onsdag, oktober 11, 2023

dagbok 2023: 11. oktober


 Klokka er no 20.15 , temperaturen ute er +4 grader og det regnar og regnar, så dei to siste dagane har eg ikkje gått tur på Vernet. Dagen i dag har eg berre surra rundt og ikkje fått gjort noko-ikkje det at eg hadde lyst å gjere noko heller.

I dag var det bosshenting av papir og plast. Her var så mykje plast at det vart to sekker. Bossbilen tok med den eine. Dei fleste gongane har eg ikkje verken papir eller plast, så eg synest dei er litt firkanta. Når det var så mykje denne gongen kom det av at det har vore oppussing og innflytting i kjellaren.

Eg var på spansk-kurs frå 11-13,  det er alltid koseleg, og i dag var det fleire som møtte opp enn det var førre veka. 

Då eg kom heim henta eg ved i tilbygget og prøvde å spyle klipparen som eg hadde sett ifrå meg som han var, fordi eg trudde eg skulle klippe meir dagen etter. Men det vart ikkje ver til det og slik gjekk dagane . No må eg vel vente til naboen kjem heim og tek den med høgtrykkspylaren sin.

Middagen i dag vart restar frå i går+ litt dessert. Marit kom ned og prata ei stund, det var nokre dagar sidan sist vi hadde passiar.

Eg likar ikkje dette veret, men eg har det varmt og godt, og har tett tak så det er ikkje synd i meg. No går det i strikking av lestar -og TV- med krigar og anna som ikkje er så kjekt. Desse siste åra har det vore så mykje : Korona, krigar, jordskjelv, flaumar , osb. Eg veit ikkje om det blir slutt på elendigheita nokon gong.

I morgon ventar eg Margrete + barn , så eg ser fram til å få besøk.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...