søndag, mai 15, 2022

Dagbok 2022 : 15.mai

 

Dei har sett små flagg på annankvar gjerdestolpe heile vegen på framsida av vernet. Slik var det i fjor også.


Klokka er no 17.45, temperaturen ute er +13 grader, det er lettskya og fint no, men tidlegare i dag regna det. Eg kom nettopp heim att frå ein tur på Vernet, kom meg no ut ein liten tur i dag også. Eg ville gjerne gått lengre turar, men eg er ikkje heil god i venstrefoten. Trefte både folk eg kjenner og ikkje kjenner, men snakkar med alle likevel. Det er skikk og bruk på Vernet, det.

I går kveld/natt etter at det var slutt på MGP sette eg meg til med ein sudoku som eg ikkje hadde fått til tidlegare på dag, men  då begynte det å lysne. Sidan det leid så langt, måtte eg berre legge meg, men tok att sudokuen i dag etter frokost- Løyste den fort og greitt då. Etterpå las eg ferdig lydboka og blogga om den. Strikka litt og høyrde radio. Veret var ikkje slik at eg hadde lyst ut akkurat då. Eg begynte å gjere klar middagen. Eg har kjøpt spekesild ganske ofte denne våren, har kjøpt julesild på tilbod, og vanleg vakuumpakka sild på CO-OP. Alt har vore fantastisk godt. I går kjøpte eg vanleg dypfryst sild på KIWI, nok til to middagar. Den tok eg opp og la i vatn i dag tidleg, og så laga eg kålstuing og kokte poteter til. Eg gleda meg til å ete den herlege maten, men vart skuffa. Silda var fin å sjå til, men smakte på ingen måte så godt som dei eg har hatt før. Men eg åt no opp maten, og har til middag i morgon også-kanskje litt betre då, og mindre salt.

Eg sette meg inn til TV-en og slappa av, men så begynte eg å sjå kva som foregikk. Det såg ut som om det var nokre gæmlisar som for og rota litt , men der var instrument og musikk. Etter kvart gjekk det opp for meg at det var ein slags konsert. Og var det verkeleg Ole Paus som gjekk der og svima? Ja, det var det. Og Lill Lindfors song- og der var Frode Alnes på Gitar og Ketil Bjørnstad på piano. der var to damer til som song -og det var altså konsert! Men det såg veldig avslappa ut. Eg vart sittande å sjå og høyre. Det var så ulikt dei fleste andre konsertar dei sender på TV. Men etter kvart greidde eg å komme meg ut-og bra var det. Slike sundagar som i dag blir litt for  sløve for meg. Eg er ikkje så flink til å fare på tur åleine slik mange andre gjer. No er eg spent på om det blir plenklipp i morgon, men håper eg kan la graset stå til den 18.



Dette har eg sett før også, raude og gule tulipanar som veks i lag, blandar fargane.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...