tirsdag, oktober 31, 2023

Dagbok 2023: 31.oktober


 Klokka er no18.50, temperaturen ute er minus 2 grader C og vi har hatt enda ein nydeleg dag med sol frå klår himmel. Marit og eg var på trening i dag men tok beine vegen heim etterpå. Marit hadde ein avtale, men eg gjekk ein tur på Vernet i dag også. Eg må berre nyte fineveret før vinteren kjem.

Eg var i tvil om eg skulle gå på pensjonistmøtet i dag, Marit kunne ikkje gå, så eg måtte ev. gå åleine. Men eg kjenner no sikkert halvparten av dei som er der. I dag fekk Nelly vise fram bilde frå turane i Spaserstokken, og det var sikkert kjekt for dei som hadde vore med, men for meg også, for eg trur kvar haust at eg skal klare å vere  med neste sommar.

Så hadde vi allsong og etterpå det fekk vi pizza +kaffi og kake.

Men så vart det skikkelig stemning når to musikarar freå Volda fekk boltre seg med diverse instrument-det vart som eit heilt danseband. Eg hugsar ikkje kva karane heitte, men han som liksom leidde an fekk opp stemninga, så til slutt song alle gemlisane om englane i himmelen. Det var godt frammøte i dag, sikkert på grunn av alle som hadde vore med på Spaserstokken.

Det gjekk fint å køyre både ned og opp att, for det var tørt på vegane.Eg håper Eli unnskyldar meg viss eg ikkje kan leksa i morgon, vi sat på samme bord i kveld.

No skal eg kanskje sjå litt TV, men eg har nesten ikkje lyst å sette på dagsnytt-sendingane, det er så vondt å sjå på krig og og elende.Men ein må no følgje med.

I morgon er det spansk, vi har det kjekt i lag på den gruppa også, det er sjølvsagt nokre som er med på dei same tinga som eg, og då treffest vi ofte.




mandag, oktober 30, 2023

Dagbok 2023: 30.oktober


Klokka er no 16,30, temperaturen ute er 0 grader og sola forsvann nettopp.Men himmelen er klår,utan ei sky, vi har hatt enda ein fin haustdag med sol og fine fargar. Eg har sete her ei stund, for i dag fekk eg trøbbel med å legge inn bilde igjen. Del vil seie, bilda ligg på maskina, men no får eg dei ikkje derifrå. Men det blir vel ei råd.

I dag vakna eg altfor tidleg, så eg la meg inn i senga igjen og sovna attpå. 

Etter frokosten gjorde eg ein jobb, eg støvsuga teppegolv nokså grundig, så no er det gjort. Etterpå var eg ute og rydda litt i hagen, på trappa etc. Ikkje alt var llike enkelt, for somt var gjennomfrose. 

Eg  rakk å gå ein tur før middag, men på tok eg med meg ein liten lapp med spanske setningar som eg øvde på når eg kvilte på benkane. I dag trefte eg ei dame som eg kjenner og ho kjenner meg. Eg er ikkje heilt sikker,  eg kjenner henne berre når ho er i lag med mannen sin, for han kjenner eg att, og han var ikkje med i dag. Eg må skjerpe meg litt -trur eg.

Middagen i dag vart det samme som i går, og etter at eg hadde ete vart eg sittande i godstolen og sjå nyheiter på TV, det blir verre og verre og eg veit ikkje kvar det skal ende. Det er så grusomt kor dei fer åt at ein skulle ikkje tru dei var menneske.

Eg vart sittande ei lang stund for  eg var litt trøtt. I morgon er det trening, så då går den føremiddagen. Og så blir det å pugge spansk.

No ser eg fram til at Rasmus skal kome laurdags kvelden og  bli  til mandags morgonen. Han skal sette nye hjul på bilen min , noko som eg ser fram til. Han er i Mo i Rana no,  han driv og held kurs rundt omkring i landet.

No skal eg snart ta fram strikketøyet, eg begynte på ein ny lest i går. Eg strikkar med tynt garn så det går ikkje så fort, men det treng det heller ikkje å gjere. Og så skal eg legge i omnen litt for å spare på "krafta"- dei er enno ikkje komne med varmepumpa.

Eg gløymde å opplyse om at det er pensjonistmøte i morgon kl.16

søndag, oktober 29, 2023

Dagbok 2023: 29.oktober

Klokka er no 15.25, temperaturen på trappa her er +4 grader C. Sola skin enno som ho har gjort i heile dag, men det varer vel ikkje så lenge no, kvelden kjem litt tidlegare i dag enn før i veka. Eg retta alle klokker i går, og pressa meg sjølv til å ligge i ro til klokka var nesten 9 i dag. Eg slapp å vente på sola, den kom på stova mens eg enno sat med frokosten. I går varma sola så godt i stova at eg slapp å fyre eller ha på varmeomn på kveldstid. Eg har enno ikkje fått inn den nye varmepumpa.

Eg hadde ikkje store planar for dagen i dag, men det første eg gjorde var å omsette ein tekst frå norsk til spansk. Det er ingen kunst når ein har Google Translate. Verre er det å lære teksten slik at ein kan bruke den i ein samtale. Eg har no i skuletida mi lært både engelsk, tysk og fransk- men eg synest spansk er vanskelegast. Å lære noko nytt når ein er 80+ er i alle fall ikkje enkelt, men det gjeld å utfordre seg sjølv , så kanskje hjelper det .

Eg gjorde litt husarbeid før eg kledde på meg for å gå tur. Der var veldig mykje folk på Vernet i dag, dei som bur på andre sida av "byen" har ikkje sol lenger, så dei kjem hit til oss på solsida.Eg møtte mange kjende og snakka litt med kvar.

Då eg kom heim laga eg middag, eg hadde skrella poeter før eg gjekk og så laga eg potetstappe og pølser- Den retten har eg ikkje hatt på lenge. Etterpå sette eg meg til å sjå eit program om Prins Henrik av Danmark, eg fekk ikkje med meg begynnelsen, men den kunne eg no ha sett om eg ville. Før i tida var det dei kongelege som var "kjendisar", det er dei ikkje lenger på same måte, men eg er framleis interessert i kongar og dronningar m.m. Dei som er no og dei som var før.

Eg trur sola har tenkt å gå ned om ikkje særleg lenge, men eg håper ho kjem att i morgon.

Eg sit no her og strikkar lester og ser TV uansett kva som skjer ute. Men i morgon har eg heimedag og håper å få gjort litt ute, det er somme plantar som ikkje toler denne kulden, så då er det best å få dei vekk-dei kjem att til våren uansett.



 

lørdag, oktober 28, 2023

Dagbok 2023: 28.oktober


Klokka er no17.30, temperaturen ute på trappa er +1 grad C.Men vi har hatt ein strålande dag, litt kaldt på morgonkvisten før sola kom, men ho varmar så godt opp inne i stova at det blir nesten for varmt. Men så slepp eg å kveike i omnen før det er nesten kveld

I dag hadde eg tenkt meg av garde og handle litt, mest matvarer, men eg hadde også ærend på ALTI. Marit ville vere med.

Men først var det dusj og hårvask og påkleding-litt annleis enn når eg berre går her heime åleine. Eg fekk melding frå Solveig at ho ville komme innom ei stund, mens Øystein hadde eit oppdrag i Volda. Solveig kom, og vi sat og prata heilt til Øystein kom att. 

Klokka 13.30 for Marit og eg til Vik, vi hadde ærend på ALTI, men handla mat på KIWI. Det var langt på dag før vi var heime igjen. Det var såpass seint at ev valde å gå ein tur på Vernet før eg laga med mat. Eg vil gå der kvar dag så lenge som det fine veret varer. I dag trefte eg ingen kjende.

I dag vart det grønsakmiddag, lenge sidan sist eg hadde det. Eg er ikkje så nøye på kva eg et, men passar på å få i meg sunn mat .

Bilda mine er like for kvar dag, men det er ikkje dei samme bilda. Eg får til å lage kvadratiske bilde, men eg får ikkje kutte der eg vil, derfor legg eg inn bilda så lange dei er.

Eg har begynt litt på spanskleksa i dag, ein treng nokre dagar før vi kan tekstane som vi skriv utan å sjå etter noko- men det er likt for alle på 80 +

Komande veke skal det vere pensjonistmøte på tysdag, spansk på onsdag og trening tysdag og torsdag. 

I natt blir det kjekt, då kan vi vere oppe til 12, så kan vi skrue klokka tilbake til 11 og vere oppe ein time til. Og i morgon kjem sola klokka 10 i staden for klokka11, men så misser vi sola tidlegare på ettermiddagen- så eg veit ikkje om det er så lurt. Dei fleste av oss ville vel hatt "sommartid" heile året.

Eg har oppdaga at der ikkje er spylervæske igjen på bilen min, eg trur eg har sorten,men eg må få einkven til å vise meg kvar eg skal helle den ned på

 Her er mange rundt meg som kan kunsten. Før i gamle dage måtte ein lære litt om bil, motor etc når ein skulle ta sertifikat. Eg har sertifikat, men veit ikkje ein gong korleis eg skal opne opp panseret.

No blir det kaffi, TV og strikketøy. Ser fram til Stjernekamp

God helg!


 

fredag, oktober 27, 2023

Dagbok 2023: 27.oktober

Dette var utsikta mi då eg sat på benken, men snudde eg meg litt såg eg bort i "Svartebygda" der vi buddde i 5år.Der skin ikkje sola no.



Klokka er no 16.50, temperaturen ute er + 4 grader C, men det er i skyggen, vi har hatt enda ein nydeleg dag med full sol, men det er kuldegrader om natta, så hausten er her.
 Sidan det er fredag har eg vaska og styra i huset, eg har hatt ut sengklede og golvteppe på soverommet og vaska der, det gjer eg ikkje kvar veke. Eg kjem no igjennom programmet mitt, men det går ikkje fort. Det er ryggen som plagar meg når eg driv og bøyer meg. Men det er no ikkje så farlig, for eg verker ikkje når eg er i ro. Det tok si tid å bli ferdig, men det gjer ingen ting, tid har eg.
Eg tok meg litt mat etterpå, og prøvde igjen på sudokuen som eg begynte på i går kveld. Eg har ikkje fått den til enno.

Eg måtte ta ein tur på Vernet mens det var så fint. Eg trefte folk i dag og, men ingen som eg kjende, før det var ei som stoppa der eg sat på ein benk. Ho kjende meg, og då ho sa namnet sitt, hugsa eg henne også. For ho har eit spesielt etternamn fordi ho er gift med ein mann frå Madagaskar. Vi prata no litt, ho var pensjonist ho også no.
No skal eg ta meg av ein klesvask som eg har tørka i trommelen,  så får eg prøve meg på sudokuen igjen, og så blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden.



Utsikt frå benken mot Svartebygda






 

torsdag, oktober 26, 2023

Dagbok 2026: 26.oktober

Klokka er no16.50, temperaturen ute er + 6grader C, og sola skin her hos oss, men ikkje alle har sol lenger no; trur neppe der er sol på Melle der vi budde ein gong.

I dag var det trening 10-11, og eg reiste åleine i dag, Eg håper Marit snart blir så bra at ho kan vere med. Då eg kom heim bytte er skor og gjekk ein runde på Vernet, der var andre som gjekk der også, men ingen eg kjende i dag.

Då eg var heime att var det tid for middag, men i dag vart det berre brødskiver med pålegg. Når brødskivene er heimebakte mettar dei meir.

Planen min i dag var å rydde opp meir i hagen etc. Og eg starta med å prøve å få vekk mest muleg av eføyen som veks voldsomt ute  og  inn i tilbygget. Eg hadde ei gardintrapp som eg brukte inne, men var veldig forsiktig, for eg har ikkje lyst å skade meg. Men eg fekk no rydda ei krå inne i nbygget. 

Men så kom det eg frykta litt, eg hosta og hosta så eg nesten kasta opp og nasen rann. Eg er nemleg allergisk  mot eføy, men det er ikkje alltid det slår SÅ sterkt ut. Eg har alltid ein papirrull i tilbygget,men eg må liksom jobbe litt med plantane før allergien kjem, eg blir ikkje dårleg berre eg kjem nær. Heldigvis har eg allergitablettar, som eg var inn og tok.Eg fekk ikkje vekk så mykje eføy som eg ville hatt, for 83-åringar skal ikkje drive å klatre så mykje, det har eg lært. 

Så eg tok heller og skar ned Klematisen ved garasjen til naboen. Eg har tre like klematis frå samme planten og så har eg to andre. Den rosa står så fint og blomstrar så den får st litt til. Det er ikkje noko som hastar med hagearbeidet, men ein er nødde til å jobbe i hagen så lenge veret er fint. Det er ikkje kjekt å ta det våren etter, og eg er no glsd så lenge eg kan jobbe ute-eg likar det betre enn å styre på inne. Men i morgon er det fredag, og fredagsvasken kan eg ikkje skofte. Dessverre har eg ein rygg som protesterer når eg gjer litt for mykje-og det likar eg ikkje -for eg likar å gruffe på.

I dag er Rasmus 59 år, og eg håper både for min dal og hans at vi kan få feire 60-årsdagen neste år. Eg synest ikke Soolveig og Rasmus er så gamle- men det er litt rart å vere mor til 60-åringar-tida flyg. Mens eg har skrive, har sola gått ned.

Gratulerer med dagen Rasmus! Håper å få sjå deg snart.
 

                                            Mosmarka, den nyaste "bydelen" i Ørsta, 

                             ja litt av Vallabøen er no med på bildet også

onsdag, oktober 25, 2023

Dagbok 2023: 25.oktober


 Klokka er no16.30, temperaturen ute er+ 10 grader og sola skin. Det har vore ein vakker haustdag- vi vil gjerne ha fleire slike. Eg hugsar i fjor då fekk vi det fint i slutten av oktober og utover i november.

Den 25.oktober var bror min sin fødselsdag; hadde han fått leve, hadde han fylt 82 år i dag. I morgon er det Rasmus som fyller år, han blir 59 år. Bodil hadde ein bror som heitte Rasmus, han var fødd den 26.oktober han også. 

Eg var litt  usikker på om den vesle babyen vår skulle ha det namnet, men Nils ville så gjerne  kalle opp att far sin, så det vart Rasmus. At han var fødd på Rasmus, bror til Bodil, sin fødselsdag, var eit teikn på at det var rett. Bror til Bodil vart ikkje så gammal, men vår Rasmus er her. Ja,ikkje her i Ørsta akkurat no, men kanskje kjem han ein tur om ikkje så lenge. Han har kjøpt nye vinterhjul til bilen min, og eg ser fram til å få dei på. Det har vore litt glatt eit par dagar no, men ikkje så mykje at eg merkar det på bilen.

I dag var det spansk-kurs igjen, eg hadde no budd meg godt, men vi kom ikkje så langt at eg fekk "briljere". Alle klagar vi meir og mindre på at vi hugsar dårleg, men at vi hugsar det vi lærde for lenge sidan. Eg påstod at eg kunne første verset på Marseillaisen og då stemte Terje opp og song, med litt hjelp frå meg med teksten. Når eg er på desse kursdagane, tenkjer eg ofte: Her hadde vore tema for ein god komedie.

Då eg kom heim, lessa eg inn i bilen 6 store, svarte sekker med hageavfall og køyrde bort på VØR.. Det var ei stund sidan eg var der sist, så noko av bosset var litt gammalt. Men det blir fleire turar no framover etter kvart som eg klipper ned busker og diverse anna.

Då eg kom heim tok eg på meg Hoka skorne og gjekk ein runde på Vernet i det nydelege veret. Eg trefte ei venninne som eg prata litt med, men elles gjekk eg runden og heim utan noko avbrekk.

Her heime laga eg meg middag av nokre restar etc, og  då eg var ferdig å ete var klokka 16. Så måtte eg sitte litt i stolen med ein kaffikopp , så eg trur ikkje det  blir gjort mykje ute i dag. Det som er litt trasig er at det kjem regn om natta så det blir aldri heilt tørt.

I morgon er det trening igjen, men så er eg "fri" resten av veka.

tirsdag, oktober 24, 2023

Dagbok 2023: 24.oktober




Klokka er no17.20, temperaturen ute er +7 grader C. I dag morgon var det  kaldt og litt is på vegane, men den forsvann fort. Eg køyrde nedover ca 9.30 og det gjekk heilt fint-eg har litt dårleg samvit for dekka mine, men det var ingen problem. Marit var ikkje med på trening i dag, for ho er ikkje heilt i form.EG handla mat på heimvegen for eg hadde ikkje så mykje å bite i på lageret mitt.

Då eg kom heim att gjekk eg ein tur på Vernet, sidan eg skulka i går. Der var det fin sol og mange andre som var ute og gjekk, men ingen eg kjende.
Dåe eg kom heim att laga eg meg mat, i dag vart det brødskiver med  kokt skinke og ost i mikroen. Heilt greitt.

Så vart det jobbing ute i dag sidan veret var bra. Eg klipte ned og hadde i sekk utblomstra  klematis som stod ved kjellardøra og nedanfor tilbygget, for ikkje å seie inne i tilbygget. Både Klemastis og eføy kjem seg inn i tilbygget gjennom sprekker og andre hol. Eg fekk ikkje tatt alt som var inne, for då må eg til med trapp, så det får bli ein annan dag. Med grasklipparen tok eg opp ein god del lauv i dag også- men ferdig er eg ikkje. No fekk eg så mange fulle sekker at no kan eg fare på VØR når som helst. I dag hadde eg ikkje tid , for no treng eg ei stund til å jobbe med spanskleksa til i morgon. (Eg har laga ein tekst sjølv, men så må er lære den utanat- det er det som er problemet.) Eg lærer ikkje så lett lenger. Dessverre. Hukommelsen er heller ikkje i orden, så slik er det. Men det kunne ha vore verre. 
No håper eg på fint ver heile veka - ein "Indian summer"-og neste veke får vi stå opp ein time seinare.






mandag, oktober 23, 2023

Dagbok 2023: 23.oktober



 
Klokka er no16.46, temperaturen ute er + 9 grader og det regnar litt. Det er for så vidt bra ver, men eg ville helst hatt opplett i dag. Faktisk var det bra ei stund utover fløremiddagen. Eg tok med startbatteriet til plenklipparen då eg gjekk ut, og var spent på om eg fekk start, eg fylte på med litt bensin også-og klipparen starta. 

Planen min var å klippe plenen nedanfor huset og få opp noko av lauvet, det gjekk no rimeleg bra, men sjølvsagt fall det stadig nye blad frå plommetreet. Eg fekk ikkje klipt så mykje som eg hadde lyst til, men det er meldt finare ver uti veka. 

Ein ting til fekk eg gjort, eg fekk opna opp for den eldste av kompostbingane, der som eg har berre gras som blir til mold, så no blir det enklare å fylle trillebåra med mold og køyre bort på tomta der "Thujahekken" stod. 

Eg hadde så smått tenkt meg på VØR i dag, men fann ut at eg ville vente til eg hadde litt meir "hageavfall" Det er lenge sidan eg har vore der, men no skal eg snart til å klippe ned diverse plantar, som kjem nye opp av jorda neste år, eg har mange slike. Marit U og eg plar hjelpast åt når vi klipper hekk. Ja, hadde eg ikkje hatt hagen å styre med så veit eg ikkje kva eg hadde funne på- 

Eg rydda litt her og der før eg gjekk inn og fyrte opp i omnen med kvister frå Thujaen som let livet sist sommar. I staden for å kaste heile greia på VØR sat eg ii fleire dagar og klipte dei tynne greinene opp i småbitar. No har eg fyrt mykje i omnen med desse pinnane, men då må eg vere der å passe på. Det brenn voldsomt ei lita stund og så er det å fylle på igjen-så ein kan ikkje gå ifrå. Varmt og godt blir det også.

Eg laga fiskesuppe på laurdag; eg har kjøpt ein kartong med frosen torsk som eg brukar til suppe, eg hadde nok til søndagen også, men i daga laga eg skikkeleg middag med kylling, ris, grønsaker etc. Eg åt sikkert litt for mykje, for då eg sette meg inn i godstolebn etterpå, var det like før eg sovna.

Eg hadde på TV-en og der er det berre mord og krig og all slag ugreier. Eg forstår snart ikkje kva som skjer i verda. Frå min ungdom hugsar eg at det var eit mord i Bergen og det snakka vi om i fleire år.

Bilda mine er framleis høge og smale, men eg driv og lærer meir om det nye bildeprogrammet..



søndag, oktober 22, 2023

Dagbok 2023: 22.oktober

Klokka er no15.20, temperaturen ute er +8 grader, det er lettskya og fint ute, en sola kjem fram berre av og til. Eg skulle eigentleg ha vore med Marit på Kulturhuset i dag, der skal Janne stille med koret sitt ti korkafé, horn musikken skal også vere der , og det skal vere utlodding og mat etc,

 Eg var med på noko liknande før Corona, men i dag melde eg pass.Ein av grunnane var at eg var lite opplagt, men mest var det på grunn av hornmusikken.Eg var redd for at det skulle bli for mykje for tinnitusen. Etter at eg var i gravferda og dei ringde med klokkene var eg plaga i mange dagar ettrpå og er ikkje heilt bra enno.

 Men eg var også litt sliten i hovudet etter å ha "reparert" datamaskiner i heile går utan å komme i mål. I dag starta eg med å skrive spansk på datamaskina, med hjelp frå google translate, eg hadde kladda noko av det før, så no vart det reinskriving. Eg er ikkje ferdig, men godt i gang.

Eg er også komen litt lenger når det gjeld bildebehandlinga i det nye      systemet på bildebehandling. Fekk i alle fall til å legge inn eit bilde      eg tok i dag før middag då eg gjekk runden min på Vernet .Middagen i dag vart resten av fiskesuppa frå i går-Det var sjølv-valt.

                Eg må jobbe meir med spansken i dag, for i morgon kan det bli ver til                   å vere ute i hagen å gjere noko, og så blir det nok nokre turar på VØR

 

 

Eg må visst få hjelp av einkvan som er gode på data. På spanskkuset er det ein som heiter Harald, han har vore datamann på store luksus-skip i årevis. Eg kan no spørje han om ting eg forstår meg på-kanskje. Mi erfaring er at eg må ha eksperten her.

Eg angrar litt på at eg ikkje gjekk på konserten, men eg hadde gløymt å skaffe meg kontantar og det er litt trøblete å bruke vipps i slike høve.I går gløymde eg alt eg skulle gjere å grunn av maskinene. No har eg parkert laptopen i vent på at det kjem ein eller annan ekspert.







 

lørdag, oktober 21, 2023

Dagbok 2023: 21. oktober

 

Klokka er no16.25, temperaturen på trappa er +6 graderC.Tidlegare i dag var det nydeleg sol, men så har det kome skyer til. Ja, berre det ikkje kjem snø, skal eg ta det med ro.

Eg begynte å jobbe med laptopen rett etter frokost,, men eg kom ikkje stort lenger. Dei skulle sende meg noko på e-post, men eg hadde no ikkje e-post på maskina+ Då eg noko seinare var på veg opp til Vernet gjekk lyset opp for meg. Dei hadde sendt koden på e-post -og eg hadde ei maskin til ! Når eg begynner å trøble med maskinene så misser eg evnen til å tenkje.

Eg sende ei melding til Helge og han kom etter ei stund. Då hadde laga fiskesuppe og sat og åt. Han fann ut mykje på kort tid. Lyden kom att på storemaskina då han sette i pluggen. Eg hadde sjølvsagt sjekka det men, men hadde ikkje funne feilen. Det var i grunnen ikkje så mykje i vegen med Laptopen, men eg ville ha den inn på GoogleCrom slik som hi maskina, eg hadde fått inn facebook, og Helge gjorde resten. Vi såg også på bilde-appen og no veit eg i alle fall litt om kva ein kan gjere der-men det er eit langt lerret å bleike, men eg veit i alle fall korleis eg skal sleppe å få så høge/lange bilde. Men eg beheldt bildet over slik det var, elles hadde eg ikkje fått med sola ,trur eg. No har eg kveikt i omnen, i går brende eg opp ein difger bose nmed små kvistar, så i dag har eg tatt opp ein pose til; vil frigjeere litt plass i tilbygget. Der er det reine urskogen, sidan alle klatreplandane har sneke seg inn. No veit eg ikkje kva eg skal gjere resten av dagen/kvelden, men det blir vel å strikke og sjå TV m.m Eg gløymde å skrive God Helg i går men så får eg gjere det i dag.

Eg håper kvar dag på at dei skal komme med varmepumpa, Helge ventar også, for han vil no vere her. men då må det skje komande veke, for veka deretter skal Helge og mora til Spania der systra til Helge er no.

No må eg finne fram spøtet.



 






fredag, oktober 20, 2023

Leonardo da Vinci blomstrar enno, og stilkane er blitt kjempelange, truleg for at det har vore så vått.Det er enno søkkvått i graset, så eg veit ikkje om eg får klipt plen og få bort alt lauvet som ligg der


 
Klokka er no16.20 og det
er berre + 6 grader ute, men det er sol og fint. Det har det vore i heile dag.
 
Eg har hatt ein aktiv dag , med fredagsvask + litt meir vask og forsøk på vindusvask. Når sola er så låg som no, vises det på vindua at dei ikkje hadde vore pussa på ei stund. Eg gjorde slik som eg plar. Eg vaskar vindua med Zalovatn og skyller med hageslangen. Det brukar å gå veldig bra, men i dag vart eg skuffa over resultatet, så eg må nok ta det att. Eg fekk vaska datarommet i dag og tørka støv, så hadde eg ut teppet, men kom i skade for å sprute vatn på det, så det lyt få henge ute ei stund.
Middagen i dag vart brødskive med makrell i tomat, den spicy typen. Eg var litt i tvil om eg skulle gå på Vernet i dag, for eg var litt sliten, men tur vart det. Og så vart det å prøve å få tak i bilda eg hadde tatt, det gjekk no på ein måte, men eg veit ikkje korleis eg skal få rette storleiken på bilda.
Eg hadde tenkt at dei skulle komme med varmepumpa no, så hadde eg vel hatt Helge her, og han kan hjelpe meg med det meste -som er elektrisk


Eg likar å ta bilde rett på sola, men då ser det ut som om det er mørkt ute, det er det ikkje.

 

torsdag, oktober 19, 2023

Dagbok 2023: 19.oktober


Klokka er no16.15,temperaturen ute er akkurat no +8 grader, men inne varmar sola så eg slepp å fyre eller ha på el-omn. Det einaste aberet med sola er at ho avslører kor skitne vindua er på utsida. Eg får sjå om eg kan vaske dei i morgon-men ikkje i dag.
Eg var litt redd for at det skulle vere glatt på vegane i dag, men det var det ikkje-trur eg.Men det vart eit anna problem; sola låg så lågt at eg fekk den midt i augene då eg køyrde nedover. 
Marit og eg hadde kvar sin bil i dag, fordi eg skulle ta vaksine etter treninga. Og det gjorde eg. Eg skulle i grunnen ha vore der i går, men det er ikkje så nøye. I går var der stappfullt og folk stod i lange køar. Ho som vaksinerte meg, sa at ho trudde der hadde vore 1000 menneske innom. I dag var der nesten ikkje kø, og eg fekk ei sprøyte i kvar arm, men eg har gløymt kvar som var covid og kva som var influensavaksine. Det var kanskje litt dumt i tlfelle eg får reaksjon, men det har eg no aldri fått, og eg har tatt alle vaksinane som har vore råd å få.
Etter at ein har fått sprøytene skal ein sitte i ro i 20 minutt, men det har eg aldri gjort. I dag sat eg kanskje i 2 minutt, men der var ingen eg kjende, så eg berre gikk ut og tok bilen og køyrde opp på KIWI. Eg synest det er litt rart at eg treng å handle så ofte, men eg kjøper ikkje noko som eg ikkje treng.
Då eg hadde fått frå meg varene, gjekk eg ein tur på Vernet og i dag var der så fint at eg sat på nesten alle benkane. Då eg kom heim laga eg meg litt mat, og så rydda eg aldri så lite rundt huset, men ryggen protesterte så eg gjekk inn att og sette meg i godstolen med strikketøy og TV, eg sovna ei lita stund, for eg hadde vore tidleg oppe -og vore nokså aktiv.
No har eg funne ut litt meir om bilda på PC-en, det er eit nytt program som dei har lagt inn, så eg finn vel ut litt av kvart framover. Det som irriterer meg mest er at bilda blir så smale. 
I morgon er det fredag igjen, og viss det høver slik må eg ein tur på VØR, her står nokre fulle sekker, men det blir fleire etter kvar når eg begynne å klippe ned diverse plantar. Heile tilbygget er fullt at klatreplantar-inne også. Men eg har fått brent opp ein del hageved, så der er litt meir framkomeleg.
 

onsdag, oktober 18, 2023

Bok nr. 6 2023: Den bortkomne

Eg har aldri lese så få bøker som i år, og eg veit ikkje akkurat kvifor. Eg har ei heil kasse med bøker som eg har fått, men lese berre nokre få.

Men når svigersonen kjem ut med ny bok les eg sjølvsagt- Denne boka er heilt annleis enn bøkene han har skrive før. Denne er meir " i tida" på ein måte. Eg vil ikkje seie så mykje meir, men eg likte boka godt og den var lett å lese. Elles anbefaler eg at de les den sjølv, og gjer dykk opp eigne meiningar.
 

Dagbok 2023: 18.oktober

                                                          I dag klokka 8.20
 

tirsdag, oktober 17, 2023

Dagbok 2023: 17.oktober






 Klokka er no15.43, temperaturen ute er+8 grader og det har ikkje regna så mykje i dag. 

Vi var på trening 10-11 og reiste rett heim etterpå.

Eg var betre av tinnitusen i dag, så då slappa eg litt av, men eg har no lyden på øyret heile tida-uansett.Det har eg hatt meir og mindre i nesten 20 år-

Eg kveikte i omnen og  styrte litt med så ymse, før eg gjekk på Vernet. Eg fann fram ei god varm boblejakke som eg berre brukar når eg mokar snø, men i dag tok eg den på når eg gjekk på Vernet og det var bra. Elva var større enn nokon gong før, og eg tok video av den+ at eg tok mange andre bilde. Men så skal eg ha bilda inn på PC-en og no har eg fått det til nokre dagar, men ikkje i dag. Til slutt fekk eg inn desse langsmale bilda, men det er ikkje slik det skal vere.

Då eg kom heim åt eg resten av fiskesuppa som eg laga i går, måtte ha ei skive eller to i tillegg.

Eg har sete ei god stund og jobba med spansken ,eg kan alt godt her heime, men når eg kjem ned på Bakk-Ola får eg det liksom ikkje til. Men eg veit sjølv kva eg kan- I morgon har vi spansk kl11-13, og etterpå kan eg fare bort på kulturhuset og få vaksiner. Det står i avisa i dag. Eg veit ikkje om vi kan få influensa- og koronavaksine på samme tid-men eg trur det. Eg tek imot alt eg får.

No skal eg slappe av med litt strikketøy, boka til Øystein har eg lese ferdig. Eg likte den godt.

mandag, oktober 16, 2023

Dagbok 2923: 16.oktober


Klokka er berre 15.50, men eg får vel ikkje så mykje meir å skrive om i dag. Ute regnar det, og eg prisar meg lukkeleg for at fjorden ligg der og tek imot vatnet som silar ned. 
Då vi var små hugsar eg at vi snakka om søkke-myr, det var noko vi var redde for. No tenkjer eg på søkkemyr når eg går på plenen. Eg går der ofte og hentar opp ved. Då må eg passe på å ikkje gå i same fotefara fleire gonger, for då blir plenen øydelagd.
Sjølv om veret er ufyseleg, ville eg gå runda mi på Vernet likevel. Eg hadde kveikt i omnen og hadde det varmt og godt, og eg hadde jobba litt med spansken før eg kom meg av garde. Bildet over viser korleis det ser ut attmed vegen opp . I sommar var der tusen lupinar som blomstra, dei er visna for lengst men står der som brune stilkar. Men dei er allereide begynt å tenkje på våren, for frå røtene kjem det grøne blad, ja, til og med har eg sett at somme blomstrar for andre gong. Når eg går på Vernet ser eg på alt som veks også, det er eit stort mangfald av plantar sidan jord og grus har blitt køyt til frå mange kantar.
Det kom ein mann køyrande med traktor oppover til topps, snudde og kom ned att. Då hadde alle sauene stilt seg opp attmed grinda og ville vere med heim.Men eg trur han måtta ta dei heim i to omgangar for der var ein flokk att.


Eg gjekk i regnjakke, så eg heldt meg bra tørr, men buksa vart vår, så den måtte eg ha av meg då eg kom heim. Eg kledde meg litt om før eg tok bilen og køyrde ned til ALTI, eg skulle ha nokre tablettar på apoteket.
Men den eigentlege grunnen for å fare nedover var at eg ville kjøpe frosen fisk på SPAR. Eg har gått minst ei veke og tenkt på fiskesuppe, og i dag måtte eg berre ha det. PÅ heimvegen kom eg på to ting som eg hadde gløymt, så eg stakk innom KIWI , Der trefte eg Marit.
Eg begynte på fiskesuppa mens eg pakka ut varene og den blei fort ferdig. Det er ikkje den aller beste fiskesuppa eg har smakt, men god nok. Eg åt og åt, men der vart ein liten slank att-til i morgon ?.
Så måtte eg ha kaffi, men eg trur eg sovna litt framfor TV-en likevel. Det heiter seg at fiskesuppe er sovemedisin, og det trur eg på.
No har eg henta opp meir ved, så eg sparer straum, men den blir vel billeg no?
Så har eg sett litt på TV, men ikkje strikka enno og eg er heller ikkje heilt ferdig med boka. I morgon er det trening igjen, så kanskje eg kan la vere å gå på Vernet då.
No er det + 5 grader ute, og på PC-en står det: Mye regn. Eg håper at vi slepp mykje snø no har vel himmelen tømt seg for vatn.

 

søndag, oktober 15, 2023

Dagbok 2023: 15.oktober

                                         Ildtopp kjøpt på KIWI

Klokka er no 17.33, temperaturen ute er+4 grader . I dag har det regna , men på PC-en min står det: SNØ I MORGEN. Eg grøsser, men eg ser at snøen er komen langt nedetter fjellsidene alt no.

Eg stod ikkje opp før klokka 9 i dag, og etter frokosten sette eg i gang å fyre opp i omnen; det var ikkje så kaldt i stova for varmeomnen står på om natta. Men eg bala ei stund før eg fekk det til å brenne. Då sette eg meg til med strikketøy og TV.

Eg gjorde no litt av kvart før eg gjekk opp til Marit i 13.30 tida. Der fekk eg smake belgiske vaflar +kaffi. Vi prata ei god stund før eg gjekk ned att og gjorde meg klar til ein tur på Vernet, Der var faktisk andre folk også, dei fleste med hund . I dag også møtte eg ein mann som let til å kjenne meg, men eg har ikkje funne ut kven det var; som eg har sagt før; eg har problem med å kjenne att folk- Men vi snakka berre om veret så eg vart ikkje avslørt denne gongen heller.

Naboane kom att frå Kanariøyane i går, og fekk eit lite sjokk då dei såg veret.

Eg hugsar at det regna mykje i oktober i fjor også, men vi fekk fint ver i november, men då nådde ikkje sola ned til oss.

No skal eg strikke ferdig lest nummer to til Solveig. Eg har heldigsis mange lestepar på lager, og det har Solveig også. Eg plar seie at lestane eg stikkar kjem til å vare lenger enn eg sjølv.

Så er ferieveka over og komande veke blir det både trening, spansk og ev. kurs i digitale hjelpemiddel- det er berre irriterande at det kurset er lagt til same tid som spansken. Håper dei kjem med varmepumpa denne veka, for no saknar eg å ha den.

 



                 Regn på Vernet i dag, Eg er glad så lenge det ikkje er snø-

lørdag, oktober 14, 2023

Dagbok 2023: 14.oktober



Klokka er no16.50, temperaturen ute er +6 grader C og det regnar. Det har det gjort i heile dag, og eg har venta på at det skulle halde opp, såpass eg fekk gått ein tur på Vernet, men det har ikkje blitt noko av. "Mye regn" står det i vermeldinga på PC-en min, no lid det så langt på dag at eg har gitt opp å gå tur- Eg var  ein liten tur -med bil, ned på KIWI på føremiddagen. Eg var lens for brød og gad ikkje å bake: ja, det vart no kjøpt litt anna også. Eg fall for freistinga å kjøpe ein blomst til å ha på bordet. Orkideen måtte få stå i vinduet så den får nok sol, tenkte eg.

Elles har eg fyrt i omnen, like mykje som å få det varmt vil eg brenne opp noko av veden som eg har i tilbygget, for eg treng plassen der til andre ting også- Men no varmar eg godt opp men greinene som eg sat og klipte på i sommar. Det er ingen dryg ved, men eg har det varmt og godt til tross for at eg ikkje har fått varmepumpa enno. Eg synest dei kunne komme med den no.

Eg er komen godt i gang med boka til Øystein, men eg hadde litt problem med å konsentrere meg i dag, for eg hadde ete noko som eg kalla middag og vart veldig trøtt etterpå.

For å få gjort i alle fall litt av spanskleksa, begynte eg å jobbe med den. Det er ikkje heilt enkelt å lære eit nytt språk i min alder. Hadde eg vore 50 år yngre hadde det gått lett.

I går kveld strikka eg ferdig den første lesten til Solveig  -der garnet har fargar frå eit maleri av Van Gogh. Det er veldig tynt garn, så det går ikkje fort. Eg har begynt å like tynt garn til lestar etter at eg kjøpte meg nye bambus-pinnar. Og eg har tid til å strikke tynt. Skal legge opp den andre lesten no så kan eg strikke mens eg ser TV- Ser fram til Stjernekamp.
 


fredag, oktober 13, 2023

Dagbok 2023:13.okrtober




Klokka er no 16.18. Temperaturen ute er + 11 grader og det regnar ikkje-enno i alle fall. Eg kom nettopp heim frå ein runde på Vernet. Dei to bilda over her er tatt mens eg stod nær trappa. De øvste peikar fram mot Mosmarka, og enda lenger framme ser eg at det er snø i fjella der. 


 I dag har eg vore heime åleine og prøvd å jobbe litt. Eg hadde god tid, så eg fekk både vaska og støvsuga. Det som bremsar meg litt i jobbinga er ryggen, derfor blir det mange kvilepausar, gjerne framfor datamaskina. Men eg vart no ferdig til slutt, og etter at eg hadde ete litt vart det tur på Vernet. I går gjekk eg så "lett på foten"-i dag var det litt tyngre.

Eg møtte ikkje så mange i dag, men er trefte to gamle damer med side svart klede-og dei såg ikkje norske ut. Men dei helste og smilte då eg møtte dei. Då eg var komen nesten ned, trefte eg ein mann som stoppa og prata. Det virka som om han kjende meg, men eg har ikkje aning om kven har er. Men det sa eg ikkje. VERNET er ein friplass der alle snakkar med alle Og mange går der for å treffe nokon. Eg går no mest for mosjonen, men litt artig å treffe folk også.

Eg har to kjekke ting eg skal gjere no, eg skal lese i Øystein si bok, og så skal eg strikke på lestane til Solveig. Det er enno ikkje råd å gjere noko ute. Det er for vått-.


Det var kjekt å sjå att sola




                                Hagenissane har ikkje gått i hus enno.


                             








torsdag, oktober 12, 2023

Dagbok 2023: 12.oktober


Klokka er no17.54, temperaturen ute er +7grade og det er overskya, men det regnar ikkje så mykje i dag, og det er no bra.
Eg strevar med å legge bilde inn på datamaskina og får ikkje til å forbetre dei. Det er vel eit nytt program, såpass vi eldre får noko å kave med. 

Orkideen på bordet har fått litt dårleg bakgrunn , men den er veldig fin og høveleg i fargen no når vi går mot advent. Eg fekk den av Margrete i dag.
I dag skulle Amanda og Eirik flytte frå Margrete til Lars, og då ville dei besøke meg, Erlend og Ingrid. 
Eg hadde ei gulrotkake i frysaren som eg tok opp, og så skulle eg steike vaflar.
Men først måtte eg gå ein tur på Vernet, for no hadde eg skulka to dagar. Eg gjekk lett i dag , berrføtt  i skorne. 

Då eg kom heim såg eg at eg var tom for melk, så eg måtte i full fart på butikken og handle litt. Så laga eg vaffelrøre og dekka bordet innimellom. Gjestane kom litt før eg hadde tenkt men det var no berre kjekt, og begge dei små hundane var med. Eg steikte vaflar og bar på bordet etter kvart, så dei fekk ete dei nysteikte. Erlend skulle på jobb, men han fekk no vere med ei stund, Ingrid køyrde han til bussen og kom att. Etter at vi hadde fått i oss litt gulrotkake også, vart vi med Ingrid ned i kjellarleilegheita og fekk beundre leilegheita slik den no er. Den er totalt forandra -til det betre. 
Og så er det kjekt for meg å ha dei to unge i huset- folk som høyrer til i Storfamilien vår-

Eg har vaska ei maskin med klede i dag og spanderte tørketrommel på dei. Så no er alt på plass. No skal eg kose meg med ovnsvarme, strikketøy, TV og bok. Eg har begynt på Øystein si. Margrete fekk ei også, som ho gløymde å ha med seg. Det vart litt styr med hundar og bur etc. då dei skulle fare.
Vi får sjå om vi kan få avlevert den før det går for lang tid. I morgon er det fredag igjen, fælt kor ofte fredagane kjem no for tida. Og mandag er  skuleferien slutt. Men vi pensjonistane har framleis ferie.


 Slik var veret då eg gjekk tur i dag, Snøen på Melshornet er nesten heilt vekke.
 

onsdag, oktober 11, 2023

dagbok 2023: 11. oktober


 Klokka er no 20.15 , temperaturen ute er +4 grader og det regnar og regnar, så dei to siste dagane har eg ikkje gått tur på Vernet. Dagen i dag har eg berre surra rundt og ikkje fått gjort noko-ikkje det at eg hadde lyst å gjere noko heller.

I dag var det bosshenting av papir og plast. Her var så mykje plast at det vart to sekker. Bossbilen tok med den eine. Dei fleste gongane har eg ikkje verken papir eller plast, så eg synest dei er litt firkanta. Når det var så mykje denne gongen kom det av at det har vore oppussing og innflytting i kjellaren.

Eg var på spansk-kurs frå 11-13,  det er alltid koseleg, og i dag var det fleire som møtte opp enn det var førre veka. 

Då eg kom heim henta eg ved i tilbygget og prøvde å spyle klipparen som eg hadde sett ifrå meg som han var, fordi eg trudde eg skulle klippe meir dagen etter. Men det vart ikkje ver til det og slik gjekk dagane . No må eg vel vente til naboen kjem heim og tek den med høgtrykkspylaren sin.

Middagen i dag vart restar frå i går+ litt dessert. Marit kom ned og prata ei stund, det var nokre dagar sidan sist vi hadde passiar.

Eg likar ikkje dette veret, men eg har det varmt og godt, og har tett tak så det er ikkje synd i meg. No går det i strikking av lestar -og TV- med krigar og anna som ikkje er så kjekt. Desse siste åra har det vore så mykje : Korona, krigar, jordskjelv, flaumar , osb. Eg veit ikkje om det blir slutt på elendigheita nokon gong.

I morgon ventar eg Margrete + barn , så eg ser fram til å få besøk.

tirsdag, oktober 10, 2023

Dagbok 2023: 10.oktober


 Klokka er no17.23 og temperaturen  ute er + 13 grader, men er i alle fall bra at den steig opp att,kulde er det verste eg veit.

I dag venta eg Solveig på besøk, så eg sette på fårikålgryta og kokte middagen nesten ferdig. Solveig kom som avtalt og hadde med seg både det eine og det andre, det vil seie garn og bok. Solveig kjøper ein del garn rimeleg på nett, men eg hadde fått litt for lite garn til eit par lestar, så eg måtte kjøpe eit nøste til. Det ligg øvst i dungen.

Solveig køyrde til Volda, der eg kjøper garnet mitt, og så var eg på Møre konfeksjon og kjøpte meg enda ein genser. Vi hadde tenkt å sjå oss om på Bruktbutikken, men der var stengt i dag, så vi såg berre inn vindua. Då kom to av dei som jobbar der ut i døra og prata litt-dei to bur tilfeldigvis her i Starevegen, den eine av dei er min nære nabo. Det var ikkje det at vi skulle ha noko spesielt, men der er så mykje fint å sjå på; så det kan hende det hadde blitt ein handel om der var ope. Der er veldig mykje tallerkar, glas, fat og skåler, og det er no ganske bra sidan vi ikkje lenger har glasmagasin i bygdene. Eg skulle ønske at eg hadde bruk for noko, men eg har alt eg treng og vel så det.

Då vi kom tilake til Ørsta spanderte Solveig kake og kaffi på ALTI. Der trefte eg to som eg kjenner, det er sjeldan eg gjer  der. Eg ville vise Solveig Fontena og butikken til Aandahl så vi gjekk opp i gata. På fortauet trefte eg ei eg kjenner, og inne på butikken trefte eg ei til. Der er så mykje fint på butikken både til små og store, eg sa til Solveig at ho må reklamere der ute for denne butikken, der er altfor få kundar, og eg vil ikkje at dei skal legge ned. Det er så dumt at alle som kjem til Ørsta berre fer inn på ALTI. Vi skulle ikkje ha noko i dag ,men såg på diverse. Eg kjøpte ein genser der førre veka.

Då vi kom heim att, sette eg på potetene og varma opp att fårikålen og så åt vi middag + kaffi og is.



Boka heiter: Den bortkomne

Solveig hadde også med seg den nyaste boka til Øystein, den kom ut for ikkje lenge sidan. Eg las dei første sidene høgt til meg sjølv, og det var ikkje så dumt- det var som å høyre melodien i språket. Der var ei bok til Margrete også, så no har ho eit ærend hit.

I morgon er eg på spansk-kurs frå kl.11-13. Eg har i lekse å lære 4 linjer utanboks, og det strevar eg med. Når eg tenkjer på kor lett eg hadde for å lære utanboks før, då eg var ung, så er det heilt tragisk. No skal eg kombinere TV, strikking, spansk-lekse og lesing av bok. Så då tenkjer eg det blir nok for i dag.

mandag, oktober 09, 2023

Dagbok 2023: 9.0ktober

 




Klokka er no18.43, og det er åt og skymest ute, snart må vi legge frå oss sommartida- og då blir det mørkt enda tidlegare på kvelden.

No er det + 5 grader ute og det har vel regna litt i dag også, eg har ikkje vore så mykje ute, får ikkje styrt med noko i hagen så lenge det er så vått.

Eg sov veldig godt sist natt og eg trur det var fordi eg hadde på meg strikkalester. Eg brukar å ha det, for dei har forska på det og fann ut at dei som sov med ullester sovna fortare og sov betre enn dei som låg berrføtt. No har eg gått berrføtt heile sommaren -sjølvsagt om natta også. Men i det siste har eg ikkje sove så godt, før no.

Eg var lens for sovetablettar, så det første eg gjorde i dag var å fare ned på Apoteket, kjøpte litt anna også- men ikkje mykje. Då eg kom heim gjekk eg ein runde på Vernet. Elles har eg gjort lite og ingenting fornuftig i dag. Eg strikkar på eit lestepar, det gjer eg nesten alltid, men eg er snart lens for garn. Til middag i dag kokte eg berre graut, kan no ikkje ha noko veldig godt kvar dag. Elles har eg løyst sudokuar og øvd på spansklleksa- Her har ikkje vore nokon i dag, man eg snakka med ei venninne på telefonen.

I morgon kjem Solveig innover ein tur, og då skal vi ein tur til Volda og kjøpe garn. Der er det mykje betre utval enn her.

Eg har litt problem med å legge bilde inn på PC-en -eg får det no til på ein måte, men til slutt har eg kopiert bilda så der er mange av kvar sort -og det er ikkje meininga.Eg finn vel ut av med med eller utan hjelp.

Det er ikkje så kaldt no lenger som det har vore siste dagane, så i dag har eg ikkje fyrt i omnen, men brukt elektrisk varme. Ventar på varmepumpa !!!!!!

søndag, oktober 08, 2023

Dagbok 2023:8.oktober


 Klokka er no16.07, temperaturen ute er + 6 grader, men "temperaturen stiger" står det på skjermen min. ja, det er no vona, for dette er ikkje så kjekt, meir snø i fjella og regn så det monar. Eg likar det ikkje.

I dag hadde eg veden klar så eg fekk  fyre i omnen med det samme eg var oppe i tillegg til å ha el-omnen på fullt- så det vart fort varmt og godt, og det er no ei lita trøst i dette veret. Det er sjølvsagt mykje ein kan styre med inne om det er aldri så vått ute, men når veret er slik blir det til at eg sit framfor TV-en og strikkar. Lestar!

Men då klokka hadde passert 12.30 tok eg på meg regnklede og gjekk ut og opp på Vernet. Eg trefte to damer på om lag samme alder som eg, og som eg kjende, men det var ikkje så mange der oppe i dag som det plar vere sundag føremiddag.

Eg gledde meg til middagen i dag, for eg skulle ha det beste eg veit, spekesild.

Kvar gong eg et spekesild tenkjer eg på mamma. Ho var også glad i det, og då ho var gammal, slik eg er no, var det nesten berre det ho hadde lyst på.

Men heilt frå eg var ganske lita(ung) var eg også glad i spekesild. Eg hugsar at vi måtte rense den sjølve då, og mamma var flink til det; det var no ho som måtte gjere det, og eg stod spent og såg på om der var ister i silda, for då fekk eg den. For dei som ikkje veit det kan eg fortelje at ister er ein slags fett-tråd som ligg langs beinet i silda.

No kjøper eg silda ferdig renska og eg kjøper den som er krydra, så lagar eg kålstuing og kokar poteter til. Og attåt har eg sylta raudbetar og tyttebærsylte. Det siste er noko nytt som e venninne fann på-men det er skikkeleg godt. Eg har sikkert skive om dette før. kanskje eg håper på å omvende dei som ikkje trur -til å like sild.

Ettermiddagen var eg ikkje i stand til noko anna enn å sette meg i godstolen og sjå TV-enda ein krig, enda fleire som vert drepne, eller heimlause . Kva i all verda skal det vere godt for. Forstår dei ikkje at krig er øydeleggande og berre det. Ingenting blir betre av krig! Er det ikkje nok med flaumar, jordskjelv og andre ulykker om ein ikkje skal starte ein krig i tillegg. Det er nok vondt i verda no.

Marit har vore på hytta i helga, men kjem att i kveld. Trasig for skuleborna som har fri denne veka viss ikkje veret betrar seg.

No skal eg ha meg ein kaffikopp og så skal eg strikke litt igjen. Og håpe på betre ver. Eg har mykje som skulle ha vore gjort ute i hagen før vinteren kjem

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...