Eg rotar og stressar for tida, eg gløymer og eg leitar, Det må vere alderen som kjem for fullt, eg har no aldri vore flink å hugse, men no er det verre enn før..
Fredag punkterte eg eit dekk på bilen, og i dag var eg på verkstad og fekk nytt hjul eller to.Det gjekk heilt greit og eg kom meg heil heim. Men eitt problem hadde eg, eg finn ikkje att lommeboka mi, eg hadde den då eg var på ALTI sist fredag, men sidan har eg ikkje sett den. Det kan no vere at eg har lagt den på ein lur plass, men det trur eg ikkje. Eg må no stoppe kortet mitt i alle fall. Eg hadde den då eg var innom apoteket sist fredag og sidan har eg ikkkje sett den.Eg var innom apoteket i dag og spurde etter den- men nei.
Eg likar ikkje å tenkje på pengar og slikt, eg vil sitte i fred og ro og strikke, og no kan eg det- Solveig er finansministeren min og no er ho heime att frå Italia så ho kjem vel snart ein tur. Ho slepp no å klippe plen for det har eg gjort.
Eg har nokre fantastiske naboar, ein av dei fiskar. Og i dag kom han med 2 nyfiska sei-filetar klare til å steike. Eg kunne ikkje vente, eg måtte smake på seien. Eg har knapt nok ete seifilet etter at Nils slutta å fiske og det er der over 8 år sidan. Eg steikte heile eine fileten og åt opp alt, så no er eg meir enn passeleg mett.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar