tirsdag, november 30, 2021

Dagbok 2021: 30.november

 

No er klokka 17.30 og temperaturen ute er minus 1 grad. Det er til å leve med.
I går kveld fekk eg ikkje til å sove, til tross for at eg hadde tatt både sovetablett og Ibux. Eg verkte slik i venstre hofta at det var uråd å sovne. Til sist måtte eg ta siste utveg: knekkebrød med brunost. Når eg har problem med søvnen plar det hjelpe med ein tur på kjøkkenet. 
Då eg vakna i dag var eg mykje betre og etter frokost etc. gjekk eg ut og begynte å moke tunet. Torbjørn kom og tok brøytekanten og et par striper på tunet med fresaren. Eg likar i grunnen å moke snø når det ikkje er altfor mykje. Eg kjøpte nytt mokebrett i fjor det er relativt lite og lett å jobbe med. Ulempa er at det er så lett at det helst vil fare oppå snøen. Eigentleg skulle eg ha vore på trening i dag, men eg orka ikkje å moke heile tunet og så trene etterpå. Det vart ikkje til at Marit for nedover heller.
I dag har eg fyrt i omnen og ikkje hatt på varmepumpa. Til mi store forundring kan eg fyre med greiner etc. som eg saga av trea i haust. Men det brenn fort opp. Det viktigaste er at eg har det varmt.
I mellom snøbygene var det aldri så lite sol, og Marit hadde sol i stova si i dag. Trur ikkje eg hadde det. Eg har ikkje funne snøspaden enno så eg har ikkje moka altanen og rekkverket.
Etter at dette bildet vart tatt kom det ei ny byge og eg moka tunet for andre gong. Sidan har eg ikkje vore ute. I dag laga eg grønnsaksuppe med pølsebitar til middag, i morgon slepp eg å koke for då er det pensjonist- julemøte med julemat på Bakk-Ola . Eg skal på spanskkurs 11-13, og så er det møte klokka 15, så då har eg streng timeplan.
Etter middagen i dag sette eg meg inn til TV-en med kaffikopp. Eg vart veldig søvnig så eg var redd eg skulle tømme ned kaffien, og det var det eg gjorde endå så godt eg passa på.  Så var det berre å byte klede. Eg er glad for at kaffien traff meg og ikkje golvteppet. 
Det blir veldig tidleg mørkt om ettermiddagen, trur det var mørkt klokka 16 i dag. Det er lett å tru at kvelden er komen og så slappe heilt av. Men eg har diverse å halde på med. Eg må sjekke at eg har noko å ha på meg i morgon, og så må eg lese på spansk-leksa og bøye verb.
Det ser ut til at TV-en er i  orden no, så eg gjorde vel innlogginga slik eg skulle.

mandag, november 29, 2021

Dagbok 2021: 29.november


Klokka er no 16.25, temperaturen ute er herlege 0 grader, den kulden vi hadde i går er over for denne gongen, og gjev den ikkje kom att.
I dag skulle Ragnhild hente meg, og så skulle vi til Volda og besøke Tone. Det vart ikkje gjort mykje før eg fór anna enn det vanlege morgonstellet, men mens eg venta på Ragnhild øvde eg på spansken. Vi plukka opp Astrid på veg bortover, så vi fekk vere i lag vi fire som ofte var det før. Etter at Tone fekk probleme med å gå etc. har dei bygt nytt hus, der alt er tilpassa. Veldig fint har dei det no. Bildet viser utsikta frå stoveglaset, der kan ein sjå både Ròtevatnet og fjorden, for ikkje å snakke om Rotsethornet.
Vi fekk lunsj med pastasalat og smørbrød og vi hadde det veldig hyggeleg . Frå å vere kollegaer med travle og stressande dagar, er vi no pensjonistar -alle med sine utfordringar. Men vi står han av- enn så lenge. Tone er den yngste, ho fylte nyleg 68år, og eg er den eldste.
Då eg kom heim fann eg melding frå redaktøren i Møre-Nytt, eg får ikkje inn stykket mitt i morgon , men vi skulle få god plass i fredagsavisa. Eg har skrive ein liten tekst, og Nelly Perdy har sendt inn bilde. Så det kan bli bra. Eg trudde lenge det var Nelly som sende bilda frå Ørsta til vermeldinga på NRK, men i siste Møre Nytt skreiv dei at det var Lyder Øye. Han har eg hatt som elev ein gong i ei fjern fortid.
Eg kunne ikkje lage middag då eg kom heim, sidan vi hadde ete lunsj. Det eg har gjort er å kveike i omnen og sette ein brøddeig. Dei ferske gran-greinene brenn så godt som berre det når dei kjem i lag med tørrare ved. Eg har også sett på ein klesvask, men tenkjer på strauforbruket no når straumen er så dyr. Uansett vaskar eg ikkje klede for hand, men kan godt ha ved til oppvarming.
I morgon skal vi på trening og då får eg også handle litt. Må vel bake litt til jul uansett.

søndag, november 28, 2021

Dagbok 2021: 28.november

 
Klokka er no 17.04. Temperaturen på trappa er framleis minus 10 grader C. men Yr lovar mildare ver i morgon, men då med snø. I morgon skal eg til Volda i lag med Ragnhild, det blir sikkert kjekt etter at eg har gått her ålene og surra i tre dagar. Ikkje det at eg hadde noko i mot det. Eg har ikkje vore på Vernet sidan torsdag, men eg har ikkje vore frista i denne kulden.I dag brukte eg det meste av føremiddagen til fyring før eg fekk omnen til å produsere skikkeleg med varme. Då han "tok seg" vart det endeleg skikkeleg varmt så eg kunne få farga håret og dusja. I tillegg til god ved frå Volda og Hareid, har eg brent sjølvprodusert ved frå hagen, greiner som eg har saga opp sjølv. Då her var blitt varmt nok sette eg meg til å skrive eit avisinnlegg og fekk posta det til redaktøren, og håper det kjem vel fram denne gongen..

Eg laga middag til klokka 14.30, I dag vart det steikt ørret med poteter og grønsaker. Til dessert fekk eg riskrem, hadde desserten i bakhovudet då eg kokte risgraut i går. Eg har dårleg samvit for at eg ikkje har mosjonert, men eg orka berre ikkje kulden. Eg har ikkje tatt fram meir julepynt enno, men det er lenge til jul

Etter eg hadde ete middag sette eg meg inn til TV med kaffikoppen min. No har eg funne ein serie som heiter "Jeg heter Anne", og er basert på bøkene om Anne fra Bjørkely. Det er ein skikkelig gammaldags serie -og eg som er gammal likar den. Eg sit sjølvsagt og strikkar langsmed. Eg hadde eigentleg tenkt å bake litt i dag, men fekk så mykje arbeid med fyringa at eg slo det frå meg. Ikkje hadde eg alt som skulle til, og ikkje veit eg kva som fell i smak heller. No har eg det veldig godt og varmt, det er i grunnen litt lukseriøst å varme opp to rom + bad til eitt menneske.

                                        Vinteren er vakker men kald



lørdag, november 27, 2021

Dagbok 2021: 27.november




Dette bildet vart tatt i 12 tida i dag, sola var i fjella, men kom ikkje ned hit . Heller ikkje var det sol på Vernet. Så eg heldt meg inne. Det var kaldt og eg måtte fyre i omnen, for varmepumpa greidde ikkje å halde temperaturen oppe.
Temperaturmålaren på trappa viste minus 8 grader.
Eg hadde ikkje lagt plan for dagen, men Marit opplyste meg om at det var 1.sundag i advent i morgon, så ho ville begynne å pynte litt til jul. Eg kunne ikkje vere dårlegare, så eg gjekk i kjellaren og henta pynten min. Eg fekk hegt opp ei julestjerne og sett fram diverse lysestakar, men ville ikkje gjere altfor mykje av det. MEN  så kom eg på at eg ville skifte til "julegardiner"-dei er kvite og ikkje så julete at det gjer noko. Det tok si tid å ta ned gardinene som var, og henge opp dei kvite. Då eg var ferdig klokka 13.30 tok eg dette bildet frå altanen.


Det er vakkert med kvit vinter, berre synd det er så kaldt. Det var ymse ting eg trong på butikken, så eg kledde godt på meg og tok ut bilen. Den starta på første forsøk, og eg kom meg trygt og godt både ned på Kiwi og  heim att til tross for mykje is på vegane. Eg kjøpte melk , blant anna, for eg hadde sett på ei koke med risgraut og hadde ikkje nok melk. Det blei middagen i dag, med litt morpølse til og ein kopp kaffi etterpå. Så måtte eg finne noko på TV-en og sjå på mens eg strikka. I dag fann eg noko eg trudde var ein serie om dronning Elisabeth den første av England. Men det var berre ei lang episode. Eg likar godt slike filmar frå gamle, gamle dagar, då er det ikkje så farleg om dei høgg hauda av kvarandre heller "for det er så lenge sidan".
No må eg ut og hente inn meir ved, denne omnen eg har sluker veden, og så blir den fort kald att. Det var nærmare 9 minusgrader sist eg såg etter. Og eg vil ikkje fryse. Så står det berre att å ønske alle ei fin adventstid.

fredag, november 26, 2021

Dagbok 2021: 26.november



 

Klokka er no17.18, temperaturen ute er minus 7 grader C, men inne er det varmt og godt. Det har vore ein fin  og lys dag, men sola fekk vi ikkje sjå-her nede i alle fall. Eg hadde planer for dagen-ein del husarbeid stod på vent.Eg sette på oppvaskmaskina, så vaska eg bad og kjøkken som vanleg, men i dag var det opplett så eg fekk vaska soverommet også og hatt ut teppa. Etterpå støvsuga eg alle teppegolva. Ryggen min var ikkje god i dag heller, men eg ville prøve meg på snømoking likevel. Det gjekk heilt greitt. Men trappa skulle eg tatt i går, no måtte eg berre la snø og is ligge der, for eg kan ikkje øydelegge "malinga". 
Då eg var ferdig med mokinga, kveikte eg i omnen og sette på kaffien. Då eg hadde ete sette eg meg inn i godstolen, som vanleg, og sette på TV for eg trudde det var nyheiter kl.15. Det var det ikkje, men derimot sjakk . No er det over to timar sidan, og enda tyt dei i eitt kjør og Magnus Karlsen er enno ikkje ferdig, Eg heldt på å sovne fleire gonger, men eg tok fram strikketøyet og det heldt meg vaken. 
Eg har ikkje snakka med nokon i dag, men Marit og eg har chatta på Messenger. Ho vart brått så slapp i dag, ho trur det er reaksjon på vaksinen, for Brita hadde det samme. Eg merkar ingen ting av det 3.stikket heller.

I løpet av helga vil eg prøve å få i stand eit avisinnlegg om "Den gylne spaserstokk"-det treng ikkje vere så langt.
Viss eg vil ut på byen i morgon, så kjem eg ut med bilen-trur eg.

torsdag, november 25, 2021

Dagbok 2021: 25.november





Klokka er no19.33, temperaturen ute er så vidt under 0 og vi har fått mykje snø. Høyrde at naboen på andre sida av gata hadde fått i gang snøfresaren. Eg har verken fresa elle moka, men eg har funne fram mokebrett og snøspade - for dei som vil ut. Eg har tenkt å halde meg inne så lenge.

Det var Marit sin tur å køyre til treninga i dag, så eg slapp å ta ut bilen.  Etter at vi kom heim, kveikte eg i omnen med god ved, og så heiv eg innpå litt sjølvlaga plommeved når eg hadde fått god fyr. Her blei heitt og godt og eg tenkte det ville vare ei stund. Etter kvart vart det middag; i dag tina eg opp eit par ballar(klubb) som var att etter den store "ball-festen." Eg prøver å ete opp restar som eg har frose ned, dei blir mindre fristane etter kvart som tida går.

 Ca, 15.15 GJEKK eg ned til hotellet der vi skulle ha eit litt spesielt pensjonistmøte for dei som er med i "Den gylne spaserstokk", dei får premie kvar år dei er med i form av pins etc. Første året får dei turstavar. Det er banken som spanderer. Per tok imot inngangspengar og han kunne opplyse at Eli, leiaren, ikkje kunne komme fordi ho hadde vore i nær kontakt med ein som var smitta.(Truleg sonen). Men Nelly som er sjef for turgåarane var der og hadde med seg fine bilde frå turane. Det var kjekt å sjå alle dei fine turmåla, også for oss som ikkje hadde vore med. Etterpå fekk vi smørbrød og kaffi-samme menyen som vi har på "Spansken".

Per og eg vart sittane i lag ved eit bord, og vi hadde mykje å prate om. Vi har felles kjende og han har vore kollega med Margrete. Per ville køyre meg heim att, men eg ville vere att ei stund og gå heim. Sidan eg ikkje hadde gått på Vernet i dag, trong eg mosjonen. Eg vart sittande å prate med nokre damer som eg kjenner godt-og så GJEKK eg heim. Eg syntest her var varmt og godt med det samme, men no synest eg ikkje det lenger. Men sit eg og strikke borte med varmepumpa plar det gå  bra.

No skal visst rånebilen ut., eg føler ikkje at eg har plikt til å moke for ein som ikkje er leigetakar,

onsdag, november 24, 2021

Dagbok 2021: 24.november


 Klokka er no 17.25, temperaturen ute er + 3 grader C, og det har regna det meste av dagen. I dag hadde eg fått time til vaksinering kl.10.48, men eg forstod at viss eg vart vaksinert då, rakk eg ikkje spansk-kurset. Men eg var såpass frekk/ lur at eg stilte meg i kø i 10-tida og var ferdigvaksinert kl.10.15, så måtte eg sitte i ro i 20 minutt, men seg stakk av etter 15, og var ute i veldig god tid før spansktimen. Eg var ikkje heilt på mitt beste i spansk i dag, det hadde ikkje med vaksinen å gjere, men med det faktum at eg høyrde dårleg, på grunn av at eg hadde gløymt høyre-apparata heime. 

Klokka var nesten halv 2 då eg var heime att. Eg tok og kveikte i omnen for å få opp temperaturen, så held det med varmepumpa resten av dagen. Akkurat då var det litt fint vêr, såg faktisk ein snurt av sola, så eg tok ein runde på Vernet. Der var det maskineri og menn som dreiv og fylte att hola under gjerdet, det kan vere farleg for små barn der. Men så lenge dei berre fyller ut med sand og singel, blir det nye holer.



Dei to bilda under er tatt frå same utgangspunkt på same tid. I aust var det blå himmel og nesten sol, i vest var uveret på veg inn.


Til middag i dag raska eg saman diverse  restar, såpass det vart litt ryddigare i kjøleskapet. Etterpå sette eg meg til med kaffikopp og TV-serie. Eg heldt på å sovne i dag også. Det er ikkje slik at eg treng så mykje søvn. Eg vaknar tidleg og sovnar seint-derfor blir eg trøtt på ettermiddagen, men eg legg meg ikkje til å sove for det. Men eg ser at eg får ikkje gjort noko husarbeid i dag, så eg kan like godt begynne på spansk-leksa. I morgon er det trening før middag og pensjonistmøte etter middag. 

Solveig har brote ein finger på venstre handa og var på sjukehuset i går der dei tok røntgen og gipsa fingeren. Veldig lite kjekt no når det går mot jul.

Apropos jul så er det akkurat ein månad til julaftan i dag- og då er det Erlend sin fødselsdag. Eg hugsar at han var med på julegrantenning det året han vart fødd. Eg har lite bilde av Erlend på denne laptopen; på ei gammal maskin hadde eg masse bilde av han men den maskina er ein saga blott. Men andre har lagt ut bilde på FB. Erlend er noko for seg sjølv og har alltid vore det. Men kjekk og snill det er han.
                                                  GRATULERER MED DAGEN ERLEND!

Her er Erlend, Amanda, Margrete, Ingeborg og Eirik på moloen i Trovågen då vi var der på ferie i juni månad.



tirsdag, november 23, 2021

Dagbok 2021: 23.november


 Klokka er no16.35, temperaturen ute er + 7 grader og det regnar. Det regna voldsomt på føremiddagen, så krafta blir vel snart gratis. Likar ikkje regnet, men heller det enn snø, vi slepp i alle fall å mòke.

I dag var de trening igjen og eg køyrde. Vi var på Spar og handla etterpå. Det er lurt å handle i lag med Marit for ho passar på kva som er på tilbod. I dag gjorde vi det godt, kvar sin 8- kilospakke med kveitemjøl til nærmast halv pris.

Etter at eg kom heim kveikte eg i omnen; veden frå Even brann godt, der var mykje ore-ved og den brenn så reint, all soten forsvann i omnen og her blei varmt og godt. Eg fann fram ein middagsrest som eg varma og kokte poteter til. Etter at eg hadde ete og rydda opp sette eg meg inn i stolen min-og då gjekk det som det måtte gå. Eg sovna og tømte kaffien ned i fanget (det er ikkje første gongen det skjer)-så eg måtte byte på meg tørre klede, heldigvis rann ikkje kaffien ned i golvteppet. 

Når dagane er så korte må eg kjobbe litt utetter kvelden. No har eg sett ein deig til julebrød med rosiner og sukat. Eg kjem ikkje til å bake så mykje til jul, men viss eg bakar litt no og då, blir det sikkert nok.

Solveig har skada ein finger på skulekjøkkenet i dag. Eg fekk melding frå Einar, det var han som køyrde henne til Volda sjukehus, der ho tok røntgenbilde og vart gipsa. Meir veit ikkje eg.

På"arbeidsbordet mitt i stova er det ofte overfylt. Her har eg alle fjernkontrollane mine, avis, bøker strikketøy og diverse anna. Spanskboka ligg klar no, for i morgon er det kurs. Men eg skal ta vaksine før "skuletid"- så det spørs om eg blir i stand til å telje etterpå. Eg har øvd meg veldig, og eg kan tala uansett om eg greier å telje i morgon. Møre-Nytt må eg også gå gjennom, eg plar lese det meste i den avisa-elles les eg ikkje aviser, men høyre mange dagsnytt-sendingar på TV. No må eg sjå etter om deigen er ferdigheva.



mandag, november 22, 2021

Dagbok 2021: 22. november


Klokka er 17.00, og eg var nettopp ut på trappa og tok bildet, Temperaturen ute er no +6 grader C, og i dag har det regna. I går kveld kom det litt snø og eg var redd for at det skulle vere kvitt i dag. Det var det heldigvis ikkje. Sidan eg fekk ein heil dag heime i dag, tenkte eg at eg skulle gjere noko til jul. Eg bestemte meg for å steike krumkaker. I fjor laga eg ein stor porsjon, så eg ville lage litt mindre i år. I fjor hadde eg notert at det vart 48 kaker-i dag vart det vel 40-eg talde ikkje så nøye.  gang å lage gulrotkake.Eg lagar kakebotnen no og så har eg glasuren på når eg tek den opp att frå frysaren.Gulrotkake er veldig populært blant dei unge, spesielt.

 


Eg rotar forferdelig på kjøkkenet når eg bakar, og oppvaskmaskina var full og sett på før eg begynte. Men eg er nesten like flink å rydde som å rote, så det varte ikkje så lenge før alt var på stell. Då sette eg meg inn i stova og kvilte litt, mens eg drakk kaffi. Eg er ikkje så effektiv som eg var før i tida, men eg er ganske flink for alderen, seier Solveig.


I dag er "lillebroren" til Nils 80 år. Og har er framleis ung og sprek, det såg vi då vi var der ute i sommar. Rolf og Mimi har fire barn,  14 barnebarn og mange oldebarn. Her held Rolf på den yngste av dei, Magnus, som er 5 veker. Eg veit ikkje sikkert kven foreldra er, men det får eg no vite litt seinare, eg vil ikkje skrive noko som er feil.
Då Rolf fylte 60 år, feira han i Bergen med stort selskap, då var Nils og eg der også. Sidan har eg ikkje vore i byen.
Eg vil gratulere Rolf med dagen og begge oldeforeldra med det nye oldebarnet.

På denne dagen kvart år hugsar eg tilbake til 1963, då budde vi på Raudeberg og Solveig var liten baby. Eg sat på golvet og leika med henne og radioen stod på. Då kom meldinga om at president Kennedy var skoten. Det er lenge sidan no, men somme ting hugsar ein. Og mange gonger når eg ser meg tilbake forstår eg ikkje at det kan vere SÅ lenge sidan. Tida/ livet går så fort.


søndag, november 21, 2021

Dagbok 2021: 21.november

 


Klokka er no16.20, temperaturen ute er +1 grad og det har regna i dag også, men sola kom fram ein liten augneblink. På føremiddagen bala eg litt med omnen , men det vart no varmt til slutt. Varmepumpa greier ikkje å varme opp åleine. Elles så strikka eg litt og jobba med spanskleksa ei stund til eg fann ut at eg ville gå tur på Vernet. Eg utrusta meg med Caps og regnjakke etc. men akkurat den stunda eg var ute og trimma kom det ikkje ein regndrope. Det regna både før og etter. I dag gjekk eg motsatt veg av det er brukar på Vernet, då fekk eg litt annleis bilde, men eg får ikkje kutta verken oppe eller nede på bilda utan at kantane følgjer med, det er litt irriterande. Då eg var komen rundt gjekk eg ned i Storebakken og 
gjorde heimvegen litt lengre. Før eg gjekk i hus batt eg tau rundt rips-og solbærtrea- det kan no kome snø kva tid som helst.
I dag vart det grønnsaksalat med fetaost til middag, ei stund sidan sist eg hadde det no, og det var godt i dag også. Så vart det kaffi, TV og strikketøy. Eg har til no strikke to par lestar av garnet som Solveig hadde med for ei veke sidan. 
 Komande veke er det noko kvar dag. Onsdag skal eg vaksinere meg før Spansktimen, håper eg kjem til så tidleg at eg slepp å skofte spansken. Eg trudde det var i morgon eg skulle til Volda, men det er neste veke.
No ser eg vermeldinga på datamaskina: Regn/ snø snart.





Fint vêr akkurat den stunda eg var ute
 



lørdag, november 20, 2021

Dagbok 2021: 20.november


Klokka er 18.50,temperaturen ute er +3 grader C. Det har regna i dag også, men det har ikkje vore vind.

Eg følte at det var sundag i dag, så eg tok meg ikkje til noko anna enn å strikke litt, husarbeidet tok eg i går. Marit hadde fri i dag, for hunden var på hytta, så vi tenkte vi kunne utnytte dagen og fridomen til å ta ein tur på Plantasjen. Eg var ikkje sikker på om eg orka å køyre dit i dag, men då vi først hadde kome oss av garde, gjekk det som smurt. Eg fekk handla ein kvit orkide, to raude amaryllisløkar og ein krans til grava. Så treng eg ikkje å fare dit fleire gonger før jul.Vi handla litt mat på Coop, eg tok som vanleg med ein spekesildpakke derifrå. Vi køyrde nedom ALTI på heimvegen, men der var så mange bilar at vi køyrde rett heim, det er ikkje lurt å komme i lag med så mykje folk i denne nye koronatida.

Då vi var komne heim avtalte vi at Marit skulle komme ned til meg og drikke kaffi etter at vi begge hadde ete middag kvar for oss. Eg storkosa meg med nydeleg spekesild med poteter, kålstuing  og sylta raudbetar, ho hadde gryterett. Til kaffien hadde vi  restar av ei kake og ein ny sort is. Vi gjer det enkelt.

Tidleg på føremiddagen fekk eg besøk av ei anna nabodame, som hadde høyrt at eg hadde vore på sjukehuset. Eg kunne berolige henne med at det ikkje var så veldig alvorleg.

Det vart inga mosjonsrunde i dag, men det kan bli dobbeltrunde i morgon-kanskje. Det vart relativt kaldt ute no-med ein stor rund måne langt mot aust. Før i tida hadde dei stor tru på månen, eg veit at besten snakka mykje om den, men slik lærdom har gått i gløymeboka. Trur eg.
 

fredag, november 19, 2021

Dagbok 2021: 19.november

Klokka er no16.40, temperaturen ute er + 6 grader C, det regnar og det blæs og det er bekmørkt ute. Men eg er inne og har det både lyst og varmt, så eg klagar ikkje.

Sist natt sov og godt for første gong på lenge. Som vanleg vakna eg opp etter eit par timar, men greidde å sovne igjen og sov til klokka var over 9, lenge sidan sist eg sov så godt. Som vanleg var eg låk i rygen og venstre hofta då eg stod opp, men etter å ha vore i bevegelse ei stund var eg bra.

I dag skulle eg vaske kjøkken og bad til helga, men så hadde eg ein heil liter melk som gjekk ut på dato, så eg måtte anten bake brød eller koke graut. Eg valde brøda. Eg fekk ikkje vaska ferdig før eg hadde fått brøda i omnen. Då eg hadde fått brøda ut, ville eg gå ein tur på Vernet, men det regna og det blés, så eg slo det frå meg. Men så ombestemte eg meg, for eg hugsa at eg eigentleg likar vind-og det regna ikkje så veldig mykje. Eg kledde meg godt og gjekk runden  min, og det var forfriskande.

Eg kom heim ca 14.30, så då var det tid for middag. I dag var det lettvint, eg varma restar frå i går i mikro-ovnen. Etterpå vart det kaffi, TV og strikketøy. Eg har begynt på lestepar nr. 2 av garnet Solveig kom med, det er ganske tjukt, så det er fort gjort å strikke eit lestepar eller to.

I dag har eg ikkje snakka med andre enn meg sjølv- men eg har no diverse samtalar gåande på FB og Messsenger. På TV ser eg dagsnytt fleire gonger for dag, og i dag har eg også sett frå Team Bachstad si reise i Karibia. Det er litt lærerikt, for eg har ikkje så mykje peiling frå før. Når ein ikkje får reise sjølve, kan det vere greitt å følgje andre sine reiser på TV. Det er fredagskveld og då blir det mykje TV anten ein er åleine eller ikkje. Ønsker alle ei god helg!



 

torsdag, november 18, 2021

Dagbok 2021: 18.november

Klokka er no17.50, temperaturen er + 5 grader C og det har regna heile dagen. Eg har ikkje orka å gå på Vernet ein gong i dette vêret-var der ikkje i går heller. Men det vart trening i dag frå 10-11, og etterpå handla Marit og eg på Spar. Fekk melding frå Einar i går om at han ville komme ein tur innover og då inviterte eg sjølvsagt på middag. Hadde kjøttkaker i frysaren, og det var det lenge sidan vi hadde hatt. For sikkerheits skuld og fordi eg hadde god tid , bruna eg sausen i går kveld og sette i vatn grøne erter. Då eg kom heim etter treninga i dag laga eg ferdig maten og dekka bordet. Så sette eg meg til med spanskleksa ei stund. Einar kom presis som alltid og vi åt og prata ,som vanleg, og drakk kaffi.

I går fekk eg melding på telefonen om at eg hadde fått time på Volda sjukehus. Men ingen ting om dag og tid. Eg skulle gå inn på helsenorge, stod der, men på helsenorge var det ikkje kome noko nytt. Eg var inn og såg etter fleire gonger, men til slutt ringde eg sjukehuset. Dei fortalde at timen min var den 17.desember, men eg skulle få eit brev i posten. Eg veit at eg skal ta blodprøve før eg skal på sjukehuset, men alt står vel i brevet. Forstår berre ikkje at dei sender melding på telefonen så lenge på førehand.

I morgon har eg fridag, eg føler det slik når eg ikkje har plikter utanfor heimen, Eg skal sjølvsagt vaske og rydde i huset, men det gjer eg i mitt eige tempo. Håper det blir så bra ver at eg kan vere ute litt. Det er så mørkt om dagane at ein kunne nesten ønske det kom litt snø-men berre nesten.
 

onsdag, november 17, 2021

Dagbok 2021. 17.november

Her sit eg no! Klokka er 17.30, temperaturen ute er+ 3 grader og det regnar, det har det gjort i heile dag. Det har ikkje vore heilt lyst i dag, så eg har fått prøvd meg på mørkekøyring- og det har gått bra. No er det bekmørkt ute.

Eg køyrde heimanfrå første gongen kl.10.30. Vi hadde det kjekt på hotellet- og spanskkurset. Mange av dei damene eg har gått i lag med før, har slutta, men no har eg fått meg to nye venninner, Olaug Pernille  og Unni. Unni er interessert i strikking. I går hadde ho vore på kurs på Brudavollen og lært om strikkakleda til fiskarbonden i litt eldre dagar. Sjølv strikkar ho mykje lestar, men ikkje den sorten som eg driv med. Hennar er reine kunstverka, eg fekk sjå bilde på telefonen hennar-og det var kunst rett og slett. Eg spurde om ho teikna opp mønsteret først og det gjorde ho- på ruteark. Eg sa det til henne: "Du må gi ut bok!"

Etter spanskleksjonen var eg nedom Alti der eg bestilte klipp hos samme dama som klipte meg sist. Då var eg så fornøgd med sveisen. Eg skulle komme tilbake kl.14.45. Var innom Europris, og med det samme eg kom inn "fauk" høgre høyreapparatet  ut og landa på golvet. Heldigvis merka eg det med ein gong og plukka det opp- og la det i jakkelomma-trudde eg. Då eg kom heim fann eg det ikkje att, og vart skikkeleg redd for at eg hadde mist det. Eg leita både her og der, til slutt i veska mi- og DER låg det. Eg vart så letta at det er "ubeskriveleg".  Eg trudde eg hadde lagt det i lomma, men så hadde eg altså ikkje det.

Eg var heimom og skifta litt klede før eg for ned att til frisøren, og vart klipt både lenge og vel. Eg var innom butikken til Mariann etterpå, og ho kunne fortelle kvifor frisøren er så flink å klippe kort hår. Ho er nemleg utdanna herrefrisør. Når eg klipte meg no reknar eg med å vere passeleg utvokst til jul.

I dag har eg ingen ting gjort heime, men i går kveld pussa eg alt sølvtøyet-til jul. Eg har heller ikkje vore på Vernet, men i morgon blir det trening, sidan lunsjen hos Tone vart utsett -på grunn av at dottera hennar er korona-smitta. Det er ikkje sikkert at vaksinen som eg har fått virkar så mykje lenger, men eg skal få ny den 24.nov.Det er vel neste onsdag? Den 25 er det pensjonistmøte. 

Elles har eg fått melding frå Margrete om at ho har ordna ut med trumf- ho har snakka med dei i telefonen og alt skal vere i orden. Gode hjelparar er gode å ha.



 

tirsdag, november 16, 2021

Dagbok 2021: 16.november

 

Klokka er no17.10, temperaturen ute er + 10 grader, det er opplett, men det blæs. Det var sterk austavind då eg var på Vernet i dag, vinden er mykje sterkare der enn her nede.

Denne dagen har gått mykje opp i tull. Etter treninga var Marit og eg på Alti; ærendet mitt var først og fremst å kjøpe medisinar eg var tom for, den eg hadde på resept på, fekk eg gratis, fordi eg har frikort, boksen med kalktablettar må eg betale 200 kr for- men reseptmedisinen er nok mykje dyrare.
Eg tok turen på Vernet med det samme eg kom heim, så slapp eg å kle av og på meg så mange gonger. Eg gjekk heimanfrå kl 12.20, og då eg kom heim att varte det ikkje så lenge før eg kunne varme suppa mi. Greidde med litt strev å ete opp nesten alt. Så var det å sette seg til med kaffi, TV og spøt. Eg ser mange lærerike og interessante program, så det er ikkje heilt unyttig. Eg heldt på og skulle sovne, men eg stoppa ikkje å strikke av den grunn. Eg begynte på ein lest i går som eg strikka ferdig og begynte på nr. 2. Det er fristande å sette seg til med spøt når ettermiddagane er så mørke.
Eg fekk melding frå Ragnhild om at lunsjen hos Tone, som skulle vere torsdag i denne veka, er utsett. Ei av døtrene til Tone er smitta.
I dag på treninga begynte vi å snakke om kakebakst. Vi var samde om at krumkaker det kunne vi lage. Då hugsa eg at eg brukte ei anna oppskrift i fjor enn den eg har brukt før, og eg likte den nye oppskrifta. Men kvar var den? I ei bok? Nedskriven? Eller? Eg sjekka dagboka mi og fann ut at eg steikte kakene den 6.desember. Gjekk inn på bloggen, men der stod heller ikkje noko om oppskrifta. Det einaste eg hugsa var at det var 6 egg, og ganske mykje vatn til slutt. Eg gjekk inn på data og søkte på krumkaker. Den første oppskrifta som kom opp var Ingrid Espelid si, då demra det litt. Oppskrifta var med 3 egg og 1,5dl vatn- det var inga stor oppskrift....men vent litt, eg kan ha dobla. Då stemte det bra- så eg trur det er rett.
Eg har elles ikkje tenkt å bake mykje. Har ikkje ete opp det eg laga i fjor enno. Småkaker kan ein kjøpe ein boks eller to viss ein vil.
I morgon er det spansk igjen, men eg slepp å øve så mykje på leksa denne gongen, for eg kan det meste frå før. Det kan hende eg fer ned på Alti og klipper meg etterpå viss der er ledig, eg likte så godt ho som klipte meg sist, så eg vil helst ha henne.
Her i gata er det somme som alt har fått ut lyslenker på husa. Ganske kjekt når ein er ute og går i mørkret. No skal eg ta og stryke nokre av kleda eg vaska i går. Og så får eg vel snart ein PC sendande frå Rasmus, slik at eg kan skrive skikkelege referat frå dei to pensjonistmøta vi skal ha før jul, det eine på hotellet den 25.nov, det andre på Bakk-Ola den 1.desember.(Eg har avtalt med Helge at han hjelper meg i gang) Eg har skrive rett på kalenderen, for det er mykje å passe på, den 24.nov. er det vaksinedose nr. 3.og då har Erlend bursdag!

mandag, november 15, 2021

Dagbok 2021: 15.november

 


Klokka er no17.00, temperaturen ute er + 9 grader og det regnar så smått heile tida-trur eg. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet og har både lys og varme inne.
Sist natt rota eg litt med søvnen igjen, men sovna skikkeleg då det leid til morgon, så eg var ikkje så tidleg oppe i dag. Planen for dagen var å få gjort litt husarbeid. Annakvart år plar eg vaske veggane i stova med spesialsåpe for å halde dei så lyse som muleg. Sist eg vaska var i mars 2020, då sette eg att veggen der TV-en står, fordi eg ikkje torde å begynne å flytte på TV-en og benken den står på. Eg skulle ta den att ein gong eg hadde nokon til å hjelpe meg. Det vart berre aldri, før i dag, då tok eg meg saman og fekk det unna. Margrete blir sikkert ikkje overraska over at vaskevatnet vart litt SVART. Resten av veggane skal eg ta anten før eller rett etter jul.Eg likar i grunnen godt å vaske, og så likar eg lukta av veggane når dei står til tørk.

Etter at eg hadde fått på plass det meste igjen, støvsuga eg grundig alle teppegolva, og så bytta eg på senga og sette på ein klesvask. Då var klokka etter kvart blitt så mykje at eg måtte tenke på middag. I dag laga eg ein av favorittretane min, nemleg grønsaksuppe. Det er ein enkel rett, vatn+ bulliongterningar-og så oppskorne bitar av dei grønnsakene eg har i hus. Eit par pølser i bitar til slutt. I dag tok eg ei brødskive attåt for å bli meir langvarig mett, og så har eg nok til i morgon også. Etter ein kaffiskvett og litt TV kledde eg på meg og gjekk ut, då var klokka nesten 16 og det var begynt å bli mørkt.

Dette bildet er tatt klokka 16.00, det øvst oppe på dette innlegget er tatt kl.16.30. I morgon er det trening igjen, og så har eg diverse ærend på Alti m.fl. Må få meg klipt om ikkje altfor lenge, men tenkte eg skulle vente til nærmare jul-og julebordtid. Eg begynte på ein lest frå garnlageret som Solveig kom med i går, men først gjorde eg ferdig det lesteparet eg heldt på med. Kveldane er lange no når det blir så tidleg mørkt, så det blir vel mykje TV og spøt ei tid. Eg kjem ikkje til å bake så mykje til jul, men litt kan det vel bli.






søndag, november 14, 2021

Dagbok 2021: 14.november


Klokka er no 18.30,temperaturen ute er + 8 grader, et har vore opplett og litt sol i dag.

Den 14.november 1936 vart Nils fødd; han kom til verda heime i huset som dei hadde bygt i Trovågen og flytta inn i samme hausten. Anne Marie, søstera til Nils var ca. 1,5 år gammal. Den gongen var ikkje elektisitenen komen til Trovågen og heller ikkje var der veg. "Vegen" var sjøen. I dag er det 85 år sidan Nils vart fødd, men han fekk ikkje oppleve å bli så gammal. Det var på 80 årsdagen at han vart sjuk for alvor og all feiring vart innstilt. Men alle åra før prøvde vi å samle familien for å feire fødselsdag og farsdag i eitt.

I dag tok Marit og eg turen til kyrkjegarden på føremiddagen mens sola var delvis framme for å tenne lys på gravene. Eg fekk berre sett nye batteri i lykta, for lysa som eg tende førre søndagen var heilt nedbrende.

Då vi kom heim att gjekk eg ein tur på Fonnvernet, hadde ikkje vore der på nokre dagar.

Det var ein fin haustdag med snø på alle fjelltoppar, men heldigvis berre der. Solveig hadde sendt melding om at ho kom ein tur innover og ville tende lys på grava. Ho hadde tent lysa før ho kom hit, sidan eg hadde vore der før. Dermed kom det også levande lys på grava til han vi alle saknar, men tenker på og hugsar med glede.
Solveig hadde med seg eit par sekker med ved til meg, og det set eg pris på, men eg har no ordna meg med vedleveranse frå naboen i år også. I går hadde Margrete med seg fint garn, som eg kan strikke lestar av, og i dag kom Solveig med ein heil pose garn som ho hadde kjøpt på tilbod, så no har eg å ta av ei stung. Eg likar å ha noko "på hendene" når eg  ser TV- og heldigvis har eg mange som set pris på å ha varme føter.
Mandagen er den dagen eg kan få gjort litt heime, elles har eg program for dei fleste dagane-men ikkje heile dagen. Det er kanskje snart tid for å begynne å tenke på jul? Forretningsstanden har hatt jul lenge alt. Eg kjem til å få bruk for litt hjelp når dørkransen skal på plass, og så får eg skaffe meg litt meir pynt i god tid. I fjor var dei utselde før eg hadde kjøpt det eg ville ha.

                                                    Solveig sitt bilde, tatt i skyminga

                                    
 

lørdag, november 13, 2021

Dagbok 2021: 13. november


Klokka er no 17.40 og temperaturen ute er + 4 grader C. På føremiddagen var vêret fint, og vi hadde sol ei stund, men no er det vått på trappa og på asfalten. Bilda tok eg tidleg på føremiddagen. 
I dag greidde eg å ligge i ro til klokka var nærmare 8, då måtte eg  opp og røre på meg. 
Sidan eg ikkje tok fredagsvasken i går, måtte eg ta den i dag, men det var fort gjort. Så var eg ein tur på butikken og handla inn til helga. Margrete hadde sendt melding om at ho ville komme ein tur i 14-tida, så eg kjøpte inn til middag til oss to einebuarane. Ikkje alt vart like vellykka av den enkle grunn at eg har ein tendens til multitasking. Grønnsakene vart bortimot uetelege fordi eg såg serie på TV på samme tid som er strikka, dermed gløymde eg maten ei stund. Men vi åt no det som var passeleg kokt. Etterpå drakk vi kaffi og prata, dvs.  Margrete måtte no ta fram strikketøyet etter ei stund. 
Det er veldig hyggeleg å få besøk, eg synest ettermiddagane og kveldane var lange no etter at vi stilte klokka.
Eg ser mykje TV for tida, men eg saknar Stjernekamp. "Maskorama " har eg ikkje sansen for. Men eg har no mange andre kanalar og seriar, så eg finn alltid noko av interesse. Eg les også ei bok, men helst berre på senga, den er såpass kjedelig av eg blir søvnig av den. Eg er overraska over at det blir gitt ut så mange uinteressante bøker.
I morgon er det Nils sin fødselsdag, han hadde fylt 85 år om han hadde fått leve. Tenkte eg skulle ta ein tur på grava og tenne lys-og sette inn nye batteri i lykta.

 

fredag, november 12, 2021

Dagok 2021: 12.november.


                                               Volda sjukehus får mange store tilbygg no.

 I dag har eg vore på ei reise-stort sett åleine. Eg hadde bestilt taxi til litt før halv ni, men vakna mellom klokka 5 og 6. Stod like godt opp for eg fekk ikkje sove likevel. Var ferdig med frokosten før klokka var 7, så eg hadde god tid til dusjing etc.

Taxien kom før halv ni, og sjåføren var nesten på alder med meg. Han køyrde ikkje så fort og eg fekk sitte framme og prate med han på turen. Eg fekk mellom anna vite at materialar til bordkledning har stige veldig i pris-frå 24kr. meteren til 100. Turen kosta meg over 300 kr. Men eg fekk no tre gratisreiser til Ulsteinvik med Taxi, så eg må no vere fornøgd.

Eg fekk komme inn til legen med ein gong, og ho var så blid og hyggelig at det vart ei kosestund. Ho forklarte meg litt om sjukdommen, som er i blodet, men den er ikkje så veldig alvorleg. Eg  hadde forresten ingen av dei symptomane som ho spurde etter. Det blei tatt ei beinmargsprøve. Då måtte eg ligge på ei "seng" og få lokalbedøvelse. Kjende berre nokre små stikk-ikkje vondt i det heile tatt. Både legen og ho som hjelpte til har vakse opp her i Starevegen, men dei er såpass mykje yngre enn eg at eg har ikkje hatt så mykje med dei å gjere. Legen vart eg kjend med då Nils låg der. Ho er utdanna som kreftlege, så eg hadde mine bange anelsar. Og ja, "sjukdommen" min kan utvikle seg til kreft, men det var ikkje så veldig farlig det heller for det går i tilfelle veldig seint, og der er hjelp å få.  All angsten min forsvann, og eg vart glad og letta.

 Då eg var ferdig på sjukehuset, gjekk eg ned til Busshaldeplassen, same vegen som eg gjekk titt og ofte den tida Nils var ut og inn på sjukehuset i Volda. På vegen nedover gjekk eg forbi ein eplehage der dei hadde klipt epletrea ganske mykje. Eg tok bilde for å ha noko å gå ut frå når mitt epletre skal  "klippast". Eg tenkte at det kunne vere ei oppgåve for Audun ein gong han er heime.
Eg tenkte at viss det var lenge til neste buss, så fekk eg ta ei butikkrunde, men det var berre ca 20 minutt å vente, så eg vart sittande på ein ventebenk og prate med ei dame som skulle til Ålesund.

I Ørsta stakk eg innom garnbutikken, kjøpte ikkje noko i dag, så no er eg utan spøt, men kanskje eg får til nokre små lestar av restane eg har. Eg gjekk opp Vikegeila til Håkonsgata og då fekk eg sjå kvar det store, nye huset ligg; det var ikkje på Hoggamyra. Eg har enno ikkje funne ut kva huset skal brukast til. Eg gjekk opp elvavegen , der eg gjekk kvar kveld den tida Nils var på Sjukeheimen. No kan de sjå på bilda-så ser de kvar huset er.
                                                Bildet er tatt frå Håkonsgata


                                                 Desse bilda er tatt frå Elvavegen

Eg kom til å tenke på tanta mi, Møyfrid, ho opplevde ein heil roman kvar gong ho tok bussen frå Eid til Stryn.

  Klokka er 13.50, temperaturen ute er + 2,5 grader C. Det er lettskya, opplett og litt sol akkurat no.


                                  

torsdag, november 11, 2021

Dagbok 2021: 11. november


 Klokka er no 15.50, temperaturen ute er + 6 grader C , det er overskya, vind og regn og litt nysnø i fjella. Eg har nettopp kveikt opp i omnen for å få det koseleg og varmt inne. Eg har nyss ete middag, og la ut bilde av maten min på FB, for å minne folk på at minst halve tallerkenen skal vere grønsaker. Eg har i den seinare tida ete både på kafear og restaurantar, og trenden er den samme-altfor lite grønsaker!

Elles har det vore ein dag med frustrasjonar, og meir koselege ting.  Dei nye sovetablettane er betre enn dei eg hadde før. Eg sovnar fort, søv roleg -men vaknar tidleg. Eg legg meg til å sove i 1 tida og i dag sov eg til klokka var nærmare 7. Då stod eg like godt opp, for eg verker i kroppen før eg kjem meg i bevegelse. Så det vart tidleg frokost i dag. Og så såg eg eit prgram på TV som eg aldri har sett før:Nyhetsmorgen-var det det heitte ? Vi skulle vere på treninga klokka 10-og det var vi. Etter treninga var Brita, Marit og eg på ALTI. Der var det "jubileum"i dag-15 år sidan kjøpesenteret opna. Derfor hadde dei julebrød til sals for 15kr stk. Eg kjøpte to. Vi hadde høyrt rykte om gratis kake og kaffi, men vi kjøpte i "disken" for vi var litt tidleg ute. Då jubileumskaka kom fram, var Marit og eg for mette til å ete meir kake, så vi stod over. 

Det kom ein mann smilande bort til meg, eg trudde eg kjende han, men var ikkje sikker. Men det var han eg trudde: Erling Sørheim. Vi jobba i lag på Velle i si tid, men no var han også blitt pensjonist. Han hadde mykje å prate om, men så spurde han korleis det var med Nils, han hadde ikkje fått med seg at han var død. Det var litt rart for han kjende no Nils godt.

Marit skulle handle på Spar og mens ho gjorde det, køyrde eg opp til Legesenteret og ville høyre om eg fekk Taxi på "pasientreiser" i morgon når eg skal på sjukehuset. Det kunne eg ikkje få, sidan eg "var i stand til å køyre sjølv". Eg sa at eg kom ikkje til å køyre sjølv, mellom anna fordi eg skulle få bedøvelse på sjukehuset.

Ja, på sjukehuset kunne dei bestille pasientreise tilbake viss det var nødvendig. Ho meinte eg kunne gå ned på Kiwi og følgje skulebussen bortover om morgonen. Men eg trur heller eg bestiller taxi og betaler sjølv. Tilbake kan eg heller ta buss.

Det var ikkje problem å sende Marit og meg med "pasientreiser" til Ulsteinvik 3 gonger. Og vi var no friske nok til å ta buss. Viss det er dårleg føre får vi "pasientreise" til treninga. Ja, unnskyld meg -eg vart litt sur.

No skal eg ha meg litt kaffi og så blir det vel TV og strikketøy nokre timar. Ute er det både mørkt og kaldt.

onsdag, november 10, 2021

Dagbok 2021: 10.november



Klokka er no 16.55, det er + 6 grader C ute , det har regna og blése i heile dag. Eg har ikkje vore ute og gått tur, og no er det for lengst mørkt , så eg held meg inne og fyrer i omnen og har det ganske bra. Eg har sendt med Marit pengar, som skal gå til ved, Even leverer den heilt inn i garsjen. Det er lettvindt for meg.

Eg vakna tidleg i dag også, men låg i ro til klokka hadde passert 7.30. Eg skulle på spanskkurset klokka 11, så eg fekk god tid til å sjå ferdig serien min "Den spanske prinsessen", på NRK 1. Eg likar slike historiske seriar frå ei tid langt tilbake, og dette var ein av det betre i sjangeren. Eg kom ned på hotellet før dei andre i dag, så eg spaserte litt i nabolaget til det var på tide å gå inn. I dag var det berre ein som mangla på at vi var fulltallige. Vi har det kjekt i lag, og for oss som har studert ei stund er det ikkje så krevjande. Vi skal ha siste "timen" før jul den 1.desember.

Eg kom heim att litt før kl.13.30, då kom Marit ned ein tur , som planlagt, og eg fekk høyre litt meir frå gravferda til Arne V. Ho kunne ikkje vere så lenge for ho skulle opp att og steike pannekaker til Even og Mari Ella. Janne er veldig opptatt for tida. Marit fortalde blant anna at Stian og Anja skal flytte til Ørsta i ei leilegheit på Ose.

Eg hadde mat igjen frå i går, så det vart lettvint middag. Etterpå vart eg sittande og sløve framfot TV-en. Men så begynte "Husdrømmer" og det programmet ser eg ofte, mange av programma har eg sett før. Ergo har eg gjort lite og ingenting i dag, eg misser aldeles energien når vêret er slik. I dag har det nesten ikkje vore lyst. Men det er no ikkje så kaldt som det var nokre dagar. Vêret kan vi ikkje gjere noko med-anna enn å snakke om det.

I morgon skal vi på trening klokka 10-11, og etterpå skal vi gjere unna nokre ærend. No skal eg feste trådar på to par lestar.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...