torsdag, januar 17, 2013

Dagbok 2013: 17.januar

Klokka slo nettopp 14.00. Ute er det klårvêr igjen, og temperaturen er minus 6 grader C. Ein forunderlig vinter dette. I dag fekk vi sola inn i stova for første gong i år, og eg tok bilde rett mot sola med iPaden min. Hadde ikkje fått det nye kameraet til å funke. 
Eg vaska og støvsuga i dag, så har vi fredagen fri til å slynge, om vi vil. Nils tok seg på tak og begynte å klippe eine plommetreet mens eg styrte inne. Etterpå var han bort til naboen med fotoapparatet og  fekk litt hjelp med å finne PÅ-knappen. Eg var bortom ein tur også og fekk litt briefing. Naboen har eit nesten likt kamera

Dette bildet av Nils er det første bildet mitt med nytt kamera. Begge bilda over er teke med iPad. Mens eg har site her og rota har Nils laga ferdig middagen, kokt, salta lange i dag.
Seks lestepar, strikka av garnet eg kjøpte billig.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Fint bilete av pappa!

Besta sa...

Det er tatt i stova til Urke. Dei hadde tatt bilde av kvarandre før eg kom, skal sende dei til deg.

Dagbok 2024 .27.november

 Klokka er no 17.17, det er klarver og minus 2 grader C. Det har vore ein fin dag, men kaldt Dagen begynte dårleg her med meg i dag, eg hadd...