tirsdag, oktober 25, 2016

Dagbok 2016: 25.oktober


Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 7 grader C og det er overskya, slik var det om lag då vi reiste heimanfrå på føremiddagen også. Etter kvart som vi reiste utover mot Moa vart vêret lysare og himmelen meir blå. Elles vart det ein nokså lang dag-når ein tenkjer på at sjølve konsultasjonane tok veldig kort tid.
Når vi reiser utover brukar vi å ta bussen som går frå Volda til Kristiansund kvar heile time. Det er veldig greitt. Oftast køyrer bussen ut til sjukehuset, men siste gongane vi har vore utover har vi måtta skifte buss på Moa, og då må vi vente 10 min. på å komme vidare. Det har resultert i at vi har vore litt for seine til eit par behandlingar, men det gjorde ikkje så mykje. Sidan han i dag skulle på røntgen og til legekonsultasjon måtte vi vere sikre på å komme presis, derfor tok vi ein tidlegare buss enn det som eigentleg var naudsynt. Og sjølvsagt - i dag køyrde bussen ut til sjukehuset, og dei som skulle til Kristiansund måtte skifte.
Vi brukte den ekstra tida til å få oss litt mat og kaffi i kantina før vi leita oss fram til røntgenavdelinga. Litt venting der, men sjølve røntgenbildet tek ikkje mange minutt. Så var det ned att til ortopeden og få dommen: Svulsten på hofta, det var det det galdt denne gongen, hadde ikkje vakse, heller minka. Beinet var ikkje meir skada enn før, så han kan berre gå på foten. OM han skulle bryte den, kan dei ta ein vanleg hofteoperasjon. (Slik som veldig mange gjer). Eg var med inn og eg trur det er bra, så får vi begge høyre det samme- og eg er fæl til å spørje.
Det passa utruleg dårleg med bussen tilbake, så vi tok ein lokalbuss inn til Moa og venta der i staden for i busskuret på sjukehuset. På bussturen heim sat eg rett bak sjåføren på eit høgare sete enn han. Det vart ein utruleg fin heimtur-eg hadde panoramautsikt. Og no har eg kome over buss-skrekken min. Det vart ein travel dag for Nils, så han måtte legge seg på sofaen ei stund. Vi må no snart lage oss litt skikkelig mat også.
Det er snakk om at bussane skal slutte å køyre ned til sjukehuset, men sette av pasientane ved hovudvegen. Har ikkje høyrt så gale! Dei fleste som kjem til sjukehuset er faktisk sjuke, og veldig mange har problem med å gå frå buss- stoppen. Det er store avstandar innafor sjukehusområdet, så det var betre dei hadde satsa på fleire stopp ved sjukehuset. Det blir dyrt for NAV om folk må bruke taxi i staden for buss.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...