lørdag, oktober 31, 2026

Dagbok 2026: 31.oktober


Klokka er no ca 21. 00 ute er det bekmørkt og det regnar aldri så lite,temperaturen er ca 9 graderC

Dette vart ein spesiell dag, i alle fall for Svein, Margrete og meg.  Svein hadde fødselsdag, derfor vart det middag for oss tre på den indinske restauranten her i Ørsta. Vi fekk god mart som vanleg, vi i familien her er glade i indisk mat men sjeldan er vi berre 3 ved bordet. 

Men det som vart det aller kjekkaste for oss 3 i dag, var å få fare på kino i Volda.

Der fekk vi sjå filmen "Markens grøde" (Hamsun si bok) og det er den beste filmen eg har sett på mange, mange år. Eg veit ikkje om eg har sett nokon betre nokon gong...........Vi tre var heilt samde i at den var kjempebra.
Filmen lever i meg enno. Og så var det ein kjekk kinosal dei hadde laga til på "loftet" i det gamle kulturhuset, gode stolar var der også.

Margrete skulle handle litt på KiVI då vi kom tilbake til Ørsta. Eg trong ikkje så mykje, men kjøpte litt eg også.

Eg har hatt ein kjekk dag-og den filmen.........................................

fredag, oktober 30, 2026

Dagbok 2026: 30.oktober

 



Klokka er no17.30, ute er det skya, men opplett og +7 graderC. Det har vore bra ver i dag, så eg kunne sikkert ha vore ute, men eg er ikkje  så sprek i føtene.at eg torde å gi meg ut på tur. Eg vil ikkje anbefale andre damer på godt over 80 å dette og slå seg, det er ikkje like enkelt som det var før. Eg har no litt låkt både her og der, men ikkje så gale-når eg tek alt med ro-slik eg gjer no.

I dag har eg pusla litt her heime i huset og så har eg vore oppe hos Marit ei stund og PRATA.

Eg trudde det var i dag vi skulle på kino, men det er i morgon. Då blir det "Markens grøde" med Margrete og Svein. Men først skal vi ha middag -indisk, trur eg.Det er på den indiske restauranten vi går når vi skal feire. Der er god mat, og ikkje akkurat slik mat vi lagar sjølv

Her heime hos meg skjer det lite for tida, men eg har no TV-en og så strikkar eg lester til heile storfamilien-det er den jobben eg har no- Felte nettopp av eit par, så no har eg minst 4 par her, men det er Solveig som  deler ut, og eg trur ho har nokså mange par, og enno er det langt fram til jul. Ja, det er no bra at eg kan bidra aldri så lite. Men eg ser at eg må passe venstre handa mi også, den braut eg for ikkje så mange  år sidan, så den er ikkje heilt god .-den heller.Eg har ein liten tendens til å dette og skade meg, og det er ikkje så bra i min alder.

Solveig og Øystein som no er pensjonistar er i Bergen for å feire barnebarnet  Tobias som blir 2 år 1. november- Vi er etter kvart blitt ein stor familie og det er no kjekt synest eg.

I 

torsdag, oktober 29, 2026

Dagbok 2026. 29.oktober

 





Klokka er no20.15, temperaturen ute er + 8 graderC og det regnar. Mørkt er det også, så no er hausten her for fullt. Eg kan ikkje seie eg likar det. Eg har nettopp vore oppe hos Marit ei stund, elles har eg vore heime. Eg kan ikkje skryte av at eg har gjort så mykje i dag, men eg fekk ein raptus i halv-6 tida og vaska på kjøkkenet og badet. Det er det eg kallar "fredagsvask" . Elles har eg strikka litt, men eg må innrømme at eg har litt vondt for å sitte mykje, det kjem av det fallet eg hadde tidlegare, eg veit ikkje kor mykje som er øydelagt, men noko er det.Det er litt vondt å sitte også-på venstre sida. Men eg håper det kjem seg.

Eg ser veldig fram til morgondagen for då kjem Margrete og hentar meg, og så skal vi på kino i Volda. Der skal vi sjå "Markens grøde", det gleder eg meg til Eg har no lese boka ein gong i tida - men hugsar veldig lite. Desse døtrene mine tek godt vare på si gamle mor. Og takk for det. Det er sjølvsagt ikkje berre døtrene som er til stor hjelp, Rasmus er like hjelpsom, men han er så langt borte. Men det var han som fiksa bilen min, og det var litt av ein jobb.

No skal eg sjå om eg finn meg litt godsaker i kjøleskapet, eg har ikkje ete på ei god stund, så eg svelt. Det er no enno tidleg kveld

onsdag, oktober 28, 2026

Dagbok 2026.: 28.oktober




  Klokka er no16.50, temperaturen ute er+9 grader C, det er overskya og det  

Regna innimellom. I dag var eg invitert til å vere med ei  tidlegare kollega og venninne å feire at ho er 70 år no. Feiringa skulle vere på Rekkedal, i ei løe som er noko ombygd. Eg trudde eg hadde vore der  før, men eg kjende meg ikkje att nokon stad når vi køyrde bortover, så eg trur ikkje eg har vore der i dagslys i alle fall. Den som frakta meg bort, var Astrid og mannen hennar, og dei hadde med blomster til jubilanten frå oss andre også. Men dei reiste heim att og eg vart igjen med jubilanten som la siste hand på borddekkinga. 

Etter kvart kom alle dei andre, mange hadde jobba på Velle skule -men ikkje alle. Etter kvart sette vi oss til bordet, og der sat vi til vi skulle heim. Vi prata og vi åt og kosa oss. Ho som var vertinne fortalde litt om korleis  "garden" hadde blitt til "KAFE".

Eg har aldri vore på Rekkedal i dagslys-trur eg, så eg syntest det var spennande å sjå ein å frammand stad, så nær Ørsta. Der var mellom anna nokre store og nære fjell som var litt uhyggelege ,syntest eg.

På heimvegen fekk eg sitte på med ho som skulle køyre Margrete K. og Tone til Volda. Ho køyrde heilt til døra mi-og takk for det.

Det vart ein kjekk dag.


tirsdag, oktober 27, 2026

Dagbok 2026: 27.oktober

Klokka er 17.40, men det er bekmørkt ute, det er vel på grunn av at vi har gått over på "vintertid" at det vert mørkt så tidleg., men vi blir vel fort vande med dei mørke kveldane i år også-Temperaturen ute er +9 grader og det er litt regn.
I dag har eg gjort lite og ingenting, har for det meste sete og strikka ferdig ein lest, men eg har no laga meg middag om ikkje anna.

Eg har ikkje vore heilt pigg i dag heller, eg veit ikkje kvifor. Men i morgon skal eg altså i 80-årsgilde til ei av lærar-venninnene mine. Eg håper å vere meir i form då.
Vi skal vere på "Rekkedal Gjestegard", så eg er litt spent på korleis der er. Eg har vore der før, men hugsar ingen ting.Ja, det blir vel eit referat i morgon kveld-
I dag har ikkje sola vore framme og det har vore meir haustleg enn før, og så vart det tidleg mørkt. Eg har i grunnen lyst å gå tur ute, men eg trur ikkje det blir i kveld .
Eg får kanskje ta å legge opp ein ny lest , så eg har noko å strikke på . Det er mange føter i storfamilien.Og lester er så overvinnlege å strikke

 

mandag, oktober 26, 2026

Dagbok 2026: 26.oktober

På TV:Mor og dotter på Grønland.(Eg kjenner dei ikkje, men såg dei på TV)

Klokka er no 20.26,temperaturen ute er +6 grader og det regnar litt. Eg har halde meg inne det meste av dagen, med unntak av at eg køyrde ein tur på butikken på føremiddag. Eg fyrer litt i omnen no og då-og eg brukte siste fyrstikka i går så eg måtte ha påfyll. Og så finn eg no ut litt av kvart som manglar når eg likevel er på butikken.

I dag fyller Rasmus 62år, så lenge er det sidan han kom tll verda  på sjukehuset på Eid. Men slike hendingar hugsar-i alle fall mora. Eg hugsar også at det var berrfrost og isande kaldt ute, det er sjeldan vi har slikt ver no for tida.No i kveld har vi her lett regn og +6 grader.

I dag har eg ikkje gjort anna enn å strikke, sjå TV og ete. Eg har vore åleine heime heile dagen, men det er OK, når eg har strikketøy og TV.

Men på onsdag skal eg i fødselsdags-selskap til ei venninne som fyller 80 år, og på laurdag skal eg på kino med Margrete. Solveig er vekkreist nokre dagar. Ho er på besøk hos døtra som heiter Olaug Marie, akkurat slik som eg. Ho har ein liten gut som fyller 2 år om nokre dagar. Eg har ein stor familie og dei fleste er ikkje så langt vekke, så eg føler meg ikkje einsam. Eg er ein slik type som likar å vere åleine -men ikkje alltid.

No er det snart nyheiter igjen -på TV , men eg har no høyrt nyheiter om att og om att i heile dag.

Dagbok 2026: 25.oktober

 Eg trudde vi skulle stille klokka om kvelden,så eg levde i sommartida heilt til klokka var over 12, Eg var litt i tvil om det var søndag også. Eg har ikkje kome meg inn på datamaskina mi i heile dag. Eg var heller ikkje i form i dag, men eg kom meg utover dagen. Var oppe hos Marit ei stund på ettermiddagen, men mestepaten av dagen sat eg å strikka på ein lest, den vart ferdig utpå kvelden.

lørdag, oktober 24, 2026

Dagbok 2026:24.oktober

                Dette bildet tok eg nettopp no klokka18.36 og det er mørkt ute no. 

Det er visstnok i morgon vi skal avslutte sommartida, og det kan no vere like greitt å gå over til normal tid no. Eg har stadig problem  med dag og tid, eg har gått heile dagen og trudd  det var søndag, først no sjekka eg. Alle dagar er så like at eg har ingenting å henge det på.(Men eg hadde no henta avisa i eit lyst øyeblikk i dag så då visste eg no kva dag det var.)

Det er ikkje mykje å fortelje om i dag;  eg har vore heime åleine heile dagen for eg torde ikkje å gå tur på grunn av venstre foten som ikkje var heilt i orden. Det er ikkje så enkelt å vere gammal og dette og slå seg. Det varer ei stund, men eg har det no rimeleg bra på alle måtar.  No har eg forstått at det er laurdagskveld så då må eg sjå om eg har noko godt til kaffien, ein kan aldri vite- Håper alle har det bra.

                                                                     GOD HELG

 

fredag, oktober 23, 2026

Dagbok 2026: 23.oktober


Klokka er no18.54, og temperaturen ute er +6 grader C. Det har vore stort sett opplett i dag, men eg har ikkje vore så mykje ute. Berre no i kveld var eg ein liten tur opp til Marit. Vi begynte å lure på kva tid vi skulle stille klokka til "vintertid", så det undersøkte eg då eg kom heim, det er no komande sundag den 25oktober. Så veit vi det.

Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, eg var litt pjuskete i dag så det var ikkje så mykje eg tok meg til, men eg fekk i alle fall gjort ferdig lesteparet eg heldt på med. Eg kjenner på hendene mine at eg skal ikkje strikke så altfor mykje. Eg har gjort lite og ingenting i heile dag.

I morgon er det Rasmus som fyller år, heile 62år blir han no.Han er ikkje pensjonist enno, men det nærmar seg vel. Åra har gått så altfor fort- synest vi som er gamle no.

Sidan det ikkje har hendt så mykje i dag, har eg lite å skrive om, men eg kan no ønske alle ei god helg!




Det er mørkt ute men inne har vi det lyst og varmt. Og i kveld får gummiplanten litt ekstra belysning. Eg har det godt her heime, med lys og varme.


torsdag, oktober 22, 2026

Dagbok 2026: 22.Oktober

 

Klokka er no17.52, temperaturen ute er +10 graderC Det har vore ein grå og til dels våt dag i dag, men plutseleg såg eg sola på høgste fjelltoppane.

I dag hadde eg avtale med Solveig om at ho skulle hjelpe meg å få kjøpt nokre klede, eg kjøper sjelden klede og det viser på meg. Men no måtte eg berre ha npko nytt -og Solveig ville hjelpe meg. Det er bra, for skal eg kjøpe sjølv, greier eg ikkje å bestemme meg. I dag var det planlagt at vi skulle fare på ALTI, og der fekk vi kjøpt både klede og diverse anna. Eg er framleis låk i føtene og ryggen m-m- etter fallet med grasklipparen, så eg må handle litt fort. Og Solveig er effektiv-og til god hjelp. Så no har eg i alle fall litt meir å velje i når det gjeld klede. Ein ny mopp kom eg også på at eg hadde behov for. På heimvegen handla eg mat på KIWI- SOlveig skal ut å reise igjen med det første så ho hadde ikkje tid å vere her så lenge i dag. Etter at ho for, sette eg meg til med lestestrikkinga mi. Eg har ikkje sett på TV-en enno.men det skal eg gjere no-.

onsdag, oktober 21, 2026

Dagbok 2026: 21.oktober


 Klokka er no17.05, temperaturet ute er +14 graderC, det er skya men opplett. 

Det er ikkje slik at eg er heilt bra i foten, men eg har funne ut at eg kan bruken den litt i alle fall. Eg snakkar om venstre foten, den høgre er OK.Så i dag fann eg ut at eg kunne prøve å rydde litt i hagen og rundt huset, for der var litt rusk her og der. Eg fekk ikkje gjort all verda i dag, men eg er nøgd med det eg har gjort. Det blir etter kvart mykje meir å gjere i hagen, berre det vert ver til å vere ute.

Eg likar å rydde litt om hausten så det ikkje blir al for mykje om våren

Då eg kom inn att laga eg meg skikkeleg middag, eg steikte torsk og kokte poteter.Eg likte maten og vart godt mett, så mett at då eg sette meg inn i stova for å sjå TV, sovna eg i stolen. - Så kaffien har stått på vent til no. Eg hadde tenkt  meg ein tur på butikken, men det utsette eg til i morgon. Butikken er open både tidleg og seint. Og i morgon ventar eg Solveig.

Eg har no hatt på TV-en og prøvd å følgje med i krig og fred etc. Det begynner å bli ein lang krig i Ukraina, så det hadde vore bra om den tok slutt. Det må vel vere ein kvan som tek til vitet.

No skal eg ha meg ein god kopp kaffi og så skal eg strikke ein lest. Tv.en står på -på vona det kjem noko interessant.Eg les ikkje programmet.


tirsdag, oktober 20, 2026

Dagbok 2026: 20.oktober


 Sola har gått ned bak fjella, og det er kveld. Det har vore ein nydeleg dag med mykje sol. Klokka er ca18.30og temperaturen ute er + 4graderC

I dag har eg vore litt husleg, eg har vaska kjøkken og bad og elles rydda opp litt; eg har vaska klede også, men det var i maskin- Eg ser at det er mykje som skulle vore gjort i hagen, men eg synest det har vore nok hagearbeid i år, så eg er ikkje så ivrig.Eg går no framleis og haltar etter fallet med plenklipperen.

Etter at eg hadde tatt fredagsvasken sat eg oppe på Platten med Marit og prata. Mens  vi sat der kom postbilen så vi fekk sjå  på MøreNytt i lag.Det var litt kjekt å vere to om det, så kunne vi diskutere litt langs med.

Då eg kom ned att var det fram med strikketøyet og på med TV-en. Eg likar ikkje nyheitene, det er for mykje krig og hendelse. Og når ein amerikansk president skal styre heile verda- så er ikke det noko som eg set pris på. Eg blir i dårleg humør, og litt redd når eg ser nyheiter. Eg synest veldig synd i folka i Ukraina som blir så dårleg behandla.. Krig er det verste eg veit!

Solveig kjem innover på torsdag, då skal eg kanskje kjøpe meg litt nye klede, så då er det bra å ha nokon med seg. No skal eg sette meg inn att til TV-en og strikke på lesten.


søndag, oktober 18, 2026

Dagbok 2026: 18.oktober



 Klokka er no  ca 16.0, temperaturen ute er +8 grader C, og sola skin.skin og avdekkar upussa vindusglas. Eg har sete og strikka for det meste, men så laga eg meg middag.

Foten min har ikkje vore så veldig låk i dag, men den er der, og det er litt plagsomt å sitte. Viss eg ikkje er betre i morgon, snakkar eg med legen. Eg gjekk ein gong med vond hofte i nærmare 10 år. Det fristar ikkje til gjentaking. Det er 3 månader sidan eg datt, så eg har gått lenge nok.

Det vart veldig fint ute no, sola skin og himmelen klårnar og eg sit inne og strikkar- ja det er no mitt eige val. Det var fælt å sjå vindua no når sola er så langt nede, dei har no ikkje vore pussa på ei stund., så dei treng vel litt reingjering.. Det fiksar eg med hageslangen+mopp.. 


                                                                         Fint i fjella

lørdag, oktober 17, 2026

Dagbok 2026:17.oktober


Klokka er no21.17, og det er mørkt ute, temperaturen er +8 grader C og det regnar, det har det gjort i heile dag -trur eg. Eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen og henta ved. Venstre foten mon har vore betre i dag, eg har no greidd å gå litt rundt i huset. Elles har eg strikka, som vanleg, no held eg på med 3. lesteparet sidan Solveig var her. Elles så har eg no selskap i TV-en. Den jhar stått på i heile dag, Eg sette over på YOU TUBE og då fekk eg reine konserten med Elvis og andre. Dei veit kva eg likar-og dei har god kontakt med PC-en min.

Eg laga meg skikkeleg middag i dag, hadde ikkje stort anna å ta meg til. Eg er no glad for at eg kan strikke i alle fall, men venstre handa er ikkje heilt påliteleg, det var den eg braut for to å sidan rett før jul.

Det er så bekmørkt ute, men oppe i gata er det lyst-frå husa og lys-stolpane.

No har eg ete kveldsmaten min, men eg kjem no ikkje til å legge meg så tidleg. det gjer eg aldri. Eg er aldri i seng før midnatt i alle fall. Håper på å bli betre i foten -og på betre ver. 


                                          Arbeidplassen min


fredag, oktober 16, 2026

Dagbok 2026: 16.oktober

                   
Regnvershelg?
Klokka er no18.24,remperaturen ute er + 8 grader og det regnar. Stort betre kan det ikkje bli.

Eg har hatt ein litt trasig dag, men ikkje på grunn av regnet. Saken er den at eg datt den første gongen eg køyrde den nye klipparen, eg datt bakover og landa på rygg, Eg kom meg no opp att og har greidd meg bra etter den tid, men noko har det vore heile tida. Eg trudde eg skulle bli heilt bra, men så går det visst feil veg.Eg har sete og strikka i heile dag og tenkt ut kva eg må gjere. For mange år sidan gjekk eg med vond hofte i mange år, men eg veit kven som fann løysinga . Det var ein lege som eg veit namnet på .

Eg har det heldigvis ikkje særleg vondt når eg er i ro-

Derfor har eg sete og strikka i heile dag og held no på mer 3. lesteparet frå siste garnsendinga frå Solveig.Eg har altså ikkje så mykje å fortelje, men eg sit no og ser TV-og som sagt eg har det ikkje vondt når eg er i ro.

Eg hadde att graut frå den eg kokte i går, så i dag var det riskrem til middag. Eg er ikkje så veldig glad i riskremmen , men eg diggar Piano BRINGEBÆRSAUS-

Sidan det er fredags kveld vil eg ønske alle(og meg sjølv) ei god helg!

torsdag, oktober 15, 2026

Dagbok 2026, 15.oktober


Klokka er no 17.30. Ute er  det opplett akkurat no og temperaturen er +10 grader C. Elles har det  regna ein  del. Eg har ikkje merka så mykje til det for eg har vore inne det meste av tida.

Dagen starta ikkje så godt for meg. Ikkje noko gale, men eg var berre så trøtt at eg ville sove meir, så når eg hadde ete frokost la eg meg innatt på rommet mitt,  eg trur ikkje eg sovna-men sikker er eg ikkje.

Eg hadde liksom ein plan for dagen; eg skulle støvsuge skikkeleg teppegolva-

Det er lenge sidan det var på moten med teppegolv, , men eg har det enno. Eg synest teppegolv er veldig bra for eldre folk , for ein snublar ikkje så lett. Teppet på stua vår fekk vi då Solveig og Rasmus gjekk på gymnas,, så det er ei tid sidan.

Problemet mitt var at eg fekk ikkje heilt skikk på støvsugaren, men eg fekk no støvsuga bra  på ein måte.

Eg har hatt ein lappe liggande på kjøkkenbordet, der hadde eg skrive opp ting eg trong på butikken. Mellom anna melk.I går kveld kokte eg risgraut, det gjer eg nå eg har melk til overs. Eg hadde ikkje nok melk, så det måtte eg kjøpe i dag, så vart det graut til middag, etter at eg hadde vore å handla både melk og ein god det anna. Merkeleg kor mykje ein treng om ein er åleine.

Då eg sette på Tv -en og tok fram strikketøyet då sovna eg. Eg forstår ikkje at eg kan bli så trøtt-det må vere veret. Det er tydeleg at det er haust no, det mørknar bra tidleg også.Eg skulle hatt lyst å gjere noko meir i hagen før det vart snø- det er ikkje så kjekt når våren kjem at det blir så mykje å ta att.

Eg har i alle fall fyrt i omnen og har det varmt og godt, og så kan det hende er lagar meg litt kaffi-så eg held meg vaken.

onsdag, oktober 14, 2026

Dagbok 2026: 14.oktober

                          Det blæs litt i dag. Fint å sjå himmelen i vest om kvelden

Klokka er no17.30, temperaturen ute er +10 graderC, det er skya men opphaldsver..

I dag har eg hatt ein kjekk dag,for Solveig kom på føremiddagen, og vi fekk ordna opp i litt av kvart, ikkje heime , men i Vik.

Først av alt henta vi dei nye brillene mine, så no treng eg ikkje å gå med solbriller heile tida. Brillene er gode å ha på seg, eg ser godt og brillene ligg i ro der dei skal. Så hadde eg bruk for ei jakke, og det fann vi på Aandahl, den er svart-og det var det eg ville ha.. Vi hadde  noko å betale å bilverkstaden, og no er det gjort. 

Så hadde vi ikkje fleir oppgåver så vi sette oss inn på ALTI og fekk oss eit måltid med pizza og brus. Det er kjekt å ha døtre som er pensjonistar-ja, søner også sjølvsagt, men Rasmus har nokre månader igjen før han kan slutte av.

Etter at eg kom heim har eg gjort veldig lite, men eg har lese Møre-Nytt og det er no ein heil jobb.

Så blir det vel å ta fram strikketøyet og sette på TV-en resten av kvelden. Eg skulle i grunnen ha støvsuga, men eg må no ha noko å gjere i morgon også.

tirsdag, oktober 13, 2026


 

Dagbok 2026: 13.oktober

 Klokka er no19.17, temperaturen ute er +9 grader og det er litt regn. Eg har knapt vore ute for ei dør i dag, har berre gått over gata og opp til Marit, elles har eg vore her heime, og her har eg ikkje gjort mykje, men det vesle eg gjorde var ikkje så vellukka. Eg hugsar frå barndommen, då brende vi gummistøvlar i omnen når dei var ute på dato. Dei meinte at det var bra- for å få vekk sot- 

Eg hadde eit par støvlar som var ute på dato, så dei meinte eg at eg kunne brenne i omnen , og det gjorde eg, det var berre det at dei brann så altfor godt og det vart veldig mykje sot. Så i dag måtte eg gjere reint i omnen før eg kveikte opp med ved. Det var litt av ein jobb.Eg lurer på kva støvlane var laga av?

Elles har eg ikkje jobba så mykje . Eg hadde lese ut boka til Øystein og Marit ville låne den, så eg var opp til henne ein tur. Elles har eg sete og strikka for det meste. Og i dag kom Erlend heim så tidleg at han fekk fiksa TV-en min- Det var ikkje noko som feilte, det var berre at vi skulle AKTIVERE. Det greidde eg no sjølv før, men no har dei gjort det vansklegare- i alle fall for mange gamle. Takk og pris for at vi kan få hjrlp av dei unge.

mandag, oktober 12, 2026

Dagbok 2026_12.oktober



Klokka er no 16.42, temperaturen ute er +8 grader C  og sola skin, slik ho ofte gjer når kvelden nærmar seg, men eg trur det har vore opplett i heile dag.

I går då vi var på Hareid fekk eg med meg eit eksemplar av den hittil siste boka til Øystein -"Borodino" heiter den. Heilt frå eg lærte å lese har eg vore veldig glad i å lese bøker, men siste åra har det dabba av. I gamle dagar las vi no bøkene på papir, seinare vart det lydbøker på "plater" og så lydbok på telefon. Og eg har lese og lese heile tida, med unntak av siste åra- eg har ikkje lese ei heil bok på mange år. Før i dag. I dag sat eg pal og las Øystein si bok - og eg likte boka. Og når ein bur åleine kan ein ta seg ein slik fridag. 

Men eigentleg trur eg at eg las litt FOR fort, så eg kjem ikkje til å hugse så mykje av det eg las. Med då er det enkelt å ta fram boka igjen. "Borodino" heiter den. Det høyrest litt framant ut, men hendingane er lagt til  kysten på Nordvestlandet. Eg har ikkje gjort stort anna i dag enn å lese og ete, så no må eg sjå til å legge opp eit strikketøy igjen. 

Eg brukar å strikke lestar til heile slekta, så strikkar Solveig og Margrete den eine fine genseren etter den andre.

Eg har tatt bilde til bloggen , men har ikkje fått til å sette det inn -enno. Eg får prøve igjen

søndag, oktober 11, 2026

Dagbok 2026: 11.oktober

                                                               Kveld i Starevegen

Klokka er no 18.04, det er ganske fint ute no, men eg har vore inne heile dagen, så då går eg ikkje ut no.

Det har vore opplett i dag og ganske fint, men eg har gått inne og tusla heile dagen åleine. Det er alltid noko å gjere, eller finne på, som eg har å styre med. I dag la eg siste handa på eit lestepar eg hadde strikka, så har eg lese noko i boka eg fekk i går. Det eg ikkje får til, er å sjå TV, for no skal eg aktivere. Det har eg gjort før, og det fekk eg til, men no lykkast eg ikkje med det. Viss Erlend kjem heim tidleg nok, så hjelper han meg. Eg blir av og til så irritert på alle desse "nye" tinga som vi har fått og må sette oss inn i. Dei unge greier det fint, ser det ut til, men mange gamle har problem. Og ikkje alle har nokon som kan hjelpe sånn med ein gong.

Det er fint ute i kveld, så viss det er like fint i morgon  kan det hende eg få gjort litt i hagen. Det er kjekt å få rydde opp litt før snøen kjem-viss han kjem då.

I dag har eg kosa meg med god middag som eg fekk med meg heim frå Solveig i går, Eg trur der er nok til ein dag til. Eg er ikkje så flink å lage midag til berre meg sjølv-det er kjekkare å lage til fleire.. 

Eg kan no sjå litt TVher på datamaskina viss ein vil,men eg synest ikkje det er så kjekt-det er vel ikkje katastrofe om eg blir utan TV ein kveld?

 

lørdag, oktober 10, 2026


 Klokka er no ca19.30, temperaturen ute er +10 grader og det er opplett. Eg kom nettopp heim etter å ha vore på Hareide hos Solveig of Øystein. Det var Margrete og Svein som henta og bringa meg. På Hareid var også to søner og eit barnebarn. 

Solveig hadde laga nydeleg mat , som alltid, og eg åt vel litt meir enn eg skulle, som vanleg, eg er altfor glad i god mat.

Då vi reiste heim att fekk eg med meg ein stor pose med garn som eg skal ha å strikke lestar av. Og i tillegg 2 eksemplar av den sist utkomne boka til Øystein, ei til Rasmus og ei til meg. Leselysta mi har minka i seinare år, då eg var yngre las eg nesten støtt, men så har leselysta dabba av, så no håper eg den kjem att. 

Eg har altså hatt ein fin dag, og på heimvegen stoppa vi så eg fekk kjøpe med meg litt god mat til helga.No skal eg slappe av med strikketøy etc. resten av kvelden

fredag, oktober 09, 2026

Dagbok 2026: 9.oktober


 Klokka er no19.22, temperaturen ute er+5 grader C, eg syntest det var litt lite. Men vi har hatt ein  ganske fin dag ute i dag. Eg har no for det meste vore inne, men sat ute ei stunda og prata med nabo-Solveig. Eg er framleis plaga med venstre foten m.m., men eg trur det skal gå bra til slutt. Eg haltar ganske mykje no-men eg har bil!

I dag har eg styrt med ganske mykje. Sidan rommet eg sit i no og har datamaskina framføre meg, har blitt liksom "hybelen " min,her har eg senga mi, og mykje anna styr og stell. Det er liksom her eg BUR. Og då blir det også her eg rotar . Så i dag har eg brukt tida og kreftene på å få her i orden, Bytta på senga, vaska hyller og rydda både her og der og støvsuga teppet ... og mykje meir. Men eg treng minst ein dag til for å få her heilt i orden. Det var greit å holde på i dag når det var opplett , slik at ein kan ha ut teppe etc.- Elles har eg vaske klede og tørka i trommel, siste vasken er ikkje tørr enno. 

I morgon får eg sikkert ein mykje kjekkare dag, for då blir eg henta av Margrete og Svein og sit på med dei ut til Hareid der Solveig skal samle heile "slekta"-nesten.Dei fleste har vore på turar rundt omkring i verda, det er vel berre eg som har vore heime heile tida. Det er fleire i familien som har hatt fødselsdag i sommar også. Og Øystein har fått gitt ut ny bok, så det er mykje å "feire". No må eg ned i kjellaren og hente den siste klesvasken som er tørr no, håper eg-

torsdag, oktober 08, 2026

Dagbok 2026: 8.oktober


Klokka er no eit par minutt på 5, eller 17som det heiter på ettermiddagen. Og sola er på plass som vanleg. ho har fått ein stygg vane med å komme så seint på dagen.

Eg har ikkje opplevd så mykje hittil i dag, og så mykje meir blir det vel heller ikkje. Saken er at eg har ein vond fot, så eg kan ikkje bevege meg så langt. Den er ikkje så vond når eg er i ro, men verre når eg skal gå. Det kjem seg sikkert frå då eg datt med klipparen. Heldigvis verker det ikkje så mykje når eg er i ro, men det er litt vondt å sitte også .Eg håper det blir bra av seg sjølv, så eg slepp å gå til dokter, for då er det beine vegen til Volda sjukehus og røntgen, og der har eg vore VELDIG mange gonger, trur dei må ha fotografert heile meg. Eg ventar og ser. 

Heldigvis kan eg køyre bil og i dag var eg på KIWI og handla. Det gjekk heilt fint, det einaste var at eg gløymde å kjøpe syltetøy, eg hadde ikkje skrive det på lappen, for eg kjøpte sist eg var der. Så må eg kanskje på butikk i morgon også, eg held meg til KIVI så lenge det er berre mat eg skal ha

Elles har eg berre lata meg, eg har fyrt i omnen og har det varmt og godt, eg strikka ferdig ein lest og begynte på nr2. Det var garn som eg hadde kjøpt sjølv  borte i Volda, og det var ekkelt å strikke, men eg begynte no på nr.2 uansett.

Marit er ikkje komen heim frå sjukehuset, det eg veit, og katten hennar kjem til meg og vil ha kvitost for det er det beste ho veit. 
Det var litt kjølig ei stund så eg kveikte litt i omnen, og når det først er varmt held det med varmepumpa. Eg har ikkje sett på TV.en i dag, men det skal eg no gjere, må vel følge litt med i det som skjer, sjølv om det ikkje er så kjekt. Eg går liksom og trur at det er helg i dag, men det er faktisk berre torsdag. 

.I dag hadde dei laga til fleire sider med   coutrymusikk   til meg på Face Book, dei er no bra kjekke!
 

onsdag, oktober 07, 2026

Dagbok 2026 : 7.oktober

 



Klokka er no 19.27, temperaturen ute er + 8 grader C, Og i dag har det vel stort sett vore opplett. Eg har knapt vore ute for døra, så eg har ikkje sett så mykje på veret

Eg har ikkje vore i så god form i dag, eg verker litt både her og der, det er resultat av knall og fall i løpet av sommaren/hausten.Eg har ikkje hatt det så godt i dag, men er er betre no.

Men etter kvart fann eg ut at eg kunne vaske og rydde i huset og det gjorde eg. Det er noko eg kallar "fredagsvask"-men det blir ikkje alltid på fredag, og det er no ikkje så nøye. Eg var no glad for at eg fekk gjort noko i det heile tatt, for eg var"låk" både her og der, eg er betre no.

Men no var eg litt irritert fordi eg hadde litt trøbbel med strikketøyet mitt-ein lest sjølvsagt. Eg sat og trøbla litt med absolutt siste omgangen, så vart det noko styr og eg måtte rekke opp-kanskje litt for mykje. Så er det å strikke om igjen. Eg veit ikkje om det er garnet,,,,,men eg har hatt mykje trøbbel med det stakkars lesten . Men ein gong blir den kanskje ferdig. Men då må eg lage ein til!!!!

Eg har ikkje vore langt frå huset i dag, og eg har ikkje snakka med nokon. Men eg har fått innbydelse til ein 80-årsdag. Det er ei som eg har jobba i lag med som fyller år, på Rasmus sin fødselsdag. Det er ikkje så veldig mange att av dei eg jobba i lag med,men nokre er det og vi synest enno det er kjekt å komme i lag.

Og så har eg noko å glede meg til. Øystein ha gitt ut ei ny bok i desse dagar og eg er lova eit eksemplar. EG er så lei for at eg les så lite no. Før las eg støtt både vanlege bøker og lydbøker. Så snart eg hadde ei ledig stund, så las eg. No håper eg at lese-gleda kjem att.

tirsdag, oktober 06, 2026

Dagbok 202: .26 okrtober



 


Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud. Det var litt hustre på morgonkvisten, så eg fyrte litt i omnen med fjøleveden vår. Så eg må passe godt på omnen sidan den ikkje er heilt i orden. Men varmt har eg det-og det er viktig for meg-eg hatar å fryse.

I dag stod eg opp i rimeleg tid, men har ikkje utretta mykje . Eg held på med første lesten av eit lestepar i tynn ull, og det går ikkje så fort, for garnet er mørkt og pinnane er tynne- men det var slik eg ville ha det--

Eg har litt kontakt med Marit , ho er på sjukehuset enno, men eg trur ho har det bra der. Reknar med at ho kjem heim om ikkje så lenge.

Eg reiste ikkje til Vik i dag, ikkje på butikken her heller, så det einaste eg har fått høyre nytt om i dag er det eg har lese i avisa eller sett på data og TV. Og det er i grunnen ikkje så lite.

Solveig har bestilt time til meg i Ulsteinvik. Eg MÅ ha nye høreapparat for eg kan snart ikkje snakke med folk når eg ikkje forstår kva dei seier. Det apparatet eg har fungerer dårleg , så det er ikkje mykje hjelp i. Eg har fått time 9.november.

Det vart så trasig med veret no, regn og vått og kaldt. Det er ikkje ver for hagearbeid i alle fall-og der er mykje eg skulle ha gjort i hagen før snøen kjem, Viss han kjem då, det gjorde han ikkje i fjor . Og han kan sleppe å komme i år også-for min del.


mandag, oktober 05, 2026

Dagbok 2026: 5,oktober

Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått, 

eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strikka, og så har eg visst ete litt innimellom. Eg kan ikkje ha vore så vaken heile tida. Men eg har vore her åleine. Eg har strikka litt, men eg har ikkje kome så langt på lesten eg starta opp med.

Ute har det vore regn og rusk, men akkurat no i 17- tida kom sola og ville fram, det er heilt typisk at ho kjem ein tur før ho legg seg bakom åsar og fjell.

Eg har vore inne heile dagen, stort sett åleine. Men litt har eg no fått med meg frå TV-en. Og det er no ikkje berre gode nyheiter.

Eg ønsker meg litt betre ver, slik at ein kan vere ute- vinteren blir vel lang nok.




 

søndag, oktober 04, 2026

Dagbok 2026:4.oktober

                                                  Våt sundag.


 

Klokka er no17.55, det regnar og temperaturen er +12 grader, så det er heit greit å vere inne. I går kom Margrete og Svein på besøk, i dag kom Einar, men det visste eg om. Han brukar å komme på besøk av og til, og då et vi middag i lag. Det gjorde vi i dag også. Det er alltid kjekt å få besøk av barn og barnebarn, ja andre også. 

Heldigvis trivst eg også med å vere åleine -  når det ikkje blir altfor lenge. Solveig har vore her mykje i det siste, det er fordi det er ho som hjelper meg med diverse. Ho var med meg og bestilte briller, og no ventar ho på at dei blir ferdige med sommarferien i Ulsteinvik, for no MÅ eg ha nye høyreapparat  for no kan eg knapt snakke med folk, for eg forstår ikkje kva dei seier. Det er mykje som blir litt vanskeleg når ein blir gamle, eg har høyrt dårleg sidan eg var 60 ca men har ikkje likt å gå med høyreapparat for eg synest ikkje dei var gode nok-

I dag er det eit sørgeleg ver ute, men eg kan heldigvis halde meg inne. No har eg nettopp tatt ut av oppvaskmaskina, og så har eg sett klesvasken på tørk i trommelen. Det er heilt OK å ha maskiner som tek husarbeidet. Det året då eg var lærar i Sunnfjord, då budde eg på ein gard der vi ikkje hadde elektrisitet i det heile tatt, men kokte kleda i ei stor gryte som vi fyrte under, det gjkk bra å leve der også.

No har eg fått ny forsyning av garn, så då blir det vel å strikke lester igjen, Men eg kjenner at eg ikkje kan overdrive, handledda proteserer. Dei har no vore brotne begge to, men ikkje på samme tid. Eg skal sjå om eg får til å ta eit bilde av veret i dag.


lørdag, oktober 03, 2026

Dagbok 2026: 3. oktober


Klokka eg no 19.44, temperaturen ute er +10 graderC, det har regna så å seie i heile dag.Eg rekna med å vere her åleine heile dagen, men eg tok ein lite tur på butikken for å kjøpe litt mat, var ein tur ned i Vik også, skulle kjøpe nokre strikkepinnar og litt garn, men eg fekk ikkje tak i alt eg skulle ha. 

Eg kokte graut til middag i dag, for å  få brukt melka eg hadde kjøpt., Eg sette meg til å slappe av framfor TV-en og rekna ikkje med å få besøk i dag, men så kom Margrete og Svein,. Det var veldig kjekt, eg kokte kaffi, og dei hadde kjøpt med seg bakarvarer.- Og no fekk eg melding frå Einar om at han kjem innom i morgon. Eg er heldig som har så mange av "familien" i nærleiken. Men då eg sende melding til Erlend som bur i kjellaren i går, fekk eg til svar at han var i Oslo. Dei er der visst alle søskena.

Eg har ikkje gjort så mykje i dag, men det er no lov å slappe av innimellom. No skal eg legge opp eit nytt strikketøy, eg har som "jobb" å strikke ull-lestar til alle i familien som vil ha. På Pc-en står det no at vi skal få regnfulle dagar framover-og takk for det. Det er bekmørkt ute, så eg får ikkje ta bilde der-

Og så har eg godt selskap i TV-en så eg slepp å kjede meg.


fredag, oktober 02, 2026

Dagbok 2026: 2.oktober

Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 11 grader og sola skin, som ho har gjort i heile dag. Kanskje vi skal få litt av det fineveret vi ikkje har fått før. Fint ver og sol i oktober -det er ikkje så verst.

Eg vakna ikkje så tidleg i dag enda eg venta at Solveig skulle komme.Vi (dvs. ho) skulle ringe til Ulsteinvik og bestille time til meg,for å få nye høyreapparat og så skulle vi kanske finne på noko.

Solveig kom som avtalt, men det vart ikkje nokon avtale med Ulsteinvik, for dei hadde ferie.Så då vart det utsett. Men vi tok oss ein tur ned på ALTI der Solveig fann fram nokre gode sko til meg. Elles handla vi ikkje der, men stoppa på KIWI på heimvegen så Solveig fekk kjøpe det ho trong. Eg hadde ikkje behov for å handle i dag, eg strevar med å få ete kjøleskapet tomt. No når eg har bil, treng eg ikkje å hamstre så mykje.

Eg fekk ikkje gjort meg ferdig med plenklippinga i går kveld for då eg skulle ut att å gjere meg ferdig regna det. Så Solveig tok resten av plenslåtten i dag. Eg gjorde meg klar for bruke kantklipparen. Men eg må ha hjelp til å legge på sen, det brukar Erlend å gjere, så eg sende han ei melding-og fekk svar. Han var i Oslo og kjem heim sundag.

Eg har strikka nokre lestar, sat med den siste i går kveld og så vart det litt for lite garn til den siste lesten, sånn ca10-20 cm. Eg hadde spurt Solveig om ho hadde meir -men ho hadde ikkje akkurat det garnet. Så no er rådyra gode som ho sa ei eg kjende ein gong.

Det var heilt nydeleg å få ein sommardag først i oktober. Eg set veldig pris på det.Det kan godt komme fleire.

No går sola snart ned, og det kjem vel til å regne når kvelden kjem , slik som i går. Det har faktisk vore slik lenge at regnet kjem om natta og sola om dagen. Det er no ikkje så verst, det.


 


Dagbok 2026 12.november

Klokka er no19.40, termometeret på trappa står på 0 og eg tok dette bildet for eit par minutt sidan.  Den første snøen kom i går kveld og i ...