fredag, september 30, 2016

Dagbok 2016: 30.september.

Så er vi komne til den siste dagen i september og det går ikkje an å leike at det er sommar lenger. No er klokka snart 18.00, temperaturen ute er + 9 grader C, det har styrtregna heile dagen, men i dei høgste fjella har det kome snø.
Vi har fyrt litt i omnen og har varmepumpa på, taket er tett og vi lid inga naud.
I dag har eg ikkje gjort anna enn å vaske bad og kjøkken. Og så har eg strikka litt. Til middag tok vi opp ein rest med fårikål frå frysaren, så no trur eg alle restar er vel fortært. Det kom seg med matlaginga då Nils begynte å ete igjen. No et han bortimot normalt. Men det er ikkje nok, så han må ha styrkedrikkar i tillegg.
Eg føler abstinens no når eg ikkje får klippe gras og halde på ute, særleg sidan eg ser at der skulle vore klipt ein gong til før vinteren.
I kveld blir det mykje TV så eg tenkte det var best å skrive på bloggen først best.
Vi har ikkje vore og handla til helga i dag, så det blir kanskje ein tur på byen i morgon.
Så vil eg ønske alle ei god helg !Vonar veret betrar seg. Når eg ser bort i Melshornet no er der fleire elvar enn eg har sett på lenge.

torsdag, september 29, 2016

Dagbok 2016: 29.september

Klokka er snart 20.00. Temperaturen er + 10 grader og det har regna i heile dag. Men enno er det von om fleire fine haustdagar.
No har eg site her på "datarommet" i aldri så lenge og rippa bøker som eg har lagt inn på minnepinne til Solveig og MP 3 til meg sjølv. Men eg har ikkje site med hendene i fanget, no er det strikking av lestar igjen, eg finn ikkje på noko anna å strikke, og lestar er sytalaust.
I dag var det ingen som vekte oss, så vi sov lenge. Det er no skikkelig sovevêr også, då.
Etter frokost tok eg meg saman og vaska og rydda i kjøleskapet, det har vore så fullt av mat i lengre tid at eg har ikkje sett meg syn med å ta affære med det, men altså-i dag.
Etterpå shina eg opp kjøkkenet slik at berre golvvasken står att til i morgon.
Så var vi ein tur nedover. Nils skulle bestille time hos fastlegen, og eg skulle på biblioteket. Leverte inn ei bok, og fekk med meg to nye. Eg hadde begynt på ei bok som ikkje fenga meg noko særleg så eg kjem til å lese ei av dei eg fekk i dag.
Det er Nils som bestemmer kva vi skal ha til middag, og i dag vart det fiskekaker i brun saus med mandelpoteter til. Kamerat Kjell har hytte i Skjåk så han forsyner oss med mandelpoteter. Grønerterstuing hadde vi i frysaren. Nils åt godt, og seinare skeia vi ut med krone-is og kaffi. Det er kjekt å ete i lag igjen.
Etterpå fekk eg telefon frå ei veninne og Nils ringde til ein venn. No skal eg joine han som har vore inne i stova ei lang stund åleine.

onsdag, september 28, 2016

Dagbok 2016: 28.september

Klokka er 18.15, temperaturen er + 10,8 grader C og det har regna i heile dag. Eg har ikkje vore ute for ei dør. Eg har mykje eg skulle ha gjort ute, men då må det vere opphaldsvêr.
Vi var relativt tidleg oppe i dag, for Nils skulle vere i Volda klokka 10.00. Eg rakk akkurat å rense resten av teppegolva, dvs. datarom, gang og vindfang, før han kom heim att.
I går var vi innom fleire forretningar i Ørsta for å finne ein krakk til å sitte på inne i dusjkabinettet, men ingen hadde. Då sa eg:" Dei har sikkert på Bygg-Mix i Volda, for der har dei alt." Nils var enig, og i dag, etter at han hadde vore på sjukehuset, var han innom - og krakk fekk han. Dermed slapp vi å bestille på nettet.
Eg hadde lova Nils Taco i går, men då vart det berre tomatsuppe, så i dag fekk han ønsket sitt oppfylt. Han har fått beskjed frå legen om at han må ete mykje kjøt, fisk og egg for å få i seg nok protein. Han får no i seg bra med mat no, men det skal noko til at det blir nok.
Vi sløva etter middagen, og for meg er det heilt uvant å vere så lat etter ein så aktiv sommar. Elles har eg streva litt med datamaskina i dag også, og fekk i alle fall skrive ut eit par dokument som eg ikkje har fått til å skrive ut før.
Nils fekk nettopp telefon frå ein han kjenner som hadde sett Rolf på TV-om bord i Atløy. Eg blir nesten sjokka når eg ser dei gamle båtane på TV. Dei er så små !Værøy, Nesøy og Atløy gjekk mellom Solund og Bergen den tida eg var der ute -i all slags vêr. Og ikkje sjeldan gjekk dei på grunn. Eg var ikkje med på noko dramatikk.
I dag har eg lese ut ei bok, og så har eg funne fram spøtet-hausten er komen.

Bok nr.65 - 2016: Farvel til Eddy Bellegueule

Farvel til Eddy Bellegueule (LYDBOK)
«Jeg har ingen lykkelige minner fra barndommen. Jeg mener ikke at jeg aldri i løpet av disse årene har følt lykke eller glede. Men smerten er totalitær: Alt som passer inn i dens system, luker den vekk.»

Slik starter debutromanen Farvel til Eddy Bellegueule til Eduard Louis utgitt i 2014 og på norsk i 2015 av forlaget Aschehoug, som jeg har fått boken fra. Her er link til forlagets omtale av romanen. .

Romanen er selvbiografisk, og det var godt å vite at hovedpersonen Eddy etterhvert kommer seg bort fra det destruktive miljøet han vokser opp i. Med stor fattigdom. En landsby i nord Frankrike der det er viktig for en gutt å vise at man er en hardhaus. En gutt skal ihvertfall ikke være homo, homoer er hatobjekt nummer en. 

Når Eddy både er feminin og homo, får han ikke et enkelt liv. Mobbing på skolen med både psykisk og fysisk vold der Eddy som tiåring blir kalt for homo, homse, soper, bøg, rompis, fægg, skeiving, skrulle, kuksuger, rævpuler, gaylord, femikladd, skinkerytter, bakstikker. Drittslenging hjemme. 

I det samfunnet Eddy vokser opp er vold og alkoholisme regelen, ikke unntaket. Farfaren var alkoholiker og slo farmoren:

«Faren min bare så på, maktesløs – han var for liten, fanget i en spinkel barnekropp. I stillhet samlet han opp hat.»

Da faren var fem år forlot farfaren familien sin: farmoren blir alene med seks-syv unger uten penger og ingenting å spise. Når farfaren etter mange år er død, feires det. Det ble etterhvert den lokale fabrikken for faren, der han slet ut ryggen. For gutter er det der de havner etter grunnskolen.

Moren hadde to barn da de møttes; faren til ungene var alkoholiker og døde av skrumplever. Hun ble gravid da hun av 17 år. Når moren og faren får det første barnet sammen, Eddy, er det viktig å gjøre mann av han.
.....................................................................
"Franske bøker er ikkje som andre bøker", brukar eg å seie. Det har noko med det å gjere at franskmenn er så utruleg opphengde i kva klasse ein høyrer til i. Noko som vi her i Norge sjeldan snakkar om. Det har med jobb og utdanning å gjere, korleis ein snakkar, kler seg osb. Eddy er fødd inn i arbeidarklassen, eller kanskje enda lågare. I USA ville han vel vore "White Trash" . Men han førler seg ikkje heime der, og enda verre er det sidan han tidleg oppdagar at han er homo. Og så er han skuleflink Han vil bort!
Boka er på 4 CD-plater, og eg likar veldig godt slike korte bøker. Og eg likte denne.

tirsdag, september 27, 2016

Dagbok 2016: 27.september

Klokka er 19.30. Temperaturen ute + 13 grader C og eg trur sommaren er slutt no.
I dag hadde eg planar om å rense heildekkingsteppet på stova, så det vart dagens prosjekt. Det likna litt på plenklipping-eigentleg. Kunne godt ha klipt plen, forresten, men det er for vått i graset.
Eg hadde fram alle møblane i tur og orden, og eg trur teppet vart reint og fint. Men den flekken.......den fekk eg ikkje bort denne gongen heller. No har eg prøvd alt. Då eg hadde berre ei bot att, var det slutt på rensevæska, så vi måtte nedover og kjøpe meir. Det vart også ein liten tur bort på Rystelandet og eit stopp på Kiwi.
Etter at eg hadde rensa siste delen av teppet, laga eg tomatsuppe, med to egg til kvar. Nils skal ete mest mulig proteini form av egg, kjøtt og fisk, men det er ikkje alt han har lyst på, så det er ikkje så enkelt.
Vi får vel seie at han har hatt ein relativt bra dag i dag. I morgon skal han til Volda og få magesprøyte. Det er ein ampull som ligg under huda og tilfører medisin heile tida. Han har ei dame der borte som er flink å sette sprøyta, legane greier det som regel ikkje utan å bryte nåla. Derfor har han denne spesielle avtalen med ei av sjukepleiarane i Volda to gonger i året. Eg veit enno ikkje om eg blir med bortover. Vi har eit anna ærend også, men han greier det kanskje utan meg.
Eg er litt gåen i ryggen i kveld, desse møblane våre som skal flyttast fram og tilbake er ikkje av den lette sorten, men i morgon er eg sikkert i form igjen. Då skal eg rense teppa i gangen og vindfanget, trur eg.
Eg låg ei stund på sofaen og las i ei ny bok, den er ganske kort, og eg veit enno ikkje kva eg synest om den. Tenkte eg kunne strikke litt i kveld, men eg veit ikkje kvar eg har gjort av strikketøyet mitt....
Trur ikkje nokon har stole det. Men først skal eg legge i hop ein klesvask. Tørka i trommelen i dag, orka ikkje å henge opp ute. Elles blir det til at eg ser ein del TV for å vere litt sosial. I kveld skal eg sjå Helene når ho flyttar inn i fengselet. Ho har laga nokre veldig gode og nokså rystande program om andre institusjonar før.

mandag, september 26, 2016

Dagbok 2016: 26.september

Klokka er ca. 19.00. Temperaturen er +15-16 grader; det har vore relativt bra vêr i dag også, litt skya, litt sol og litt regn og vind.
I dag var vi tidleg oppe og tok busen frå Ørsta klokka 9. Nils hadde time på sjukehuset kl.10.30, og det skulle vi rekke. Men ikkje alle bussar køyrer til sjukehuset og i dag måtte vi bytte buss på Moa og kom litt for seint til legen (ca.5 min.). Dessverre var det ikkje godt nytt i dag. Etter at Nils hadde fått 3 behandlingar var det stor stas, men så gjekk alle verdiar opp att til eit uønska nivå. No blir det ny tablettkur, med nye, dyre tablettar, og så får vi sjå om det verkar bra. Det er 12 år sidan han fekk diagnosen, og dei fleste åra har han hatt det bra, så no lyt vi ta det som kjem og håpe det beste.
Paradoksalt nok har han vore i betre form i dag enn på lenge. Den første oppgåva er å få opp att vekta til det den var. Det var etter behandling nr.5 han blei så elendig. I dag har han ete bra, til og med drukke kaffi. Og eg var innom apoteket og fekk proteinpulver utan smak som han kan tilsette maten. Det var legen som anbefalte det. Elles har han legetimar både her og der i lang tid framover. Det var dagens rapport frå sjukeheimen. Eg vil berre at alle skal vite at vi ikkje sit her og deppar; då går fint an å både ringe og stikke innom for dei som vil.
Etter at vi kom heim att åt Nils resten av fiskesuppa frå fredag og drakk ein boks vørterøl, før han la seg og sov litt. Eg las ut boka mi, den som eg har skrive om her. Elles har eg ikkje gjort det skapte grann.
Eg har trøbbel med datamaskina, som vanleg, for det halvinstallerte programmet ligg og stenger for mykje anna (slik eg ser det)-så eg må ha hjelp til å av-installere det, eller gjere det ferdig.
I dag skulka eg styremøtet i pensjonistlaget for første gong-trur eg. Neste veke skal vi markere den internasjonale eldredagen, men då tek kommunen og Eldrerådet det meste av ansvaret.

Bok nr. 64 - 2016: Skorpionen

Skorpionen
Skorpionen er den sjette boken om Tom Hartmann, mannen som har en egen evne til å havne i de mest bisarre situasjoner.
Organisasjonen Water Watchdogs mistenker båten Skorpionen for ulovlig fiske og jager den norskregistrerte linebåten i Antarktis. Under jakten blir skroget til Water Watchdogs' båt flerret opp av et isfjell, og synker umiddelbart. Mannskapet omkommer. Bortsett fra én.
Tom Hartmann redder en ung eritreisk asylsøker som hopper fra en bro i Kongsberg. En buss med pensjonerte operasangere forulykker etter årsmøtet på Holmenkollen Park. Og en ledende norsk telebedrift utsettes for et massivt hackerangrep. Den nylig avgåtte lederen dør av uforklarlige blødninger utenfor sitt eget hjem.
Alle disse hendelsene har forbindelser til en kriminell organisasjon som kaller seg De kaukasiske søstrene.


Hør alle Øystein Wiiks spennende lydbøker om Tom Hartmann 
- Dødelig applaus
- Slakteren
- Hvit panter
- Casanovasyndromet
- Rekviem
- Skorpionen
.....................................................................................
Eg meiner at eg har lese alle bøkene til Øystein Wiik. Han skriv faktisk godt, og han les inn bøkene sjølv på lydbok. Denne boka er som dei andre, nokså eventyrleg, dramatisk, grotesk og brutal. Men også litt morsom. Eg les bøkene som om dei skulle vere gamle folkeeventyr-og ikkje røyndom. Det som var litt ekstra i denne boka var at sluttepisodane var lagt til Nordfjord. Det trur eg er første gong så dramatiske hendingar foregår der.

søndag, september 25, 2016

Dagbok 2016: 25.september


Mobilbilde. Den rosa spireabusker blomstrar endelig.


Klokka er ca 18.30, temperaturen er no + 21 grader, tidlegare i dag var den oppe i ca +25 grader C. Det har vore lettskya og litt vind, så det er ikkje noko å seie på vêret. Berre synd at vi ikkje kan nyte det slik vi gjerne ville. Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen, og Nils har ikkje vore så langt ein gong. Forma er ikkje betre enn den har vore. I morgon skal vi til Åse, då tek vi buss. Det er no ingen lysttur, men meir spennande enn det som godt er.
Nils låg det meste av føremiddagen, eg gjorde litt husarbeid, rydda, vatna blomster etc. Og så laga eg middag som vi åt så tidleg som klokka 15.30. I dag var det spekesild med poteter og kålstuing. Nils åt nesten like mykje som eg. Eg måtte legge meg på altanen med lydboka og kvile etter måltidet-eg er ikkje vant til så mykje mat eg heller no for tida. Eg sovna på solsenga. Sola skin framleis, men no er der skygge på altanen på grunn av store tre i nabolaget. Nils har funne seg ein fotballkamp i dag også, og det er heilt greitt, berre han greier å vere oppe. Han klarer som regel å sitte oppe om kveldane.
No skal eg tømme oppvaskmaskina og så må eg gjere alt klart til morgondagen, vi må tidleg opp då.
Det har vore mange fine dagar denne sommaren og hausten, og eg er litt misunneleg på alle dei som har fått farta på ute. Eg har vore mykje ute i hagen; det er også betre enn å måtte vere inne.

lørdag, september 24, 2016

Dagbok 2016: 24.september


Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er + 17,5 grader, det er overskya og det blæs litt. Det er varm og deilig vind, slik som eg likar. "Eg likar blæs", sa Ingeborg då ho var lita- og det gjer eg også.
Her har det vore om lag som vanleg i dag, etter den nokså dramatiske kvelden i går. Nils sov til klokka var 10; eg vakna før, men låg og las til han vakna. Elles har eg ikkje gjort mykje i dag. Har rydda litt i huset, jobba med eit dataproblem-utan resultat- og lese litt i boka mi.
Nils låg det meste av føremiddagen og vel så det. No er han oppe.
Eg ville ut ein tur og fann ut at eg kunne gå ned på Kiwi og handle, og så kunne eg ringe til Nils når eg var ferdig, og slik blei det. Det er eit stadig problem at Nils ikkje har lyst på mat, men i dag kunne han tenke seg spekesild. Det kjøpte eg, men så kjøpte eg også eit beger med fiskebollar frå Volda fiskemat. Trur det må vere fleire tiår sida sist. Så fekk han velje mellom spekesild og fiskesuppe. Sidan det leid så langt på dag valde han suppe. Så kan vi ete silda i morgon, litt tidlegare på dag, for det blir ein del drikking etterpå. Kjøpte også litt druer og anna som kanskje fell i smak. No har eg sjølv ete to store tallerkar med suppe, men så hadde eg ikkje smakt mat sidan frokost.
I kveld ser eg fram til "Stjernekamp", sjølv om ikkje hip-hop er min favorittsjanger. "Skal vi danse" tek eg opp og ser på hurtig-spoling.
Eg håper sjøfararane har det bra i dag, at dei ikkje vart skræmt frå å fiske i all framtid. Det er litt av ein overgang om hausten;  når ein går tilbake til normaltid vert det enda mørkare tidleg på kveld. Dessverre er sommaren forbi.
Sidan eg gløymde det i går får eg ønske alle god helg, det er no litt att av helga enno.
Ikkje berre har eg problem med datamaskina for tida, eg får heller ikkje til å overføre bilde frå kamera til data. Derfor juksar eg litt i dag og legg inn bilde av minstemann på Kongsberg , som har slått seg på fotball. (Det er eigentleg Rasmus sitt bilde.)

fredag, september 23, 2016

Dagbok 2016: 23.september

Klokka er snart 20.00, temperaturen ute er berre + 12 grader C, men det er meldt varmare vêr i morgon. Vi er bortskjemt med behagelege temperaturar no. Nokre regnbyger har det vore i dag, men også små glimt av sol.
Denne dagen har vore ein skikkeleg sosedag. Eg har ikkje gjort noko som helst føler eg på. Men slike dagar har vel dei fleste.
Nils skulle nedover å ta blodprøver i dag, og han insisterte på å køyre sjølv. Men eg fekk lov å vere med. Etter eit par tablettar etc. var han i form til å fare, og blodprøvene kom i boks. Etterpå var vi bortom biblioteket; eg leverte to bøker og fekk to andre att.
Då vi kom heim sette eg meg til å rippe bøker, mens eg strikka og høyrde lydbok på samme tid. Nils sovna på dagsenga og sov minst ein time.
Eg går elles til og frå med tablettar, vatn og diverse anna. No mot kveld kviknar han til litt. Eg kokte litt tyntflytande rømmegraut som han fekk i seg. Elles har vi ikkje ete skikkeleg middag sidan førre laurdagen. 
Birte og Håkon kom innom og fekk nøkkel til hamna. Dei fekk instuksar om starting av motor m.m. og tilbod om å ringe om dei fekk problem. Og det fekk dei. I skrivande stund ligg dei med motorstopp, og må truleg ro til lands. Nils snakkar med dei i telefonen og gir gode råd. No skal han visst kontakte folk der ute. Det er ingen ting som står på, men eg trur her sit ein som kunne tenkt seg å vore litt nærmare.
No har Nils fått tak i ein som skal "berge" dei, dei har brote eine åra.
PS:
Eg får legge til at ungdommane vart berga til slutt, det var Røde kors som fann dei, og så fekk dei sjølve i gang motoren og kom seg inn i hamna på Rjåneset. Solveig og Øystein var også ute og leita-frå land og til slutt hamna alle her i Starevegen. Eg vart litt redd etter kvart som mørket seig på; dei hadde ikkje lommelykt og ikkje meir straum på mobilane.

torsdag, september 22, 2016

Dagbok 2016: 22.september

Klokka er 18.00. Temperaturen er + 18 grader C, og det har vore delvis skya, med litt sol, i dag også, men det hadde regna sist natt. Vêret er det ikkje noko å seie på, det er fint haustvêr, og eg er glad så lenge vi kan ha det mildt og fint.
Nils har lege det meste av dagen i dag også, men no har han kome seg fram or senga, dusja og fått på seg reine klede. Han har ete litt også-2 grillpølser til denne tid. Han plar kvikne til litt om kvelden. I går la han seg tidleg, med då måtte eg inn med yoghurt-bytta hans etter han hadde lagt seg-då var han brått svolten. Av og til står han opp og et om natta også. Han har litt av ein jobb med å få i seg mat.
No har han tatt eit par Paracet, og då kvikna han til. Dei tablettane kan han ta-det har eg sjekka ut med legen. Eg er no i stillinga sjukepleiar og personleg assistent. Ikkje at eg har noko imot den stillinga, men eg håper pasienten frisknar til snart.
I morgon skal han ned og ta blodprøver. Det er eit stort aber at eg ikkje køyrer bil, til tross for at eg har gyldig sertifikat. Ragna Riise fekk behalde sertifikatet sitt og ho er 89 år gammal no.
I dag, etter at eg var ferdig med morgonstellet, og Nils ville bli liggande, tenkte eg at eg like godt kunne ta og vaske ned kjøkkenet. Det gjorde eg, men heilt ferdig vart eg ikkje, for eg greier ikkje å ta fram kjøleskapet åleine. Eg får utnytte eitt av dei sterke barnebarna ein gong dei er på besøk. Elles så hadde eg vaska skuffer og skap før, så det var berre tak og vegger eg måtte ta-ikkje var her skite heller. Eg var ferdig til klokka 13.
Marit G. og eg var på Amfi og handla. Vi skulle begge på apoteket og på Coop, så det passa bra. Ho skulle nedover uansett. Det er som eg før har sagt inga sak når ein har gode naboar. Men eg håper Nils blir betre før dei blir lei av maset vårt. Eg har eit bra matlager i hus, og ikkje minkar det noko særleg heller, så ingen må attelete på at vi svelt.
Eg veit at mange lurer på korleis det går med Nils, derfor skriv eg om det her, for dei fleste som er interesserte les bloggen .
I dag har eg jobba med eit lite dataproblem også. Fekk ei plate med eit program frå Rasmus. Fekk lagt innhaldet inn på maskina, men så ville den ikkje godta produktnøkkelen som Rasmus hadde sendt med. Eg er ikkje noko datageni akkurat så eg får problem med det meste.

onsdag, september 21, 2016

Dagbok 2016: 21.september

Klokka er 20.15, temperaturen er + 16,6 grader C og no regnar det ute. Så no er eg sanneleg glad for at eg gjekk ut seint på ettermiddagen og klipte dei to resterande plenbitane. Skulle slå f.m. men då var det for vått i graset. No er det meldt meir regn framover, så då lyt eg finne meg innearbeid.Eg har mange jobbar på vent, men likar best å vere ute.
Nils har vore litt betre i dag, men er framleis slapp og uvel. Eg forstår meg ikkje heilt på det, men mandag får vi snakke med legen-kanskje ho kan forklare stoda. Han har i alle fall fått i seg litt mat i dag, og berre det er jo ein liten framgang.
Føremiddagen i dag sosa eg vekk mykje av. Prata med naboane, vi har eit lite treff ved postkassene, så las eg ut boka mi. Nils var oppe ei lita stund, men la seg inn på senga mens eg støvsuga alle teppegolva.
I dag ville Nils ha speilegg og då åt eg også det. Det var "middagen" i dag. Vi slappa av i kvar sin recliner før eg gjekk ut og hadde potetene i bingen og klipte gras. Begge deler er slikt som Nils brukar å gjere, så eg får instruksjonar. Eg har lært mykje siste halvåret.
Og slik gjekk den dagen.
No prøver Nils å sjå fotballkamp. Akkurat det interesserer meg ikkje mykje.
Begynte på ei ny bok i dag, men eg har problem med å konsentrere meg, så det blir mykje tilbakespoling. Det hadde sikkert vere betre med papirbøker på den måten.

tirsdag, september 20, 2016

Bok nr. 63 - 2016: Kalypso

Sterk oppfølger til suksessen «Wienerbrorskapet».

På et sykehus i Oslo våkner politietterforsker Fredrik Beier langsomt til live. Han husker ingenting fra kvelden som førte ham hit. Ved en villa på byens beste vestkant bor en barnløs, gammel enke, og postmannen reagerer på at hun ikke lenger tar inn avisen. Beiers kollega, Kafa Iqbal, tar seg inn i boligen, men enken er forsvunnet. Et overvektig mannslik ligger derimot i trappen - denne mannen finnes ikke i noen offisielle arkiver. Politiet finner snart en ny død kropp, og Fredrik og Kafa avslører at de to har en ting til felles. De innser at de står overfor en gjerningsmann som har mye å hevne, og ingenting å leve for.
Gjennom intens spenning og flere fortellinger og tidsplan som flettes inn i hverandre, forener Johnsrud storpolitisk thrillerhandling med politiromanens nordiske noir-realisme.
Terningkast 6: «Glem alt snakket om «den vanskelige andreboka». Ingar Johnsrud fortsetter å levere krim på absolutt internasjonalt toppnivå.»
Sindre Hovdenakk, VG

......................................................................................................
No har eg lese ferdig denne boka, og den fortener kanskje den gode kritikken den har fått. Eg har lese den svært sporadisk, utan altfor lange leseøkter, så eg skal innrømme at eg hadde problem med å følgje med i svingane. Det belei for mykje folk og hendingar å halde greie på. Eigentleg burde eg ha laga meg ei rolleliste og lese boka om att-men kven les krimbøker for andre gong? Ein ting kan eg i alle fall seie: Boka er godt skriven!

Dagbok 2016: 20.september

Klokka er 19.45, temperaturen er + 17 grader C. Det har vore fint vêr i dag, med mykje sol, særleg etter middag. Nils var litt betre i dag, såpass han stod opp og åt frokost.Men frisk er han ikkje, han har lagt for det meste, på dagsenga på datarommet.
Eg for no berre rundt og styrte litt først på dagen. Klokka 13.30 køyrde Marit Urke meg på biblioteket og så til frisøren i mosmarka. Så no er eg nyklipt om ikkje anna.
Bildet over tok eg med mobilen då eg gjekk heim frå frisøren. Det er prosjektet "Engeset panorama"- eit bygg med 30 leilegheiter fordelt på tre etasjar.( Kjekt for dei som bur bakom.) Dei jobbar flittig der no.
Elles har eg vaska og hengt ut klede og gått pasienten til hånde. Kamerat Kjell kom med mandelpoteter frå Skjåk. Eg fekk sekken opp i trillebåra og køyrde den ned i tilbygget. Godt vi kjøpte ny trillebår i vår.
Elles har eg drive og rippa lydbøker. Dagane går fort, til tross for at det ikkje skjer så mykje.

mandag, september 19, 2016

Dagbok 2016: 19.september

Klokka er 21.35, temperaturen ute er + 15 grader C. Det har vore overskya, men stort sett opplett i dag. Som de kanskje har lagt merke til manglar det bilde på bloggen for tida, har problem med å få overført bilde frå fotoapparat til data. Nemlig.
I dag har det vore ein trasig dag her hos oss. Nils har vore sengeliggande heile dagen. Han kom seg ikkje fram or senga før klokka var 20.30 i kveld. Han er slapp og sløv og har ikkje appetitt. Han tok det nok litt for traveldt dei dagane han var bra, slikt har straffa seg før Han er oppe no i kveld ei stund.
Eg var inne ei stund på føremiddagen i håp om at han skulle komme seg på beina, men så gjekk eg ut og jobba. Først grov eg opp eit ripstre som skulle fjernast, og så vart det plenklipping. Tok heile skråninga med el-klippar. Det tek si tid, men så kan eg ta det litt rolegare enn når eg brukar bensinklipparen. hadde ikkje tenkt å klippe plenen rundt huset, skulle berre samle opp litt lauv, men så vart det til at eg klipte heile. Opp mot vegen tok eg ikkje i dag. Elles har eg gjort "forefallande" husarbeid, som vanleg, og passa på pasienten. Så det er ikkje så mykje å skrive om.
I morgon skal eg til frisør kl.14.00, og viss ikkje Nils er oppegåande får eg fri til ein av naboane. Skulle vore innom biblio og henta eit par bøker også. Håper sjølvsagt på at Nils kjem seg til att, for dette er trasig.

søndag, september 18, 2016

Dagbok 2016: 18.september

Klokka er ca. 18.30. Temperaturen på trappa er + 20 grader C, max. temp i dag +25 grader. Det har vore nydeleg vêr i dag, sol og varmt. Om sommaren er vi ikkje "plaga" med at det blir varmt inne, men no når sola står lågare på himmelen må vi sette opp både dører og glas.
Nils var i bra form både torsdag, fredag og laurdag, så no trudde vi det verste var over, og at vi for ein gongs skuld kunne finne på noko kjekt om sundagen.
Slik vart det ikkje. Nils var elendig i dag tidleg og vart liggande etter at eg hadde stått opp. Eg rekna med at han kom seg etter kvart, men klokka var nærmare 17.30 før han kom seg fram or senga. Og då var det ved hjelp av diverse tablettar. Frisk er han ikkje no heller, men han er i alle fall oppe.
Det seier seg sjølv at det vart ein noko trasig dag for meg også. Hadde det vore kvardag kunne eg jobba ute, slik eg har gjort i heile sommar, men om sundagane held vi fred.
Det er mykje eg kan gjere inne også, men ein har no lyst å nyte finevêret også. Dermed har eg site/lege på altanen og lese i lydboka mi. Men det er vanskeleg å samle tankane somme tider. Dessutan er boka av det slaget som "hoppar" i tid og stad og det er litt problematisk når ein les lydbokversjonen. Boka har fått terningkast 6-og den er ikkje dårleg.
No håper vi på at Nils blir betre i morgon, og så må han lære å ta det med ro sjølv om han føler seg bra innimellom.
Jørn var her og spurde etter Nils -elles har vi ikkje snakka med nokon i dag.
No har han i alle fall funne seg litt sport på TV.

lørdag, september 17, 2016

Dagbok 2016: 17.september

Klokka er 23.15, temperaturen ute er + 17 grader C. I dag var asfalten våt då vi stod opp, og vêret var ganske grått, men det lysna utover dagen.
Nils var i bra form og eg foreslo at vi kunne ta ein tur til Volda og besøke grava til Harald, sidan vi ikkje var der på gravferdsdagen. Og det gjorde vi. Ingen av oss hadde vore der før, men vi fann lett fram. Gravplassen på Rotset er veldig fin, og mykje større enn eg hadde trudd. Vi fann grava, men det er kjekt å ha bildet som Ingeborg tok mens kransane var friske og fine.
Sidan vi likevel var i feil kommune, handla vi på Coop i Furene. Eg likar meg betre der enn på Coop på Amfi. Eg klaga i går over at eg ikkje hadde mat i hus, men det har vi no. Det er merkeleg: Vi har ete lite i sommar, men trur aldri vi har handla så mykje som i år. Det kan vere fordi vi er vant til å ha fisk og fiskemat tilgjengeleg. No kjøper vi alt. Var innom Kiwi på heimvegen og kjøpte nokre ting som vi hadde gløymt.
I dag handla vi inn til fårikål. Har sett fram til at Nils skulle få lyst på det, og no va tida komen. Sette på gryta med set same eg hadde fått alle matvarene på plass i diverse kjøleskap og frysarar. Fekk melding frå Solveig at ho ville komme innover i 18-tida. Vi åt middag 16.30. Men hadde eg visst at Øystein ikkje var komen heim att, hadde eg sjølvsagt invitert Solveig til å ete middag med oss. Kor tankelaus er det lov å vere? Vi får ta det att i nær framtid, for no ser det ut til å gå framover her. Då tenkjer eg på helsa til Nils.
Solveig kom som avtalt, og fekk no kaffi om ikkje anna. Ho hadde med seg heimelaga rundstykke, blomst etc.
Etterpå vart det ei lang stund framfor TV-en.
Gløymde å ønske god helg i går. Dagane og vekene går så fort at eg heng ikkje heilt med. Håper de får ei god helg uansett.

fredag, september 16, 2016

Dagbok 2016: 16.september.

Klokka er ca 20.00. Temperaturen er +19 grader C og det kjennest kaldt etter at vi har hatt +27 grader det meste av dagen.
Nils, Håkon og Birte kom nettopp att. Dei reiste herifrå ca kl.16.00 og skulle ut på Rjåneset for å fiske. Nils lova meg at han berre skulle lære dei opp, men så vart han med utpå. Det er heilt greitt viss han ikkje får "tilbakefall"-men i så fall får han ta det på si eiga kappe. Eg hadde ikkje fått handla inn og hadde ikkje planlagt at dei skulle vere vekke så lenge. Hadde eg vore det, hadde eg laga kveldsmat til dei kom heim att. I staden vart eg gåande berre å vente-mens eg las lydbok. Eg føler at eg har vore litt sløv, men får ta det att ein annan gong. Dei fiska berre makrell.
Viss Nils er i like bra form i morgon, må vi ta oss ein skikkeleg handletur, såpass vi har mat i hus.
Før middag i dag vaska eg fredagsvask, men trong ikkje å støvsuge sidan det var gjort før i veka.
Etterpå prøvde eg meg på litt hagearbeid, men det vart rett og slett for varmt. LITT fekk eg no gjort.
Med andre ord har det ikkje skjedd så mykje her i dag, men dei som var på sjøen fekk ein fin tur. Stort finare enn i kveld er det sjeldan, men no ser eg at det kjem svarte skyer og skodde inn fjorden.
I dag fyller kusina mi 78 år, og eg har snakka med henne i telefonen. Eg har no fleire kusiner, men Ellen Marie er den eg har mest kontakt med.
No lyt eg sjå om det går an å trylle fram litt mat. Eg er blitt så vant til at Nils seier kva vi skal ha, kva han har lyst på, kva eg skal lage. Det er vel det som har gjort meg så tiltakslaus. No ventar eg på at han skal få lyst på fårikål, så vi kan lage det. Det blir som regel berre ein gong for året, for den fårikålen brukar å vare nokre dagar

torsdag, september 15, 2016

Bok nr. 62 - 2016: Belgravia

Belgravia av Julian Fellowes (Lydbok-CD)
«Belgravia» er en underholdningsroman av ypperste klasse fra forfatteren bak suksess-serien Downton Abbey. Bare et steinkast fra Buckingham Palace, innenfor de lukkete dørene til noen av Londons mest storslåtte hjem, herjer intriger og skandaler.

Belgravia begynner med et ball i Brussel kvelden før slaget ved Waterloo, og så forflytter vi oss til London i 1840-årene. Vi følger to familier i en tid med store sosiale omveltninger. Familien Trenchard representerer de nye pengene, mens familien Brockenhurst tilhører den tradisjonelle overklassen.

Innenfor denne historiske - og arkitektoniske - rammen utspiller det seg en gripende, spennende og intens historie med alle de elementene man kan ønske seg i en underholdningsroman: kjærlighet, svik, renkespill, gambling, sjalusi og lidenskap. Vi blir kjent med enkeltskjebner både upstairs og downstairs, samtidig som vi får et fascinerende innblikk i Londons byutvikling og historie.
............................................................................................
Eg hadde sikkert likt å sett denne boka-som ein serie på TV. Som lydbok blir det berre kjedelig og langdrygt. Men forfattaren gir oss sikkert eit godt bilde på korleis det sosiale livet arta seg i London på den tida. Dette er jo tida før Downton Abbey.

Dagbok 2016: 15.september


Klokka har passert 18.30. Temperaturen ute er + 21,5 grader C, max temp i dag ca +25 grader. Så her er det altså full sommar, og det er berre heilt nydelig.
I dag før middag var eg altså i gravferd i Ørstakyrkja. Det var mange som kjende Sigurd Heltne. Han var fødd i Volda og gifta seg med ei Ørstajente. Denne jenta er no i 80-årsalderen.Sigurd var øvingslærar på Øyra skule den tida eg gjekk på lærarskulen, og vi hadde timar i klassen hans. Kona, Oddrun, har eg jobba i lag med i mange år på Velle,  det har eg fortalt før. Eg trefte også på ein gjeng frå Bjørneset; faren til Harald var onkelen til Sigurd., så dei to søskenborna døydde med ei vekes mellomrom.  Kyrkja var fullsett og "come-back-prest" Matias forretta. Ragnhild henta og bringa meg, så Nils slapp å vere sjåfør i dag.
Men då eg kom heim att kunne han fortelje at han hadde hatt besøk av ein nabo som trengde skyss på torget for å kjøpe poteter, så han hadde hatt seg ein tur.
I dag hadde Nils lyst på spekesild, og det hadde vi kjøpt i går. Det vart til at eg laga middag i skikkelig tid, spekesild med poteter og kålstuing er ikkje å forakte. Eg vart så stappmett at eg måtte legge meg ut på altanen med lydboka mi etter at eg hadde fått på oppvaskmaskina. Eg sovna sjølvsagt, og då eg kom inn att kunne Nils fortelje at han hadde hatt besøk av Arne Ola, og dei hadde sjølvsagt diskutert fiskeri.
Eg er så glad for kvar finevêrsdag då ein kan vere ute, hausten og vinteren kan berre vente!
Nils har, som de forstår, hatt ein bra dag i dag. Eg har ikkje "gjort" så mykje, men no skal eg i alle fall tømme oppvaskmaskina. Viss det blir fint i morgon, har eg diverse hagearbeid som ventar. Men ikkje meir plenklipp denne veka.

onsdag, september 14, 2016

Dagbok 2016: 14.september

Klokka er 20.30, temperaturen er + 15 grader og i dag har det vore ein grå dag med skodde og regn. Heldigvis er det meldt fint vêr i morgon.
Vi har lenge vore plaga av telefonoppringingar frå eit langt og ukjent nummer, og når Nils tek telefonen er det berre nokon som bablar "utanlandsk" I dag ringde telefonen før vi var oppe, og Nils bykste fram i ein viss fart.(Eg høyrer sjeldan telefonen -verken når eg søv eller er vaken). Det kan hende at denne brutale starten på dagen var ein av grunnane til at Nils fekk ein dårleg dag. Han måtte legge seg att rett etter frokost.
Det einaste vi hadde på programmet i dag, var at vi skulle på Amfi og handle. Men klokka vart både 14 og meir før vi kunne fare. Eg blei stort sett gåande å pusle "på vent".
Men eg hadde skrive ei lang hugseliste, og øvst oppe stod det "kontantkort til mobil". Då vi kom heim, oppdaga eg at vi hadde fått med oss alt vi skulle ha, med unntak av kontantkortet.
Sidan eg ikkje hadde tatt av meg verken klede eller sko, gjekk eg like godt ned på Kiwi og opp att. På føtene. Det er veldig lenge sidan eg har gått tur på vegane, og eg kjende det i hofta nesten med det same eg tok laust. Men det gjekk bra. Merkeleg at eg reagerer på det å gå på vegen, men kan streife rundt på tomta i timesvis, med og utan grasklippar utan å kjenne noko vondt.
Elles åt Nils opp middagsrestar frå i går, og eg spedde på med litt meir restar frå frysaren, så det vart "middagen " i dag. Eg kjøpte vitamintablettar på apoteket i dag, for kosthaldet vårt er dårleg for tida. Vi som brukte å ete fisk, poteter og gulrot 4-5 dagar i veka !Og levde veldig sunt-i alle fall i matvegen.
Veninna mi ringde i dag igjen; ho hentar meg 10.15 i morgon, då skal vi i gravferd. Då må eg sette på vekkarklokka i kveld. Vi er ein gjeng damer frå Velle skule som held saman enno, dvs. vi treffast no og då. Den eine miste mannen sin no. Har var for øvrig søskenbarnet til Harald, på far-sida.
Eg held på med ei bok som liksom aldri tek av og aldri tek slutt, så det er ikkje så mykje eg les for tida. Boka til Øystein las eg på ein dag !

tirsdag, september 13, 2016

Dagbok 2016: 13.september

Klokka er ca 20.30. Temperaturen ute er + 21 grader C, max temp i dag var +26 grader. Det har vor lettskya og deilig vêr.
Som før sagt er vi ikkje av dei som legg oss tidleg og står tidleg opp, men i dag sov vi enda lenger enn vanleg. Det er nesten flaut !
I dag var eg bestemt på å klippe resten av plenane-eg rakk ikkje så langt i går- for no er det visst meldt regn i morgon. Så snart eg var ferdig med frokost og morgonstell gjorde eg meg klar til jobben. Kledde på meg som vanleg med tjukke strikkalestar og seilerstøvlar, knevarmar i ull, joggebukse og korterma ulltrøye.
Nils var med meg ut og starta bensinklipparen, så eg fekk klipt bio i skråninga. Resten ordna eg med sjølv. El-klippar og lange skøytelegningar er ikkje så veldig lettvint, så det tek si tid. Då eg var nesten ferdig tok eg ein liten pause inne, for å fylle på med væske, det var ikkje fritt for at sveitten rann-kanskje ikkje så rart sidan gradestokken viste + 26 og eg var godt kledd. Så tok eg av ulltrøya og tok på meg ei vanleg T-skjorte før eg tok innspurten. Var ferdig ca kl.16.00
Då ringde ei veninne. Ho ville hente meg så vi kunne fare i lag i gravferda til mannen til ei anna venninne, det er på torsdag. Eigentleg skulle eg ha vore i to gravferder den dagen, men det blir kanskje litt for mykje ?
I dag ville Nils ha sin spesielle variant av Pasta Carbonara til middag, så då laga eg det. Han greier ikkje å ete så mykje om gongen, det er så uvant, for han brukar oftast å ha veldig god appetitt. Men han drikk styrkedrikkar frå apoteket i tillegg + vørterøl og yoghurt.
Vi hadde tenkt oss nedover og handle i dag, men fann ut at vi kunne utsette det til i morgon. Nils skal bestille noko medisin, og eg må fylle opp matlageret. Det er greitt å ha diverse i huset når ein ikkje kan fare på butikk kvar dag. Skal skrive ei liste.
Det blir mykje plenklipping og lite anna i desse blogginnlegga mine, men no er det minst ei veke til neste klipp, det lovar eg. Men håret mitt treng også klipp, så kanskje eg tek munnen for full.
Nils har hatt ein relativt bra dag, han har stort sett vore oppe, men det er ikkje mykje han orkar å gjere- enno.

mandag, september 12, 2016

Dagbok 2016: 12.september

Klokka er 20.30, temperaturen ute er +19 grader C, og det har vore ein nydelig dag. Litt skyer først på dagen, seinare meir sol- og varmt.
I går var Nils oppegåande og frisk til utpå kvelden, då var han ikkje fullt så bra. I dag var han som vanleg, dvs. han gjekk og la seg att etter frokost. Då såg eg mitt snitt til å støvsuge alle teppegolva, noko som blei forsømt før helga.
Eigentleg skulle Ingeborg kome ein tur, men det fekk ho ikkje tid til likevel. Ho reiste tilbake til Oslo i dag.
Eg hadde eit prosjekt nede i hagen som eg tenkte å bli ferdig med i dag. Eg utstyrte meg med kompostkvern, klippar ,sakser rive etc.etc. og sette i gang. Eg klipte ned restane av dei store staudene og mol dei opp på kompostkverna, då forvitrar dei fortare i komposten. Dette kjende eg straks at det ikkje var godt for ryggen, men eg gav meg ikkje før eg var ferdig. Så klipte eg med den elektriske klipparen heilt nedstilt der plantane hadde stått, og i dag var det skikkelig tungt. Der er mykje mjuk mose i området, og det har vore mykje nedbør i det siste-  say no more. Resten av skråninga må eg ta att i morgon-om helsa held.
Eg kom inn att til Nils, og sveitten ratt i stride straumar- og eg er ikkje den som har lett for å sveitte.
Då det verste hadde gitt seg, kunne eg gå i dusjen.
Etter at vi hadde ete litt, var eg ut og rydda opp , og tok inn klesvasken eg hengde ut i dag tidleg.
I dag føler eg at eg har gjort nytte for meg, etter å ha sløva meir og mindre i fleire dagar.
Ingen må synest synd i meg om eg har ein litt slitsom dag, for dette er noko eg vil. Eg vil ha mosjonen og "treninga"- og så likar eg å styre på ute. Den dagen eg treng hjelp, skal eg seie ifrå. No har eg slappa av på sofaen med lydbok, mens Nils har sett fotball på TV. Han er kvikkast om kvelden. Derfor legg vi oss seint, og står opp seint. Det passar meg bra. Nils sat ute ei stund i dag, og naboane kom bort og prata med oss. Det var koselig. Elles har vi hatt mykje besøk av barn og barnebarn i det siste, så vi er ikkje einsame.

søndag, september 11, 2016

Dagbok 2016: 11.september

Klokka er 19.50, temperaturen er + 14 grader C og i dag har det vore bygevêr. Best som sola skein, kom det ganske kraftige regnbyger, men i morgon er det meldt sol-i alle fall på PC-en min.
Det mest positive i dag er at Nils har vore relativt bra og vore oppe heile dagen. Men vi har halde oss inne og heime, kan ikkje utfordre skjebnen heller.
Eg har styrt med litt av kvart i huset, fekk endeleg pussa litt kopar og messing, noko som skulle vore gjort for lenge sidan. Ikkje noko arbeid som eg likar, men det er no eigentleg fort gjort, særleg når ein ikkje tek med alt....
Noko særleg matlaging har det ikkje blitt, i alle fall ikkje enno, men kvelden er enno ung. Brått kan vi få lyst på eitt eller anna, og her i huset er det ingen faste rutinar.
I dag e.m. ringde Rasmus og prata både med Nils og meg- elles går det mykje i meldingar på Face.
No ser Nils sport på TV 2, men snart skal vi over på STAS-kanalen og sjå Quiz- Dan og ikkje minst "Beatles". Heldigvis er det lenge sidan eg las boka, så eg slepp å henge meg opp i ting som er "feil" i forhold til den. Viss serien er like god som "Halvbroren" blir det ei oppleving for livet. Lars Saabye Christensen er ein av favorittforfattarane mine.
I dag har eg ikkje lese mykje, men har høyrt litt på "Bavaria",  skrive av samme forfattaren som har skapt "Downton Abbey" og er litt i samme stilen. La meg seie det slik at sjangeren passar betre for TV enn for lydbok.

lørdag, september 10, 2016

Dagbok 2016: 10.september

Klokka er 23.00. Temperaturen er + 13 grader. Det har vore ein fin dag, sjølv om det var litt regn på føremiddagen. Eg har hatt søndagskjensle i heile dag, sikkert fordi eg ikkje har gjort det skapte grann.
Nils låg mykje av føremiddagen og enda lenger. Eg hadde i grunnen litt av kvart eg kunne ha gjort, men valde å lese heile boka til Øystein, den Solveig kom med i går.  Den var på berre 100 sider, så det tok ikkje så lang tid. Mesteparten av tida sat eg på altanen og las. Eg greidde rett og slett ikkje å legge den frå meg.
Veninna mi i Bergen ringde på føremiddagen, og vi hadde ein koselig prat.
Margrete og ungane skulle ete pizza i Volda klokka 15, og vi var velkomne til å vere i lag, men Nils var ikkje i form til det, så vi blei heime. I staden bad eg dei om å komme hit etter at dei hadde vore på restauranten, og på gravplassen. Så fekk dei kaffi og is her. Då leid det såpass langt på dag at Nils hadde livna til. Kusina mi ringde mens dei var her, men vi fekk no prata litt likevel.
Vi føler at mange har omtanke for oss i denne tida, og mange spør om det er noko vi treng hjelp til. Heldigvis greier vi oss bra sjølve, men treng vi hjelp til noko, har vi mange vi kan spørje.
Etter at Margrete og ungane hadde reist, fekk Nils lyst på mat, og då laga eg Taco, det er det han har lyst på, stort sett, men etter kvart må vel matlysta kome tilbake?
No har vi site og sett TV i timesvis. Fredag og laurdag er det alltid mykje å sjå-mindre i veka.
I dag fyller Leon Roald, sonen til Anne Marie, 60 år. Litt rart å vere tante til ein 60-åring. Nils ringde og gratulerte han med dagen.

Bok nr. 61 - 2016: Brevet til Rosalin



Stilsikker brevroman om skuld og soning.

Etter eit langt liv bestemmer Johannes seg for å ta eit oppgjer med si eiga fortid. I eit brev til Rosalin fortel han historia om livet sitt, som vekslar mellom kvardagen i bygda og meir dramatiske minne. Ei avgjerande hending under andre verdskrigen står sentralt. Når han viser dei små tilfeldigheitene i livet og dei store konsekvensane desse kan få, er det med stilsikkerheit, humor og engasjement.

...................................................................................
Denne boka fekk eg då Solveig kom innom i går kveld, og i dag har eg lese den ferdig. Hadde eigentleg tenkt å la den vare ei stund, men det gjekk ikkje.Eg greidde ikkje å legge den bort.Det seier det meste. Språket er heilt fabelaktig, men handlinga var også medrivande.
Eg likar veldig godt å lese korte bøker, for då får eg lese alt i ein jafs.

fredag, september 09, 2016

Dagbok 2016: 9.september

Klokka er 18.30. Temperaturen er + 18 grader C, det er opplett med gløtt av sol, men det har regna før i dag. Klokka 6.00 i dag tidleg var det ikkje måte på kor det regna. Som de forstår var vi tidleg oppe i dag, til ei forandring. Men ikkje før 7. Derfor vart heile dagen sånn litt på halv åtte.
Nils var så frisk og rask i går kveld at han var heilt i 100-det har han ikkje vore i dag.

Som de ser er plenen grøn og fin, klipte sist mandag, men jammen har den vakse godt denne veka. "Baderingen" er snart usynleg. Lurer litt på om eg skulle varsla avisa om "kornsirkelen" i plenen. Kanskje dei ville konkludert med at ein UFO hadde landa her?


Solveig kom på uventa besøk mens eg sat og skreiv. Ho hadde med både blomster, syltetøy og anna, og fekk med seg frosne plommer og bær ut att. Pluss stolen som Einar skulle ha, den fekk vi ikkje plass til i bilen hans i går.
Ho plukka nokre av desse overmodne blå plommene, men dei var ikkje etande.
Eg har stort sett lata meg i dag. Tok fredagsvasken tidleg på dag, men utsette støvsuginga. Seint på ettermiddagen var vi på nærbutikken og panta flasker og handla. No blir det vel TV resten av kvelden. Ønsker alle ei god helg.

torsdag, september 08, 2016

Dagbok 2016: 8.september.



Klokka er 20.00, temperaturen er + 19 grader C, men tidlegare i dag var det + 24 grader - minst.
Det har vore nydeleg vêr i heile dag, og det var kjekt, ikkje minst for alle som skulle i gravferd. Det vert berre enda tristare om vêret er grått.
Vi hadde heilgardert oss i dag, for det var uvisst kva Nils ville greie, og han er alltid mest uvel før middag. Vi hadde avtalt med Einar om henting og bringing, slik at Nils skulle sleppe å køyre, parkere og gå lange vegar, for vi rekna med at det kom mykje folk, og det gjorde det. Det var veldig kjekt å ha privatsjåfør. Vi hadde lyst å vere med til grava også, men då måtte Nils melde pass. Men eg er no glad for at han fekk vere med i kyrkja i alle fall.
Det vart ei fin gravferd-ikkje minst fordi dei fire barnebarna var så flinke og bidrog med tale, song og musikk. Amanda spela "Tir na noir" på trompet. Eirik song ein song som heiter Jordan (Rival Sons), Lars spela bassgitar til, Erlend trakterte slagverket og så hadde dei med enda to musikarar. Songen var den same som han hadde spelt på skulekonserten før jul i fjor, og den hadde farfaren likt så godt.
Ingeborg hadde skrive ei nydeleg tale, som ho framførte med glans. "Ein farfar i livet skulle alle ha...."  var tema, og ho har verkeleg hatt ein FARFAR i sitt liv. Ikkje alle besteforeldre stiller opp for barnebarna i den grad som Ruth og Harald har gjort. No har Ingeborg halde mange talar før, som medlem i AUF har ho hatt mange oppdrag. Men det er noko anna.
Eg såg at Nils etter kvart ikkje var så bra, så det vart ikkje til at vi for opp på grava. Men viss vêret held seg, og Nils har helse til det, kan vi ta ein tur for oss sjølve før alle dei nydelege kransane og bukettane visnar.
Einar køyrde oss heim, og vi tok oss ein kaffikopp og ei brødskive. Etter at Einar hadde reist, la Nils seg på datarommet for å kvile, eg la meg på altanen med lydbok på solsenga.Det var skikkelig varmt og fint.
No har vi ete middag, det vart Kjell sine fiskekaker i brun saus. Nils har fått det med at han vi ha saus på all mat, så no har Toro fått ein god kunde.

Bok nr.60 - 2016: Det synger i gresset

Det synger i gresset (lydbok) av Doris Lessin
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Dette er historien om en hvit kvinne som fra et sorgløst, tomt byliv havner i et håpløst ekteskap med en farmer, en av de "fattige hvite" i det som nå er Zimbabwe. Hun går langsomt til grunne, og etterhvert hater hun livet på farmen og menneskene som omgir henne. Desillusjonert involverer hun seg med en av de fargede arbeiderne på farmen, og maktkampen som utspiller seg dem imellom, illustrerer de sterke motsetningene som har preget sørlige Afrika.
Omtale fra forlaget
Doris Lessing debuterte som romanforfatter med 'Det synger i gresset' i 1950. Boken var kontroversiell og regnes fortsatt blant hennes aller beste verker.

Fra Morgenbladet 5. november 1951:

«Det kom en bok i England i mai i fjor som vakte betydelig oppsikt. For det første var den skrevet av en helt ukjent utlending, en stenografdame fra Syd-Afrika, og for det annet behandlet den så oppriktig og avslørende kampforholdet mellom de hvite og sorte i Syd-Afrika at man stusset. I løpet av 3 måneder måtte forlaget trykke 5 opplag. Det forteller litt om bokens mottagelse.»

.............................................................
Denne boka har eg lese før, men eg hugsa ikkje så veldig mykje av den, og alt første gongen eg las den, bestemte eg meg for å lese den om att seinare. Det har eg gjort no, og eg vart ikkje skuffa.

onsdag, september 07, 2016

Dagbok 2016: 7.september.

Klokka går mot 19.00. Temperaturen er +15 grader, det er overskya, men opplett. Trur ikkje det har regna så mykje i dag, men eg har vore inne for det meste, så sikker er eg ikkje.
Nils var skikkelig elendig i dag tidleg, så han la seg att rett etter frokost og vart liggande utover dagen. No er han oppe og i bra form, men et berre yoghurt, surmelk og knekkebrød etc. Så eg åt resten av middagen frå i går. Kjell kom med ferdiglaga fiskekaker i dag, men dei får vi ta når appetitten kjem att.
Eg er veldig spent på korleis det blir i morgon, kor mykje Nils greier å vere med på. Einar kjem opp til oss, og så får vi sitte på med han om vi vil det, så slepp Nils å køyre. Viss Nils ikkje kan vere med til Volda, kan eg fare i lag med Einar. Og sidan Einar ikkje har noko tidspress på seg blir vi med så lenge Nils orkar. I morgon er det 4 veker sidan vi var på Åse, han var ikkje så mykje betre då, og vart sjølvsagt enda dårlegare etter behandlinga. No håper vi at det snart begynner å gå framover.
Når Nils blir liggande nesten heile dagen, blir eg litt tafatt sjølv også. I dag hadde eg ikkje noko "program", men eg finn alltid skuffer og skap som eg kan rydde og vaske. Men eg skal innrømme at eg har site mykje ved datamaskina i dag.
Når eg sette på maskina for å skrive blogg, var det første eg såg ei melding om at Sigurd Heltne var død. Han var søskenbarnet til Harald. Eg trur det var far til Harald som var onkelen til Sigurd. Eg hadde Sigurd Heltne som praksislærar på lærarskulen. Og så har eg jobba i lag med kona hans i mange år på Velle. Ho var assistent og delvis lærarvikar, særleg i handarbeid. Sigurd har vore sjuk lenge, så det var ikkje uventa at han døydde no.
Det er noko som er annleis enn før og det er at det mykje oftare folk vi kjenner som kjem i dødsannonsene. Det er vel ikkje så rart- vi er ikkje unge lenger.
Eg vonar det blir ei fin gravferd i morgon, sjølv om det sjølvsagt er trist.

tirsdag, september 06, 2016

Dagbok 2016: 6.september.

Klokka er 19.00, temperaturen er + 17 grader C. Akkurat no er det litt vind og opplett, men det er ikkje lenge sidan det pøsregna. Eg likar så godt når det blæs, i alle fall når vinden er mild.
I dag har eg ikkje gjort noko særleg, men eg er glad eg fekk klipt ferdig plenane i går-i dag hadde eg ikkje kunna klipt eit strå. Og er trur ikkje der er fleire plommer vi kan redde no.
Nils er framleis slapp og ikkje i form, men utpå føremiddagen var han såpass at vi kunne ta ein tur til Volda og gjere unna nokre ærend der. Var også innom Amfi og handla litt.
Då vi kom heim laga eg "middag" . I dag vart det greske kjøttbollar frå Coop i saus frå Toro med ris til. Tenkte på det at før åt vi fisk i ei eller anna form dei fleste dagane i veka, no blir det litt meir sære rettar. Nils strevar med å få i seg mat.
Eg la meg på sofaen med ei bok etter middag- og sovna, som vanleg.
Litt seinare ringde ei veninne, og så er denne dagen også gått over i historia.

mandag, september 05, 2016

Dagbok 2016: 5.september

Klokka er 18.45, temperaturen er + 17 grader C og det har vore ein varm og fin dag.
Eg var relativt tidleg oppe og gjorde meg tidleg klar til plenklipping- men det tok si tid før doggen begynte å forsvinne.
Eg klipte opp mot vegen og rundt huset med den elektriske klipparen.
Eg var akkurat ferdig då Bjørneset-ungane kom på besøk. Dei hadde vore i Volda og sett farfaren, og det hadde gått bra. Dei kom for å orientere oss litt om gravferda som blir komande torsdag i Volda.
Håper berre Nils blir nokonlunde i form, så det ikkje blir noko problem for han å møte fram. I dag har han ikkje vore bra. Han låg heile føremiddagen, men kom seg etter kvart ned på legesenteret og fekk tatt dei obligatoriske blodprøvene.
Etter ei kvilepause og oppvarma fskesuppe frå i går, hjelpte Nils meg med å få start på bensinklipparen så eg fekk klipt bio i skråninga. Der er drag på den klipparen, likevel var det veldig tungt i dag, marka er mjuk etter alt regnet; eg kom frå det denne gongen også utan å få hjerteinfarkt, men eg tok ein pause midt i klippen. Fint vart det ikkje, men eg skal sjå om eg får raka litt med tid og stunder. Det var kjekt å få jobbe ute att, etter mykje innesitting. Og der er nok å ta tak i.
No høyrer eg klipparane går rundtom i fleire hagar, ikkje alle har heile dagen på seg.
Det er uvisse meldingar framover, så ein lyt vere om seg så snart det lettar opp.

søndag, september 04, 2016

Bok nr.59 - 2016: Alltid tilgivelse

Alltid tilgivelse
Tre år er gått siden Torunn reiste fra Neshov og søkte tilflukt hos Christer i skogen utenfor Oslo. Erlend og Krumme er blitt travle småbarnsfedre med nye, strålende utsikter til det gode liv i København. Skjønt livet – det kan ingen ta for gitt. Margido har funnet tilbake til sin Gud, men må samtidig ta konsekvensen av at det er nye tider også i gravferdsbransjen. Torunn har fylt førti og begynner å innse at hun ikke har noen fremtid hos den notorisk utro hundekjøreren. Men hva skal hun gjøre med livet sitt videre? Finnes det tilgivelse for at hun sviktet Neshov-familien den gangen?
Hvordan skulle folk greie å prise livet når de ikke kjente til døden? Margido kjente til døden. Var det noen som kjente til døden, så var det vel han. Og her satt han og dagdrømte om døden uten akkurat å prise livet i særlig grad. Han lukket øynene og inhalerte dypt gjennom nesa, det luktet sterkt og ekte av denne naturen han ikke hadde noe forhold til, alt ble borte for ham, her satt han som en tykkfallen levning med skitne sko og et sammenkrøllet matpapir mellom hendene. Hadde bare tingene gått annerledes for seg da Torunn kom den gangen, slik at hun ikke hadde forduftet og alt ble lagt brakk. Han savnet henne så inderlig.
....................................................................................
Først i boka får vi eit resymé  av det som har hendt dei siste tre åra-åra etter at Torunn reiste frå Neshov. Det var veldig greitt, så kom ein inn på sporet att.
Elles handlar det om Erlend og Krumme i Danmark, korleis dei ordnar opp med barnestell etc. Og om Margido som har sitt å takast med og Torunn. Det blir mykje matlaging, vasking, vinduspuss og anna husarbeid. I meste laget sjølv for meg. Det virkar ganske trivielt for å seie det forsiktig.
Men eigentleg handlar boka like mykje om indre "opprydding". Det å gi slepp på gamle vanar, gamle tankar, gammalt nag og starte livet igjen etter katarsis. Det å flytte og kaste, det å smake på ny mat, det å kaste gammalt skrot, begynne i ny jobb m.m. er ein bodskap om at det aldri er for seint å ta tak i livet sitt, gløyme gammalt hat, sjå nye vegar. "Believe in change" står det på eit skjerf eg har fått av Solveig (Det står på mange språk). Boka er svært enkel, men bodskapen er god.

Dagbok 2016: 4.september

Klokka er 19.00, temperaturen +16-17 grader C og vi har hatt fint vêr i heile dag. Litt skodde først på dagen, men så kom sola. Det gjorde godt. Eg kjende kor energien kom tilbake, og hadde det ikkje vore sundag, så hadde det vel blitt plenklipp.
Det blei litt rydding både inne og ute, men mest har eg lata meg. Har vore ute og plukka litt plommer, der er enno Opalplommer att, men dei dett ned av seg sjølv og då er sniglane der. Dei små blå dett også ned no, men eg skal sjå om eg kan få plukka resten i morgon.
Nils har vore relativt bra i dag, så kanskje det verste er over? Men han er tappa for energi.
Ingeborg kom bortom ein tur, og det vart sjølvsagt mykje snakk om Harald. Han har vore ein utruleg engasjert farfar for dei fire barnebarna, noko dei alle er klar over - og set pris på. Men no er det på ein måte godt å tenke på at han ikkje lenger skal plagast av sjukdom. Han har vore alvorleg sjuk sidan april månad, noko som har prega familien.
No har Nils og eg nettopp ete ein sein middag. Det var mitt forslag å lage fiskesuppe i dag, noko han gjerne ville ha. Vi hadde fiskekraft i frysaren, og eg laga ei kraftig suppe med smør, fløyte og rømme. Eg måtte passe meg litt for ikkje å ete for mykje sjølv.
No ser eg fram til fleire finevêrsdagar med plenklipp og uteliv! Og brenning av kaloriar.
Og så ser eg fram til å sjå den tyske serien Ku´damm som går på NRK sundagskveldane. Kjekt å sjå noko tyskspråkleg til ei forandring.

lørdag, september 03, 2016

Dagbok 2016: 3.september

Klokka er 19.10, temperaturen ute er + 13,6 grader C og det har regna stort sett i heile dag. Akkurat no er det litt lysare.
For å vere sikker på at alle bananfluger var borte, pussa eg stuevindua innvendig i dag og vaska karmane godt. Utvendig lyt eg ta pussen ein annan dag, sola kjem stadig lenger ned, så då er det ikkje lenge før ho avslører alt.
Nils var trøtt og trasig i dag tidleg, så eg kommanderte han til å ta 2 Paracet og legge seg inn att i senga. Hen gjorde det, og då eg var ferdig å støvsuge, stod han opp att- litt friskare.
No har vi ete ein slags middag; i dag vart det Taco igjen. Det er nesten det einaste han har lyst på. Suppa som var att frå i går åt han til lunsj.
Vi har ikkje vore på butikken i dag, og ikkje ute i det heile tatt.
Eg har vore ein del på Facebook. Ingeborg er komen heim.Vi har sjølvsagt tenkt mykje på Harald og familien hans, det er ei tung tid for dei no. Og vi kjem alle til å sakne Harald.
Eg la meg på sofaen ei lita stund for å lese, noko som alltid resulterer i at eg sovnar.
I kveld er det mange program på TV- vi ser Stjernekamp og tek opp "Skal vi danse"-då kan vi spole forbi reklamen.
Referatet mitt kom i Møre-Nytt i dag ! Det var hurtig levert, fint oppsett var det også. Det er meldt regn ei veke til, så eg forstår ikkje korleis det skal gå med plenane. Men det er no eit lite problem i den store samanhengen.
I dag gratulerer vi Kristine på Eid med 16-årsdagen !

fredag, september 02, 2016

Dagbok 2016: 2.september.

Klokka er 18.3o. Det er + 17 grader ute og det regnar ikkje. Heilt utruleg. Men det er surklande vått på plenen, så eg trur ikkje det blir klipping i morgon heller. Bildet over er ein kollasj av alle clematis - plantane-om de skule lure. Det er stort sett dei som blomstrar no, dei og blomkarsen. Ja, og rosene.
Nils hadde ein par dagar han var litt kvikkare, men i dag har han lege strak ut og geispa det meste av dagen. No har vi nettopp ete "middag". Eg kjøpte eit par blomkål i går som eg laga ei kraftig suppe av, med både smør og fløyte, aberet er berre at eg åt av den sjølv.
I dag har eg gjort veldig lite. Tok fredagsvask på bad og kjøkken først på dagen, mens Nils låg til eg var ferdig. Han er ikkje "sjuk" i den forstand, og har ikkje vondt, men er berre så slapp.
Og så måtte eg vaske grundig både karmen og sjølve det vesle vinduet. Det eg trudde var lus frå nokre plantar, viste seg å vere millionvis av bananfluger. Plantane har eg bore ut, og for sikkerheits skuld vaska eg gardinene også. Dei kjem ikkje opp att så lenge der finst bananfluger att
Eg har ikkje så godt som eit spøt, så eg klaga over mangel på arbeid. Då fekk eg i oppgåve å plukke resten av sukkerertene -dei som skal bli så-erter neste år. Dermed rydda eg heile åkeren, og i tillegg ordna eg bringebæråkeren, dvs. batt sena på nytt så alt kom med. Viss de ikkje forstår kva eg meiner gjer det ingen ting.
Eg har mykje eg skulle ha gjort innomhus også, men eg kjem meg ikkje til så lenge som Nils er så sløv.
Nei, så forsyne meg, no regnar det igjen !
Så er det fredag igjen, og i kveld blir det krim med Rowan Atkinson. "Maigret"- hugsar eg las bøker om han i min første ungdom. Vi ønsker alle ei god helg.


torsdag, september 01, 2016

Dagbok 2016: 1.september

Klokka er 18.40, temperaturen ute er + 13 grader C og det har regna i heile dag. Stort meir er det ikkje å seie om den saka.
Det er mange ting som er verre enn regnvêr, til dømes datatrøbbel. Og det har eg hatt nok av i dag.
Eg likar best å skrive på den stasjonære maskina når eg skal skrive mykje. Eg har betre sittestilling og betre tastatur blant anna. Elles dreg laptoppen på åra og er litt slapp i anslaget. Eg skreiv referatet ganske kvikt og lett, men så skulle eg sende det. Så er der altså ikkje nokon e-postkonto som er tilknytta programmet. Kva gjer ein så ? Jau, etter kopiering og omkalfatring fekk eg det av garde til avisa. Eller gjorde eg det? Eg bad om stadfesting, og det har eg i alle fall ikkje fått. Håper eg slepp å skrive heile greia om att.
No kan eg til ein viss grad klandre meg sjølv for ikkje å ha sjekka at alt virka - på førehand. Men det blei ein tur til kameraten min på Lefdal som alltid er like hyggelig, så eg skal bort med heile maskina så han får opp-programmere den . Eg har betalt for to års sørvis, så det er berre å vere om seg. 
Dermed har eg ikkje fått "gjort" noko i dag heller. Men sidan vi var på Lefdal stakk eg innom Coop i Furene og handla der.
Vi måtte innom Amfi likevel, for Nils skulle ha noko medisin på apoteket.
Nils ønska seg ein litt spesiell rett til middag i dag: Pasta Carbonara med skinkeboks i staden for bacon. Eg har tråla fleire butikkar utan å finne carbonarasaus, men i dag fekk eg den lyse ideen å stikke innom  Bunnpris. DER låg det fem pakkar i hylla og eg tok alle. No har vi ete eit godt måltid, eg trur faktisk Nils et meir enn meg for tida, men han skal no legge på seg- og det gjer han. Men han er framleis slapp og blir fort trøytt.
Eg begynte på boka til Anne B. Ragde i går kveld. No skal eg lese i den mens eg rippar den andre eg lånte.

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...