fredag, april 30, 2010

Vermelding 30.april 2010

Klokka er 12.30, temperaturen er + 15 grader C. Det er overskya, men sola er framme av og til.
Har prøvd å ta eit bilde av samme området som eg fotograferrte 29.april i fjor. Som de ser er det stor skilnad.Men snart er våren her for fullt, trur eg.I fjor hadde vi rett nok tidleg vår, men sommaren vart ikkje så fin. I år får vi håpe på ein nydelig sommar. Håpet lever.
Så vil eg håpe at alle som skal ha konfirmasjon komande sundag får finever på dagen. Då Rasmus skulle konfirmerast hadde vi kjøpt nye hagemøblar, men då dagen kom, snødde det. Så det har vore så ymse før også.

Nils fekk berre småsei på sjøen i dag, men så skal vi ha fersk småsei og lever til middag. Det er ein delikatesse for fiske-elskarar som oss.

29.april 2009

torsdag, april 29, 2010

Shopping.

I dag var det grått og trasig ver, og eg hadde eigentlig ikkje lyst til noko; då er det berre ein ting som hjelper:shopping.
Vi hadde diverse ting på ønskelista, mellom anna ei kasse til å ha puter etc. i på altanen. Dei var på tilbud på Jernia. Vi kunne kjøpt i Kongsberg, men rekna med vi fekk her også, og det gjorde vi. Eg har lenge ønska meg nye, lyse kjøkkengardiner, gjerne kvite, og i dag kjøpte vi. Desse skal eg sy sjølv, ein saum oppe og opplegg med hand nede, det kan sjølv eg greie. Har hatt så mange mønstra og fargerike gardiner at no var det på tide med kvitt.
På Amfi trefte vi mange andre pensjonistar, særlig på apoteket, der det er fryktelig lang ventetid. Fekk snakka med mange som eg ikkje har treft på lenge.
Siste stopp var biblioteket.Nils fann ein gammal partikamerat og vi vart sittande å prate.Vi hadde eigentlig tenkt oss på Felleskjøpet å sjå på kaninbur også, men så fann NIls på å spørje kameraten om han hadde. Det hadde han ikkje, men ei ung dame som overhøyrde samtalen, fortalde at ho hadde eit bur utan kanin som stod fram på Åmdalen hos foreldra hennar. Det kunne vi få, og viss vi tykte det var verd noko, kunne vi betale etter som vi syntest. Så neste utflukt blir fram på dalen-kanskje i morgon?

Vermelding 29.april 2010

Klokka er 12.30, temperaturen + 10 graderC, og det er overskya.
Akkurat no er det opplett, men det har regna ganske mykje sist natt.
Nils held seg mykje i garasjen, han har planar om å egne liner å sette ut. Han har makrell i frysaren som han brukar til agn.Han har lyst å starte med hagearbeid også, men det er FOR  vått. Eg har liksom ikkje kome meg til noko særlig enno, berre gått og småplukka, men dagen er enno ung.

onsdag, april 28, 2010

Vermelding 28.april 2010

Klokka er13.30.Temperaturen er + 9 grader C. Det er overskya og litt regn.
På bildet kan de sjå den gamle jordbæråkeren vår. Nils reiv opp plantane siste haust, for der vart nesten aldri bær i denne åkeren som vi laga etter alle kunstens reglar for nokre år sidan.
No skal vi så sukkererter her, og ev. lage ny jordbæråker der vi hadde sukkererter før. Det er vel det ein kallar vekselbruk? Det skal vere bra for jorda.
Nils har vore ned til Vik i dag også, men eg held på med eit strikkeprosjekt. Eg strikkar nye "føter" på gamle lestebrot og får på den måten brukt opp mange små garnrestar. Det er forresten ganske artig, for eg likar å sette i hop fargar. Eg strikkar lestene parallelt, frå kvar sin ende av garnnøstet.Sidan Nils stort sett sit med føtene på ein krakk rett framfor nasen min, likar eg å ha noko pent å sjå på. Om kveldane altså..........

tirsdag, april 27, 2010

Vermelding 27.april 2010

Klokka er 14.20. Temperaturen ca + 7 grader C. Det er lettskya, og sola er framme litt av og til.Det er for kaldt å kose seg ute, men mange av naboane syslar både med hus og hage. Nils er framleis forkjøla, så det blir ikkje så mykje utearbeid med han. Føremiddagen i dag gikk med til handling og diverse andre ærend som vi berre måtte få gjort. Vi har ete tidleg middag i dag også. I dag vart det lettsalta sei som eg kokte i ein kvit saus med paprika, kvitløk og purre. Når det gjeld sei, er det berre fantasien som stoppar ein. Sei kan brukast på uendelig mange måtar.
Eg har fått utsett Ålesundsturen med veninnene; ikkje at eg er særlig forkjøla, men det verker i det meste av kroppen. Kom mai du skjønne milde !!!!!!

mandag, april 26, 2010

Vermelding 26.april 2010

Klokka er snart 14. Temperaturen er + 14 grader C. Det er overskya, men opphaldsver.
Nils har vore ute og grave i snødungane f.m. mens eg har støvsuga, stroke klede m.m.Og så har vi alt ete middag, for vi var tidlig oppe i dag. Middagen var steikt sei, noko av det beste vi veit.
Dei blå blomstrane sprer seg ut over all mark, men eg veit enno ikkje kva dei heiter, dei ser ut som små stjerner.Det er ikkje scilla. Sist haust planta eg nye gule krokus; har rikelig med kvite og blå, men dei gule har ein tendens til å forsvinne.No har det kome gule både her og der.Ingen blomster gleder oss vel slik som dei første vårblomstrane. Har to store overvintra geraniar i kjellaren som står og blomstrar, men har ikkje tort å plante dei ut enno.Vi er seint ute med våronna i år.

søndag, april 25, 2010

Vermelding 25.april 2010

Klokka nærmar seg 12.00.Temperaturen er + 9 grader C og det er overskya.No håper eg at dette er siste bildet av den store snødungen, for Nils har strødd mold oppå og dessutan spada i snøen og kasta utover plenen. Denne haugen er menneskeskapt, så då får menneska ta affære også.Men tulipanane som står nærast tilbygget har greitt å nå ei viss høgde til tross for den seine våren.Mamma hadde så mange gamle vermerke som ho hadde lært, særlig av far sin.Eitt av dei var:"April snø og mai kulde, gjør bondens løer fulle" - så det teiknar til å bli eit bra år.
Nils held på å komme seg av forkjølinga, men eg kjenner at det sig på.

I dag er det svigerdøtra vår på Kongsberg som fyller år og vi gratulerer så mykje. "Feira" litt då vi var der nede forrige helg. Ha ein fin dag!

lørdag, april 24, 2010

Vermelding 24.april 2010

Klokka er13.00. Ute er det overskya, opphaldsver og +10 grader C. Det er ganske kaldt å vere ute,faktisk.Nils har sådd grasløk i dag og spadd litt i den snøen som ligg att etter siste snøfallet.Den "gamle" snøen er det naboen som eig.
Nils er forkjøla og hostar, men har vore på apoteket og fått seg hostesaft. Eg har laga betasuppe som vi skal ha seinare i dag, etter ballettframsyninga. Har invitert Margrete & Co på middag.
Det er berre jentene som skal danse i dag, dei har delt programmet i to så det ikkje skulle bli så altfor langt. Flaks for meg som har problem med å sitte så lenge.Det kjem vel ymse innslag frå framsyninga på andre bloggar.Det er ikkje lov for publikum å fotografere under programmet.

fredag, april 23, 2010

Bok nr.22- 2010: Utrenskning

Eg har brukt lang tid på denne boka. Den første gongen eg lånte den, mangla plate nr.6, så eg måtte avslutte. Då biblioteket hadde skaffa den manglande plata, begynte eg på nytt. Dei siste platene las eg i sømnlause nattetimar, så eg trur ikkje eg er kompetent til å uttale meg så godt om denne boka.No held eg på å lese dei siste platene om att. 
Eg kan opplyse om at boka fekk Nordisk råd sin litteraturpris no nyleg.Så den er verd å lese.Les elles om boka på lenka eg har lagt inn-eller andre stader på nettet. Og for all del:Les boka.
Les om boka her.

Vermelding 23.april 2010

Klokka nærmar seg 11. Det er +2 grader C og det snøar noko forferdelig. Det meste smeltar nok etter kvart, men vi har vel hatt nok vinter no? Stakkars krokusane som vart pakka ut i går, no får dei vel dødsstøtet.
Nils er forkjøla og elendig, men er likevel ute og ryddar i garasjen.Elles har vi ikkje så mange planar for dagen, anna enn at vi skal flytte diverse teknologi over til den nye TV-benken og få ledningane i dei rette hola.Litt av ei utfordring, spør du meg.

Så vil vi sjølvsagt gratulere svigerinne Bodil på Eid med dagen i dag! Ho er framleis fem år yngre enn eg. Heldiggrisen. Ha ein fin dag!

torsdag, april 22, 2010

Så langt kom vi.

Sofaane kom i heila så dei var greie. Hjørnebordet vart lett og fort montert, men så var det salongbordet.Det hadde fått ein kakk såpass at ei lita flis hadde falle ut av underhylla. Dermed vart det ein tur på Møbelringen igjen. Ikkje noko problem å få ei ny hylle, men det tek litt tid, og det er ikkje lurt å montere bordet utan hylle, sidan det skal limast litt både her og der. Sidan vi likevel var der borte, kjøpte eg nytt TV-bord i eik og glas. Det gamle tek litt for mykje plass. Men det gamle furubordet skal få ein ny og god heim, så det er ingen fare.

Vermelding 22.april 2010

Klokka er snart 12, temperaturen + 11 grader C. Det er lettskya og ganske fint ute. Har vore ute og tatt granbaret frå rosebeddet som no er fullt av krokus. Som de ser har det minka litt på den store snødungen, men vi må nok hjelpe til litt.
Nils er forkjøla i dag, så det er godt vi er komne heim att. No ventar vi på at dei skal komme og levere dei nye møblane våre.Det blir kanskje eit nytt innlegg seinare.

onsdag, april 21, 2010

Marits rabarbrakake.

Eg ser på bloggen at Solveigs rabarbra spirer, så det er kanskje på sin plass med ei lettvint oppskrift på rabarbrakake? Eg har fått oppskrifta med ei veninne, så eg kallar kaka opp etter henne. Det er godt med krem, vaniljekrem, is eller vaniljesaus til. Ein gong tok eg feil kake i frysaren og hadde sjokoladeglasur på, det vil eg ikkje anbefale!
Eg er ikkje så glad i å bake, derfor er eg alltid på jakt etter kaker det går fort å smelle i hop.

Rør lett og luftig:
125 gram margarin
125 gram sukker
2,5 ts vaniljesukker
1 knivspiss salt

Ha i 3 egg, eitt om gongen, rør godt mellom kvart.

Så har du i:
200 gram kveitemjøl
2 ts bakepulver
3 ss kremfløte

Til slutt blandar du forsiktig inn 700 gram rabarbra som du har reinska og skore i bitar.
Ha deigen i ei form-26 cm, dryss med perlesukker og steik kaka på nedste rille i 45-50 minutt -på175grader C.
NB: Eg oppdaga at vanilesukkeret eg hadde i skuffa faktisk er EKTE.

Turen heim.

I bilen over Hemsedalsfjellet i dag ca klokka 14. Nydelig ver, tørr asfalt, men minusgrader.

I Lærdal var våronna i full gang då vi reiste nedover, og skogen hadde begynt å grønkast.Det var om lag det same i dag, for det er kaldt over alt. Det er mykje fin veg mellom Lærdal og Borlaug no, men ein del dårlige vegstrekningar står att. Dei arbeider no med vegen nedanfor den nedste tunnelen, det blir flott. Og snart reiser ein gratis gjennom Fjærland også, så då blir det vel fleire som tek denne ruta austover.For dei som er interesserte kan eg nemne at det kosta oss ca 200 kr i ekstra ferjepengar å ha med tilhengar. Begge vegar. Vi har då kort på alle ferjer.
Ferja Fodnes-Mannheller.
I dag køyrde vi rett om bord i alle tre ferjene, utan at vi såg i ferjerutene. Dei går relativt ofte.Vi åt litt niste på dekk, så fekk vi strekke på beina på samme tid.
Det skjedde ikkje så mykje spennande på reisa, og det er vel det beste. Hovudsaka er å komme heile heim, men det er kjekt å sjå seg om i slikt fint ver som vi hadde i dag. Vi helsar til Kongsberg og takkar for fine dagar.

Heime i Starevegen igjen.

Vi reiste frå Kongsberg ca klokka 9.30 i dag, og nådde 17.45 ferja på Folkestad. Turen gikk heilt radig og fint på alle måtar, og vi hadde strålande ver heilt til vi kom til Folkestad.Skal skrive meir og legge inn bilde, så snart vi får omrømt oss.
Her er litt meir snø enn då vi for, eller i alle fall litt NY snø.No er det lettskya og +7 grader.

tirsdag, april 20, 2010

Siste dagen på Kongsberg for denne gong.

Veret i dag, så langt, er om lag som i går. Det er lettskya med sol innimellom, men det er kjølig.
I går var Nils og eg ein tur inn til byen og handla litt. Det vart både mallwalking og gatevandring, men eg heldt ikkje ut så lenge. Til middag hadde vi to rettar: spekesild (Carlo-verdens beste) og risengrynsgraut. I dag skal Rasmus vere kokk, så då skal det skal det visst bli ein slags wok. Vi lever godt her, men i morgon blir det heimreise.Det er ikkje særlig freistrande når eg ser kva ver de har. Men blir vi lenger blir det vanskelig å reise frå vesle-guten. Han er berre så fin! - men eg trur ikkje han får brune auge slik som brørne har.

søndag, april 18, 2010

Kongsberg sundag.

Det var veldig fint ver først på dagen. Sola skein men det var kaldare enn i går.Seinare skya det til, men snø har vi ikkje-ikkje nysnø i alle fall.
Dagen har gått fort, utan at eg har vore ute for ei dør. Foreldra til W. kom og drakk føremiddagskaffi med oss, og så laga W. sein middag med herlig elgsteik. Dei to eldste gutane har hatt ein kamerat på besøk og leika på rommet til Eivind det meste av dagen.
I morgon er det arbeids-og skuledag for somme i familien.

fredag, april 16, 2010

Helsing frå Kongsberg

Fikk nesten sjokk då eg såg ut i dag tidleg og registrerte nysnø på markene. PC-en kunne melde om kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet. Kva gjer ein når bil og hengar står ferdigpakka på tunet?
Nils skifta til vinterdekk på bilen og vi fann ut at vi fekk prøve kor langt vi kom oss. Eg såg føre meg dramatiske scener på isdekka veg og ein tilhengar som slingra frå eine sida av vegen til den andre.
Det var rett nok litt slaps på Stigedalen, men resten av turen gikk som ein daum. Sola varma gjennom bilvinduet, og asfalten var tørr.I Lærdal heldt dei på å sette poteter i vårsola, og då vi kom til Nesbyen sat vi ute og åt nista vår. Rett skal vere rett, det var litt snø på vegen over fjellet og litt snø som fauk rundt- men det var også alt. Vi hadde ein kjempefin tur, sjølv om eg må innrømme at dei siste kilometerane vart litt lange.
Kjekt å kome fram og helse på den nye guten og resten av familien. God mat fekk vi også.
God helg til alle.

torsdag, april 15, 2010

Klokka er12.50, temperaturen + 9 grader C. Det er overskya, regnbyger og vind.
Legg megke til at der er mindre snø hos oss enn hos naboen. Det kjem av at vi aktivt har gått inn for å fjerne den. I går kosta og spyla eg gata og raka plenen.Legg også merke til veden som Nils har løda opp etter garasjeveggen.
Det begynner å bli tomt på stova. Vi skal ha gamlemøblane med til K.Kunne i grunnen tenkt meg å ha det nesten slik. Lebensraum!
Gode naboar er alltid godt å ha, særleg sidan eg ikkje greier slike tunge løft lenger. No blir det pakka etter alle kunstens reglar.

Eirik fyller 13 år i dag !

Så er det gått 13 år sidan vi såg Eirik for første gong, på sjukehuset i Volda, same dagen som han vart fødd.
Eg er glad for alle bilda vi har, dei hjelper oss å hugse.Eg har leita opp det eg skreiv i dagboka den dagen,etter at vi hadde vore og sett han, og der står det mellom anna:"Guten var perfekt......" Betre kan det knapt bli.
Eirik var ein snill og god baby, som både åt og sov, men så snart han kom seg på beina var han høgt og lågt, og måtte passast godt på. Nokre småuhell vart det no og då, han hadde ofte eit lite sår eller ei skramme, men aldri noko alvorlig. Snill og grei har han alltid vore, og lett å be om ei teneste.Eg veit også at han er flink å spele gitar, noko som ligg til farslekta; elles er det trombone i musikkorps, hip-hop på ballettskulen og så fotball. Så vi får seie at han framleis er ein aktiv kar!
No vil vi gratulere deg så mykje med dagen, Eirik. Håper du får eit kjekt selskap i lag med kameratane dine, så skal vi i familien feire litt seinare når vi kjem att frå tur.

onsdag, april 14, 2010

Vermelding 8.april 2010

Klokka er15.30. Temperaturen + 13 grader C. Det er overskya, men opplett.
Har ikkje bilde å sette inn, for apparatet ligg til ladding. (Gløymde det i går.)

Nils for grytidleg på sjøen i dag. Han hadde laga til ei heilt ny line med store onglar og egna med makrell. Han var ute etter kveite eller store langer.Fangsten vart ikkje så veldig stor, men han fekk eit par fine langer; det er noko av det beste eg veit av fisk-lettsalta lange. Til middag i dag hadde vi kokt småsei, det har vi som regel kvar gong han er ute.No er han på plass i garasjen igjen for å skjere opp og filetere fangsten.
Eg har spyla sanden av gata nærmast oss og skal ut att og rake singel og snø frå plenane opp mot vegen. Gjer det eg kan for å hjelpe våren fram.

tirsdag, april 13, 2010

Bok nr.21: Irrganger

Eg meiner å ha lese alle krim-romanane til denne islandske forfattaren. Eg likte denne også, men sakna Erlendur som har leia dei førre etterforskingane. Han har ferie og Elinborg overtek. Eg har før kalla desse bøkene "Krim for eldre"-eit namn som eg synest høver bra. Saka vert ikkje løyst ved spaning, datasnoking etc. men ved å snakke med menneska. Og det er her desse bøkene har styrken sin, i skildringa av møte med menneske som fortel historia si. Eigentlig er bøkene meir skildring av menneske og miljø enn reinhekla krim.Men som sagt, eg saknar Erlendur i denne boka, sidan han også fortel myter og segner frå det gamle Island. Det litt gammelmodige i bøkene vert forsterka av at det er Ivar Nørve som les -han er heller ingen ungsau. Eg har sagt det før og seier det igjen:Eg likar best å høyre på eldre menn som les, dei har meir ro over seg. Kanskje fordi eg sjølv er gammal?

Vermelding 13.april 2010

Klokka er13.15, og temperaturen er +12 grader.Det er lettskya med sol innimellom.
Nils driv og løder opp ved ute, etter at han har gjort klar lina; han har tenkt seg på sjøen i morgon om det går etter planen. Eg har baka ei kake, rydda og vaska litt. Same procedure as every day.........

mandag, april 12, 2010

Destinasjon Runde.

Det var så nydelig ver i dag f.m. at vi fekk lyst på ein tur ut til HAVET, og vi er ikkje seine med å hive oss rundt når vi først bestemmer oss. På bilturen utover rekna eg raskt ut at eg ikkje hadde vore på Runde sidan 1982 (?) då vi dreiv lærekøyring med Rasmus. Vi køyrde til enden på vegen, meiner det heiter Goksøyr der-der var i alle fall noko som heitte Goksøyr Camping. Dette bildet er frå vegens ende.Veret var ikkje så fint som då vi reiste heimanfrå.
På Runde har dei bygt opp eit stort miljøsenter. Der består av to delar bunde saman av ei gigantisk trapp m.m. Det ser ut som om eine delen skal vere utleige-leilegheiter og den andre delen kafe, kontor etc.Der var ikkje ope, så vi kom ikkje inn.Reknar med eg kan finne meir om dette prosjektet på nettet.
Du kan lese om senteret her.http://www.rundecentre.no/
Her kan du sjå mange flotte bilde frå øya også.Sjekk bildegalleriet.
På heimvegen var vi til byen Fosnavåg, der vi fann ein kinarestaurant og kjøpte oss lunsj. Det er den mest smaklause  kinamat eg nokon gong har ete. Det var kylling i karrisaus; det smakte karri. Punktum. Måtte både salte og pepre for å få litt smak på. Eg var så vidt innom ein butikk og gløste, utan å kjøpe noko. Men så viste det seg at Nils hadde planar, og fekk leita opp butikken til Dyrkorn. Dei som er inne i det veit kva det er: FISKEUTSTYR. Så då blei det handel:liner, onglar osb. Det var då eg begynte å lure på om dette var den eigentlige grunnen til at vi var på tur.
At alt ikkje er like vakkert i byen, er dette bildet eit prov på. Eg knipsa det utanfor Dyrkorn -butikken. Minte om Sibir.
Det var ikkje så kjekt å køyre gjennom Eiksundtunnelen i dag, der var mykje eksos.
Då vi kom heim til Ørsta regna det her også. Heldigvis. Så gjekk vi ikkje glipp av noko.

Vermelding 12.april 2010

Klokka er 11.20, temperaturen + 13 grader. Det er lettskya og delvis sol. Då vi stod opp var det sol frå klår himmel, men etter kvart har det kome nokre skyer. Det er også litt vind, noko som er bra for snøsmeltinga.
I dag har eg valt å ta eit bilde utan snø, for å vise at det tross alt er håp om vår her også.

I dag fyller svigerinna mi i Gulen 75 år, og vi gratulerer. Svigermor hadde også fødselsdag denne dagen. Ho fekk første barnet  på 27-årsdagen sin.

søndag, april 11, 2010

Klokka er13.15, temperaturen nærmar seg + 16 grader C. Det er overskya, men sola held på å bryte seg gjennom skydekket.
Vi har ikkje vore nokon stad-enno i alle fall. Nils har pusla ute, eg har høyrt radio og strikka. Så det går fredelig for seg idag.

lørdag, april 10, 2010

Vermelding 10.april 2010

Klokka er12.10. Temperaturen + 10 grader C og sola skin. Som de ser smeltar snøen i hagen.
                                         Mor og far lagar fiskekaker.

Dag 1: Far fer på sjøen i gryotta og fiskar lyr og sei. Han sløyer fisken og hengjer den opp i garasjen natta over.

Dag 2: Far fileterer fisken og mel den på handkvern ein gong. Han veg opp 1,5 kilo melen fisk i kvar isboks -i alt fire boksar= 6 kilo , og set boksane i kjøleskapet.

Dag 3: Mor og far jobbar i lag på kjøkkenet. Mor lagar brukar miksaren og lagar ferdig røra.Ho formar kakene og legg dei på den store elektriske steikepanna. Far hjelper til med steikinga. Alt går fredelig for seg, for dette har dei gjort før - mange gonger! Før klokka er tolv er alt klart og mor har rydda og vaska opp.

Oppskrifta har vi justert til vi er nøgde med  den. Når vi lagar fiskekaker  som skal frysast og til dels givast bort, brukar vi ei enkel oppskrift utan sære smakar.
Når eg lagar berre til oss sjølve i små porsjonar brukar eg foodprosessoren, og då kan eg eksperimentere litt.

Her er oppskrifta vi brukte i dag:
1,5 kilo melen fisk
4 ts salt
3 matskeier potetmjøl
1/2 ts muskatnøtt
1/2 ts pepar
2 egg
ca 6 dl H-melk
NB: Eg brukar måleskeier
(Ein kan sjølvsagt krydre meir, det er ei smakssak.)

Dersom ein skal lage fiskekaker i foodprosessor (matmølle) kan ei halvere denne oppskrifta.

Til middag i dag skal vi sjølvsagt ha fiskekaker som vi steiker på panna.
Som tilbehør blir det vel poteter, gulrot og ein salat. Trur eg.

fredag, april 09, 2010

Bok nr.20 - 2010:Noen vet.

Somme bøker er så oppskrytte at det er nesten umulig å ikkje bli skuffa når ein les dei. Andre bøker har ein ingen forventningar til, og risikerer å bli gledelig overraska. Denne boka høyrer til i den siste kategorien.
Det er to3.personsforteljarar som fortel historia, og to personar som les.Det funkar veldig bra. Den eine fortel historia frå hovudpersonen, TV-journalisten, sin ståstad og den andre følgjer mordaren.
Det heile tek til med at journalisten grev i ei historie om gutar som har blitt mishandla og misbrukte på ulike institusjonar. Desse gutane er no blitt godt vaksne menn. I nabolaget skjer eit dobbeltdrap og Kajsa ser snart ein samanheng mellom desse to sakene.
Boka er skriven på bokmål, med eit lite innslag av sunnmørsdialekt når Kajsa reiser til heimtraktene sine på Godøya for å nøste opp ei historie frå krigens dagar.
Forfattaren "sparkar" litt både hit og dit, ikkje minst til dei grådige journalistane som bokstavlig tala "går over lik" for å vere førstemann med ei god "story".
Elles kan boka minne mykje om Camilla Læckberg sine bøker, men utan bollar og te.

Vermelding 9.april 2010

Klokka er 14.45, temperaturen +11 grader C. Det har regna så smått heile føremiddagen, men akkurat no kom sola fram.Bildet er tatt frå parkeringsplassen ved Amfi.

Vi har vore på møbelhandel i dag. Har bestilt oss sofagruppe 3+2 i Ekornes Stressless. Dessutan hjørnebord og sofabord i eik. Dei gamle møblane skal få bli med til Kongsberg. Vi hadde eigentlig tenkt å kjøpe Ekornes Stockholm, men der var så lang leveringstid på den.Den vi skal ha, fekk vi 11000 kr i avslag på sidan det var ein utstillingsmodell.Borda hadde dei ikkje på lager, så vi får ikkje møblane før neste veke.


torsdag, april 08, 2010

Vermelding 8.april 2010

Klokka er 11.00. Temperaturen + 11 grader C og sola skin. Som de ser ligg der enno ein klatt snø att på hustaket til naboen.


Nils for på sjøen i dag, lenge før eg var oppe, og kom heim med rikelig fisk; eit par lyrar og resten sei. Lyr fekk han på snik, seien på snøre/ snelle. Han tykte nesten det vart for mykje å filetere.

Eg har vaska ein del kjøkkenskap m.m. for å gjere litt til nytte. Gjer eg litt kvar dag, blir eg vel ferdig ein gong. Men no skal eg ut i sola og flytte på litt snø..............

Svigerinna mi i Solund har fødselsdag i dag og vi gratulerer.

onsdag, april 07, 2010

Vermelding 7.april 2010.

Klokka er 16.00 og temperaturen +6 grader C. Det er overskya og lett regn.

Nils har styrt med diverse ute f.m. mellom anna flytta han på snø.Viss de ser godt etter, kan de sjå at tulipanane har begynt å spire i beddet.Under det tjukke snølaget står nokre små, blå blomster og ventar på å få kome opp. Snøsmeltinga går fortare når ein hjelper til litt.
Eg har vaska litt skuffer og skap i dag, og no skal eg feste trådar på dei nye vad-vottane, så kan Nils ha dei på seg viss han fer på sjøen i morgon.Vi skal reise til Kongsberg den 16., så då eg det kjekt å ha med litt fisk.Ja, vi treng no fisk sjølve også.

tirsdag, april 06, 2010

Vermelding 6.april 2010.

Bildet er tatt klokka 14.00. Då var temperaturen +13 grader C. Det er overskya, opplett og litt vind av og til. Vind er elles mangelvare her på Vallabøen, det er ein av grunnane til at snøen ligg så lenge her.
Vi har vore ein tur på biblioteket i dag, men der var ikkje mykje å hente av lydbøker. Kom heim att med Trude Teige si krimbok+ Isabell Allende:Åndenes hus, som eg har lese før. Så fornya eg lånetida på filmen Brick Lane som eg ikkje fekk sett i påska.
Vi var også på Amfi og kjøpte medisinar og mat.
Og så kjøpte eg med to nye løperar hos Målar-Olav, ein til salongbordet og ein til veggseksjonen. Dei er i ein bleikgrøn farge som passar til Lappetausa-servietten/duken min. Eg likar å variere i dukar og puter, har ikkje så mykje fargar elles.
 Klokka 19.30: Det blei ein del ved av grana. Nils er nesten ferdig å kløyve no.

mandag, april 05, 2010

Fleire bilde frå Nordfjord

Her er eit par bilde til frå boka. Dessverre er ikkje teksten god å lese. Men på det øvste bildet er det dyra til Frøydis som er nemnde, og på det nedste lurer eg på om det er Audhild som held i taumane?

Bok nr 19 -2010 : Fuglemannen


Denne boka har Solveig og eg lese på samme tid, og meiner vel om lag det samme om boka, sjølv om ho plar vere meir begeistra for seriemorderar enn eg.
Det er den andre boka eg les av Mo Hayder. Då eg hadde lese den første, vart eg lettare sjokka då eg fekk vite at Mo var ei dame! Den boka heiter Kuren og eg har skrive om den på bloggen.
Eg meiner at denne boka er velkomponert og velskriven, den har klart fokus og alt vert oppklara. Det kjem også tydelig fram at morderane er sjuke folk med tydelige avvik frå det normale. Ho går inn i tankane deira og prøver å forstå kva som går føre seg der.Ikkje for å unnskylde, men for å forklare.
Men så er det så grotesk,brutalt, uappetittlig, grisete osv. som det kan bli. Det er så mykje innmat, gørr, blod og andre kroppsvæsker som vel mulig. No har eg ein sterk mage og toler det meste, så det går bra, men eg trur ikkje eg vil ha meir av samme sorten.
Eg synest ikkje det var så spennande, heller litt langdrygt.
No vil eg ha ei koselig bok ! Ikkje krim på ei stund, takk.
Les gjerne om forfattaren på nettet

Vermelding 5.april 2010.

Bilda er tatt frå altanen klokka 12.00 i dag.Temperaturen er +12 grader C. Vi har eit strålande ver, med sol frå nesten klår himmel, men sidan det frys på om natta går snøsmeltinga heller seint.
No skal eg legge meg strak ut på altanen og prøve å friske opp eit særdeles vinterbleikt oppsyn. Har ordna litt i huset på føremiddagen. Nils har gått seg ein tur.

søndag, april 04, 2010

Bøker frå Nordfjord.

Som eit apropos til Solveig sin informasjon om Singer, vil eg gjere merksam på Aud Hjelle si bok om sjukehuset på Eid. Der er bilde både av pappa og mamma, og Svein er med som informant. Vi har fått boka av Bodil og Svein.
Den andre boka fekk eg til fødselsdagen av nokre veninner. Det er ei nydelig bok med foto frå alle kommunane i Nordfjord. Mange fine bilde frå Eid. Men sidan det har vore ein del stoff om sjukehuset på bloggen i dag, tek eg med ei side der det er bilde av det nye sjukehus-tilbygget og bysten av overlege Wennevold; den første overlegen på Eid. Bildet skulle sjølvsagt ha vore skanna, men formatet på boka gjorde det vanskelig.
Denne boka er gitt ut på Selja forlag-eit forlag som har gitt ut mange fine bøker knytta til Sogn og Fjordane fylke, mellom anna kokebøker.

Dagbok 2021: 24.februar

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er ca +10 grader, det er overskya og det blæs, men trur ikkje det regnar. I dag har det vore ein litt r...