lørdag, oktober 31, 2020

Dagbok 2020: 31.oktober.

Klokka er 16.20, temperaturen ute er + 8 grader, det er overskya med litt regn innimellom. I dag låg eg heilt til klokka ringde, men eg vakna ei stund før. Etter at eg hadde sjekka datamaskiner og telefon gjorde eg meg klar og vaska kjøkken og bad. Støvsuging vart det ikkje i dag, men det kan hende eg tek ein sveip i morgon. Eg gjorde ferdig noko av spanskleksa mi og så Chatta eg med Marit om kva vi skulle gjere med gravene no på Alle helgensdag. Marit trudde ho var forkjøla, men det er visst heller allergi, ho skulle ikkje ut i dag, men eg tilbaud å sette lys på Robert si grav når eg først for dit fram. Marit hadde to gravlys så eg "kjøpte" det eine med henne, og så tok eg med batteri til "stearinlyset" mitt. Eg kunne ikkje vente til det vart mørkt så eg for fram tidlegare på dag. Eg fekk ordna lys på gravene. Der var mange andre ute i samme ærend. På heimvegen var eg innom Kiwi og handla litt matvarer. Då eg kom heim var klokka 15.00 og det var tid for middag. I dag laga eg noko som eg har hatt lyst på lenge, nemleg TACO. Har ikkje laga det sidan er vart åleine, men har ete hos Solveig. Det var kjempegodt! Og eg har nok til i morgon også. Eg er ekstremt glad i grønsaker, så eg kunne godt blitt vegetarianar, men det får no vere. Men eg seier ofte at viss folk skulle ete sunnare, så må det sunne vere billeg og det usunne dyrt. No er det motsett, såg på prisen på rabbe(kålrabi) den var det samme som før, 26 kr.kiloet. No skal eg slappe av med ein kaffikopp, så må eg jobbe litt meir med spanskleksa før eg set meg framfor TV-en. Eg skal ikkje gå i detaljar om alle problema på data og telefon, men det tryggaste er viss de vil ha tak i meg, at de sender melding på Messenger. Eg kunne no prøve å "reparere" sjølv, men då kan det lett bli enda verre.

fredag, oktober 30, 2020

Dagbok 2020: 30.oktober

Klokka er 18.00, temperaturen er + 12 grader og det er bekmørkt ute. Var rimeleg tidlep oppe i dag og fekk ordna ut med skriverianefør Margrete kom kl.11.35, slik at ho hjelpte meg å få sendt manus til avisa. Eg fekk litt tid til spansken også etter at eg hadde vaska håret og kledd meg om før ho kom. Vi hadde planlagt ein lopradag i Volda med shopping. Vi starta på "Kle og kaffi", der eg prøvde eit par jakker som eg ikkje var heilt nøgd med. Så gjekk vi bort til Møre konfeksjon og der hang jakka mi, midt i åsynet. Akkurat ei slik som eg ville ha. Eg prøvde den, og den sat perfekt. Fann den buksa eg ville ha også, så no er eg veldig fornøgd. Så skulle vi ete middag på kinarestauranten, men den var stengt. Men mat ville vi ha og den skulle vere god. Vi gjekk på Marias. Der bestilte vi biff-av ein eller annan nasjonalitet-eg hugsar ikkje, men det var mykje godt tilbehør. Fløtegratinerte poteter i ei skål for seg. Biffen var tre løvtynne kjøttskiver som var godt krydra. Maten var aldeles nydelig! Og rikeleg, men er det nokon som alltid et opp maten sin på kafé, så er det Margrete og eg. Etterpå kom dei og spurde om vi ville ha kaffi og det ville vi. Vi var på Jernia ein tur også, for Margrete skulle ha ei steikepanne.Til slutt skulle vi kjøpe kjøtt på Jokobsen, men då var klokka snart 16, og dei hadde stengt klokka 15. Eg hadde faktisk sjekka opningstidene på data før vi for, og der stod det 16. Ja,ja, eg kjem meg vel alltids bort og får kjøpt det kjøttet.
Vi tok ein liten køyrerunde i Volda og såg oss om. På vegen til Ørsta var vi innom Skeidar der eg kjøpte to sofaputer. Margrete vart med inn og skulle legg inn att Storytel på telefonen min. Det vart litt styr og mykje plunder, men ho gav seg ikkje før det var i boks.Vi måtte blant anna finne nye passord etc. Etter at eg vart att åleine, måtte eg ut med pincode og greier for å komme inn på telefonen, og då eg skulle skrive blogg, måtte eg logge meg inn med nytt passord på Google. Men eg kom i mål i dag også. No er det fredag og eg vil ønske alle ei god helg. Eg har ingen store planer anna enn å ta att fredagsvasken i morgon.Det tek ikkje lang tid.

torsdag, oktober 29, 2020

Dagbok 2020: 29. oktober

Klokka er no 17.00 og det mørknar ute. Temperaturen er + 6 grader C og i dag har vi hatt regnbyer. Eg starta dagen relativt tidleg, så eg fekk både øve på spanskleksa og skrive litt på referatet mitt før eg møtte opp på hotellet i god tid før klokka 11. Dei to spansktimane går veldig fort.Vi har kaffipause mellom timane , då får vi servert rundstykke og kaffi.Eg føler no på at eg forstår litt meir av det spanske språket-det er ikkje heilt enkelt. Etterpå var eg og fylte bensin før eg handla litt på Spar. Det var ikkje så mykje eg skulle ha, men det tek si tid å leite opp alt når ein ikkje er kjent på butikken; der er store endringar etter oppussinga.Eg var ikkje heime før klokka var nærmare 14. Då låg der ei melding på Messenger frå Audun, han ville komme innom ein liten tur om ca 1/2 time. Det vart ikkje tid til så mykje førebuing så det vart berre til at eg tok opp eplekake og is frå frysaren og kokte kaffi. Det er veldig kjekt å få besøk av barnebarn-også når dei er vaksne. Etter at eg vart åleine igjen skreiv eg litt til på referatet.Eg kjenner på at eg er litt ute av trening, det er 8 månader sidan det førre møtet. Det er det 10.året eg skriv i avisa for Pensjonistlaget. Det 10. og siste. Nok er nok. I morgon har Margrete og eg avtalt å shoppe i Volda. Eg har lært at shoppe ikkje er det same som å handle. Når ein shoppar treng ein ikkje å kjøpe så mykje.Eg har hatt ei travel veke- alt er relativt. Veninna mi på andre sida av gata blei oldemor, ho også, i går. Eg merkar godt at eg er komen i oldemorsalderen. Men det er no berre kjekt.

onsdag, oktober 28, 2020

Dagbok 2020: 28.oktober

KLokka er 18.40,temperaturen ute er + 10 grader og vi har hatt ganske fint vêr i dag. Det var til og med sol ei stund. Men eg var inne heile føremiddagen utan å gjere så mykje. Marit kom ned ein tur, såpass vi fekk legge nokre planar. Og så chatta eg med Mimi på Messenger og ho fortalde at dei hadde fått sitt 6. oldebarn. Det er sonen til Roar som no fekk sitt 4.barn, ei jente. Dei har tre gutar frå før. Det er kjekt å få høyre litt nytt frå Sula (Solund). Eg hadde nesten tenkt å ta ein handlerunde, men det vart ikkje noko av. Eg kokte meg ei panne med risgraut i dag, så fekk eg brukt noko av melka eg har hamstra, så det vart middagen i dag med litt Stranda_mor attåt. Så vart det å dusje og vaske håret og kle meg om. Eg gjekk ned til Kulturhuset, av to grunnar; eg har ikkje lært meg å bruke lysa på bilen, og så trong eg trimmen. Det var fint å gå ute i dag, ikkje for varmt og ikkje kaldt og ikkje regn. Møtet gjekk heilt greit, men det var nesten berre dei som har vore med på Spaserstokken som møtte fram. Det er vel redselen for smitte som sit i mange eldre. EG kunne heilt sikkert fått skyss med ein kvan heim, men eg sneik meg rundt på andre sida av kulturhuset fordi eg ville gå heim. Då gjekk eg den ruta som eg tok alle gongane eg kom att frå sjukehuset i Volda og gjekk av bussen på haldeplassen. Det var i alle fall god trim. No skal eg sjå nyheitene, og så må eg begynne på referatet, for i morgon føremiddag er det spansk. Eg har plikter nesten kvar dag, men fredag har Margrete og eg ein plan om å shoppe i Volda.Det ser eg fram til.

tirsdag, oktober 27, 2020

Dagbok 2020: 27.oktober.

Klokka er no 16.15, temperaturen ute er ca+ 8 grader C. Det har vore ein fin dag i dag også, men ikkje så mykje sol som i går. Det var litt kaldt om morgonen, men det kom seg. I dag stod eg opp litt tidlegare enn vanleg fordi eg venta rørleggaren på besøk. Eg angra på at eg ikkje hadde spurt han eg snakka med i går kva tid eg kunne vente han. På telefonen fann eg litt seinare på dag eit ubesvart anrop. Eg såg etter om eg fann namnet på den som hadde ringt, og forstod at det kunne vere ein rørleggar. Men då eg prøvde å ringe opp att fekk eg berre til svar at det var eit ukjent nummer. Då leid det så langt på dag at eg måtte gjere noko, for eg hadde ikkje lyst å gå ein heil dag til å vente på ein som kanskje ikkje kom. Derfor ringde eg kontoret, og han skulle prøve å ordne opp. Litt etter ringde rørleggaren og sa at han kom innan ein time. Det var han som hadde ringt meg kl.8.16 i dag tidleg. Men det må ha vore noko som var gale for eg har bore på telefonen i heile dag. Klokka 15 var han ferdig. Eg hjelpte sjølvsagt til med å stenge vatnet osv.Eg er så glad for at det endeleg har slutta å renne, og så fekk eg sett på varmvassbeholderen så det kanskje kan bli dusj til kvelds. I dag måtte eg altså skofte treninga, og i morgon blir det ikkje spansk for då skal vi ha pensjonistmøte. Derfor må eg skofte treninga tosdag også for då blir det spansk. Kan ikkje skofte dei timane for då dett eg fort av lasset. Middag åt eg i dag før rørleggaren kom, det var resten av suppa frå i går. Etter at rørleggaren hadde fare, tok eg meg ein runde på Vernet. I går kveld begynte eg å sjå ein serie på NRK TV, då såg eg første episoden, og i dag på føremiddagen såg eg episode nr.2 . Det er veldig sjeldan eg ser på TV før klokka 19. Men kanskje blir det ein episode før til den tid i dag. Einar fiksa det slik at eg fekk den rette FB kontoen min på storemaskina, men i dag var den vekk. Det dumme er at det er der eg får inn Familiesida og Spansksida. Særleg spansksida eg god å ha her, slik at eg får printa ut leksa.Elles så er no laptopen heilt grei.

mandag, oktober 26, 2020

Bok nr.57 - 2020: Svanemordet

Omtale Svanemordet Svanemordet er den niende romanen og et nytt høydepunkt i den klassiske krimserien med K2 og Patricia. En fredag i juli 1973 banker det på førstebetjent Kolbjørn «K2» Kristiansens dør. Privatdetektiven Aurora Holmes kommer egentlig for å fortelle ham om gåtefulle hendelser i forbindelse med en sak hun arbeider med, men besøket utløser en romanse mellom henne og K2. Søndag ettermiddag møter ikke Aurora opp til en avtalt middag – og samme kveld blir hun funnet drept i Akerselva. K2 er fast bestemt på å oppklare drapet, og sier ja til å lede etterforskningen uten å si fra om sitt eget forhold til den avdøde. Heller ikke hans hemmelige rådgiver, intellektuelt brilliante Patricia Borchmann, får vite noe om K2s forbindelse med offeret. Det står tidlig klart at drapsmotivet må ha vært knyttet til en av sakene Aurora arbeidet med til det siste. Sporene peker bakover til starten av den kalde krigen, til andre verdenskrig – og helt tilbake til den finske borgerkrigen i 1918. K2 er blitt politietterforskeren som vet mer enn han kan si til noen. Vil han klare å oppklare drapet uten selv å bli avslørt verken av politikollegene eller Patricia? ............................................................. Denne boka har eg lese på papir, mest på senga. Det gjekk litt i surr for megmed dei mange menneska og handlingane. Eg vart ikkje heilt MED for å seie det slik. For meg vart boka litt langdryg og kjedelig. Men ein ting er Lalum ekspert på, og det er den historiske konteksten i bøkene.

Dagbok 2020: 26.oktober

Klokka er 15.40, temperaturen ute er+10 grader, men den var oppe i 15 tidlegare i dag. No skin sola inn til meg, sjølv om det også er skyer på himmelen. Det har vore ein nydeleg føremiddag,og eg fekk utnytta finevêret med å ta ein tørn i hagen. Men først måtte eg ringe til rørleggaren fordi eg har ein krane som renn og renn. Den har vore dårleg lenge, men no var det ikkje bønn. Før draup han, men no rann det, og det var varmevatn. Marit rådde meg til å slå av varmvasstanken, men eg ante ikkje kvar brytaren var. Eg gjekk ned i kjellaren og såg brytaren med ein gong-eg må ha sett den tusen gogar før, utan å registrere det. Marit er vant med å vere åleine heime frå den tida Robert var på sjøen,så somme ting veit ho betre enn eg. Rørleggaren kunne kanskje komme i morgon, men då skal eg vere på trening 11-12, så eg får tenke ut ein plan. I dag var det fint å jobbe ute. Eg tok ut klipparen og tok opp noko lauv ned den. Saka var at eg ikkje spylte den sist eg brukte den, så derfor ville eg køyre den nesten bensintørr og deretter spyle, no er det gjort og klipparen er sett på stall til neste sommar. Deretter begynte eg å klippe, blant anna 2 klematisar som stod på austsida av huset, så klipte eg ganske kort den lilla gyvelen som står i beddet ved Urkegarasjen,i tillegg var der noko småtteri att i beda. Så no har eg snart 7 sekker med hageavfall igjen, så kan eg ta ein tur på VØR , det blir vel den siste i år, i alle fall med hageavfall. I fjor haust fekk eg ikkje rydda i hagen før vinteren kom, så då fekk vi ikkje rydda opp før i januar.
Naboane var også ute i dag, så eg fekk prata med dei. Eine naboen skal skifte tak, så eg fekk spørje kva det kosta etc. Eg kunne tenkt meg å skifte tak eg også, før det begynner å leke. Til middag i dag laga eg grønnsaksuppe på litt under no time, grønsaker hadde eg i kjøleskapet og frysaren + litt kjøtt, 2 wienerpålser+ 2 bulliongterningar så har eg mat i morgon også. Nokså lettvint. Ein liten isrest+ kaffi til dessert. No lurer eg på om eg skal ut att i hagen igjen. Det einaste som står att no er klipping av plomme- og epletre, men der er enno grønt lauv på trea.Eg skulle berre ønske at sommartida hadde vart litt lenger, det blir altfor tidleg mørkt om kveldane(ettermiddagane). For 6 år sidan var Nils og eg i Kongsberg og feira Rasmus sin 50-årsdag. Sidan har eg ikkje vore der. Kunne tenkt meg ein tur i år-men så kom Coronaen! For 6 år sidan var det veldig fint ver der nede, og på heimvegen stoppa vi på Gol og sat ute på ein benk i + 19 grader. Då vi kom til Sogn og Fjordane fylke var det storm og regn, I Fjærland låg alle markene under vatn og i Våtedalen gjekk vatnet over vegen, det var heilt uhyggeleg heilt til vi kom til Lote. Då var vegen bak oss stengt, og vi lurte på korleis vi skulle komme os heim. Men på Eid var det fint og vegen heim var det ikkje noko i vegen med.Håper det er ein fin dag på Kongsberg i dag og at Rasmus har ein fin bursdag. Då han vart fødd på Eid i 1964 var det ein iskald oktoberdag med rim på markane.
Gratulerer med dagen, Rasmus!

søndag, oktober 25, 2020

Dagbok 2020: 25.oktober

Klokka er no 16.50, og det er såkalla "vintertid. Eg måtte passe på å ikkje bli for sein til å gå på Vernet i dag og mørkne ute. Det er litt tilvenning som skal til. Eg la meg i natt til"vintertid", men vakna i dag til sommartid- dermed fekk eg to timar mindre søvn enn vanleg, men det toler eg. Det var kaldt og vått i dag, så eg heiv eit par pinnar inn på omnen og brende opp papirbosset. Då vart det varmt og koseleg. Eg sette meg til å lese i papirboka mi, men eg greidde ikkje å fokusere, så eg heldt på å sovne. Så var det radio og strikketøy, det gjekk ikkje betre med det. Så gjekk eg inn på datamaskina og der lår meir spansklekse. Vi har ca 1 4A side med tekst som vi skal lese, og no fekk vi 16 spørsmål frå teksten som vi skal svare på-på spansk sjølvsagt. Då vakna eg til og gjorde ein innsats, men eg hadde arbeid ei god stund. Det ringde på døra og veninna som var her førre veka med nokre papir, kom att for å hente dei, men ville ikkje inn sidan ho kom rett frå skogen.Då vart det tid for middag-restar frå i går. Måtte sjå litt meir på spansken før eg tok turen på Vernet. Legg ut mange bilde i dag sidan det ikkje har vore noko siste dagane. Øystein fekk ikkje vekk all maskeringsteipen i går, resten skal eg ta meg av. Eg er fornøgd med malinga, men saknar litt dei tynne kvite kantane(teipen). Komande veke blir det trening på tysdag, pensjonistmøte onsdag og spansk torsdag. Det vart litt rokkering på grunn av pensjonistmøtet. I dag fyller bror min 79 år, han er ca 1,5 år yngre enn eg. Kanskje vi kan feire dobbelt 80-årsdag neste år. Det vart lite feiring på min dag i mars,så eg har noko ugjort. GRATULERER MED DAGEN, SVEIN !

lørdag, oktober 24, 2020

Dagbok 2020: 24.oktober

Dette bildet er nokre veker gammalt, og det hadde vel vore meir passande å lagt det ut i går, men eg mangla bilde frå i dag, mørkret kom over meg så brått at eg fekk ikkje tid til å knipse. No er klokka 18.10, temperaturen er +8-9 grader, så no er det passeleg mildt. Men eg saknar sola og lyset. Enda mørkare blir det i morgon når vi har gått over til normaltid. Sommartid heile året er noko mange ønsker seg. Dagen i dag har gått fryktelig fort. Då eg stod opp i dag var eg sikker på at det var sundag, og då kunne eg berre late meg.Men eg gjekk i alle fall i kjellaren og henta poteter av eige avl og skrella og skrella-det var mykje som skulle bort. Eg tenkte å lage potetstapp av det som vart att. Så fekk eg melding frå Einar at han ville komme innover ein tur-det var kjekt, det var lenge sidan han hadde vore her. Eg hadde kjøttkaker i frysaren og ferdigskrelte poteter, så det var berre å lage brun saus, så hadde vi middag. Einar kom litt over klokka 15, og vi åt middag i lag og drakk kaffi og prata. Så kom Solveig og Øystein innom på veg til Volda. Øystein ville fjerne litt av maskeringsteipen på /ved døra. Så det vart mykje besøk i dag. Kjekt det! No er det snart tid for spøt og TV, skal berre rydde opp litt først.Håper at folk stemmer på Knut Marius og ikkje berre trur at han får mest stemmer.

fredag, oktober 23, 2020

Dagbok 2020: 23.oktober

Klokka er no 18.16, temperaturen er litt i underkant av + 2 grader C. I dag stod eg opp til kvite marker-ikkje av snø, men av rim. Heldigvis.Det har vore sol og fint heile dagen. I dag har eg tatt fredagsvaken, shina og vaska kjøkken og bad, og eg fekk også vaska soverommet, det kan eg berre vaske når det er så fint at eg kan henge ut det store teppet. Ein liten tur på butikken vart det også, og i dag hugsa eg panteflaskene. Solveig og Øystein ville komme innover i 14.30-tida; Håkom med familie ville også komme. Eg laga ei svelerøre fordi det var så populært sist dei(Solveig og Øystein) var her og så tok eg opp eplekake frå frysaren. Det varte litt før alle kom, og Øystein vart verande ute. Han bytte ei fjøl på austveggen, men der må kanskje gjerast meir-men det blir ev. til våren.Og så fekk døra eit strøk til. Oldebarnet Amund såg veldig på meg, trur han såg at det var ei han ikkje kjende, men han var ikkje redd. Og så likte han godt teppegolvet mitt; han vil gjerne krype, men får det ikkje heilt til enno. Elles synest eg det er skæmande at det er så mange coronasmitta no igjen, og mange innlagde på sjukehus. For eit par månader sidan var vi så optimistiske, det er vi vel ikkje lenger. Men så får vi kanskje vaksine snart? Eg har rydda opp etter selskapet og lagt i hop ein klesvask, så no er det snart tid for TV og strikketøy. I dag er det fredag-den beste dagen når ein er yrkesaktiv og kan sjå fram til to fridagar. Eg ønsker alle ei fin helg. Her i Ørsta er folk veldig "flinke" å gå turar i skog og fjell, eg går mine turar, men ikkje så mykje i motbakke-for ein skal ned att også. Eg har ingen planar for helga, men blir det fint vêr skal eg i alle fall komme meg ut.Eg er glad for kvar dag vi slepp snø og slaps.

torsdag, oktober 22, 2020

Dagbok 2020: 22.oktober

Klokka er no 17.40 og sola har nettopp forlatt Starevegen. Det har vore ein nydeleg dag, sol frå morgon til kveld og ikkje særleg kaldt. No er det berre 3 grader ute, men det er i alle fall +. I dag greidde eg å få støvsuga alle teppegolva før eg gjorde meg klar for trening. Då har eg berre att å vaske bad og kjøkken så er fredagsvaken i boks. I dag var det trening 12.30-13.30, så då eg kom heim ,etter at vi hadde handla litt på Kiwi, såg eg meg om etter middagsmat. I dag fokuserte eg på desserten og tok fram riskremen frå frysaren. Så no er den ein saga blott. Eg prøver å ikkje lage så mange restar. I dag var eg litt trøtt så eg la meg på sofaen med ei bok ei lita stund. Så gjekk eg ut og spylte trappa, før eg gjkk laus på klematisane mine,dei som står nedanfor tilbygget, klipte dei heilt ned og fekk opp i to store sekker med hageavfall. Det er lenge sidan eg var på VØR no, og eg må ha enda litt meir før eg tek ein ny tur. Eg har til dømes to store klematisplantar til, dei står og blomstrar så eg har ikkje hjerte til å putte dei i ein sekk. Prøvde å klippe litt av eføyen også, fann ikkje rette saksa i dag, men den dukkar vel opp. Det verste med eføyen er at eg blir veldig "forkjøla" så snart eg nærmar meg og så blir eg ståande tvekroka å nyse. Og det endatil eg tek allergi- tablettar. Ein av naboane har drive og saga greiner av ei bjørk, men eg veit ikkje om han skal ta heile.Eg skulle ønske eg hadde ei bjørk, så kunne eg ha vore sjølvforsynt med ved. Det er vel litt for seint å tenke på det no.I morgon skal Øystein komme og male ferdig utedøra mi, det vart endelig bra vêr igjen. Eg har slik fredagskjensle i dag, men det er heldigvis berre torsdag.Eg er glad for kvar dag vi ikkje har snø og kaldt.

onsdag, oktober 21, 2020

Dagbok 2020: 21.oktober

Klokka er no 15.50, temperaturen ute er + 6 grader C og det regnar smått og jamnt, men det er ikkje så kaldt som det var. No har eg nettopp ete middag, i dag vart det ein lite suppeskvett frå i går + grove rundstykke. Eg kan ikkje halde på å lage store middagar kvar dag. I dag vart det ikkje gjort noko anna enn vanleg morgonstell før eg kjørte ned på hotellet. I dag vart vi forviste til rommet i "kjellaren" igjen. Det er kjekt med spanskundervisning, men dei to timane går så altfor fort. Neste veke blir det spansk på torsdag, for då skal vi ha pensjonistmøte på onsdagen. Marit hadde sett at ei hadde lagt ut omtale av pensjonistmøtet på FB, men eg hadde inga aning enda eg er i styret.No viste det seg at dei hadde hatt styremøte-utan meg, for dei hadde ikkje fått tak i meg på telefonen. Ja, sånn kan det gå når ein er utan telefon i 2-3 dagar. Men eg har no sagt ifrå om at den tryggaste måten å kontakte meg på er på Messenger. Vi skal altså ha møte onsdag, men utan mat-det er det tryggaste. Ergo må er skofte treninga neste torsdag, for eg kan ikkje skofte spansken. Då eg kom heim att i dag, skifta eg litt klede før eg gjekk ein runde på Vernet. Eg må vere flink å gå tur dei dagane eg ikkje trenar no når eg ikkje får gjere hagearbeid. Men eg håper på fleire gode dagar før vinteren kjem, for det er mykje som skulle ha vore gjort ute. I fjor haust vart vi ikkje ferdige med haustarbeidet før vinteren kom, men vi tok det att etter nyttår - i januar.Då var vi på VØR med hageavfall. Det var då vi klipte hekken og eg klipte klematisane heilt ned.Eg synest det er bra for kvar dag som er utan snø denne tida. Komande sundag skal vi stille klokka tilbake, det er på bror min sin fødselsdag. Vi stilte klokka fram ein time dagen etter min fødselsdag.Eg ville gjerne hatt "sommartid" heile året- for no blir det tidlegar mørkt om kveldane. Ikkje verst for meg, verre for dei som går i arbeid.

tirsdag, oktober 20, 2020

Dagbok 2020: 20.oktober

Klokka er 17.00, temperaturen er + 4 grader og det regnar. Merkeleg kor vêret skiftar, men eg er no glad for at det ikkje er snø. Dagen i dag har gått unna fortare enn eg likar.Det skulle no vere eit teikn på at eg ikkje "kjeder meg". I dag vart det eg som køyrde til treninga sidan det ikkje var verken snø eller is på vegane.Etter treninga var vi på Spar og handla litt, og sjølv om eg ikkje trur eg treng noko så går eg ut med ein full pose. Hadde eit par små jobbar her heime, før eg sette meg til med spansk-leksa. Vi har nmykje å øve på til i morgon. Eg hadde ikkje tenkt å lage så mykje middag i dag, men så fekk eg lyst på noko varmt. Det vart suppe i full fart: Ein skvett med vatn, eit par bulliongterningar, frosne grønsaker frå ein pose og to Wienerpølser i bitar, så hadde eg full middag utan altfor mange kaloriar.Derfor laga eg riskrem til dessert. Der for resten av laurdagsgrauten! Eg vart mett og trøtt og sette meg i godstolen med ei bok, og sovna neste, men då ringde det på døra. Det var ei "venninne" som ville ha meg til å gjere ei lita teneste, og det var no greitt. Ho ville ikkje komme inn, så vi vart ståande ganske lenge i vindfanget.No har eg kokt meg ein kopp kaffi, såpass eg blir vaken nok til å studere på spansken. Tida har gått litt frå meg i dag. Eg har nokre fine bilde som eg har funne på på FB, men eg får ikkje lagt dei inn her.

mandag, oktober 19, 2020

Dagbok 2020: 19.oktober

No er klokka 18.05, temperaturen på trappa er + 2 graser C.Sola skein, men no har ho gått ned i vest. Då eg vakna i dag morgon verkte eg i heile kroppen, ikkje minst i den "gamle" hofta. Men eg kom meg no opp og såg ut-og der var ingen snø på plenen i dag. I går var eg så frostig og gjekk og småfraus heile dagen, så i dag fann eg ut at eg måtte kveike i omnen, og det gjorde eg. Planen i dag var å bake hamburgerbrød etter ei oppskrift som eg har fått av Marit. Eg brukar dei som vanlege rundstykke og eg har laga dei før. Då dei var komne på bretta fann eg ut at sidan eg først hadde rota til kjøkkenet , så kunne eg bake brød med det samme. Og det vart gjort-utan oppskrift. Eg fekk full oppvaskmaskin og sette i gang. I alle pausar pugga eg spansk, så eg var veldig effektiv i dag. Etter kvart nærma det seg middagstid og eg skrella poteter av eige avl og skar opp kål. Silda hadde eg lagt i vatn litt før.Så blei det eit festmåltid med spekesild. Fekk kjøpt ein pakke på Coop med berre to filetar i, så eg slepp å ha det samme i morgon.Det er ikkje så ofte eg lagar skikkelig middag, og for eit rot det vart med panner og tallerkar etc. Det vart ein stor oppvask som eg tok med hand før eg tømte maskina. Eg er ikkje vant til slikt styr no lenger. Eg var så trøtt at eg nesten sovna då eg sette meg ned i godstolen. Men så syntest eg det var for gale å sitte inne i det fine vêret, så eg kledde på meg og gjekk ei rask runde på Vernet akkurat i det sola gjekk ned. No skal eg snart sette på TV-en og strikke ferdig den 6. og siste lesten av -nille -garnet som eg kjøpte for litt sidan. I morgon er det trening 11-12, og så kan det hende vi handlar litt etterpå.

søndag, oktober 18, 2020

Dagbok 2020: 18.oktober

Klokka er no 17.50, temperaturen er +2-3 grader C og det er skymt ute. Neste sundag er det slutt på sommartida og då blir det enda tidlegare kveld. Då eg såg ut i dag tidleg låg det snø på marka, noko eg absolutt ikkje likte.Har vore frostig i heile dag. Ikkje rart for eg har stort sett sete i ro og då skal det noko til å halde varmen. Eg har ikkje gjort det skapte grann i dag, anna enn å lese spansk og strikke litt. Til middag sette eg meg til å ete graut frå i går, og då eg var nesten ferdig kom eg på kva eg hadde planlagt å lage i dag. Eg har nemlig både spekesild og kål i hus, og melk til kålstuingen. OK men så får eg sjå fram til at eg skal ha sild i morgon, det er nemleg noko av det beste eg veit.Bodil ringde og vi prata ei god stund, det var no kjekt, og for ei stund sidan ringde Marit og spurde om eg ville komme opp dit, men no ville eg helst vere heime, for eg har fått varmen i meg endeleg. Leigebuarane er ikkje heime, så det er ingen som fyrer oppunder meg. Eg prøvde å sjå ein serie på NRK TV, men det var ikkje så oppløftane, heldt på og skulle sovne. På vanleg TV blir det vel mykje innsamling i kveld. Eg ville no ha gått ein tur i dag, men lysta til å gå ut var ikkje stor.Eg håper at vi ikkje skal ha dette vêret særleg lenge, for det er noko deprimerande.I komande veke blir det som vanleg trening og spansk-det er godt å ha noko å gå til, slik at ein kjem seg ut.

lørdag, oktober 17, 2020

Dagbok 2020: 17.oktober

Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 4 grader C, og i dag har det regna meir og mindre heile dagen. I dag har eg "gjort" lite og ingenting. Strikka litt på føremiddagen og så kokte eg risgraut fordi eg hadde melk som var ute på dato, men så vart det for lite melk så eg måtte ha meg ein tur på butikken, det ar eit par andre ting eg mangla også. Etter at eg hadde ete grauten vart eg veldig trøtt og heldt på å sovne over strikketøyet. Marit skulle komme ned til meg i 16-tida hadde vi avtalt. Ho var åleine heime i dag. Så no har ho vore her og vi har prata og drukke kaffi. Så no er det ikkje lenge att før eg kan sette på TV-en og då har eg underhaldning resten av kvelden. "Stjernekamp" er ikkje så spennande lenger, for det synest å vere klart kven som skal vinne, men det er no kjekt å sjå og høyre på artistane.Prøvde å ta bilde av dei nye orkideane, men det er ikkje så enkelt å ta bilde mot vinduet,desse vart tatt i går.

fredag, oktober 16, 2020

Dagbok 2020: 16.oktober

KLokka er no ca. 16.40. Temperaturen ute er +10 grader, og sola skin. Kanskje er det siste dagen vi har dette fine vêret. Bildet over har eg stole frå FB, det er eit bilde av Ørsta sett frå fjellet Rambjøra. Eg meiner eg ser Fonnvernet på bildet. Eg har aldri vore så høgt oppe, og kjem det vel heller ikkje.Her er folk veldig "flinke" til å gå fjellturar i år-eg får kose meg med bilda.No har eg nettopp vore ein tur på Vernet, møtte ei "gammal" venninne på vegen , ho hadde gått ein runde, men ville gå ein runde til i lag med meg, men så fekk ho ein telefon. Ho gjorde tegn til at eg skulle berre gå, men ho kom ikkje "attiveia" som vi seier her. På føremiddagen i dag gjorde eg eit forsøk på å rydde opp litt og vaske kjøkken og bad. Det tok ikkje så altfor lang tid. Så gjorde eg meg klar til å fare på El-kjøp. Eg spude ei som eg kjenner litt om ho hugsa kven det var eg snakka med på tysdag, ho peika ut ein som det kunne vere-men det var ikkje han. Han hugsa meg ikkje, sa han og han brukte å kjenne att folk. Det gjer ikkje eg, sa eg, eg hugsar berre at han var høgare enn eg. Men han kunne hjelpe meg, og det var ikkje lenge før telefonen var i orden. Då kom han som eg snakka med for lenge sidan, han som hadde gløymt kva han skulle gjere. Og då kom det på tale at eg var bestemora til Amanda.Så gjekk alt bra til slutt, håper eg. EG ville feire dagen med å kjøpe ein orkidé på Plantasjen som er like ved. Men der var det tilbod på to orkidéar til 220 kr.Så blei det to, ein gul og ein lilla-den siste med tanke på at det snart er advent-eller er det ikkje snart? Kon nesten i julestemning der borte på grunn av utstillingane av julepynt.Eg synest det er litt for tidleg å dra fram pynten no, vi slal bli bra leie av nissar og annan julepynt -det er over to månader til jul. Julemannar og andre julekaker finn ein på matbutikkane.
Så er det fredag igjen og eg vil ønske alle ei god helg. Dagane, vekene og månadane går så altfor fort, så det gjeld å carpe diem!

torsdag, oktober 15, 2020

Dagbok 2020: 15.oktober

Klokka er no ca.17.00, temperaturen ute er+ 9 grader og vi har det samme nydelige vêret. Borte på andre sida av bygda har dei lite sol og glatte vegar. Eg er glad for at vi valde å busette oss her på Solsida.Bildet over er frå i går, i dag har eg ikkje gått tur. Når ein skal trene midt på dagen, blir ein litt skipla. I dag fekk eg gjort litt før vi for, eg steikte noko sopp eg kjøpte på tysdag og så skrelte eg og skar opp eple til eplekake. Torde ikkje å sette i gang med baking i tilfelle kaka ikkje vart steikt til vi skulle fare. Det var Marit som køyrde i dag. Etter treninga hadde ho ærend på Alti og etter det var vi på Spar og handla litt. Då eg kom heim vart det middag i full fart. Varma karbonade og frosne grønsaker i mikrobølgeomnen og tok ei brødskive til, og ikkje minst-steikt sokk. Så laga eg deigen til eplekaka og fekk den i omnen. Eg hadde laga til litt for mykje eple, det som vart att fekk ein tur i mikroen, og vips så hadde eg dessert. Meir får eg ikkje utretta i dag, eg synest det er kaldt og vått når eg skal styre med noko i hagen, men det er ting som skulle vore gjort før vinteren kjem, så eg får ta meg saman ein dag.Elles går eg og ber på ark og øver på spansken rett som det er. No har eg inga tru på at eg kjem til Spania og kan snakke med folk der. For meg er det rein hjernegymnastikk. Telefonen min er framleis ikkje i orden, så det er inga hjelp i å ringe til meg. Men eg er tilgjengeleg på nettet; messenger e-post ,facebook etc.Eg håper eg kan få ordne den i morgon-eg har prøvd både PIN og PUK -kode.

onsdag, oktober 14, 2020

Dagbok 2020: 14.oktober

Klokka er no ca 16.30, sola har vore her i heile dag, sidan ca kl.10 og ho er her enno. Ho varmar godt inne i hus no då ho er så låg, så eg slepp å sette på varmepumpa før lagt på kveld. Det er relativt kaldt ute, berre + 10 grader. Eg skulle visst ikkje ha skrive blogg i går då eg var så frustrert, men no ordnar alt seg. Even hjelper meg med mobilen. Er det noko eg kan enda mindre med enn datamaskiner, så er det mobilar.Han hadde skifta SIM-korta , men telefonen ville ha ein Pin-kode og eg hadde ikkje peiling-håper Even finn ut av det. Enno har ikkje vekkerklokka greidd å vekke meg, for eg vaknar lenge før den ringer. I dag var eg relativt tidleg oppe og rakk litt av kvart før eg skulle på Spansken.Eg var litt redd for å ikkje kunne leksa mi i dag, men så viste det seg at eg kunne det eg skulle. Etter kurset køyrde eg bort på Gjenbruk, det var noko eg såg etter, og der var sorten, men eg ombestemte meg og ville heller ha noko nytt. Der er utruleg mykje fint, men i min alder har ein som regel skaffa seg det ein treng og vel så det. Eg var heime i 13.30-tida og då tok eg ein tur på Vernet for å nyte sola. Der trefte eg ein "gammal" kollega så vi vart ståande å prate. Eg kom heim til middag. I dag vart det siste rest av kjøttbollane frå sundag, fjerde dag med kjøttbollar, men det gjer ingen ting når ein har så god appetitt som eg. Eg har no FB- på begge maskinene, men berre på Latopen har eg Trovågarane og Pensjonistspansken. Men eg er berga. Det er fin utsikt frå Vernet, og eg kosar meg litt når eg ser bort i Melsbygda der sola er borte store deler av dagen. Godt vi kom oss derifrå. No er vi på SOLSIDEN! I morgon er det trening 12.30-13.30, så er det slutt på pliktene for denne veka.

tirsdag, oktober 13, 2020

Dagbok 2020: 13.oktober

Klokka er 16.00, temperaturen ute er + 10 grader C. Det er nydeleg vêr, sola skin frå blå himmel. Ho var ikkje komen ned hit då eg stod opp, men i 10-tida skein ho inn i stova. Treng ikkje å ha på før langt på kveld i dette vêret. No har eg nettopp ete middag og vaska opp litt, så tenkte eg at eg ville skrive blogg for å lufte ut noko av frustrasjonen min-slik at eg slepp å gå og tenke på alt heile tida.Dagen begynte heilt greitt, eg køyrde Marit og meg sjølv på trening til klokka 11.Treninga gjekk greitt , som vanleg og vi kom heile heim. Så gjekk eg i postkassa, der var ein konvolutt frå Rasmus med ein nøkkel i.Han har bestilt frå England ein Toyotanøkkel til bilen min, men så må den "slipast". Det andre brevet var frå banken, utskrift av betaling til Telenor. Der hadde dei trekt både for Tvillingtelefonen og for tjuveriforsikring.Eg var bort på El-kjøp 20.august og bad dei om å slette dei to utgiftene etter som tvillingen var død.Eg sala på meg igjen og køyrde bort i Furene. Marit vart med. Eg traff ein kjekk ung mann som ordna ut med alt.Det einaste eg må gjere er å ta SIM-kortet frå Doroen(tvillingen) over i Samsungtelefonen min. Amanda skriv at ho hadde kontakta han som skulle ha gjort det den 20.august-og han hadde berre gløymt det. No håper eg at alt skal komme i boks.Men frustrasjonen stoppar ikkje der. Marit og eg handla på Coop Extra når vi først var der borte, og då vi kom heim ville eg rygge opp i vegen hennar, så ho skulle sleppe å gå så lang. Men der var der eg rekna feil. Bilen minvar ikkje midt i vegen, men litt til venstre, der det er ein mur. Ja, der fekk bilen seg eitt nytt sår! Det var venstre skjermen som fekk det. Eg synest skjermen var litt ut av kurs , men eg fekk den på plass igjen - trur eg. Mange sår har bilen frå før, men dette er det første eg har laga. Til unnskyldning må eg seie at der var mtykje sol som gjorde det litt vanskeleg å sjå det eg skulle. Eg har lakk så eg kan bøte litt på skavankane. Og for å sitere Marit: "Det kunne ha vore verre!" No skal eg legge i hop ein klesvask og så vil eg ut i sola.Kanskje eg må gå ein tur for å bruke opp kaloriar?Og for å kvitte meg med frustrasjonar-i tilleg til det eg har skrive om her, har eg problem med datamaskinene mine og med Storytel. Det vart ikkje tur ut, men øving på spanskleksa til i morgon. Mobilen min vil ikkje virke før eg har fått inn Sim-kortet frå Doroen.Og det skal Janne hjelpe meg med.

mandag, oktober 12, 2020

Dagbok 2020: 12.oktober

Klokka er no 17.30 og temperaturen ca.11 grader C. Det har vore fint vêr og sol i heile dag. Dette var det vêret som var meldt for i går -i dag skulle det vere regn. Eg hadde bestemt meg for å rydde LITT i garasjen i dag- det trengst så absolutt, men er nokså uoverkomeleg for meg.Eg måtte i alle fall ha den tjukke gamle strikkajakka mi, og då måtte den bøtast. Det var eit digert hol på høgre albogen og slike hol veks. Eg var så heldig at eg hadde funne rette garnet, så holet vart bøtt på den måten som var. Eg skal ikkje skrive mykje om garasjen, men litt fekk eg gjort. Til dømes tok eg alle marlerkleda som låg der og køyrde dei i vaskemaskina. Malinga fekk eg sjøvsagt ikkje bort, men viss nokn skal male meir er det betre å ha på seg kleda når dei har vore vaska og tørka.Elles vaska eg og rydda på benken. Saka er at heile garasjen er nedstøva med sagemask frå den tid snikkaren var her.Det vart ikkje rydda skikkeleg med det samme. Klokka 14.30-15 var det middagspause. Då åt eg resten av suppa frå i går og så las eg gjennom spanskleksa. Etter kvart fann eg ut at eg ville klippe plenen rundt huset, graset var langt og i tillegg var der mykje lauv. Så tok eg ein diskusjon med meg sjølv. Eg meinte eg hadde fått for lite mosjon, så anten måtte eg gå ein tur på Vernet, eller så måtte eg klippe Skråninga. Eg valde det siste. I morgon, viss det blir opplett, skal eg klippe opp mot gata, og så skal eg vaske klipperen og sette den på stall for vinteren. Eg skulle ønske Rasmus var litt nærmare- for no har eg dataproblem. Facebook slutta å virke på storemaskina og så tenkte eg at eg kunne ha FB på Google sidan Helge har sett den som opningsside. Bloggen min har eg på Google og det går heilt fint. Eg får også til å opne FB på google, men får berre nokre få innlegg-der står noko om ein feil som dei skal rette. Eg kan bruke Messenger der. Men så har eg laptopen i bakhand. Problemet mitt er at verken Google-Fb eller laptopen får inn spanskleksa. Og den burde vere på storemaskina såpass eg fekk printa den ut. Eg trur eg må høyre med Helge.... No har sola forlatt oss eg veit ikkje om ho berre er bak ei sky, men ho kjem ikkje før kl.er neste 10 om morgonen. Dagane blir kotare etter kvart. Eg har ikkje tatt Ibux på lenge så no kjenner eg at fingrane mine stivnar til. Får ta ein tur på apoteket etter treninga i morgon.

søndag, oktober 11, 2020

Dagbok 2020: 11.oktober

Klokka er no 17.45, temperaturen er + 9 grader C og det regnar, dvs. akkurat no regnar det ikkje, men vått det er det. På min TV sa dei i går kveld at her skulle vere fin sol i dag, og det trudde eg på, så eg vart litt skuffa då eg stod opp i dag. Eg hadde planlagt å gå ein ligg lengre tur i dag, men det vart ikkje noko av-ikkje tur på Vernet heller. Men eg har alltid noko å ta meg til, for eksemper å strikke ferdig ein lest. Eg er veldig glad i grønsaker både rå og kokte. I går kjøpte eg ein pose med ferdig reinsa grønsaker, der var til og med noko eg ikkje visste kva var. Eg fekk ein lys idé. Eg hadde ein pakke med kjøttdeig i frysaren,og så laga eg kjøttbollar, som eg koke i bulliong frå Toro. Så kokte eg grønnsakene eg hadde kjøpt+ gulrot og kål som eg hadde sjølv.Det blei god suppe og der er nok att til i morgon. Kjøttbollar har eg til enda ei suppe.Eg synest at ein må bruke mest muleg av norske grønsaker no om hausten, men eg synest også at mange grønsaker er for dyre, 26 kr kiloen for kålrabi(rabbe) synest eg er dyrt.No tenker eg ikkje først og fremst på meg sjølv, men på store familiar. Og her i Ørsta er det skikk og bruk å ha ballj kvar torsdag-og då må ein ha rabbe. Etter maten sette eg meg til å sjå ein serie på NRK TV, men den serien forstår eg lite og inkje av-særleg då dei begynte å snakke om parallelle univers-då sovna eg. Elles har eg jobba med dei 22 spørsmåla i spansk. Vi må kunne utanåt både spørsmål og svar-og det er ikkje heilt lett. Eg har mykje dataproblem for tida, mest med Facebook. Prøvde å opne FB på Google og det gjekk bra til å begynne med, men no er der også trøbbel. Men eg får bruke FB på laptopen så eg er ikkje heilt hjelpelaus. Bloggen virkar fint her på Google. Eg har ikkje funne meg ny bok enno, men det finn eg vel.For dei som har hatt haustferie er ferien over , for oss pensjonistar held den fram. Komande veke har eg berre dei vanlege pliktene, spansk på onsdag, trening tysdag og torsdag. Eg håper vi får opplett og fint vêr nokre dagar, eg har enno mykje å gjere ute, men ikkje alt er klart for riving og klipping.

lørdag, oktober 10, 2020

Dagbok 2020: 10.oktober

Klokka er no 17.25, temperaturen ute er + 10 grader. Det er nydeleg vêr og det har det vore i heile dag.Sola skin framleis frå klår himmel. Føremiddagen i dag rota eg delvis vekk, har to "maskinar" som ikkje oppfører seg slik eg vil at dei skal.Det var mykje fram og tilbake. Innimellom fekk eg stroke nokre klede. Marit og eg skulle fare nedover og handle på Spar i 14-tida, og før den tid måtte eg dusje og vaske håret. Det var eit visst behov. Eg hadde inga liste i dag, men greidde å få oppi eit par posar. Då eg kom heim åt eg middag. I dag hadde dei wraps på tilbud og eg kjøpte ein-som vart middagen i dag. Etter eg hadde ete gjekk eg ein tur på Vernet. Eg var ikkje så veldig sprek i dag, så det vart pausar på eit par benkar. Det er så fint å vere ute og såpass høgt oppe at ein får fin utsikt. I dag starta eg med trappa, og talde trinna-det var 42.Når rekkverket kjem , blir det vel til at eg går meir ned trappa, no er det tryggast å gå opp.Til slutt gjekk eg på vegen langs Vernet, til eg kunne gå ned på asfalten. No ser eg fram til at eg skal lage meg litt kaffi og slappe av med TV utover kvelden.

Bok nr.56 - 2020: I min fars hus

Catharin er fem år og burde ha vært et lykkelig barn. Far er prest, mor en vakker sykepleier. Men alt er ikke som det skal i huset. Catharin er redd hun ikke vil oppleve den neste fødselsdagen sin. Er det ingen voksne som kan se hva som skjer? Dette er en sterk fortelling om misbruk av barn. Teksten er unik fordi det er barnet selv som forteller på sin enkle, naive måte. Historien vil fange deg, og det vanskelige overskygges av behovet for å lese mer. Ingegerd Henriksen har bakgrunn som lærer i ungdomsskolen, har vært skrivende journalist og tekstforfatter i reklamebransjen. De siste 35 årene har hun vært programleder og reporter i NRK Radio................................................... Når eg les bøker om barn som har blitt misbrukt, får eg alltid ei kjensle av at dette er forfattaren si eiga historie. I denne boka er det i alle fall tilfelle. Forteljestemmen i boka er stemmen til ei fem år gammal jente-snart seks. Ho er mykje åleine med mor si og veslesystera mens faren er på jobb. Opplesaren gjer ein god jobb. Eg hadde vanskeleg for å legge bort boka-men vart litt paff når det ikkje vart ein annan slutt.

fredag, oktober 09, 2020

Dagbok 2020: 9.oktober

Klokka er 18.00, temperaturen er knappe+ 10 grader C, og no skin sola. Før i dag har det regna meir og mindre. Eg var nettoppe ute og henta avisa, har ikkje vore ute før i dag. I dag låg eg og venta på at vekkerklokka skulle ringe før eg stod opp. I dag kom eg ikkje innn på Facebook der eg har vore før, men eg har konto på Google også, og der kom eg inn, men ikkje på familiegruppa vår. På laptopen fekk eg opp det eg ville, og den er grei å ha som eit supplement; har ein i-pad også+ telefonen. Men-eg likar best "Storemaskina" med laust tastatur og mus med ledning. Jadda eg veit det, eg er gammaldags og det har eg lov til å vere no når eg er 80 år. Eg kom litt seint i gang med fredagsvasken i og med at eg hadde så mykje datakrøll, men eg fekk no både vaska og støvsuga heile "leilegheita" mi. Så oppdaga eg at det hadde kome meir spansk-lekse frå Eli, på data. Det var 22 spørsmål på spansk som skulle besvarast på spansk. Eg sette i gang og det gjekk rimeleg bra med litt hjelp frå "Google translate". Deretter skulle eg eigentleg ha laga middag, men eg følte meir for ein kaffikopp og eplekake, så det blei det. Etter å ha skrive dei spanske svara inn på maskina og printa ut skulle eg lese litt i Storytel-boka eg held på med. Og der vart eg sittande! Eg er litt irritert på meg sjølv for det - det hadde vore betre å komme seg ut ein tur, men det fine vêret kom litt for seint på dag. No er det snart Dagsnytt og då set eg på TV-en og blir vel sittande resten av kvelden-med strikketøy. Sidan det no er fredag igjen, vil eg ønske alle ei god helg ! Eg har ingen planar for helga, men det dukkar vel opp eit eller anna. Skulle berre ønske det vart fint vêr så ein kan vere ute. Det har kome eit lite melisdryss på dei høgste fjelltoppane i dag.

torsdag, oktober 08, 2020

Dagbok 2020: 8.august

Klokka er no17.40, temperaturen ute er + 10 grader. Akkurat no er det opplett, men det har vore voldsomme regnbyer før i dag. Eg sov godt sist natt, kanskje på grunn av den nye vekkerklokka? Men eg stod opp før den fekk tid å ringe. Eg har ikkje vore heilt i form i dag, er på ingen måte sjuk og har ikkje coronasymptomar, berre litt uopplagt. Å ha treningstime kl.12.30 er litt abakleg for dagen blir stykka opp. Men eg fekk gjort litt før vi for, vaska, tørka og la i hop klede, bytta på senga etc.etc. Fekk også gjort spanskleksa som låg på dataen i dag tidleg. Eg køyrde til treninga i dag, og vi trente flittig i ein klokketime. Vi er samme gjengen alltid og kjenner kvarandre etter kvart, ergo blir det litt sosialt også der vi fer med klutane våre og "vaskar". Verken Marit eller eg skulle handle i dag, så vi for rett heim. Sat i bilen ei stund til det letta opp såpass vi kunne gå ut.Det var ei voldsom bye akkurat då. I dag laga eg noko som likna på middag, eg kokte spagetti og steikt bacon og åt meg mett. SÅ vart eg så døsig at eg sette meg i godstolen og vart sittande der og sjå ein serie som eg forstår lite og ingenting av -kanskje fordi eg småsov innimellom. No er det så bra ver at eg kunne gått ein tur, men eg trur eg skal la vere i dag når eg har trena såpass. Eg får litt å gjere etterkvart som kleda tørkar i trommelen for eksempel. I morgon er det fredag og vaskedag, men viss eg ikkje få vaska då, så går detan å vaske på laurdag.Her er vi fleksible på den måten. Eg har det bra på alle måtar men ønsker meg litt betre vêr slik at eg hadde fått vere ute.Det er enno meir som skal gjerast før vinteren kjem.Eg lurer på om Coronaviruset toler kulde?

Bok nr. 55 - 2020: Hjertetrøbbel

Peder Lemberg er 36 og vellykket, dataingeniør, gift, to barn. Plutselig en dag blir han redd for å dø. Legen slår fast at fysisk feiler det ham ikke noe. Det virker ikke beroligende på Peder, som plages med tanken at ingenting interesserer ham lenger. Ikke jobben. Og heller ikke samlivet. Men denne høsten skjer det ting. Først det at Anita forelsker seg og vil skilles. En ny fase, som avløses av en annen, en tredje................... Denne boka kom eg frampå i Storytel og las den fort, for den var ikkje lang. Eg veit ikkje kva eg skal seie om boka, den var på ein måte tragi-komisk. Eg tolkar teksten på min måte, men vil ikkje gi meg ut på å tolke for andre.

onsdag, oktober 07, 2020

Dagbok 2020: 7.oktober

Klokka er no 20.07. Temperaturen ute er + 11 graderC.Det har regna meir omg mindre i heile dag, men eigentleg ikkje så mykje. I dag var det å møte opp på hotellet klokka 11 til spanskkurset. I dag fekk vi eit anna og betre rom enn det vi har hatt før. Det går mest på repetisjon for tida, mykje har blitt gløymt sidan i vår. Nokre har slutta på kurset av ymse årsaker og det er litt trist, for vi var ein fin gjeng som treivst godt i lag. Etter kurset tok eg ein tur til urmakaren"min"for å kjøpe ei ny vekkerklokke. Den eg kjøpte på Clas fungerte ikkje, så den fekk eg levere tilbake og fekk att pengane. Det kan høyrest litt rart ut at eg må ha vekkerklokke når eg ikkje skal tidleg opp. Eg har ingen problem med å vakne tidleg og stå opp. Problemet mitt er å sovne om kvelden og sove om natta. Eg trur eg kjem til å sove betre når eg veit eg blir vekt. I morgon skal eg ikkje på trening før kl.12.30, så då treng eg ikkje vekkerklokke, men det kan hende eg set den på likevel. Eg fekk melding frå Margrete om at ho og Amanda ville komme ein tur i 15-tida. Så då eg kom heim att laga eg ei svelerøre i dag også, sidan takka stod framme sidan i går. I tillegg tok eg opp eplekake frå frysaren og piska krem. Det var fort gjort. Det var kjekt å treffe Amanda som no held til i Trondheim for det meste, Margrete ser eg no av og til, om ikkje så veldig ofte. Eg stussa litt då ho sa at ho ikkje hadde sett Solveig sidan Coronaen kom. Då forstod eg at eg kanskje er den som har mest kontakt med andre i familien. No har eg sett i gang oppvask-og klesvaskmaskinene. Då eg vart att åleine såg eg at eg hadde sølt på kleda mine-eg som alltid seier at gamle folk ikkje skal gå med flekkete klede. Eg reknar med at flekkane var svelerøre. Dagane, vekene og månadane går fort, eg har knapt akseptert at hausten er komen-framleis vonar eg på fine "sommardagar".Oktober kan vere ein fin månad, det også.

tirsdag, oktober 06, 2020

Dagbok 2020: 6.oktober

Klokka er 17.00, temperaturen ute er + 14 grader C og sola skin, det har vore fint i heile dag, men eg har ikkje vore ute. Kanskje tek eg ein liten tur om ei stund. I dag var det trening frå 11-12. Marit og eg hadde planlagt å fare på apoteket for å få influensa - vaksine etter treninga. Då vi kom dit måtte vi trekke kølapp og så vart det mange spørsmål å besvare før vi fekk sette oss ned att og vente på tur. Eg kom først inn og etter eit lite intervju fekk eg endeleg sprøyta. Eg måtte sette meg ut att i apoteket og sitte i ro i 20 min. Så kom Marit inn og ho vart der lenge + at ho også måtte sitte i ro i 20 min. Vi hadde tenkt oss på kafé mens vi venta - men den gjekk ikkje. Klokka var nærmare 14.00 då vi kom heim. Øystein og Solveig var komne før. Øystein mala utedøra eitt strøk. Han har tenkt å ta eitt til. Eg var veldig fornøgd med fargen, vi har hatt den same fargen ein gong før. Dei som ser nokre kvite kantar skal vite at det er maskeringsteipen. Eg laga ei røre og steikte sveler på takka, det er lenge sidan den var framme. Dei skulle ikkje ha middag her, for dei hadde fårikål heime. Har ikkje gjort noko ute i dag, men som sagt kan eg tenke meg å gå ein tur no snart. Imorgon er det spansk-kurs frå 11-13- og då må eg kunne leksa mi så eg får øve litt meir i kveld.
Det vart ein liten tur på Vernet i dag også, møtte diverse naboar på vegen og slo av ein prat.

mandag, oktober 05, 2020

Dagbok 2020: 5.oktober,

Klokka er 17.40, temperaturen er + 14 grader og no skin sola meir og mindre, men i dag då eg stod opp regna det. Regnet passa meg dårleg fordi eg hadde tenkt meg på VØR med hageavfall. Kunne ikkje styre med det i silregnet. Dermed tok eg litt sjølvpleie på føremiddagen. Vaska hår, lakka negle m.m.Kledde meg i skikkelege klede også, til ei forandring. Og så kom sola fram ! Dermed sette eg i gang med å fylle bilen med boss, ein stor sekk og seks mindre sekker fekk eg plass til i bagasjerommet og baksetet.Så køyrde eg bort på VØR og begynte å tømme sekkene.Eg hadde gløymt å ta med skikkelege hanskar så neglelakken fekk seg nokre skadar.Eg mann i arbeidsantrekk svar ute og hadde røykepause, han vart ståande å smile og sjå på meg. Ikkje sikkert det er så mange kvinner på min alder som er der borte. Då eg var ferdig å tømme og skulle rygge og snu bilen vart han ståande å observere. Men eg hadde ingen problem med å smu på 5-øringen og kom med uskadd derifrå. Sidan eg likevel var på hjul tenkte eg at eg skulle få kjøpt den vekkarklokka. Eg parkerte ved ALTI og gjekk inn på toalettaog vaska hendene, som ikkje var heilt reine. Sist eg skulle inn til min venn urmakaren, var han på ferie. I dag stod det plakat på døra at det var stengt på måndagar. Eg gjekk tilbake til Alti og var innom apoteket og fekk allergitablettar, og så kjøpte eg litt mat på bunnpris. Då er kom heim var det snart på tide med middag, så eg skrella og raska gulrøter før eg varma fiskegrateng i mikrobølgeomnen. Eg åt opp resten i dag sjølv om det var for mykje, så no er forma tom. Det blir ei stund til neste gong eg lagar grateng ! Etter at eg hadde ete, datt eg ned i stolen framfor PC-en -eg skulle finne meg ei ny bok på Storytel, og der fann eg ei relativt kort bok av Riy Jacobsen, og blei sittane aldri så lenge å høyre. Det ser ikkje ut som eg kjem meg til med noko i dag, det er litt seint å gåtur, og så skal eg på trening i morgon-eg kan ikkje slite ut føtene mine, heller. I morgon ettermiddag vil Øystein komme innover og male eit strøk på døra mi. På føremiddagen skal Marit og eg på trening, og etterpå skal vi på apoteket og sjå om vi kan få vaksine. I dag er det eit halvt år sidan oldebarnet fekk sjå dagsens lys for første gong. Derfor legg eg inn bilde av han her. Han er ein fin og blid gut.

søndag, oktober 04, 2020

Dagbok 2020: 4.oktober

Klokka er no 15.45, temperaturen ute er + 15 grader C, det er skya, men opplett og fint. Søndagen er ikkje min favorittdag, for då kan eg ikkje for skam skuld halde på å styre på ute i hagen. Det er mykje anna eg kunne ha gjort-men ikkje alt fristar. I dag sette eg meg til med spansk-leksa på føremiddagen. I går dreiv eg og tørka støv og då la eg merke til at kopar og messing var svært lite blanke og nypussa. Trur knapt eg har pussa sidan i fjor jul. Men i dag vart alt blankt og fint på ei lita stund. Eg har før agitert for eit spesielt pussemiddel. Eg heldt på ved kjøkkenvasken, og til slutt for eg over vaskane med pussesvampen. Det funka bra. Eg har hatt på både oppvask-og klesvaskmaskinene i dag. Eg tok opp resten av fiskegratengen i dag, der var att to porsjonar, middag i dag og i morgon.Hadde middag kl 15.00 i dag-porsjonen var ikkje liten, for å seie det slik. Så det var bra at eg hadde mosjonert litt før eg åt. Tok ein runde på Vernet. Det er så fin utsikt over bygda der oppe, så eg tek nesten alltid bilde. Då får eg også med vêret og årstida. No når det er haust er det mange vakre fargar i naturen. For morgondagen har eg ikkje så mange planar, men om veret er bra, kan det bli meir klipping og ein tur på VØR med mange sekker hageavfall.
I dag gjekk er opp trappa, eg synest trinna er litt høge, men det blir betre når det kjem rekkverk, for det skal der bli!

lørdag, oktober 03, 2020

Bok nr.54 - 2020: Wildeflower Hill -Der drømmer møtes

Emma, en prima ballerina i London, står ved et veiskille etter at et skadet kne legger karrieren hennes i grus. Tvunget til å hvile og gjøre opp regnskap over livet sitt, oppdager hun at hun har forvekslet berømmelse og prestasjoner med kjærlighet og selvrealisering. Hun reiser tilbake til Australia og der får hun vite om sin bestemor Beatties død og en overraskende arv; en isolert beliggende sauefarm på landet. Sikker på å ha blitt belemret med en irriterende byrde, drar Emma til Wildflower Hill for å selge eiendommen. Beattie sto også overfor et viktig veivalg som ung kvinne, men hun var gravid og ugift. Hun fulgte ukonvensjonelle veier som ofte var både farlige og hjerteskjærende, og fant omsider lykken. Beattie visste at erfaringene hun gjorde seg i livet også kunne være viktige for Emma en dag, og hun ønsket at Emmas hjerte skulle forbli åpent for kjærligheten, uansett hva livet måtte medbringe. Hun visste at den australske villmarkens magiske kraft kunne vise Emma vei.......................................................................................................... Eg har lese fleire slike lette "damebøker i det siste. Fordi dei er lette å lese på øyret fordi dei er "enkle"-dvs. enkel handling og ikkje for mange personar.Dessutan synest eg at mange av kvinnene som les, les veldig tydeleg og godt. Om innhaldet i denne boka vil eg seie at det ikkje var spesielt spennande.Dessuten var den langdryg med altfor mange ord.

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...