søndag, november 01, 2026

Dagbok 2026: 1.november

 


Klokka er no 18.57, temperaturen ute er ca+3gradrerC. Det var fint ver ei stund i dag, då sat Marit og eg ute, men så for sola, og eg gjekk inn. Eg har ikkje styrt med så mykje i dag, berre strikka litt. Solveig og Øystein er i Bergen og feirer 2-årsdagen til Tobias. Han er ein stor og kraftig kar og no har han fått seg briller- eg kan ikkje gjenta kva som var grunnen til det. Det er no kjekt for dei to nybakte pensjonistane  at dei kan fare på besøk når dei vil.

I morgon fyller Svein Nordal 60 år, men han blei no litt feira i går, så eg veit ikkje om dei har noko feiring i morgon. Eg veit ikkje kva tid Solveig og Øystein kjem heim att heller, men no bår dei er fri kan dei no vere vekke så lenge dei vil. Eg har mykje eg skulle ha gjort både ute og inne, men det er ikkje alltid eg er så ivrig. Eg slit litt med skadane eg fekk då eg ramla med klipparen, det merkast i ryggen og i føtene mest. Så eg får ikkje gå så mykje tur etc, Ja, ja det er no ikkje så veldig gale. No skal eg sjå om eg finn meg noko godt til kveldsmat.

DAGBOK 2026: 1.NOVEMBER












Klokka er no 18.40, temperatutren ute er +5 graderC. Det har vore delvis fint ver i dag, men eg har vore mest inne. Og i dag har eg vore her åleine. Solveig og Øystein er i Bergen og feirer    Tobias sin 2-årsdag . Han er ein stor gut for aldren og flink er han også. Og så har han fått seg briller, det er noko som han MÅ ha, eg er ikkje heilt sikker på kvifor.

Eg har gått her og tusla, har sett litt TV og strikka, ei stund på føremiddagen sat Marit og eg ute, men så for sola vekk, og då vart det kaldt. No begynner vi på November og faktisk er det så vidt vi har slutta med plenklipp. Dvs, det er no dei som harautomatisk kklipper som hel ut lengst. Eg har slutta med klipping for fleire veker sidan

Dagbok 2026: 1.november

  Klokka er no 18.57, temperaturen ute er ca+3gradrerC. Det var fint ver ei stund i dag, då sat Marit og eg ute, men så for sola, og eg gjek...