tirsdag, juli 20, 2010

Grensehandel.

Sidan Solveig har skrive om handel på grensa, må eg fortelle litt om det vi kjøpte. Det vart ein del kyllingfilet, salt flesk og bacon,ja.
Elles nokre flasker saft, nokre ostar og altså eit glas sylta agurk, som eg personlig er storforbrukar av.Treng ikkje glaset etter at det er tomt, så Solveig.............
Melkekartongen er med for å indikere storleiken av glaset, for vi hadde ikkje "normale" fyrstikkesker.
Ja, og så kjøpte eg meg ei ny handveske. Det trengde eg faktisk.

3 kommentarer:

solveig sa...

Fint du fann deg veske! Tenkte å tinge på glaset, men no slepp eg visst tigge. Eg treng dei heime og på skulekjøkenet. Når ein kjøper slike sekker med ris, vert det så rotete, så ris er mellom anna fint å ha store glas til!

solveig sa...

Litt vittig at vi tenkte så likt med agurkane. Vi er og storforbrukarar av sylta agurkar i tillegg til sylta raudbetar.

Besta sa...

Saknar Lidl når det gjeld sylta agurkar, der var mange typar. Elles har eg jo Norgesglas til deg, du får hugse å minne meg på dei ved høve. Der er også 2-literar, dei brukte eg å ha ris i før, men eg har så rikelig med boksar og glas at ingen ting står på.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...