Klokka er snart 19.00, temperaturen er + 13 grader og det har regna i heile dag- og gjer det framleis.
Eg hadde så smått tenkt å klippe plenar i dag, det måtte eg berre gløyme.
Nils var ikkje i form til å fare til Vik f.m. så vi heldt oss heime. Vi har alt vi treng i hus, bør ete litt tomt før vi handlar inn meir.
Eg tok fram kleda som skulle strykast, og det gjekk fort unna-trur eg-tok ikkje tida. Eg likar å stryke. Elles har eg ikkje gjort noko til nytte. Til middag fann vi ein pizza i frysaren, og dett var dett.
La meg på sofaen med Knausgård og etter å ha sovna og vakna nokre gonger, vart eg ferdig med boka.
Då dusja eg og vaska håret, så no føler eg at det er helg. Det har eg forresten følt i heile dag. Både Nils og eg innbiller oss at det er søndag, så kva vi trur i morgon, veit ikkje eg.
No skal eg høyre dagsnytt, eg orkar ikkje å følge med i statskupp og terror heile tida, men må få med dei viktigaste nyheitssendingane.
Vi har det bra- og verda elles kan vi ikkje gjere så mykje med.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 18. 35. Temperaturen ute er +13 graderC og i dag har vi hatt fint ver med sol og litt varme. Eg hadde ingen planar for dagen, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar