Klokka er no 20.36, temperaturen ute var minus1 grad då eg såg ut no. Det er ikkje kulden som plagar meg,- men snøen. For det første må ein kanskje til å moke for å komme seg ut, så kan det vere glatt, og bilen min står dessverre i garasjen utan vinterdekk. Så den må stå i ro. Men i dag visste eg at Margrete skulle kome på besøk og så køyre på butikken,eg treng litt av kvart når det gjeld mat og drikke. Men først sat vi no ei stund og prata . Eg hadde vore ute og sett etter avisa i dag, men den var ikkje komen. Eg trudde det var på grunn av snøen-men det var ein annan grunn, nemleg at det ikkje var laurdag slik eg trudde-men berre fredag. Eg hadde også sendt melding til Marit at eg ikkje vart med på Bakk-Ola i dag,men det er no i morgon vi skal dit. Ja, viss vi kjem oss av garde -men det må vi no nesten rekne med når det er Janne som skal leie allsongen.
Så kom der ei dame og ringde på , og ho hadde ein pakke til meg.Slikt skjer ikke ofte, og kva var det i pakken?-Jo, det var høyreapparata mine som har vore til reparasjon, Dei skal vi ha med til Ulsteinvik den 18.desember.
Vi var altså på KIWI og handla , Margrete og eg, og der var det fullt hus og full parkeringsplass, men det såg ut som det gjekk bra med alle i snødrev og liten plass.
Margrete skulle heim att, så det vart ikkje noko meir vi skulle utrette her.Ho sende melding når ho var komen heim, Det hadde tatt si tid i dag. Eg likar ikkje snø , særleg ikkje når den kjem ned. Når den ligg i ro -kan eg tolerere den. Vi har no vinter og snø i dette landet, men det har ikkje vore så mykje av det i seinare tid.
Her heime har eg set og strikka for det meste, strikka og rekt opp att, gong etter gong. Det er mi eiga skuld.
På PC-en min står det: Lett regn/snø +1 grad
Eg får ikkje ta bilde no, for telefonen ligg på ladding-

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar