torsdag, oktober 12, 2023

Dagbok 2023: 12.oktober


Klokka er no17.54, temperaturen ute er +7grade og det er overskya, men det regnar ikkje så mykje i dag, og det er no bra.
Eg strevar med å legge bilde inn på datamaskina og får ikkje til å forbetre dei. Det er vel eit nytt program, såpass vi eldre får noko å kave med. 

Orkideen på bordet har fått litt dårleg bakgrunn , men den er veldig fin og høveleg i fargen no når vi går mot advent. Eg fekk den av Margrete i dag.
I dag skulle Amanda og Eirik flytte frå Margrete til Lars, og då ville dei besøke meg, Erlend og Ingrid. 
Eg hadde ei gulrotkake i frysaren som eg tok opp, og så skulle eg steike vaflar.
Men først måtte eg gå ein tur på Vernet, for no hadde eg skulka to dagar. Eg gjekk lett i dag , berrføtt  i skorne. 

Då eg kom heim såg eg at eg var tom for melk, så eg måtte i full fart på butikken og handle litt. Så laga eg vaffelrøre og dekka bordet innimellom. Gjestane kom litt før eg hadde tenkt men det var no berre kjekt, og begge dei små hundane var med. Eg steikte vaflar og bar på bordet etter kvart, så dei fekk ete dei nysteikte. Erlend skulle på jobb, men han fekk no vere med ei stund, Ingrid køyrde han til bussen og kom att. Etter at vi hadde fått i oss litt gulrotkake også, vart vi med Ingrid ned i kjellarleilegheita og fekk beundre leilegheita slik den no er. Den er totalt forandra -til det betre. 
Og så er det kjekt for meg å ha dei to unge i huset- folk som høyrer til i Storfamilien vår-

Eg har vaska ei maskin med klede i dag og spanderte tørketrommel på dei. Så no er alt på plass. No skal eg kose meg med ovnsvarme, strikketøy, TV og bok. Eg har begynt på Øystein si. Margrete fekk ei også, som ho gløymde å ha med seg. Det vart litt styr med hundar og bur etc. då dei skulle fare.
Vi får sjå om vi kan få avlevert den før det går for lang tid. I morgon er det fredag igjen, fælt kor ofte fredagane kjem no for tida. Og mandag er  skuleferien slutt. Men vi pensjonistane har framleis ferie.


 Slik var veret då eg gjekk tur i dag, Snøen på Melshornet er nesten heilt vekke.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...