Klokka er no 17.39, temperaturen ute er+15 graderC og det regnar- På føremiddagen var det opplett, så eg fekk klippe ein del plen då, men så måtte eg innog ladde opp batteriet og då det var oppladda og eg skulle ut-då regna det, og eg trur ikkje det kjem til å slutte så snart.
I dag er det altså Eldredagen, og eg skulle vel ha vore på møtet, eg brukar å vere på dei møta, men no har eg ikkje vore på pensjonistmøta heller, fordi dei sjelden har møta her i sentrum.. Og eg hadde for lite kontanter syntest eg og Vippsen min er ikkje i orden. Det går mykje i VIPPS på pensjonistmøta-
Ergo bestemte eg meg for å vere heime. Og på føremiddagen fekk eg altså klipt oppe ved postkassene og mykje av Skråninga. Men så vat batteriet tomt,så det var berre å gå inn og lage seg litt mat før eg sette meg til å strikke. Det er ikkje heilt trygt det heller for begge handledda mine reagerer på strikking. Begge har vore brotne, men det er no ei stund sidan. Det er vel meir alderen som gjer at ein er meir utolleg,
I morgon vil Solveig komme inn ein tur, då skal vi ringe og høyre om eg får time til nye høyreapparat-det er litt trasig å ikkje høyre kva folk seier. Eg fekk mitt første høyreapparat mens eg enno var i jobb, og eg har fått fleire, men ingen av dei har fungert godt nok, så i seinare år har eg gått utan, for det meste.
Eg trur ikkje eg få klippe meiri kveld, men kanskje i morgon tidleg? Ser fram til at Solveig skal komme.Det er kjekt å ha ei dotter som er pensjonist.


































