tirsdag, november 16, 2021

Dagbok 2021: 16.november

 

Klokka er no17.10, temperaturen ute er + 10 grader, det er opplett, men det blæs. Det var sterk austavind då eg var på Vernet i dag, vinden er mykje sterkare der enn her nede.

Denne dagen har gått mykje opp i tull. Etter treninga var Marit og eg på Alti; ærendet mitt var først og fremst å kjøpe medisinar eg var tom for, den eg hadde på resept på, fekk eg gratis, fordi eg har frikort, boksen med kalktablettar må eg betale 200 kr for- men reseptmedisinen er nok mykje dyrare.
Eg tok turen på Vernet med det samme eg kom heim, så slapp eg å kle av og på meg så mange gonger. Eg gjekk heimanfrå kl 12.20, og då eg kom heim att varte det ikkje så lenge før eg kunne varme suppa mi. Greidde med litt strev å ete opp nesten alt. Så var det å sette seg til med kaffi, TV og spøt. Eg ser mange lærerike og interessante program, så det er ikkje heilt unyttig. Eg heldt på og skulle sovne, men eg stoppa ikkje å strikke av den grunn. Eg begynte på ein lest i går som eg strikka ferdig og begynte på nr. 2. Det er fristande å sette seg til med spøt når ettermiddagane er så mørke.
Eg fekk melding frå Ragnhild om at lunsjen hos Tone, som skulle vere torsdag i denne veka, er utsett. Ei av døtrene til Tone er smitta.
I dag på treninga begynte vi å snakke om kakebakst. Vi var samde om at krumkaker det kunne vi lage. Då hugsa eg at eg brukte ei anna oppskrift i fjor enn den eg har brukt før, og eg likte den nye oppskrifta. Men kvar var den? I ei bok? Nedskriven? Eller? Eg sjekka dagboka mi og fann ut at eg steikte kakene den 6.desember. Gjekk inn på bloggen, men der stod heller ikkje noko om oppskrifta. Det einaste eg hugsa var at det var 6 egg, og ganske mykje vatn til slutt. Eg gjekk inn på data og søkte på krumkaker. Den første oppskrifta som kom opp var Ingrid Espelid si, då demra det litt. Oppskrifta var med 3 egg og 1,5dl vatn- det var inga stor oppskrift....men vent litt, eg kan ha dobla. Då stemte det bra- så eg trur det er rett.
Eg har elles ikkje tenkt å bake mykje. Har ikkje ete opp det eg laga i fjor enno. Småkaker kan ein kjøpe ein boks eller to viss ein vil.
I morgon er det spansk igjen, men eg slepp å øve så mykje på leksa denne gongen, for eg kan det meste frå før. Det kan hende eg fer ned på Alti og klipper meg etterpå viss der er ledig, eg likte så godt ho som klipte meg sist, så eg vil helst ha henne.
Her i gata er det somme som alt har fått ut lyslenker på husa. Ganske kjekt når ein er ute og går i mørkret. No skal eg ta og stryke nokre av kleda eg vaska i går. Og så får eg vel snart ein PC sendande frå Rasmus, slik at eg kan skrive skikkelege referat frå dei to pensjonistmøta vi skal ha før jul, det eine på hotellet den 25.nov, det andre på Bakk-Ola den 1.desember.(Eg har avtalt med Helge at han hjelper meg i gang) Eg har skrive rett på kalenderen, for det er mykje å passe på, den 24.nov. er det vaksinedose nr. 3.og då har Erlend bursdag!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...