lørdag, juli 31, 2010

Vermelding 31.juli 2010



Klokka er 15.00, temperaturen +18 grader C og det er overskya. Heldigvis er mesteparten av skodda vekke, eg gir den mykje av skulda for all verken eg har i kroppen.
I dag har vi vore ein tur nedover og handla mat, noko meir shopping blei det ikkje. Dvs. vi var ein liten tur innom Jysk også.
Etter handlerunden tok vi oss ein liten biltur opp i Mosmarka. Det er det nyaste byggefeltet i Ørsta, og dei bygger høgare og høgare opp. Dei nyaste husa begynner å bli ganske så spektakulære også.Lengst nede er husa nokså like og står på rekke og rad slik som hus skal gjere. Øvst oppe finn vi alle slags stilartar, og husa står i alle retningar. Store flotte einebustader, men også to-og firemannsboligar. Det er utrulig flott utsikt der oppe, ser utover heile Ørstafjorden. Skal ta ein tur opp ein annan dag og ha med fotoapparatet.På bildet i dag ser de Mosmarka frå altanen vår.
No driv Nils og kokar brosme til middag.

fredag, juli 30, 2010

Vermelding 30.juli 2010

Klokka er 13.30, temperaturen er + 16 grader C og skodda ligg nesten heilt ned til husa.
I går morgon var det også skodde, men då letta det og vi fekk ein nydelig,varm sommardag. Det kjem ikkje til å skje i dag. Rett nok er det opphaldsver, men det regna sist natt.
Føremiddagen har gått med til diverse huslige syslar, utan at det syner så mykje att. No må eg finne på ein rett av seien i kjøleskapet, begynner å gå tom for sei-idéar, men det blir vel eit kvart.
fekk nettopp melding frå Margrete, då var dei komne til Bismo.
Nils styrer med noko i garasjen, held ikkje rede på aktivitetane hans heile tida, men eg tippar det har med fisking å gjere.

torsdag, juli 29, 2010

Vermelding 29.juli 2010

Klokka er11.45. Temperaturen er + 22 grader, og det ser ut som om sola skal bryte gjennom skodda.Slik såg det ut i går også, men då var det skodde og skyer som vann duellen.
Nils driv og skal fjerne det gamle Victoriaplommetreet. Det såg heilt sjukt ut, så vi var redd dei andre trea skulle bli smitta. Vi har for lengst planta eit nytt tre litt lenger nede i hagen.Og som alltid når ein styrer med noko, er naboane interesserte. Berre kjekt det.

Tidlegare i dag gikk nabo S. forbi med den nye hunden sin.Eg har ikkje helst på kvalpen før, men han var veldig menneskekjær og veldig livlig. Eller han? Det er ei tispe, og viss eg oppfatta namnet rett, så heiter ho Bellizza.Ikkje lett for S. å drive med hagearbeid, med denne babyen å passe.
                       
Dagens blomst på Solveig sin blogg er revebjelle, og ho viser eitt av Astrup sine bilde med denne blomsten. Derfor må eg vise "Astrup-maleriet" mitt som også inneheld revebjeller. For dei som ikkje veit det kan eg opplyse at det er bror min som har måla bildet. Han er ein kløpper til å "forfalske" kjende kunstnerar, blant anna.
                         

onsdag, juli 28, 2010

Vermelding 28..juli 2010

 
Klokka er 13.30. Temperaturen er + 23 graderC, det er skya, men litt sol av og til.
I dag var vi på ei lita handlerunde, har knapt vore ute av tunet sidan vi kom heim frå tur, så eg hadde tilnærma abstinens. Vi kjøpte stort sett berre mat, så det var ikkje så spennande. No har vi hatt not på bærtrea, ripsen begynner å bli raud, så det nærmar seg det normale for årstida.
Fekk melding frå Rasmus, då var alle på Nordby kjøpesenter og shoppa, med unntak av dei fire minste som var i Jungelland. Rasmus er vel heime i løpet av dagen, kor lang tid dei andre brukar på heimturen veit eg ikkje. Viss dei har svenskekjøt i bagasjen kan dei no ikkje gi seg til så lenge.
Posted by Picasa

tirsdag, juli 27, 2010

Vermelding 27.juli 2010

Klokka er13.30. Temperaturen er + 23 grader C, og no har vi fått litt vind, slik det er vanlig på varme dagar. I går skein det ikkje opp, men i dag vakna vi til sol frå nesten klar himmel. Så får vi sjå kor lenge DET varer.
Nils har vore i gravferd til ein tidlegare arbeidskamerat f.m.
Eg shina opp kjøkkenet skikkelig, før eg gikk ut og begynte på ugraset. Med litt hjelp frå Nils er no det såkalla "garasjebeddet" presentabelt. Men særlig fint beplanta er det ikkje. Våren kom rimelig seint i år, for å seie det forsiktig.
Vi har eit prosjekt på gang: Vi flyttar store, høge stauder frå bedda og nedpå murkanten nedst i hagen. På den måten reknar vi med å få ein fin "hekk" som veks opp om sommaren og visnar ned om vinteren. Heilt ideelt om det blir fleire snøvintrar.

mandag, juli 26, 2010

Vermelding 26.juli 2010

Klokka er ca 12.00. Temperaturen + 22 grader. Sist natt regna det, og det er framleis overskya, men eg trur det vil lette etter kvart. Når eg tek bilde i hagen leitar eg opp det som ser bra ut, heilheita er nok litt annleis. Ingen ting er slik det skal vere i hagen i år, men det kjem seg litt etter litt.
Eg er litt irritert over meg sjølv at eg ikkje har skrive ned namnet på rosene. Eg trur eg skal hugse det, men det er heilt fåfengt. Meiner at dei rosa botndekkande rosene heiter Bonica eller noko slikt?



Attmed kjellardøra har vi denne raude rosa som eg sjølvsagt ikkje hugsar namnet på.
Den gule stauden heiter Nattlys og ber namnet sitt med rette.Den lyser verkelig i mørket.
Margrete og Rasmus med fam. har funne kvarandre i Sverige, dei var i alle fall i lag i går. Elles var det ein litt trist dag både for den eine og den andre. Amanda fekk melding frå ho som passa kaninen hennar om at den var død. Og på Hareid var det sorg over kaninen Nusse som også døde. Olaug har stelt veldig mykje med han og han var svært tam. Heldigvis har ho også kaninen Marlon og katten Lucy å stelle med.
Nils styrer med diverse gjeremål i garasjen og ute, mens eg har brød-bakedag.
Har fått dei første tre brøda i omnen og har to deigar ståande, dei blir vel meir enn nok heva, vil eg tru.
Til middag i dag skal vi ha kald, kokt makrell. Nils fiska frå land i går.

søndag, juli 25, 2010

Vermelding 25.juli 2010

Klokka er 12.00. Sola skin frå nesten skyfri himmel og temperaturen er
ca +20 grader C.
Det er ein nydelig sommardag og vi har nettopp gått ei lita runde og sett på hus og hagar. Så har eg gått tur i eigen hage og tatt bilde, eit par av dei ser de her. Øvst er eit bilde av busken som eg kallar "Jonsokbrura"-i år er ho sterkt forseinka. Det er ein skjærsminbusk med enkle blomster som luktar nydelig - som jordbær og honning. Dessverre må vi skjere den kraftig ned til hausten, så neste år får vi nok ikkje blomster på den.
Under ser de bilde av yndlingsblomsten min, den himmelblå riddersporen. Har kjøpt ein kongeblå i år, men den er enno liten og puslete. Han kjem seg nok.Peonen er berre nokre få blomster att på, den blomstra mens vi var vekke.
Dette er ein slik dag som eg kallar "bonusdag"-det har ikkje vore for mange slike i sommar, så det er berre å nyte sola før ho forsvinn igjen.

lørdag, juli 24, 2010

Bok nr.39 2010: Hjerterått.

Chelsea Cain har skrive tre bøker om seiemordaren Gretchen Lowell, etterforskaren Archie Sheridan og journalisten Susan med det rosa/ lilla håret.
Den første Ondskapens hjerte (Heartsick) kom i 2008, Hjerterdame (Sweetheart) i 2009 og Hjerterått (Evil at heart) i 2010. Forfattaren hadde tenkt å la det bli med denne trilogien, men bøkene har slått så godt an at det kanskje blir fleire.
Eg har altså lese nr.1og nr.3, og finn ingen grunn til å lese den i mellom sidan vi har fått vite mykje om det som skjedde der i nr.3.
Bøkene er velskrivne og ryddige så det er ikkje vanskelig å halde greie på verken folk eller hendingar, noko som er ein fordel, særlig i lydbøker.
Dette er ein slags psykologisk skildring av eit menneske som er tvers gjennom OND, eller rettare eit menneske totalt utan moral, samvit og empati. Så kan ei undrast om det finst slike. Ikkje veit eg,  bøkene er brutale, groteske og "grisete"- eg har mage til å tole det meste, så lenge det er fiksjon. Men på samme måte som den vakre Gretchen bergtek den eine føre og den andre etter,ikkje minst etterforskaren Archie, blir også vi på ein måten tiltrekt av henne.
Eg greip meg i å tenkje på dei gamle folkeeventyra der troll og hekser gjer grusomme ting; likevel blir eventyra lesne og elska av generasjon etter generasjon. Gretchen blir for meg ein slik eventyrfigur. 
Boka har også sleivespark til pressa som haussar opp stemninga omkring brotsverk, og får folk til å bli interesserte på ein usunn måte, grafse i detaljar t.d. for at dei sjølve skal få opp salstala.
Det gikk fort og greitt å lese denne boka sidan det vart ver til å ligge ute og sole seg. Dessutan er den akkurat passelig lang. Eg har funne ut at 8 CD-ar er den ultimate lengda på ei bok.
Eg veit at Solveig vil lese denne boka, men eg kan styre begeistringa mi. Takke meg til Mo Hayder!
No skal eg lese noko meir lødig, nemlig Siste natt i Twisted River, av John Irving.
PS: Margrete har lese bok nr. 2 og skrive om den på bloggen sin.

Vermelding 24.juli 2010

Klokka er 13.20. Temperaturen er +22 graderC, det var klårt i dag morgon, men no har det kome litt skyer og vind. Eg har vore ute og jobba i hagen f.m. Har m.a. brukt kantklipparen både her og der, og så har eg reinska heile det lange rosebeddet nedanfor huset for ugras.No slær Nils plenane på nytt, for i går var graset så langt at det var vanskelig å få med alt.
Rosa som det ser øvst i innlegget har eg fått av ei dame på Hareid, via Solveig.Solveig har ei veninne frå Slovenia som dyrkar fram slike rotekte roser. Eg har planta den oppe ved garasjen, og håper den skal bli ein stor busk, som også dei som går forbi på vegen kan glede seg over. Rosene nede i hagen er det stort sett berre vi sjølve som ser.Og dei har berre så vidt begynt å blomstre. På Kongsberg var rosene nesten ferdige med blomstringa.Håper alle får ei fin helg.Vi har ingen spesielle planar, det er veret som bestemmer.
Margrete er framleis i Sverige. Rasmus er i Sandefjord, men reiser over til Strømstad i morgon, så det kjem an på om dei treffast.

fredag, juli 23, 2010

Vermelding 23.juli 2010

Klokka er snart 13.00, temperaturen er + 18 grader C og det er knapt ei sky på himmelen.Det er eit kjølig drag i lufta til tross for fineveret, og no begynner det så smått å blåse. Det er vel "utrønå" som vi seier her i Ørsta. Det var stilt på sjøen i dag tidlig, så Nils og Hassan planla fisketur, klokka 9.00 denne gongen. Nils kom heim med eit par fine seiar og ein god del mindre.Det blir vel fersk småsei i dag, vi begynner så smått å få abstinens etter så lang tid utan.
Eg kom meg ikkje ut før klokka var nærmare 12.00; sidan det var så kjølig fann eg ut at eg kunne ta fredagsvasken først. Kan ikkje vere så mykje ute i hagen, for der er så mykje ugras at det er altfor fristande å bøye seg ned og luke. Det KAN eg berre ikkje.Har lagt ein halvtimes tid på altanen med seriemordboka mi -Hjerterått av Chelsea Cain. Topp krim. Ikkje sant, Solveig?
Margrete m/ fam er i Skara i Sverige, skulle vere der eit par dagar.Fekk sms i går kveld.

torsdag, juli 22, 2010

Sokkegarn frå Ulsteinvik.

Då vi var på blogg-shopper-tur til Ulsteinvik, Flø og Hareid, kjøpte Solveig garn som eg no har strikka sokkar av. Garnet er relativt tynt, eg strikkar på pinnar nr.2,5, og det er godt å strikke. Dessverre har eg gløymt kva garnet heiter, men Solveig hugsar det kanskje? "Magebeltet" har eg sjølvsagt kasta. Eit lite tips når det gjeld slikt "sjølvstripa" garn: Det er betre å kjøpe to like nøster enn to ulike, for sjølv om dei seier det er nok garn i ein bunt til eit par lester i vaksen storleik, så kan det hende det blir i minste laget.Eg fekk litt for lite garn til det raudstripete paret, så det blå paret strikka eg litt mindre.Det vert lite strikking med meg for tida, det har sine grunnar. Eigentlig likar eg godt å strikke mens eg høyrer lydbøker.

Bok nr.38 2010: Tyvenes by

Margrete har skrive om denne boka før. Eg vil anbefale at de les om den på bloggen hennar.
Eg har brukt lang tid på boka, har hatt den med meg over halve landet+ delar av Sverige. Viss eg skal få fullt utbytte av ei bok, kan eg ikkje bruke for lang tid, derfor kan eg ikkje bedømme denne boka rettferdig.

Vermelding 22.juli 2010



Klokka er 13.45,og temperaturen ca 12 grader C. I dag har veret skifta frå regn til regnbyger og vind, men innan kvelden skal sola skine frå skyfri himmel, om ein skal tru på yr.no.
Nils går og ventar på at det skal bli såpass tørt at han kan køyre plenklippar;  i mellomtida styrer han med diverse ute, og i garasjen. Eg har støvsuga og pussa kopar og messing før middag. Så oppdaga vi at telefonen ikkje virka, så no har vi vore og kjøpt ein ny. Dei er billegare å kjøpe enn å reparere.Så spørs det om vi får den til å virke.
Fekk melding frå Margrete i går kveld, då hadde dei vore i bjørneparken i Orsa.(Orsa ligg ved Siljan, ikkje altfor langt frå Mora. Vi har kjørt forbi mange gonger, men aldri stoppa).
Nils lagar ertersuppe. Han har kokt kjøt og erter i frysaren, så det er berre å tilsette grønsaker. Dette er ein rett som han har monopol på å lage her i huset.


onsdag, juli 21, 2010

Vermelding 21.juli 2010

Klokka er 12.00.Temperaturen er +19 grader C og det er skikkelig vått ute.
Nils atteletar på graset som ikkje er mulig å klippe slik det er no.Skjærsminbuska på bildet skulle ha blomstra for ein mnd. sidan; som det meste anna i hagen er den 4-5 veker forsinka i høve til normalen.Mens rosene på Kongsberg heldt på å blomstre av, er ikkje våre roser komne skikkelig i gang. Det som trivst best og veks som aldri før er vassarven.Alt dette hadde for så vidt vore greitt viss ikkje kroppen reagerte slik han gjer.Mens vi var på tur kunne eg både sitte og gå, men no verker heile kroppen så eg knapt orkar noko.Lyspunktet er at fredag kjem fineveret! Og då er det også at Hundedagane går inn, så veret skal vare!
Margrete & Co var komne til Siljan i går kveld, ikkje langt frå Mora, og dei hadde det bra.
Nils brukte mykje av gårsdagen til å vaske båten som står i garasjen for tida-det blir vel ikkje lenge før han skal utpå og fiske igjen. Eg prøver å få gjort litt i huset, men eg er ikkje ute av feriemodusen enno ser det ut til.

tirsdag, juli 20, 2010

Grensehandel.

Sidan Solveig har skrive om handel på grensa, må eg fortelle litt om det vi kjøpte. Det vart ein del kyllingfilet, salt flesk og bacon,ja.
Elles nokre flasker saft, nokre ostar og altså eit glas sylta agurk, som eg personlig er storforbrukar av.Treng ikkje glaset etter at det er tomt, så Solveig.............
Melkekartongen er med for å indikere storleiken av glaset, for vi hadde ikkje "normale" fyrstikkesker.
Ja, og så kjøpte eg meg ei ny handveske. Det trengde eg faktisk.

Vermelding 20.juli 2010

Klokka er 12.40. Ute er det overskya, skodde, regn og +15 grader. Ja, vi er sjølvsagt heime i Ørsta igjen. Vi hadde ikkje så veldig strålande ver på turen heller, men det var no mest opphaldsver og over 20 grader, så det er ein viss skilnad.
I går reiste vi frå Karlstad. Eg hadde no tenkt vi skulle sjå oss om litt sidan det er mange år sidan vi var der, men plutselig, etter diverse feilgrep, var vi på full fart nordover.Vi stoppa ikkje før vi var på Charlottenberg, og etter at vi hadde bunkra opp med kjøt og flesk var det ikkje anna råd enn å ta beinvegen heim før kyllingfiletane tina. Det blei mange timars køyring, med eit par små stopp. Turen gikk radig og fint utan uhell og det er vel det viktigaste? Eg hadde i grunnen ikkje lyst heim att enno, men her er vi altså. Nils har funne tak i nabokarane, og no er det vel den vanlige praten om bensinforbruk, cruise-kontroll, regnsensorar etc.etc.Eg har prøvd å oppdatere bloggen litt, pakka ut kofferten m.m.
Fekk melding frå Margrete i går kveld, då var dei på Tynset. I dag skulle dei vidare til Alvdal og Røros, og så over grensa. Dei har campingvogn, så dei slepp å tenkje på hotell.

søndag, juli 18, 2010

Rapport frå fengselet.

I går reiste vi frå Kongsberg til Horten, tok ferja til Moss og kjörte vidare til Fredrikstad. der vi besökte KM og Öystein.Vidare gikk turen til Sverige, der vi enda opp på eit lite hotell i Tanumshede,dvs. på en "stuga" som höyrde til
hotellet.
Om kvelden kjörte vi ein liten tur til Fjällbacka og såg oss om på denne kriminelle staden. Der var heilt utruleg flott i solnedgangen.

Hovudgata minte litt om Gata på Eid.

     Gikk ut på flytebryggene for å få med mest mulig av byen.Her var ei stor hamn       med utruleg mange båtar.
Når ein tek bilde rett mot sola, ser det mykje mørkare ut enn det eigentlig er.
Dette fjellet ligg midt i "byen".Nydelig farge i kveldsola.

Vi la oss tidleg, så vi vakna tidleg i dag.Derfor kom vi oss også tidleg vidare. Vi kjörte til Säffle, der vi hadde avtale om å möte Solveig med familie. Då dei kom, reiste vi ut til Duse Udde og sat på stranda der. Det bläs og det var ikkje så veldig varmt, men Öystein og ungane bada.
Nils ser utover Væneren der det bles litt meir enn vanlig.

Campingplassen på Duse Udde ligg inne i ein lunande skog.Ein liten arm av vatnet dannar ei langgrunn strand, der det er fint for dei minste barna å bade.Solveig og fam. har campa her i mange år.Men ikkje i år.

Vi tok sikte på Karlstad, mens dei hadde bestilt hotellrom på Charlottenberg.
Her er vi kjende, fann hotell Bilan med ein gong, eller Fengselet som vi kallar det. Her er det godt og rimelig å bu. I tillegg til frokost får vi også kveldsmat innkludert i prisen. Og eg har fått låne datamaskinen i resepsjonen.Viss de lurer på kvifor eg kallar det Fengselet, er det enkelt å forklare:Bygget er nemlig eit gammalt fengsel som er ombygt til hotell.
Bak fengselet står det to kirsebærtre. Der plar vi gå på slang når vi er på hotellet.

lørdag, juli 17, 2010

Vi reiser frå Kongsberg.

Vi er no klare til å reise frå Kongsberg. Turen går mot Strømstadområdet i første omgang, så får vi sjå.
Når vi ikkje blir her lenger er det fordi dei skal komme opp til oss i begynnelsen av august. Derfor er det ikkje så trist som vanlig å seie farvel til familien her.Det har regna i natt, men no skin sola. Temperaturen er ikkje spesielt høg, men kanskje det er varmare i nabolandet?

fredag, juli 16, 2010

Kongsberg fredag før middag.


I går var det for det meste overskya og regn, men det letta utpå ettermiddagen. Vi heldt oss for det meste inne og kvilte etter reisa. I dag er veret lettare; det er delvis sol og litt vind.Det er ikkje varmt, men temperaturen er behagelig.
Vi kjem nok til å ta oss ein tur inn til byen på sikt, men har ingen eksakte planar.
Eivind og eg har lese ut den tjukke boka om Tigeren og bjørnen,men Vebjørn er meir oppteken av eit elektronisk spel som eg ikkje forstår meg på. Minstemann, Ingar, er mest interessert i mat.
Det ser forresten ut til at det blir mallwalking day i dag.

onsdag, juli 14, 2010

Kongsberg her.

Vi måtte reise langt og lenger enn langt i går før vi fann betre ver enn i Ørsta. I Skjåk og nedover høljregna det, så vi fekk verkelig prøvd ut sensoren på vindusviskarane på Colten.Først då vi kom til Otta vart det opplett, men ikkje før vi var i Lillehammer var det litt varme i lufta.Hadde tenkt å gi oss til der, men hotella var både fulle og dyre, så vi kjørte ned til Biri og tok inn på ei vegkro, der dei m.a. hadde pizza, så då var vi redda.
I dag kjørte vi Gjøvik-Hønefoss-Kongsberg og var framme i 2-3 tida. Her var det varmt og godt, men ikkje så veldig mykje sol- like godt kanskje, så vart ikkje overgangen så stor og vi kunne sitt ute med hyggje. Ja, dei som veit KOR varmt her kan vere forstår kva eg meiner.Her er ca 23 grader no. Gutane er like kjekke som dei plar vere og leikar fint med diverse nabogutar som vil vere med på piratskuta.Eg trilla ein bitte liten tur med Ingar, men måtte snu heim på grunn av hunger. Ikkje min, men hans!
Eivind poserer villig når eg vil ta bilde.Verre er det med Vebjørn, men når han får demonstrere kor sterk han er får eg lov å ta bilde.

Og vesle Ingar er berre så skjønn.

mandag, juli 12, 2010

Vermelding 12.juli 2010

Klokka er12.20, temperaturen er + 14 grader C og det blæs og regnar. Vi har eit forundelig ver, og det skiftar heile tida. I går var det over 30 varmegrader på dagtid, men om kvelden begynte det å blåse og regne. Likevel var det + 19 grader då vi la oss i 2-tida.
No belagar vi oss på å reise ein liten tur til Austlandet. Vi kjem til å ta det med ro og bruke to dagar til Kongsberg. Kva veg vi reiser er enno ikkje bestemt, men eg har ikkje lyst å fare Hemsedalsfjellet kvar gong. Nils har klipt plenane, og så har han henta heim båten som han no driv og spylar og vaskar.
Eg har rydda og vaska på kjøkkenet, ikkje kjekt å komme heim att til rotehus. Dessutan skal kleda vaskast og eg skal pakke-alt for mykje som vanlig. Ein tur på biblio må eg også ha, kan ikkje vere utan lydbøker! Til middag i dag skal vi ha steikt makrell, det har vi ikkje hatt før i år. Nils fekk sju makrellar då han var ute og fiska i går kveld.Veit enno ikkje om vi tek med laptoppen, men når vi er på Kongsberg har vi PC-ar nok.

søndag, juli 11, 2010

Bok nr.37 2010: Beretningen om herr Roos

Håkan Nesser er vel kjent for dei fleste som farfattar av krimbøker, der politimannen Van Veteren er hovudpersonen.Denne boka er også merka som kriminalroman, men eg vil påstå at den er heilt annleis enn dei fleste andre i same sjanger. Det er verken særlig mykje spenning eller dramatikk her, og VI veit heile tida kva som skjer, sjølv om politiet ligg langt etter i løypa.Det som ber denne romanen frå først til sist er personskildringane og det at Håkan Nesser er ein glimrande skribent. Heile boka er halden i ein lett sarkastisk tone, á la Aarto Paasilinna, men utan hans spesielle humor.( Men humor er her også) .Vi kjem like inn i psyken til hovudpersonane, og får også del i fortida deira.Det er inga infløkt bok, den er lettlesen med få personar og enkel handling, noko som kan vere ein fordel med lydbøker.
Meir enn brotsverk handlar denne boka om livet, kva vi gjer ut av det og om menneskelige relasjonar. Slutten var veldig bra! God bok!
Nils Ole Oftebro les så godt at han ville fått den verste bok til å høyrast ut som eit mesterverk, så denne boka bør lesast med øyrene.Det er mitt beste råd.
Kva boka handlar om kan de lese her 

Vermelding 11.juli 2010

Klokka er snart 13.00. Ute er det lettskya og sol, temperaturen er + 30 grader på baksida av huset.
Dessverre trur eg det er fare for at det kjem både skyer og regn. Vi er framleis heime, men ser ikkje bort frå at vi rømmer austover om veret blir slik som det er spådd på yr.no.
Når vi sit ute på altanen ser vi nedover på alle dei store trea som folk har i hagane sine, og som kanskje skygger for sola, så naboen sit i skuggen. I går kveld gikk eg tur i lag med ei som bur litt lenger nede, og ho var sjokka over skogveksten på øvre Vallabøen. Vi var samde om at viss folk ville ha så mange store tre i hagane sine, kunne dei flytte opp i skogen rett ovafor her. Sei meg, det finst vel ei lov som seier KOR høge tre ein kan ha i ein hage? Eg vil presisere at naboane våre ikkje har tre som skygger for oss eller sjenerer oss på annan måte. Men andre i gata har problem! Vi kunne forresten tenkt oss og sett ned på fjorden!
Ein av naboane våre var plaga med at det var skugge i hagen hans. Då bad han naboen på kaffi akkurat då skuggen var på det verste. Det hjelpte. Sol er sunt og vi har ikkje for mykje på våre kantar!

lørdag, juli 10, 2010

Vermelding 10.juli 2010

Klokka er14.40, det er + 19 grader ute og sola prøver å bryte gjennom.Det har regna på føremiddagen.
Det er ikkje så mykje som har skjedd hittil i dag; vi var ein tur på Amfi og handla mat, og eg kjøpte ein topp og eit par sko til meg sjølv, begge deler på sal.
Bildet er frå ein nabohage, men ikkje Sissel sin denne gongen. Vår hage er særs lite å skryte av i år, i alle fall så langt.

fredag, juli 09, 2010

Frå Fremmerholen til Starevegen.


Klokka er no 16.20, ute er det lettskya og opphaldsver.Temperaturen er + 21 grader C.
I dag har vi vore til Spjelkavika og henta den nye bilen. Marit U køyrde oss på bussen, Timeekspressen, som går frå Volda kvar heile time. Vi reiste 10.08 herifrå. Bilseljaren henta oss på Moa. Etter litt instruksjon, sette vi oss inn i bilen og kjørte til Moa der vi kika litt i butikkar før vi åt pizza på Dolly Dimple. Ja, det vart ein kaffikopp også. Skal det feirast, så må det vere skikkelig!
No høyrer eg at naboane stimlar saman på tunet, så eg må ut og prate med dei. Måtte neste le då vi kom heim- bilen er jo nesten akkurat samme fargen som huset.Craneberry red heiter fargen, og eg har sjekka at craneberry er tranebær.

torsdag, juli 08, 2010

Utfordring.

Hosta er først og fremst ein bladplante, og finst i mange variantar. Vi har berre to sortar enno, men eg har fått lovnad om fleire. Det har vore ei plage at diverse dyr (sniglar?) et hol i blada, derfor har eg no sett eit par plantar i potter og plassert dei på singelen. Det ser ut til å gå bra.Dessutan har eg fått eit tips om at det er lurt å fjerne dei uanselige lilla blomstrane som kjem litt seinare på sommaren.
Blå valmuesøster er ein av favorittane -ikkje minst på grunn av fargen. Det har eg gjentatt til det kjedsommelige.
Den foredla storkenebben har eg også vist før, men no står han på det finaste-også den i ein nydelig blåfarge.
Denne rosa heiter Rosa Moyesi og liknar til forveksling på vanlig klunger, men er like fin for det. Desse rosetrea kan bli mange meter høge, men eg klipper vår ned til moderat høgde.Særdeles villig til å vekse denne buska.
Vi har flytta ein del store stauder nedst i hagen, så dei kan danne som ein hekk mot naboen. Ein hekk som visnar ned om vinteren og såleis ikkje tek skade av snøen.Dette er ei lilje som finst i dei fleste hagar og vår ættar frå bestemor sin hage på Hildegard.
Solveig utfordrar oss andre til å vise dei fem finaste plantane i hagen. Akkurat no er det ikkje mykje å skryte av i hagen vår, likevel har eg lyst å vise litt av det eg synest er fint.

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...