein stol såpass eg fekk kvile ryggen av og til. Eg blei akkurat ferdig med den jobben til det begynte å regne.

Eg hadde ikkje mange poteter att i kjøleskapet mitt, men kokte dei som var og skulle ha dei attåt resten av spekesilda mi. Den hadde stått i kjøleskapet nokre dagar. Den var ikkje god i dag, men eg åt nesten alt, åt mykje raudbetar og tyttebærsylte til+ poteter så då fekk eg i meg det meste. Det blir ei stund til eg kjøper spekesild igjen-i alle fall frosen.

Eg skal ikkje stikke under stol at eg var litt sliten, så det var godt å sette seg i godstolen og sløve ei stund. Det blir ikkje meir hagearbeid i dag, og eg trur eg må sløyfe turen på Vernet også, for i morgon er det trening igjen. Vi miste ein treningstime denne veka sidan 17.mai var på ein tysdag. Eg skal dessutan handle litt både på ALTI og på matbutikk.

No skin sola for fullt igjen, det er triveleg.

Det er finare i hagen til naboen enn hos meg. Dei har mellom anna fleire raude rododendron; eg har berre ein -  som står på oppsida av huset. Eg har no planar om å kjøpe litt til hagen i år også, men det er enno tidleg på året. Eg har mange sekker med hageavfall no, så det blir snart ein tur på VØR igjen.



tirsdag, mai 17, 2022

Dagbok 2022 -17.mai.


Klokka er no 18.15,temperaturen ute på trappa er + 19 grader, tidlegare i dag var det meir enn 20 varmegrader. Ein nydeleg 17. mai etter å ha vore snytt for feiringa i to år. For tre år sidan var det også nydeleg vêr.

Eg hadde tenkt å halde meg i ro heime åleine i dag, men slik vart det ikkje.

I går kveld fekk eg melding frå Einar om at han og Audun ville kome ein tur i dag. Eg hadde ikkje så mykje spennande mat i huset, men eit kvart kunne eg no servere.(Husmødre tenker alltid på mat.)

I dag tidleg var eg ute og hengde opp flagget då eg vakna klokka 5. Men eg la meg inn på senga og sov vidare eit par timar. Etter at eg hadde ete frokost og sett serien min på TV, farga eg håret  og dusja.

Eg sat ei stund oppe hos Marit på solbenken og prata ei stund, før eg gjekk ned att og laga ei vaffelrøre, det er likson det eg tyr til når eg ikkje har noko anna spennande. Gutane kom som planlagt og vi åt vaflar og bollar og is. Margrete ringde og sa at ho ville ta av sitteplassar til oss i Laguneparken der det skulle vere"folkefest" i 16-tida. Det er nokre år sidan eg har vore i Vik 17.mai, men eg kan ikkje tru der har vore så mykje folk nokon gong før. Og vi måtte køyre ei heil runde for å få sett frå oss bilen. Vi fann Margrete og Svein i Laguneparken (bildet) og alle fekk sitte utan Audun, men han kunne godt stå ei stund og glitre i den fine uniforma si.

Der var mykje underhaldning frå scena, både korps, to songkor, tale og så kom høgdepunktet (for oss) til slutt. Det var Erlend og tre andre gutar som spelte og song, Beatles-låtar og anna. Det er Erlend som snakkar og presenterer låtane, han har ikkje problem med å ta ordet. Alle som viste seg på scena fekk applaus og det såg ut til at alle i publikum  kosa seg.

Margrete køyrde meg heim, for Einar og Audun måtte fare først, for Audun skulle reise til Oslo igjen i dag. Og Margrete skulle køyre Erlend tilbake til Volda, så dei måtte berre fare.

Då eg kom heim , fann eg ut at eg ville gå ein tur på Vernet for eg hadde ikkje fått så mykje trim i dag. Fint der oppe i dag- og frisk vind som vanleg. På murdelen av Vernet er det flagg på annankvar gjerdestolpe, i dag talde eg flagga og kom til 103. Då rekna eg ikkje med dei som stod på brua.
 




Eg skulle ha tatt bilde i Vik i dag, men eg stoler på at Margrete filma dei musikalske gutane. Det vart i alle fall ein fin dag.

mandag, mai 16, 2022

Dagbok 2022: 16.mai


Klokka er no17.55, temperaturen ute er + 15 grader, og sola har skine frå skyfri himmel i heile dag. Eg var så tidleg oppe at eg fekk oppleve å ha sol på kjøkkenet også. Det er ikkje så ofte. Etter frokost + serie etc gjekk eg ut og begynte å arbeide, Det var plenstykka opp mot vegen som måtte pyntast litt til 17. mai. Eg tok først løvetannrøtene, så tok eg beddet og til slutt klipte eg graset både der og borte ved postkassa. Meir hadde eg ikkje tenkt å klippe i dag. Eg gjekk inn og fann meg mat og drikke før eg la meg ut på altanen på solsenga med lydbok på øyra. Eg trur at eg sovna ganske fort , for klokka hadde gått eit stykke då eg vakna. Det er ikkje så rart at eg sovnar om dagen for eg vaknar veldig tidleg om morgonen, i dag stod eg ikkje opp før eg vakna for tredje gong og då var klokka sju- eg legg meg ikkje tidleg om kvelden heller.

Eg hadde tenkt å halde fram med å ta opp løvetann-røter nedafor huset, men så hadde graset vakse så mykje i løpet av dagen at eg ville klippe rundt huset også, og det gjorde eg, så no er det berre Skråninga att og den får eg ta på onsdag-trur eg. Dermed held eg meg til tradisjonen om å klippe to gonger før 17.mai. Når eg lukar og tek opp løvetann etc. får eg vondt både i ryggen og føtene, men å klippe plen går heilt fint, men eg skal ikkje gå tur på Vernet i dag/kveld- 

Det var to eg skulle ønske var litt nærmare: Wenche med hekksaksa og Rasmus med motorsaga.

Marit og eg har ikkje tenkt oss ril Vik i morgon, vi har ikkje rygg og føter til å labbe rundt. Eg har ikkje kjøpt inn noko godt heller, men eg har is og kaffi om nokon skulle forville seg inn.

No skal eg tømme oppvaskmaskina og rydde litt, men i fineveret bryr eg meg mest om å ordne ute. Eg ser fram til å plante og så litt av kvart, gartnaren på Eid sa alltid at ein ikkje skulle plante noko før 17.mai. Eg ventar litt til eg ser kva som kjem att og kva som må fornyast.



Då vil eg ønske alle ein fin 17.mai. Det er tre år sidan sist vi feira- og i år feirer vi fridommen vår, mens andre er i krig. Det gir i alle fall meg litt å tenke på.

Eivind Trovåg har fødselsdag på 16.mai- og no er det 20 år sidan han kom til verda. For tida studerer han realfag i Tromsø , men får vel snart reise heim på ferie.

Dette er heile familien til Rasmus. Bildet blei tatt i fjor sommar på moloen i Trovågen. Eivind er nr. 2 frå venstre-og den høgaste i familien.

Gratulerer med dagen Eivind!

søndag, mai 15, 2022

Dagbok 2022 : 15.mai

 

Dei har sett små flagg på annankvar gjerdestolpe heile vegen på framsida av vernet. Slik var det i fjor også.


Klokka er no 17.45, temperaturen ute er +13 grader, det er lettskya og fint no, men tidlegare i dag regna det. Eg kom nettopp heim att frå ein tur på Vernet, kom meg no ut ein liten tur i dag også. Eg ville gjerne gått lengre turar, men eg er ikkje heil god i venstrefoten. Trefte både folk eg kjenner og ikkje kjenner, men snakkar med alle likevel. Det er skikk og bruk på Vernet, det.

I går kveld/natt etter at det var slutt på MGP sette eg meg til med ein sudoku som eg ikkje hadde fått til tidlegare på dag, men  då begynte det å lysne. Sidan det leid så langt, måtte eg berre legge meg, men tok att sudokuen i dag etter frokost- Løyste den fort og greitt då. Etterpå las eg ferdig lydboka og blogga om den. Strikka litt og høyrde radio. Veret var ikkje slik at eg hadde lyst ut akkurat då. Eg begynte å gjere klar middagen. Eg har kjøpt spekesild ganske ofte denne våren, har kjøpt julesild på tilbod, og vanleg vakuumpakka sild på CO-OP. Alt har vore fantastisk godt. I går kjøpte eg vanleg dypfryst sild på KIWI, nok til to middagar. Den tok eg opp og la i vatn i dag tidleg, og så laga eg kålstuing og kokte poteter til. Eg gleda meg til å ete den herlege maten, men vart skuffa. Silda var fin å sjå til, men smakte på ingen måte så godt som dei eg har hatt før. Men eg åt no opp maten, og har til middag i morgon også-kanskje litt betre då, og mindre salt.

Eg sette meg inn til TV-en og slappa av, men så begynte eg å sjå kva som foregikk. Det såg ut som om det var nokre gæmlisar som for og rota litt , men der var instrument og musikk. Etter kvart gjekk det opp for meg at det var ein slags konsert. Og var det verkeleg Ole Paus som gjekk der og svima? Ja, det var det. Og Lill Lindfors song- og der var Frode Alnes på Gitar og Ketil Bjørnstad på piano. der var to damer til som song -og det var altså konsert! Men det såg veldig avslappa ut. Eg vart sittande å sjå og høyre. Det var så ulikt dei fleste andre konsertar dei sender på TV. Men etter kvart greidde eg å komme meg ut-og bra var det. Slike sundagar som i dag blir litt for  sløve for meg. Eg er ikkje så flink til å fare på tur åleine slik mange andre gjer. No er eg spent på om det blir plenklipp i morgon, men håper eg kan la graset stå til den 18.



Dette har eg sett før også, raude og gule tulipanar som veks i lag, blandar fargane.

Bok nr. 9 - 2022: LØVETEMMEREN


 Endelig en ny bok om Erica Falck og Patrik Hedström!


Det er januar og veldig kaldt i Fjällbacka. En halvnaken jente kommer løpende ut av skogen, rett ut på veien foran en bil. Sjåføren rekker ikke å stoppe. Da Patrik Hedström og hans kollegaer blir varslet om ulykken, er jenta allerede død. For fire måneder siden forsvant hun på vei hjem fra den lokale rideskolen, og siden er det ingen som har sett henne. Det viser seg at hun er blitt utsatt for en forbrytelse, og Patrik Hedström og hans kollegaer frykter at hun ikke er alene om denne skjebnen.
Samtidig holder Erica Falck på å grave i en gammel sak. En familietragedie som førte til en manns død. Gang på gang besøker hun mannens kone, som ble dømt for drapet, men Erica får ingen svar.. Hva er det kvinnen skjuler? Erica kjenner på seg at det er noe som ikke stemmer. Og det virker som om fortiden kaster sine mørke skygger over nåtiden.
Løvetemmeren er Camilla Läckbergs niende krim om Erica Falck og Patrik Hedström.
.........................................................................................................................................
Eg les ikkje så ofte lydbøker lenger, for nokre år sidan las eg ikkje så mykje anna.
Denne boka las eg på Storytel etter at eg hadde lese  det Margrete skreiv om den på bloggen sin.
Eg fekk litt problem heilt frå starten-med å halde styr på alle personane etc. FØR då eg las mest lydbøker, brukte eg ofte å skrive ned namna på personane i boka, og litt om kvar. Det skulle eg ha gjort her også,for eg streva veldig med å halde orden på folka.

Eg har lese veldig mange bøker av Camila Lãckberg, der hendingane er lagt til Fjãllbacka. Ein gong vi var i Sverige køyrde vi ned til denne vesle kystidyllen, og gjekk rundt der. Vi såg m.a. bysten av Ingrid Bergmann som var derifrå. Eg ser enno for meg korleis der såg ut.
Men til tross for at eg har lese mange av bøkene , og sett filmar som bygger på dei, er eg ikkje så begeistra for dei. Her er for mykje familieliv, for mange bollar og tekoppar, for mange mødrer og svigermødrer- kort sagt :for mykje familieliv. Eg ville hatt meir fokus på det kriminelle- sidan det er krim.  At eg ikkje greidde å halde styr på alle folka i denne boka, skal eg ta skulda for sjølv.

lørdag, mai 14, 2022

Dagbok 2022: 14.mai

 




Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 10 grader C. Det har vore regnbyger i heile dag, men av og til har sola vore framme aldri så lite.

Eg var tidleg oppe i dag, og mykje av føremiddagen sat eg og la kabal på datamaskina mens eg høyrde lydbok. No er det berre vel ein time att av boka , så då blir eg ferdig med den i kveld.

Eg visste liksom ikkje kva eg skulle ta meg til i dag, for no er eg mest fokusert på kva eg skal gjere ute, og der blir det ikkje gjort noko i dette veret. Men ein tur på butikken hadde eg planlagt og slik blei det. Det hadde kome mykje post i kassa i dag, mellom anna blader PENSJONISTEN, og der er det nokre utfordrande sudokuar, såpass eg har noko å bryne meg på.

Marit var også heime åleine i dag, så ho kom ned til meg og drakk kaffi og prata. Det var no kjekt. Eg går heile tida og sjekkar om det er fint nok ver til å gå tur på Vernet, men best som det ser bra ut, så høljer det ned igjen.

I kveld blir det no litt spenning med MGP- eg har ikkje gjort meg opp noka meining om kven som kan vinne. Eg forstår meg ikkje så mykje på den moderne musikken-det skal eg innrømme.

No trur eg at det går an å komme seg ut litt- Såpass eg får ta bilde til bloggen.

PS: Det blei tur på Vernet i kveld og der trefte eg ei kollega-venninne . Vi vart ståande og prate ei god stund. Og veret vart finare og finare.





fredag, mai 13, 2022

Dagbok 2022: 13.mai


 Klokka er no16.35, temperaturen ute er + 9 grader og i dag har det regna nesten utan stans. Eg var relativt tidleg ferdig med husarbeidet og kunne hatt god lyst til å gjere noko ute , men det er no grenser for kor vått ein vil ha det. Etter at eg hardde tatt fredagsvasken, klesvasken m.m. fekk eg løyst Sudokuen, eg fann fram til ein metode eg ikkje har brukt før. Eg løyser sudokuar for å trimme hjernen-og så synest eg det er kjekt-når eg får dei til. I dag kokte eg risgraut, det er ei stund sidan sist, men det er godt med graut av og til, og så får eg brukt opp melka som eg alltid må ha i hus. No får eg kjøpe ny melk i morgon.

Spanskboka kom også fram i dag, eg må prøve å halde kunnskapane ved like-eller aller helst kome litt lenger. Etter kvart kom strikketøyet fram, og eg vart sittande framfor TV-en  og sjå på krig og elende.

No er det litt lysare ute, det er typisk at veret blir betre mot kveld, så det blir kanskje råd å gå ein tur. Det gjer godt  for foten og hofta å gå, det er når eg sit lenge i ro eg blir så elendig.


På siste sida av Møre-Nytt er det alltid ein slags intrevju med ein lokal "kjendis" -og i dag var det Erlend. Den guten er noko for seg sjølv- på ein god måte.

Eg vart spurd om å vere på sistesida ein gong for lenge sidan- men då takka eg nei..

Eg tenkjer mykje på at det vart vel mykje regn på gjødselen min, men det er ikkje noko å gjere med det. Håper det blir fint og tørt til mandag, så eg får klippe før 17.mai. Som de ser på bildet er det fint og grønt ute no.

torsdag, mai 12, 2022

Dagbok 2022: 12.mai


 Klokka er no 16.34, temperaturen ute er + 10 grader, og det har regna stort sett i heile dag. Så gjødselen som eg hadde ut er vel oppløyst, om den ikkje har rent vekk. I dag då eg stod opp var eg veldig låk i venstre foten og hofta,men eg kom meg no på trening, og på butikken etterpå.

Då eg kom heim tørka eg støv og støvsuga i stova og gangane, eg prøvde å unngå å sette meg i ro. Til middag i dag vart det grønsaksalat med Apetina -ost etc. Etter middagen har eg sete i godstolen, sett nyheiter og slappa av. 

Har lagt opp ein lest som eg strikka litt på, men eg er ikkje så ivrig å strikke no. Genseren min la eg siste handa på i går, vaska den og lagden på badgolvet i natt- så no er den ferdigstilt. Den er veldig mjuk og god, men eg angrar litt på at eg ikkje strikka den eit nummer større-men eg får heller prøve å ta av eit kilo eller to- så blir den stor nok. No held sola på å komme fram, det er typisk at det blir finare ver mot kveld.Det er i alle fall veldig grønt og fint ute, og eg trur nok eg må klippe plenen ein gong til før den 17.mai.

I dag skulle eg ringe bort på biltilsynet og bestille time for å forrnye førerkortet. Eg hugsar at eg måtte bestille for to år sidan, men då var det midt i Korona-tida. Eg ringde nummeret som eg fann, men det viste seg å vere eit nummer for heile regionen, trur eg, for eg fekk beskjed om å taste både her og der-og då la eg på røret ! Kan dei ikkje ha eit nummer som vi kan ringe til direkte? Når det skal vere slik , kan eg like godt berre fare bort utan å bestille. Eg kjenner no folk som jobbar der. Fristen er 1. juni, så det hastar ikkje. Det er mykje slikt som gjer det vanskeleg for eldre folk-heilt unødig.

I kveld er det vel 2. semifinale av MGP- eg har ikkje heilt sansen for den moderne musikken, men eg likar no å sjå og høyre likevel. Eg kan no strikke på lesten min. Venstrfoten er mykje betre no enn den var i dag morgon. I morgon er det fredag og "heimedag". Eg har ikkje opna spanskboka etter at vi slutta, men no skal eg ta den fram og repetere litt. Må halde kunnskapane ved like. Neste veke blir det berre ein treningsdag, for 17.mai har vi fri. Hurra !


onsdag, mai 11, 2022

Dagbok 2022: 11. mai



Klokka er no  17.08, temperaturen ute  er + 13 grader. Det var regn før i dag, så har vi hatt ei stund med opplett, men no er ei regnbyge på veg att. Det er heilt greitt for no har eg hatt utover nesten all gjødselen eg kjøpte, og då gjer det godt med væte.

På føremiddagen regna det så mykje at eg ikkje kunne gå ut og gjere det eg hadde tenkt, men eg hadde litt å styre med inne. Mellom anna så tok eg og gjorde heilt ferdig genseren som eg har strikka, vaska den og la den til tørk. Det var sånn litt finmotorisk arbeid som stod att til slutt og det er ikkje mi sterke side. 

Til middag i dag hadde eg att eit par pannekaker frå i går - så fann eg litt dessert i frysaren-og så hadde eg ein kaffikopp til. Ein kan no ikkje leve like godt kvar dag.

Då det letta opp gjekk eg ut og begynte å gjødsle. Eg hadde tre sekker med gjødsel, eg har brukt 2,5, let det vere litt att som eg kan bruke viss det blir prekært ein eller annan stad. I fjor gjødsla eg med to sekker-det er for lite, mosen trivst så altfor godt og då blir det tungt å klippe.

Eg skulle absolutt ha tatt opp fleire løvetann-plantar, men ryggen spelar ikkje heilt på lag; eg må ha stolar ståande så eg kan sette meg ned innimellom. Eg kan ikkje syte og klage for alt, det er mykje som følgjer med alderen-og eg har det no ikkje så verst. I morgon er det trening igjen, og vi skal handle på Spar. Marit er flink å passe på tilbod og slikt, eg kjøper det eg treng .og av og til det eg har lyst på. Eigentleg ville vi helst ha handla på Co-op, men då må vi til Furene i Volda. Eg er litt sur for at mange Ørsta-butikkar har hamna der. No skein det litt opp igjen, regnet kom ikkje no, men på skjermen framfor meg, står det "Regn kommer"og då gjer det vel det

Eg kom til å tenke på Bjørg Kragset i dag. 11. mai var fødselsdagen hennar. Ho hadde blitt 82 år i dag om ho hadde fått leve. 

Epletreet står klart til blomstring, men når eg får ein kvan til å hjelpe meg, må det klippast tilbake-  men først skal det blomstre !

Sidan eg sat så mykje i ro på føremiddagen, vart eg låk i venstre foten, men no lurer eg på om eg skal gå ein tur.

PS: Det blei ingen tur for eg fekk besøk av ein nabo.

Det kom regn på gjødselen min, slik eg hadde planlagt, og regnbyer skal det bli fleire av. 

tirsdag, mai 10, 2022

Dagbok 2022: 10.mai

 

I beddet nedanfor garasjen planta eg tre busker, men etter kvart har der blitt meir. Løkar frå potter og samanplantingar, små rosebusker frå potter og frå grava  etc. har eg putta ned i molda  der. Molda er veldig fin og litt tørr , så kattane brukar dette beddet til do. Det er heilt greitt for meg, men det ser ut til at dei flyttar litt på plantar og løkar. Akkurat no er det sesong for tulipanar.Det er ikkje direkte stilig, men eg set ekstra pris på dei tidlege blomstrane

Klokka er no 20.08, temperaturen ute er+ 12 grader. I dag har det regna litt av og til, sola har vore framme litt, og akkurat no er det skya og opplett. Eg har ikkje vore så mykje ute i dag, så eg har ikkje gjødsla, men i morgon er det "heimedag" så då får eg vel gjort ein del.

I dag var vi på trening og etterpå var vi ein tur på ALTI. På heimvegen handla vi på KIWI. Eg hadde ei lita stund heime før eg skulle til legen. Det var ikkje noko alvorleg ærend eg hadde i dag, måtte berre ha papir på at eg er frisk nok til å køyre bil. Sertifikatet mitt går ut 1.juni, så eg må snart ta turen bort på biltilsynet.

 Då eg kom heim tok eg meg av nokre småjobbar i huset, eg laga røre til pannekaker og steikte bacon til. Einar kom etter at han hadde vore til fysioterapeut og då kosa vi oss med pannekaker med bacon og blåbærsylte, og kaffi til siste pannekaka, slik som skikken er her i huset. Eg steikte pannekakene i den vesle steikepanna, så dei var små og nette.

Etter at Einar hadde fare, sette eg meg til å feste trådar på den nystrikka genseren min, så no står det berre att og sy saman under ermane og brette ned "halsen" og sy så den blir dobbel. Dette er ikkje det kjekkaste arbeidet når ei strikkar noko.

 Heretter må eg begynne på lestar igjen, men det blir ikkje så mykje  strikking viss eg kan vere ute -for det er kjempemykje å ta tak i - i hagen. Det begynner å bli fint ute no, og frå vinduet her kan eg sjå at epletreet snart vil blomstre. 

I kveld blir det å sjå1.delfinalen av MGP-eg synest no det er litt artig, sjølv om den moderne musikken ikkje fell heilt i min smak. Slik har det vel alltid vore. Eg hugsar til dømes for eit ramaskrik det var då Beatles kom med sin musikk. Det var ikkje alle som likte den -men no kan vi kose oss med dei gamle melodiane deira - på pensjonistmøta.

Det er mykje fint å sjå i hagen no, så eg skal ta ein tur ut og knipse.


                                  Det ser ut til å bli eit bra ripsår.


Det finaste akkurat no er den raude rododendronen. Har to større som er lilla, men dei blomstrar seinare

mandag, mai 09, 2022

Dagbok 2022: 9.mai

 

Klokka  er no 16.42, temperaturen er + 14 grader C og det er overskya, opplett, men ikkje sol.

I dag hadde eg planane klar, for eg ville klippe plen i dag, sidan det er meldt regn i morgon. Det var første plenklippen i år. Eg klipte først plenen rundt huset. Såg at eg hadde stil klipparen litt for mykje ned, men eg måtte berre fortsette slik eg hadde begynt.

Så vart det ein liten pause for eg måtte ned og kjøpe bensin på begge kannene mine. Då skal eg ha bensin til fleire klipp. Så sette eg i gang med skråninga og den er det verste, til slutt klipte  eg utan å samle opp. Der var i grunnen ikkje så veldig mykje gras, men alle hagane her omkring er fulle med engkarse. Blomsten er fin nok, men vi vil ikkje ha den i plenane våre. Klipte dei små plenstykka opp mot vegen også.

Så var klokka 15, og eg måtte ha meg litt mat og drikke. Eg måtte ut att og rydde litt her og der og finpusse somme stader. Eigentleg skulle eg tatt opp løvetannrøter også, og eg skulle gjødsle. Men eg kjende at eg hadde fått nok for i dag, så eg spyla klipparen og sette den på stall. Det rare er at det er lenge sidan venstre foten og hofta har vore så bra, men eg har sagt det heile tida, at det verste er å sitte i ro.

I morgon er det trening 10-11, og så har eg time hos legen klokka 13, det gjeld fornying av sertifikatet, men eg får sikkert tid til å gjødsle plenane også. I dag har eg snakka med naboane både til høgre og venstre, det er den sosiale tida vi går inn i no. Begge naboane i nr.5 fyller 80 år i år, han den 15.mai og ho den 2.juli.

Det har gått med ein del brus i dag . Soloflaska gjekk tom, men eg fann boksar med sukkerfri julebrus. No skal eg koke kaffi og sjå litt TV, det er mykje som har forandra seg på tV-en no, men eg trur eg kjem til å komme inn i det.

Eg flytta litt rundt på granstammane for å få vekk gras og ugras, men eg greier ikkje å bere dei vekk åleine. Eg skulle ha hatt Rasmus her med motorsaga!!

søndag, mai 08, 2022

Dagbok 2022: 8.mai



 


Klokka er no18.05, temperaturen ute er + 14 graderC, det er lettskya og  delvis sol.

Eg føler at denne dagen har gått så altfor fort, utan at eg har fått gjort alt eg hadde tenkt. Etter frokost begynte eg å strikke og no skal eg ikkje ta opp att meir, tru eg. Eg held på med halskanten , men den skal vere dobbel, så det tek si tid.

Eg laga klart det som skulle til middagen, før eg tok ein tu på Vernet. I dag trefte eg ei venninne frå pensjonistlaget , ho var ute og gjekk med rullator. Eg visste at ho hadde brote foten og no fekk eg heile historia. Ho reiste ut til dottera si i Ålesund for å feire jul og 90 -årsdagen sin. På julaftan datt ho på stovegolvet og braut foten. 4 veker var ho på Ørstaheimen, før ho kunne flytte heim. Ho er enke og bur åleine. Eg synest det er heilt fantastisk at ei dame på 90 år kan bli frisk og fotgåande etter noko slikt. Ho er heilt klar i toppen også. Ho var på pensjonistmøtet  no sist, men då såg eg henne ikkje. Ho har vore leiar i pensjonistlaget, men det var før mi tid.

Eg kom heimover i 14 tida og skulle lage middag, men så sat Marit ute på benken sin og det var varmt og fint i sola, så eg vart sittande der ei stund. Middagen i dag var steikt ørret med poteter og grønsaker. Etter middag sette eg meg til å sjå TV. Eg begynte på ein serie i går, men miste interessa for den etter eit par episodar.

TV-en oppfører seg ikkje slik han skal i dag heller, så viss det ikkje blir betre, må eg kontakte Helge.

Eg hadde tenkt å gå ut og ta opp nokre løvetannrøter i dag, men eg vart brått låk i ryggen. Eg er ikkje fullt så spenstig som eg har vore, men håper berre ikkje at knea mine skal kollapse igjen. I morgon er det "heimedag" så då håper eg å få gjort litt ute i hagen. Eg må sette klipperbatteriet på ladding og så må eg kanskje kjøpe bensin på kanna.




                              Skogen blir grøn, litt meir for kvar dag

lørdag, mai 07, 2022


 Klokka er no18.40, temperaturen ute er + 10  grader og sola skin frå ein nesten skyfri himmel. Eg er ikkje så flink å følgje med på vêrmeldinga, så eg blir gledelig overraska kvar gong sola kjem fram.

Føremiddagen i dag gjekk med til å rekke opp att strikketøy og så var eg ein liten tur på butuikken. Og så tok eg meg ein liten runde og tok opp løvetannrøter, men der er rikeleg att.

 Soveig kom litt over klokka 14, som avtalt, og ho fekk berre brødmat og kaffi. Eg var ikkje klar over at ho var heime åleine, eg trudde Øystein hadde kome heim frå Roma, men det hadde han altså ikkje. Hadde eg visst det, hadde eg laga middag. 

Det er kjekt å vere i lag berre to, somme tider, så får vi prate om alt mulig. Solveig greidde å få TV-en min opp og stå igjen, så no kan eg sjå alt eg vil. Ho oppdaterte med telefonen, eg har oppdatert sjølv før, men då har eg brukt datamaskina.

Då Solveig hadde reist og eg hadde hengt opp ein klesvask og sett på ein til, tok eg ein tur på Vernet. I dag gjekk eg "feil" veg til ei forandring, dvs. mot sola= rangsøles. Eg høyrde at somme hadde tatt fram plenklipparen, men eg må pent vente til mandag -om ikkje lenger- Ugraset er mykje lengre enn graset, så det ser ikkje pent ut. Viss det blir høveleg vêr kan eg få ut gjødselen også-etter klipping.

Solveig og eg var ned i hagen og så på bærbuskene mine, og dei er fulle av blomster. Eg har ei ripsbuske og to solbærbusker og to blåbærbusker-meir treng eg ikkje.

I morgon blir det å heise flagget igjen. God helg.



fredag, mai 06, 2022

Dagbok 2022: 6.mai


 Klokka er no 16.40, temperaturen ute er + 11 grader C og det regnar. Eg var i ferd med å kle på meg for å gå tur, men slo det frå meg då eg såg kor vått det var ute.

I dag skulle eg vere heime heile dagen, hadde eg tenkt, men så kom eg på noko som eg måtte kjøpe. Eg gjorde ferdig fredagsvasken  før eg for ned på ALTI. Eg kjøpte det eg skulle ha, og så stakk eg innom BUNNPRIS og handla aldri så lite der også. Då eg kom heim såg eg serien min på datamaskina og så varma eg opp middagsrestar frå i går. Som vanleg måtte eg slappe av etter middagen.

Eg gjekk over plenane mine og ned til naboen, der skal dei ha konfirmasjon i helga. Der er mykje løvetann som eg skulle ha tatt opp, og plenen treng verkeleg gjødsel om ein skal få vekk mosen. Men ærleg talt så orkar eg ikkje å halde på med hagearbeid i silande regn- så det får stå litt på vent. Til tross for at det hadde vore heilt topp å gjødsle no. Eg har ikkje diskutert med naboane Torbjørn og Gudmund, og høyrt kva dei gjer- dei har litt betre greie på jordbruk enn det eg har. Plenane mine ser fine og grøne ut- på avstand.

No skal eg ta meg saman og strikke "hals" på genseren min, Eg har strikka den nesten ferdig to gonger, og rekt opp att. Det er no ikkje noko vanskeleg, men garnet er litt glatt og ikkje så fast. I morgon ville Solveig kome innover og då hadde det vore kjekt om genseren var ferdig.

I går ettermiddag/kveld fekk eg 4.sprøyta med Covid-vaksine. Eg kjenner ingen ting, og Marit er heller ikkje sjuk. Eg trefte to damer på min alder på ALTI i dag. Dei ville ikkje ta den 4. sprøyta, dei har ikkje hatt Korona heller. Men her er mykje smitte i bygda. Eg tek imot alt eg får. No er veret litt betre, så det blir kanskje ein tur. Eg plagast litt med hofter og rygg, men det er verst viss eg set lenge i ro. 

I dag veit eg tre som har fødselsdag; det er Stein Inge, son til bror min, han fyller 53 år, så er det Lise, som er gift med søskenbarnet mitt, ho er 70 år, og så er det Margrete sin barneskulelærar Synnøve, eg veit ikkje kor gammal ho er, men ho er vel 2-3 år yngre enn eg

Gratuler alle tre!

Det er ikkje så stas å bli gammal, men alternativet er verre. Eg er glad for kvart år eg får vere her. No regnar det ikkje så eg går kanskje ein liten tur

.


I år er det fuglar i bura på husveggen vår. Torbkjørn har fylgt med og seier at det er gråsporv. For dei som ser godt er det mulig å sjå fuglen høgst i grana mi.. 

torsdag, mai 05, 2022

Dagbok 2022: 5.mai


Klokka er no 17.10  og temperaturen er + 12 grader. Det har regna før i dag, men no held sola på å kome fram. Dagen i dag vart ikkje som foventa, for då eg kom ut og rygga opp på vegen, kom Marit og sa at det ikkje vart trening i dag fordi fysioterapeuten var sjuk. Eg hadde ikkje fått melding. Det vart til at vi avtalte å fare til Vik og handle ein time seinare, og det gjorde vi. I dag hadde vi ærend på ALTI og der trefte vi fleire naboar, mellom anna han som hadde vore på Haukeland. Marit fann seg fine nye sko, og eg fann litt av kvart som eg hadde bruk for. Etterpå køyrde vi fram på EIK senteret og kjøpte gjødsel, for eg ville få  den utover mens det var vått i graset. Der var mange kjekke menn og vi kom i snakk om kva vi skulle gjere med mosen, då den eine sa: "Det beste er å skyte den". Folk frå andre stader i landet hadde vel ikkje forstått vitsen i og med at dei ikkje har same namn på fugl og mose. Då eg kom heim snakka eg med naboen som nyss har blitt pensjonist. Eg fortalde at eg hadde kjøpt gjødsel og då insisterte han på å bere sekkane inn i garasjen. Eg tok den eine  sjølv for å demonstrere at eg er sjølvhjelpt.

Eg spyla bilen med hageslangen for eg syntest der var eit behov.

I dag laga eg "Pasta Carbonara" til middag (vi handla litt på KIWI i dag også) Etter ei lita kvilestund, sette eg meg til med genseren min igjen. Eg er komen til halsen no, men eg vil påstå at eg aldri før har plundra så mykje med eit strikketøy. Eg bala litt med den førre genseren også, men denne har vore verre, Den som eg strikka først vart fin til slutt. Eg veit ikkje kva eg skal skulde på ; garnet, oppskrifta eller meg sjølv. Skal eg vere heilt ærleg så trur eg at det er hovudet mitt som ikkje er så klårt lenger, men det er no godt å sjå at eg kom i mål til slutt. Eg blir vel ferdig i løpet av kvelden, men så er det trådar som skal festast etc.

No er det berre ein liten halvtime til Marit og eg skal ned og få meir vaksine.Det er berre dei over 80 som får tilbodet om 4.dose no i første omgang. Det er visst mykje smitte både i Volda og Ørsta for tida.

Det har vore eit kvart nesten kvar dag denne veka, men i morgon skal eg vere heime og vaske og rydde og kanskje gjødsle plenen.

..................................................................................................................

Eg skreiv dette tidlegare, men hadde ikkje  avslutta. 

No har eg fått 4.sprøyta, eg har strikka og rekt opp att halskanten 2gonger, så no skal eg prøve meg på Sudokuen i Møre Nytt i staden.


onsdag, mai 04, 2022

Dagbok 2022: 4.mai.




 Klokka er no 21.08, temperaturen ute er + 8 grader C. I dag har det vore både opplett og regn, men det er framleis så kaldt at eg kvider mot å gjere hagearbeid. I staden vart eg sittande mykje av føremiddagen å bale med genseren eg held på å strikke.

Så laga eg meg litt middag, og så vart det å shine seg opp før vi skulle på kino. Vi for heimanfrå før klokka var 17. Det kom mange som ville sjå filmen og smake på engelsk Afternoon Tea. Opplegget var det samme som førre gongen. Stort langbord i foajeen, småbord i flatsalen og masse, masse små og større kaker og godbitar. Det er kokkelinja på skulen som lagar maten. Det ser veldig fint og godt ut, men ikkje alt er like godt som det ser ut. Vi fekk både te og kaffi og eg smakte på så mykje som eg orka. Det var mat først og kino etterpå-

Eg tok bilde ar nokre av borda i flatsalen. Vi sat med andre bord og gjekk og forsynte oss. Her er nokre av bilda eg tok:








                            Dette er berre ein liten del av alt som var

Så var det film, kanskje den siste om Downton Abbey. Eg hadde litt problem  med å kjenne att alle personane, for somme skodespelarar var nye. Men etter kvart kjende eg att dei fleste. Alle kosa seg. Det var mykje folk , dei fleste var kvinner og mange var ikkje heilt unge, så Marit og eg kjende mange av gjestane. Mennene som møtte opp trur eg vi kunne telje på ei hand. Det var eg som køyrde i dag, og merkeleg nok var det lyst då vi kom ut.

I morgon er det trening og vaksinering.

tirsdag, mai 03, 2022

Dagbok 2022: 3.mai


 Klokka er no 18.37, temperaturen ute er + 8 grader, og det er opplett og lettskya.

Det er relativt fint ute, men eg synest det er for kaldt til å få gjort noko- men viss eg hadde begynt hadde eg sikkert helde heten.

I dag var vi på trim, Marit og eg, og det gjekk relativt bra til tross for venstrefoten som ikkje er heilt i orden. Trur ikkje han har likt at eg har sete så mykje i ro og strikka. Etter trimmen handla vi på KIWI og så sit vi alltid og pratar ei stund i bilen før vi går kvar til oss.

Dagen min begynte forresten veldig irriterande. Eg brukar å sjå ein lang serie på NRK 1, det kjem nye episodar kvar dag, med unntak av laurdag og sundag. Men i dag kom eg ikkje inn på NRK 1 kor eg bala. Eg gjekk inn på datamaskina og logga meg på der, men der fekk eg berre direktesendinga. Det blir vel å rope på Helge igjen, han er flink med TV også. Men eg blir ganske irritabel når ikkje ting virkar slik dei skal.

Til middag i dag vart det grønnsaksalat, det må eg ha minst ein gong i veka. Etter eg hadde ete vart eg sittande å halvsove framfor TV-en, eg forstår ikkje korleis eg har begynt med denne halvsovinga-det er noko nytt.

Eg tenkte at eg kunne gå ein tur på Vernet sjølv om foten ikkje var så god, men eg måtte stryke litt klede først. Då eg begynte å gå, var det høgrefoten som ikkje var heilt god, men eg gjekk no likevel ein runde i dag, det gjer ikkje vondt og veret er bra, det blir faktisk finare og finare ser det ut til.

I morgon skal Marit og eg på kino og sjå den nye Downton Abbey -filmen, og før filmen skal vi få "Afternoon Tea" Slik var det då vi såg den førre filmen også.

Torsdag skal vi på trening, og kl.17.30 skal vi ned på Velferdshuset(Ørsta helsestasjon) og få 4.dosen med Covid- 19vaksine.Det er heilt frivillig, og vi får ikkje innkalling, men Marit ringde og bestilte til oss begge.

Det er noko ein skal nesten kvar dag - og det er no bra, slik at ein ikkje blir heilt eremitt. No skal eg inn og sjå Nyjheiter, og så blir det vel å strikke litt, det er snart slutt med mønsteret på genseren, men så skal det strikkast "hals".



Dagbok 2022: 23.mai

                                        Utsikt mot fjorden ? Klokka er berre 16.10, men eg trur ikkje det skjer så mykje meir i dag. Eg har ...