mandag, februar 29, 2016

Dagbok 2016: 29.februar

"Mange steder så man med en viss mistro til skuddårsdagen. Da trodde man at alt ville gå på tverke og at alt man foretok seg ville bli mislykket eller i alle fall motsatt av det vanlige. I et skuddår var det derfor tillatt for kvinner å fri til mennene; et avslag måtte imidlertid "betales" med en gave, som regel i form av hansker." ( Henta frå boka "Merkedager og gamle skikker".)
Starevegen.

             Postkassesttativet er ikkje heilt water lenger.
                                        Vallabøvegen.
Ja, så har vi snart brukt opp denne ekstra dagen som vi får fjerde kvart år. Og sidan eg ikkje har gjort noko særleg, har det heller ikkje gått så mykje på tverke. Det einaste er at eg er ikkje heilt god i hofta mi, så eg var kanskje litt for ivrig i snømòkings-prosessen i går. I dag har eg ikkje mòka snø, men Nils tømte altanen og pussa litt her og der, elles har han drege vedsekker frå tilbygget og opp i garasjen-på akebrett. Det gamle akebrettet frå ungane var små har jammen vore brukt til mykje-også i seinare tid.
I dag har det vore opplett, men ikkje heilt klår sol, og no blæs det litt ute. Temperaturen er berre + 2 grader.
Eg starta dagen med å farge håret. Eg skulle kanskje berre la det vere grått, men blir visst aldri heilt moden for det. Elles har eg strikka litt, vaska klede, rydda litt i vaskekjellaren og gått ein liten tur og tatt bilde i nærområdet. Timane går sjølv om ein ikkje gjer noko som helst. Eg stod på farten til å pusse stuevindua, men så kom eg på at det er meldt storm, og då er det ingen vits i det.
Til middag hadde vi siste porsjonen med fiskekaker frå frysaren; det minkar på fisken også. Nils går snart på veggane om han ikkje snart får fiske. Det har rett og slett ikkje vore vêr til å fare utpå med så liten båt som vår.
I morgon er det pensjonistmøte, dvs. Rotary og Inner Wheel inviterer pensjonistane på "fest", så vi i pensjonistlaget har ingen plikter, kjekt å få vere "fri"  på eitt møte for året. Dei kjem truleg frå avisa og lagar eit lite referat også. Det brukar å vere fryktelig mykje god mat på desse møte, så eg må visst utsette slankekuren enda ei stund.
I dag vart eg spurt om å lage ei skuffekake til eit kulturarrangement på kvinnedagen 8.mars. Og eg sa ja, til tross for at eg aldri lagar skuffekaker og ikkje synest det er noko godt. Men eg stoler på at einkvan tipsar meg om ei oppskrift.
Bilda mine er frå "turen" min i dag: Ut Starevegen, eit lite stykke opp i Storebakken, heim att Vallabøvegen.Synd at det ikkje vart kaldt då vi hadde snø på vegane også- då hadde eg fått brukt sparken min.
Starevegen-igjen.

søndag, februar 28, 2016

Dagbok 2016: 28.februar


Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 3 grader C, og det er lettskya og fint. Også i dag stod vi opp til nysnø og kvit skog, men det varte ikkkje så lenge før sola kom fram. Vi såg den først i Dalsfjordfjella, og då såg vi eit håp. Det var ikkje heilt naudsynt, men Nils for over tunet i dag også. Seinare begynte han på storeverandaen, og den har ikkje vore moka sidan sist det var finevêr, så DER var snøen tung. Nils skar laus store terningar, seinare for eg ut og spadde mesteparten over rekkverket.Merkeleg med den ryggen min, bøye seg vil han ikkje, men toler at eg løfter tunge spadar med snø.(Elles så fekk eg no lese ferdig boka mi før middag.)


 Eg hadde tekt å lage ei gryte av oksekjøtt i dag, men så hadde eg ikkje gitt tydeleg nok beskjed til han som skulle finne kjøttet i frysaren,så han hadde ikkje tatt opp noko.
( Det er andre gongen det skjer). Han meinte vi kunne reise til Volda og ete kinamat,  eg hadde lita lyst, men bestemte meg for å joine han.
Sat og klussa med maskina i dag, kom til å slette begge bøkene eg rippa i går, så måtte gjere det om att i dag. Brukar å strikke mens eg rippar, og så skjer det at eg berre legg spøtet frå meg på golvet. Slik også i dag. Og så greier eg å trakke på ein strikkepinne slik at eg får den langt inn i foten og blodet sila. Det var ikkje så veldig vondt, og eg drog lett pinnen ut att og var snar å stige ned i croxane før det vart for mange blodflekkar på teppet. Det første eg tenkte på var Vanish ! Så fekk Nils lov å vaske fotenmed Pyrisept og ha på plaster.
Vi kjøpte yndlingsretten vår på Kina-restauranten i dag, og vi fekk store gode porsjonar. Og i dag var dama "vår" der, så Nils fekk dobbelt opp med ris. Kaffi laga han då vi var heime att.
Der er mindre snø i Volda enn her, men dei har også eit "horn" som skygger for sola, nemleg Rotsethornet.

lørdag, februar 27, 2016

Dagbok 2016: 27.februar

Klokka er18.40, temperaturen er + 2 grader C, og det er stort sett opplett. Elles har det både sludda og regna i dag, men ikkje så mykje. 
Også i dag vart det snømòking mykje av føremiddagen. Nils tok seg av tunet, eg tok trappa, altanen og div. anna. Snøen var nesten på sørpestadiet.Om tung!
Etterpå vart det ein tur til Vik for å hente bøker på biblioteket og handle litt mat og anna på Coop. Då vi kom heim kokte vi poteter og hadde spekemat til middag, til dessert åt vi opp riskremen frå i går. Så no har vi ingen restar att, og bra er det.
Eg sette meg til å rippe bøker etter middag - mens eg strikka og høyrde lydbok. Er ikkje heilt ferdig med lydboka mi enno, men håper å få lese den ut før TV-programma tek til. Skal legge dei nye bøkene over på minnepenn til Solveig.Veit ikkje om Margrete er interessert? Ofte les vi same bøekene alle tre, og som regel likar vi dei same, eller ev. mislikar.

Bok nr.15 - 2016: Rekviem



Rekviem
Femte bok om Tom Hartmann av operasanger Øystein Wiik!
Svartmetallstjernen Wotan Wagner våkner med århundrets bakrus og liket av en ung pike i senga på The Thief hotell på Tjuvholmen i Oslo. Kvelden før spilte han og bandet WWW i et stappfullt Spektrum med knallsterkt nachspiel etter konserten. Men hvem er den døde jenta? Og hvordan i all verden har hun havnet i senga hans? Mye står på spill, og sammen med manager John Guldberg bestemmer Wotan Wagner seg for å flytte liket, så dødsfallet ikke kan knyttes opp mot ham. Guldberg påtar seg å gjøre det.
Samtidig opplever Tom Hartmann og Cathrine Price alle foreldres mareritt når datteren Cecilie plutselig forsvinner. Hun var på WWWs konsert og hadde backstagepass for å hilse på metalstjernene etter konserten. Siden har ingen sett henne.
....................................................................
Alle som har lese krimromanane til Øystein Wiik veit at det er tøffe saker, som ikkje eignar seg for andre enn hardbarka krimlesarar. Men det er mange måtar å lese på, og eg har funne min. Eg ser på mykje av det han skriv på samme måte som ein les dei gamle folkeeventyra det hovuda rullar-altså noko heilt bortanfor røynda. Og så kan eg til tider ha veldig svart humor, noko som også kjem vel med. Sarkasme og ironi er også noko eg likar, og eitt og anna spark til dei som styrer og rår. Ja, her er mykje å more seg over oppi alt det grufulle, til dømes eit relativt blomstrande språk. Eg har lese alle bøkene til Øystein Wiik og dette er ikkje den mest eventyrlege.(Men fantasifull nok). Denne gongen har han lagt hendinga til Norge -og delvis til Røros, av alle stader. Somme scener han bli litt lange, men stort sett går det undan for undan.
Boka har fått terningkast 5.



fredag, februar 26, 2016

Dagbok 2016: 26.februar


Naboen bygger ein "mur" på grensa.

Klokka er 16.00, temperaturen + 2 grader C og det snør, eller rettare sagt sluddar. I dag kjem gåvene frå himmelen i særs våt konsistens. Nils har oka litt og rydda tunet, og eg har rydda altanen.
Men mest har eg støvsuga, styrt vaskemaskina etc.
No skal vi snart ete middag, og så skal Nils på møte i Rjåneshamna klokka 18.00. Der brukar dei å få fiskesuppe, laga av ein ekte kokk, men Nils likar betre den eg lagar. Det seier han i alle fall. Til middag her heime skal vi ha julepølser og til dessert blir det riskrem med moste jordbær- alt med så lite sukker som mulig. Eg kjeder meg ikkje om eg er heime åleine nokre timar, eg kan velje om eg vil sjå TV eller lese lydbok og så skal eg taopp dei programma han vil sjå. ANNO må vi sjå i lag.
Det har ikkje hendt så mykje i dag, så dette blir eit kort innlegg. Eg skal ikkje klage over vêret, men det hjelper lite at vi fekk sola tilbake 17.januar, når ho knapt har vist seg etterpå.
I morgon må eg få henta bøkene dei har lagt av til meg på biblio, og så blir det vel ein tur på butikkar, har vore heime heile veka.
Så ønsker eg alle ei fin helg !

torsdag, februar 25, 2016

Dagbok 2016: 15.februar

Klokka er 18.00, og eg har nettopp vore ute og fotografert mòkaren, Temperaturen er + 1 grad og no regnar det nesten. Gjev det ville halde fram med det, regn slepp ein å mòke vekk. 
Her i Ørsta dreier alt seg om snø for tida, om mòking og pløying. Vi starta opp rett etter frokost, Nils tok tunet, eg tok trappa, altanen, veg ned til kjellaren, bilar etc. I grunnen synest eg det er ganske kjekt arbeid, det er berre det at eg kan ikkje halde på slik eg vil for ryggen sin del. Etter ei stund gjekk eg inn og shina opp kjøkkenet, la i hop klesvask m.m. 
Til middag hadde vi salta lange. Så var det pause ei stund, og mens vi drakk kaffi sat vi ved kjøkkenbordet og såg på naboane kor dei streva med å få vekk snøen. Det blir eit stadig større problem for alle å finne ein plass å legge den.
No har Nils vore ute og rydda tunet for andre gong i dag, mens eg strauk dei nyvaska kleda-med bok på øyret. Eg har det aldri kjedelig.
Ingeborg måtte reise til Vigra for å ta flyet derifrå i dag, for flyplassen her var stengd. Får håpe ho kjem vel fram. Såg vêrmeldingar på yr.no i dag, og såg at det var full sol på Kongsberg.......
Bilda tok eg klokka 18.00. Det var åt å bli skymt då, men eg lyste opp bilda på Picasa.
Har lagt ut mange bilde på Face i dag, for dei som vil sjå meir snø.


onsdag, februar 24, 2016

Bok nr. 14 -2016: Alt jeg ikke husker.

En ukjent forfatter prøver å sirkle inn livet til en ung mann, Samuel, som har dødd i en bilulykke. Forfatteren snakker med avdødes venner, familie og bekjente, og bit for bit pusles historien om ikke bare Samuel, men også om de ulike menneskene som forteller om ham. Gjennom samtalene trer bildet av Samuel tydelig frem, som det kjærlige barnebarnet, den motvillige byråkraten og den unge mannen som gjorde alt for kjæresten Laide og delte alt med bestevennen Vandad. Inntil han mistet kontakten med dem begge.
Alt jeg ikke husker er uforglemmelig kjærlighetsfortelling om vår tid og prisen vi mennesker betaler for å leve sammen. Men det er også en historie om en forfatter, som ved å fylle ut hullene i Samuels historie, forsøker å finne sannheten om seg selv. For når alt kommer til alt, hva blir igjen av alle våre flyktige minner? Hva ligger gjemt i alt det vi ikke husker? Og hva er vi, annet enn andres fortellinger om oss?
Jonas Hassen Khemir (f 1978) er en av svensk litteraturs mest anerkjente forfatter og dramatikere. Alt jeg ikke husker er vinner av Augustprisen 2015, og romanen er også nominert til Svenska Dagbladets litteraturpris.
...............................................................
Denne boka fekk eg av Margrete til morsdagen. Den har fått terningkast 6 overalt.
Og boka er god, det er det ingen tvil om.
Det er heller ingen tvil om at eg kjem til å lese den om att-i langsomt tempo. Boka er ikkje vanskeleg, men litt krevande å lese sidan der er så mange fortellestemmer, og det kjem ikkje alltid så tydeleg fram kven som fortel til ei kvar tid. Boka er som eit puslespel der bitane må leggast på plass av lesaren. Originalt, nytt og interessant.
Boka mi er i papirformat, og neste gong eg les den, skal eg notere med blyant. Og så kan andre få lese den.......

Dagbok 2016: 24.februar



Klokka er 16.15, temperaturen + 2 grader . Akkurat no er det visst pause, elles har det snødd det meste av dagen.
Eg gjekk ut og henta Regionavisa etter frokost, og då tok eg med kamera, for å ha eit prov på korleis det såg ut her då.
Både Nils, leigebuaren og eg hjelpte til å få snøen vekk, og i 12-tida var det fint mòka.
Eg rakk også å bytte på sengane, vaske golva på soverom, bad og kjøkken før vi åt middag. Då var ryggen skral!Middagen i dag vart restar frå i går, og vi vart godt mette i dag også.
Eg hadde sett på vaskemaskina i god tid så eg fekk putta kleda i trommelen før eg la meg på sofaen. Eg gler meg  til vêret blir slik at eg kan tørke klede ute- det har vore lite høve til det i vinter. No har eg lagt i hop ein klesvask og maskin nummer to er i gang.
Mens vi kvilte litt etter middag, kom plogen, og så var det berre for Nils og mòke på nytt. Reine sisyfosarbeidet.
Elles har eg felt av ein lest, og skal begynne på nummer to, men må vere litt forsiktig med ryggen min, så eg kan ikkje strikke så mykje eg vil.

                            Bilda:  Vegen  til postkassa

tirsdag, februar 23, 2016

Dagbok 2016: 23.februar


Klokka er 19.15, temperaturen er + 1 grad C og i dag har det snødd jamt. Ikkje skikkelig snø, men tungt, vått slaps. Nils måtte ut og mòke før middag, og det var nok litt tungt.

I dag venta vi besøk, så eg var oppteken med matlaging og borddekking etc.
Margrete kom med alle fire barna + Charlie. Frå Hareid kom Solveig og Olaug; der er ikkje så mange heime akkurat no, og Øystein skal ut og reise i morgon, så han valde å vere heime.
Vi vart 8 til bords, akkurat så mange som der er plass til rundt eitt bord. 
Menyen var spekemat med potetsalat og poteter m.m. Etterpå vart det rømmegraut og risengrynsgraut -fritt val. Det vart berre ein av gjestane som avstod frå rømmegrauten. "Feitetysdag" ei veke for seint.
Seinare drog eg fram julebakst frå frysaren, så eg vart no av med litt av den.
No har eg rydda opp etter "kalaset", og maskina har vaska opp.
Det er kjekt å ha besøk, og vi går aldri tomme for diskusjonstema. Synd at Rasmus -familien er så langt vekke-det er ikkje ofte vi kan treffe dei. Ingeborg reiser tilbake til Oslo komande torsdag.
Det er trasig vêr for dei som har ferie, men for dei som vil gå på ski er det sikkert betre når ein kjem opp i høgda . Vêret kan ein ikkje gjere noko med uansett.




mandag, februar 22, 2016

Dagbok 2016: 22.februar


Klokka er 18.10, temperaturen er + 1grad  C, og det snøar tett akkurat no. Snøen er såpass "fast" at han ligg på altanrekkverket. Eg kan ikkje ta bilde, for det er alt nokså mørkt ute.
Denne dagen har gått som ein røyk. Før middag styrte eg litt med matlaging på kjøkkenet + oppvask og rydding. Så vart det ein liten strikkepause før vi åt middag.
I dag vart det resten av fiskegratengen frå laurdag. Vi greidde å ete opp alt, men då vart det pause på sofaen etterpå, før det vart kaffi.
Meir har vi ikkje fått ut av dagen. Nils var ein snartur på butikken, og så har han rydda litt snø.
I morgon ventar vi Solveig og Margrete med barn til eit lite "vinterferietreff" mens Ingeborg er heime. Håkon reiste frå Hareid i dag.
I dag er det 26 år sidan Audun vart fødd, og den dagen silregna det. Det året var det rekordtidleg vår.
Kvar Audun er i skrivande stund, veit eg ikkje, som elev på Krigsskulen fartar han litt rundt, men bur fast i Oslo.
Eg driv og les to bøker på samme tid. Lydboka av Øystein Wiik måtte eg ta att og lese om att dei to første platene - det vat mykje som ikkje hadde gått heilt inn. Papirboka som eg fekk av Margrete les eg når det er fredeleg rundt meg, dvs. helst ikkje TV.
Det går etter kvart betre med Windows 10, eg finn meir og meir-i dag fann eg att bilda mine. No brukar eg ikkje så mykje tid på å finne ut av resten, for eg klarer meg bra med det eg har kontroll på.
Eg skulle ønske vi fekk litt betre vêr, for vinteren har vore lang nok no.
Bildet: Audun i bursdagsselskap hos Ingeborg, truleg 1-årsdagen i 1994 ?

søndag, februar 21, 2016

Dagbok 2016: 21.februar


Klokka er19.30. Temperaturen er + 2 grader C. Somme gonger er det snø som dalar ned, ande gonger regn eller sludd. Slik har det vore i heile dag.
Føremiddagen var veldig roleg her hos oss, Nils såg på TV og eg las i ei bok. Litt før klokka 14 gjorde vi oss klar og reiste til Hareid, der vi var invitert til middag hos Solveig og familie. Vi fekk nydelig mat, som alltid; Kjøtt og kjøttkaker i brun saus. Håkon hadde fått bestemme menyen sidan han var heime på besøk. Han held elles til i Oslo.
Dessertar og kaffi fekk vi også + mykje prat. Sjølv fekk eg "morsdagsblomst" av Solveig, ei veke etter dagen, men like kjært for det. Eg er glad i blomster, og akkurat no hadde eg ikkje så mange som er noko stas med.
I kveld har vi blinka oss ut nokre program vi skal sjå på TV, noko på direkten, og noko må vi ta opp.
Håper det blir nokre fine dagar også, no når det er vinterferie.

I år fall morsdag og Valentins dag på samme dag. Denne fekk eg av Solveig.
I dag kan vi gratulere Henning med 12-årsdagen, Hilde Helen med 46-årsdagen og kong Harald som fyller 79 år.

lørdag, februar 20, 2016

Dagbok 2016: 20.februar

Klokka går mot 19.00, temperaturen er + 2 grader C og i dag har vi hatt både regn, snø og vind. Ikkje rart at eg verkte både i hofta og kneet då eg stod opp. Giktvêr med andre ord, men det kom seg etter kvart. Eg har ikkje tatt bilde i dag heller.
I dag har eg vore relativt aktiv, ikkje nødvendigvis fysisk.
Starta dagen med å lage ein stor fiskegrateng, som eg reknar med skal vare i to dagar. Først kokte eg heile pakken med glutenfri makaroni, berre for å oppdage at eg hadde ferdigkokt vanleg makaroni i frysaren. Fiskegratengen blei vellykka, den beste eg har laga, seier Nils.( Kanskje på grunn av dei glutenfri?) Så raspa eg gulrøter. Mens gratengen stod i omnen felte eg av ein lest. Det var eigentleg eit kjedelig prosjekt; ny fot på gammalt brot, til meg sjølv.
Då fiskegratengen var ferdig steikt, tok vi ein tur på Amfi for å treffe folk og "frette" nytt. Vi treffer alltid folk vi kjenner, og no har alle sut for at Nils ikkje kjem seg på sjøen-på grunn av vêret. Det er snart tomt for fisk i frysaren, men det går no an å ete annan mat også. I morgon skal vi ete middag på Hareid, slik at vi får treffe Håkon før han reiser. tilbake til Oslo.
Etter at vi hadde ete oss stappmette på grateng "pausa" vi litt før det vart kaffi.
Mens Nils såg sport på TV las eg i papirboka eg fekk av Margrete. Den er litt utfordrande å lese, ikkje på grunn av innhald eller språk, men på grunn av den fragmentariske måten den er skriven på. Men eg likar slike utfordringar og har lese over 100 sider i dag.
Så har eg laga nesten heilt ferdig lista over tremenningane på Trovåg-sida. Eg har litt problem med å finne att alle dokumenta på Windows 10, men dette har eg greidd å lagre og finne att. Eg har ikkje gitt opp W 10 enno, men veit eigentleg ikkje om det er fordelar med det.
Eg har registrert at mine barn er snare til å påpeike rettskrivingsfeila mine. Det er vel fordi eg skryter av at eg kan skrive heilt korrekt. Eg sit ikkje med ordlista når eg skriv privat. Men berre hald fram å rette, eg lærer av det. No blir det vel mykje TV resten av kvelden-ikkje alt er like kjekt. Hadde eg vore åleine heime, hadde eg heller slått av og lese i bøkene mine.

fredag, februar 19, 2016

Dagbok 2016: 19.februar

Klokka har passert 18.00 og fredagskvelden nærmar seg. Det plar i alle fall bli nok TV den kvelden.
Ute er det opplett og + 5 grader-aldri så lite sol tidleg på dag.
I dag vart det ein skikkeleg "lapredag". Vi tok ein tur nedover for å handle utpå føremiddagen, det er om lag alt som har hendt i dag.
Vi var innom Europris og kjøpte diverse vaskemiddel i store mengder. Det blir billeg, og så har ein det ein treng i hus. Har planar om nedvask - viss helsa held.
Hadde eit ærend på Clas også, og så handla vi matvarer på Coop. I dag leita eg etter makaroni, men fann den til slutt. Kjøpte ein pakke lettkokte+ to pakkar spaghetti. Då eg kom heim såg eg at det var glutenfrie produkt. Så heretter lyt eg passe på å lese betre på pakkane. Men det skader vel ikkje å ete glutenfritt?
Vi fann middagsmat i frysarane og skapa i dag også. Gilde karbonadar med Toro saus, men heimelaga erterstuing. Eg saknar litt all den gode fisken vi plar ha. No blir det ikkje fisk fem dagar i veka slik vi er vande med.
Etter middag pausa vi før det vart kaffi. Dagane går som ein røyk anten ein vil eller ikkje.
Ønsker alle ei fin helg. Her i vårt distrikt er det vinterferie neste veke.

torsdag, februar 18, 2016

Bok nr.13 - 2016: DNA

DNA
«DNA» er nok en nervepirrende page-turner fra bestselgerforfatteren Yrsa Sigurdardóttir.
En ung kvinne blir funnet brutalt myrdet i sitt eget hjem i Reykjavik. Det eneste vitnet er hennes sju år gamle datter. Når enda en kvinne blir drept på bestialsk vis kort tid etterpå, står politiet uten andre spor enn mistanken om at det er samme gjerningsmann. En radioamatør fanger inn skremmende meldinger som knytter ham til begge de drepte kvinnene, selv om han ikke kjente noen av dem. Nysgjerrigheten får ham til å sette i gang farlige undersøkelser på egenhånd. Huldar har ansvaret for etterforskningen av drapene. Mangelen på konkrete spor skaper frustrasjon og konflikter internt i politiet. Saken kompliseres ytterligere ved at han har løyet om seg selv for psykologen Frøya, som bistår jenta som var til stede da moren ble drept.
Med «DNA» viser Yrsa Sigurdardóttir hvor dyktig hun er til å skape intelligente og effektive plott, med et rikt og spennende persongalleri.
..........................................................................
Det blei mykje lesing i dag/kveld. Måtte berre få vite løysinga på dette mysteriet.
Ei krimbok litt utanom det vanlege. Anbefalt.

Dagbok 2016: 18.februar

Klokka har passert 19.00 og vi er nettopp ferdige med middagen. Sit her med kaffikoppen og er rimeleg overmett. I dag laga eg Toro stroganoffgryte med kjøttdeig + ris. Til dessert: frosne skogsbær innkjøpt til jul, med fløte (innkjøpt til morsdag). Som de sikkert forstår har eg hatt eit lite dykk i frysaren. Det er svært sjeldan vi har dessert.
Ute er det stort sett stilt og opplett, temperaturen er + 2,5 grader C. Vegane er berre, med høge brøytekantar, men det gjer no ingen ting.
Før middag gjekk Nils ein skogstur for å teste forma. Eg tok testen på golvvask og støvsuging. Etter lunsj hadde vi ein relativt lang pause, eg las i boka mi, og strikka på ein lest. Då eg hadde felt den av, laga eg middag. Elles har det vore ein veldig roleg dag i dag. I morgon trur eg vi må nedover og handle litt av kvart. Eg har så smått tenkt å begynne å vaske ned etter kvart og då må eg ha både vaskemidlar og andre remediar.
I morgon er det fredag igjen. Kan ikkje hugse at helgane kom så ofte før i tida.

onsdag, februar 17, 2016

Dagbok 2016: 17.februar

Klokka nærmar seg 18.00, temperaturen er + 4 grader C og det har vore regn og vind i dag. Nils var nedover ein tur, eg har halde meg inne. Ikkje har eg gjort noko særleg heller. Hadde ikkje noko spesielt på programmet, så eg har gått og smårydda litt etc. Tok meg ein liten tur ut på altanen og vaska det "grøvste" av vindua, så no ser vi ut i alle fall. Har ikkje pussa vindua skikkelig sidan lenge før jul. Anten er det for kaldt, eller det blæs eller regnar - eller så er det eitt eller anna anna som er i  vegen. For faktisk likar eg å vaske vindu!
Og så må eg innrømme ei stor synd: Eg begynte på ein kriminalroman i går som er VELDIG interessant og spennande. Så det har blitt ein del strikking med lydbok på øyret. Eg burde vel ikkje ha dårleg samvit, er no pensjonist og får same løna om eg ikkje "arbeider".
Vi har høyrt mange fly lande, men veit ikkje om Ingeborg har kome fram enno, ho skulle kome i dag/kveld.
Klokka 19.30 skal vi på Kulturhuset og oververe årets musikal frå musikklina på VVS. Det er siste året Eirik er med-det er litt vemodig, men vi får håpe andre følgjer etter i spora hans. Då tenkjer eg i første omgang på søskena.
Det kan hende eg skriv nokre ordseinare i kveld også. Elles er der mykje stoff om musikalen på nettet.
I dag hadde vi tidleg middag, med kokt lange på menyen.
Seinare:
No har vi vore og sett og høyrt årets musikal. Det er like imponerande kvart år-SÅ mange flinke ungdommar! Bildet over har eg scanna frå programmet, men det kjem sikkert mange fleire bilde på Facebook.
Dette bildet er frå 18-årsdagen til Ambjørg i 1958. I dag kan eg gratulere henne med 76-årsdagen.

tirsdag, februar 16, 2016

Dagbok 2016: 16. februar

Klokka er no 16.00. Temperaturen ute er + 4 grader C og det er overskya; har ikkje sett sola i dag. Det har heller ikkje vore nedbør, men iskald vind på andre sida av bygda - lunt her på Bøen.
Rett etter frokost shina eg opp kjøkkenet, som eg gjer kvar veke, og då blir det gjerne ei skuffe eller eit skap i same rennet. Det er slutt på den tida då heile kjøkkenet vart vaska ned på ein dag. Elles fekk eg vaska og tromla tre maskiner med klede i løpet av føremiddagen, lagt i hop og lagt på plass. Det var kjekt å få vaska i ny maskin. Meiner den må vere større enn dei vi har hatt før, og det kan kanskje vere meir økonomisk? Det var i alle fall mykje klede som vart vaska no.
Elles har dagen gått mykje opp i "tull". Nils bestemte seg for å gå til dokter med den vonde foten sin, han var ned på legesenteret, men kom heim att med beskjed om å kome att klokka 13.00.
Han kom ikkje inn til fastlegen, men til ein kvinneleg lege vi ikkje kjenner. Han fekk ikkje ny medisin, men skal ta dobbelt opp med Prednisolon i fem dagar. Så får vi håpe det hjelper. Det merkelege er at når han går i terreng er han heilt bra.Mens han var hos legen gjorde eg meg klar til ein handletur
Eg hadde ikkje kjøpt blomster til gravferda sist fredag, så eg kjøpte ein plante og var bort med i dag. Det var ærendet eg hadde, men det vart ein liten tur inn på Amfi også. Gjekk og lurte på kva vi skulle finne på til middag i dag, men så kom eg på at vi hadde julepølser (dampamòr) i frysaren. Der er ikkje mykje fiskeri for tida, så vi må tenkje litt nytt når det gjeld matlaging. I dag blir det sein middag - med pølser, poteter og kålrabi (rabbe).
Eg har ikkje kome lenger når det gjeld Windows 10, men eg brukar den som den er-maskina altså. Det som irriterer meg er at eg ikkje har fått til å stille skjermen skikkelig, så skjermbildet er for breidt i forhold til høgda.
Det hadde ikkje kome mykje snø sist natt, men i dag pløgde dei med snøfresar, slik at vegane vart breiare.(Bildet).

mandag, februar 15, 2016

Bok nr.12 - 2016: Trilogien: Andvake, Olavs draumar og Kveldsværd


 Trilogien
Endeleg er Jon Fosses kritikarroste og lysande kjærleikstrilogi om Asle og Alida samla i ei bok. Andvake (2007) er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. Huslause og søvnlause vandrar dei i regnet i Bjørgvin. Dei drep for å skapa eit liv for seg sjølv og barnet dei ventar. I Olavs draumar (2012) møter vi Asle på veg for å skaffe ringar. Asle og Alida skal bli ektefolk. I staden endar Asle med å bøte med livet for gjerningane sine. I det siste bandet, Kveldsvævd (2014), får vi vite korleis det gjekk med paret som ofra samvitet for kjærleiken gjennom gamle Ales, dotter til Alida. Vi følgjer Alida og den vesle sonen Sigvald tilbake til Dylgja, staden Asle og Alida ein gong rømte frå.
 
Trilogien er eit meisterverk om to elskande som prøver å finne sin stad i verda.
.........................................................................
Eg har lese to bøker av Jon Fosse før, men det er nokre år sida. Forfattaren er meir enn ein gong blitt geniforklart, men eg har ikkje hatt heilt sansen for han. Mange har anbefalt meg å lese denne trilogien, og det har eg gjort i dag-begynte så vidt i går kveld. Eg har sjølvsagt lese den altfor fort, men teksten innbyr ikkje til å pause. Den er spennande, nesten på same måte som krim. Om eg blir Fosse-fan er eg ikkje heilt sikker på-det vil tida vise. Språket er veldig spesielt, for ikkje å snakke om teiknsettinga-heile sider utan punktum, blei nesten andpusten av å lese. Men veldig kjekt å få lese ei bok i mitt eige tempo, lydbøker er langsomme.

Dagbok 2016: 15.februar


Klokka er 16.30, temperaturen er 0 grader C og akkurat no er det opplett og lettskya. Då vi stod opp i dag hadde det kome ein del snø, så då hadde vi litt jobb med å mòke-ja, det var no helst Nils som stod på.Seinare kom det også snøbyger, men med våtare snø. 
Dei skulle kome med vaskemaskina i dag, så det var best å ha ryddig tun. Dei skulle ringe før dei kom, men det varte og rakk, og så ringde Nils bort på butikken. Dei skulle kome ein gong før klokka 16, sa dei-så vi fekk ein lang ventedag. Eg brukte tida på å lese ei bok- blant anna. No er den nye vaskemaskina i gang med klesvasken-endeleg, så no blir det mykje klesvask resten av dagen/kvelden.Dagane er heldigvis blitt lengre og lysare.Til middag hadde vi fiskekaker frå frysaren, men vi åt i alle fall heime i dag.
Inspirert av ei bok av Jon Fosse kallar eg bilda mine i dag "Morgon og kveld". 


søndag, februar 14, 2016

Bok nr.11 -2016: Mørke rom

Mørke rom
Libby er syv år gammel da moren og de to søstrene hennes blir myrdet, og broren Ben blir senere dømt for ugjerningen. Som voksen blir Libby kontaktet av The Kill Club, en forening som er sykelig opptatt av beryktede drapssaker, som ønsker å bevise at Ben er uskyldig dømt. Libby ser muligheten til å tjene penger på historien sin, og påtar seg å oppsøke aktører fra den natten mordene skjedde. Gradvis avdekkes en utenkelig sannhet, og snart er Libby nok en gang på flukt fra en morder.
.........................................................................................................
Eg har brukt litt for lang tid på denne boka; eg har "dotte ut" tusen gongar, spola tilbake like mange og i det heile tatt. Denne siste veka har eg hatt mange jern i elden, så eg har ikkje fått lese så mykje i samanheng. Dette er ikkje ein fordel.Men i dag las eg ferdig boka. Kva eg synest? Tja, kva skal ein seie. For meg blei boka langdryg, for mykje fram og tilbake, for mange villspor osb. Løysinga på mysteriet var noko søkt. Kort sagt: Eg var ikkje overbegeistra.Viss ein les på nettet får boka frå 1 til 6 på terningkast.

Dagbok 2016: 14.februar

Klokka ersnart halv åtte, temperaturen er minus 2 grader C. Det har vore fint vêr i dag også, særleg før middag. Nils gjekk ein tur opp i skogen, men eg er ikkje SÅ sprek. Eg las i boka mi og strikka litt.
Nils ville vi skulle ete middag på Kina-restauranten i Volda, det gjorde vi på morsdag i fjor også. Eg hadde tenkt å lage ein gryterett, men så hadde Nils misforstått og ikkje tatt opp kjøt frå frysaren.
Volda og Ørsta ligg ikkje langt frå kvarandre, men det er stor skilnad på dei to "byane"-det hugsar eg også frå den tida eg budde i Volda. I Ørsta er det mykje meir snø og kulde. Slik var det i dag også. Her i Ørsta er det store snødungar og høge brøytekantar, i Volda var det lite snø. Eg synest det er fint å sitte og sjå utover fjorden og på hamna når eg er der borte.
Vi åt altså middag der i dag, og til ei forandring bestilte vi "Dagens". Greitt nok. Etter at vi kom heim har eg lese i boka mi, og strikka litt. No skal eg begynne på 10.og nest siste plata.
I dag kom leigebuarane att frå Litauen. Og i morgon kjem vaskemaskina. Det ser eg fram til.






lørdag, februar 13, 2016

Dagbok 2016: 13.februar


Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er minus 6 grader C og vi har hatt ein fin dag med mykje sol.
Før vi for nedover i dag støvsuga eg teppegolva og rydda i huset, sidan det vart forsømt i går. Vi var innom Amfi og så gjekk vi ein tur i gågata utan at det skjedde så mykje der. På Amfi trefte vi mange kjende, som vanleg, og handla det vi trong for helga.
Til lunsj åt vi brødskiver med røykelaks, middag laga vi ikkje sidan vi hadde avtale med Margrete og kidsa.
Dei var på kino og såg filmen om Birkebeinarane, og etterpå møttest vi på Rosabella og åt to store pizza. Eirik kom ikkje, han hadde gløymt at vi skulle møtast og reist heim att.
Verken Margrete eller eg har så mykje til overs for gåver til all slags dagar, men kven var det som kom med gåve til mor si? Eg fekk to bøker, den eine hadde eg ønska meg på FB, den andre kjenner eg ikkje til, men reknar med at den er bra, for Margrete brukar å ha peiling på bøker. "Alt jeg ikke husker" er ein tittel som eg kunne ha laga sjølv. Pradoksalt nok sat eg og fortalde om slikt eg hugsar då vi var på Rosabella.Eg gler meg til å lese desse bøkene. Kjekt å lese på papir innimellom. Det går fortare enn å lese lydbøker, og som regel hugsar eg papirbøkene betre.
Elles må eg opplyse at i dag skriv eg bloggen på Windows 10. Det har gått bra så langt, men eg har nok ein lang veg å gå før eg blir fortruleg med det nye oppsettet.
Ønsker  ein fin Valentinsdag/morsdag for alle som er i ei eller begge gruppene. Ja, og så alle dei som er utanfor også.....

fredag, februar 12, 2016

Dagbok 2016: 12.februar

Klokka er 18.00, temperaturen er minus 1 grad og det er nesten klårt ute. No skal vi snart ha ein kaffikopp for det blir fullt program på TV.
Det har vore ein minnerik dag på mange måtar. Vi starta dagen med å gå i gravferd til ein mann som Nils vart kjend med den tida han jobba på Moldøen Canning i Måløy. Dei flytta til Ørsta om lag på samme tid som vi, og vi hadde mykje med kvarandre å gjere ei tid. Vi er til dømes fadrar på yngste jenta deira. Magnus har vore sjuk i fleire år og siste par åra har han vore på sjukeheim. Det var ei fin gravferd, sjølv om der ikkje var så veldig mykje folk. Og Knut Ose spela nydelig på fiolin attåt orgelet. Vi var med fram på gravplassen. Det var så fint der i dag, med kvit snø på marka og eit lett snødryss frå himmelen. Eg fekk som ei kjensle av å sjå ein film, med alle dei svartkledde menneska mot den kvite snøen. Det var Sæbøpresten, Espen, som forretta i dag.(Han er svigerson til Arne Ola)  Han er sjølv ein ivrig fiskar, så det vart ein del snakk om fisk.

Då vi kom heim tok eg eit par bilde, det var litt spesielt at det var sol og snødryss på same tid. 
Vi har samla eit lager av egg, så i dag laga eg pannekaker til to av seks egg. Ja, vi åt ikkje opp alt, så no tek vi resten til kaffimat. Nils har nettopp laga nydelig kaffi.

Men i mellomtida har det skjedd dramatiske ting. Eg sette på vaskemaskina før vi skulle "pause"-men då eg skulle ta ut kleda, hadde det ikkje skjedd noko. Hadde litt problem sist eg vaska også, så no dømde vi maskina til døden. Vi veit ikkje kor gammal ho er, men i alle fall godt over ti år. Eg var inn på nettet og sjekka litt, og sidan Elkjøp har ope til sju, rakk vi å kjøpe ny maskin i dag. Men vi får den ikkje før mandag. Litt dumt at eg har samla opp klede heile veka for å vaske i dag! Trudde det var lurt. Som alltid anbefalar seljaren ei maskin framfor dei andre, og som alltid kjøper vi det som blir anbefalt. Ingen stor risiko heller, for der er garanti på alt. I dag vart det altså Siemens Wash 1400, etter at eg hadde utfordra seljaren på alle tenkelege måtar eg kunne komme på.
Eigentleg skulle eg ha støvsuga i dag, men det rakk eg ikkje, så det får bli i morgon.
I morgon ettermiddag/kveld skal vi på Rosabella og ete pizza i lag med Margrete og ungane. Dei skal på kino først. Vi skal feire litt morsdag og Valentinsdag etc. Vi brukar å gå på Rosabella når det er musikal eller ballettshow etc. Men det passar ikkje denne gongen..


No på kvelden vart det veldig fint vêr med sol frå nesten klår himmel. Vil ønske alle ei fin helg anten de skal ut på ski eller sitte inne og sjå TV. Ja, same kva de finn på. Det er i alle fall godt at dagane er lengre og lysare. 

torsdag, februar 11, 2016

Dagbok 2016: 11.februar

Klokka er ca 15.45, og sola skin som ho har gjort i heile dag. Temperaturen på baksida av huset er + 3 grader. No har ikkje eg vore ute for ei dør i dag heller, og grunnen kan kort og godt kallast dataproblem.
Eg sette meg til og skulle skrive referat i dag etter frokost, og då brukar eg alltid den stasjonære maskina sidan den er kopla til skrivaren. Men kvar var Windows Word? Eg fann ut at eg måtte ha sletta det ein dag eg sat og "rydda" på maskina. Så fekk eg den lyse(?) ideen at eg kunne legge inn Windows 10 når eg likevel var på glattisen. Det gjekk heilt fint det, men det tok si tid, så i mellomtida vaska eg bad og kjøkken. Men maskina var ikkje ferdig då eg var det, så eg tok like godt og skreiv på laptoppen og etter kvart fekk eg sendt det til meg sjølv og printa det ut. Puff!
Windows 10 virkar, og eg har funne att både mail, startsida og Facebook. Men det er noko som er vekke: BØKENE. No sat eg i går kveld og rippa to bøker og la dei inn på minnepenn til Solveig, men ikkje på min eigen MP3-spelar, så no rippar eg igjen. Heldigvis hadde eg ikkje levert tilbake bøkene. Nokre bøker gjekk tapt, men det går no an å få låne dei ein gong til.
Eg har fått sendt referatet til avisa, og bilde. Så håper eg alt går i boks.
Mens eg kava på hadde Nils koka ertersuppe som vi åt i 13-tida. Og no har eg tatt inn kleda som har hange ute heile veka-det var sentrifuga som slo seg vrang, for elles tørkar eg i trommelen. No må eg rippe vidare......

onsdag, februar 10, 2016

Dagbok 2016: 10.februar.


Klokka er 19.15, temperaturen er + 3 grader og Sylvi Listhaug på TV. Vi er nettopp komne heim frå pensjonistmøtet.
I dag har det stort sett dreia seg om pensjonistmøtet. Etter morgonstellet var vi på Bakk-Ola og henta songbøker, så var vi på Amfi og handla før vi stilte på Kulturhuset for borddekking m.m.
Vi rakk heimom for å ete lunsj, kvile litt og kle oss om før vi for på møte klokka 15.30.
Der var ikkje så mykje folk som sist, kanskje fordi det var årsmøte? Alle er visst redde for å bli valde til noko, sjølv om alle som står på val er spurde på førehand.
Dei som møtte fram fekk i alle fall nyte musikk med høgt nivå; Morten Bollerud på trekkspel og Øystein Salhus på fiolin. Dei spelte m.a. "Vinteren" av Vivaldi.
Ei av dei som var på møtet kom frå biblioteket med to bøker som dei hadde lagt av til meg, så no blir det meir ripping.
I morgon går føremiddagen med til å skrive referat, men så skal vi ikkje ha nytt møte før i april! I mars inviterer Rotary og Inner Wheel alle pensjonistane til "fest".

tirsdag, februar 09, 2016

Dagbok 2016: 9.februar


Klokka er 17.00 og Nils held på å koke middag. Temperaturen er + 3,5 grader og vi har hatt ein lettskya fin dag. Sola har også vore framme.
Nils var låk i foten i dag, så då har han funne ut at det beste han då kan gjere er å gå ein tur, helst i terreng. Så det gjorde han før middag. Eg er ikkje flink å komme meg ut. I dag hadde eg sett meg i hovudet at eg skulle bake brød, og då slo eg like godt til med dobbel porsjon= 6 brød.
Derfor vart middagen utsett til seinare og vi unte oss lunsj med nysteikt brød.
Etter ei lita pause fann eg ut at eg kunne begynne å rydde i skuffer og skap. Det synest eg i grunnen er ganske kjekt. I dag tok eg føre meg mine eigene skuffer og skapt. Fekk kasta ein del, og fann att noko eg har leita etter lenge,  det er det kjekkaste med rydding.
No er her veldig godt og varmt i stova sidan Nils har sett i gang med å brenne slikt som ikkje skal kastast i bosset, men "tilintetgjerast" på annan måte.
I morgon blir vi opptekne med pensjsonistmøtet nesten heile dagen, og fredag skal vi i gravferd. Han som er død jobba i lag med Nils både i Måløy og her i Ørsta. Vi er dessutan fadder på eine dottera hans. Han har vore sjuk lenge og i seinare tid har han budd på sjukeheimen. Det som er litt underleg når ein kjem opp i åra er at det er jamaldringane våre som døyr; før var det stort sett "gamle folk". 
Eg har så vidt begynt på ei ny bok av Gillin Flynn, men eg kan ikkje sitte så mykje utan å få problem, så det blir vel mindre både med lesing og strikking. Har eit lestepar på gang som er nesten ferdig, og ein stor pose med lestegarn. Fleire i familien er avhengige av heimestrikka lestar, så eg håper eg kan vere til nytte ei stund til

mandag, februar 08, 2016

Bok nr.10 - 2016: Åpne sår

Åpne sår av Gillian Flynn (Lydbok-CD)
Krimdebuten til Gillian Flynn, forfatteren bak «Flink pike».
Camille Preaker har bosatt seg i Chicago etter et lenge opphold på en psykiatrisk klinikk. Hun arbeider som journalist i en annenrangs avis mens hun forsøker å legge barndommen i Wind Gap bak seg. Men så blir to unge jenter funnet drept i hjembyen hennes, og Camille sendes tilbake for å dekke tragedien. Hun setter motvillig kursen hjemover til familiens herskapsvilla, hvor hun gjenforenes med sin mor og halvsøsteren Amma. Snart avdekker Camille nye spor i jakten på dobbeltmorderen, men hvorfor identifiserer hun seg så sterkt med de døde jentene? Det viser seg at Camille må gjenåpne gamle sår for å komme videre, og ikke minst for å overleve ...
«Åpne sår» er en mørk og åndeløst spennende reise inn under huden på Camille Preaker og hennes svært dysfunksjonelle familie. Romanen regnes som en av de sterkeste krimdebutene i USA på mange år, og innkasserte både en Edgar-nominasjon og to Dagger-priser.

................................................................................................................
Eg har lese berre ei bok av denne forfattaren før, nemleg "Flink pike", ei bok som somme elskar, andre hatar. Eg likte den. Om ikkje " Åpne sår" er fullt så bra, så har eg likt den også. Den handlar også om ganske "sjuke" folk. Eg var heile tida overtydd om at eg visste kven mordaren var, men vart likevel overraska då løysinga kom.
Boka er på berre 7 CD plater, og sidan Nils var på eit møte no i kveld, nytta eg høvet til å lese dei to siste. Opplesaren er flink, og det er ikkje mykje folk å halde orden på.
Eg må til mi unnskyldning seie at eg strikka flittig heile tida!

Dagbok 2016: 8.februar

Klokka er snart 18.00, temperaturen er +3 grader og kvar denne dagen har blitt av, veit ikkje eg. Dagane går som ein røyk anten ein gjer noko eller ikkje.
I dag har eg ikkje gjort stort, men vi måtte ein liten tur til Vik, mellom anna så måtte eg ha blekk til skrivaren-og då er det Clas Ohlson som får besøk.Nils hadde avtale med ei dame han skulle snakke  med, og eg trefte ei anna som eg prata med.
Då vi kom heim kokte vi poteter og åt spekemat. Det blei ein liten bokpause før vi drakk kaffi.
Eg skreiv årsmelding til pensjonistlaget i går, men måtte flikke litt på den i dag, såpass eg fekk det inn på to sider. Fekk litt trøbbel fordi eg ville ha det inn på eitt ark, men skal ikkje gå i detaljar. No er alt i orden-men det tok litt tid.
Eg held på med ei bok som eg har planer om å lese ferdig i løpet av kvelden, og så har eg ein klesvask på gang. Merkeleg kor ein dag kan forsvinne utan at det hender noko særleg. Nils skal på møte i kveld-det er politikken som kallar.

søndag, februar 07, 2016

Dagbok 2016: 7.februar

Klokka er 17.00. temperaturen er + 7 grader C og det er skya opphaldsvêr. Eg var nettopp ut på altanen og tok bilda.
I dag hadde eg ein liten jobb å gjere; eg skulle skrive årsmelding for Pensjonistlaget, vi skal ha årsmøte komande onsdag. Mens eg skreiv tok Nils seg ein tur ut for å sjå etter båten . Eg rakk også å rydde litt i huset og lage remuladesaus mens han var vekke. I dag skulle vi ha steikt kolkjeft/ lysing til middag, med heimelaga remulade, noko som Nils er veldig glad i. 
Maten var god og vi et enorme mengder når vi har slik god fisk. Eg steiker den med skinnet på, slik at det blir godt brunt og sprøtt. Det er berre eitt aber: lukt av steikt fisk i huset i timesvis etterpå, ja, eg synes heile meg osar steikt fisk. Må vaske håret i løpet av dagen/kvelden!
Elles har eg begynt på ei ny bok, men har ikkje lese meir enn ei plate enno. Og så har eg strikka litt. Viss eg har nok trykksverte i hus, skal eg trykke opp årsmeldinga i løpet av kvelden.
Eg ser ikkje den norske serien "Mammon"-blir så lei av slike grå/svarte bilde. Vi har no farge-TV eigentleg. Men eg tek opp diverse program som eg har i bakhand, det er meir sosialt å sjå TV enn å lese når ein er to.
Nils har vore ut på tilbygget og rota i snøen slik at den skal smelte fortare, det skal visst bli kaldare på sikt.


Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...