fredag, april 30, 2021

Dagbok 2021

Klokka er 17.00, temperaturen ute er + 8 grader, det har vore meir skyer og mindre sol i dag enn dei andre dagane, så det vart litt kaldare båre ute og inne. Eg merka ikkje anna av vaksineringa i går enn at eg vart sår på skuldra der eg fekk stikket, ergo måtte eg ligge på "feil" side i natt. Men eg sovna og sov til klokka var over 4, då vakna eg og verkte i heile kroppen. Dette har hendt så ofte at eg trur ikkje det har noko med vaksinen å gjere.Eg sovna igjen, og då eg stod opp varte det ikkje lenge før smertene var vekke. Eg hadde ikkje så mykje å gjere i dag, for eg har gjort litt husarbeid kvar dag, så det stod berre att å vaske badet og kjøkkengolvet. Eg tok ein tur på KIWI og handla meir mat, eg vil no ha litt i hus om einkvan sleng innom. Eg har lov å ta imot gjestar men ikkje viss dei er i risikogruppa.Før eg for ned og handla sat eg attmed PC-en i eit kaldt rom og fekk frosten i meg. Det hjelpte ikkje at eg åt middag, for i dag også var det kald mat. Derfor tok eg på meg og gjekk ein liten tur på vel ein halv time, så no frys eg ikkje lenger. I dag har eg ikkje snakka med Marit anna enn på Messenger -ho hadde feber og var dårleg etter vaksineringa i går, så ikkje alle reagerer likt. Eg har ingen planar for morgondagen, eg plar "feire"1. mai i Volda, men i år er det utearrangement, så det fristar ikkje så veldig. No blir det vel å strikke og sjå TV resten av dagen/kvelden. Eg rakk akkurat å sjå litt av hageprogrammet då eg kom att frå turen. Det er vel repriser dei sender på dagtid. Elles så var det no ei voldsomulykke i Israel, med menneskeras.
Dei blå blomstrane som stod under snøen er meir lillablå enn dei andre-som er lyseblå. Det er ikkje mykje snø att no, takka vere at eg har spada vekk så mykje, men eg er ikkje ferdig å rake plenane og prukke vekk singel. Når dei brukar snøfresar har det lett for at det fylgjer stein med. Ønsker alle ei god helg.

torsdag, april 29, 2021

Dagbok 2021: 29.april

Klokka er no 18.25, temperaturen ute er + 9 grader og det har vore ein fin dag med mykje sol-men varmen let vente på seg. Bjørkene er ikkje grøne; i seinare år har dei vore grøne til 1.mai. - Eg plar seie at når ein "skal noko" klokka 13, så vert heile dagen øydelagd, - med andre ord, ein får ikkje gjort noko verken før eller etterpå. Men eg fekk i alle fall shina opp kjøkkenet på føremiddagen, før eg vaska håret og kledde meg om. Eg hadde time til vaksinering kl.13.10, så eg køyrde heimanfrå klokka 12.45. Eg stilte meg bakerst i køen utanfor døra, og så vart vi sleppte inn i puljer. Det gjekk ganske radig. Første gongen slapp vi til etter klokkesletta som stod påinnkallinga, i dag slapp vi inn i den rekkefølgen vi kom. Det var enklare i dag. Eg fekk sprøyta og så måtte eg sitte i ro i 20 minutt før eg fekk gå. Eg sneik meg ut litt før tida. På heimvegen stoppa eg ved KIWI og handla-ville ha noko å kose meg med når eg kom heim. Det vart Strandamòr og potetsalat. Då eg kom heim laga eg riskrem av grauten frå i går, så det vart ein kraftig dessert. Etterpå høyrde eg nyheiter på TV mens eg drakk kaffi. Det stor i papira vi fekk i dag at vi kunne bli trøtte etter vaksineringa, Marit måtte sove med det samme ho kom heim, men eg sovna ikkje. Eg såg eit hageprogram før eg somla meg til å gå ut og jobbe litt. Ja, det vart ikkje mykje, eg raka og plukka vekk singel frå plenane og raka litt i snøen som ligg att. No er der ikkje mykje, og dei blå blomstane står så fine. Eg har tatt bilde av dei, men bilda blir ikkje så fine som røyndomen. Marit Urke var ute og jobba, så eg prata litt med henne, og så kom Torbjørn og spada opp eit plommetre som ikkje hadde funne seg til rette. Dermed blei det litt diskusjon mellom han og meg, det galdt blant anna rettskriving.- No er eg altså fullvaksinert, men det går ei stund før vaksinen virkar. Fekk eit tettskrive A4 ark med orientering på begge sider. Så langt veit eg at eg kan ta imot gjester heime-men dei må ikkje vere i risikogruppa. Eg ser at eg er blant dei heldige i verda, som har sluppe så lett hittil, eg ser med gru på korleis dei har det i India, og i mange andre land.Eg er takksam og glad for dei to sprøytestikka.

Bok nr.19-2021: Drøm om de levende.

Denne boka har eg lese på senga, nokre få sider kvar kveld; ei bok på ca 470 sider tek si tid. men akkurat denne boka treng ein ikkje å lese så fort. Eg har lese fleire bøker av Gaute Heivoll, den mest kjende er vel "Før jeg brenner ned". Heivoll vert skulda for å skrive om noko som verkeleg har hendt, og det har han gjort denne gongen også, for bak på boka står det at det er faren si historie han har skrive. Det handlar om ein gut frå han er 4 år og til han er 24. På ein måte likte eg boka godt, og den egna seg godt for å lese sakte på papir.

onsdag, april 28, 2021

Dagbok 2021: 28.april

Klokka er no 18.25. Temperaturen ute er + 8 grader C, det er delvis skya og sol.I dag starta eg med å "forsove" meg, så eg stod opp ein time seinare enn vanleg, men det er no betre å sove litt for mykje innimellom enn å ligge vaken halve natta-slik eg ofte har gjort. Eg hadde bestemt med for å støvsuge i dag, så det vart i alle fall gjort. Eg hadde ein pk.melk som gjekk ut på dato, så i dag vart det graut til middag. Klokka 13 sette eg meg til med strikketøy framfor TV-en, for Marit hadde sendt melding om at dei skulle informere om korleis dei ferdigvaksinerte skulle oppføre seg. Det vart eit langt program og mykje informasjon. I morgon får eg det andre stikket og er då verdigvaksinert, men eg må oppføre meg som før ute blant folk, men kan ta imot fleire heime-helst folk som ikkje er i faresonen.Men kven veit. Etter å ha ete og drukke kaffi gjekk eg ut for å jobbe litt. Men i år er det smått stell med meg. Knea hemmar meg ikkje så mykje i hagearbeidet, men ryggen toler ingen ting; så det blir å jobbe 5 minutt og kvile i 10. Men litt fekk eg gjort , eg fekk spada vekk litt snø, raka og plukka singel, klipt ei buske,og raka ned ein sekk med eføyblad. Eg har snart nok sekker til å fare på VØR med. Eg trur ikkje eg skal få så mykje problem med plenslåtten for då går eg med "rullator". Bestemor Nedreberg gjekk forbi med vesle Adam, han hadde slept seg i dag. Han kunne også vise kor stor han var. Han vart fødd på Volda sjukehus 2 dagar etter oldebarnet mitt, Amund, så det er litt artig å følge med utviklinga til begge. Amund har også slept seg og går no.Han var eit år 5.april. Birte og Håkon er så flinke å legge ut bilde av han at eg får følgje med i utviklinga på litt avstand. Eg gleder meg til i morgon, det er som å ha bursdag-eller noko slikt. Håper eg ikkje blir sjuk av vaksinen, for tysdag skal vi til Ulsteinvik.
Det er det finaste vêret no når det går mot kveld.Klokka går mot 19- til vanleg er det då eg set på TV-en.

tirsdag, april 27, 2021

Dagbok 2021: 27.april

Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 9 grader, sola skin, men vinden er litt kald. Det har vore fint i heile dag. Marit og eg var på rtrening frå 11.20 til 12.20, og så var vi ein lirten tur ned til Alti før vi for heim. Eg har ikkje vore så flittig i dag heller, men eg har brukt litt krefter på å spade snø i dag også, og så har eg blant anna prøvd å rake plenane fri for singel, blant anna. Då det ærma seg middagstid, fekk eg lyst på skikkeleg middag, så eg kokte poteter og steikte ørret som eg hadde i frysaren. Etter middagen la eg meg ut på solsenga med lydbok, og jammen trur eg at eg sovna, for kaffien heg hadde med meg ut var blitt kald. Så var det ut igjen og hive snø, etter kvart som snøen blir borte kjem dei blå blomstrane fram. I morgon får eg prøve å få gjort litt husarbeid, men det fristar meir å vere ute. Hadde eg vore betre i føtene mine kunne eg gått tur, men slik det er no, er det best å halde seg nær husa.Her er nok å gjere for dei som vil. I går kveld greidde eg ikkje å løyse sudokuen i MN, og heller ikkje i dag tidleg. Så begynte eg heilt på nytt mens potetene kokte, og då kom eg i mål ganske lett. Men avisa har eg ikkje lese enno, så den har eg til gode. Prøver å følgje med på det som skjer i bygda.No blir det lenge til neste trening, for komande torsdag er det vaksinering, og tysdag i neste veke skal vi til Ulsteinvik for å få nye høyreapparat. Så då får kanskje beina mine kvilt seg opp.

mandag, april 26, 2021

Dagbok 2021: 26.april


Klokka er no 16.30, temperaturen ute er + 11 grader og sola skin.No skriv eg på storemaskina, Helge har nettopp vore her og kopla til dingsen som Rasmus sende, så no er eg på nett.Rasmus hadde trua på at eg skulle greie å kople sjølv, men eg hadde aldri fått det til viss ikkje Helge hadde vore her.I dag har eg stort sett drive med å smelte snø, dvs. ta snøen på spaden og hive den opp i gata, der smeltar den fort. Elles har eg gått tur med Marit U.-ut Starevegen og inn att.Eg har ikkje snakka med henne på lenge, og så viser det seg at ho har vore dårleg i ryggen. Den pensjonerte rørleggaren lenger ute i gata kom forbi med eit ny køyretøy ein slags einmannsbil/motorsykkel for handikappa. Han var veldig glad for å få prate med meg-og sikkert alle andre han møter på sin veg. Dei fleste set pris på litt kontakt i denne tida. Eg kunne ikkje grave så djupt i snøen, for eg oppdahga at dei små blå blomstrane stod i full blomst under snøen-heilt utruleg, men sant. Eg har også lufa sengetøy og bytta dyne-og putetrekk, og vaska klede i maskina. Med andre ord har eg pusla med eitt og anna innimellom snøgravinga. Etter at eg åt i 15-tida la eg meg ut på solsenga med lydbok, då varte det ikkje lenge før Helge kom, så slik har denne dagen vore. Eg gjekk tur på Vernet i går, så kneet har ikkje vore heilt i orden i dag, så eg kjem ikkje til å gå meir tur , men det kan hende eg gjer noko ute i hagen. Først av alt, må eg tømme vaskemaskina.

søndag, april 25, 2021

Dagbok 2021: 25.april

Klokka er no 17.25, temperaturen ute er + 9 grader C, det er lettskya, sol og litt vind. Det minkar på snøen nedom huset, men opp mot vegen smeltar den sakte. Dagen i dag har gått veldig fort. På føremiddagen jobba eg litt med spanskleksa, eg strikka ei stund og så tenkte eg at eg ville gå ein runde på Vernet i dag, viss kneet ikkje protesterte. Tok på meg Hoka-skorne og då greidde eg å gå heilt fint utan å få låkt. Eg trefte ei dame som eg ikkje kjende, men ho hadde to søte små, kvite Bichon Frisé-hundar, så vi kom i prat. Seinare møtte eg eit par eg kjende, nemleg Matias og kona. Ein møter nesten alltid kjentfolk der oppe. Då eg kom heim att var det ikkje så lenge før eg kunne tenke på middag. For 3.dag på rad åt eg Taco-og det var like godt som dei to dagane før. Heilt perfekt for meg å ha Taco heile helga. Eg steikte nok kjøttdeig på fredag, og så fekk eg ete opp alle grønsakene som eg hadde kjøpt. Heilt perfekt. Til dessert fekk eg aller nådigst ein klatt med is. Då vart eg så mett at eg seig ihop i godstolen ei lang stund. Marit hadde tenkt seg ned ein tur, men då ho stod i døra ringde Mari Ella og sa at dei var på ferja, så då måtte Marit trø til med middag. Janne er ikkje heime, så då er det Marit som "kokar".Eg har sett litt TV, men no må eg visst ut og sjå til hagen min. Paret i kjellaren er bortreiste i helga, så eg har huset åleine. Eg må snakke med naboen når eg møter han og spørje om det er tid for gjødsling. Eg har mange ting eg har tenkt å kjøpe når eg er fullvaksinert- det kjem til å vise på kontoen min. I morgon håper eg å få pakken frå Rasmus, så kan Helge og eg reparere. Då får eg printa ut spanskleksa mi, så det blir enklare å lese den. På denne laptopen får eg ikkje behandla bilda så mykje, så eg gler meg til å komme meg på Storemaskina igjen.
I dag er det Wenche sin tur å fylle år; GRATULERER MED DAGEN; WENCHE !

lørdag, april 24, 2021

Dagbok 2021: 24.april

Klokka er no 18.40, temperaturen ute er + 6 grader, og det er litt kald vind. No skin sola, men vi har også sett snøflukser i lufta i dag. Som dei fleste laurdagar har eg ei kjensle av at det er sundag, og særleg i dag når eg ikkje har vore på butikk. Eg har i grunnen berre lata meg i dag,På føremiddagen jobba eg litt med spanskleksa som Eli legg ut på nettet til oss. Det var ei tettskriva A4 -side om Juan som skal slanke seg. Eg forstod heile innhaldet, til tross for mange nye ord og bøyingar, men eg må nok jobbe meir med teksten/glosene. Marit ville at eg skulle komme opp til henne i 14-tida, og før den tid vaska eg håret og kledde meg om, før eg sette meg til med serien min-og strikka.Tida går fort når ein har ein interessant serie å sjå. Tida går også fort når Marit og eg drikk kaffi og pratar, viss vi går tomme for stoff, kan vi berre begynne på igjen. Etter eit par timar gjekk eg ned att og åt Taco-middag i dag også-trur også der er nok til i morgon. Etter at eg hadde ete måtte eg sitte i ro ei stund og då fekk eg sett siste resten av serien "Weissensee"på NRK TV. Eg likte denne serien godt,kjekt å sjå noko anna enn fjas. Sant å seie hadde eg tenkt å gå ein liten tur mens sola var framme, men no er klokka snart 19-og då berre MÅ eg sjå nyheitene. No er det Einar sin tur å vere i karantene fordi ein av dei han jobbar i lag med er smitta. Håper ikkje Einar er det. No ser eg fram til å få andre sprøyta med Pfizer komande torsdag, og så håper eg det går litt fortare med vaksineringa framover. Dei fleste av oss er leie av Koronaen no, men ein får vere glad for at ein er frisk. No skal eg sette på kaffien, så eg held meg vaken utover kvelden. Og så håper eg på å kunne gå ein litt lengre tur i morgon.

fredag, april 23, 2021

Dagbok 2021: 23.mars

Klokka er no 16.40, temperaturen ute er+ 9 grader; akkurat no skinn sola, men vi har hatt både snø og regn i dag. Heldigvis minkar det på snøen i hagen.I dag hadde eg ikkje så mykje å gjere, eg var oppe litt tidlegare enn vanleg og vart tidlegn ferdig med fredagsvasken m.m. Eg orka ikkje å sitte heime åleine heile dagen utan å ha så mykje som eit "spøt". Dessutan trudde eg bilen trong bensin, for eg hadde ikkje fylt sidan før jul. Dermed bestemte eg meg for kva eg ville gjere. Først var eg på bensinstasjonen, og eg trur det var på tide for eg fyllte ganske mykje bensin på tanken. Eg hadde eit ærend på Gjenbruk, så eg køyrde over brua for første gong i år. Eg har hatt det runde altanbordet inne i stova ei god stund, har brukt det til kaffikoppar, fjernkontrollar etc. Sette det ut at på altanen i fineversdagane, men sakna det inne, så eg tok det inn att. Eg tenkte eg skulle finne meg eit lite bord på Gjenbruk, men det einaste eg fann var FOR lite. Men eg har sett meg ut eitt i ein SKEIDAR-katalog, så det blir ei råd.Etterpå parkerte eg ved ALTI og gjekk opp til strikkebutikken. Marianne hadde noko lestegarn som ho anbefalte, og då eg sa at eg kunne tenke meg å strikke ein sommargenser, fekk eg to katalogar som eg kan kike i. Oppskrift er der sjølvsagt ikkje. Mens eg gjekk til og frå fann eg ut at eg ville glede meg sjølv med Taco til middag i dag. Kjøttdeig hadde eg i frysaren, men grønsaker måtte eg på Bunnpris for å få. Då eg kom heim laga eg verdens besste mat til meg sjølv. Ja, det var så godt at eg måtte sjå to episodar av "Weissensee" for å komme i form igjen, og enda har eg nok til i morgon også. No har eg tenkt å prøve å gå ein tur, og ikkje berre sitte og sjå TV. Som vanleg om fredagane trur eg det er laurdag i dag og sundag i morgon. Men når eg får tenkt meg om så ønsker eg alle ei fin helg. Bodil har fødselsdag i dag, ho er 76 år, framleis fem år yngre enn eg. Og no varer det ikkje så lenge før vi er vaksinerte og kan treffast igjen. Gratulerer med dagen, Bodil!

torsdag, april 22, 2021

Dagbok 2021: 22.april.

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 6 grader, det er overskya og somme tider flaksar det kvite dropar ned frå skyene. I dag då eg stod opp var det heilt kvitt ute. Eg vart glad då Linda sende melding om at jenta som var her i går vil ha leilegheita, så no slepp eg å prate "utanlandsk" med husets folk. Eg gjekk og talde på knappane om eg skulle fare på trening i dag, eg vart så elendig etter treninga på tysdag. Men så hadde eg lyst nedover og treffe litt folk, dessutan var det noko eg skulle ha på butikken, så det vart til at eg vart med Marit på trening, ho køyrde i dag. Eg trena stort sett armar og eine foten, så eg trur det gjekk bra. I dag var klokka over 14 då vi kom heim, så det vart ikkje lenge til middag. I dag laga eg ostesmørbrød. Eg trudde eg skulle få pakken frå Rasmus i dag, den med noko å kople til datamaskina for å få den på nett, men postkassa var tom, og no får vi ikkje post igjen før på mandag. Eg har no sendt melding til Helge. Etter at eg hadde ete middag vart eg så lat at eg sette meg til å sjå TV. No har eg sett heile 1.sesong av "Weissensee"-eg likar serien godt, men det er ikkje så lysteleg å sjå frå Aust-Tyskland anno 1980. Jørn, som bur lenger ute i gata her, vaks opp i Aust-Tyskland. "Vi hadde alt" sa han "berre ikkje fridom".Denne serien skal visst sendast på NRK snart. Eg shina opp kjøkkenet før eg for på trening, det er omtrent det einaste eg har gjort i dag. Kjem meg ikkje i gang med noko storarbeid, men no ser eg veldig fram til neste torsdag, då får eg 2. sprøyta med Pfizer-vaksine. Marit er redd for at vi skal bli sjuke, og det før vi skal til Ulsteinvik den 4. mai og få oss nye høreapparat. Eg håper vi slepp å avbestille timane våre.Eg trur ikkje eg skal gå tur i dag, eg gjekk ein liten tur i går kveld, men i dag har eg no trena.

onsdag, april 21, 2021

Dagbok 2021: 21.april

Klokka er no 17.25, temperaturen ute er + 8 grader. I dag har det vore regnbyger med sol innimellom og litt vind. Trur det er bra vêr for snøsmelting. Eg hadde vondt i begge knea i dag også, men etter litt om og men fann eg ut at eg kunne sage og klippe sund greinene som Audun saga ned, og det fekk eg gjort. Dvs. dei tjukke greinene må eg nok sage meir opp, men dei er komne under tak. Eg laga meg litt tidleg middag i dag fordi vi venta ei som skulle sjå på leilegheita. Det vart det eit festmåltid med steikt ørret, poteter og grønsaker, eg synest eg fortente det i dag. Så var det å vente på ho som skulle sjå på leilegheita, ho kom i lag med far sin då klokka var nærmare halv fem. Dei såg på leilegheita først, og kom opp til meg etterpå. Det var ei søt ,ung jente, ho hadde gått på skule i Volda men skifta linje og skulle gå yrkesskulen her. Slik forstod eg det i alle fall. Ho budde i eit slag kollektiv, men ville ha det fredlegare. Dei ville tenke litt på det, og så skulle eg få svar i morgon.Både Linda og eg håper på at ho vil komme hit.Faren sette pris på at der var vedomn. Viss ho vil ha leilegheita, kuttar vi ut Spania og Litauen-det vart litt for innvikla for meg. Så no håper vi at ho som var her i dag vil komme og bu her. Noko meir har ikkje hendt i dag. I morgon er det trening igjen, men då skal eg ikkje trene føtene, eg vart så elendig i knea i går. Eg tek meg kanskje ein liten tur ut no i kveld.
Eg måtte hente ein stol og sitte mens eg klipte sund dei tynne greinene, for ryggen streika.

Bok nr. 18- 2021: Størst av alt

Denne boka har eg lese på Storytel. Eg hadde heile tida ei kjensle av å ha lese boka før, men kunne ikkje hugse slutten, og ikkje så mykje anna heller, så eg las heile boka. Hovudpersonen har forteljestemma heile tida; ho begynner med å fortelje om skuleskytinga og det som hende den fatale dagen. Så fortel ho kva som skjedde før, og om tida i fengselet og om dommen. Ho fortel på ein måte som får lesaren til å tenkje og forstå korleis alt kunne skje. Eg vil anbefale andre å lese boka. Eg skal innrømme at eg har brukt siste dagane til lesing og avslutta klokka halv to i går kveld.

tirsdag, april 20, 2021

Dagbok 2021: 20.april

Klokka er no 16.30, temperaturen er + 8 grader og no er det overskya og regn-igjen. I dag var Marit og eg på trening, og så var vi både på ALTI og på Spar og handla etterpå. Vi brukar maske når vi er i butikkane. Då vi kom heim kom Linda og sa at det var eit par som ville sjå på leilegheita. Ho meinte dei var studentar. Dei kom som avtalt kl.15.30, og det viste seg at ho var spansk og han frå Litauen. Ho skulle jobbe som miljøterapeut i Volda, og han skulle vere sjåfør på Westre bakeri. Dei var først nede og såg på leilegheita og så kom dei opp hit. Ho snakka litt norsk, men det var veldig vanskeleg å forstå. Han snakka vel berre litauisk. Dei skulle gi beskjed til Linda i kveld om dei ville ha leilegheita. Linda kom opp hit etterpå, og vi diskuterte mulegheita for å avslå om dei takka ja. Det er ikkje så enkelt. Linda hadde snakka engelsk med dei, det hadde gått bra. Eg laga ikkje middag i dag, men åt resten av suppa frå i går + ei brødskive. Eg har gjort diverse forsøk på å lese ut lydboka mi, men det har vore diverse avbrot. Elles har eg ikkje gjort noko som helst.

mandag, april 19, 2021

Dagbok 2021: 19.april

Klokka er no 17.55, temperaturen ute er + 17 grader og vi har hatt enda ein nydeleg dag, men no er det vel slutt på fineveret for ei stund. I dag har snøen smelta meir enn før, men her er mykje att. Eg har hjelpt til litt med å hive snøen utover. I dag hadde eg ingen planar; eg fann ein god slump med melk som var ute på dato, men ikkje ubrukeleg. Det var ikkje nok til graut, så eg baka brød i staden. I alle heve-og steike-pausane, sat eg og la kabal med lydbok på øyret. Eg begynte på ei bok i går som eg har vore borte i før, men kan ikkje hugse om eg las den ferdig. Eg hugsar i alle fall ikkje kor det gjekk til slutt, så no får eg fullføre. Til middag i dag laga eg grønsaksuppe, og så vart det skalken av eit nybakt brød til dessert. Så vart det ut på solsenga igjen ei stund før eg tok meg saman og gjekk ein halvtimes-tur. Begge knea er vonde, men eg synest ikkje at det blir verre når eg går ein lite tur. Eg går ikkje opp på Vernet enno. Men eg tok eit lite bilde av trappa.Elles har det ikkje skjedd så mykje, eg har no prata litt med Linda og så pratar eg litt med dei eg møter når eg går tur, det er helst menn. Som sagt så har det smelta ein del i dag, og no kan eg få tak i greinene på plenen. Eg spekulerer på om eg greier å lage meg ein sagkrakk-men tvilar på at eg får det til. I morgon er det trening og då er det min tur å køyre. Det kan hende eg må handle litt, men eg prøver å bruke opp mest mulig av det eg har i hus. Eg får lage meg ei liste. Her er ganske mange smitta i Ørsta no, men dei har kontroll på smittevegane. Som eg sa til Marit: Vi får føle oss trygge så lenge vi ikkje er i karantene.
Det er Einar sine fotefar frå sist fredag.

søndag, april 18, 2021

Dagbok 2021: 18.april

Klokka er no 19.03, temperaturen på trappa er + 13 grader C, det har vore varmare før i dag. På føremiddagen sat eg ei stund og strikka før eg tok turen fram på gravplassen,sidan det var på dagen tre år sidan Nils døde og eg ville sjå kor der såg ut. Eg greidde å vasse bort til gravsteinen og grave fram påskeliljene som eg planta til påske, dei stod og blomstra under snøen.Eg tende eit lys sjølv om sola skein. Då eg kom heim att gjekk eg ein liten tur her på Vallabøen, knea mine er ikkje gode, så eg legg ikkje ut på langtur. Etterpå sat eg ei stund oppe på altanen med Marit. Då det vart middagstid gjekk eg heim og åt, ikkje middag i dag, men diverse anna. Eg la meg ut på solsenga med lydbok etterpå, men trur eg sovna litt for då er vakna til att var eg veldig låk i beina, men det gjekk over. No har det vore ei jente og sett på leilegheita nede. Ho likte seg godt her, og då eg høyrde at ho var lærling på sjukeheimen, sa eg at ho kunne ikkje få ein betre plass å bu, og forklarte henne korleis ho kunne gå til og frå. Det virka som om ho hadde lyst å bu her, men skulle tenke på det og gi beskjed. Det er greitt å få det i orden såpass eg slepp å tenke meir på det. Dette er vel siste dagen det er SÅ fint ver, utover i veka skal det bli både kaldt og vått, men veka deretter skal det bli strålande igjen. Såg at naboen gjekk ute berre i shorts i dag-

lørdag, april 17, 2021

Dagbok 2021: 17.april

Klokka er no 18.32, temperaturen ute er + 12 grader C, himmelen er framleis blå, utan ei sky og sola skin. I følgje vêrmeldinga skal det vere enda finare i morgon, men så vil det dabbe av. Torsdag blir det kaldt og mørkt. Så vi får nyte fineveret mens vi har det. I dag har eg gjort lite og ingenting; slo i frå meg å fare på butikk,men gjekk ein liten 1/2-times-runde på Vallabøen. Så pakka eg ut kista på altanen og der var det mykje teppe og puter etc.Det vart hengt opp til tørk -og lufting. Eg reidde opp på solsenga og låg der ei stund med lydbok på øyret. Men er trur ikkje eg opp fatta så mykje. Klokka 15 laga eg litt middag,dvs. restar frå i går, og etterpå la eg meg ut att på solsenga ei stund før eg gjekk opp til Marit som sat ute på altanen sin. Meir har det ikkje skjedd i dag her hos meg. Eg var mest opptatt av å nyte fineveret mens vi har det. Her er framleis mykje snø, og det blir vel ikkje bert med det første. Eg saknar å kunne gå skikkeleg lange turar-men det kan eg ikkje med dette kneet mitt. Eg fekk melding frå Rasmus om at deler til datasystemet mitt er på veg, så då får eg hente det og sende melding til Helge når det er kome til "post i butikk".Resten av kvelden blir det nok strikketøy og TV.

fredag, april 16, 2021

Dagbok 2021: 16.april

Klokka er no 18.15, det er + 11 grader C og sola skin frå ein blå himmel utan ei sky i sikte. Det er heilt fantastisk, men snøen ligg her enno. Det første eg gjorde i dag etter frokost, var å skrelle poteter som eg skulle lage stappe av, så tok eg fredagsvasken som ikkje er det heilt store lenger. Einar ville komme innom ein tur ca 13.30, eg trur han kom 13.32., han er det meste presise mennesket eg kan tenke meg. Det vart enkel mat i dag, eg prøver å bruke det eg har i hus i staden for å fylle opp alle frysarar og kjøleskap. Det var pølser og potetstapp og litt grønsaker i tillegg. Einar hadde med seg ei strikkekofte frå Solveig. Eg fekk garn og mønster til jul, og strikka ferdig ei einsfarga jakke.Den vart eit misfoster(det var mi skuld) så eg rekte opp att, strikka passelege ermar etc. Så fekk Solveig jobben med å telle masker og få alt på glid -no hadde vi bestemt oss for rundfelling og mønster. Ho tok med seg arbeidet heim sist ho var her, og akkurat som eg hadde håpa vart ho frista til å gjere kofta heilt ferdig. Eg var veldig fornøgd med det. Den kan sjå litt voldsom ut når den heng slik på ein hengar, men den passar akkurat.Viss nokon synest dei har sett mønsteret før, så har Linda Eide ein slik genser.
Etter at Einar hadde fare heim att gjekk eg ut og begynte å moke altanen. Det var passeleg mosjon i staden for å gå å trakke på vegane med vonde kne. No fekk eg bort all snøen, den var våt og tung, eg trur den nærma seg vatnet si egenvekt. Til sist for eg over med ein skurekost. Eigentleg skulle flakane vore både vaska og olja, men først av alt må dei bli tørre. Til slutt sette eg meg i solveggen og høyrde lydbok. Leigebuarane mine gjekk tur i fineveret, HAN med bar overkropp-men dei er no friluftsfolk! I dag har eg ikkje hatt på TV og høyrt om Korona, men det eg veit er at her i Ørsta er endå ein blitt smitta. Kvar fredag trur eg det er laurdag, derfor må eg på butikken laurdag føremiddag for å forstå at det ikkje er sundag.
Eg ønsker alle ei fin og koronafri helg !

torsdag, april 15, 2021

Dagbok 2021: 15.april

Klokka er no 17.15, temperaturen ute er + 10 grader C, og sola skin. Det er ikkje til å tru at vi fekk så fint ver i dag. Einaste negative er snøen, som treng tid på å smelte. I dag har eg hatt ein relativt "travel" dag. Etter frokost begynte eg å farge håret mitt. Fargen heitte "Lys brun", men eg vil påstå at håret vart nærmare svart enn lysebrunt, men det lysnar vel igjen. Kan ikkje gjere noko med det. Då klokka nærma seg 12 var eg på veg ned til Eli i Støylevegen, vi skulle ha styremøte ute . Det vart skikkeleg triveleg, Eli serverte kaffi og karameller og eg trur vi alle sette pris på å komme i lag. Vi fekk ikkje ha årsmøte i februar, som vanleg, så vi bestemte at alt kunne bero til neste år, ergo er eg no sekretær på 11. året. Eg hadde tenkt å gi meg etter 10 år.Etter møtet tok eg ein tur på ALTI eg skulle ha tre ting og eg kjøpte berre det. På Clas kjøpte eg ei lysbpære og ei sag.
Ei slik sag kostar mindre enn 80 kr.Eg har slite ut to slike før. Då eg kom heim skreiv eg eit referat frå møtet, før eg gjekk ein tur rundt omkring i nabolaget.Dette er utsikta frå toppen av Storebakken
Eg går inne på Fonnvernet med dårleg kne. Turen tok ca 1/2 time så då var klokka 15 og eg kunne eyte middag, det blei resten av suppa frå i går+ litt is og bær til dessert. Eg ville sjå koronanyheitene klokka 16, og sette meg til å halvsove framfor TV-en. Eigentleg hadde eg tenkt å spade snø frå altanen, for no er det like før eg legg meg på solsenga. I dag fyller Eirik 24 år, eg synest det er heilt utruleg at barnebarna er blitt så "gamle". Eirik er framleis i Trondheim og studerer for å bli musikklærar. GRATULERER MED DAGEN EIRIK!

onsdag, april 14, 2021

Dagbok 2021: 14.april Sommardag.

Klokka er no 16.05, temperaturen ute er + 10 grader, det er opplett- og sol av og til, men også sist natt hadde det snødd. Heldigvis ikkje så mykje at ein måtte moke. I dag hadde eg ingen planar, men fann ut at eg kunne bake nokre rundstykke og få brukt opp ein melkeskvett. Elles har eg sete mykje her ved laptopen og hatt kontakt med heile slekta på Messenger.Det er no bra å ha datamaskiner og telefonar i denne tida. Etter at eg var ferdig med rundstykka, laga eg grønsaksuppe, eg hadde kjøpt kål sist eg var på KiWi så eg hadde mange gode grønsaker. Eg hadde kontakt med Rasmus og han meinte at det som feila storemaskina var ein kabel, og den var det berre å bytte ut. Det ville Helge gjere på eit øyeblikk. Eg sende ei melding til Helge, og det varte ikkje lenge før han ringde på døra. Han var heimeverande i dag. Og han hadde kabelen med. Dessverre hjelpte det lite. Så ringde han til Rasmus og fekk gode råd. Rasmus skulle sende noko. Eg blandar meg minst mulig borti det, for eg har ikkje forstand på slikt. Eg vart litt forseinka med middagen, men no har eg fått suppe, og til dessert vart det eit rundstykke med syltetøy+ kaffi. Eg har ikkje så mykje å gjere for tida, for eigentleg var det hagearbeid som stod på agendaen- men det står på vent. Eg håper det blir mindre matlaging og eting i sommarhalvåret som tek til i dag. I gamle dagar var det slik at tenestefolk måtte begynne eller slutte i jobben,på halvt-årsdagane 14.april(1.sommardag) og 14.oktober (1. vinterdag)Det betyr ikkje at sommaren kjem i dag - det skulle tatt seg ut. I morgon må eg skulke treninga fordi eg skal på styremøte i pensjonistlaget. Eg trur det er bra å ikkje trene for mykje, for eg fekk vondt i begge knea etter treninga i går. I dag har eg veldig lyst å gå ein tur, og det skal eg gjere. Men det blir neppe på Vernet, der er mykje snø.I går fekk eg kjøpt meg garn på Bunnpris såpass eg fekk strikke nokre lestar. I Møre-Nytt kan eg lese at det no er 31 korona-smitta i Ørsta, men dei har kontroll over smittekjeldene, og mange er i karantene.

tirsdag, april 13, 2021

Dagbok 2021: 13.april

Klokka er no 18.20, temperaturen er + 4,5 grader C, og no når kvelden nærmar seg, skin sola. Eg hadde tenkt at eg skulle få køyre til treninga i dag, men forstod at det blei vanskeleg å komme seg ut, sidan leigebuarane mine kom att seint i går kveld og måtte parkere midt på tunet. Eg hadde avtale med dei at dei skulle moke før klokka 11, men då eg såg kor mykje snø som hadde kome, avtalte eg med Marit at vi skulle ta taxi. Vi vil helst la vere på skulke, sidan fysioterapeuten gjer det ho kan for å halde ope. Då taxien kom, fekk eg ikkje vere med, for dei hadde ikkje lov å ha meir enn ein passasjer -men straks etter kom ein ny bil og henta meg. Og i dag var det gratis, for no har også eg fått frikort. Eg var ikkje heilt bra i kneet mitt, så eg unngjekk å trene det så mykje, men brukte litt ymse treningsapparat. No har eg vondt i begge knea- men ikkje så gale. Både før og etter trening såg eg episodar frå Exit 1. Eg fekk god middag i dag, hadde kjøttkaker og saus i frysen og så kokte eg poteter attåt. Eg vart frykelig mett, så det vart meir Exit. Då eg hadde sett ferdig sesong 1, gjorde eg meg klar til å fare til Vik-på ALTI. Leigebuarane hadde moka heile tunet så fint at det var ikkje problem å komme seg ut. Det blei altså tur til Alti der eg fekk kjøpt ansiksmasker, hårfarge og garn, blant anna. Ja, ikkje så mykje anna for eg var no og handla i går. Det er mykje snø på markane så eg får ikkje sage greiner enno, det var liksom utearbeid eg hadde på planen min no i april. Det er ingen fleire koronasmitta i Ørsta sidan laurdag, men eg blir litt engstelig når eg høyrer at Pfizer-vaksinen ikkje virkar like godt på alle mutantar. Men eg er no glad for den sprøyta eg har fått og om vel 2 veker får eg andre sprøyta. Det er verre for folk som må gå på arbeid og ha kontakt med mange, slik som t.d. lærarar. Eg kan no isolere meg kva dag eg vil.No håper eg vi snart får skikkeleg fint utevêr.Påskeliljene på trappa står like fine, men eg veit ikkje korleis det har gått med dei eg planta på grava.

mandag, april 12, 2021

Dagbok 2021: 12.april

Klokka er no 18.05,temperaturen ute er + 6 graderC; i går kveld før eg la meg var det minus 6 grader så snøen var hard til langt på dag.Sola har vore framme mykje av dagen. Det var ikkje snakk om å spade den vekk då. Føremiddagen gjekk fort, eg sette meg til å "reparere" laptopen. Det måtte no vel gå an å legge bilda inn på samme måten som på PC-en? Altså med ledning frå telefonen til laptopen. Eg har prøvd menge gonger før- utan resultat, men i dag gjekk det heilt fint. Så no kan eg legge ut bilde på blogg m.m. Men så snart eg begynner å rote med "maskinene mine" begynner klokka å gå fort. Eg kom plutseleg på at eg hadde tenkt å lage kjøttkaker i dag, men hadde sjølvsagt gløymt å ta opp deig frå frysaren. Det blei kjøttkaker til slutt, men litt tining i mikroen. Så hadde eg berre ein episode att av Exit, den rakk eg før middag, men så såg eg at der var fleire episodar som skulle komme. Det var greitt, men så oppdaga eg også at det var sesong to eg hadde sett-og ikkje 1. Eg syntest det var litt rett på sak då eg begynte å sjå - så eg vart ikkje så overaska. Det er fæle historier, men gode skodespelarar, bra musikk og bilde. Eg er no spesielt begeistra for Tobias Santelmann, han spelte kronprins Olav og så såg eg han i "Ut og stjele hester". Middagen i dag var restar frå tidlegare middagar. Så bestemte eg meg for å moke veg til bilen, og då var snøen mjukna såpass at eg greidde det. Eg var ned til Eli med nokre papir, og så handla eg på Kiwi. Alt gjekk bra, heilt til eg hadde parkert bilen i garasjen, då såg eg at den stod faretruande skeivt, eg prøvde å rygge ut att, men det peip heile tida, så til slutt bad eg Even om å komme og rygge den ut og få den beint inn att. Det gjorde han fort og lett men var enig med meg i at der var lite å gå på. Så i dag ordnar alt seg. Kneet mitt var veldig bra så lenge eg sat i ro, men då eg leda litt meir på meg, kjende eg at heilt bra var det ikkje. Eg veit enno ikkje om det blir trening i morgon, men eg slepp i alle fall å ligge ei heil natt og tenke på at eg skal rygge ein skeiv bil ut av garasjen.

Bok nr. 17- 2021:Den eneste broren

Begge desse bøkene har eg lese i papirutgåve. Har nokre bøker som eg les nokre sider av kvar kveld etter at eg har lagtmeb, det blir ikkje mange sider for dag men eg får no fullført. Ingen av desse bøkene var spesielt gode, men lettleste, at eg fullførte seier vel sitt.

Bok nr. 16-2021: Delte opplevelser

søndag, april 11, 2021

Dagbok 2021: 11.april

Klokka er no 17.12, temperaturen ute er + 7 grader og sola skin, sjølv om det er nokre lette skyer på himmelen. Men her er framleis mykje snø, det hadde snødd sist natt også. Vegane/gatene er berre, men elles ligg det mykje snø; eg trur det er nærmare ein halv meter på altanen mot vest, altanen på nedsida av huset har eg moka litt og så har sola tatt resten. Sidan eg er låk i kneet tok eg det veldig med ro i dag før middag, eg strikka litt og så såg eg TV. Eg har ikkje sett den norske serien "Exit" på vanleg TV så no tenkte eg at eg kunne sjå heile på kort tid. Det er ein ganske fæl serie i eit miljø som eg ikkje trudde fantest i Norge. Eg har no ikkje sett så mange episodar enno. Til middag i dag kokte eg grønsaksuppe; det må eg gjere minst ein gong i veka. Men no minkar det både på grønsaker og anna, så eg håper å komme meg på butikk snart. Eg skulle ha vore ein tur ned til Eli også, for eg har eit ærend. Etter middag og eit par episodar med Exit fann eg ut at eg ville prøve å gå ein tur. Kneet var ikkje så vondt for eg hadde sete mest i ro. Veret var forlokkande fint, og inne var det heitt, sidan eg til og med hadde fyrt i omnen-før sola kom. Det vart ein liten runde i nærmiljøet, men eg traff same naboen to gonger så eg fekk no prata litt med henne. I går kveld sette eg Laptopen på oppdatering, men måtte legge meg før den var ferdig. Eg stod opp klokka 7 i dag og sjekka (eg la meg inn att i senga etterpå, men sovna ikkje), og då var alt i orden. Men no ser eg at eg må legge inn e-posten på nytt-eg som hadde streva med å få den i orden for eit par dagar sidan. Elles saknar eg veldig å få legge ut bilde frå telefonen. Eg har i det heile tatt ganske mykje trøbbel med maskinene mine-fordi eg ikkje kan nok.I dag har Marit vore husmor og laga middag til tre, sidan Janne ikkje er heime. Det var fantastisk å sjå att sola og å komme seg ut aldri så lite. Kor vidt det blir trening på tysdag, veit eg ikkkje, og eg veit heller ikkje om eg kan gå.Viss eg får ut bilen i morgon, kan eg fare å handle.Torsdag skal vi ha styremøte hos Eli og då skal vi sitte ute.

lørdag, april 10, 2021

Dagbok 2021: 10.april

Klokka er no 17.13, temperaturen ute er + 3 grader, snøen smeltar heile tida, men så kjem det nye byger med ny snø. Det er mykje umoka snø på tunet i dag også, og på ingen måte råd å ta ut bilen. Kneet mitt er verre i dag enn i går, eg ventar berre på at det skal sprekke, slik at eg kan begynne å vente på betring igjen. Sjølv om eg er handikappa har eg prøvd å få gjort litt i dag. Eg ordna ut med klesvasken, bretta i hop,og strauk. Så tok eg ein litt krevande jobb med å støvsuge golvet i stova, flytta fram sofaene etc. Det gjekk bra på ein måte, med mange kvilepausar. Middagen i dag vart enkel, ein slags ostesmørbrød. Etter eg hadde ete, kveikte eg i omnen og sette meg i godstolen, der eg vart sittande lenge å halvsove med TV-en altfor høgt på. Kneet er ikkje vondt når eg sit i ro, og takk for det. Merkeleg nok har dagen gått veldig fort, viss det er ein fordel.Eg har ikkje handla sidan før påske, men har mat nok i hus, så eg lid inga naud. Det er no 24 smitta i Ørsta, så det kan vere bra å halde seg heime. No har dei funne ut at Astra -vaksinen kunne gi blodpropp, så då veit vi det.Eg får sjå om eg finn litt garn i kassa mi såpass eg kan bruke hendene til noko.Det blir mykje stillesitting.Dessverre, eg sakna å kunne gå tur.

fredag, april 09, 2021

Dagbok 2021: 9.april

Klokka er no 17.33, temperaturen ute er + 4 grader. I går kveld såg det ut til at snøen skulle smelte, så eg var spent då eg såg ut i dag tidleg. Det hadde ikkje kome så mykje snø i natt, men så sette det i gang igjen, eine snøbya etter den andre, og det tek ingen slutt. Når eg dertil har eit vondt kne blir det to gode grunnar til ikkje å gå tur.Og turane mine saknar eg. Til alt overmål har vi no det største Korona-utbrotet vi har hatt i Ørsta. Her var lenge smittefritt, no er det over 20 personar som har testa positivt.Og så kjem det melding om at prins Philip er død 99 år gammal-men ikkje av Korona. Eg, og mange med meg blei litt glade i Philip etter å ha sett "The Crown". Det vart mykje negativt på ein gong. Men etter frokost hadde eg ei oppgåve, eg greidde ikkje å løyse sudokuen i går kveld, men rekna med at eg skulle greie det i dag, og det gjorde eg. Så vart det fredagsvask, i dag tok eg soverommet også, sjølv om det ikkje var heilt greitt å henge ut golvteppet. Etterpå sette eg i gang vaskemaskina, så har eg i alle fall litt mosjon med å gå ned og opp kjellartrappa. Før eg begynte å tenke på middag, ringde eg til Ellen Marie. Ho ringde til meg dagen før bursdagen min, men då var eg oppe hos Marit så vi kunne ikkje skravle så lenge. Det kunne vi i dag. Ho fortalde mellom anna at sonen hennar hadde kjøpt hytte i nærleiken av Kristiansand og dit hadde ho vore med i påska. Vi prata både vel og lenge, det har vi tid til begge to. Til middag i dag fann eg ei skål med ferdiglaga risgraut, og med litt spekepølse ved sidan av blei det ein OK middag. Eg har elles lese MØre-Nytt og sett litt Netflix. Eg har fyrt litt i omnen i dag også, no er det tomt for ved, men eg trur levrandøren rett over gata har meir å tilby.Eg kjem meg ikkje ut med bilen i dag heller- utan å moke, eg treng ikkje fare nokon stad i dag, men tek kanskje ein tur i morgon. Eg blir litt sur kvar gong eg ser ut og ser all snøen.I Møre-Nytt står det at her er 50 cm. Elles vil eg ønske alle god helg, håper alle held seg friske, for no får vi meir vaksine etter kvart.

torsdag, april 08, 2021

Dagbok 2021: 8.april

Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen har fresa tunet mitt i dag også, så no kunne eg ha tatt ut bilen om eg ville. Eg spada vekk snø som låg framfor garasjen, så der er fritt leide. Eg lurte på å ta ein tur på Kiwi, men fann ut at det var ikkje så viktig. Eg har meir behov for å komme ned på ALTI.- Torsdagane brukar vi ikkje å trene før klokka 12.30, derfor tenkte eg at det var lurt å skrive årsmeldinga til Pensjonistlaget før trening. Eg sette meg ved storemaskina, leitte fram diverse papirer og fekk i hop ei årsmelding som eg kumnne printe ut. Eg var nøgd med det eg hadde gjort, så eg dusja, vaska håret og hadde på meg treningsklede. Først då gjekk eg inn på FB, og der hadde Marit skrive at treninga var avlyst, eg hadde ikkje sjekka telefonen, så eg visste ingen ting. Marit hadde også fått med seg atdet var 13 nye smitta i Ørsta. Det er vel det meste som har vore her på ein gong. Når ein ikkje har planlagt dagen blir det som regel berre surr, men i dag tok eg meg sjølv i nakken og sa at det minste eg kunne gjere var å vaske og rydde kjøleskapet, så det vart gjort. Dvs. eg tok berre kjøledelen, frysedelen var altfor tettpakka, og dessutan er det ikkje så lenge sidan eg rydda opp der.- Då det nærma seg middagstid laga eg ein omelett som eg åt med brød og tomatar til. Eg kan ikkje trakke så mykje rundt med den låke foten, så eg sette meg rett ned og såg ein heil film på Netflix. Den heitte "Hillbilly elegi" eller noko slikt. Den var ein film bygd på ei bok som hovudpersonen i filmen hadde skrive,- om oppveksten sin i ein dysfunksjonell familie. Det var ein god og gripande film. Mariann Schjeide hadde anbefalt den på FB.- I dag har svigerinna mi, Mimi, fødselsdag og eg har gratulert henne på FB. Ho har ikkje nådd 80 talet enno.-Eg synest det er kjipt at vinteren skulle komme så sterkt tilbake, det er like mykje snø her no som det vi hadde i februar. DEN snøen smelta fort, og denne må smelte enda fortare, såpass vi får vere ute litt. Heldigvis gjorde eg godt arbeid i hagen sist haust, så det er ikkje så mykje som står på vent. Men eg er ikkje glad for å få ein låk fot akkurat no.Blir vel gåande å halte bak plenklipparen om ein månads tid.

onsdag, april 07, 2021

Dagbok 2021: 7.april

Klokka er no 15.20, litt tidleg å skrive blogg, men det høvde så godt akkurat no. Temperaturen på trappa er no + 8 grader, eg tolkar det slik at det skal slutte å snø-men kven veit ? Eg hadde tenkt at det skulle vere slutt på snøen i dag, men det har faktisk snødd heile føremiddagen, og no snør det igjen. Even hadde laga vegar til meg så eg skulle kunne ta ned att bossdunkane etter at dei var tømde. Og seinare på føremiddagen kom Torbjørn og fresa tunet, men det var ikkje lenge før det var mykje snø igjen. Marit har bestilt TAXI til i morgon når vi skal på trening. I dag var eg litt husleg, sette brøddeig og sette i gang oppvaskmaskina rett etter frokost. Eg bakte tre grovbrød, og så vaska eg opp for hand det som ikkje gjekk i maskina. Så langt var alt greitt, men så kom eg på at eg ikkje hadde e-post som fungerte. Eg prøvde laptopen, men den e-postenkontoen som låg der var utgått på dato. Så var det å legge inn på nytt, men det vart berre opp i tull. Så ringde Eli Kjøde og sa at vi skulle ha styremøte neste veke, og då måtte eg ha ei årsmelding klar. Det var greitt, men då måtte eg skrive den på laptopen med små bokstavar og så fekk eg ikkje printa den ut, men vi kom no fram til ei ordning. Eg vart litt ivrigare enn før, og fekk faktisk til å legge inn ein e-post som fungerte.- Så begynte eg å tenke! PC-en er ikkje heilt ute av drift, eg kan til dømes legge inn bilde, ergo er det ikkje maskina som er kaputt, men det er noko gale med Nettverket. Eg gjekk inn, sette på Word og printa ut noko som låg der. Då vart eg beroliga, for då kan eg skrive årsmelding og printe ut, så er det i orden. Bodil nemnde noko som heiter Netgear som ein kan koble til viss det er nettverket som sviktar, tenkte eg skulle høyre med Rasmus. Elles så har eg no tenkt å engasjere Helge litt når det gjeld maskiner og nettverk. Han er godt kjent med maskinene mine frå før. I dag har eg vore ganske mykje låk i kneet, det er bra så lenge eg er i ro men ikkje når eg går og trakkar.Eg snakka med fysioterapeuten i går, ho ville at eg skulle snakke med legen om det går an å få ut vatnet som ligg i cystene. Ikkje veit eg, men viss det var noko dei kunne gjere så hadde ho vel sagt det. Eg synest det er trasig å ikkje kunne gå tur, no når eg hadde fått slike gode vanar.Eg begynte å sjå ein serie på Netflix, men så ringde Marit, og etterpå åt eg "middag"osv.

tirsdag, april 06, 2021

Dagbok -2021: 6.april

Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 3 grader, men no snør det igjen. I går kveld tenkte eg at viss det gjekk over til mildver over natta, kunne eg kanskje få bilen ut i dag. Eg prøvde å moke litt på dagtid i går, men det vart for tungt. I dag tidleg var det kome enda meir blytung snø, så eg kunne ikkje tenke på å moke. Marit ringde og spurde om vi skulle ta TAXI, og eg samtykte. Før eg for på trening greidde eg å løyse sudokuen som eg måtte legge frå meg i går kveld.I dag kom eg i mål. Taxien kom i god tid, og sidan sjåføren hadde maske, tok eg på mi også.For å komme opp på gata vassa eg i snø til over knehøgde. Det var ei fæla føre, og ikkje skrapa vegar alle stader. Eg greidde å gjennomføre treningsprogrammet i dag til tross for det vonde kneet, og så vart det TAXI heim att også. Før eg gjekk i hus spadde eg eit tonn med snø frå trappa, og spadde fram bossdunkane. Til mi store glede hadde ein av naboane fresa heile tunet mitt. Og takk for det!!!! Det var for tidleg å begynne på middagen, så eg tok og rydda vekk påskepynten i mellomtida. Kopar og messing som eg pussa så fint før påske, var like stygt igjen. Eg har likt så godt den lettvinte messingpussen som eg har brukt, men no må eg sjå meg om å finne ein betre sort, kan ikkje pusse kvar veke heller. I dag laga eg suppe-det er ei stund sidan sist. Eg hadde eit par små ferdigsteikte kotelettar som eg la i panna og fylte på med grønsaker, dei vanlege, pluss broccoli. Det blei god suppe denne gongen også, der er litt att til i morgon .Etter at eg hadde ete sette eg meg til å sjå TV mens eg venta på Nyheitene, der vart eg sittane til neste nyheitssending . Ja, eg har fått ein uvane no desse dagane eg har vore heime åleine og vêret ikkje har vore freistande til uteaktivitetar, eg som til vanleg set på TV-en klokka 19, har no sete og glodd heile dagen. Rett nok har eg strikka litt, men no stundar eg etter å komme ut i hagen og gjere noko. Eg gjekk og såg på alle fine krokusane her ein dag, og mintest korleis snøen øydela dei i fjor! Då drøymde eg ikkje om at snøen skulle komme i år også og øydelegge. I fjor snødde det ned i plommeblomstringa, men merkeleg nok fekk eg mykje plommer likevel. Dei fleste i Ørsta fekk lite eller ingenting. No skal eg sette bossdunkane opp til vegen, så er det gjort. Eg får til å legge bilde inn på PC-en, men ikkje her. Synest det er kjedelig med blogg utan bilde.

mandag, april 05, 2021

Dagbok 2021: 5.april

Klokka er no 17.33, temperaturen ute er + 3 grader. Det kom mykje snø i går kveld og i natt, og den ligg enno, sjølv om noko har gått over til slaps. Eg var ute på føremiddagen og moka ein liten veg til garasjen, såpass eg fekk henta inn ved. Prøvde også å lage ei rås opp til gata, så Marit skulle få komme seg ned. Snøen var ikkje slik som då det var vinter, denne var blytung- og kneet mitt ville ikkje vere med på mokinga. Det er tredje dagen eg går på tomgang og berre latar meg, så no er eg lei. Heldigvis er det kvardag i morgon, og vi skal på trening. Viss eg ikkje får ut bilen min, kan no Marit ta sin, for der er det kort veg til gata og så har ho piggdekk. Så kan eg heller køyre torsdag i staden. Desse helgedagane har eg for det meste sete framfor TV-en og strikka. Eg har leita fram att garnreste-kista mi, og prøver å lage noko av alle dei små nøsta, - det er ikkje lett. Marit var ned og drakk kaffi med meg på føremiddagen i dag, så eg fekk høyre om hytteturen. Elles skjer det lite og ingen ting-og det er kanskje det beste.Eg mødest med maskinene mine. Eg får ikkje til å legge bilde inn på laptopen, ledningen som eg brukar frå telefonen til datamaskina går ikkje inn på laptopen. Eg tenkte eg kunne legge bilda inn på minnepinnar, men hugsar ikkkje korleis eg kan gjere det. Det er i det heile tatt lite eg hugsar for tida. Eg skuldar på alderen. Svein, bror min, hadde kjøpt ein ny del til PC-en sin og då funka den fint. Bodil sa kva delen heitte, men eg bad henne skrive namnet på Messenger fordi eg ikkje oppfatta det skikkeleg-hørselen er også skral. Men elles har eg det bra. Til middag i dag vart det litt spekepølse og ganske mykje riskrem.Eg har litt klede eg kan stryke, såpass eg har litt å gjere. Det som eg synest er litt trasig er at eg ikkje kan gå tur på dette føret med vondt kne.I dag fyller mitt einaste oldebarn, Amund, 1 år i dag. Han er ein kjekk og blid gut. Gratulerer til heile famlien !

søndag, april 04, 2021

Dagbok 2021: 4.april

Klokka er no 16.50, temperaturen er + 3 grader, men no lysnar det ute - eg ser glimt av sola. Elles har det vore eit fæla ver ute i dag, regn og vind. Ja, det blæs no endå. Eg har vore heime og inne åleine i heile dag, men eg har kosa meg. Eg fyrte i omnen tidleg på dag, og så har eg stort sett berre strikka litt og sett TV- det har vore mange kjekke program, dei fleste har eg sett før. Til middag i dag vart det rundstykke, med spekepølse og diverse ostar. Det er nokre fordelar med å vere heime åleine, også; eg kan gjere stort sett som eg vil, ete det eg vil og sjå det eg vil på TV, til dømes.I dag ringde Bodil, så vi fekk oss ein lengre prat, og det er no koseleg. Så ser eg at Marit er komen heim att, håper at Lollo var der og tok imot henne, for eg har ikkje sett katten i dag- så eg veit ikkje kvar den har vore. Det blir ikkje så mykje å skrive om når ein berre er inne og ser på TV. I morgon reiser studentane tilbake til Trondheim, dei som studerer i Oslo og Bergen har ikkje vore heime.No er det full storm og regn igjen, det at sola viste seg var visst berre ein aprils-narr. No er det snart slutt på påska, og ein kjem tilbake i den vanlege tralten.Og det er heilt greitt for meg som har heilårsferie.No haglar det!

lørdag, april 03, 2021

Dagbok 2021: 3.april- Påskeaftan

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er +7 grader C, det er lysare og lettare no enn det var tidlegare i dag. Dette har vore ein litt pussig dag, her hos meg har det vore som ein helgedag. Veret vart ikkje slik eg forventa, så eg kunne ikkje gjere noko ute. Det vart ikkje til at eg for på butikk heller, fordi eg ikkje var nøydd til det. På føremiddagen rydda eg opp litt i matrestar etc, putta i frysen og vaska opp panner og fat. Fordi eg hadde kjøpt inn så mykje melk sette eg på risgraut og let den koke på svak varme i timesvis. Det gjekk veldig bra, den brende ikkje i botnen i det heile tatt, men då eg skulle ete grauten, var det nesten ikkje risgryn att- berre ein einaste "graut", noko eg sette mindre pris på.Elles har eg sett TV, både vanleg NRK og Netflix.Har strikka aldri så lite, men etter at eg hadde ete grauten vart eg veldig sløv og søvnig. No har eg vakna til live att, og skal rydde litt på kjøkkenet og ordne ein klesvask.Eg er veldig misfornøgd med slike sløve dagar. Eg skulle gjerne gått ein tur ut, og det kan hende eg gjer det, men stoler ikkje heilt på kneet mitt, så det kan hende eg ikkje gjer det. Har prata med Marit på Messenger, ho kjem heim att i morgon. I dag har eg ikkje sett ei levande sjel, men det er ikkje å farleg, eg klarer meg fint åleine. At det er påskeaftan forstår eg ikkje heilt, men det er no ingen ting som er normalt i Korona-tida. Helgedagar er kjekkast når ein er i arbeid-når ein har fri heile tida, kan det like godt vere kvardag. Fortsatt: GOD PÅSKE.

fredag, april 02, 2021

Dagbok 2021: 2.april Langfredag

Klokka er no 17.42, temperaturen ute er + 3 grader C og det er delvis opphaldver, men ingen strålande dag. Eg har halde meg inne i heile dag. Kneet mitt er ikkje så velduig vondt , men eg er redd for å fjerne meg frå heimen i tilfelle det skulle sprekke ei cyste. Det har eg opplevd ein gong, men då kunne eg ringe til Marit for å få hjelp-og no er ho ikkje heime. Men det var godt å ha denne dagen heime åleine -for så fekk eg rydda opp att i huset. Men først sette eg meg ned og såg/høyrde langfredagsgudsteneste på NRK -det høyrer liksom med når det er påske. Så shina eg og vaska kjøkken og bad, før eg støvsuga teppegolva. Ein stor klesvask står no på tørking og skal leggast i hop etterpå, oppvaskmaskina er tømt. Eg synest eg har vore husleg og flink i dag. Innimellom har eg sett Netflix, men gjekk over til NRK og diverse konsertar som eg har sett og høyrt før. Dagen har gått fort og eg har ikkje hatt tid til å kjede meg. I morgon har eg tenkt meg ut i hagen å klippe og sage. Folk ser eg lite til, men eg har no hatt besøk av LOLLO (katten til Marit)- ho kjem når eg ropar på henne.Og så får ho mat.Eg føler meg litt snytt når eg ikkje får gå tur på Vernet, men Det kan no hende at kneet blir bra i morgon. Det store PC-en min får eg ikkje i gang igjen, så eg sit her og klorar på laptopen. Eg får ikkje lagt bilde til bloggen min for eksempel.(Eg har nesten ingen bilde her.)

torsdag, april 01, 2021

Dagbok 2021: 1.april

KLokka er no 20.00,temperaturen ute er + 2,5 grader C. Det har regna stort sett i heile dag. I dag tidleg var det nysnø langt nedetter fjellsidene. Eg får dessverre ikkje lagt inn bilde her på bloggen når eg brukar laptoppen. I dag vart det litt kjedeleg, for eg kunne ikkje gå tur med det vonde kneet mitt; det er ikkje vondt når eg er i ro, så eg har vore litt stillesittande. Det var ikkje så mykje eg MÅTTE gjere heller. Klokka 17 kom Solveig ein tur, som avtalt, og litt etter kom Håkon og vesle Aho springandemund som blir 1 år den 5.april. Dei vart ikkje så lenge, for Amund begynte å bli trøtt. Eg hadde litt kaffi og kaker å servere, men ikkje akkurat selskapsmat. Solveig hadde kjøpt mange store fine handdukar til meg i bursdagsgåve, ho trudde det var smått stell med meg sidan handdukane på badet er nesten ute på dato- men eg har fleire på lur. Synest det er greitt å slite heilt ut handdukane, og så er dei no gode å tørke seg med når dei er gamle og slitt. Solveig tok med seg strikketøyet mitt og skal få orden på det, etter at eg har rekt opp ein god del. Elles har eg sett litt TV i dag-men stort sett har eg lata meg. Så snart det blir kvardag og opplett skal eg ut og sage og klippe greinene frå fruktrea. Det blir ved til neste vinter. Sidan Marit er på hyttetur passar eg katten hennar. Den er så rar; når eg går ut på trappa og ropar: LOLLO så kjem ho springande. Eg trur eg må sjå i garnkassa mi om der er restar som kan bli til noko, treng å ha noko i fingrane når eg ser TV. Håper at alle har det godt i påska, eg føler meg heldig som har fått første vaksinesprøyta- og den 29 april skal eg få sprøyte nr. 2. Av og til er det ein fordel å vere gammal.Fortsatt: God Påske

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten

  Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese d...