fredag, september 23, 2022

Dagbok 2022: 23.september


 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 11 grader, akkurat no er det skya og opplett, men vi har også hatt veldige regnbyer.

Eg har ikkje vore så veldig flittig i dag, men eg tok no fredagsvasken etter at eg var ferdig med frokosten. Men då tok eg meg tid til å løyse sudokuen i fredagsavisa. Eg henta den rett nok på nettet i går, men det vart så seint at eg måtte utsette den til i dag. Sudokuane i tysdagsavisa er så lette at det er ikkje noko moro å løyse dei,  dei som kjem i fredagsavisa er vanskelegare, men eg har greidd alle til denne tid. Eg ser på det som hjernegymnastikk.

Eg fekk melding frå Ingeborg i dag, ho og Daniel er heimom ein tur, dei ville ha meg med på den indiske restauranten i morgon, i lag med Margrete. Og eg er ikkje tung å be.Eg likar å gå på restaurant-og eg likar indisk mat. 

Men her kan eg opplyse om at det snart blir sushi å få kjøpt i Ørsta, den restauranten skal ta over der den vesle kina-restauranten var,- i nedste gata. Då blir det vel ørstaturar for Margrete og likesinna. Og eg kjem nok også til å prøve om den sushien er like god som den eg fekk i Volda.

Eg laga meg ikkje middag i dag, men åt opp resten av grauten som eg kokte før i veka.

Takmannen forsvann tidlegare enn vanleg i dag. Det kom ei voldsom regnbyge akkurat då, så det kan vere grunnen. Ja, berre skuldra hans held til han har fått på taket!

Eg sat og såg "The Crown" og strikka ei heil stund. Eg hadde fyrt godt i omnen, eg fyrer for å spare på elektrisiteten. Det eg fyrer mest med no er veden som eg kløyvde i sommar etter at Rasmus og Wenche hadde vore her og saga og rydda.  Det blir litt rydding når eg får vekk veden også.

 No er det fredagskveld, beste kvelden for dei som er i arbeid, og eg vil ønske alle ei god helg.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...