fredag, oktober 23, 2020

Dagbok 2020: 23.oktober

Klokka er no 18.16, temperaturen er litt i underkant av + 2 grader C. I dag stod eg opp til kvite marker-ikkje av snø, men av rim. Heldigvis.Det har vore sol og fint heile dagen. I dag har eg tatt fredagsvaken, shina og vaska kjøkken og bad, og eg fekk også vaska soverommet, det kan eg berre vaske når det er så fint at eg kan henge ut det store teppet. Ein liten tur på butikken vart det også, og i dag hugsa eg panteflaskene. Solveig og Øystein ville komme innover i 14.30-tida; Håkom med familie ville også komme. Eg laga ei svelerøre fordi det var så populært sist dei(Solveig og Øystein) var her og så tok eg opp eplekake frå frysaren. Det varte litt før alle kom, og Øystein vart verande ute. Han bytte ei fjøl på austveggen, men der må kanskje gjerast meir-men det blir ev. til våren.Og så fekk døra eit strøk til. Oldebarnet Amund såg veldig på meg, trur han såg at det var ei han ikkje kjende, men han var ikkje redd. Og så likte han godt teppegolvet mitt; han vil gjerne krype, men får det ikkje heilt til enno. Elles synest eg det er skæmande at det er så mange coronasmitta no igjen, og mange innlagde på sjukehus. For eit par månader sidan var vi så optimistiske, det er vi vel ikkje lenger. Men så får vi kanskje vaksine snart? Eg har rydda opp etter selskapet og lagt i hop ein klesvask, så no er det snart tid for TV og strikketøy. I dag er det fredag-den beste dagen når ein er yrkesaktiv og kan sjå fram til to fridagar. Eg ønsker alle ei fin helg. Her i Ørsta er folk veldig "flinke" å gå turar i skog og fjell, eg går mine turar, men ikkje så mykje i motbakke-for ein skal ned att også. Eg har ingen planar for helga, men blir det fint vêr skal eg i alle fall komme meg ut.Eg er glad for kvar dag vi slepp snø og slaps.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...