Viser innlegg med etiketten Reiser og besøk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reiser og besøk. Vis alle innlegg

søndag, august 05, 2018

Dagbok 2018: 5.august


Garden HOLEN
Klokka er 22.00, temperaturen er + 11 grader. Det har vore overskya og regn i heile dag, men det skal visst vere opplett i morgon. Så får vi sjå om det blir tørt nok til å klippe plen. Eg saknar trimmen min.
Denne siste veka har eg gjort lite og ingen ting, men har hatt mykje besøk og hatt fine dagar. I dag var vi invitert til Anne Elise og Helge bort på Holen. Det var Torbjørn som køyrde dei to Marit-ane og meg. 
Då bror til Anne Elise døde vart barndomsheimen hennar ståande tom, for broren hadde ikkje familie. No har AE og Helge pussa opp heile huset - og det er ingen liten jobb dei har gjort. Nye golv overalt, to nye bad osb. Men dei har likevel halde på den gamle stilen med møblar og anna. Eg har sett bilde før, men no fekk vi sjå heile huset "live". Det var ei oppleving.
I tillegg fekk vi mykje god mat. Først "koldtbord" med mykje godt, seinare kaffi og kaker etc. Dei er flinke både å pusse opp og lage mat, dei to. 
Vi som var der har vore naboar i over 40 år, vi kjenner kvarandre godt, så det mangla ikkje på samtale-emne. 
Eg har litt dårleg samvit fordi eg har inntatt for mange kaloriar i dag, så eg får prøve å vere aktiv og brenne nokre av dei i morgon, same kva eg kan finne på. Vil helst vere ute!

torsdag, august 02, 2018

Dagbok 2018: 2.august

Klokka er 20.00, temperaturen ute er 18-19 grader C. Det har vore overskya i heile dag, men berre nokre få regndropar.
Eg har hatt ein veldig fin og innhaldsrik dag. Og takk for det.
Seint i går kveld fekk eg melding frå ei venninne som ville stikke innom for ein kopp kaffi mens ho var ute og lufta hunden. Det var veldig kjekt, men eg trur ikkje vi fekk snakka oss heilt tomme, så vi må nok snart ha eit nytt møte. 
Ikkje før var ho gått før eg fekk melding frå Eid om at Bodil og Svein ville komme ein tur. Eg har så lenge snakka om å besøke dei, men det har vore så mykje anna både her og der at det har ikkje blitt.
Som eg tenkte, så hadde Svein ein bruktbil "på hand" som han anbefalte. Vi får sjå kva det blir til.
Etter at vi hadde ete og drukke kaffi ei stund tok dei meg med på biltur. Vi køyrde opp Storebakken så dei fekk sjå fonnvernet som er under bygging, derfrå var vi ein tur fram på gravplassen, før vi hamna på Amfi. Og kven trefte vi der? Jo, Olaug Marie frå Hareid og ei venninne. Bodil og eg fann litt vi trong på Clas, og eg hamstra brus på Bunnpris.
På heimvegen køyrde vi ut til sjukeheimen, der dei ikkje har vore før,- før dei køyrde meg heim att i Starevegen. Så vi hadde ei skikkeleg rundreise. Eg var gaid.
Takk til alle som kom på besøk! Det vart ein kjekk dag, sjølv om eg ikkje fekk verken saga eller klipt noko som helst. 

torsdag, august 17, 2017

Dagbok 2017: 17.august


Klokka er snart 21.00. I kveld har det regna litt, men tidlegare i dag var det varmt og fint, godt over 20 grader, no er temperaturen + 15 grader.
I dag hadde vi avtale om at ein sjukepleiar skulle komme og ta blodprøver av Nils klokka 10.00. Eg vakna i god tid, for å seie det slik.Vi fekk resultatet av prøvene kort tid etterpå, og dei var heilt OK. Om Nils ikkje direkte er i storform, så er han no ganske bra. 
I dag var det såpass tørt i graset at det gjekk an å klippe plenane, og eg for over heile tomta før middag. Eg slo med oppsamlar denne gongen, og om det er noko som trivst godt for tida, så er det graset, synd vi ikkje har dyr å gi det til.
Til middag åt vi berre resten av suppa frå i går. Eg laga ei vaffelrøre, sidan vi venta Eirik på besøk. Men det var Håkon som kom først, så vart det kaffi og vaflar.
Nils fekk seg ein middagslur før vi såg "Kakekrigen", og Eirik kom akkurat då vinnaren skulle kårast. Han har vore her nesten til no, men han skulle rekke farmora også i kveld.
I morgon reiser han til Melhus - og folkehøgskulen der. Det er første gongen han reiser heimanfrå for lengre tid, og han er 20 år. Då tenkjer eg tilbake til den gongen er forlet barndomsheimen for å reise til Solund og vere lærar på Trovåg skule. Då var eg 18 år og akkurat ferdig på gymnas. Men er var ikkje redd for å ta på meg den oppgåva, ung og overmodig som ein eingong var.
Eg ser at det tek til å bli mørkare om kveldane, og eg likar det ikkje. Tida går så altfor fort-særleg sommaren. 

søndag, mai 15, 2016

Dagbok 2016: 15.mai



Klokka er 18.45. Temperaturen er + 13 grader og sola skin. Det har vore ganske fint i dag, men kaldt.Etter at vi fekk regn for eit par dagar sidan blei det vokster i hagen. Her hos oss oss resulterte det i at tulipanane får svært lange stilkar. Naboen si skråning er vakker som alltid.
Vi hadde lyst å ta oss ein liten tur vekk frå husa om ikkje anna, så vi tok ein biltur rundt Follestaddalen, og ein avstikkar fram til Standalhytta. Der gjekk eg ut av bilen og tok bilde rundt meg. Det låg litt skodde på fjelltoppane- elles var fjella eit flott syn; kvite toppar mot blå himmel.
Eg har mange minne frå Standalhytta. Første gongen eg var der var i lærarskuletida, då var vi der i tre dagar og hadde skikurs. Det hjelpte ikkje særleg på mine ferdigheiter i sporten, men vi hadde det kjekt. Der var ekstremt mykje snø den vinteren. Hytta som Ålesund skiklubb sette opp i si tid har vore ombygd og påbygd mange gonger







Blomstrane som eg fekk til bursdagen min sist i mars står like fine enno. I tillegg pyntar er opp med hagestøvlane og hagecroxar. 
Vi kjøpte ikkje blomster til å ha i kjøkkenkassane til 17.mai, vi synest det var for kaldt, men no angrar eg litt. Men det er kanskje ope på Plantasjen i morgon? No er eg sterkt imot sundagshandel, men 2.pinsedag er no eigentleg måndag.
Då vi kom heim frå tur laga vi oss ein lettvint middag, og så vart det sofapause.Eg har ei lettlesen lydbok på øyret i stille stunder.
I dag vil eg gratulere nabo Torbjørn med fødselsdagen! Han feirar dagen i Sveits.

lørdag, mars 26, 2016

Dagbok 2016: 26.mars


Klokka er 19.05, temperaturen er + 7 grader C. Det er overskya, med regn av og  til.
I dag har vi hatt besøk av heile storfamilien, dvs dei som bur her omkring. Eg hadde dekka til 12-men vi vart 13. Trivelig det.
Eg hadde invitert til smørbrød og kaker klokka 15.00, sidan somme har fleire jern i elden. Eg har ikkje bursdag i dag, men vi feira litt på førehand. Gåver fekk eg også. Solveig hadde laga solide gryteklutar, som ho visste eg ønska meg.Eg ønska meg også ei kakeform og den fekk eg-med kake i.
Med Margrete fekk eg blomster til å ha inne og ute. Dei store gutane hadde kjøpt lys, kaffi og serviettar. Ja, det er kjekt å få gåver sjølv om ein har alt ein treng.
Vi vaksne fekk ha storebordet for oss sjølve, mens dei unge fekk plass rundt salongbordet. Erlend som skal begynne på ungdomsskulen til hausten, er den yngste, men må vel reknast blant ungdommane. "Mat og prat" stod på menyen, som vanleg,og det heldt. Alltid mange tema som skal diskuterast.
No har vi rydda opp, fått på oppvaskmaskina, og det som ikkje fekk plass der, vaska eg opp for hand.
Så skal eg slappe av med lydbok og TV resten av kvelden.

lørdag, oktober 03, 2015

Dagbok 2015: 3.oktober


 
Klokka er 10.10, og temperaturen er + 10 grader C. Det er opplett og litt vind.
Eg kjem så vidt til innimellom alle TV-programma  å skrive litt blogg. No er eg litt lei meg for at favoritten min rauk ut av Stjernekamp i dag, men eg kjem vel over det.
I dag hadde eg invitert Margrete og barna til fårikål-middag. Vi hadde fårikål førre helga, men tolte ein omgang til fann vi ut.Føremiddagen gjekk med til matlaging, og litt smårydding etc. Fårikål er noko av det mest lettvinte ein kan lage, og som regel blir det godt, det blei det i dag også. Eirik kom litt seinare enn dei andre, for han jobbar på møbelbutikk om laurdagane. Charlie var med, og det kan vere bra at han er litt husvarm sidan han truleg blir her nokre dagar i neste veke. Vi åt, prata og leika med Charlie - stort meir hadde vi ikkje på programmet.
Etter at gjestane hadde reist, sette eg meg til å lese og strikke, og rakk akkurat å lese ut boka mi, før Stjernekamp begynte. Oppvasken tok ASKO.
Bilda under har eg stole frå Margrete sin FB-status. Eg somla meg ikkje til å ta bilde etter at gjestane var komne. Det er ikkje så ofte eg treffer ungane lenger, dei er opptekne med så mykje og ingen har hatt bursdag på ei stund.




søndag, september 27, 2015

Dagbok 2015: 27.september.


Klokka har passert 19.00, temperaturen ute er + 12 grader, det er overskya, men opplett.Ingen snø i fjella i dag.
Førre veka var eg oppteken med ymse ting, og heller ikkje heilt i form, så eg kom ikkje gjennom heile vekeprogrammet mitt. Altså var huset langt frå "strøkent" i dag, men eg prioriterte "kontorarbeidet" mitt. Eg skal nemleg lage eit songhefte til Eldredagen, då vi får besøk av ein mann som skal gjennomføre eit program om Jakob Sande.
Eg vart ferdig med skrivinga, og vi sette på fårikålen.
Då stoppa det ein liten grå bil på tunet-ein bil vi ikkje kjende. Det viste seg at det var bror min som var på farten, i lag med eldste dottera si og son hennar. Ho skulle levere bilen sin til reparasjon her i Ørsta, så dei måtte ha med ein ekstra bil. Dermed vart det øvingskøyring for sonen. (Det var hans bil).
Det er år og dag sidan Audny har vore her, men eg møter jo familien i diverse samanheng på Eid.
Det var SÅ kjekt å få besøk, sjølv om verken eg eller huset var særleg styla.
Vi drakk kaffi i lag, og eg var så heldig at junior, som er svært datakyndig, reparerte laptoppen, som var full av grums. Eg hadde jo ikkje tenkt å utnytte han så grovt, men han berre smilte og sa at slikt var han vant til.
Etter kvart var fårikålen ferdig, og den smakte godt. Vi åt opp kvart eit grann, sjølv om det vart eit lite kompromiss til slutt. Vi kallar det kompromiss når vi deler siste resten og et litt meir enn vi eigentleg føler for. På den måten slepp vi å ha restar.
Etter middag sette Nils på TV-det var visst sykkelløp, så då la eg meg på daybed-en med lydbok.Det har blitt lite lesing i det siste.
Det mørknar tidlegare for kvar dag-det går mot haust og vinter anten vi likar det eller ikkje.

onsdag, september 16, 2015

Dagbok 2015: 16.september.


Klokka er 20.00. temperaturen ute er + 12 grader. Dagen begynte nokså grått, men vart etter kvart slik som på bilda her. 
Eg hadde planlagt å støvsuge i dag, og det gjorde eg. Eg må fordele  husarbeidet ut over heile veka, så kjem eg rundt på eitt vis. Nils tok seg ein tur opp i Skålavegen og kom seg heilt opp til gapahuken.


Etter lunsj begynte vi å planlegge ein tur til Hareid. Vi hadde noko rips som Solveig skulle få til saft, her i huset blir det ikkje laga slikt lenger. Frysarane våre er ganske fulle, så vi ville få vekk noko.
Solveig hadde steikt vaflar til vi kom, og vêret var så fint og varmt at vi kunne sitte ute. Solveig sette i gang saftkokaren med ein gong. Reknar med at det var fullt i hennar frysar også, så det var berre å gjere kort prosess.


I dag kan eg gratulere kusine Ellen Marie med 77- årsdagen.Eg ringde til henne tidlegare i dag og ho var frisk og rask.

tirsdag, august 04, 2015

Dagbok 2015: 4.august

Klokka er 22.30. Temperaturen ute er +17 grader; det har vore ein fin dag når det gjeld temperatur, men sol har vi ikkje hatt, dessutan har det kome litt regn.
Eg har halde meg inne for det meste, styrt med litt mat og klede mellom anna. 
Margrete var til frisør i Volda og kom hit etterpå, ho hadde Charlie med seg, noko som var ekstra kjekt. Vi hadde ein enkel middag, foren rips med vanilesaus + is til dessert. Seinare steikte eg ein liten porsjon med sveler.
Elles styrer gutane stort sett med sitt og vi andre pratar. No skal eg tømme oppvaskmaskina og fylle den igjen.
I morgon kjem Solveig og Øystein heimover igjen. Eg har ein heil jobb med å halde greie på kvar alle er. Olaug er på Santorino, men kjem vel heim snart ho også

onsdag, juli 29, 2015

Dagbok 2015: 28.juli.

Hjørundfjorden/Leknes.

Skår.

Finnes.

Bjørke

Klokka er no 0.30 og temperaturen er + 10 grader ute. Det har vore ein fin, lettskya dag med mykje sol,men varmen let vente på seg.
Det eg gjorde i dag før middag var å lage ei kake, lufte diverse dyner og puter og legge i hop klede.Nils koka lange til tidleg middag, så vi fekk tid å "sove middag" på altanen før vi skulle fare på tur. Bussen skulle gå frå Møre-bil klokka 14.45.Og då var vi klar.
Bussen køyrde oss til Sæbø, der vi gjekk rett om bord i båten. Det var frisk bris på Hjørundfjorden i dag, men eg sat ute heile tida i vind og sol. At eg sat på eit kaldt underlag av jern, tenkte eg ikkje på før eg kom heim. Skipsføraren gaida oss inn fjorden og fortalde litt frå dei små bygdene. Eg er rimeleg kjend der frå før, men han hadde diverse anekdotar i tillegg til geografien.
På Øye slo vi oss til ved båthamna med kaffi og kake. Prinsessekaka mi vart veldig godt motteken-alle skrytte av kor god den var.(Og det var den). Då det leid på rusla vi opp i hotellhagen der det var sett ut campingplassbord og anna. Dessverre var der mykje skygge så det vart etter kvart ganske kaldt. Det vart ei stund å vente før konserten tok til klokka 19.30.
Det var berre to av Vamp-gruppa eg kjende att, gamleguten sjølv og sonen som eg berre kallar "Liten fuggel". Han som var hovudvokalist er ny, trur eg, han song bra, men vart etter kvart nokså hås i målet.Alle var flinke, men yndlingen min er den vesle fuglen. Dei avslutta konserten med Tir na Noir, berre for at folk skulle reise seg og klappe for meir. Då kom fuglen inn att og song ein song om fuglar- og avslutta med "Liten fuggel"-delvis med allsong. Det var fin stemning i hagen, med unntak av dei som var meir opptekne av øl, vin og høgrøsta prat. Dei irriterte oss andre litt. Og dessverre, Ingeborg, dei song ikkje songen din.Nils kjøpte eit fint hefte med songtekstar og bilde, som han sølte kaffi på i ryggsekken sin...........
Heimturen gjekk med buss gjennom Nordangdalen og Honndalen i nydeleg vêr. I styggevêr er ikkje den turen noko særleg. Eg fekk ikkje til å ta gode bilde av scena, men det kjem vel eitt og anna i avisa. No drikk eg sitronvatn og håper på betre tider.




Nordangsfjorden/ Øye



I hagen til hotellet på Øye. Bilda er dårlege, men håper dei kan gi eit inntrykk av stemninga. Elles har eg alt no funne fleire betre bilde på FB.

lørdag, juli 18, 2015

Dagbok 2015: 18.juli

Klokka er 21.00, temperaturen ute er + 13 grader C og det har regna ganske mykje etter middag. På føremiddagen var det ei lang periode med opplett og delvis sol, i alle fall der vi var.
Vi var ikkje oppe i gryotta, for å seie det slik. Minstemann sov både godt og lenge han også. Særleg han. Vi hadde tenkt å sjå på dei store skipa som skulle kome frå Ålesund i 14 tida, men vi rakk ein tur til Sæbø først. Eg skulle handle litt på Nilsbuda, og så var vi innom bakeriet, noko som høyrer med når ein er på dei kantar. Erlend fann seg noko han hadde lyst på, og eg kjøpte eit par brød. 
Der var veldig stilt og fredeleg der borte, men då vi kom tilbake til Ørsta var det full balluba. Mange var komne for å sjå på "tall ships"-og korta tida med å handle på Amfi. Eg hadde ærend på Apoteket, og så måtte vi ha litt mat. Skipa var ikkje å sjå, så vi for heim att og åt kjøpepizza. Den var forresten god.
Etter kvart måtte vi tenkje på å få guten heim att, så då vi enno ikkkje hadde sett teikn på tall ships, tok vi sikte på 17.30 -ferja frå Volda. Vi vart sittande ei stund og prate med Margrete, før vi køyrde rundt fjorden og heim. Då såg eg eitt skip på Strømpeneset, og så kunne eg lese på FB at båtane hadde vore her akkurat mens vi var vekke. Ja,ja, dei kan no ikkje ha stoppa så lenge då. Dette vart ein skikkeleg rekardag, men det er ikkje så mykje anna å finne på når vêret er som det er.
Når vi er borte på hi sida, ved flyplassen, ser vi Saudehornet. Trur aldri eg har sett så mykje snø der i juli før. Og neste laurdag er det "rett opp". Kan det gå bra?




fredag, juli 17, 2015

Dagbok 2015: 17.juli


Klokka er 18.45. Temperaturen er + 17 graderC. Det er lettskya og fint.
I dag stod vi opp til ein strålande morgon-det var nesten som eit sjokk. Nils sende melding til Margrete om at Erlend kunne komme og fiske dersom han ville, for meldingane var gode-i går såg det svart ut på yr.no. Nils henta Erlend i Volda, og dei åt litt før dei for. 
Eg hadde vaska vinduskarmar, blomsterpotter etc., og då eg vart åleine fekk eg støvsuga. Så la eg meg ut på solsenga for å lese ut boka mi. Då varte det ikkje lenge før det skya over og det kom ein kald vind. Eg heldt ut ei stund , så gjekk eg inn. Men så kom sola att og eg såg Marit sat ute på enken sin, så eg gjekk opp til henne. Då kom fiskarane att-med EIN makrell og mange småsei, så små at dei blir til agn. Eg steikte makrellen til Erlend, og lysing til oss. Til dessert vart det kaffi og restar av Prinsessekake.
Eg er no i beit for lydbok. Har nokre i MP3 format, så eg kan no prøve Walkman-en.
Erlend har bestemt seg for å vere til i morgon og fiske meir. No har eg sett han i sving med å rydde på datamaskina mi, slik at den kanskje får opp farten.
Ønsker alle som er innom bloggen ei god helg!



torsdag, juli 16, 2015

Dagbok 2015: 16.juli

Klokka er snart 21.30, og sola skin på andre sida av bygda. Det er lettskya og fint no. Det var det ikkje på føremiddagen, då var det regn og skodde, som vanleg.
Eg var knapt somna før Nils stod opp i 6-tida for å fiske sei. Han ville gjerne ha med seg fisk til Solveig og familien, sidan vi skulle utover i dag. Eg var berre så vidt oppe før han var tilbake med ein bra fangst, så no blir det både steikt sei, seikaker og blandaball på Hareid. Dei har kvar sine favorittar.
Eg var ikkje i form etter ei sømnlaus natt, men kom meg litt etter kvart. Fekk vaska kjøkken og bad, så tek eg støvsuginga i morgon. 
Då klokka var 15 reiste vi utover.Og kva møtte oss då vi kom ut or tunnelen? Sol og delvis blå himmel, og vêret vart finare etter kvart. Middagen var sett til klokka 16, sidan dei stor barna jobbar i ferien. Vi fekk tre-rettars-middag, noko som er sjeldan her i huset: Blomkål/broccolisuppe, svinekotelettar og sagopudding m.m. . Vi takkar vertskapet for god mat og koselig samver. Vi fekk endeleg avlevert bursdagsgåva til Solveig- ho fylte år den 3.juli, men då var dei vekke.
Eg hadde ikkje kamera med meg i dag, så eg ville ta bilde med mobilen. Den var heilt død! Enda eg hadde ladda den opp i går. Bilda under tok eg med Nils sin mobil, for å gi eit lite innblikk i finevêret på Hareid. Men då vi kom tilbake til Ørsta i 20.30-tida var det like fint her. Og mobilen min vakna opp att.




onsdag, juli 08, 2015

Dagbok 2015: 8.juli




Klokka er no 21.00, temperaturen ute er + 12 grader C og det regnar.
I dag var det meldt opplett og vi planla ein tur som vi har snakka om. Vi har vore innover langs Storfjorden fleire gonger, og tatt ferja Liabygda-Stranda og Linge-Eidsdal, men vi har aldri vore inn til jordbærbygda Valldal. Dit skulle vi i dag, og dit kom vi.

Vêret var brukbart, overskya og opplett, men det er greitt turvêr. Vi køyrde i eitt, med unntak av ferjeturen, til vi kom til Stordalen. Der stoppa vi. Sist vi var der hadde vi tenkt oss inn i Rosekyrkja, men då var den stengt, det var den ikkje i dag. Denne kyrkja vart bygd sist på 1700-talet, delvis av materiale frå den gamle stavkyrkja frå 1300-talet. Derfor ser den eldre ut enn den er, særleg innvendig. Den er den første rosemåla kyrkja i Norge. Ja, roser og roser, fru Blom. Det ser meir ut som om malarane har gått berserk med maling og penslar. Her er Jesus, læresveinane, englar, David og Goliat og alt ein kan tenke seg. Alt nokså naivistisk i uttrykksmåten. Eg fekk tatt to bilde før eg vart stoppa, det var ikkje lov å fotografere med blitz. Resten av bilda måtte eg ta utan, inne i ei relativt mørk kyrkje. Eg har prøvd å behandle dei i Picasa, men bra blir det ikkje.



David og Goliat.


Alle læresveinane



Vi var også inn i eit gammalt hus, der dei budde, dei som hadde oppsyn med kyrkja. Der var så lågt under taket at Nils nesten stanga opp i bjelkane.








Då vi kom fram til Valldalen, som viste seg å ligge berre eit lite stykke innafor Linge, gjekk vi inn på kafeen "Lupinen" ved Muritunet og åt middag. Der var det middagsbufe med mange rettar som vi kunne forsyne oss av, noko som passar for slike matglade folk som oss.


For dei som ikkje er kjende, kan eg opplyse om at Muritunet er eit stort Rehab-senter. Der er fleire store hus, og eit fint uteområde. Langs sjøen er ein asfaltert turstig der vi gjekk, heilt inn til elva. Det viste seg at denne elva er ei populær rafte-elv. I dag såg den fristande ut, sjølv for meg;  mykje vatn, lite steinar.


Peace-rose.









Vi køyrde innover dalen, hadde vi køyrt eit par mil til, hadde vi kunna ta Trollstigen ned til Åndalsnes. Dei turistane som kjem denne vegen, kan lett reise vidare til Geiranger om dei tek ferja Linge-Eidsdal. Men eg trur ikkje Trollstigen er noko for meg.Der var mange store jordbæråker innover dalen, og akkurat då var sola framme så der var veldig fint, potetåkrar, kornåkrar og frukthagar var der også. Vi fekk eit lite håp då vi såg folk i ein jordbæråker, men dessverre var det berre ugras dei plukka. Jammen er det seint i år!




Eg stoppa på brua og tok bilde av elva på heimvegen, raftinga starta nedanfor brua.
Heimvegen gjekk greitt vi stppa på Digerneskrysset og fylte bensin, og på Moa, der vi gjekk gjennom heile "gamle-Moa" utan å kjøpe den ting.

Dagbok 2026: 26.oktober

På TV:Mor og dotter på Grønland.(Eg kjenner dei ikkje, men såg dei på TV) Klokka er no 20.26,temperaturen ute er +6 grader og det regnar lit...