fredag, september 30, 2022

dagbok 2022: 30.september


 Klokka er no 17.00, temperaturen ute er no + 15 grader, det har vore mykje varmare tidlegare i dag. I dag var "Takmannen" komen før eg stod opp og no har han nettopp slutta for dagen. Men han vil kome i morgon også viss veret er bra. Han  har begynt å legge plater på andre sida av taket no. Viss veret blir bra blir han ferdig med taket neste veke, seier han.

Eg har ikkje vore så flittig i dag. Først måtte eg ta for meg eit varsel frå Koppen, det var purring på to beløp som eg ikkje hadde betalt. Eg diskuterte med Brubakk, men han forstod det ikkje heller. Eg var sikker på at eg hadde betalt alt som det var kome rekning på. Eg har betalt med det samme, og så har Brubakk sett over om  han har fått det han skal.

Eg belaga meg på å køyre bort til Koppen og snakke med dei. Men først sjekka eg innbetalingane på datamaskina. og etter kvart fann eg feilen. Eg hadde rett nok "betalt" rekningane, men på ein eller annan måte har det ikkje virka. Rekningane var ikkje betalte- men no er dei det.

Eg tok ein liten "fredagsvask" i dag, det er ikkje så lettvint å vaske soverom og datarom når det er så mange teppe som skal ut, men der er no ikkje så skite heller. Etter vaskinga tok eg ein tur på Vernet og det var så varmt og fint at det var godt med ein liten bris-som alltid er der oppe.

Då eg kom heim att sat eg i lag med Marit på benken hennar i solveggen.

Eg har også vore bort til naboane i vest, dei deiv og saga greiner av epletreet sitt, så no veit eg korleis det skal gjerast. Eg skal ta eit bilde.Eg klipte litt meir av det vesle plommetreet mit, men skal ta det att og finpusse.

Eg gad ikkje å lage middag då eg kom heim, men tok ei brødskive-så får eg sjå kva eg gjer seinare. No har seg  site aldri så lenge og kava med sudokuen i Møre-Nytt. Eg trur eg må gi opp-det blir i så fall første gongen eg melder pass.

Eg har ikkje så mange planar for morgondagen, men eg har nok av ting som eg skulle ha gjort.

Eg ønsker alle ei god helg, vi får nyte fineveret når vi har det. Den siste dagen i september var ein av dei finaste dagane denne "sommaren".


torsdag, september 29, 2022

Dagbok 2022: 29.september

 

Klokka er no19.20 ,temperaturen er + 12 grader, det er delvis skya, men det har vore ein fin dag.

Det var i dag at MaritG og eg skulle få vere med Marit U til Stryn, ho skulle besøke ein slektning på sjukeheimen. Vi skulle fare klokka 13.30, men eg fekk ikkje gjort så mykje før den tid, det vart berre vanleg morgonstell,TV l,itt strikking og lydbok på data etc. før eg kledde meg om. 

Det var overskya ,men opplett då vi for frå Ørsta og vi hadde ein nydelig biltur. -Då vi kom ut av tunnelen på Grodås skein sola. Vi stoppa ei stund der og var inne på ein butikk med dameklede (og litt for menn også.) Marit G og eg kjøpte oss kvar vårt klesplagg. Mitt var ei t-skjorte i indisk bomull. Då vi kom til Stryn var vi inne på ein annan butikk der vi ikkje kjøpte noko, men såg på mykje.

Mens Marit U var på besøk med slektningen sin, gjekk vi andre to på kafé og åt middag. I dag vart det lasagne. Vi syntest den var bra, men vi lagar mykje betre sjølve. Då vi sat med kaffien, kom Marit U tilbake (Ho hadde ete middag før vi reiste). Så fekk vi ein sight-seeing fram gjennom dalen. Far til Marit U var frå Stryn og vi fekk sjå kvar garden var. Det var så nydeleg alle stader og fin sol heile tida. Vi køyrde fram til kyrkja før vi snudde.

Sidan eg ikkje tek ut på langtur sjølv, så er eg veldig glad når eg får vere med andre -og sjå meg rundt i verda. 

Før eg reiste hadde eg opna posten min. Det var ei rekning frå Koppen, og den er det berre å betale. Men så kom der nytt krav på den legetimen (øre-nese-hals) som eg ikkje møtte opp til, fordi eg hadde fått ein annan time før- Den timen betaler eg ikkje for same kva dei seier. Eg har dessutan skrive til dei og forklart saka.

Det er berre ca 400 kr, og eg har frikort, men det er prinsippet!!!!

No skal eg ha meg litt mat og kaffi. I morgon er det fredag igjen, rg synest fredagane kjem ofte. Brubakk var her før kl.8 i dag også,og så vil han jobbe laurdag og, sa han. Han vil utnytte det fine veret-så lenge det varer.

onsdag, september 28, 2022

Dagbok 2022: 28.september


 Klokka er no16.20, temperaturen ute er + 19 grader C, og det er stålande sol - og varmt. "Takmannen" kom før klokka var 8 i dag, men eg var no oppe og sat med frokosten.

I dag var det første gongen i haust med Spansk-kurs. Neste veke blir det ikkje kurs fordi huset er opptatt, men eg trur det er den dagen vi skal "feire"eldredagen på kulturhuset. I morgon er treninga avlyst, men Marit G. og eg har fått tilbod om å vere med Marit U. til Stryn, ho skal besøke ein slektning, men vi andre skal no finne på eit kvart, t.d. gå i butikkar og på kafé. Godt å komme seg ut litt.

Då eg kom heim att frå spansken i dag,litt før halv 1, var takmannen borte og bilen var vekk, så no lurer eg på kva som har hendt. Eg går heile tida med frykt for at han skal få låkt i skuldra igjen slik at han ikkje kan jobbe. I går jobba han frå 8.30 til 17.30, det vart kanskje litt for mykje.

Etter at eg kom heim att snakka eg litt med Marit og Marit før eg tok ein tur på Vernet, det var varmt i dag, og då blir eg sånn litt trøtt i beina, men det var  ein fin tur.

Til middag i dag hadde eg tenkt å ha ferdiggrilla kyllinglår med ris til, Eg hadde begge deler i frysaren, men mangla saus, Då fann eg ut at eg kunne ta ein halv pose med "Tikka Masala" frå Toro  til saus, og det vart veldig bra. Eg har både kylling, saus og ris i frysaren til eit måltid til. Det er ikkje alltid like lett og enkelt å lage skikkeleg mat til eitt mennestke, men eg lagar no middag om ikkje det blir kvar dag.

Det er så fint ute no, og eg skulle vel ha gjort litt arbeid i hagen, men akkurat no er det stillstand før eg begynner på haust-onna. Der er ikkje ein gong bær å ete lenger. Og kvelden kjem tidlegare for kvar dag.

tirsdag, september 27, 2022

Dagbok 2022: 27.september


 Klokka er no 18 og det er + 14 grader ute, vêret er fint og lettskya. Brubakk ville jobbe til kl.17.30 sidan har ikkje fekk gjort noko i går. Eg ser ikkje kva han styrer med oppe på taket, men han sa at han  held på med lektene enno, det er mykje å spikre og skrue igjennom fordi der ligg  to lag med shingel på taket frå før.

Det har vore ein fin dag,  eg har ikkje vore så mykje ute, men det er no mi eiga skuld. Vi var på trening 10-11 ,men klokka var over 13 då vi kom heim, for vi hadde vore både på Alti og på Spar. Eg kjøpte ikkje så mykje, for eg handla i går.


I dag hadde eg lova meg sjølv at eg skulle få skikkeleg middag, så då blei det spekesild/kryddersild. Det er  det beste eg veit. I dag laga eg ikkje kålstuing men rabbestappe med gulrot i staden . Det var veldig godt og eg vart veldig mett så eg sette meg inn  i stova og såg serien min. Det var like før eg sovna.

Etterpå strauk eg nokre klede før dei var heilt tørre, då er det litt enklare. Eg har enno ikkje fått tørketrommelen. Og så hadde eg ikkje løyst sudokuen i går kveld, i dag gjekk det lett. 

Så kom eg meg endeleg ut og rydda litt i alle plastsekkene som eg brukar til hageavfall, og i samme slengen spylte eg kjøkkenvindua og trappa. Då tenkte eg å gå tur, men så hadde eg sett på oppvaskmaskina i dag og den måtte tømmast. Med andre ord: Eg fann på mykje anna å gjere, slik at eg slapp å gå tur i dag. Eg har no vore på trening.

I morgon startar vi opp med spanskkurs igjen, det ser eg fram til, kjekt å treffe att dei andre på kurset, det sosiale er kanskje det viktigaste. Vi skal vere på Bakk-Ola no også, og der kan eg bruke småpengane mine i kaféen. Eg får sortere i kveld, så eg stiller med gangbar mynt.

Denne rosa har nettopp begynt å bløme, dei andre er stort sett ferdige, så etter at eg tok bildet, klipte eg vekk alle visne roser i beddet. Hausten er komen no, og skog og tre har fått haustfargar. Eg kan like hausten på mange måtar , men ser ikkje fram til å få vinter og snø.


mandag, september 26, 2022

Dagbok 2022: 26.september


Klokka er no17.25. temperaturen ute er +11 grader. Det har regna meir og mindre i heile dag, men no står det nedst på skjermen: "Regnet slutter "- og det får vi no håpe. Eg hadde tenkt å gå ein tur, men går ikkje om det silregnar.

I dag morgon kom ikkje "takmannen" til vanleg tid, og eg tenkte med det samme at no var skuldra låk igjen. Men så gale var det ikkje. Klokka 11ca kom han ; då hadde han vore til Volda og kjøpt ny kjellardør til meg. Men han ville ikkje legge tak i dag for det var gode vermeldingar heile resten av veka. Han og eg greidde å bere døra inn i kjellaren enda den var ganske tung (for meg).

Eg hadde tenkt meg ein lite tur på VØR i dag, hadde berre tre sekker med hageavfall, men så hadde eg litt "tak-avfall" også, så eg tok turen. Og i dag hugsa eg å ta med den ubrukelege paraplyen min.Er har nokre sko som er så lette og gode, nesten som hanskar på føtene, dei ville eg ha i dag, men fann ikkje skoskeia og den er eg avhengig av. Eg såg rundt meg om det var noko anna eg kunne bruke, og då såg eg den heilt nye plantespaden- den var suveren-og eg fekk på meg skorne i ein fart. Dette skriv eg for at andre kan få bruk for det ein gong.(Men kor ofte har ein heilt reine plantespadar i metall?)

Eg hadde mange ærend på ALTI i dag, men det første eg gjorde då eg kom dit var å finne toaletta så eg fekk vaska hendene mine.Eg hadde ikkje hanskar med meg til VØR i dag. Eitt av ærenda var å kjøpe garn til eit lestepar der er mangla garn til fellinga av andre lesten. Eg gjekk inn på -nille for det var der eg hadde kjøpt garnet, men dei hadde ikkje meir av den sorten, og ikkje fekk dei meir heller, for dei skulle slutte å selje garn.

Eg hadde andre ærend på ALTI også, men då eg var ferdig der, bestemte eg meg for å handle matvarene på Spar-for eg hadde ein plan. Der sel dei også garn nemlig, og eg fann garn som var veldig likt det eg hadde-men ikkje heilt. Eg rekte opp tåfellinga på den ferdige lesten, og sørga for at begge lestane vart like. Eg greidde ikkje å vente, men sette meg til med spøtet etter at eg hadde ete litt etc.

 Elles så har eg fyrt i omnen, men brukar straum til fleire klesvaskar i dag. når det er eg som kan bruke stikkontakten. Men det er litt problem med tørkinga no når altanen også er i bruk til anna- og full av rot. Eg tørkar det meste i kjellaren, men i dag har eg vaska sengklede, så no har eg vel laga meg eit problem igjen. No får eg sjå om eg geier å ta den vesle turen eg tenkte på.





søndag, september 25, 2022

Dagbok 2022: 25.september

                                 Utsikt frå altanen kl-19-00

Klokka er no 17.14, temperaturen ute er + 9 grader og det regnar. Dette har vore ein sånn litt trasig dag, men det går vel over.

Eg sov dårleg sist natt fordi eg verkte-til tross for alle tablettane- eg stod opp og gjekk omkrig litt og så fekk eg sove vidare heilt til morgonen, då var eg skikkeleg dårlig, men etter ei stund kom eg meg og stod opp. Eg veit kva som gjer at eg begynner å verke, det er når eg sit mykje i ro, og det gjorde eg i går.. Eg trudde eg skulle komme meg ut og mosjonere i dag, men det har ikkje blitt til denne tid-og det ser smått ut.

Eg kveikte i omnen etter frokost og fekk det varmt og godt i huset, og sat og såg litt TV- Eg har halde på å strikke eit lestepar, men fekk litt for lite garn, så den eine lesten manglar tå-men dei har garn på -nille.

I dag skulle eg sjå meir av "The Crown"-men oppdaga litt for seint at eg sat og såg på 1.sesong i staden for 3. Eg trudde først det var tilbakeblikk- men det var det ikkje. Og så får eg ikkje til å komme over på sesong 3. Eg kan for lite med TV-en, men plar no greie meg. 

Eg ville no gjere litt yil nytte i dag også, så eg sette ein brøddeig. Eg har ikkje baka noko særleg i sommar, og til denne tid, for eg har hatt nok å styre med ute. Men no skal det bli godt med heimebakt brød igjen. Middagen i dag vart karbonadesmørbrød, men ikkje med det nye brødet.

Eg håper Brubakk kjem i morgon for no er det snart oktober, og tida går mot vinter. Eg har tenkt meg bort på VØR med hageavfall og diverse anna, men viss ikkje veret blir litt betre, kan det hende eg må utsette turen.

Eg hadde tenkt å gå tur i dag, på Vernet om ikkje anna, men i dette regnet går eg ikkje ut. Det eg skal gjere no er å koke ein kaffiskvett og sjå om eg finn noko attåt. Telefonen ligg på opplading, så eg får vente med å ta bilde.

lørdag, september 24, 2022

Dagbok 2022: 24.september (3 månader til julaftan)


  Klokka er no 18.54 og ute er det +10 grader C . Veret er ikkje så verst, men det har vel regna litt i dag også? Eg har i alle fall ikkje vore ute. På føremiddagen gjorde eg ikkje mykje, sat mest og høyrde lydbok, etter at eg hadde dusja og vaska håret.

Margrete, Svein, Ingeborg og Daniel kom hit for å hente meg før vi skulle på restaurant. Vi tok oss tid til ei pratestund med kaffi og gulrotkake.

På den indiske restauranten fekk vi god mat, som vanleg. Margrete & Co skulle på konsert med Jan Eggum m.fl på Folkestad i kveld så vi måtte avslutte "møtet" relativt tidleg. Då eg kom heim såg eg at veska til Ingeborg låg att i sofaen. Eg håper at vi kan ordne det slik at ho får den før dei skal reise i morgon. 

Eg kontakta Marit så ho kom ned og fekk kaffi og kake, og vi fekk prata litt i dag også.

No er det tid for nyheiter og så blir det vel diverse program utover kvelden. Eg kan no sjølv bestemme kva eg vil sjå.

Eg føler meg litt for mett i kveld, men får prøve å få trimma litt i morgon.

fredag, september 23, 2022

Dagbok 2022: 23.september


 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 11 grader, akkurat no er det skya og opplett, men vi har også hatt veldige regnbyer.

Eg har ikkje vore så veldig flittig i dag, men eg tok no fredagsvasken etter at eg var ferdig med frokosten. Men då tok eg meg tid til å løyse sudokuen i fredagsavisa. Eg henta den rett nok på nettet i går, men det vart så seint at eg måtte utsette den til i dag. Sudokuane i tysdagsavisa er så lette at det er ikkje noko moro å løyse dei,  dei som kjem i fredagsavisa er vanskelegare, men eg har greidd alle til denne tid. Eg ser på det som hjernegymnastikk.

Eg fekk melding frå Ingeborg i dag, ho og Daniel er heimom ein tur, dei ville ha meg med på den indiske restauranten i morgon, i lag med Margrete. Og eg er ikkje tung å be.Eg likar å gå på restaurant-og eg likar indisk mat. 

Men her kan eg opplyse om at det snart blir sushi å få kjøpt i Ørsta, den restauranten skal ta over der den vesle kina-restauranten var,- i nedste gata. Då blir det vel ørstaturar for Margrete og likesinna. Og eg kjem nok også til å prøve om den sushien er like god som den eg fekk i Volda.

Eg laga meg ikkje middag i dag, men åt opp resten av grauten som eg kokte før i veka.

Takmannen forsvann tidlegare enn vanleg i dag. Det kom ei voldsom regnbyge akkurat då, så det kan vere grunnen. Ja, berre skuldra hans held til han har fått på taket!

Eg sat og såg "The Crown" og strikka ei heil stund. Eg hadde fyrt godt i omnen, eg fyrer for å spare på elektrisiteten. Det eg fyrer mest med no er veden som eg kløyvde i sommar etter at Rasmus og Wenche hadde vore her og saga og rydda.  Det blir litt rydding når eg får vekk veden også.

 No er det fredagskveld, beste kvelden for dei som er i arbeid, og eg vil ønske alle ei god helg.




torsdag, september 22, 2022

Dagbok 2022: 22. september

 

                                      Utsikt frå vinduet på stova

Klokka er no 19.00, temperaturen ute er + 14 grader C . I dag var det vind først på dagen, seinare kom det regn også, så det har vore ein litt grå dag. Det regnar no også Slike dagar får eg litt problem med å halde oppe energien og humøret. Til alt overmål vakna eg grytidleg utan å få sovne igjen- til tross for sovetablettane.

Marit køyrde til treninga i dag, og der var det kjekt, som vanleg. Vi er ein flokk damer på 70++ som er etterkvar godt kjende med kvarandre. På heimvegen handla Marit litt på KIWI, men eg sat i bilen, for eg handla i går. Då eg kom heim laga eg meg middag etter kvart; i dag vart det kyllinglår(ferdigsteikte) + ris. Det metta bra.

Elles held eg på å irritere meg over dei på "ØRE-NESE-HALS" i Ulsteinvik. Dei driv og sender meg meldingar om kva tid eg skal kome, enda Marit ringde ut og endra tida for oss begge til 10.okt. I går fekk eg endatil faktura på ein time som eg ikkje har møtt opp til (Fordi det var ikkje min time) . I dag skreiv eg ein mail til dei, så får dei gjere kva dei vil.( Alt som dei sender ligg på telefonen min, så eg har bevis.)

Etter middagen sette eg meg inn i stova med ein kaffikopp og såg nyheiter. Det som eg kan glede meg over er at russarane ikkje er så lystne på meir krig. Eg sat og sløva ei stund, så tok eg fram strikketøyet-ein lest. Ser at eg må ha noko meir givande etter kvart som det blir meir innetid. Ragnhild ringde , så vi fekk oss ein prat. Etterpå støvsuga eg alle teppegolva, så er det gjort til helga.

Idag skulle eg eigentleg vore på VØR, men eg fann ut at det var lurt å vente til måndag, for då får eg med meir bygge-boss. Eg kan ikkje seie kor langt han er komen på nedste taket, men han er no i alle fall godt i gang. Taket er veldig fint på sida mot vegen, synest eg. I morgon er det fredag og fredagsvask, meir veit eg ikkje enno.



onsdag, september 21, 2022

Dagbok 2022: 21. september

 


Dette er den siste rosa som blomstrar i år. Det er veldig små roseknoppar, men der er veldig mange. Alle dei andre rosetrea er på retur

Klokka er no 17.00. Temperaturen er +17 grader og sola skin. Det har ikkje vore klårt i dag, men veret har blitt betre etter kvart. Ikkje regn og ikkje kaldt, og då er dei greitt nok for meg.

Eg hadde ikkje ferdig plan for dagen, så eg har styrt med litt av kvart både inne og ute. Eg klipte plenen rundt huset, men dei andre plenstykka veit eg ikkje om eg skal klippe; får sjå litt kva naboane gjer.

Til middag i dag vart det graut, eg hadde ikkje så mykje spennande mat på lager. Etter at eg hadde ete gjekk eg ned i hagen og rydda og renska der som eg har planta noko oppe på muren, det vart nokså mykje i den svarte sekken. Det er lenge sidan eg har vore på VØR no, over 14 dagar i alle fall. men skal snart ha meg ein tur.

I dag var eg lens for Paracet, så eg tok ein tur på KIWI og handla både mat og medisin. Takmannen slutta av klokka 16 i dag, så no er eg heime åleine. Marit for til Volda på konsert i lag med resten av familien.

I dag fekk eg eit mystisk brev. Det var eit krav på legetime på "Sunnmøre Øre-nese hals AS"den 14.september..Eg fekk påminning om den timen, som vi ikkje hadde fått melding om, men Marit ringde ut og fekk flytta timen til 10.oktober. Eg går ut frå at ho nemnde meg også. I alle tilfelle har eg FRIKORT, så eg betaler ikkje. 

Eg har ikkje mosjonert så mykje i dag, men eg trur ikkje eg går tur i dag likevel. I morgon er det trening igjen. Eg er så mykje betre i form, no når eg får sove om natta. Men eg vaknar tidleg og begynner å rote litt, men står ikkje opp før klokka er 8 eller noko sånt.

No er det veldig fint ute, men eg trivst ikkje så godt her med huset no når her er så mykje rot, så det kan hende eg tek meg ein tur uansett.

Her har eg renska opp litt i dag, men det er no ikkje noko å skryte av. Vi har ikkje planlagt korleis vi vil ha det på grensa.

tirsdag, september 20, 2022

Dagbok 2022: 20 .september

Øvre Mo er den nyaste "bydelen" i Ørsta . Der har dei nydeleg kveldsol, men så får dei ikkje sola så tidleg om morgonen, så litt rettferd er det no i verda. Viss de ser godt på bildet, kan de sjå snø i fjella lengst borte. Eg veit ikkje om det er nysnø eller ei.

 Klokka er no17.55, temperaturen ute er +12 grader C, og sola har skine frå klår himmel i heile dag.  Det hadde vore kaldt om natta så det var nesten frose på -på taket, då Brubakk kom klokka 8.30, men det smelta fort. Marit og eg var på trening frå 10-11, som vanleg, men i dag var vi ikkje på butikk.

Eg visste ikkje kva eg skulle begynne med i dag, det var for vått i graset til å klippe, så det vart sett på vent. No høyrer eg plenklipparane surrar både her og der. Eg bestemte meg for å vaske overskapa på kjøkkenet, og det var fort gjort. Så tok eg meg litt mat, før eg gjekk opp til Marit som sat ute på benken og passa Arya. Då kom Marit U og vi avtalte at vi skulle vere med på tur til Stryn neste (komande) tysdag.

Eg syntest eg burde gjere noko utearbeid i dag, men eg kom meg ikkje i gang med noko, så det vart utsett til i morgon, då får eg kanskje klipt graset . Eg må dessutan ta meg saman å få den nye kompostbingen opp og stå, såpass eg får prøve den fine, nye greipa mi.

Sidan eg ikkje fann på noko veldig nyttig som eg kunne gjere i dag, fall eg for freistinga å gå ein tur på Vernet, for tredje dag på rad. Om sommaren blir det ikkje så mange turar, men då har eg meir mosjon i hagen.

Eg gjekk feil veg( " Rangsøles")rundt på Fonnvernet i dag, så derfor fekk eg sola rett i augene.( Eg synest det er så artig å ta bilde av sola.)

mandag, september 19, 2022

Bok nr. 31 - 2022: Skyggesøsteren

 


Skyggesøsteren er tredje bok i den storslåtte serien De syv søstre.

Star er den mest gåtefulle av søstrene, og hun vil nødig gi slipp på tryggheten hun opplever i vennskapet med søsteren CeCe. Til slutt bestemmer hun seg likevel for å følge sporet faren har gitt henne for at hun skal finne opphavet sitt. Sporet fører henne til et gammelt antikvariat i London, og blir samtidig starten på en helt ny tilværelse.

Hundre år tidligere møter vi den sta og uavhengige Flora. Hun er lykkelig hjemme i Lake District, men krefter utenfor hennes kontroll fører henne til London og til en av sosietetsmiljøets største personligheter, Alice Keppel. Her blir hun en brikke i et spill der hun ikke kjenner reglene, men en dag møter hun en mystisk mann som avslører svarene Flora har vært på jakt etter hele livet.

....................................................................................................................................

Så har eg lese enda ei bok i serien. Eg fullførte sjølv om eg syntest den var kjedelig.

Det kan hende eg les den neste også.


Dagbok 2022: 19.september



 


Klokka er no 17.00, temperaturen ute er+ 12 grader og i dag har det stort sett vore opphaldsver.

Rett før eg skulle legge meg i går, såg eg at der var melding frå leigebuarane om at varmepumpa deira var slutta å virke. Pumpa er gammal og sikkert nokså utsliten, men vi får no sjå om den kan reparerast. Det er alltid litt problematisk for meg når slikt skjer, for eg kan ikkje gjere mykje med det- eg var glad for at eg hadde sovetablettar, så eg slapp å ligge vaken og studere på kva eg skal gjere. Eg vakna rettnok klokka 5 og tenkte at no vart det ikkje meir søvn, men eg sovna igjen og drøymde at pumpa vart i orden igjen. Då eg stod opp i 8 tida, hadde eg tenkt ut kva eg skulle gjere. Eg ville sende bod på Helge, han har "reparert" pumpa ein gong før, og så ville eg kjøpe ein lausriven el.-omn som kan vere greitt å ha. Så noko av det første eg gjorde i dag var å fare bort på EL-kjøp og fekk tak i ein el-ovn utan vifte. Eg har ein liten ovn med vifte, så kan dei velje kva dei helst vil ha.

Alt er greitt, men eg er litt sur for at vi ikkje har EL-butikk i Ørsta lenger, FURENE ligg i Volda kommune. Det gjer også Coop butikken, eg stakk no innom og handla litt der også.Vi har heller ikkje Coop i Ørsta lenger.

Då eg kom heim var det fint ver og eg tok og gjekk ein runde på Vernet i dag også. Har ikkje så mykje hagearbeid no, så eg må sørge for annan mosjon. I går var der ikkje sauer på Åsmundmarka, men i dag var dei komne. Og der har dei det fint i år, langt, saftig grønt gras som gjer juleribbene feite og gode. Eg tenkte eg ville gå ein liten runde på Vallabøen også, og eg vart ei stund gåande i lag med ei anna dame som hadde tenkt det samme. Om vinteren når det er snø brukar eg å gå på gater og vegar, så det var litt annleis i dag når det var bert. 

                                  Slik var dete i Bjørkevegen i dag.

Då eg kom heim leid det så langt at eg måtte eg tenke på middagen. Eg hadde nok laks att frå i går, men måtte koke poteter og tine grønsaker.

Etterpå vart eg så mett og trøtt at eg sette meg inn og såg "The Crown". Då eg slo av Netflix og kom inn på NRK var det dronninga si gravferd vi fekk sjå. Eg orkar ikkje å sjå alt dette styret, men det er litt artig å sjå serien om dronninga akkurat no.

Brubakk kom kl.8.30 i dag og reiste 16.30. Då kunne eg hente ved og legge i omnen-og slå av varmepumpa. No skal eg sette på ein klesvask, for no blir stikk-kontakta ledig.

Det vart ikkje så mykje gjort med meg i dag, men i morgon startar eg dagen med trening-og så veit eg ikkje meir. Eg har ikkje høyrt frå Helge.











Slik var det i Bjørkevegen i dag



søndag, september 18, 2022

Dagbok 2022: 18.september


                                        Slik ser det ut på altanen no


Klokka er no18,44, temperaturen ute er +10  grader C, og vi har hatt regnbyer i heile dag, men også glimt av sol.
Eg sov godt sist natt og stod ikkje opp før klokka nærma seg 9. Etter frokost fyrte eg i omnen, og gledde meg til ein varm dag. Då dei leid litt på , bad eg Marit ned på ein kaffikopp. Det er berre i helga og elles om kveldane eg kan fyre i omnen, så lenge dei driv og jobbar på taket. Elles sit eg ofte på datarommet mitt, for det er lett å varme opp.
Då Marit gjekk opp att til seg sjølv, kledde eg på meg for å gå tur på Vernet. Akkurat då ver veret fint, men så kom det regn igjen.
Vikelva var stor i dag -og elles rann det stritt frå alle småelvar ned mot bassenget  mellom murane. Og no er det regn, ikkje snøsmelting no lenger.
Eg trefte ei kollega/veninne som også gjekk tur, og vi hadde mykje å snakke om, både om om sjølve og felles kjende. Eg treffer henne nokså ofte, så vi følgjer med kvarandre og er rimeleg oppdaterte.


                           I dag rann det elvar og bekkar over alt-




Då eg kom heim att var klokka nesten halv 4, så eg sette i gang å lage middag. I dag hadde eg steikt laks, tre store stykke var der i pakningen, så eg åt berre halvparten, slik at eg har middag ein dag til. Det er ikkje kvar dag eg et middagsmat.
Eg vart mett og trøtt og sette meg til å sjå serie på NETFLIX. Eg held på å sjå "The Crown" for andre gong. Med min hukommelse kan eg godt sjå det same fleire gonger for eg hugsar ikkje så mykje av det eg ser.
For morgondagen har eg ingen planar, men det kan hende eg tek resten av skapa på kjøkkenet viss eg finn det ut.
No er "takmannen" klar til å legge plater på nedsida av huset. Når eg tenkjer på "Takmannen" meiner eg det var ein takmann då vi budde på Melle, Kanskje Solveig og Rasmus hugsar det.
Eg har vore og henta inn meir ved og fyrer stadig i omnen, det er fjølebitar eg fyrer med pluss noko av den veden som eg kløyvde i sommar. Det er eit ryddeprosjekt på samme tid som eg får opp tempen i huset.


lørdag, september 17, 2022

Dagbok 2022:17. september.

 



Klokka er no 19.50, temperaturen ute er + 9 grader,. Det har regna nokså mykje i heile dag, og det er ikkje slutt enno. Denne veka har eg sloppe unna både plenklipping og køyring på VØR. Så noko er no bra med regnet.

Han som skal legge resten av taket er vel ikkje så glad for regn, men det skal bli betre frå mandag av såg eg på nettet. Eg skal vere glad når taket er på plass, og eine halva er no heilt fin no.

Sidan Marit og eg ikkje kom i gang med noko i går, bestemte vi oss frå morgonen av at vi ville ein tur på ALTI, så då for vi nedover klokka 11, før der vart altfor mykje folk. Det var ikkje så mykje vi skulle kjøpe, men vi spanderte på oss kaffi og kaker i dag også. Det vi skulle ha til huset kjøpte vi på KIWI på heimvegen.

Eg fekk melding frå Solveig først på dagen om at ho hadde ærend inn på ALTI, og så ville ho komme oppom, så no har ho og eg prata og drukke kaffi ei god stund. Ho har vore åleine no ei stund for Øystein har vore i Italia. Men no var han ventande heim snart.

Så blir det vel TV resten av kvelden, men eg må snart få meg eit strikketøy. Eg kan vel ikkje strikke så veldig mykje utan å bli låk i ryggen, så eg får ta det langsomt-litt kvar dag. Men det er akkurat det eg ikkje kan, når eg begynner på noko skal det helst vere ferdig med ein gong.


fredag, september 16, 2022

Dagbok 2022: 16.september

 Klokka er no 17.00, temperaturen er + 10 grader og det har regna i heile dag. Eg tok fredagsvasken straks eg var ferdig med frokosten, så eg vart tidleg ferdig. Marit og eg hadde tenkt oss ned i sentrum i dag, men så var vi trøtte, og så var det så vått ,og vi mista lysta på å ta ut. Eg såg serien min på TV, og så begynte eg opp att på sudokuen som eg starta med i går kveld; då eg var nesten i mål såg eg at der var ein feil- så no har eg begynt opp att enda ein gong. Men eg vart litt lei. Takmannen har halde på å bygge stillas på nedsida av huset i dag, men no har han tatt helg. Det betyr at eg kan fyre i omnen og få det koseleg på stova. Marit og eg "pratar" på Messenger og diskuterer kor vidt eg skal komme opp til henne eller ho skal komme ned til meg. Det ser ut til at det blir uavgjort.

Einar hadde med seg nokre bilde til meg i går , to små som var i rammer, men eit større av Amund som eg var så heldig at eg fann ei passeleg ramme til. Det er eit fint bilde, men Amund har fått litt raude auge -som vi kanskje kan fikse.Det var bilde frå julaftan. Denne PC-en min er litt rar, somme gonger kan eg gjere mykje for å betre bilda-andre gonger funkar det ikkje.




I dag fyller kusina mi, Ellen Marie, 84 år, ho er 1,5 år eldre enn eg. Vi var mykje i lag då vi var barn og unge, men så flytta familien  til Sørumsand då Ellen Marie var ferdig på realskulen. Vi har no halde kontakten i alle desse åra, det er sjelden vi møtest no lenger, men vi pratar no i telefonen av og til. Viss du er innom her, Ellen Marie , så...............Gratulerer med dagen!

 Alle som les dette, vil eg ønske ei god helg. No har vi hatt enda ein bolk med nykje regn, men eg var innpå og såg langtidsvarselet og då såg eg at det skulle bli fint ver på tysdag, men når veret vert betre, blir det kaldare. Det går mot vinter på sikt.


torsdag, september 15, 2022

Dagbok 2022: 15.september


Klokka er no 19.06,ute er de vått og grått . Kvar gong eg ser vermelding på TV så er det regn i Trøndelag og på Møre og Romsdal-elles i landet er det aldri så vått som her. Trur eg. Men det er ikkje verst for oss som kan vere inne, verre for han som skal lage tak på huset mitt. Men som de ser på bildet er halve taket ferdig no og han har tatt ned stillasa sine, for å sette dei opp på nedsida av huset. Eg skulle ønske det var opplett så han slapp å gå på eit vått tak. Men det var i alle fall godt å få betre utsikt oppover.

I dag skulle eg til legen klokka 10, og sist natt sov eg ikkje noko særleg, både på grunn av uro og på grunn av verk i ryggen og foten.

Men eg kom meg no til legen og ho meinte det samme som fysioterapeuten og eg-det er i ryggen det er noko gale, og det har det vore lenge. Legen fann fram resultata frå 2005 då eg var på MR i Ålesund, og det er nokså likt. Berre at no er eg relativt bra på dagtid men verker om natta. Det har med stillingen å gjere. Ho forklarte meg kva som var gale, og det kan opererast, men der var vi enige om at det ikkje var så lurt, i og med at eg er så pass gammal og kan like godt bli verre.

Men eg kan ta meir sovetablettar og smertestillande om natta slik at eg får sove.

Eg hadde ikkje fått resultatet frå førre blodprøva, men verdiane har ikkje stige sidan eg begynte å gå til kontroll, så heretter blir det å ta prøver kvart halvår.

Då eg kom heim gjekk eg bort til naboane med husnøklane deira  og vart sittande og prate ei stund. Eg fekk no høyre korleis dei hadde hatt det i Oslo. 

Eg sette på PC-en då eg kom heim og der ar det melding frå Einar om at han ville komme innover ein tur. Han hadde ærend i Ørsta. Han hadde no mykje å fortelje om, han som har vore i Kristiansand i bryllaup og så har han intervjua kongeparet på Hareid då dei var der- blant anna. Det var liksom ikkje så innlysande kva måltid vi kunne ha, kanskje for seint til middag og for tidleg til kvelds. Eg landa på pannekaker, det kan ein vel ete uansett. Og Einar likte dei godt, han er ikkje av dei matvande.

I dag har eg ikkje gjort så mykje husarbeid, men no har eg sett på oppvaskmaskina og så har eg fyrt opp i omnen. Eg kan ikkje brenne i omnen mens Brubakk er på taket. Det eg fyrer med eg materialrestar, så då ryddar eg litt med det samme.

Marit og eg har nesten ikkje vore i lag denne veka, så i morgon har vi tenkt oss ein tur til Vik og kanskje gå på kafé.


onsdag, september 14, 2022

Dagbok 2022: 14.september




Klokka er no 18.20, temperaturen ute er +11 grader C, og no er det opplett og ganske fint ute; tidlegare på dag  regna det mykje. Takmannen kom litt seinare enn vanleg på grunn av veret, men så vart han att litt lenger også, No er halve taket ferdig, med unntak av kanten og så kan han snart begynne på andre halva. Det er mindre arbeid på den halva sidan både skorstein og ventilar er på den halva som er ferdig.
Eg har vore på pensjonistmøte på Bakk-Ola frå 16-18. Det var kjekt å treffe att mange kjende. Det var ikkje så mykje underhaldning, men vi fekk sjå bilde frå Øy-turen vår etc. Vi fekk karbonadesmørbrød, kaffi og skuffekake. Alt til ein pris av 100 kr.

Sist natt hadde eg problem med å sove, fordi eg var så låk i ryggen. Eg stod opp og tok Paracet utan at det hjelpte noko særleg. Då eg stod opp i dag morgon var eg også låk, men etter ei lita stund var eg heilt bra. Eg skal til kontroll hos legen i morgon og då skal eg snakke om ryggen og foten også. Sist eg var der gløymde eg å nemne foten/ryggen -det er snart å gløyme den for eg er så bra på dagtid-viss eg ikkje sit for mykje i ro.

Denne veka her eg vore mykje inne , derfor har eg jobba litt på kjøkkenet. I dag tok eg og vaska og rydda alle skuffer og skap i kjøkkenbenken. Det som står att no er overskapa, men der er det no verken skite eller rotete, så der får eg berre fare over med ein klut. Arbeidet er å flytte på alle kjørela. Det blir ikkje i morgon i alle fall, for då skal eg som sagt til legen, og så må eg handle litt etterpå.
Marit vart ikkje med på møtet i dag, ho valde å gå på kino og sjå "Utvandrene" eller kva den heiter. Det var ein fantastisk bra film sa ho, så eg må no prøve å få sett den. Eg reknar med at den kjem til å gå fleire gonger.



tirsdag, september 13, 2022

Dagbok 2022: 13.september

 

  

Klokka er no17.30, temperaturen ute er +13 grader, det har regna i heile dag, men no kom sola fram, det er typisk at vi får ein solglytt før kvelden kjem.

I dag vakna eg av vekkerklokka, det er sjeldan, som regel er eg oppe lenge før. Tak-mannen kom rett etterpå og var her til klokka var ca 16. Eg var som vanleg på trening frå 10-11,  i dag handla eg ikkje etterpå men tok beine vegen heim. Eg hadde ein plan; eg skulle begynne på nedvask til jul...(?)Eg bestemte meg for å vaske og rydde alle skuffer og skap på eine sida av kjøkkenet. Det er slutt på den tida eg vaska alt på ein dag, både skuffer og skap, vegger og tak. 

Det var mykje meir arbeid med det eg gjorde i dag enn eg hadde tenkt. Eg fann diverse som måtte kastast t.d. og boksar som måtte tømast og vaskast. Men eg kom i mål. Eg rakk også å lage meg litt mat som eg åt undervegs. Premien var at eg fekk sjå ein episode av " The Crown"-eg har sett heile serien før, men hugsar nesten ingen ting - anna enn dei store linjene. Så har eg vore og tatt inn posten og vatna blomster hos naboen. Syltetøyet som eg laga i går har eg bore ned i kjellaren. Det vesle kjøleskapet eg har der er stappfullt av heimelaga syltetøy no, men eg kjem sikkert til å ete opp alt, for det er stort sett det eg et på brødskivene mine.

I morgon skal eg på pensjonistmøte, men no når eg ikkje lenger er i styret er eg berre gjest. Heile sidan eg blei med i laget for 11 år sidan har eg vore med i styret, men no slepp eg å gjere nokon ting, ikkje dekke bord og ikkje skrive referat. Marit valde å gå på kino i staden, det er den filmen om utvandrerane som går. men eg har no sett noko liknande før. det kjem mange bra filmar no framover, Janne har oversikta.

No skal eg slappe av ei stund, kanskje sjå TV-eller kanskje høyre bok.





mandag, september 12, 2022

Dagbok 2022: 12.september


Klokka er no 16.55, temperaturen ute er + 15 grader og i dag har vi hatt regnbyer. "Takmannen" kom relativt tidleg i dag, og eg forstod det slik at han angra på at han hadde tatt jobben, og det forstår eg godt; men eg er no glad for at han legg nytt tak på huset, det er ikkje så enkelt å få tak i folk som gjer det , Men det var no litt irriterande for han at han ikkje fekk jobba førre veka då det var så fint.

Eg var budd på at det ikkje vart hagearbeid i dag, så eg hadde laga meg ein annan plan. Når eg har planen klar får eg gjort det eg skal. I dag gjorde eg først noko som eg synest er veldig lite populært; eg vaska og rydda heile kjøleskapet. Det var ikkje så kjekt, men veldig OK når eg var ferdig.

Men eg hadde meir tid, så eg gjekk ned i kjellaren og henta opp to bæreposar med frosne plommer frå i fjor haust. Eg kokte sylte av vel 5 kilo plommer. Det var ikkje slik at eg hadde bruk for sylta akkurat no, men eg treng plassen i storefrysaren viss eg skal få tømt garasjefrysaren- for den skal eg snart koble ifrå.

Då eg var ferdig med sylta var det tid for litt middagsmat, det vart oppvarma graut i dag og det var heilt OK.  Etter at eg hadde ete vart det ein episode av "The Crown" -eg synest det er kjekt å sjå den om att.

No har eg eit par jobbar igjen i dag. Eg skal ta inn post til naboen og ev.vatne blomstrane, og så skal eg flytte litt av det som er i garasjefrysaren inn i storefrysaren i kjellaren. 

Det har vore litt huskaldt dei siste dagane og i dag hadde eg på varmepumpa ei lita stiund. Elles fyrer eg i omnen med diverse fjølebitar, men ikkje mens det er folk på taket.



søndag, september 11, 2022

Dabbok 2022 : 11.september (Nine-eleven)


Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 17 grader C. Det er nokså mykje skyer på himmelen, men det er opplett og sola er framme no og då.

Det er ikkje så mykje som skjer her på sundagar. Eg var oppe til rimeleg tid, etter at eg hadde hatt ei uroleg natt med mykje vondt i foten. Det kjem seg når eg begynner å lede på meg. Styrte litt med blomstrane mine etc. før eg gjekk opp og sat ei stund på benken med Marit. Ho sit der når ho passar hunden.

Eg ville gå ein tur på Vernet i dag, men før eg gjekk begynte eg å koke risgraut som eg skulle ha til middag, den var halvkokt og fekk stå og godgjere seg til eg kom heim att- Eg går ikkje fort når eg er på tur, og så sit eg litt på nesten alle benkane, så det går nesten ein time før eg er heime att.


Det er fint å sitte på ein benk og sjå utover bygda; Ørsta har vakse mykje sidan vi kom hit i 1965. Fleire nye "bydelar" har kome til. Eg føler meg etter kvart meir som ørsting enn som eidar. Eg har no budd her mykje lenger enn på Eid.




Då eg kom heim var det berre å gi grauten eit nytt oppkok så var den ferdig. Når eg har kjøpt inn for mykje melk brukar eg å lage graut, og i dag hadde eg poteter att frå i går, så vart det spekepølse med potet og flatbrød til forrett og graut etterpå. I morgon kan eg lage riskrem til dessert viss eg vil. 

Etter middagen i dag såg eg ein episode av "The Crown" på Netflix. Men serien begynte på ein heilt annan stad enn då eg såg den sist. Denne gongen starta det litt før Elizabeth gifta seg. Eg veit ikkje om eg skal sjå heile serien, men det var kjekt å sjå litt akkurat no

Eg synest det er kaldt i huset for tida, men eg fyrer i omnen når eg frys, brenn på bygningsmasse, dvs små plankebitar som er til overs. Sparer på straumen! I går sette eg på oppvaskmaskina, då var det ei veke sidan eg hadde vaska opp sist.Dvs, eitt og anna hadde vel blitt vaska for hand.

I morgon har eg fri på ein måte, trur ikkje det blir plenklipping denne mandagen, tysdag er det trening, onsdag er det pensjonistmøte og torsdag skal eg til legen-då må eg skofte treninga. Eg er bra i rute med hagearbeidet, men har litt på gang enno. Eg er spent på nokre roser som skal til å blomstre no. Eg hugsar ikkje kva dei heiter eller korleis dei ser ut.No skal eg ta ein kopp kaffi og så får eg sjå kva meir eg kan finne på. Må visst ha meg eit spøt snart viss det blir mykje innetid.

Tek kanskje ein tur bort og ser etter om naboen sine blomster treng vatn i dag.

lørdag, september 10, 2022

Dagbok 2022: 10.september


 Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 18 grader C og sola skin framleis. Kanskje siste dagen no? Det er kaldt og mykje dogg i graset om morgonen, det veit vi som er tidleg oppe.

I dag orka eg ikkje å vere så mykje ute tidleg på dag, men eg tok inn posten og vatna potteplantane til naboen som er bortreist i helga. For å nytte tida til noko nyttig så støvsuga eg teppegolva mine. Solveig ringde og fortalde at ho ikkje kom innover i dag slik ho hadde tenkt, for ho var blitt så forkjøla. Eg høyrer at folk her i bygda også er forkjøla, eg har ikkje vore forkjøla på mange mange år, men eg tek influensavaksine kvart år-og eg trur det er lurt.

Så skulle eg prøve å sette i hop den nye kompostbingen min. Eg hugsa at eg streva med den første, men den fekk eg no til på ein måte. Det gjorde eg ikkje i dag, så eg gav meg på det. Då begynte eg-eller rettare sagt -heldt eg fram med å klippe og renske rundt buskene på plenen, og no er eg snart i mål med den jobben; eg må stusse buskene litt så dei ikkje blir for store og så må eg fjerne graset rundt. Det tek meir tid enn ein skulle tru. Då det nærma seg middagstid gjekk eg inn og laga meg eit "herremåltid", med spekesild/kryddersild og alt tilbehør. Etterpå sette eg på oppvaskmaskina for første gong denne veka, og så la eg meg ut på altanen på solsenga med ei bok på øyret. Eg har ikkje snakka med nokon i dag, med unntak av Solveig på telefonen,  Marit og eg held no alltid kontakten på Messenger.

 


No er det alt som blomstrar ute. Dette bildet tok eg frå altanen og ned på to klematisar som veks oppover tilbygget, den eine er mørk lillablå, den andre lavendelblå . Den lavendelblå grov eg opp og plnta nede i hagen, men noko av rota har vel stått att.. Fargane er ikkje heilt rette på bildet.

fredag, september 09, 2022

Dagbok 2022: 9.september

 

Då eg gjekk heimover i dag gjekk eg elvavegen, der eg alltid gjekk den tida Nils var på Ørstaheimen. Der har dei bygt nokre store hus på hi sida av elva -og no er enda eit  digert hus under oppføring. Trur det er leilegheiter som skal vere der. Vikemarka skule er på same sida av elva som vegen.


Klokka er no17.15, temperaturen ute er + 19 grader C, og sola skin. Det var heilt fantastisk å få denne ettersommaren, i alle fall for oss som har heilårsferie.

I dag hadde eg planen klar, eg skulle få unna fredagsvasken før eg skulle til frisøren klokka 11.45- det gjekk heilt greitt heilt til eg skulle fare. Då var bilnøkkelen mi heilt borte vekk; eg leita på alle tenkelege og utenkelege stader, men ingen nøkkel. Eg plar alltid legge den i ei skål på kommoden i gangen, men det hadde eg altså ikkje gjort i går. Eg hugsa at eg var ute og flytta bilen, og eg hadde låst den med nøkkelen som eg tok med meg i handa og gjekk inn. Ergo måtte den vere i huset. Og eg har berre denne nøkkelen så eg plar passe veldig godt på den. 

Men då det var berre 2 minutt att til eg skulle vere hos frisøren, måtte eg be Marit om å køyre meg ned, og det gjorde ho. Då eg var ferdig klipt, gjekk eg heim att. Eg sat på benken og prata litt med Marit før eg gjekk heim og begynte å leite igjen. Men eg måtte gi opp etter å ha leita i alle bukse-og jakkelommar og elles overalt. Men så kom eg på noko som Marit hadde sagt:"Du må ikkje gi opp før du har leita i bosset". Og der hadde eg no vore for lengst. Men så kom eg på at eg hadde to boss-spann i disken, og i det andre  var altså nøkkelen, innpakka i papir med bær-restar.Eg hadde vel tørka av bordet og tatt nøkkelen med. Eg vart SÅ letta, for eg har berre denne nøkkelen og det er eigentleg reservenøkkelen, for den originale har eg mista for lenge sidan.

Eg har ikkje gjort noko til gagns etterpå heller, berre ete litt og sett TV. Men no har Marit og eg tenkt oss bort å Plantasjen og Coop i Furene. Plantasjen er open til kl.20 og Coop enda mykje lenger. Vi skal fare kl.18 -likar å vente til verste trafikken er over. Eg skriv kanskje meir seinare.

Då er vi heime att frå ein tur i Furene. På Plantasjen kjøpte eg i dag ein sammenleggbar kompostbinge, samme sorten som eg har før, ei greip og ein plantespade. På Coop kjøpte eg mat og toalettpapir. At det står SPAR på posane betyr at eg brukar om att gamle posar.

Planen min er å sette opp den nye kompostbingen og ta greipa og flytte over øvste laget av det som er i den gamle komposten, då blir den fine feite jorda liggande att så eg kan bruke den, Og så kan eg kompostere gras vidare og sleppe å ha det på VØR. Når eg komposterer berre reint gras blir det nokså fort mold.Var det ein god plan eller?

torsdag, september 08, 2022

Dagbok 2022: 8.september


 Klokka er no 17.06, temperaturen ute er + 20 grader C. Det er mykje skyer på himmelen, men sola kjem igjennom rett som det er.No i det siste har vi hatt det finaste veret i år, og når sommaren ikkje var så god, så er det no fint å få slike haustdagar.

I dag måtte eg fare åleine til treninga, for Marit skulle ha telefonmøte med legen sin. Etter treninga køyrde eg bort på ALTI og gjekk opp i gata til frisøren og bestilte time til i morgon. Eg orkar ikkje å ha så "langt" hår lenger.

Eg tenkte på å fare bort på Plantasjen seinare på dag, men når det ikkje har blitt til denne tid, så blir det utsett til ein annan dag.

Etter ei lita kvilestund gjekk eg ut i hagen. Heile sommaren har eg berre fått gjort det som var heilt nødvendig i hagen, no driv eg litt finpuss, som det sikkert er berre eg som ser. I dag klipte eg gras med hand attmed den store steinen Og rundt plommetreet. Klipte nokre greiner av treet, men må nok ta meir (bildet)

Svartsurbærbuska har eg planta litt dumt. Eg skulle ha planta den oppe på plenen  i staden for i skråninga. No vart eg litt redd for at den kunne bikke over, så eg prøvde å støtte den opp litt. Eg tok spettet og greidde å lage eit stort nok hol til å sette ned ein staur, og surra rundt eit tau. Eg klipte også av nokre greiner, det gjer eg kvart år. Og så fekk eg klipt skikkeleg med kantklipparen. Denne buska planta eg fordi den har så fine haustfargar. Eg hadde tenkt å plante fleire, men det har ikkje blitt enno.  

Eg får ikkje gjort så mykje som eg vil, og det er på grunn av at ryggen min ikkje er god, eg må sette meg ned titt og ofte, men det eg gjer blir no gjort på ein måte og eg likar å halde på med noko mens eg er ute. Eg brukte kantklipparen ein del i dag, men hadde ikkje lang nok ledning til å nå alt. Den lange ledninga ligg frå kjellaren til garasjen der Brubakk har saga si.Eg tok ein tur langs hekken, med kantklippar. Det blir mykje å rydde opp i seinare når Brubakk blir ferdig. No er eg spent på kva tid han kjem att, han sa at han ville komme i slutten av veka. No går det mot kveld og sola skin finare enn ho har gjort før i dag.



Bok nr. 30 - 2022: Stormens søster

 


Stormens søster er den andre boken i den spennende og fascinerende serien om De syv søstre - og handlingen lagt til Norge. Ally er en dyktig seiler og skal konkurrere i en av verdens mest utfordrende regattaer når hun får beskjed om adoptivfarens brå og mystiske død. I hui og hast reiser hun tilbake til barndomshjemmet, det vakre slottet ved Genevesjøen, for å treffe sine søstre. Hun har også, uten at søstrene vet det, innledet et kjærlighetsforhold I etterkant av de opprørende hendelsene forlater Ally sjølivet for å følge sporene adoptivfaren har etterlatt henne slik at hun kan finne tilbake til sitt biologiske opphav. Sporene fører henne til Norge, og her oppdager hun at hennes egen historie er nært knyttet historien til en ung og ukjent sangerinne, Anna Landvik. Hun levde for over hundre år siden og var med i den første oppsetningen av Ibsens Peer Gynt, til Griegs berømte musikk. Vi får ta del i Annas dramatiske reise fra en liten bygd i Telemark, via Christiania og videre ut i verden.

..............................................................................................................................................................

No har eg lese den andre boka i serien, og eg må innrømme at desse bøkene ikkje er heilt etter min smak, men eg kjem vel til å  lese den neste også.

onsdag, september 07, 2022

Dagbok 2022: 7.september


 Klokka er no 17.38, og temperaturen i skyggen på trappa er + 20 grader. Det er mykje varmare i sola. Men det er kjøleg om morgonen så det varte litt før eg kom meg ut i dag. Eg strauk litt av klesvasken frå i går før eg gjekk ut i hagen og begynte å jobbe der. 

Det er ikkje alle dagar eg får gjort så mykje som syner att. I dag klipte eg ripsbuska og plukka en del bær som hang att. Eg klipte også stikkelsbærbuska og syrinen, så renska eg rundt trea og hadde på mold frå komposten. Alt tok si tid. Og så måtte eg ha mat og etterpå renska eg ripsen. 

I dag fekk eg Gudmnd til å sette ny sen i kantklipparen, så eg fikk klipt litt rundt nokre busker. Det vart så heitt at eg sveitta, derfor måtte eg gå i dusjen før Marit og eg skulle på gravplassen. Det var ho som køyrde i dag. Eg var der i førre veka og klipte gras og mose på begge gravene, og det hadde ikkje vakse opp så mykje meir så vi fekk ikkje gjort så mykje i dag. Eg fekk tips med e eg kjenner om å ha raude begonia på grava, for den toler regnet. og som de ser på bildet står plantane like fine enno, så vi kan vente med lyngen.

Eg gjekk inn til datamaskina med ein gong eg kom heim, og skulle legge inn bilde, då begynte telefonen å ringe og ringe, så eg måtte sjekke opp kven det var, og så ringe opp att. Det var Anne Ellingsen som hadde vore på tur til Solund i dag. Ho la planen inn på FB i dag, så eg tipsa henne litt, og det var ho glad for. Dei hadde vore både i Trovågen og på Nåra, blant anna. No var dei i Lavik. Eg forstod det slik at Inger Vatn også var med. Det var utruleg nydeleg der ute i dag, og det trur eg så gjerne.

I morgon skal Marit til legen, så eg må fare åleine på trening. Neste torsdag blir det omvendt.

Indianarsommaren kom til slutt så no får vi berre nyte det, no er det heilt greitt å vere pensjonist.


Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...