lørdag, april 10, 2010

Vermelding 10.april 2010

Klokka er12.10. Temperaturen + 10 grader C og sola skin. Som de ser smeltar snøen i hagen.
                                         Mor og far lagar fiskekaker.

Dag 1: Far fer på sjøen i gryotta og fiskar lyr og sei. Han sløyer fisken og hengjer den opp i garasjen natta over.

Dag 2: Far fileterer fisken og mel den på handkvern ein gong. Han veg opp 1,5 kilo melen fisk i kvar isboks -i alt fire boksar= 6 kilo , og set boksane i kjøleskapet.

Dag 3: Mor og far jobbar i lag på kjøkkenet. Mor lagar brukar miksaren og lagar ferdig røra.Ho formar kakene og legg dei på den store elektriske steikepanna. Far hjelper til med steikinga. Alt går fredelig for seg, for dette har dei gjort før - mange gonger! Før klokka er tolv er alt klart og mor har rydda og vaska opp.

Oppskrifta har vi justert til vi er nøgde med  den. Når vi lagar fiskekaker  som skal frysast og til dels givast bort, brukar vi ei enkel oppskrift utan sære smakar.
Når eg lagar berre til oss sjølve i små porsjonar brukar eg foodprosessoren, og då kan eg eksperimentere litt.

Her er oppskrifta vi brukte i dag:
1,5 kilo melen fisk
4 ts salt
3 matskeier potetmjøl
1/2 ts muskatnøtt
1/2 ts pepar
2 egg
ca 6 dl H-melk
NB: Eg brukar måleskeier
(Ein kan sjølvsagt krydre meir, det er ei smakssak.)

Dersom ein skal lage fiskekaker i foodprosessor (matmølle) kan ei halvere denne oppskrifta.

Til middag i dag skal vi sjølvsagt ha fiskekaker som vi steiker på panna.
Som tilbehør blir det vel poteter, gulrot og ein salat. Trur eg.

3 kommentarer:

solveig sa...

Takk for oppskrifta! Eg trur det var den eg brukte. Eg synest det er viktig å lage skikkelege oppskrifter med måleskeier og dl/l-mål, og sjølvsagt litt om framgangsmåte!

Elin sa...

Du anar ikkje kor dette freistar, eg tykkjer eg kjenner både lukta og smaken...

Hildegard sa...

Koseleg innlegg. Takk for oppskrift.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...