torsdag, januar 31, 2013

Dagbok 2013: 31.januar

Klokka er no 14.00. Temperaturen ute er + 2 grader. Akkurat no er det opplett, men før i dag har det vore snø -/sluddbyger. Bildet er tatt klokka 12.00, og vi ser sola klatre opp etter Melshornet.
I dag har eg vore relativt flittig. 
Det første eg gjorde var å lage ein porsjon fiskekaker av 1,6 kilo melen fisk. Det blir også middagen i dag.
Så støvsuga eg alle teppegolva før vi tok ein liten tur nedover. Nils skulle låne ei bok på biblioteket, han driv og forskar etter eit forlis is Nordishavet der morbror hans var med.
Eg passa på å låne eit par bøker i same slengen.
Så hadde eg eit brev som skulle postast, og sidan det er Euro-Spar som har post i butikk vart det til at vi handla der også. Det var der vi alltid handla før Amfi kom. Og no vil eg begynne å handle der igjen. God plass, god orden og godt utval av varer. Say no more. Eg fekk til og med tak i heile høner, så no kan det bli Mulligatawny-suppe så snart nokon melder si interesse for det. Eg har hatt lyst på det lenge.
Skulle kjøpe ein ermpinne nr.3,5 men det hadde dei ikkje. Eg trudde eg hadde pinnar i alle slags storleikar, men denne mangla. Får ta ein pause på genseren.Eg er sterkt i tvil om den er stor nok til han som skal ha den, men fann ut at eg kan måle på Amanda når ho kjem på mandag. Eg strikkar lett ein ny genser, brukte ca 1 veke på bolen, og ingen ting hastar. Eigentlig.
Eg kunne tenkt meg meir snø, men det er nesten sol ute no og det vesle som kom av snø smeltar nok snart.

onsdag, januar 30, 2013

Dagbok 2013: 30.jauar



Klokka er 18.00. Temperaturen ute er ca +5 grader C. Det har vore overskya, opplett og ganske vårlig vêr i dag. Det var meldt storm i dag, men det einaste som minner om uvêr her hos oss, er den unaturlig høge floa i dag. Det var like før båtane i hamna kom på land, og kommunekaia, det som er att av den, låg under vatn.Det såg ut til at vatnet kunne trenge inn i "Kaihuset".
Før vi for nedover i dag hadde Nils vore ein snartur til frisøren, eg hadde bytta på sengane, fått på vaskemaskina, vaska golva og ringt til ei veninne. Litt effektiv for ein gongs skuld.
Hadde eit par ærend i Vik, og kjøpte ein grilla kylling med oss heim til middag, så slapp vi unna matlaginga i dag. Men Nils står i garasjen og fileterer sei, så i morgon blir det kanskje å lage fiskekaker. Eller kanskje i kveld? Har no hatt ein lang pause no.
I dag tok eg bilde med lommekameraet. Kan ikkje stime rundt med eit digert kamera heile tida, som ein annan pressefotograf.

tirsdag, januar 29, 2013

Dagbok 2012: 29.januar

Klokka er12.30, temperaturen ute er + 6 grader C. Det er lettskya og opplett. I dag trur eg det var like før sola "kleiv honnje"-men der var for mykje skyer til å finne ut av det. Det er i alle fall som ein vårdag etter dei lange kuldeperiodane vi har hatt både før og etter jul.
Sidan det er meldt sterk vind i morgon, ville Nils nytte høvet til fiskeri i dag, så han er ute med båten.Det blir spennande å sjå kva han kjem heim med.
Eg har ikkje gjort så mykje. Tok ned julegardinene på kjøkkenet, pussa vindua, strauk og hengde opp kvite "sommargardiner". Det gjorde susen! 
Elles har eg vaska håret og vaska klede. Dvs. eg har gått her og småpusla. 
No kom Nils att. Det var ikkje så godt "bet" i dag, men vi har i alle fall småsei til middag og eit par større til ein annan gong. Dei beit på makkar i alle fargar, men det var mest småfisk. Der ute var det + 8 grader C. Og han hadde treft Kjetil Stokkand.

mandag, januar 28, 2013

Dagbok 2013: 28.januar

KLokka er 13.00, temperaturen ute er + 5 grader, det er overskya men stort sett opplett. Det var godt at kulden sleppte taket, men energien er ikkje komen tilbake enno. Dessutan merkar eg det straks i hofta når det blir fuktigare i lufta. Det er små problem.
I dag har eg gjort litt husarbeid og så var vi ein tur på Amfi. Det var noko lite eg trong på apoteket, elles har vi det meste. Kjøpte eit par ildtoppar til å ha i glaset over varmepumpa, det er ikkje så mange sortar som likar seg der.
Nils fekk kjøpt seg gummimakkar på Hareid laurdag, så han hadde ein liten jobb med å montere dei.Legg merke til at han brukar "halsen" min til å feste gummimakkane på. 
Men fiske får han ikkje no, for det er meldt til dels sterk vind.
Heldigvis har vi fisk i frysaren, så i dag blir det sei til middag.

søndag, januar 27, 2013

Dagbok 2013: 27.januar

 Klokka er snart 22. Temperaturen ute er +5 grader C og det kjennest nesten som sommar.Noko særlig nedbør har det ikkje vore, men det kan bli farlig glatt på asfalten når det "skyt opp" is.
Dagen har gått som ein røyk. Litt småjobbing på føremiddagen før vi tok turen til Rjåneset, der eg gikk ein bitte liten tur på stien - med kamera som vanlig. I dag møtte vi ikkje Kjetil Stokkand, så Nils trur at han kanskje har fått ei kjensle av vår.
Etter at vi hadde ete middag, la eg meg på sofaen og somna som ein stein-noko eg ikkje hadde berekna. Då klokka var vel 17.00 kom Margrete, Ingeborg og Amanda og henta meg. Vi skulle på kino i lag i dag, det var planlagt. Filmen "Les Miserables" var fantastisk", Margrete såg den for andre gong. Dei syng i staden for å snakke gjennom heile filmen, men det er likevel ikkje som opera. Det er mange vakre songar, og dei fleste har ein høyrt før.
Og så var det rett heim til "Halvbroren", så i dag har det ikkje vore mulig å kjede seg. Det gjer eg forresten aldri. Ikkje har eg fått strikka noko særlig heller, men det går framover med genseren, trur det skal gå bra.
Det er båten vår som ligg i framgrunnen, åleine. Berre ein liten Pionér.

lørdag, januar 26, 2013

Dagbok 2013: 26.januar.

 Klokka er snart 20.30. Temperaturen ute er minus 2 grader, det er nesten klårt og måneskin.Vi er nettopp komne heim frå ein lang og koselig dag på Hareid. Som vanlig vardet god og rikelig mat og mykje prat. Takk til vertskapet.Det var ikkje så mange bilde eg tok, og svært få av dei var særlig gode, derfor blir det berre bilde av bordet og to av jentene. Håper ingen blir fornærma for det. Det er vel betre med ingen bilde enn bilde som er lite flatterande. No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden. Vi ser på ein kanal, og tek opp på ein annan.


fredag, januar 25, 2013

Bok nr.3 2013: Usynlig

 Ei studieveninne er biblioteksjef i Ålesund. Ho påstod at Paul Auster er den største nolevande amerikanske forfattar. Eg hadde ikkje lese noko av han, og på biblioteket her fantest der ikkje lydbøker av denne forfattaren. Derfor er boka fjernlånt frå Ålesund, Eg har no lese den korte 7CD-boka på relativt kort tid. Den er lett å lese, men litt vanskeligare å forstå. Likevel MÅ ein berre lese vidare. På nettet fann eg ei bokmelding som eg like godt kunne ha skrive sjølv, derfor legg eg ut lenka til den.
Prøver å legge lenka her.

Dagbok 2013: 25.januar


 Klokka nærmar seg 14.00. Det er nydelig lettskya vêr ute og temperaturen er + 1 grad C. Det er ikkje til å tru! Vi hadde sola ei stund på føremiddagen, og ca 14.30 får vi den att i Osskaret, men no ser eg at det er ikkje lenge før ho kjem over fjellet i mellom Melshornet og Osskaret.(Bildet) I år har vi verkelig fått notert ned alt som har med sol å gjere. Ikkje kvart år vi har høve til det.
I dag har vi ikkje surra vekk tida med reking. Eg har støvsuga og vaska til helga og gjort diverse anna husarbeid. Nils har vaska bilen -den såg fæl ut. Vi har ei kjensle av å vakne opp frå vinterdvalen og prise våren, men det er vel vel optimistisk.
I morgon skal vi til Hareid ein tur, og det gler vi oss sjølvsagt til. Har ikkje sett kvarandre sidan jul.
Nils driv og lagar middag, i dag skal vi ha pølser. Det er IKKJE min livrett, men vi prøver å ete av lageret. Ønsker alle ei GOD HELG!

torsdag, januar 24, 2013

Dabbok 2013: 24.januar

Klokka er 15.00 og vêret er framleis klårt og kaldt, men temperaturen har stige sidan i dag tidlig, då var det 11 minusgrader, no berre 6. Eg blir litt lamma i kulden, vil helst vere attmed omnen. I dag var eg til frisør frå klokka 11.00. Etterpå køyrde vi bort i Furene for at bilen og eg skulle bli skikkelig varme.
Handla litt på Coop ekstra der, mellom anna tennbrikettar og fyrstikker. Så fann vi ut at vi skulle kjøpe 2 pk. med vedbrikettar, eller kva det no heiter, for å prøve dei. Vi er ikkje lens for ved, men kan vere greitt å prøve ut produktet. Då  vi kom heim, kveikte Nils opp att i omnen og la innpå 2 stk. og det brenn lystig, varmar gjer dei også ! No skal vi teste ut kor lenge dei brenn.
Det eg eigentlig var på jakt etter var heile høner (slakta) til å koke suppe på. Dei har hatt det somme gonger før.
Var innom Amfi ein tur også, ville sjå om eg fann blomster til å ha i vinduet over pumpa, men det er dårlig utval for tida. Det er kanskje ikkje så trygt å frakte blomster i kulden.
Det vart lettvint middag i dag, fiskekaker frå frysaren. Siste pakken vart fortært i dag, så no blir det snart å lage nye, når det blir sjøvêr igjen.
Det vart ein travel kveld i går, men vi er glade for at pensjonistane kjem til tross for vinter og kulde. No skal eg ha ein pause og så må eg komme i gang med referatet. Alltid verst før ein startar opp.
I dag fekk eg telefon frå naboen som flytta til Markane, dei har det bra og trivst i det fine turterrenget der.
Prøvde å vere pressefotograf midt opp i alt det andre i går, men veit ikkje om bilda blei gode nok for avisa. Eg må kanskje øve litt meir før eg meistrar yrket. De får kanskje eit lite inntrykk av korleis vi har det på Kulturhuset. Vi dekka 11 bord, 8 ved kvart bord, og der vart nesten fullt.
PS: Dei to vedbrikettane brann i nesten tre timar. Ein pakke med 12 brikettar kosta 24,90 kroner. Ikkje nokon upris og eit godt alternativ til ved.

onsdag, januar 23, 2013

Dagbok 2013: 23.januar

Klokka er ca 11.00, sola skin og vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no viser gradestokken minus 9 grader. "Mildvêr" som dei kallar det i Kongsberg. Men i morgon er det visst siste dagen med kulde. Det er utrulig lite snø i fjella, som de kan sjå på bildet.
Nils er ein tur på Åse sjukehus i dag. Han må teste synet ettersom han har tendens til diabetes. Marit har lova å køyre meg ned på Kulturhuset klokka 12, då skal vi dekke bord etc. Viss Nils er heldig, kjem han heim før eg er ferdig der. Så skal vi ned att kl.15.00 og selje billettar. Det blir ein "travel" dag for oss pensjonistar -alt er relativt.
Eg skal vere min eigen fotograf på møtet i dag, så eg har drive og øvd meg på å stille apparatet. Tek lettvintaste løysinga i dag. Auto og vidvinkel. Men eg synest alle bilde blir dårlige i Møre-Nytt for tida. Trur det kjem av papiret dei trykker på.

tirsdag, januar 22, 2013

Dagbok 2013

Klokka er 14.25, og akkurat der kom sola i Osskaret. Ho er der litt lenger for kvar dag. 
Vi var ein tur nedover før middag, og då vi kom heim, stod termometeret i bilen på minus 13 grader C. Men vår eigen gradestokk viste minus 10. Kaldt nok! Men fint! Sola varmar godt inn glaset, så lenge det varer.
Vi har nettopp ete eit enkelt måltid med spekemat, poteter og blomkålsuppe. Etter at vi hadde ete, laga eg ein brøddeig som no står til heving. På tide å komme inn i gode, gamle vanar.
I dag orka eg ikkje å gå tur, det var rett og slett FOR kaldt.
Eg har lenge gått og sett etter lave støvlettar/skolettar, på sal. Brukar slike det meste av året i staden for sko-også når eg skal vere litt "fin". Eg har eit par som eg brukar til best -dei gongane eg kan sitte i ro, men dei egnar seg ikkje å trakke rundt i på pensjonistmøte. I dag fann eg meg eit par som eg var nøgd med- og det til halv pris. Dei er store nok til å ha varme lestar i, og veldig gode å gå i.Dei er i svart semska skinn og av merket Softwalk. Dei hadde dei i grått, og det ville eg helst hatt, men der var berre str. 36.
Vil presisere at vi ikkje brukar å sette frå oss sko på salongbordet. 
No er sola vekk. Heile herligheita varte 1 kvarter.
I går kveld var Solveig utan samband med omverda, dei hadde greve ei grøft og sikkert kome bort i leidningar. Takk og pris for mobilane.

mandag, januar 21, 2013

Dagbok 2013: 21.januar

Klokka er snart 20.00. Vi har hatt enda ein strålande dag med sol frå skyfri himmel, men det er ikkje så mykje glede vi har av sola enno, berre 40 minutt om morgonen og ein lite glytt ca kl.14.30. Det har vore fint vêr i snart to månader, akkurat den tida sola er vekke hos oss.
I kveld er det minus 8 grader, men til helga blir det vêrbyte og mildvêr.Her i Ørsta er vi heldige med at vi har ei maskin som lagar snø, slik at skitrekket kan vere i sving. Elles er det populært med skøyter for tida, tjukk is både på Hovdevatnet og andre stader.
I dag gikk Nils og eg ein tur rundt Storebakken før middag, for å nyte solskinnet ei lita stund ekstra. Var så vidt opp i skogsvegen også, men eg var ikje heilt god i hofta så eg kunne ikkje gå så langt. Det er vel lågtrykk på veg. Så lenge det er opphaldsvêr og tørt kjenner eg nesten ingen ting.Eg tok masse bilde, for å øve meg og for å teste kameraet. Eg lærer etter kvart.
 Bilda: Nytt stort tømmerlager i skogsvegen.
Gjennom skogen ser vi heilt bort i Mosmarka.Nils har tenkt å sage ved her.
I dag har Margrete og dei to yngste vore her på besøk. Ja, ungane har vi ikkje sett så mykje til; Amanda har to ballett-timar og Erlend sit med datamaskina nesten heile tida. Til middag i dag hadde vi svineribbe og medisterkaker. Det er vel noko av det billigaste ein kan servere i desse dagar, men det tek litt tid å få det ferdig. Tida er ein knapp ressurs for dei yrkesaktive.
Onsdag er det møte i pensjonistlaget, og Nils skal til Åse sjukehus. Han skal teste synet, så han reiser med buss. Dei drypper augene, så han ser ikkje så godt etterpå. Hadde eg vore "fri" kunne vi hatt oss ein skikkelig bytur, men eg må på Kulturhuset og jobbe. Vi er seks stykke i styret og to er vekke, så det er hårda bud. Vi håper at vi får fleire og yngre folk med oss i laget, elles klarer vi ikkje å halde det gåande så lenge.Det er trass alt ein del som må gjerast påde før, etter og på møta. Ikkje alle tenker over det.
Nils kjem att i tide til å stille opp som billettør og loddseljar i staden for kasseraren.Eg stiller som servitør, loddseljar, bladfyk og fotograf m.m. Kjekt å vere til nytte!
 Så langt har eg strikka på genseren. Det meste i går.

søndag, januar 20, 2013

Dagbok 2013: 20.januar

Klokka har passert 17.00 og det er nokså mørkt ute. Vêret er framleis fint og kaldt, minus 6 grader no. Himmelen i vest er klar og vakker, men frå aust kjem det skyer. yr.no varslar enda fire dagar med sol og skyfri himmel. Heilt uverkelig, dette vêret.
I dag har eg ikkje vore ute for ei dør- ikkje Nils heller.Eg vaska håret på føremiddagen og måtte halde meg inne mens det tørka, og så gikk tida. Nils ser mykje på TV, men eg har gjort litt i huset og så begynte eg endelig på genseren eg skal strikke. Det var nesten så eg var nervøs for å starte opp, så lenge er det sidan eg strikka anna enn lestar.
Reknar med at Margrete og ungane kjem i morgon, så får eg kanskje litt fotorettleiing. Viss ikkje, så har eg ein nabo som stiller opp. I kveld har eg "Halvbroren " å sjå fram til, den serien er ei perle, så langt.

lørdag, januar 19, 2013

Dagbok 2013: 19.januar

Klokka er ca 15.45. Ute er det lettskya,fint vêr og det er LYST ! Temperaturen er minus 6 grader C, og det er til å leve med. Tidlig i dag var det mykje kaldare. Ja, det var slik at vi ikkje orka å tenke på å vere ute, men tok oss ein tur på Amfi i staden. Men først måtte vi sjekke kva tid sola kom, og kor lenge ho var her. Sola kom i stova vår klokka 10.40, og vart verande i 40 min. Viss fineveret held seg nokre dagar til, vi vi få sjå den att på ettermiddageni Os-skaret som de ser på bildet, rett over piperøyken til naboen.
I går ettermiddag var vi ute og gjekk med nokre pensjonistbrev, då sjekka vi ut at det var rimelig lyst klokka 16.30. Når vi er inne registrerer vi ikkje slikt så nøye.
Vi handla ikkje mykje i dag, berre litt matvarer. Og så gikk Nils inn i brødskjeremaskina og fann brødskalkar til Kjetil Stokkand. Vi trefte ein som bur der ute og som er nede i havna kvar dag. Han plar også mate anda, så han fekk skalkane med seg.
I dag har vi ikkje laga middag, men åt brødskiver med sild og egg. Vi har fått eit glas etter jul også, med nydelig kryddersild, som Kjell, fiskekameraten til Nils , lagar til sjølv. Mykje betre enn den ein får på butikken.
Men ein blir tørst av slik mat, så no skal eg mixe yndlingsdrinken min: Cola Zero+ skiver av lime+ isbitar.Og så skal eg skåle for at vi alle får ei god helg. (Nils eg godt etablert i den nye Stresslessen framfor TV-en, der han ser sport.)
Til slutt vil eg gratulere Øyvind på Eid med 20-årsdagen i dag!

fredag, januar 18, 2013

Dagbok 2013: 18.januar

 Klokka har passert 15.00. Ute har vi same fine vêret, men eg begynner å bli lei av kulde.Det er minus 7 grader C no, og kaldare skal det bli.
I dag har vi gjort unna ein del ærend. Eg var innom strikkebutikken og dei hadde dei fått inn mønsterboka eg venta på, så no skal eg strikke genser. Dei hadde fått inn lestegarn også, så eg fekk supplert slik at eg får ferdig eit par eg hadde begynt på for eit par-tre veker sidan. Ein tur på biblioteket vart det også, dei hadde fått inn ei bok eg hadde bestilt.Vi handla matvarer på Rema 1000. Eg er lei av å gå på Coop og leite etter absolutt alt-der er overfylt og uoversiktlig.
Så tok vi ein tur ut for å sjekke om båten var fastfrosen, det var han ikkje. Men så skulle stokkand-hannen ha mat og eg skulle teste kameraet mitt. Driv og tek bilde for å øve meg til onsdag, då skal eg ta bilde på pensjonistmøtet.

                                        Kjetil
 No har vi tatt oss ei brødskive og ein kaffikopp, middag blir det seinare. Nils har benka seg framfor TV-en og ser skiskyting. Eg skal ut og legge nokre brev i postkasser, men først må eg få skikkelig varmen i meg.
I dag kan vi gratulere Håkon på Hareid med 19-årsdagen i dag. Han vart fødd i OL-året 1994, då fleire enn han fekk namnet Håkon. Hugsar så godt den dagen han vart fødd. Den vinteren hadde nokre vassrør på skulen frose, og vi fekk store vasskadar. To klassar måtte flytte opp på klubbhuset til idrettslaget, mi klasse var ei av dei. Den 18. januar var det snø og kaldt,  skikkelig vinter og sparkføre. Han som hadde kontor i andre etasje kom ned og sa at det var telefon til meg.. Det var Øystein som ringde og fortalde at dei hadde fått son nr.3. I dag er dei to eldste ute og fer, ein til England og ein er på Cuba, det er visstnok ein slags studieturar. Håper det blir litt feiring uansett.
                         Gratulerer med dagen, Håkon !
Legg inn nokre bilde eg har tatt med det nye fotoapparatet. Skilnaden i kvalitet kjem ikkje så godt fram på så små bilde.(Bildet av fotballaget til Hødd, der Håkon er med, har eg funne på FB)

torsdag, januar 17, 2013

Dagbok 2013: 17.januar

Klokka slo nettopp 14.00. Ute er det klårvêr igjen, og temperaturen er minus 6 grader C. Ein forunderlig vinter dette. I dag fekk vi sola inn i stova for første gong i år, og eg tok bilde rett mot sola med iPaden min. Hadde ikkje fått det nye kameraet til å funke. 
Eg vaska og støvsuga i dag, så har vi fredagen fri til å slynge, om vi vil. Nils tok seg på tak og begynte å klippe eine plommetreet mens eg styrte inne. Etterpå var han bort til naboen med fotoapparatet og  fekk litt hjelp med å finne PÅ-knappen. Eg var bortom ein tur også og fekk litt briefing. Naboen har eit nesten likt kamera

Dette bildet av Nils er det første bildet mitt med nytt kamera. Begge bilda over er teke med iPad. Mens eg har site her og rota har Nils laga ferdig middagen, kokt, salta lange i dag.
Seks lestepar, strikka av garnet eg kjøpte billig.

onsdag, januar 16, 2013

Dagbok 2013 : 16.januar

Klokka har passert 15.00; ute er det overskya og minus 1 grad. Det virkar litt råkaldt no når vi ikkje ser sola.Og vêret stemmer på ingen måte med yr.no. Såg på FB at det snøa i Solund i dag, så kanskje vi også får litt. Eg ønsker meg sparkføre, som vanlig. 
Bildet over tok eg på Rjåneset sist sundag. Eg har det med å knipse vilt med det vesle lommekameraet mitt, men etter kvart har eg fått interesse for å FOTOGRAFERE- og det er noko heilt anna. Då må ein ha skikkelig utstyr. Og i dag har eg kjøpt mitt første (og siste?) speilreflekskamera på El-kjøp. Hadde først ein samtale med Margrete, som gav meg gode råd. Det apparatet som ho anbefalte var gått ut, og dette som eg kjøpte, hadde overtatt. Ekspeditøren var veldig hyggelig og flink å selje, så eg gikk ut døra med både kamera, veske og minnebrikke. Har ikkje teke sjansen på å pakke det ut og montere det opp enno. Reknar med at Margrete kan gi meg eit lynkurs når ho kjem på mandag.
No er det slik at eg faktisk TRENG eit skikkelig kamera  - viss eg vil ha bilda mine på trykk i avisa. Hittil har eg måtta få andre til å forsyne meg med bildestoff, og det er litt tungvint, vil heller vere sjølvhjelpt!
Bildet over har eg hatt innom Picasa og pynta litt på. No lurer eg på kva bilde-behandlingsprogram som er det beste-helst av dei som er gratis. Eg likar ikkje å manipulere bilda for mykje, som regel blir det berre "prøv lykken"-knappen eg brukar.
Elles var vi innom Coop og handla litt mat i dag, mest mjøl, for det er vel på tide å begynne å bake brød sjølv igjen?  Eg er snart ferdig med det sjette lesteparet av garnet eg kjøpte på sal, så no må eg snart høyre etter om gensermønsteret, som eg bestilte, er kome.
Til middag i dag hadde vi det lettvint; varma opp att resten av suppa frå mandag.Nils har hatt ekkoloddet til reparasjon, så det driv han og styrer med.
Viss det blir laglig vêr vil han vel snart ut og fiske. Berre ikkje båten er frosen fast!


tirsdag, januar 15, 2013

Dagbok 2013: 15.januar.

Klokka nærmar seg 19.00. Temperaturen er minus 3 grader C, og i dag har det vore overskya.
I dag har eg vore ganske lat, fekk ein liten dett når sola ikkje kom fram. Eg lurer på kvifor eg alltid skal synest at eg skal "gjere" noko nyttig heile tida. Eg har no gjort litt husarbeid, laga middag etc. 
Vi hadde i grunnen tenkt oss ned til Vik og handle litt, Nils var no nedover eit par gonger, men så vart det ikkje noko meir med oss. Det gjeld å ha planar for dagen, då blir ein meir effektiv. Det einaste nyttige eg gjer for tida, er at eg strikkar lestar, skal strikke opp garnet eg kjøpte før eg begynner på eit større arbeid.
Bildet av slåmaskinen tok vi i går. For meg fungerte den som eit kunstverk; malplassert som den er i tid; både årstal og årstid. Eit minne frå gamle dagar som berre dei eldste av oss kan hugse i bruk.
Den seier mykje om utviklinga  i åra etter krigen.

mandag, januar 14, 2013

Dagbok 2013: 14.januar

Klokka er  no snart 15.00, det er fint, kaldt vêr, men med eit ørlite innslag av skyer på himmelen. Derfor er det heller ikkje så kaldt som i går. Gradestokken her hos oss viser minus 4 grader C.
Vart litt skuffa då eg stod opp i dag, for då var det nokså skya- eg var nemlig frustrert over alle bilda eg IKKJE fekk tatt i går, så eg hadde tenkt meg ut att til Hovdevatnet. Heldigvis kom sola fram att. Nils kokte ferdig ei stor panne med ertersuppe (nok til to dagar) og eg gjorde diverse anna husarbeid før vi tok laust. Eg utstyrte støvlettane med broddane eg kjøpte tidlig i vinter, men som eg ikkje hadde brukt før.
Vi køyrde ut til Hovdevatnet og parkerte, så gikk vi langs vatnet så lenge det var flatt. Då vi kom til stigninga, sa eg: "Tenk om her hadde vore sti langs heile vatnet!" -"Vi kan gå på isen", sa Nils "langs land". Eg var litt skeptisk, men sidan eg hadde broddar, pluss ei hand å halde i gikk eg med på forslaget.
Det var så grunt at eg såg botnen gjennom isen. Eg har ikkje gått over eit islagt vatn på minst 50 år! Det blei veldig langt og tungvint å gå langs land, så vi våga oss etter kvart lenger utpå og til slutt cruisa vi beint over vatnet både på langs og tvers. Det var ei oppleving! Skulle hatt sparken med, så hadde det gått så det susa.
Der var berre nokre få skøyteløparar på isen så tidlig på dag, men eg tippar der vert eit yrande liv etter kvart. Isen er tjukk og trygg om nokon skulle vere i tvil.
No har vi ete ertersuppe og skal ha oss ein pust i bakken. Det var litt spesielt å gå med broddar, så eg tippar eg kjem til å få litt gangsperre. Gjer det noko?
              Ikkje fristande å kvile her i dag.
                Mange sprekker i isen. Sår som var attgrodde.
         Kunst på isen. Både Nils og er syntest det likna ein fisk.
            
                               Vegen vi gikk. Vi ser oss tilbake.

søndag, januar 13, 2013

Dagbok 2013: 13.januar

 Klokka er no 15.15 og vi har same fine vêret. Temperaturen ute er ca minus 7 grader. Den relative fuktigheita er no 45 % noko som er heilt normalt.
Idag kom eg meg endelig ut ein liten tur. Vi køyrde utover stranda mot Rjåneset. Nede i sentrum var temperaturen minus 9 grader C, på Rjåneset minus 3. Vi gikk og trakka rundt på stiane som er der, og i skogen ved badestranda var det fleire småbarnsforeldre som hadde picnic. Det hadde tent bål og såg ut til å ha det trivelig. Vi trudde der skulle vere sol der ute, men den var der ikkje så lenge vi luska rundt. Det er heilt umulig å finne ut kvar sola skin, så lenge den er så lågt over horisonten. Det er fjella som bestemmer.
Eg meinte å hugse at der brukte å vere sol ved Hovdevatnet om vinteren. Vi var somme gonger på skuletur på skøyteisen. Så vi køyrde dit, for å gå på stien langs vatnet. Det stemte, der var sol. Og for eit syn! Alle trea  nær vatnet var heilt nederima, likeins det gamle graset på markene. Men heilt heldig skal ein aldri vere. Etter tre bilde var batteria på kamera tomme. Ja, uflaks kan eg vel ikkje kalle det. Eg burde vel vore så framsynt at eg hadde batteri i reserve.
Vi gikk ein liten tur langs vatnet. I indste enden av vatnet myldra det av barn og vaksne på skøyter i strålande, låg januarsol. Då var klokka 14.00 og sola var nyss komen fram. Dette til orientering for dei som har lyst på ein tur på isen mens finevêret varer. Temperaturen der ute var minus 9 grader.

lørdag, januar 12, 2013

Dagbok 2013 : 12.januar

Klokka nærmar seg 16.00,og  vi har same fine, kalde vêret. Temperaturen er minus 7 grader her oppe i bakkane, litt kaldare i sentrum. Hadde det vore snø, hadde det ikkje kjendtest så kaldt, trur eg.
I dag vart det ein tur på Amfi før middag. Vi trong nesten ingen ting, men måtte "ut og sjå folk"- og det gjorde vi. Vi trefte så mange vi kjende at føremiddagen gjekk med til prat både med den eine og den andre. Men der var mange ukjende også, sikkert både frå Stryn og Honndalen og andre stader i Nordfjord. Det som er bra med Amfi er at ein kan treffe folk inne, og sleppe å stå ute i kulden. Mellom andre hadde vi ein lang prat med Ruth og Harald.
Då vi kom heim, varma vi opp ein porsjon Stroganoffgryte frå andre juledag og kokte ris til. Nils har sessa seg i eine reclineren med avisa, så blir det vel sport seinare på dag. Vi har det varmt og godt og lid inga naud. Eg skal ha med ei stund på sofaen med lydbok, og så blir det vel strikketøy og TV utover kvelden.
Bildet over er teke ca klokka 15. Dei under ein time tidlegare.

fredag, januar 11, 2013

Dagbok 2013: 11.januar

Klokka  går mot 15.00. Ute er det klarvêr og fint, temperaturen er minus 6 grader.Den relative fuktigheita har gått ned til 65 % så det er ikkje så råkaldt lenger. Vi har eit hygrometer i garasjen, og i dag har eg sett meg litt inn i dette med luftfuktigheit, eller relativ luftfuktigheit, som eigentlig er det hygrometeret måler. Nokon fysikar har eg aldri vore, men litt forstod eg.
No har vi hatt sol og finevêr det meste av desember og mykje av januar, akkurat dei to månadane sola er vekke her hos oss. Eg burde vel ikkje seie det, men eg ville heller hatt sol om sommaren.
I dag f.m. gikk Nils ein tur, men eg orka ikkje å gå ut i kulden, så eg sat inne og strikka, las og fraus. Så tok eg meg sammen og kledde på meg ein ekstra genser m.m., og kokte ei varm suppe til middag . Nils fyrte meir i omnen , så no har eg det godt. Eg er ikkje vant til å sitte stille så tidlig på dag heller, men det var ingen ting eg MÅTTE gjere. Var så flittig i går!
Sidan vi åt så tidlig middag, kan det hende vi tek ein tur på ettermiddagen.Time will show.
Ønsker alle ei god helg. Hugsar kor herlig det var å sjå fram til to fridagar den tid eg var i jobb. No er kvar dag "en herlig feriedag"- for oss som navar.

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...