torsdag, september 24, 2026

Dagbok 2026: 24,september


 Klokka er no18.06,  temperaturen ute er +10 graderC og sola skin, det trur eg ho har gjort i heile dag. Og for ein dag! Dei fleste dagar skjer det lite og ingenting, men i dag har det hendt mykje.. 

Avtalen var at Solveig skulle komme å hente meg og vere med meg når eg skulle sjekke synet mitt og ev. bestille nye briller, Og Solveig kom sjølvsagt slik ho hadde sagt. Ho har aldri hatt briller eller testa synet sitt, så ho fekk vere med å sjå korleis det gjekk til.Og til slutt bestilte eg nye briller. Trur vi var der i to timar?.Etter at vi var ferdige der gjekk vi ned på ALTI-og kven sat der ved eit bord og venta på oss? Jau, Margrete og Ingeborg, Eg vart veldig overraska , men eg trur Solveig hadde ei lita aning, ja.

Så køyrde Solveig opp til KIWI så eg fekk handle litt der, og etter å ha levert meg i Starevegen fekk ho lov å fare heim.

Eg sette i gang å henge opp att gardinene som eg vaska i går, og strauk i dag tidleg. Eg syntest vinduet var blitt veldig blankt og fint, og det var ikkje noko i vegen med gardinene... som vart vaska i maskin og tørka i trommel. 

Eg vart her brått åleine og tenkte at eg ville finne på noko. Etter ein liten tur i hagen bestemte eg meg for å prøve å gå tur på Vernet, eg har ikkje gått der sidan tidleg i sommar, for eg har vore dårleg både i armar og bein.Eg er betre no, men ikkje heilt bra, så eg ville prøve kva eg greidde. Eg greidde ALT, dvs eg gjekk heile runden, sat lenge på kvar benk og tok det med ro, så no lurer eg berre på korleis eg kjenner meg når eg står opp i morgon. Ein ting var bra i dag, eg kunne gå med staven i høgre handa,det kunne eg ikkje sist eg var der- for då var høgrehanda låk.den er heilt bra no.

Eg har mora meg med å sjå TV med solbriller på-og funne ut at det er veldig bra. Eg sa det til henne som sjekka augene mine i dag og ho kunne fortelle at det var fleire enn eg som hadde funne ut at det var bra med solbriller når ein ser tv- Berre prøv!


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 24,september

 Klokka er no18.06,  temperaturen ute er +10 graderC og sola skin, det trur eg ho har gjort i heile dag. Og for ein dag! Dei fleste dagar sk...