mandag, februar 22, 2016

Dagbok 2016: 22.februar


Klokka er 18.10, temperaturen er + 1grad  C, og det snøar tett akkurat no. Snøen er såpass "fast" at han ligg på altanrekkverket. Eg kan ikkje ta bilde, for det er alt nokså mørkt ute.
Denne dagen har gått som ein røyk. Før middag styrte eg litt med matlaging på kjøkkenet + oppvask og rydding. Så vart det ein liten strikkepause før vi åt middag.
I dag vart det resten av fiskegratengen frå laurdag. Vi greidde å ete opp alt, men då vart det pause på sofaen etterpå, før det vart kaffi.
Meir har vi ikkje fått ut av dagen. Nils var ein snartur på butikken, og så har han rydda litt snø.
I morgon ventar vi Solveig og Margrete med barn til eit lite "vinterferietreff" mens Ingeborg er heime. Håkon reiste frå Hareid i dag.
I dag er det 26 år sidan Audun vart fødd, og den dagen silregna det. Det året var det rekordtidleg vår.
Kvar Audun er i skrivande stund, veit eg ikkje, som elev på Krigsskulen fartar han litt rundt, men bur fast i Oslo.
Eg driv og les to bøker på samme tid. Lydboka av Øystein Wiik måtte eg ta att og lese om att dei to første platene - det vat mykje som ikkje hadde gått heilt inn. Papirboka som eg fekk av Margrete les eg når det er fredeleg rundt meg, dvs. helst ikkje TV.
Det går etter kvart betre med Windows 10, eg finn meir og meir-i dag fann eg att bilda mine. No brukar eg ikkje så mykje tid på å finne ut av resten, for eg klarer meg bra med det eg har kontroll på.
Eg skulle ønske vi fekk litt betre vêr, for vinteren har vore lang nok no.
Bildet: Audun i bursdagsselskap hos Ingeborg, truleg 1-årsdagen i 1994 ?

2 kommentarer:

solveig sa...

Han er i Norheimsund og førebur seg til marsjen.

Anonym sa...

Javel. Ser at han ikkje har vore på FB

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...