mandag, oktober 31, 2016

Dagbok 2016: 31.oktober


Klokka er 19.15, temperaturen er + 8 grader og det har vore skodde, regn og grått i dag også. Vi har ikkje vore ute for ei dør, men eg har ikkje vore så låk i rygg og hofte i dag, så eg trur det må vere høgtrykk på veg.
Når eg ikkje har planar for dagen, blir det alltid lite gjort, slik også i dag. Men ein treng vel ikkje "gjere" så mykje alle dagar. Eg tok i alle fall og baka tre brød på føremiddagen, om ikkje anna. Det blei nysteikt brød og kaffi til lunsj i dag, så vi venta med middagen til seinare. Eg sette meg til å strikke mens vi såg på paven og messa i Lund. Eg fekk felt av ein lest under seremonien. 
Så begynte eg på middagen; laga brun saus(Toro) og steikte kotelettar som fekk koke i sausen både vel og lenge. Faktisk litt lenger enn planlagt, men det gjorde ingen ting.
Vi fekk heilt uventa besøk av Kari og Kåre med ein nydeleg rosebukett. Dei ville ikkje ha verken mat eller kaffi, berre prate litt. Det var veldig koseleg at dei kom innom, men eg følte det var litt kipt at dei ikkje fekk servering.
Då dei var reiste sette eg på potetene og så åt vi. Nils var ikkje i storform i dag, men det var sikkert litt for varmt inne-han har det best i kulden.
Eg tok nokre bilde frå altanen rundt kl.14.00, ein time seinare var det åt å skymest.




søndag, oktober 30, 2016

Dagbok 2016: 30.oktober

Klokka er snart 17.00, men det har vore mørkt lenge. Eigentleg har det vore nokså mørkt i heile dag. Ute er det skodde og regn, men det er ikkje kaldt og ikkje snø, så noko positivt er det.
I dag vakna eg av at eg verkte noko infernalsk i eine armen, og i ryggen og hofta. Armen blei fort bra då eg fekk leda litt på meg, men resten av kroppen er ikkje bra. Eg skuldar på gikt, sidan det er så vått i vêret. Nok om det.
Det har vore ein svært roleg dag her, Nils har for det meste slappa av, men eg tok og laga ei gulrotkake før middag, det er ikkje bra å sitte for mykje i ro. Dessutan hadde eg nokre store gulrøter på lager- eg raspar for hand og då er det ein fordel. Elles har eg lese litt, og strikka litt, men kan ikkje sitte for lenge om gongen. Det er heilt utruleg at eg har vore så bra heile sommaren-trur eg skulle klipt plenar heile året -så hadde eg vore i betre form.(Eg skal ut og samle opp lauv med klipparen viss det blir tørt og bert igjen. Kan ikkje fordra å rake).
Til middag i dag hadde vi resten av suppa vi kokte førre sundag, skulle eigentleg hatt den i går, men då gjekk vi på kafé. Eg er ikkje så glad i oppvarma mat, så ein annan gong lagar vi ikkje så mykje.
Nils har lettare for å få i seg suppe og liknande mat enn det som må tyggast. Eg prøver å få i han mest mulig egg, og i dag hadde vi bløtkokte Hareids - egg til frokost. På Coop får dei inn ferske egg frå Hareid kvar dag. Då åt han to-dei var ganske små. Det er litt uvanlig for meg å lokke mat i han, for han har alle tider hatt ein glupande appetitt. Faren er at eg kan få litt for mykje i meg sjølv.
Det var lyst då vi stod opp til normaltid i dag, men så mørkna det tilsvarande tidleg. Det er mange som ønsker seg sommartid heile året-særleg når ein er yrkesaktiv.
Eg vart glad då Knut Anders Sørum vann Stjernekamp i går. Den siste songen han song er noko av det finaste eg har høyrt. Det same sa ein av dommarane. Coldplays "Fix You" var fantastisk. Nicoline var også utruleg dyktig og eg vil tru at ho appellerte meir til dei unge, men ho har mange år framfor seg til å bygge opp ein karriere, det hastar meir for Sørum. Det var høgt nivå på kampen i år.
Ja, vi er ikkje så ofte på konsertar og andre tilstellingar for tida, så då blir det å ty til fjernsynet, og der er no litt for ein kvar smak. I alle fall i helgane. Men det irriterer meg at programmet, både på data og på skjermen, ikkje stemmer. Eg skulle ta opp "Norge rundt" i går, men då var det eit heilt anna program som var nedlasta. Så skulle vi sjå ei reprisesending i dag,  det vart også feil. Men eg har sjølvsagt sett det på data opp til fleire gonger. Artig å sjå Rolf og barnebarnet Lisbeth på skjermen. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Rolf er bror til Nils.
Eg har eit lite lager av opptak liggande i tilfelle eg ikkje finn noko av interesse. "Skal vi danse" ser vi på hurtigspoling, så slepp vi alt pratet.

lørdag, oktober 29, 2016

Dagbok 2016: 29.oktober.

Klokka er snart 19.00 og det er duka for ein lang TV-kveld. Eg er veldig spent på kven som vinn Stjernekamp, og heiar sjølvsagt på Knut Andres Sørum, slik eg har gjort nesten heile tida. Nicoline er også veldig flink, og eg har ein mistanke om at dei unge stemmer på henne- og det er dei som stemmer mest. "Skal vi danse?" tek vi opp og ser seint på kveld.
I dag har det vore grått og regnfullt ute, og vi var litt seine i avtrekket i dag. Men vi kom oss nedover for å handle på Amfi-det er det apoteket som trekker oss dit. I dag var der så fullt at det var som å gå MOT 17.mai-toget då vi gjekk inn.
Eg handla mykje mat, slik eg oftast gjer, må liksom ha det meste i hus.
Eg spurde Nils om han orka å køyre til Volda for eg skulle hatt ei ulltrøye eller to på Janus-butikken. Janus-fabrikken har faktisk ikkje flagga ut, men produserer i Norge.
Ja, han var klar, og så kom det spørsmålet som var heilt vanleg før når vi reiste over kommunegrensa:"Skal vi ete på Kina-restauranten". Det var som musikk i øyrene mine-ikkje fordi eg slapp å lage middag, men fordi han hadde lyst på mat!
I dag vart det ikkje så veldig kinesisk, for vi tok "dagens": Biffsnadder med bernaise saus, poteter og salat". Men det var faktisk godt. Eg tenkte stort sett på kaloriar og protein. Sidan vi tok dagens, fekk vi også kaffi. Kina-dama sa at det var så lenge sidan ho hadde sett oss. "E det bra med dokke?"
Eg fekk kjøpt meg ulltrøye og vi kjørte heim att. Kvar gong eg kjem heim frå handel blir eg litt irritert på meg sjølv fordi det er så mykje å sette på plass.
Elles har eg strikka ferdig ein lest, og begynt på nummer to-fekk mykje arbeid med Berlin-garnet for det er så tynt. Men det er no ikkje tvangsarbeid akkurat.
Vi har harr ein god dag i dag.

fredag, oktober 28, 2016

Dagbok 2016: 28.oktober.






Klokka er 19.30. Temperaturen er + 5 grader C. 
I dag har vi hatt all slags vêr: regn, litt vind, tordenvêr, hagl, snø i fjella; sol også faktisk. Og det var i ei av dei fine periodane bilda blei tatt. Trudde ikkje vi skulle få sjå att sola meir  dette året, men det fekk vi altså. Personleg er eg glad for all nedbør som kjem i form av regn - og ikkje som snø.
I dag var ikkje Nils så sprek som i går, det er slik opp og ned med dagsforma. Men han kom seg no ned på legesenteret og fekk tatt blodprøver slik planen var.
Eg brukte føremiddagen til å støvsuge alle teppegolva, og til å vaske klede, og legge dei i hop etter ein tur i trommelen. Ikkje råd å tørke klede ute no.
Middagen i dag vart veldig enkel: egg og bacon.
Vi venta Solveig og Olaug i 17- tida, så eg steikte sveler då tida nærma seg. Hadde eplekake og is i frysaren, så det vart kaffimaten i dag. Kjekt at Olaug tok seg tid å besøke besteforeldra mens ho var heime.
Eg har lege på sofaen innimellom i dag, for eg er plaga med smerter både i rygg, hofte, kne osb. Håper det er gikt, som går over etter kvart. 
Det er plagsomt nok, men ingen katastrofe. No blir det vel mykje TV resten av kvelden, Olaug og Solveig måtte heim før tunnelen vart stengt-den skulle visst vaskast.
Så ønsker eg alle ei god helg. Vi har ingen andre planar enn at vi må handle litt i morgon.
Og der ! fekk eg sjå Rolf, bror til Nils, på TV. Lisbeth var der også. Ho er dotter til Roar,  sonen til Rolf. Det var i "Norge rundt" -som eg sjeldan ser.

torsdag, oktober 27, 2016

Dagbok 2016: 27.oktober

Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er + 9 grader C, og det regnar. Det har vore meir eller mindre mørkt i heile dag og regnet har bøtta ned. På ein måte er det bra, for det var snakk om høge straumprisar etc. Vi treng regn også, og eg håper berre at det regnar skikkeleg no ei stund, og så kan det godt lette opp att. Men neste gong sola ev. kjem fram, får vi nok ikkje sjå henne i stova.
I dag før middag tok eg "fredagsvasken" på bad og kjøkken, slik eg plar gjere om torsdagane. Støvsuginga blir utsett til fredag eller laurdag.
Sidan vêret skifta har eg hatt problem med ryggen og hofta. Om det er vêret si skuld åleine, veit eg ikkje, for det vert meir stillesitting når eg ikkje kan styre på ute. Skuldra begynner også å trøble, på grunn av for mykje strikking, kanskje? Det er vel også gikt-relatert, kroppen min likar ikkje vått vêr.
No skal eg ikkje syte over bagatellar. Det er dei som har det verre. Til dømes Therese Johaug. No har eg site og sett nyheiter m.m. på TV. Sett korleis dei i Italia har hatt jordskjelv, krig i Syria , stadig fleire får kreft ...og mykje anna elende. Men det som har det verst og får sitte på TV og gråte i beste sendetid- er Johaug. Eg spyr !

Nils har hatt ein bra dag i dag, og har fått i seg mykje næring. For ein gongs skuld hadde vi middag i skikkelig tid-klokka 14.00. Maten var restar frå i går + nykokte poteter og gulrøter.. Eg åt nok litt for mykje sjølv ! Men stort sett passar eg meg for kaloriar.
I morgon får vi truleg besøk av Solveig og Olaug. Olaug er heime ein snartur og ville stikke innom.
Neste veke blir det mykje styr. Onsdag er det pensjonistmøte, torsdag får vi besøk frå kommunen i samband med at Nils snart er 80 år. Det er eit tilbod som vi kan takke ja, eller nei til. Men Nils tykte det var greitt. Fredag skal vi til Åse igjen.
Eg trudde ikkje det var nokon i slekta som hadde fødselsdag i dag, men så kom eg i hug Bjørnar! Gratulerer til familien ved Oselva på Eid.
Eg har så vidt begynt på boka til Ketil Bjørnstad, "Sekstitallet". Den er ganske lettlest, men er på heile 22 CD-plater, så det spørs om eg må ta pausar undervegs. Han skriv rett og slett om det som hende i Norge og verda i 1960- åra, slik han hugsar og opplevde det.(Men har nok innhenta litt kunnskap i tillegg)

onsdag, oktober 26, 2016

Dagbok 2016: 26.oktober

Dette er eit ungdomsbilde av Rasmus, truleg er det Margrete som er fotografen.Eg ser likskapar med den eine av gutane hans her.
 Bildet under er frå 50-årsdagen.


Klokka er 20.00 og temperaturen er + 8 grader, så det matcher bra. At det regnar er nesten uverkeleg , men eg kjenner det i heile kroppen. Eg toler kulde utan å verke, men regn er håplaust. Altså har ikkje dagen i dag vore så god slik sett.
Eg har forresten funne fram ei jakke som eg strikka til meg sjølv om lag på same tid som eg strikka genser og bukse til Eivind-altså må det vere minst 12 år sidan. Jakka har eg knapt brukt før, men no er ho komen til nytte. Ull er ull og det beste middel mot gikt.
Nils har ikkje vore i form i dag, det vart nok ein travel dag for han i går. Vi sov begge langt utover morgonen, og har ikkje vore så aktive seinare heller. Eg skreiv ein liten epistel til avisa på føremiddagen. Så var vi nedover ein tur, på butikk og bibliotek. Det var smått med lydbøker på biblio i dag, men eg kom no heim med Ketil Bjørnstads "Sekstitallet" på 22 CD plater. Er ikkje sikker på om eg kjem til å lese heile boka i eitt jafs.
Eg fann ut at vi skulle handle på Rema 1000 i dag, for der fekk vi så godt lammekjøt i fjor. Eg reagerte på prisane på butikken, ikkje akkurat på kjøtet, men mange andre varer var dyrare enn eg er vant til på Coop og Kiwi.
Eg sette kjøtet på kok då vi kom heim, og så laga eg eplekake i den store "gullforma ". Nils måtte legge seg nedpå ei stund, men stod opp att til middag. I dag vart det altså lammefrikassé- og den var god. Nils synest det er betre enn fårikål, enda vår variant er veldig enkel. Det er sausen som er så himmelsk god, og full av kaloriar......
Eg sovna på sofaen etterpå-med bok på øyret. Til vår unnskyldning kan eg seie at om vi er seint oppe om morgonen-er vi tilsvarande seint seng om kvelden, så det går opp i opp.
I dag er det to år sidan vi var i Kongsberg og feira Rasmus sin 50-årsdag. Eg har også ei veninne som fyller 70 år i dag, og dottera til Ellen Marie er 50 år i dag. Eg har inntrykk av at mange har fødselsdag 25. og 26.oktober.Håper Rasmus har hatt ein fin dag, men eg synest det er litt trist at han er så langt borte. Men så har dei jo Wenche sin familie nært, og det er eg glad for.

tirsdag, oktober 25, 2016

Dagbok 2016: 25.oktober


Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 7 grader C og det er overskya, slik var det om lag då vi reiste heimanfrå på føremiddagen også. Etter kvart som vi reiste utover mot Moa vart vêret lysare og himmelen meir blå. Elles vart det ein nokså lang dag-når ein tenkjer på at sjølve konsultasjonane tok veldig kort tid.
Når vi reiser utover brukar vi å ta bussen som går frå Volda til Kristiansund kvar heile time. Det er veldig greitt. Oftast køyrer bussen ut til sjukehuset, men siste gongane vi har vore utover har vi måtta skifte buss på Moa, og då må vi vente 10 min. på å komme vidare. Det har resultert i at vi har vore litt for seine til eit par behandlingar, men det gjorde ikkje så mykje. Sidan han i dag skulle på røntgen og til legekonsultasjon måtte vi vere sikre på å komme presis, derfor tok vi ein tidlegare buss enn det som eigentleg var naudsynt. Og sjølvsagt - i dag køyrde bussen ut til sjukehuset, og dei som skulle til Kristiansund måtte skifte.
Vi brukte den ekstra tida til å få oss litt mat og kaffi i kantina før vi leita oss fram til røntgenavdelinga. Litt venting der, men sjølve røntgenbildet tek ikkje mange minutt. Så var det ned att til ortopeden og få dommen: Svulsten på hofta, det var det det galdt denne gongen, hadde ikkje vakse, heller minka. Beinet var ikkje meir skada enn før, så han kan berre gå på foten. OM han skulle bryte den, kan dei ta ein vanleg hofteoperasjon. (Slik som veldig mange gjer). Eg var med inn og eg trur det er bra, så får vi begge høyre det samme- og eg er fæl til å spørje.
Det passa utruleg dårleg med bussen tilbake, så vi tok ein lokalbuss inn til Moa og venta der i staden for i busskuret på sjukehuset. På bussturen heim sat eg rett bak sjåføren på eit høgare sete enn han. Det vart ein utruleg fin heimtur-eg hadde panoramautsikt. Og no har eg kome over buss-skrekken min. Det vart ein travel dag for Nils, så han måtte legge seg på sofaen ei stund. Vi må no snart lage oss litt skikkelig mat også.
Det er snakk om at bussane skal slutte å køyre ned til sjukehuset, men sette av pasientane ved hovudvegen. Har ikkje høyrt så gale! Dei fleste som kjem til sjukehuset er faktisk sjuke, og veldig mange har problem med å gå frå buss- stoppen. Det er store avstandar innafor sjukehusområdet, så det var betre dei hadde satsa på fleire stopp ved sjukehuset. Det blir dyrt for NAV om folk må bruke taxi i staden for buss.

Gratulerer med dagen, Svein!

Det er vanskeleg å finne bilde av bror min, enda så mange bilde eg har.Så dette har eg rett og slett saksa frå brudebildet. Svein fyller 75 år i dag, og er ca 1 1/2 år yngre enn eg. Eitt av dei første minna eg har om bror min, var at eg køyrde han i dokkevogna mi rundt spisebordet. Og at eg prøvde å knyte sløyfe i dei lyse krøllane hans.
Sidan vi var så jamaldra og jamstore i mange år, leika vi mykje i lag. Og det var heller ikkje fritt for at vi slost.
Dessverre kunne vi ikkje vere til stades og feire han i dag, men der er sikkert mange andre som har møtt fram. Håper at alle har hatt ein fin dag på Hildegard.

mandag, oktober 24, 2016

Dagbok 2016: 24.oktober: FN-dagen

Klokka 17.30. Sol i Mosmarka, men ikkje her.

Klokka har passert 18.00. Temperaturen er + 5 grader C. I dag var det nokså skya til det leid ut på ettermiddagen, då kom sola fram, og no er det nesten klårt.
Eg var litt tafatt og frostig først på dagen og kom meg ikkje til med noko særleg. Det vart til at eg sette meg til å høyre lydbok mens eg strikka på ein lest. Nils skulle til fastlegen kl.11.50, men eg vart ikkje med nedover. Han skulle berre måle blodtrykket, og det var heilt i orden.
I morgon er det tur til Åse igjen, denne gongen til røntgen og ortoped. Han skal ikkje møte opp før i 13-14-tida, så vi slepp å fare så tidleg. Vi tek bussen, som vanleg.
Nils kokte krabben vi fekk av Håkon i går kveld. I dag åt vi krabbe til lunsj. Eg åt ein heil rognkrabbe åleine, den var full av mat, så eg vart rimeleg mett.
Det var då energien kom, og sola. Nils skulle på synstest, og eg gjekk ut i hagen og sette i gang med plenklipping av lauv + at eg klipte greiner av plommetrea og mol opp på kompostkverna. Då fekk eg varmen i meg. Nils kom att om lag på samme tid som eg var ferdig. Optikarane her har veldig gode apparat for testing av syn og auge, så han slepp å teste synet hos legen når sertifikatet skal fornyast. Legen godtek papira frå optikar. Han slepp også å teste synest med tanke på diabetes. Før måtte han på Åse for å få gjort det også.
Nils har varma opp att suppe frå i går og ete to store tallerkar. Det er supper og liknande som glir lettast ned, eg er framleis mett av krabbemåltidet. Eg år rundstykke til så det vart ganske mykje mat.
No har eg tre bøker liggande på maskina som eg ikkje har lese, og ikkje har eg lyst å lese dei heller. Hadde i grunnen tenkt meg på biblio i dag, men no får det bli i morgon eller ein annan dag.
I morgon fyller bror min 75 år, men vi får ikkje vere til stades og gratulere han, sidan vi skal til Åse.Vi får ta ei lita feiring seinare.
Nils hadde ein bror, Leon, som var fødd på same datoen; han kom bort på sjøen då han var 17 år. Han hadde blitt 77 år i morgon om han hadde fått leve. Det er rart å tenke på. Leon og naboguten, Roald, 15 år,var ute og fiska og kom aldri att. To unge gutar forsvann frå eit lite miljø, der var 3-4 hus i Trovågen då. Dette var i 1956, og same året fekk syster til Nils ein gut som ho kalla Leon Roald.

Bok nr.69 - 2016: Syndenes forlatelse

Syndenes forlatelse (lydbok) av John Hart

Omtale fra forlaget
Etter fire års stillhet fra spenningsmesteren John Hart - den litterære thrillerens mester, er «Syndenes forlatelse» er en svært etterlengtet utgivelse som innfrir til det fulle.

Elizabeth Black er en omstridt helt, politikvinnen som egenhendig reddet en ung jente fra en låst kjeller og drepte to brutale kidnappere. Men hun er også en kvinne med en fortid og en hemmelighet. Og hun er ikke den eneste. Politimannen Adrian Wall blir endelig løslatt etter tretten års fengsling og mishandling for et drap han kanskje ikke har begått. Den første han møter utenfor murene er en fjortenåring som venter på ham med en revolver for å hevne drapet på sin mor. Men gutten er Adrians minste problem - han erkjenner snart at livet var tryggere i fengsel. Og mens de alle på hver sin måte søker syndenes forlatelse, blir et lik svøpt i mykt lin oppdaget på alteret i en forlatt kirke dypt inne i skogen.

.......................................................................................
Eg har likt bøkene til denne forfattaren og denne var heller ikkje så verst. Men det blir skrive mykje krim, og mange av bøkene kjem også som lydbøker. Derfor skal det godt gjerast å skrive krim som ikkje inneheld ein del klisjear. Denne boka er veldig amerikansk, på den måten at den på samme tid er brutal, røff og litt sentimental. Her skjer det også mykje som eg ikkje kunne hendt i vårt land.
John Hart spelar alltid på kjærleiken mellom foreldre og barn, det gjer han her også. Boka har fått terningkast 5, og eg likte veldig godt opplesaren. Meir vil eg ikkje skrive-det kan øydelegge for andre som skal lese den etter meg.

søndag, oktober 23, 2016

Dagbok 2016: 23.oktober


Klokka er 18.30, temperaturen er + 2 grader C, og det har vore enda ein finevêrsdag. Eg sjekka og fann ut at finevêret kom 1.oktober. Men då eg stod opp i dag var det ikkje sol men nokså skya. Etter kvart kom sola fram likevel.
Det har ikkje hendt så mykje i  dag. Mykje av føremiddagen gjekk med til husarbeid etc. Eg strauk litt klede og så laga eg ei stor panne med erter-/grønnsaksuppe. Trur den kjem til å vare nokre dagar, men Nils er veldig glad i slik mat. Han har som regel laga den sjølv, men i dag gjorde eg det meste. Før vi var komne så langt at vi åt middag, kom Birte og Håkon med sju krabbar til oss, så no har vi litt å bite i. Dei hadde visst fått ulysta seg sjølve også, så det vart ikkje bomtur denne gongen.
Mens vi sat og åt suppe kom bøsseberarane, så då kunne vi kvile middag med godt samvit etterpå.Eg har no lydboka mi som eg lyttar til innimellom-og strikketøy. Felte av ein lest f.m. og er godt i gang med nr.2.
I morgon skal Nils til fastlegen og måle blodtrykket f.m.og til optikar til synstest e.m. Synstesten tek han i samband med fornying av sertifikatet. Det er ikkje pålagt, men då får han samtidig vite om han treng nye briller. Stær oppdagar dei også på desse undersøkelsane. Kva eg skal styre med veit eg ikkje enno, det kjem litt an på vêret. Det skya litt over i vest i kveld, så det er ikkje godt å vite korleis morgondagen blir Har vore betre i hofta i dag. Heldigvis.


lørdag, oktober 22, 2016

Dagbok 2016: 22.oktober


Klokka er 22.00. Temperaturen ute er + 1 grad C, men inne har vi det varmt. Vi fekk enda ein nydelig dag, og sola varmar opp heile huset frå klokka 10-18. Vi sparer mykje brensel og straum på det.
I dag var vi ned på Amfi og handla før middag. Vi hadde ærend på apoteket, elles kunne vi handla på andre butikkar. På heimvegen kom eg på eit par ting eg hadde gløymt, så vi stoppa ved Kiwi -og så vart det ein full pose det også.
Då vi skulle ete middag-restar frå i går-ringde Margrete og spurde om det passa at dei kom opp ein tur, dei var på handel i Ørsta. Ho kom med dei to yngste, Eirik var på jobb men kom seinare, med eigen bil. Hadde ikkje så mykje å by på, men fann no fram litt is og kaker til kaffien. Eg har masse mat i huset, men ikkje alt er klart til servering.
Då dei var reiste la eg meg på sofaen med lydboka mi-og sovna, sjølvsagt. Eg sette meg til å skulle skrive blogg, då ringde Solveig på døra. Så i dag har her vore mykje besøk. Og det er sjølvsagt kjekt!
Solveig var også på handel i Ørsta.....
Eg var så redd for at Knut Anders Sørum skulle ryke ut av Stjernekamp, for dei to han konkurrerte mot var også veldig flinke. Eg har heia på Sørum frå dag ein-men mine favorittar plar ende på andre plass. Bra plass det også, men eg skulle gjerne sjå han som vinnar.
Som ein liten variasjon har eg ikkje tatt bilde frå altanen i dag, men frå parkeringsplassen på Amfi.
Nils har hatt ein relativt bra dag, men hofta mi har begynt å trøble igjen, så no har eg funne fram ullstillongs. Kanskje det kan hjelpe.

fredag, oktober 21, 2016

Dagbok 2016: 21.oktober

Klokka er 18.35, temperaturen er + 8 grader C og vi har kanskje hatt den siste strålande dagen denne hausten, for no ser eg at det skyar over. 
I dag vakna vi tidleg og Nils stod opp først. Han skulle vere på sjukehuset i Volda klokka 8.00. I dag var det CT. Eg låg litt lenger, men fekk ikkje til å sove, så i dag var også eg tidlegare oppe enn vanleg.
Etter frokost sette eg i gang med støvtørking og støvsuging i stova. Det tek si tid. Fekk ein telefon frå ei venninne også, ei eg ikkje har snakka med på lenge, så det var hyggelig. Vi er ikkje så mykje ute blant folk men har mykje kontakt på FB og pr.telefon, så vi kjenner oss aldri "ensomme".
Nils kom heim att litt før klokka 11 og då var eg nesten ferdig med jobben. Han måtte legge seg nedpå litt, og eg begynte å lage mat, legge i hop klesvask etc. Eg starta ryddinga av kjøleskapfrysaren, og der fann eg pølser. I kjellaren hadde eg vanlege poteter, så det vart potetstappe til pølsene, med rikeleg smør og H-melk.(Droppa fløyten). Denne retten slo godt an og i tillegg hadde eg laga risengrynssuppe med rosiner av ris-resten frå eit par dagar sidan. Eg er glad for alle restar eg får brukt opp, sjølv om menyane kan verke litt spesielle. Suppa gjekk ned på høgkant etter ein pause. Han greier ikkje å ete så mykje om gongen, så han må ete tilsvarande ofte.
Vi venta Birte og Håkon innom ein tur, dei skulle ha teinene med seg på hyttetur. Nils sat ei stund i garasjen og gjorde klart. Som de ser er det mykje att før der er ryddig, men kven kan vere inne i garasjen og rydde i finevêret. Eg låg ei lita stund på solsenga før eg tok ein fotorunde i hagen. Roser, klematis og blomkarse blomstrar enno, men blomkarsen er litt frostskada.
Etter at ungdommane var reiste, la Nils seg nedpå igjen, og eg la meg på sofaen med lydbok. Begge sovna, så no er vi klar for ein lang TV-kveld. Ønsker alle ei fin helg anten det blir turvêr eller "kose- seg -inne-vêr ".


Leonardo da Vinci i delvis sol.Den har blomstra i heile sommar.


torsdag, oktober 20, 2016

Dagbok 2016: 20.oktober



Ein finare oktobermorgon enn den som møtte meg i dag, er det vanskeleg å få. Rett nok var det kaldt og rimfrosne markar då eg stod opp, men i 10-tida kom sola og eg var ute på altanen og tok bilde. På nedste bildet ser vi rett bort i "Svartebygda" dvs. Melsbygda der vi budde i fem år. Eg grøssar når eg tenkjer på haustane der.
No har sola gått ned for i dag, ho blir borte i 18-tida, og eg ser litt skyer på himmelen. Temperaturen er +6 grader C.
Det første eg tenkte på då eg såg vêret idag var: No må eg få ut sengetøyet til lufting, bytte på sengane og vaske golvet. Typisk meg. Er det fint ute, må eg gjere noko inne. Ja, det var ein ting til: eg vaskar nesten alltid badet og kjøkkenet på torsdagar, så då slo eg fleire fluger i ein smekk. Sengkleda vart vaska og heng på snora til tørk. Det er fint å tørke klede ute i finevêret, det er berre det at dei tørkar så seint. Det har ikkje vore eit vindpust heile hausten og lauvet heng på trea.
Eg lånte eit sekkehjul med naboen, og fekk flytta gullbusken inn i kjellaren, kan ikkje risikere at den frys.Elles hjelpte eg Nils med å vaske sommarhjula og rydde litt i garasjen. Så måtte eg berre ta ein liten tur ut i Starevegen med fotoapparatet.
Huset til Jørn m/fam er ferdig renovert og det blei veldig fint

Blodlønnen er praktfull i lag med den gule bjørka.

Denne skråninga brukar eg å ta bilde av om våren, ikkje så verst om hausten heller.

Laga ikkje middag i dag. Nils åt resten av fiskesuppa frå i går, og eg åt gryterett frå i forgårs. No har vi drukke kaffi og ete kake frå frysaren. Nils driv og varmar opp og tørkar bilen. Han skal møte til CT i volda i morgon klokka 8.00. Han ser ikkje akkurat fram til det. I dag har han ete potetgull innimellom. Det var ein idé eg fekk i går-og den fall i god jord.
Elles så hadde eg ei stund på sofaen med lydbok og strikketøy på ettermiddagen.

onsdag, oktober 19, 2016

Dagbok 2016: 19.oktober



Utsikt frå altanen i dag  før middag.

Klokka er 18.45. Temperaturen ute er + 10 grader C, men det har sikkert vore varmare før i dag; eg har ikkje sjekka. Fint har det i alle fall vore, lettskya med gløtt av sol. Fantastisk vêr vi har hatt siste vekene.
Var innom Gåvebua i dag, dei hadde fått inn masse varer. Dei hadde bestilt julevarene til medio november og så kom dei i dag. Dei var mildt fortvila. Elles så har dei ganske mykje av Margrete sitt grøne blomsterservise til halv pris for tida og diverse Mummi på tilbod.
Venninna mi kom og henta meg klokka 13.00, men før den tid hadde eg hengt ut klesvask, skrive møtereferat og gjort diverse anna "forefallande" arbeid.
Etter at vi hadde kjøpt gåve var vi ein tur innom Kiwi i Vik og handla matvarer. Eg skulle berre ha ein ting og det var fiskebollar-men kom ut att med eitt breiddfullt nett.
Nils var ikkje svolten då eg kom heim, men eg åt litt restemat. Middagen blei bestemt til 16.30 og det heldt akkurat. I dag laga eg fiskesuppe med fiskebollar, det likar Nils, så då får han i seg bra mykje. Til dessert har han siste dagane fått is og kaffi. Han er ikkje så sprek, men om kveldane livnar han til. Heldigvis.
I dag fekk eg strikka ferdig eit par lestar av Berlin-garnet. For seint oppdaga eg at eg eigentleg skulle ha strikka frå midten av nøstet. Slik det no vart, blei lestane einsfarga og ikkje så store. Kunne ikkje halde fram med neste farge fram på tåa, men dei passar sikkert til einkvan. Og så tok eg like godt og shina opp kjøkkenet, enda det er torsdagsarbeid, eigentleg.
Det har falle meir lauv sidan eg samla opp i går, og sjå der! Eg har gløymt å sette på plass trillebåra.Uff da !

tirsdag, oktober 18, 2016

Dagbok 2016: 18.oktober

Klokka er 20.10. Temperaturen ute er + 10 grader C, midt på dag var den oppe i +16. Viss dette er "global oppvarming" -så ja takk! Hugsar sist vi var til Kongsberg, for to år sidan, då var det også veldig mildt. På heimvegen målte vi + 19 grader på Gol. Men SÅ kom vi over til Sogn og Fjordane-der var det flaum; det var 27.oktober om eg ikkje tek feil.
Dagen i dag fekk ein "flying start" for mitt vedkomande. Eg vakna klokka 7, men syntest det var for tidleg å stå opp, så eg la meg til å sove igjen- og vakna klokka 10.30! Eg skulle på møte klokka 12, så det vart full fart med frokost, dusj, hårvask etc. Blei ferdig i god tid! Der er svært sjeldan , for ikkje å seie aldri, at eg ligg så lenge ut over føremiddagen. Eg er slett ingen morgonfugl, men litt av ein natteramn.
Eg har lenge kjent på ei rar lukt som kjem frå omnen. Dermed sette eg i gang å reingjere den så godt eg kunne. Trur rett og slett det varr sotet som lukta. I alle fall var den full av sot, så eg hadde ein jobb med å gjere rein ruta etc. Vi har brent mykje rusk og rask i løpet av sommaren, men i kveld fyrer vi me oreved, den brenn reint. Håper at den tek med seg noko sot opp i lufta også. Mamma brukte å brenne gummistøvlar etc. for å få vekk sot, men no er vel ikkje støvlane laga av gummi lenger? Eg har nemlig tenkt å brenne seilarstøvlane mine når hagesesongen er slutt. Dersom de som les dette har gode råd for fjerning av sot, så tek eg imot.
Nils skulle til frisør i dag, helst mens eg var på møte, men han fekk ikkje time før klokka 15. Mens han var vekke skulle eg klippe plen, men så var det ei veninne som ringde, derfor vart eg ikkje ferdig før Nils kom att. Eg klipte berre dei to plenbøtene opp mot vegen, dei tok eg ikkje sist, og så samla eg lauv frå plenen nedanfor huset med klipparen, mykje meir effektivt enn å rake. Reknar med at eg må gjere det fleire gonger for det er enno mykje lauv på trea.
Så var det endeleg tid for å lage middag, i dag vart det Bali kyllinggryte med ris. Toro har tent bra mykje på meg i sommar. Nils strevar med å få i seg nok mat, men har no styrkedrikkane å spe på med. Han er verken verre eller betre enn han har vore siste tida, om kveldane er han best i form.
I morgon skal eg på eit shoppingoppdrag med ei venninne, men det tek ikkje heile dagen.
Eg fekk ikkje tatt bilde i dag, for brått var det mørkt.

mandag, oktober 17, 2016

Dagbok 2016: 17.oktober

Klokka er19.05. temperaturen er + 9 grader C. Det var ikkje frost sist natt heller, for det er ikkje så klårt lenger. I dag tidleg fekk vi sjå sola ei stund, men så skya det over.
Shoppingrunda med ei veninne vart utsett til onsdag, så eg hadde ikkje så mykje plan for dagen. Dermed rydda eg nokre skap med sengetøy, lufta dyner etc. Og fekk litt oversikt over kva som finst av slikt i heimen. Konklusjonen var at vi har meir enn nok. Prøvde å rydde litt i hagen, men var ikkje så veldig gira på hagearbeid.
I dag venta vi Eirik på besøk, han skulle legge om til vinterdekk på bilen vår. Etterpå åt vi middag i lag. Det vart restar frå i går med mandelpoteter til. Is og kaffi etterpå. Matlaginga er ikkje heilt på topp her i huset for tida. Nils er relativt bra, men appetitten er ikkje på topp. Eg strikka litt mens eg las siste resten av boka mi-elles har eg ikkje gjort så mykje.
Det var kjekt å ha Eirik på besøk, det er alltid kjekt når barnebarna stikk innom ein tur.
Resten av kvelden blir det vel strikketøy og TV, det blir tidleg kveld no når vi alt er komne langt ut på hausten.
Eg tok nokre bilde med det same eg var oppe i dag, men det var kaldare ute enn inne og linsa dogga, så bilda vart ubrukelige.
I morgon er det møte, og Nils skal klippe seg mens eg er der. Slik er i alle fall planen.

Bok nr 68. - 2016: Brennemerket

Brennemerket av Eystein Hanssen (Lydbok-CD)

Eksotisk krim fra Bangkoks nådeløse underverden

En ung jente tar livet sitt. Elli, hennes thailandske mor og kjæresten Brage er på ferie i Bangkok og blir vitner til dette. 
Selvmordet og morens gamle demoner trekker Elli mot et drapsmysterium i Bangkoks prostitusjonsmiljø. Snart skjønner Elli at hun selv er like forbundet med saken som moren. Sammen med sin norske kollega Jan Nereng og den lokale politimannen Tep Wattana går hun løs på sin mest kontroversielle etterforskning til nå. Bangkok er ikke et sted man følger reglene. Det er et sted man overlever. Det vet også Ellis motstander, som vil ha henne av dage. Men hvem er han? Og hvem er venn og hvem er fiende blant lokale politifolk og eksilnordmenn?
Brennemerket er en fargerikt skildret, actionfylt reise i Bangkoks underverden - blant MC-gjenger, bordellene i Patpong, i de norske miljøene i Thailand - og ikke minst i Ellis egen familiehistorie.
..................................................
Om innhaldet i boka kan de lese det eg fann på nettet. Eg må berre seie at eg likte ikkje boka. Skildringa av Bangkok fekk meg ikkje til å reise dit i alle fall. Eg fann ikkje ut at boka gav meg noko.

søndag, oktober 16, 2016

Dagbok 2016: 16.oktober

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 9 grader C, og det har ikkje vore så mykje sol i dag. Det var rart å stå opp til grøne marker og manglande kulde. Det vart litt grått utan sol, men det var no eitt og anna glimt innimellom.
I dag har det vore ein veldig roleg dag, og ikkje så mykje har hendt. Eg har strikka litt, laga mat, lese bok etc. og ikkje så mykje anna.
I dag laga eg "skikkelig" middag. Eg steikte svinekotelettar og kokte dei i brun saus. Nils får betre til å ete dersom det er mykje saus på maten, så i dag fekk han i seg ein bra porsjon. Til kaffi steikte eg opp resten av vaffelrøra og då åt han vaflar også-det er ikkje det beste han veit, men desse var stappfulle av protein og kaloriar, så det var litt viktig at han åt av dei.
Vi har lata oss veldig i dag, for meg er det nokså uvant etter ein aktiv sommar.
I morgon skal eg kanskje på shopping med ei venninne f.m., og så kjem Eirik for å legge vinterhjul på bilen. Tysdag skal eg på styremøte i pensjonistlaget og fredag er det CT for Nils-i Volda. Det er programmet for denne veka, så langt vi veit.
Eg har mange planar om ting som skal gjerast både ute og inne, men det går ikkje alltid etter planen.
Det er ikkje så farleg. Ønsker alle yrkesaktive ,skuleelevar og studentar ei god arbeidsveke.

lørdag, oktober 15, 2016

Dagbok 2016: 15.oktober.





Klokka er17.30. Temperaturen ute er + 10 grader C. Vêret har vore like fint i dag som dei andre dagane, men det har vore eit lite slør av skyer på himmelen sidan i går kveld, så det var mindre kaldt sist natt enn det har vore før-ikkje så mykje rim på marka i dag.
I dag har eg ikkje gjort stort anna enn å strikke litt og lage litt mat. Men det får passere.
Eg høyrde lydbok på datamaskina mens eg strikka, då hugsar eg litt meir av det eg les.
Vi venta med å fare nedover og handle til Birte og Håkon hadde vore oppom.
Dei skulle drage teinene opp for godt denne gongen. Det blir i alle fall ei vekes pause.
Vi var på Amfi og handla, Nils måtte ha meir medisin og eg meir mat-som vanleg. Eg kjøper både det eine og det andre, men det er vanskeleg å få i gubben nok mat. Det går mykje i energidrikk, yoghurt, müsli etc.
Vi køyrde ut på Rjåneset, for vi må ta teinene i vår bil, Håkon har ikkje plass i sin. Det varte ikkje lange stunda før vi såg båten, og dei kom til lands. Fangsten i dag var ein liten torsk og to små krabbar. Men Håkon liknar på morfaren, blir aldri lei av å fiske.
Dei skulle bort att til Volda og så skulle Håkon til Hareid.
Nils har vore i god form før i dag, men etter at vi hadde ete, måtte han legge seg nedpå litt, han blir veldig fort sliten. No ser eg at han er på beina att.
Eg gler meg alltid til Stjernekamp, og no blir det meir spennande for kvar gong. Eg heiar mest på Sørum, men det kan like godt bli Jonas som vinn. Flinke folk alle som er att no.







fredag, oktober 14, 2016

Dagbok 2016: 14.oktober

Klokka er no 17.40, og sola er nesten borte bak skyer i vest.Temperaturen er + 7 grader C Kanskje er det slutt på dei fine dagane no? Bildet øvst på sida tok eg klokka 10.00 i dag, det var då sola kom hit til oss. 
Eg brukte mykje av føremiddagen på støvsuging, særleg sidan eg presterte å rive ned ei blomsterpotte som eg hadde vatna meir enn rikeleg. Der vart ein stygg flekk på teppet, men til all lykke er det under eine sofaen.Skal ta den att seinare.
Nils har ikkje vore i form i dag, men no har han sovna i stolen, så då vaknar han litt friskare - håper eg. Eg var skrøpeleg då eg vakna i dag, så det er nok vêrbyte i vente, gikta varslar nedbør. Ja, noko er det vel med alle når åra sig på.
Håkon har hatt ute teiner kvar dag denne veka, og endeleg i dag fekk han fangst-to hummarar i same teina. Han sette ut att teinene enda ein gong, og skal drage dei før han fer til Hareid i morgon. Han har ein jobb på sundag, han skal ringe med kyrkjeklokkene, blant anna.
Eg hadde laga ei stor vaffelrøre før middag, så Håkon fekk vaflar og kaffi då han kom att frå sjøen. Tenkte eg skulle få Nils til å ete vaflar, for dei er fulle med proteinar og kaloriar. På bilda ser de hummarane både før og etter koking. Nils kokte dei, for det er han som kan det. Gjer merksam på at dei er godt over minstemålet.
Eg jobba litt ute ei stund, men ryggen var ikkje i form, så eg gav opp fort. 
Ønsker alle ei god helg! For mange er haustferien slutt, men snart er det jul !





torsdag, oktober 13, 2016

Dagbok 2016: 13.oktober

Klokka er no 18.15, temperaturen er + 6 grader C, og det har ikkje vore ei sky på himmelen i dag heller. Har høyrt rykte om at det er skodde i Nordfjord, det er rart, for det plar vere HER det er skodde.
Dei to øvste bilda er tatt ca kl.9.30 i dag tidleg, då var det sol på andre sida av fjorden, seinare vart det omvendt. I dag hadde vi full sol til klokka 18.00. det er så fine dagar, men i dag har eg vore for lite ute.Får ikkje komme i gang med haustarbeidet så lenge som blada er grøne og heng fast på trea.


I dag tok eg fredagsvasken, så får eg støvsuge i morgon. Elles har eg hengt ut klede og gjort diverse anna husarbeid. Nils var i dårleg form først på dagen, men har livna til no. Håkon kom i 14-tida og henta agn til teinene sine. Han var ut med båten åleine i dag.Vi åt litt lunsj og etter kvart tok vi ein tur nedover. Nils måtte på apoteket og få seg meir styrkedrikk. Eg handla litt mat etc. Då vi kom opp att var Håkon komen tilbake, utan fangst i dag også. Men han gir ikkje opp. Han drakk kaffi med oss og prata "fisk" med Nils. Om vi ikkje er så mykje ute, så har vi god nytte av sola, som varmar godt opp huset. Vi treng ikkje sette på varmepumpa før det lid mot kveld. Ja, vi har den på om morgonen ei stund sjølvsagt.
Bilda under er tatt ca 18.05, då har sola klatra høgt opp gjennom fjellsida og kvelden kjem fort. Forresten var eg innom biblio og henta meg ei bok i dag også, forfattaren er John Hart. Eg brukar å like bøkene hans. Så no blir det å rippe og strikke i dag også.
Og DER kom Solveig på besøk.




Dagbok 2021: 1.august.

Klokka er no 17.40, temperaturen er + 16 grader, det er lettskya og sol.- Ja, så er vi komne til august og ferietida nærmar seg slutten fo...