søndag, juli 31, 2016

Bok nr. 47 - 2016: Attentatet

Attentatet



Eirik Jensen

Eirik Jensen var kjent som en utradisjonell og frittalende politimann før han ble arrestert i februar 2014. I 2015 utga han selvbiografien «På innsiden», som ble en umiddelbar bestselger.
............................................................................................


Nyetablerte kriminelle miljøer i Norge er villige til å gå lenger enn før i jakten på profitt. En russisk gangster må rømme fra Moskva etter et mislykket attentat mot en konkurrerende mafiafamilie. Han bosetter seg i Norge og jobber i det stille for å oppnå gudfarstatus i Oslos underverden.
Et spektakulært anslag mot en pengetransport fra Gardermoen forvandler E6 til en brennende krigssone. Ranerne etterlater både drepte og sårede før de forsvinner.
Sjur Holt og Avsnittet for spesielle operasjoner står uten spor og opplever et enormt press både utenfra og innenfra. Når landets justisminister blir skutt, strammes skruen om Holt og hans nærmeste seg enda litt til. Holt vikles inn i et spill som utfordrer både moral, etikk og lojalitet overfor egen arbeidsplass.

«Attentatet» er en hardkokt spenningsroman og beskriver utradisjonelle politimetoder i møte med et fremvoksende internasjonalt og svært brutalt miljø.

...................................................................


Etter ørten tilbakespolingar og  like mange omattlesingar, er eg no ferdig med denne boka. Og for å seie det med klåre ord: Dette er ikkje slike bøker eg likar å lese. Det er ein typisk politiroman, der vi følgjer politiet sitt arbeid med å fange kjeltringar. Det er så klisjéfylt som det kan bli. Det er røft, det er brutalt, og eg håper i mitt stille sinn at norsk politi er litt meir sivilisert både når dei snakkar og handlar enn det vi får inntrykk av her.  Eg seier ikkje at boka er dårleg, berre at eg ikkje likar den. Det einaste som var litt morsomt for meg er at hovudpersonen heilter Sjur Holt-men det er det vel berre eidarar som forstår.

Dagbok 2016: 31.juli.

Det er vemodig at vi alt er komne til siste dagen i juli, men vi som har heilårsferie kan no sjå fram til enda ein månad med "ferie"- og august er faktisk min favoritt. Då ser eg for meg lune litt mørke kveldar og vakre roser i hagen. Ikkje regn eller noko slik styr.
No er klokka snart halv ni, temperaturen ute er + 17 grader og det har vore berre nokre få regndropar i løpet av dagen, elles har det vore opplett, men ikkje mykje sol.
Eigentleg synest eg det har vore litt kjedelig i dag, kan ikkje styre med så mykje ute om sundagane, og så hadde eg ikkje planlagt noko anna heller. Sjølvsagt er det godt å kvile ryggen ein dag, men no er eg blitt så vant med å vere ute at eg trivst best der. Og den boka eg har å "kose" meg med er berre gørrkjedelig, den også.
Eg er ikkje tilhengar av å kjede meg, og det er mi eiga skuld at eg ikkje har funne på noko. Men eg er mest glad i kvardagane, no når eg er fri uansett. Nils har vore i bra form både i går og i dag, og det set vi sjølvsagt pris på. No håper vi på at det skal bli mange gode dagar fram til 11.august.
I morgon skal eg i alle fall på biblioteket, og viss Nils er i form kan det bli ein liten rundtur også.
Plenklipping blir det ikkje, men kanskje litt bærplukking. Kanskje eg kan lage ripsgelé av noko av ripsen.
Solveig og Co er anten på veg heim, eller så er dei heime etter turen til Bergen.

lørdag, juli 30, 2016

Dagbok 2016: 30.juli



Klokka nærmar seg 22 og sola skin på andre sida av fjorden- og på Melle. Slike kveldar lengtar eg tilbake til sommarkveldane i Melsbygda. Men det er vel helst tida eg ville hatt tilbake.

Klokka er snart halv åtte, temperaturen er + 17 grader C og det har stort sett vore opplett i heile dag. Då vi stod opp i dag (det var ikkje tidleg) skein sola. Utpå ettermiddag kom det nokre få regndropar.
I dag har eg ikkje gjort så mykje, må kvile ryggen innimellom. Klipte litt med kantklipparen, reinska litt ugras etc. Marit og Marit kom bort på tunet og prata. Nils ligg stort sett heile føremiddagen, så då er det kjekt å få selskap av kjekke naboar.
Elles har eg vaska klede, lagt i hop klede og stroke litt klede . Det var ingen stor jobb. I dag var eg så syndig at eg brukte trommelen, brukar elles å henge kleda ute når det er nokonlunde bra vêr.
Seint på ettermiddagen var vi ein tur på Kiwi og handla, og no har vi ete middag. Nils sitt ønske i dag var spagetti med tomatpuré og bacon, og det fekk han. Sjølvsagt. Han åt godt, og det er kjekt å sjå.
Han går og ventar på at han skal bli så bra at vi kan fare til Volda og ete kinamat, men så langt er vi ikkje komne enno.
Eg har ikkje studert TV-programmet for kvelden, men veit i alle fall at det skal vere ei lang togreise i Australia på NRK 1. For ei veke sidan var det tog-tur i Afrika. Slike program likar eg, synest det er interessant. Men kvar sin smak.
Boka eg har begynt på fenger ikkje. Skulle ønske ein fekk lydbokversjonar av skikkelig bra bøker, det blir altfor mykje krim. Sjølvsagt finst det gode krimromanar, men mange er sånn litt under middels. Får ta ein tur på biblio etter helga.
I morgon kjem Solveig, Øystein og Olaug heim frå Bergen. Olaug skal bu i leilegheit i Sandviken i lag med nokre andre jenter. Det er noko anna å studere no for tida enn det var i mi tid. Men då eg gjekk på lærarskulen i Volda var det billeg å ete middag på kafé. Det var bra, for det var ikkje så enkelt å lage mat på dei små krøble hyblane vi hadde den gongen. Men vi hadde det kjekt!

fredag, juli 29, 2016

Dagbok 2016: 29. juli. Olsok

Klokka har passert 19.30. Temperaturen ute er + 17 grader og eg føler det er kaldt. No kjem det litt regn, men det har vore opplett før i dag.
Elles er situasjonen om lag som vanleg. Vi har nyss ete middag som i dag bestod av ein liten kjøpepizza.
Eg har for så vidt hatt ein aktiv dag i dag. Først vaska eg, så støvsuga eg og etter ein liten pause fekk vi klipt heile skråninga. Det var mykje gras og vått gras, så det var ganske tungt både for meg og klipparen. Nils var med ut, sidan eg sjeldan får til å starte opp motorklipparen. Plenen er relativt skamklipt, men det var nesten 14 dagar sidan siste klipp, så graset hadde vakse ganske godt. Eg føler meg letta fordi det er gjort, men eg må ta ein liten finpuss seinare. Vi skal fjerne nota frå jordbæråkeren, for no blir der ikkje så mykje meir bær der.
Etter alt arbeidet passa det bra med dusj og hårvask.
Planar har vi lite av, men berre det er utevêr og eg får halde på med noko , så er det heilt greitt for meg. Hadde håpa på nokre betre dagar for Nils, men det lyt gå sin gang. Heldigvis er han bra på ettermiddag- og kveldstid.
I dag såg eg Mariann på Dagsnytt 18.00, men eg synest ikkje det kjem så mykje ut av diskusjonane dei har der. På NRK 1 viser dei "rulleskikonkurranse". Av alle tåpelege idrettar, må det vere det dummaste av alt.
Mange klagar på at vi må betale kringkastingsavgift. Eg plar seie at eg betaler med glede for å ha ein reklamefri kanal, men no er eg ikkje så sikker på det lenger. I sommar har det stort sett vore reprise-program og dårlege nye program. Og dei andre kanalane er ikkje stort betre. Det er trass alt somme som ikkje kan velje så mange andre aktivitetar sjølv om det er sommar og tusen festivalar.
Det 6.august er det for øvrig "Saudehornet rett opp"-på tid, her i Ørsta. Vi er midt inne i Naturfestivalen, som er blitt utvida frå ei til to veker. Ja, det er nok å ta seg til.
Eg har berre ei bok att på lageret mitt, og den er ikkje så fristande. Trur biblioteket held stengt på laurdagar enda ei stund. Men eg har papirbøker.
Einar ringde frå Dombås i dag, på veg heim, og etter kvart må vel alle finne fram til heimstaden-eller eventuelt studiebyen. Ein sommar går fort!
Ønsker alle ei god helg ! Sjølv skulle eg gjerne hatt litt sol og varme akkurat no.

torsdag, juli 28, 2016

Bok nr. 46 - 2016: Djevelmasken


Bjørn Beltø er tilbake – denne gangen i den norske bygda Juvdal.
I 1708 blir okkultisten Conrad Krämer funnet død ved Juvdal stavkirke. I 1963 blir kallskapellan Pontius Fjeldberg kastet ut av tårnet på bygdas nye kirke. I 2015 blir journalisten Daniel Lyche drept mens han skriver bok om drapene. Dermed blir arkeologen Bjørn Beltø tilkalt til Juvdal som historisk sakkyndig. En tre tusen år gammel babylonsk maske og det magiske middelalder-diagrammet Guds segl står stadig mer sentralt i mysteriet.
........................................................................
Når ein brukar lang tid på ei bok av ymse grunnar er det freistande å seie at boka er langdryg, men eg seier det likevel. Eg likar ikkje bøker der poenga blir tværa ut i det uendelige. Eg spør meg sjølv om eg lærte noko av det eg las. Ja, eg lærte ein del nye framandord som eg sikkert har gløymt like fort, og så nokre Bibel-sitat. Boka er ikkje dårleg....men meg fenga den ikkje.

Dagbok 2016: 28.juli

Klokka er 21.30, temperaturen er + 14 grader, og det har regna det meste av ettermiddagen.
Før middag var det opplett og ca +20 grader, det ultimate arbeidsvêr for uteaktivitetar. Sidan Nils ligg det meste av føremiddagen jobbar eg ute. I dag klipte eg resten av kantslåtten, og så tok eg plenane opp mot vegen. Spylte klipparen før eg sette den frå meg, akkurat slik Nils plar gjere. Hadde tenkt å prøve på skråninga med motorklipparen etter middag, men så kom regnet.
Men det var ikkje berre regnet som kom. Ingeborg skulle reise til Oslo i kveld og kom bortom ein tur for å seie hadet til oss. Vi drakk kaffi, og så laga eg ein liten gryterett (Toro+) for det er om lag det einaste Nils har lyst på. Med ris! Poteter likar han ikkje lenger. No et han middag for andre gong. Og Ingeborg er i lufta om ho ikkje alt har landa.
Eg har plukka bringebær i dag også-men desserten åt vi før middag. Ja, alt går på halv åtte her no for tida, men vi håper det er ein overgang.
I dag har eg fått lese litt i boka mi, den har vore ganske dryg, og enda er der nokre plater att.
I morgon må eg vel gjere litt husarbeid sidan det er fredag....men så er det den skråninga. Vi MÅ ha opphaldsvêr !

onsdag, juli 27, 2016

Dagbok 2016: 27.juli

Klokka er snart 18.00, temperaturen ute er + 19 grader C og akkurat no er det opplett. For ei lita stund sidan var det regn.
Nils har ikkje vore i form i dag. Det er heilt normalt. Han kan vere sprek eit par dagar innimellom, men så får han ein mindre god dag igjen. Eg sov lite sist natt, sat for mykje i ro i går ,trur eg, så eg fekk vondt i hofta.
Men i dag bestemte eg meg for å ta ein skikkeleg arbeidsdag. Så snart eg var ferdig med morgonstellet inne, starta eg opp kantklipparen og klipte rundt staudene nedst i hagen. Men kantklipparen held ikkje ut så lenge, så då sette eg i gang med å klippe heilt ned dei staudene som var avblomstra og køyrde avfallet i trillebåra bort til komposten.
Deretter var det opp til garasjen, der eg klipte vekk massevis av blad på blomkarsen, slik at blomstrane skulle kome betre fram . Det vart etter kvart mykje rot, men eg hadde ein plan. Eg kopla til den elektriske klipparen og stilte den heilt ned, for her skulle det klippast så det varte ei stund. Eg starta oppe ved garasjen og fekk vekk rusket det. Så flytta eg meg heilt ned på kanten til naboen. Men der stod klipparen i sju steinar. Vått langt gras og mose......hadde ikkje ein sjanse. Her må det motorklippar og finare vêr til. Men eg fekk i alle fall klipt plenen nedanfor og innanfor huset. Etter kvart vart det rimeleg mykje regn, og Nils var ikkje sikker på om eg kunne få støt , vatn + elektrisitet er ikkje ein god kombinasjon. Men eg tok sjansen og det gjekk bra.
Det var ikkje akkurat slik vi hadde tenkt å feire at vi har vore gifte i 54 år, men Nils var absolutt ikkje i form til å gå ut og ete middag slik han hadde tenkt vi skulle. Men eg tek det ikkje så tungt. eg likar å vere ute og styre, berre temperaturen er god og det er han. Bringebæra modnar fortare enn vi klarer å ete dei opp. Vi har hatt dei plantane i fleire år, men har aldri fått særleg mykje bær. Ikkje før i år. Fann nokre jordbær også, men dei tek snart slutt. Og så raudnar ripsen, og stikkelsbæra får farge. Eg blir ikkje arbeidslaus med det første!
No har Nils hatt seg ein blund på sofaen og livnar til mot kveld.






tirsdag, juli 26, 2016

Dagbok 2016: 26.juli.


Klokka er 21.00 og dei siste gjestane har nettopp reist. Vi fekk relativt mykje besøk i dag. Først fekk vi telefon frå Vallahornet om at Margrete og Ingeborg var der, og ville komme innom på heimvegen. Så fekk vi melding frå Bodil og Svein om at dei var i Ørsta og ville komme oppom. (Bodil hadde sendt melding på FB -men den hadde eg ikkje sett). Det var kjekt å treffe alle, og Bodil hadde med seg nydelig rosebukett i høve morgondagen. Serveringa var ikkje mykje å skryte av, men det virka ikkje som om folk var så interessert i mat. Eg hadde no både brød og pålegg i bakhand Vi hadde som vanleg mykje å prate om så tida gjekk fort.
Nils har vore betre dei to siste dagane, så no ser det ut til at vi kan vere litt meir sosiale fram mot 11.august.
No regnar det ute, men det er mildt og godt, så vi føler på at det er sommar uansett. Temperaturen er + 17 grader C.
Før middag var vi nedover og handla på Amfi, det var litt av kvart vi trong både av mat og medisin. Nils fekk brått lyst på Taco no i helga,  då hadde eg ikkje kjøttdeig på lager, men i dag vart det Taco, og skikkeleg middag etter mange dagar utan. Etter middag måtte vi rett og slett kvile litt. Det hadde vore opplett lenge og eg dreiv og forhandla med Nils om plenklipping med bensinmotorklipparen. Akkurat då begynte det å regne! Og ei lita stund etterpå fekk vi melding frå Ingeborg. Så klipping vart det i alle fall ikkje. Men graset veks! Vi hadde ein veldig hyggelig dag i dag, og det veit vi å sette pris på.
Takk til alle som kom innom!

Dagbok 2016: 26.juli.

Klokka er 21.00 og dei siste gjestane har nettopp reist. Vi fekk relativt mykje besøk i dag. Først fekk vi telefon frå Vallahornet om at Margrete og Ingeborg var der, og ville komme innom på heimvegen. Så fekk vi melding frå Bodil og Svein om at dei var i Ørsta og ville komme oppom. (Bodil hadde sendt melding på FB -men den hadde eg ikkje sett). Det var kjekt å treffe alle, og Bodil hadde med seg nydelig rosebukett i høve morgondagen. Serveringa var ikkje mykje å skryte av, men det virka ikkje som om folk var så interessert i mat. Eg hadde no både brød og pålegg i bakhand Vi hadde som vanleg mykje å prate om så tida gjekk fort.
Nils har vore betre dei to siste dagane, så no ser det ut til at vi kan vere litt meir sosiale fram mot 11.august.
No regnar det ute, men det er mildt og godt, så vi føler på at det er sommar uansett. Temperaturen er + 17 grader C.
Før middag var vi nedover og handla på Amfi, det var litt av kvart vi trong både av mat og medisin. Nils fekk brått lyst på Taco no i helga,  då hadde eg ikkje kjøttdeig på lager, men i dag vart det Taco, og skikkeleg middag på mange dagar. Etter middag måtte vi rett og slett kvile litt. Det hadde vore opplett lenge og eg dreiv og forhandla med Nils om plenklipping med bensinmotorklipparen. Akkurat då begynte det å regne! Og ei lita stund etterpå fekk vi melding frå Ingeborg. Så klipping vart det i alle fall ikkje. Men graset veks! Vi hadde ein veldig hyggelig dag i dag, og det veit vi å sette pris på.
Takk til alle som kom innom!

mandag, juli 25, 2016

Dagbok 2016: 25.juli

Klokka er 21.15, temperaturmålaren står på + 19 grader, men det er heilgrått ute, skodde og regn ! Kjende berre kor energien forsvann etter kvart som det skya over.
I dag hadde eg eit prosjekt på gang. Eg skulle grave fram att muren som vi laga ein gong. No var den nedegrodd med gras som eg har drive å spraya megd ugrasmiddel for at det skulle bli lettare å få laust. Graset hadde spreidd seg eit godt stykke bort i singelen også. Med ein del strev fekk eg gjennomført prosjektet, men det røynde litt på ryggen. Steinane i den gamle muren hadde sige så langt ned at vi må til å legge nye steinar oppå. Så gjeld det berre å finne steinar som er avlange og flate nok. Skulle ønske eg hadde litt støyp å legge i mellom slik at steinane låg i ro. Eg var ganske fornøgd med meg sjølv då eg var ferdig og hadde rydda opp. 
Nils har vore i bra form i dag, men appetitt har han ikkje, så det vert ikkje særleg matlaging med oss.
I dag hjelpte Nils Jørn med å få ut båten hans, for Jørn har ikkje krok på bilen sin. Eg nytta åleinetida til dusjing og hårvask.
Eg skulle prøve å lese litt i boka mi, men sidan eg aldri hugsar kor langt eg er komen, blir det mykje oppattleseing. Eg blei berre så trøtt! Og så sovna eg ei lita stund. Etterpå vart vi sittande å sjå TV, så ettermiddagen vart relativ sløv.Eg likar ikkje at det regnar, for då får eg ikkje gjort noko ute. Vi har fått ein del bringebær i år, det er første gong det har vore noko særleg å hente der. Jordbæra tek det til å bli slutt på, men no har vi sukkererter!

søndag, juli 24, 2016

Dagbok 2016: 24.juli

Klokka er snart halv ti. Temperaturen ute er + 20 grader, noko eg synest er akkurat passeleg varmt -om kvelden. Det har vore varmare før i dag, stort sett opphaldsvêr , mest skya, men også litt sol.
Deileg å vere ute og fint å kunne sette opp dører og glas i heile huset.
Nils var som vanleg i dårleg form den første delen av dagen, og låg for det meste. Eg sneik meg til å luke litt ugras, men så ropte Marit på meg og vi sat på uteplassen hennar og prata ganske lenge.
Etter lunsj låg eg ei stund på altanen og las lydbok, men så kom det nokre regndropar.....
Audun skal reise i morgon så han ville kome innom ein tur i dag. Håkon skulle køyre Birte til Volda, så dei kom i lag. Etter at Håkon hadde vore i Volda kom han her. Vi hadde ikkje handla til helga, så her var ikkje så mykje spennande , men melk, egg og mjøl har eg alltid i hus, så då kan eg i alle fall få laga anten sveler eller vaflar. I dag vart det sveler. Kjøpte takke i fjor og synest det er kjekt å bruke den.
Det var kjekt både for Nils og meg å få besøk av gutane. I morgon reiser alle tre brørne til Trondheim, dei skal på konsert, og så reiser dei vidare til Oslo, konsert der også. The Boss! begge stader.
Håper på utevêr i morgon også; trur ikkje eg skal klippe plen, men eg har eit anna prosjekt på gang.
Desse fine sommardagane går berre så altfor fort. I dag er det 5 mnd. til julaftan.

lørdag, juli 23, 2016

Dagbok 2016: 23.juli

Klokka er snart 22, temperaturen +18-20 grader C, målarane viser ikkje likt.
Det har vore ein fin og passeleg varm dag i dag, sjølv om sola ikkje har vore framme heile tida.
Eg har ikkje gjort mykje i dag, og ikkje har det hendt noko særleg heller.
Vi bestemte at viss ikkje Nils var i form skulle vi ikkje stresse med å fare nedover og handle. Han har lege det meste av denne dagen også, men stod opp ut på ettermiddagen og var ute ei stund. No har vi sett på TV i lag og vi har ete kveldsmat-i lag. Så det skranglar og går. Nils har ikkje vondt nokon stad, er berre slapp og appetittlaus. Godt han har styrkedrikkane sine. Dette er slikt ein må rekne med når han går igjennom ein såpass hard kur. Og når vi ser at kuren virkar er alt OK
Eg har berre surra rundt i dag, stelt litt med plantar både inne og ute. Plukka litt jordbær, bringebær og sukkererter. Jordbæra er det snart slutt på, men no modnar ripsen. Ei stund låg eg på altanen med lydbok, og så kom Marit ned og vi sat på tunet og prata. Eg har den velsigna evna at eg aldri kjeder meg, og eg finn alltid noko å styre med viss eg vil. Har ikkje lagt meg opp nytt spøt etter at eg strikka ferdig eit lestepar før i veka. det må eg kanskje gjere.
Eg er så glad for alle finevêrsdagar, men ser at kveldane alt har begynt å bli mørkare. Det gjeld å gripe dagen!

Blomsterbed.


Eg har ikkje så mange blomsterbed att, maktar ikkje alt arbeidet med dei. Men bedet ved garasjen prøver eg å halde orden på. I utgangspunktet skulle det vere i blått og rosa, men så fall eg for freistinga å putte inn eit par raude roser. Hadde nokre fine orange liljer som mangla ei seng, så fekk eg plass til dei også. Det gjekk bra, men då nokre gule liljer også vart sett ned, vart det liksom hakket for mykje. Dei gule liljene skal bort, men ikkje kastast, sjølvsagt, berre flyttast. Som Margrete sa i går: Bedet er ikkje stilig, men det er frodig. Kan ikkje vere meir enig. Eg fyller stadig på med kaffigrut-vatn; hønsegjødsel og kugjødselkompost fekk det i vår. I utgangspunktet er her svært mager jord.
PS: Der er utruleg mange humler i bedet, særleg på lavendelen.

fredag, juli 22, 2016

Dagbok 2016: 22.juli: Rosedagen

Klokka er 19.00, og eg forstår ikkje kvar denne dagen har blitt av.Vi har ikkje hatt på TV før no, men eg reknar med at vi får sjå diverse glimt frå sendingane utover kvelden. Eg synest det er fint at dette er blitt ein merkedag, ein dag då ein kan stoppe opp og tenke på kva som hende, og på alle dei fine orda som var sagt den gongen om kjærleik og samhald. Margrete har gjort det til ein vane å kjøpe og plante roser denne dagen, og i dag var ho på Plantasjen og handla. Då kjøpte ho også dei rosa rosene i potte som de ser på bildet over. Eg skulle ut og ta bilde, og då var kameraet mitt heilt utan straum, så det vart berre dårlege mobilbilde. Det kan hende eg byter dei ut seinare.

Nina Weibull

Leonardo da Vinci

Allotria
I dag har eg ikkje klipt plen eller gjort anna hagearbeid. Det hadde regna sist natt, så det var ikkje så fristane å begynne på noko. Og sidan det var fredag skulle det også vaskast og støvsugast i heimen. Etter at eg hadde vaska ferdig, ringde Margrete og ville kome ein tur bortom, så eg skunda meg ned i frysaren og baka ei kake.Dermed fekk eg gleda av både kaffi og kaker sjølv også, Nils et framleis nesten ingen ting, men får i seg styrkedrikkar. Det seier seg sjølv at det ikkje blir mykje matlaging med oss. Han har lege mykje av dagen i dag også, men no har han sett seg i stolen for å sjå fotball.
Etter at Margrete hadde reist skulle eg støvsuge. Var nesten ferdig før det voldsomme tordenvêret kom. Ja, det var vel regnet som var mest dramatisk. Eg tok i alle fall ut alle kontaktar til datamaskiner og TV, så denne gongen vart ikkje noko øydelagt. 
Etter at "uvêret" var over har det kome ein og annan solgløtt.Det er ikkje så varmt lenger, berre +21 grader akkurat no. Men før middag, då eg vaska golv, rann sveitten, det er ikkje heilt vanleg for meg her på desse kantar av verda.
Det er fredag igjen og eg vil ønske alle ei god helg! Rasmus og fam. skal på skummelt Sabeltannshow i kveld.

torsdag, juli 21, 2016

Dagbok 2016: 21.juli

Klokka er 20.00, temperaturen + 24 grader, max temp i dag + 32 grader C. I varmaste laget for oss som ikkje er så godt vande. Nils har ikkje vore i form i dag, han har for det meste lege på sofaen. Før middag sat han ute på tunet og prata med ein nabo, men så var det gjort. Mat har han ikkje lyst på, det einaste eg kunne lokke han med i dag var pizza, den står i omnen no.(Grandis!)
Eg starta dagen med litt kantslått, så vart det pause; klipte plenbitane opp mot vegen-pause- innsida av huset + halve plenen-pause, til slutt tok eg resten av plenen nedanfor huset+ mot vest. Då var eg i ferd med å smelte. Måtte coole an litt før eg gjekk i dusjen.
Vil berre ha sagt at eg VIL klippe plenar. Det er stort sett einaste mosjonen eg får i og med at eg ikkje kan gå lange turar. Og eg blir ikkje verken beden om å gjere det -eller oppfordra.
Etter at det hadde skya over var vi ein tur ned på Kiwi og panta flasker og boksar. Det går mykje drikkevarer i varmen. Så handla vi nokre nødvendige ting- og så var det heim til pizzaen. Det var ikkje mykje Nils greidde å ete, og no ligg han på daybeden og kviler. Vi håper på ein betre dag i morgon.

onsdag, juli 20, 2016

Bok nr.45 - 2016: En femte årstid


Ann, Victor, Helene, Nicolai. Fire ungdommer som henger sammen. De prøver ut ting, og alt er ikke like smart. En av de tingene de ikke burde gjort, var å stenge en klassekamerat inne i kjelleren på den nedlagte fabrikken nede ved elva, der det en gang skjedde en grusom ulykke.
Kort tid senere er to av de fire ungdommene funnet døde, og den tredje er forsvunnet.
...........................................................
Eg har lese minst ei bok før av denne forfattaren, den heitte "Ildmannen". Eg likte den ikkje så godt , men oppdaga at den hadde fått terningkast 6 av ein anmeldar. Eg fann ut at eg hadde brukt for lang tid på boka; det er gjerne slik at ein må lese kriminalromanar innfor eit kort tidsrom for å halde spenninga oppe. Det har eg gjort denne gongen, dei 12 CD platene har eg kome igjennom ganske raskt. Ikkje rart, for denne boka fenga frå første stund-og heldt heilt til slutt. Eg synest rett og slett at boka var god. Anmeldaren i VG har gitt den terningkast 6.

Dagbok 2016: 20.juli

Ingar har funne seg ei geit.

Klokka nærmar seg 19.00, og temperaturmålaren viser +26 grader C. Det har vore ekstremt varmt i dag, og høg luftfuktigheit gjer at varmen er litt plagsam. Ikkje at eg klagar !
Vi var som vanleg ikkje altfor tidleg oppe, då var det enno vått på asfalten, men etter kvart fekk sola overtaket. Nils var ikkje i form så han låg det meste av føremiddagen. eg prøvde å gjere litt hagearbeid, men de vart ikkje så mykje utav det.
Ei stund låg eg på altanen med lydbok, men måtte gi opp det også. Vi åt litt lunsj, og så vart vi sittande inne ei stund.
Deretter vart det ein biltur til nærmaste igloo med glas og boksar, og til Lefdal med restane av den gamle datamaskina. Då tok vi ein biltur over Hovdeåsen og ned til Hovdevatnet, før vi for heim. Vi har gått mykje tur i dette området, men det var før! Det gler meg å sjå at dei no har begynt å fjerne skogen mellom vegen og vatnet, og snart er heile Ytre-Hovdeåsen snaua. Der ligg store mengder av tømmer og ventar på transport vidare.
No skal vi snart ete middag;  i dag blir det pølser og brød. Vi driv og et av overskotslageret vårt, men appetitten er ikkje så voldsom i varmen. Eg tek gjerne imot fleire slike dagar; det er ikkje farleg å svette.
Rasmus & fam. har vore i dyrehagen i Kr.sand.

tirsdag, juli 19, 2016

Dagbok 2016: 19.juli



Klokka er 17.00, det er + 17 grader C ute akkurat no, og det er overskya, men opplett. For eit par timar sidan gjekk eg ut for å få gjort litt hagearbeid, men måtte gå i hus før eg hadde tenkt fordi det kom ei nokså våt regnbyge. Etter den fine kvelden i går hadde eg forventa full sommar i dag, men no er visst sommarvêret utsett til i morgon. 
Då eg litt seinare gjekk ut for å ta bilde, såg eg ein del ugras som må vekk. Det er mykje ein ser gjennom fotolinsa som ein ikkje legg merke til elles. Om garasjedøra er open til dømes.
Bildet som naboen printa ut er no kome i glas og ramme, reint midlertidig, skal finne meir høveleg ramme seinare. Han har eit fotoredigeringsprogram som han betaler for, så han kan gjere mykje som eg ikkje kan gjere i Picasa. Det er i alle fall eit koseleg bilde å ha og sjå på.
Det har vore ein litt sløv dag i heimen. Nils var i dårleg form frå morgonen av, han tok seg vel litt mykje ut med plenklipping i går. Men jammen var det bra vi fekk gjort det for graset veks! No er han i bra form igjen, og det kan hende vi tek oss ein tur på butikken og pantar flasker og fyller opp containerane med glas og boksar. Vi har litt av eit lager i garasjen !
Til lunsj i dag åt vi resten av gryteretten frå i går, og så hadde eg plukka litt jordbær i dag også. Dei var stort sett både sure og blaute, men kva anna kan ein vente?
Elles har eg strikka og høyrt lydbok. Når Nils blir liggande strak ut, misser eg også piffen, til tross for at eg har mange oppgåver på vent.
Fleire grønfargar saman kan vere veldig fint. Hageeksperten Sissel har veldig sans for ulike grastypar. Men eg synest det går litt for vidt når dei på Plantasjen sel vanleg gras, slikt som ein finn både her og der om ein har augene med seg.

mandag, juli 18, 2016

Dagbok 2016: 18.juli


Klokka er 19.30. Temperaturen er + 20 grader C, sommaren er her igjen og sola skin.
Vi er nettopp komne i hus etter at vi på skift har klipt alt vi har av plenar. Vi brukte den bensindrivne, så her er ikkje så snaubarbert som når eg klipper elektrisk. Nede i skråninga klipte vi bio, elles brukte vi oppsamlar. Det var over ei veke sidan sist vi klipte og det har vore godt vokstervêr, så det var mykje gras i dag. Nils er ikkje så sprek først på dagen, men han kjem seg år han har fått middag og middagskvil.
Eg sov lite sist natt, somna ikkje før i 5-tida, så vi var ikkje så tidleg oppe akkurat. Etter frokost gjekk eg ned i jordbæråkeren og plukka det som var brukbart, rensa bæra og mosa dei med fruktsukker og frysepulver før eg hadde på glas og fraus. Då følte eg meg ei stund som ei skikkeleg husmor.
Vi tok ein liten tur bort på Plantasjen, dvs. Nils sat i bilen mens eg handla. Kjøpte to St. Pauli til vinduskarmen og litt småtteri. Kika litt på stauder. Heilt vanlege revebjeller, slike som veks i grøftekantane, sel dei til ca 150 kr stk.-eg synest det er heilt hol i haudet.
Matvarer handla eg på Coop i Furene, sidan vi likevel var der borte.
Til middag i dag laga eg Tikka Masala kyllinggryte frå Toro. Det Nils har lyst på er mat med smak på-og saus. I staden for kylling brukte eg kjøttdeig av svin. Kokt ris til.
Etter ein pause sette vi i gang med slåtten. No skal eg berre tømme oppvaskmaskina, så kan eg ta kvelden om eg vil.
Fekk melding frå Rasmus, han campar i Lillesand.

søndag, juli 17, 2016

Dagbok 2016: 17.juli

Klokka er snart 18, temperaturen er +13 grader og det har regna i heile dag. Typisk innevêr i dag også, og ikkje det eg ønska meg. Eg hadde mykje eg kunne tenkt meg å gjere i dag, men det vart opp i ingenting- eller rettare sagt vart det data og lydbok.
Eg skulle scanne og legge ut bilde frå avisa, men fekk det ikkje til. Dette har eg gjort på Windows 10 før utan problem, men i dag var alt håplaust, så eg har vel vore bort i knottar eg ikkje skulle rørt. Og som alle veit går timane når ein har datatrøbbel.
Prøver å lese lydbok langsmed, men så får eg ikkje med meg alt og må lese om att og om att.
Har i alle fall laga middag i dag om ikkje anna. Eg trivst ikkje med å gjere ingen ting, men for Nils er det slik kvar dag, så eg har ikkje noko å klage over. Det som plagar meg mest er at eg ikkje får klippe plenane, for eg likar aller bestå vere ute- når vêret er bra.
Og der var det ikkje meir staum på boka.......
Nils ser TV, men der er det lite av interesse for meg. Trur eg får legge opp eit spøt......

lørdag, juli 16, 2016

Dagbok 2016: 16.juli

Klokka er snart 19.00, temperaturen er + 13 grader og det har regna i heile dag- og gjer det framleis.
Eg hadde så smått tenkt å klippe plenar i dag, det måtte eg berre gløyme.
Nils var ikkje i form til å fare til Vik f.m. så vi heldt oss heime. Vi har alt vi treng i hus, bør ete litt tomt før vi handlar inn meir. 
Eg tok fram kleda som skulle strykast, og det gjekk fort unna-trur eg-tok ikkje tida. Eg likar å stryke. Elles har eg ikkje gjort noko til nytte. Til middag fann vi ein pizza i frysaren, og dett var dett.
La meg på sofaen med Knausgård og etter å ha sovna og vakna nokre gonger, vart eg ferdig med boka.
Då dusja eg og vaska håret, så no føler eg at det er helg. Det har eg forresten følt i heile dag. Både Nils og eg innbiller oss at det er søndag, så kva vi trur i morgon, veit ikkje eg.
No skal eg høyre dagsnytt, eg orkar ikkje å følge med i statskupp og terror heile tida, men må få med dei viktigaste nyheitssendingane.
Vi har det bra- og verda elles kan vi ikkje gjere så mykje med.

Bok nr. 44 - 2016: Om våren

Om våren
«Om våren» er tredje bind i en personlig encyklopedi om den nære virkeligheten, skrevet av en far til hans nyfødte barn.
I denne romanen følger vi en far og hans tre måneder gamle datter gjennom en dag om våren, fra soloppgang til solnedgang. Romanen handler om den strøm av små hendelser som utgjør våre liv, og om den himmelen våre liv utspiller seg under. Om våren er en roman om livets begynnelse, om lyset, men også om mørket.
Om vinteren gikk vi i mørket, langt unna det første lyset som kunne vise seg som en blek stripe i horisonten, og om himmelen var skyfri da, føltes det som om vi befant oss midt ute i universet et sted, blant stjerner og planeter, mens lyset i sommerhalvåret likesom løftet fram det som var her, markene og trærne, jorden og gresset, tettere og rikere jo nærmere midtsommer vi var. Nå var det fortsatt noe sparsommelig over alt, landskapet var uten den dype fylden sommeren kom med, trærnes grønne var ennå bare et skjær, for slik er april: knopper, spirer, uvisshet, nøling. April befinner seg mellom den store søvnen og det store spranget. April er lengselen etter noe annet, hvor det andre ennå er ukjent.
..................................................................................................
Denne boka er på 5 CD-plater, men eg har brukt lang tid på den fordi eg har hatt anna å styre med. I dag las eg siste delen. Eg har også lese dei to bøkene som kjem før denne. Dei var litt spesielle, men i denne boka er vi tilbake til "Min kamp"-livet. Alt er nært og sårbart, og Knausgård gir av seg sjølv. Han fortel om det fjerde barnet sitt, både før og etter fødselen. Og om dei andre barna og elles om livet i Skåne der dei bur no. Det store problemet i livet deira er mora som ikkje er frisk. Det er mange tunge dagar før det nye barnet kjem i april. Og Knausgård filosoferer og auser av kunnskapane sine Eg likte våren betre enn både hausten og vinteren, også i bokform. Eg er og blir Knausgård-fan, uansett.

fredag, juli 15, 2016

Dagbok 2016: 15.juli


Bedet oppe ved garasjen er stort sett det einaste bedet vi har no, og i år har også det passa seg sjølv. Eg hadde på hønsegjødsel og kugjødselkompost i vår, det er alt. Dei rosa Leonardo da Vinci-rosene har stått i knopp uendelig lenge utan å sprette skikkelig ut. Og så har der blitt ganske mykje liljer i bedet, noko som ikkje var planlagt, men som berre vart slik fordi eg planta ut liljer eg fekk i potte.Men skitt au, blomster er no fint uansett.

Klokka er 19.15, temperaturen er +17 grader C; det kom ei lita regnbyge for ei stund sidan, elles har det tidvis vore fint i dag. Og god klestørk !
Eg har hatt ein aktiv dag i dag. Begynte å vaske klede i går, hengde opp noko, resten fekk vente til i dag. Mykje er alt tørt og ligg klart for bretting og ev. stryking. Stryking er fint og stilt søndagsarbeid, så det kan ligge til då. Eg har enda meir som skal hengast ut-men så har ein jo desse velsigna maskinene som gjer både vaskinga og tørkinga lettvint-om ein vil. Sjølv likar eg å henge ut tøyet når det er vêr til det.
I dag måtte eg fram med den store og robuste støvsugaren for å gi teppegolva ein omgang. Det er slikt eg vanlegvis gjer ein gong for veka, og det har ikkje blitt meir fordi om vi var fleire.
Nils låg det meste av føremiddagen, han er i dårleg form den første tida etter behandlinga, og denne gongen kom reaksjonen fortare enn vanleg. Så det var kanskje like godt at gjestane var reist då vi kom heim i går. Ein kan ikkje bytte dag, for stoffet han får intravenøst kjem med fly på visse dagar og då må ein vere der.
Då eg var ferdig med støvsuginga kom han seg til såpass vi fekk ein tur på Amfi. Han måtte nemleg på apoteket og hente heim diverse medisinar etc. Eg hadde berre noko lite eg skulle kjøpe.
Eg skulle ha noko reingjeringsmiddel på Clas, men hugsa ikkje kva det heitte. Eg kjøpte noko flytande såpe som eg tykte eg hadde høyrt namnet på, og den testa eg på komfyren. Ein drope med ublanda såpe gjorde meir underverk enn t.d. skurepulver.
Då vi kom heim laga eg fiskesuppe etter "ordre" frå gemalen. Sidan han har dårleg appetitt må han bestemme menyen. Det vart ei fyldig og god suppe, ikkje direkte mager, nei! Det er lettare for han å få i seg suppe enn diverse anna mat.Men eg er redd det er eg som legg på meg og ikkje han.
Eg måtte ta inn nokre klede og henge ut nokre andre før eg tok pause, men DÅ var eg så låk i ryggen at eg la meg strak ut og somna med Knausgård. Eg held på med "Om sommeren"-og boka er rett og slett litt søvndyssande.
Etter ein kaffikopp fekk eg att energien og vaska rundt på kjøkkenet, så no er vekeprogrammet mitt fullført. Dvs. det kan hende eg må klippe litt plen i morgon om det blir vêr til det. Men det er no berre kjekt.
Rasmus og fam var framme på Kongsberg i 23-tida i går kveld.

Dette vart mykje prat om nesten ingen ting, men eg kan i alle fall ønske alle ei god helg.

torsdag, juli 14, 2016

Dagbok 2016: 14.juli


Klokka er 16.30, temperaturen er + 16 grader C; det er overskya, skodde og litt surt vêr.
I dag var vi oppe før klokka 7, for vi skulle ta 8-bussen til Åse.
Rasmus &fam. skulle også reise i dag, men vi hadde sagt at dei ikkje trong fare like tidleg som vi. Det var så kjekt at dei kom og var her nokre dagar, og vi fekk mange fine opplevingar i lag om dei ikkje var her så veldig lenge.
Eg var litt spent på kva legen hadde å seie i dag, for etter 1.og 2.behandling venta vi ikkje det skulle skje allverda. I dag fekk vi ein beskjed som var enda betre enn vi håpa på. Eg kan ikkje dei medisinske begrepa, men det dei måler i blodprøvene var faktisk kome ned normalt nivå. Vi fekk sjå kurva på skjermen, og den såg ut som eit høgt spisst fjell som stupte heilt i havet på høgre sida.
No fekk han ny påfylling av "stoff" i dag og då har han to behandlingar igjen. Neste behandling er 11.august.
Vi fekk melding frå Rasmus om at dei tok 11-ferja frå Volda.
Vi var tilbake i Ørsta i 14-tida. Då måtte Nils legge seg beint ned på sofaen, for behandlingane set han ganske ut nokre dagar, men når ein veit det verkar, er det ikkje så farleg. Her var litt hustre i huset, og Nils hadde ikkje lyst på mat, derfor sette eg like godt i gang med å ta av sengetøy, rydde litt og vaske golva. Så no er eg så å seie ferdig med fredagsvasken. Støvsuge får eg gjere i morgon, for no må vi ha mat! Vi får litt mat på sjukehuset når vi er der.
14.juli-
Den franske nasjonaldagen
Mamma sin bursdag (1904)
Margrete sin dåpsdag (1968)
Wenche og Rasmus sin bryllaupsdag (2000)
Og elles er det for meg "Den store jordbærdagen"- så eg får vel ta ein tur i åkeren.

onsdag, juli 13, 2016

Dagbok 2016: 13.juli

Klokka  er 22.20. Temperaturen er + 16 grader. I dag har det vore sid skodde, men stort sett opplett.
Føremiddagen gjekk fort og klokka 14.00 var nesten heile storfamilien samla på Hareid, hos Solveig og Øystein. Dei som mngla kom etter kvart som dei var ferdige på jobb.
Menyen var nydelig kjøtt suppe + diverse dessertar. Alt gjekk ned på høgkant.
Dagen gjekk med til kaffidrikking , prat og fotografering. Det er ikkje ofte det skjer at alle barn, svigerbarn og barnebarn er samla, så det var ein stor dag for oss. Kor mange fødselsdagar som vart feira er usikkert, men vi avgrensa det til alle som hadde fylt år etter påske.No er det pause i bursdagar til november.
I morgon tek Rasmus & Co på heimveg; Nils og eg reiser til Åse.

tirsdag, juli 12, 2016

Dagbok 2016: 12.juli

Klokka er no 22.35. Temperaturen er + 18 grader C. Det har vor til dels både skyer og skodde i dag, men også sol. Og deilig temperatur. Ingen var spesielt tidleg oppe i dag heller, og vi har hatt ein svært lite stressande dag. På føremiddagen var Rasmus m/fam ein tur nedover til Vik, og gutane hadde handla litt morsomme ting til seg sjølve, i alle fall dei to yngste. Eg skulle prøve å feste dei på bilde, men det var stort sett Vebjørn som var mest samarbeidsvillig. Han hadde gått for "hodebekledning" først og fremst.
Til såkalla lunsj vart det i dag vaflar med nyplukka jordbær m.m.
Så inviterte vi alle saman med oss til pizzakveld på Rosabella. Det var ganske populært. Vi bestilte tre store pizza, så servitøren advarte oss om at ein pizza var nok til tre. Eg skal vere ærlig og seie at vi sleit litt, men alt gjekk med-til slutt! Trur eg slepp å lage kveldsmat i kveld, det plar eg for så vidt ikkje gjere uansett.
I morgon skal vi alle til Hareid, og dagen etter reiser vi alle, i kvar vår retning. Nils og eg skal til Ålesund. Eg synest vi har fått mykje ut av desse dagane, og at vi har hatt det kjekt i lag.


mandag, juli 11, 2016

Dagbok 2016: 11.juli

Rasmus kjøpte sparkesykkel til Ingar i dag

Klokka er ca. 22.30, temperaturen er p 18 grader. Det har vore både overskya og regn i dag, men også solgløtt Temperaturen har vore 22-23 grader C.
Ingen av oss var spesielt tidleg oppe i dag. Margrete og dei to yngste kom hit i 14 +tida. Då steikte eg sveler og kokte kaffi.
Det var kjekt for søskenbarna å møtast, det er det alltid, og så var no Charlie med også. Det vart ein liten tur inn i fonna med den yngre garde + hund, mens Nils og eg laga til eit måltid som likna litt på middag: spekemat, poteter, potetsalat (ferdigkjøpt) etc . Så vart det litt både saltmat og søtmat i dag også. Til middag kom også dei to som er i jobb. Det er så kjekt å ha besøk av så mange snille og kjekke barn og barnebarn.
No har eg fått rydda det grøvste på kjøkkenet, har vaska opp ei maskin, og nesten fylt den på nytt.
Skulle ønske vi hadde fått ein dag med skikkelig fint ver, mens vi hadde besøk.
Det har gått bra med Nils desse dagane, han må berre legge seg litt nedpå før middag.


søndag, juli 10, 2016

Dagbok 2016: 10.juli


Klokka er 20.05, temperaturen ute er + 17 grader og det har regna mykje av dagen. Enda så fint det var frå morgonen av. Wenche og eg har vore inne heile dagen, men alle gutane var på fisketur og fekk bra med makrell.
Middagen i dag var ikkje noko særleg å skryte av, sjølv om utgangspunktet var greitt nok: laks med pesto og tagliatelle + diverse fiskekaker. Eg kom litt i tidsnød til slutt, så maten var deretter. Ingen klaga, men eg vil påstå at den halve gulrotkaka som var att frå i går var meir populær.
Elles har vi hatt ein veldig rolig dag på alle måtar, men eg håper på litt meir action når finalekampen tek til om mindre enn ein time. Eg har bestemt meg for å heie på Frankrike, så får eg håpe at eg får litt motstand. Ikkje så kjekt om alle heiar på same laget.
Nils har sett i gang med å sløye makrell, eg ser ikkje fram til å steike den i morgon om det skulle bli aktuelt.
Ingar har tenkt å prøve å få tak i ein sparkesykkel i morgon, så spørs det om her finst slike i Ørsta.
Eg skulle vel hatt med nokre bilde, men trur eg ventar til eg får ta bilde ute-innadørs er det relativt kaotisk. Bildet over er det Rasmus som har tatt.

Dagbok 2016: 10.juli

Klokka er 20.05, temperaturen ute er + 17 grader og det har regna mykje av dagen. Enda så fint det var frå morgonen av. Wenche og eg har vore inne heile dagen, men alle gutane var på fisketur og fekk bra med makrell.
Middagen i dag var ikkje noko særleg å skryte av, sjølv om utgangspunktet var greitt nok: laks med pesto og tagliatelle + diverse fiskekaker. Eg kom litt i tidsnød til slutt, så maten var deretter. Ingen klaga, men eg vil påstå at den halve gulrotkaka som var att frå i går var meir populær.
Elles har vi hatt ein veldig rolig dag på alle måtar, men eg håper på litt meir action når finalekampen tek til om mindre enn ein time. Eg har bestemt meg for å heie på Frankrike, så får eg håpe at eg får litt motstand. Ikkje så kjekt om alle heiar på same laget.
Nils har sett i gang med å sløye makrell, eg ser ikkje fram til å steike den i morgon om det skulle bli aktuelt.
Ingar har tenkt å prøve å få tak i ein sparkesykkel i morgon, så spørs det om her finst slike i Ørsta.
Eg skulle vel hatt med nokre bilde, men trur eg ventar til eg får ta bilde ute-innadørs er det relativt kaotisk.

lørdag, juli 09, 2016

Bok nr. 43 - 2016 : Veien over klippene

Veien over klippene
Er sannheten alltid nødvendig for å kunne leve sant? Lucia lever sammen med sin forlovede Jack i London. Hun skal hjem på ferie, hjem til den værharde barndomsøya på Helgelandskysten der hun vokste opp med sin italienske mor og norske far, med utedo og sanking av ærfugldun. Lucia frykter hva Jack vil si om de enkle kårene hun kommer fra, og tyr til en løgn, sier at moren er blitt syk og ikke orker besøk av andre enn henne. Det går troll i ord da moren brått og uventet dør mens Lucia er hjemme. Full av skyldfølelse kan hun ikke annet enn å si ja til å oppfylle morens siste ønske: Å sette ned urnen på hennes hjemsted på Liguriakysten, et sted Lucia aldri har vært og som moren sjelden snakket om. Lucias motvillige Italia-reise blir ikke bare en reise mot sannheten om hva som skjedde da moren forlot landsbyen, men også en reise på leting etter seg selv.
.............................................................................................
Dame sett bakfrå som ser utover havet etc. på framsida indikerer at dette er ei rosa bok- og det er det.
Sidan historia startar i England og Nord-Norge tenkte eg kanskje den var litt annleis, men så hamnar hovudpersonen i Italia- og då er det gjort. Når eg likar denne boka litt betre enn Katherine Webb si er det fordi den er kortare, og litt knappare i språket. Dei som har samme smak som eg bør ikkje bruke tid på denne boka. Eg har stort sett brukt den som sovemedisin.

Dagbok 2016: 9.juli

Klokka er 23.45, temperaturen er + 14 grader og vi har hatt diverse regnbyger.
Før middag gjorde eg ikkje så mykje i dag, men etter kvart laga eg ferdig den obligatoriske lasagnaen  til gjestane skulle kome.
Dei stoppa på Eid i dag og fekk helse på både tante, onkel og søskenbarn og diverse andre. Synest det er kjekt at dei får treffe slekta, det skjer ikkje så ofte no for tida.
Klokka var vel18 då dei kom hit, men vi fekk melding i mellomtida, så vi venta dei ikkje før.
Vi var ein liten tur på Kiwi og handla, elles slappa vi av for det meste, og eg las i boka mi. Det var veldig kjekt å sjå att familien til Rasmus, har ikkje møtt dei på nærmare eit år. Og gutane er så snille og kjekke. Vi tek det meste lettvint, utan stress, og håper på lagleg vêr framover. Det har tilsynelatande gått bra med Nils i dag. Håper han får nokre bra dagar.

fredag, juli 08, 2016

Dagbok 2016: 8.juli

Klokka er 19.00. Temperaturen er + 18 grader, og det har vore ein nydelig dag, lettskya og passe varmt. Akkurat no er eg rimeleg sveitt, for eg har vore ute og klipt skråninga med motorklippar og oppsamlar. Ja, Nils tok no langs åkeren etc. og så måtte han hjelpe med starten.(Dra i snora ! Somme gonger får eg det til, andre gonger ikkje)Trudde ikkje det skulle vere behov for meir plenklipping før helga, men plutselig voks graset med rekordfart. Elles er plenane våre ein katastrofe, men det får vi leve med.
Nils er i dårleg form om føremiddagane , men livnar til mot kveld. Det er ikkje så mykje vi kan gjere til og frå.
I morgon kjem Rasmus med familie, noko vi ser fram til. Dei er på Vesterland no, og overnattar der. I morgon skal dei stanse på Eid og helse på familien der, før dei kjem hit. For dei som ikkje veit kvar Vesterland er, kan eg opplyse at det er mellom Kaupanger og Sogndal. Der er visst eit slags "leikeland"-i alle fall brukar gutane å like seg der.
I dag har eg rydda i huset, som vanleg, og tatt fredagsvask. Så var vi nedover ein tur, sidan eg måtte hente brillene mine. No har eg fått ny innfatning, men har dei same glasa. Moroa kom på mellom 800-900kr. Men brillene i si heilheit er verd minst 5000 kr, fordi eg har spesialslipte glas. Dei var berre 3 år gamle, så dei held ei stund til.
Etterpå var vi ein tur på REMA 1000 og handla i dag, kjekt å variere mellom butikkane. Eg vart litt i villreie, for eg hadde gløymt hugselista heime - trudde eg. Eg hadde den eigentleg i jakkelomma.
Middagen i dag vart lettvint, berre restar frå i går, så det kan hende vi må ha noko godt til kvelds. Eg er plaga med altfor god appetitt, sikkert på grunn av mykje fysisk arbeid og mykje "uteliv" - men eg håper eg brukar kaloriar også, og at eg får musklar i armar og bein. Det er lov å håpe.
Nils ser sport på TV, der er ikkje stort anna på programmet; eg har ei viss interesse for fotball når det nærmar seg finalen, men å sitte og sjå på folk som spring etc. synest eg ikkje er så gøy. Eg har mange bøker på lager, men no har eg jammen rota meg borti ei ROSA bok igjen, den er heldigvis kort. Ønsker alle ei fin helg.

Ingen tvil om at naboen har finare plen enn vi!

torsdag, juli 07, 2016

Dagbok 2016: 7.juli

Klokka er  snart 18.00, det begynte akkurat å regne litt ute, men det har vore fint før i dag og temperaturen er framleis +18grader C.
Eg starta dagen med støvsuging, mens Nils la seg nedpå litt etter frokost.
Så måtte vi nedover ein tur-noko som ikkje var planlagt. Men i går var eg uheldig og braut av eine "brillestanga", eller kva det no heiter. Hadde heldigvis nokre gamle briller som funkar relativt bra, så heilt blind er eg ikkje. Var ned på optikerbutikken, og no får eg ny innfatning, same sorten som eg hadde, så kan dei bruke glasa, det er no dei som kostar pengar. Brillene var berre 3 år gamle, og eg plar ikkje skifte oftare enn 5.kvart år. Får dei "nye" brillene i morgon.
Tidleg i vår knuste vi lampen på WC og sidan har vi vore utan, dvs. utan kuppel, lys har der vore. Vi bestilte ein lampe på Skeidar, men den hadde vi så å seie avskrive. Men i går ringde dei. NO var lampen komen, så den vart henta i dag.
Elles har eg no styrt med litt diverse husarbeid. Har blant anna laga middag. Nils har vore så låk i hofta i dag at han har ikkje vore god til noko. Han har tatt Paracet eit par gonger, og det hjelper ei stund. Eg er ikkje heilt god i hofta sjølv, det har eg ikkje vore dei siste 12 åra, men det er bagateller no samanlikna med då eg var skikkelig dårlig. I dag er eg ikkje sikker på om eg har låkt fordi eg klipte for mykje plen i går, eller fordi eg ikkje har klipt plen i dag. Når eg køyrer grasklipparen har eg det heilt fint. Men du store verda kor stygge plenane er etter at dei var gjødsla med kalksalpeter for å få bort mosen, dei er meir brune enn grøne.
I kveld skal eg sjå 2.semifinale, eg ser ein del kampar på slutten av mesterskapet.
Amanda har kome inn på musikklinja på VVS frå hausten av og er lykkeleg og glad for det.

Dagbok 2016: 7.juli

Klokka er  snart 18.00, det begynte akkurat å regne litt ute, men det har vore fint før i dag og temperaturen er framleis +18grader C.
Eg starta dagen med støvsuging, mens Nils la seg nedpå litt etter frokost.
Så måtte vi nedover ein tur-noko som ikkje var planlagt. Men i går var eg uheldig og braut av ein "brillestanga", eller kva det no heiter. Hadde heldigvis nokre gamle briller som funkar relativt bra, så heilt blind er eg ikkje. Var ned på optikerbutikken, og no får eg ny innfatning, same sorten som eg hadde, så kan dei bruke glasa, det er no dei som kostar pengar. Brillene var berre 3 år gamle, og eg plar ikkje skifte oftare enn 5.kvart år. Får dei "nye" brillene i morgon.
Tidleg i vår knuste vi lampen på WC og sidan har vi vore utan, dvs. utan kuppel, lys har der vore. Vi bestilte ein lampe på Skeidar, men den hadde vi så å seie avskrive. Men i går ringde dei. NO var lampen komen, så den vart henta i dag.
Elles har eg no styrt med litt diverse husarbeid. Har blant anna laga middag. Nils har vore så låk i hofta i dag at han har ikkje vore god til noko. Han har tatt Paracet eit par gonger, og det hjelper ei stund. Eg er ikkje heilt god i hofta sjølv, det har eg ikkje vore dei siste 12 åra, men det er bagateller no samanlikna med då eg var skikkelig dårlig. I dag er eg ikkje sikker på om eg har låkt fordi eg klipte for mykje plen i går, eller fordi eg ikkje har klipt plen i dag. Når eg køyrer grasklipparen har eg det heilt fint. Men du store verda kor stygge plenane er etter at dei var gjødsla med kalksalpeter for å få bort mosen, dei er meir brune enn grøne.
I kveld skal eg sjå 2.semifinale, eg ser ein del kampar på slutten av mesterskapet.
Amanda har kome inn på musikklinja på VVS frå hausten av og er lykkeleg og glad for det.

onsdag, juli 06, 2016

Bok nr.42 - 2016: Den engelske piken

Den engelske piken (lydbok) av Katherine Webb
Omtale fra forlaget
Vil den engelske piken som drar til eksotiske Muscat i 1958 noensinne finne veien hjem?

Året er 1958, og den nyutdannete arkeologen Joan Seabrook reiser fra England til den urgamle byen Muscat i Oman med forloveden Rory. I sin flukt fra smerten etter en personlig tragedie er Joan oppsatt på å dra til ørkenfortet Jabrin og grave opp skattene som skal være gjemt der.
Men Oman er et hemmelighetsfullt land herjet av voldelige omveltninger, og det skal vise seg å være umulig å få tillatelse til å utforske Jabrin. Joans trøst er at hun får møte sin heltinne fra barndommen, den oppdagelsesreisende Maude Vickery.
Møtet med den uvanlige og tilbakeholdne kvinnen endrer alt for Joan. Hun lar seg forføre av det spennende nye vennskapet, og begynner ikke før det er for sent å stille spørsmål ved sine egne handlinger. Da Joan skjønner at hun er blitt en brikke i et lumsk spill, må hun prøve å hindre begivenheter hun selv har satt i sving, før de får de frykteligste konsekvenser.
Vil piken som forlot England for å besøke dette vakre, men farlige landet, noensinne finne veien hjem?

................................................................................................
Her er eigentleg to "parallelle" historier i boka. Den eine frå 1909, den andre frå 1958. Boka skiftar mellom desse to historiene-som sjølvsagt går saman til slutt. (Så eg burde vel ikkje kalle dei parallelle.)
Dette kunne blitt ei god og spennande historie, om den ikkje hadde blitt skriven med rosa penn. Skrivestilen irriterer meg!

Dagbok 2016: 6.juli

Klokka er 21.00, temperaturen ute er + 13 grader, og det er overskya opphaldsvêr. Nils har benka seg framfor Tv-en for å sjå fotball, eg nøyer meg med å sjå andre omgang og ev. ekstraomgangar, straffekonk etc.
I dag har eg hatt ein relativt aktiv dag. Det første eg gjorde var å lage ei kake og koke ei panne med graut-før eg begynte på plenslåtten. I dag vart det skikkelig klipt både opp mot vegen og rundt huset, skråninga fekk stå. Eg klipte med elektrisk klippar på lågaste stillet, så no er her snaubarbert. Og om det ikkje var varmt ute, så rann sveitten.. Det eg synest er rart er at eg kan klippe plenane utan å få vondt verken her eller der, men vaskar eg badgolvet vil ryggen gå av. Det er det å bøye meg som eg ikkje toler.
Eg kom inn att klokka 13.30, då åt vi graut og spekemat, og eg dusja. Så var vi innom biblio og henta ei bok og leverte fire, før eg dukka opp hos frisøren til avtalt tid: 14.30. Der blei det litt krøll, men ikkje i håret. Ho som hadde notert bestillinga hadde notert meg med feil namn, Solveig Trovåg, og så hadde ho berre notert at eg skulle fargast, ikkje klippast, og det hadde dei eigentleg ikkje tid til-ikkje ho som var notert som "behandlar" i alle fall. Men eg vart både farga og klipt, ei farga og ei anna klipte, mens eg måtte vente litt mellom operasjonane. Nei takke meg til gode, gamle Åse. To timar tok behandlinga, så eg fekk lese mykje blad. Eg har fått "gutafrisyre" for tredje gong i år, og er fornøgd med det. Eg jobbar som ein kar, og då kan eg sjå slik ut også.
Etter at eg kom heim att, han eg brukt mykje tid på lydboka mi, og no har eg snart fullført, har berre litt att, så er eg ferdig med Katherine Webb for denne gongen. Det har blitt manga rosa bøker i sommar, kanskje like greitt når ein får så korte lesestunder.

tirsdag, juli 05, 2016

Dagbok 2016: 5.juli

Klokka er snart halv ti; desse sommardagane flyg av garde så altfor fort. Temperaturen er + 14 grader, det er overskya, men stort sett opplett. Kanskje ikkje det ultimate sommarvêret , men tusen gonger betre enn vinter og mørketid.
I dag var vi ikkje oppe i gryotta ,for å seie det slik, men vi har hatt ein god dag. Først på dagen gjorde eg ein del husarbeid, før Nils fann ut at vi kunne reise til Volda og ete kinamat. Det var ikkje nei i min munn. Sidan vi likevel skulle den vegen, tenkte eg vi kunne hamstre litt daglegvarer på Coop Extra i Furene, så eg tok med handlelappen.
I Volda kom det ei ung jente bort til meg og gav meg ei raud rose, noko som sjølvsagt var litt koselig, og så gav ho Nils ei gul rose-"en til far også". Då kom ho fram med ein lapp der det stod at ho var frå Moldova og samla inn pengar til behandling til sin sjuke bror. Nils gav henne ein 50-lapp (rosene var døden nær)-men fekk beskjed at det kosta 100 kr. Ikkje at det er for mykje å gi den stakkars jenta ein 100-lapp, men vi likte ikkje måten ho gjekk fram på.
På kafeen bestilte vi "det vanlege" og det fekk vi. Og godt var det. Som vanleg.
Handlelista mi var lang i dag, så Nils fekk sitte i ro mens eg plukka i korga. Om lista var lang så dekka den ikkje fjerdeparten av det eg kjøpte. Skal vedde på at eg har handla for 2000 kr tenkte eg før eg gjekk i kassa. Summen stoppa på 1900 kr, så eg var ganske nær. Men jammen får ein ganske mykje mat for det beløpet. Det er greitt å ta storhandelen i Furene har eg funne ut, for der er kort veg å køyre korga ut til bilen. På Amfi er det meir tungvint.
Då vi kom heim ringde Margrete -ho og ungane var i Ørsta og ville stikke oppom ein tur. Det var koselig. Eirik var ikkje med, for han jobbar-elles var dei fulltallige. Ingeborg jobbar også, men ho skulle ha nattevakt frå i kveld.
I går morgon var Einar så vidt innom, og om kvelden kom Olaug og henta bilen hans. Då kom også Håkon og Birte og dei gav seg tid å vere ei stund. Dei skal begge bu og studere i Volda til hausten, det blir kjekt å ha dei her. Håkon skal få låne båten vår for både han og Birte likar så godt å fiske. Dei fekk med seg krabbeteiner i går, men båten må vi ha sjølve til Rasmus har vore her. Han og familien kjem komande laurdag. Så no ser vi ganske mykje til barn og barnebarn, sidan dei fleste er fri. Solveig og Øystein er ein tur i England, Einar og Audun er i Hellas, men den 13. håper vi å samlast alle på Hareid.
Etter at Margrete og Co reiste har eg lagt opp ei bukse, felt av ein les og stroke litt klede m.m. Hagearbeid har det ikkje blitt noko av i dag.-Var berre ned og plukka nokre jordbær, skal i grunnen berre plukke annankvar dag, men freistinga vart for stor.
I morgon skal eg til frisør. Klipte meg veldig kort sist-men det var i april.

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...