fredag, april 09, 2010

Bok nr.20 - 2010:Noen vet.

Somme bøker er så oppskrytte at det er nesten umulig å ikkje bli skuffa når ein les dei. Andre bøker har ein ingen forventningar til, og risikerer å bli gledelig overraska. Denne boka høyrer til i den siste kategorien.
Det er to3.personsforteljarar som fortel historia, og to personar som les.Det funkar veldig bra. Den eine fortel historia frå hovudpersonen, TV-journalisten, sin ståstad og den andre følgjer mordaren.
Det heile tek til med at journalisten grev i ei historie om gutar som har blitt mishandla og misbrukte på ulike institusjonar. Desse gutane er no blitt godt vaksne menn. I nabolaget skjer eit dobbeltdrap og Kajsa ser snart ein samanheng mellom desse to sakene.
Boka er skriven på bokmål, med eit lite innslag av sunnmørsdialekt når Kajsa reiser til heimtraktene sine på Godøya for å nøste opp ei historie frå krigens dagar.
Forfattaren "sparkar" litt både hit og dit, ikkje minst til dei grådige journalistane som bokstavlig tala "går over lik" for å vere førstemann med ei god "story".
Elles kan boka minne mykje om Camilla Læckberg sine bøker, men utan bollar og te.

1 kommentar:

solveig sa...

Denne har eg lyst å lese! Eg har lese dei to andre romanane. Dei var interessante fordi dei var frå traktene her. Synest det er synd ho skriv bokmål.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...