mandag, september 30, 2019

Dagbok 2919 - 27-30.september.

Denne klematisen plukka eg i dag

I dag er det 30.september. Ute er det regn, skodde og snø i fjella, temperaturen på trappa mi er + 5 grader. Eg har fått diverse bekymringsmeldingar sidan eg ikkje har skrive på bloggen, men eg er frisk og oppgåande. Det var nettverket mitt som var heilt dødt, men i dag kom det ein mann som har fiksa alt. Ny router har eg fått og alt er gratis. Dvs. det ligg i abonnementet som eg betaler for kvar månad. Sidan eg også har TV-en på fiber har eg vore utan TV i heile helga også. Dvs. eg fekk sjå Stjernekamp oppe hos Marit laurdags kvelden. Elles har det vore nokså stil i huset, men eg fekk lese ferdig boka til Are Kalvø, den var på over 300 sider, men den var ganske morsom.
 Fredag: 
Det skjedde ikkje mykje anna enn at eg sende bod på Helge som kom utpå dagen og det var han som ringde til Tussa og la fram problemet. Dessverre ver det så seint på dag at dei fekk ikkje gjort noko før over helga.
Eg tok fredagsvasken og så vart det til at eg sat og las.

Laurdag:Det vart mykje finare vêr enn eg hadde venta, og då naboen begynte å klippe plen, var det like før eg starta opp sjølv, men slo det frå meg.Bodil ringde og vi hadde ein lang prat over telefonen-dvs. Doroen, fasttelefon har eg ikkje lenger. Utpå ettermiddagen tok eg meg ei runde på Fonnvernet , og så var eg hos Marit og såg TV. 
  

Sundag:
 var det slutt på finevêret, så eg belaga meg på inneaktivitetar. Stelte litt i huset før eg tok bilen nedover og fekk fylt bensin. Så vart det ein tur bort på Plantasjen. Eg er motstandar av sundagsopne butikkar, men av ein eller annan grunn likar eg å fare på Plantasjen om sundagane. Ærendet mitt var å finne to oransje ildtoppar, og det fann eg. Dessutan gjekk eg med på å bli medlem, noko som resulterte i minus 25 % i prisen på plantane. Eg var innom gravplassen på heimturen, og der var ikkje så mykje å gjere; neste gong er fer fram må eg ha med batteri til lykta.
Eg laga middag -noko som ikkje skjer kvar dag, og så la eg meg på sofaen og sov. Eg søv mykje for tida, skal vel ta att for alle vakenetter siste halvåret.
Så vart det bøker og radio til eg fekk besøk av Håkon utpå kvelden. Han kom for å hente teinene sine, så no blir det vel snart hummar å få. Ja, ikkje for meg, eg intolerant når det gjeld hummar. Eg blir rett og slett sjuk om eg et det. No er det såpass framkomeleg i garasjen at eg kan begynne å rydde litt.

Måndag: 
I dag stod eg opp relativt tidleg og begynte å vente på Tussa-mannen. Fekk gjort litt husarbeid før han kom. Så vidt eg kan bedømme gjorde han ein god jobb. No funkar både TV og data, men telefonane mine har eg litt trøbbel med, eg er ikkje så flink med telefonar, men eg lærer vel litt etter kvart.Av ein eller annan grunn var det ikkje lyd på Samsungen, men den skal komme tilbake om ein time. Doroen er ute av funksjon, den godtek ikkje koden min. Har vore inne på PUK, men der spør dei etter eit passord som eg ikkje har.
KL. 17.50: Det regnar og det blæs og temperaturen er + 6 grader. Eit forunderleg klima vi har for tid, frå den eine "ytterlighet" til den andre. I dag har eg berre surra rundt, sett litt TV, løyst kryssord etc. For å få gjort LITT nytte for meg, tok eg ein tur på Kiwi og panta ein sekk med flasker og handla litt. Det er snart 14 dagar sidan vi hadde spanskkurs, så eg får kanskje friske opp litt. Ingen av mobilane mine er i orden, så då må eg finne ut ein annan måte å vakne på i morgon, til treninga. Fann ei gammal vekkerklokke som knapt var lyd i, men så har eg ei digital klokka på nattbordet som sikkert går an å sette på vekking. Hurra! Der fann eg enda eit teknisk problem som eg kan kaste vekk tid på.

Eg skulle ta bilde av dei nye ildtoppane mine, men bildet vart ikkje heilt som eg hadde tenkt.




torsdag, september 26, 2019

Dagbok 26.september 2019



Klokka er no 17.50, og temperaturen på trappa er + 16 grader. Det har vore enda finare i dag enn i går. Ikkje tåke på morgonkvisten i dag.
Døgnet starta litt pussig. Ikkje før hadde klokka passert midnatt, så vart det brått mørkt, dvs. elektrisiteten forsvann. Det kan godt hende det var varsla, men det hadde i alle fall gått meg hus forbi. Eg stressa litt med å finne stearinlys, lommelykt etc. Og så var det no berre å legge seg. Eg slo av nettverket og TV-en med hovudbrytar, for eg ville ikkje ha meir tull, og slo av alt lys som eg trudde stod på. Eg sovna ganske fort, men vakna opp klokka 2, då hadde straumen kome tilbake. Eg verkte slik i armane at eg måtte stå opp og flakse litt før eg prøvde å sovne igjen. Og så slo eg på nettverket igjen, så det skulle vere klart. Eg sov uroleg resten av natta, men det var fordi eg verkte i nesten heile kroppen. Då morgonen kom stod eg opp til tross for smertene, og fann ut at eg fekk berre prøve å leve med dei. 
Begynte forsiktig med støvtørking i stova og anna lett arbeid. Så fann eg ut at eg kunne vaske stoveglasa utvendig og spyle altanen mens det enno var fint vêr. Og det gjekk heilt fint. Etter ei stund merka eg at eg ikkje hadde særleg vondt lenger. Og det var no ei lette.
Eg har gått og fabulert om å køyre bort på VØR ein dag, men har ikkje kome meg til enno. Men i dag ville eg i alle fall køyre ein tur bort på Skeidar. Margrete sa at dei hadde så mykje fint inne no, og eg "treng" nokre nye pynteputer. Eg hadde eit ærend på ALTI også, og så kunne eg kanskje kjøpe bensin.
Eg er alltid så kjempelur når eg skal ut og farte. I dag for eg heimanfrå då klokka var vel 15. Halloo, kva tid er det mest trafikk mellom Ørsta og Volda? Men eg kan ikkje vere pyse heller, så eg for bort på Skeidar, som ligg ved flyplassen, og der er det ei utfordring med å komme seg inn på vegen, i begge retningar. Men det gjekk heilt fint, og etterpå var eg gjennom rundkøyringa to gonger, i full trafikk. Dette er sånn liksom "Lærekøyring" med meg sjølv. Eg merker meg viss eg gjer noko feil, men i dag var eg nokså nært feilfri. Eg kjøpte meg forresten ei oransje pute til å ha i sofaen, og når eg kjem meg på blomsterbutikk skal eg kjøpe to oransje eldtoppar. Deretter blir det lilla og advent. 
I dag var det eit stort helikopter som svirra rundt opp mellom fjella og leitte etter Maya. Erik kom akkurat heim, då fortalde han at Linda hadde vore med og leita i fjor; dei er begge to medlemmer i Røde Kors.
I morgon har eg ikkje andre planer enn at eg skal vaske litt, sidan det er fredag. Det er med vilje eg latar meg for tida, i håpet om at eg skal sleppe å verke så mykje.
Og i kveld får eg tak i fredags-sudokuen på nettet i 11-tida, så får eg begynt på den.
Har prøvd storytell på mobilen, men eg får ikkje opp lyden såpass at eg høyrer skikkeleg, så her må det forskast.



onsdag, september 25, 2019

Dagbok 2019: 25.august.




Klokka er no 18.15. Temperaturen er + 14 grader og sola skin også i dag. 
Men då eg vakna og såg ut glaset klokka 6.00, låg det grauttjukk skodde heilt ned på marka, eit par timar seinare var sola komen i gang med å jage vekk skodda, og då vart det finare etter kvart.
Eg hadde vore litt tøff med å bruke armane mine i går, så dei var ikkje særleg samarbeids-villege i dag, så det var eit slit å kome i gang. Eg tek ikkje smertestillande no mens eg går på penicillin, vil ikkje blande i hop for mykje medisin. Armane kom seg litt etter kvart, men eg har ikkje vore så aktiv i dag. 
Marit skulle ned på Spar og handle og spurde om eg ville vere med. Det er slik vi gjer det, seier i frå til kvarandre, slik at vi kan spare eine bilen. Før vi reiste nedover sat eg og høyrde lydbok blant anna.
Marit hadde ikkje fått sett "Åndenes makt" i går, fordi ho var på eit møte, så ho kom ned til meg i dag, og så såg vi det i lag. Det var eit fint program frå Ørsta. Og god reklame for kaféen "Fru Svendsen".
Etter at eg hadde ete litt var eg ut og sette bossdunkane på plass etter tømminga, og der var Marit &Marit, så det vart ei pratestund-igjen. Eg får unnskylde meg med at eg fekk ein ufrivillig fridag i dag, eigentleg skulle eg ha vore på "spansken". Eg er i grunnen ikkje vant til å late meg så mykje som det eg gjer no. Eg har klipt litt på eit plommetre etc. -Det er alt av hagearbeid. 
Eg la meg ut på solsenga og høyrde lydbok, og der sovna eg og måtte blade tilbake. Det enda med at eg kokte meg kaffi, såpass eg var vaken og fekk lese ferdig. No spørs det korleis det blir med Storytell på mobiltelefonen. Der har eg liggande Saabye Christensen- og dei bøkene ser eg fra til å lese.
Men eg må først tømme oppvaskmaskina-samme kor lat eg er.
Men det er no litt surt; no er eg relativt bra i beina, og så sviktar armane. Eg har alltid sagt at eg er glad for at armane og hendene mine er så bra- eg har kunna gjere alt eg ville av "handarbeid". Det kan eg ikkje no. Men verst er det viss eg er heilt i ro. Syte og klage -det kan eg.

Bok nr. 28 -2019: Falken

En trikk blir kapret i Oslo sentrum. For gislene og politiet venter et åndeløst mareritt. Med politiet på hjul kjører trikken rundt i byen en stekende het juli-ettermiddag. Ingen vet hva som foregår bak de tildekkede vinduene. I denne intenst spennende thrilleren følger vi kaprerne, gislene, politiet, politikerne og mediene - minutt for minutt, hjerteslag for hjerteslag. «De var ti. Ti tilfeldige, hentet ut av sin hverdag og tildelt hovedroller i et drama som snart skulle bli fulgt av millioner av tv-seere verden over. Gislene. De ti som risikerte å dø hvis ikke kaprerne fikk det som de ville.»
………………………………………………………………………………………..
Denne lydboka på 7 plater har eg begynt på for lenge sidan, utan å fullføre. For eit par-tre dagar sidan bestemte eg meg for å lese den ferdig, og begynte på begynnelsen enno ein gong. No har eg fullført. Eg både likte og ikkje likte boka. Handlinga var grei nok, men for meg virka teksten så masete-eg veit ikkje annan måte å forklare det på.

tirsdag, september 24, 2019

Dagbok 2019: 24.september



Klokka er 17.05, temperaturen + 15 grader og vi har hatt enda ein nydeleg dag. Dvs. det var litt skodde i morgontimane, og at det er nattekaldt er lett å forstå når ein ser kor mykje dogg det er -i graset og på bilen.
I dag var eg tidleg oppe, for å vere sikker på at eg var i bra form til treningstimen klokka 9. Det var eg som køyrde i dag, og etter treninga var vi fram på Askjellhaugen, eg hadde med ei saks så eg fekk klipt litt av graset rundt steinen, men eg skulle hatt litt meir verktøy for å ta bort grastuene. Kunne tenkt meg å hatt litt pyntestein nærmast gravsteinen. Eg får sjå til våren.
Eg er i bra form i dag, men arbeidslysta har ikkje meldt seg for fullt. Så i staden for hagearbeid då eg kom heim, laga eg middag og åt. I dag vart det steikt ørret med spagetti til. Eg blei veldig mett, så eg la meg ut på solsenga med lydbok. Kor mykje eller lite eg sov , veit eg ikkje, men for sikkerheits skuld las eg om att heile "plata" mens eg strikka litt på ein lest.
Men før eg kom så langt tok eg ein liten tur i hagen, utan at det vart gjort så mykje.
Eg var på veg ut for å ta bilde, då Marit U kom og spurde om dei kunne få sjå TV hos meg i kveld, sidan "Åndenes makt" skal vere på Svendsengarden denne gongen. Dei får ikkje inn TV Norge, av ein eller annan grunn. Jammen godt ho kom og minte meg på det, elles hadde eg gløymt det.
Eg reiste ikkje til Ulsteinvik i dag, han som eg skulle fare i lag med, reiste heller ikkje. Og i morgon blir det ikkje spansk. Eli skulle bort på sjukehuset og kom til å bli der lenge. Eg trur ikkje ho skal operere kneet i morgon, men det er vel diverse undersøkelsar på førehand.
No skal eg ut å prøve å ta bilde igjen, har problem med utebilda, inne går det betre.

mandag, september 23, 2019

Dagbok 2019: 23.september.


 Klokka er 16.45, temperaturen er + 18 grader og det er framleis vakkert haustvêr. Kanskje litt tidleg for blogg, men skjer det meir , får eg skøyte på.
Då eg skulle legge meg i går kveld, sjekka eg mobilen og fann ei melding: Du og Magnar er påmelde til Haustkonferansen i Ulsteinvik den 24 september. Eg melde tilbake at det var OK. Eg var på Haustkonferansen i fjor også, men det var ikkje så mange som var interessert i år heller. Men så begynte eg å tenke og spekulere på om eg eigentleg var i form til å fare osb. Det skulle begynne klokka 10 om morgonen, og morgonen er ikkje mi beste tid. Etter diverse spekulasjonar og draumar omkring emnet, bestemte eg meg for å kutte ut konferansen. Så måtte eg skrive melding og til slutt ringe dei det galdt. Då  kunne eg slappe av litt. 
Og slappe av er visst det einaste eg har hatt lyst til i dag. Men eg tvinga meg sjølv til å legge i hop eit par klesvaskar og å støvsuge grundig teppegolva.
Så måtte eg ut i frisk luft og sol. Hadde eit par småjobbar som skulle gjerast, men det gjekk veldig trott. Eg kjende ikkje meg sjølv igjen. Eg plar vere rimeleg aktiv når eg kjem i siget, men i dag var det tungt.
Etter at eg hadde fått klipt ned dei store staudene og fylt opp komposten, gjekk eg inn att, og la meg på solsenga på altanen og slappa av. Då vart det så varmt at eg vart enda trøyttare. Så la eg meg inn på dagsenga mi, og no har eg kome meg på beina att.
Eg trur no at eg veit korleis dei har det dei som får ME. Heldigvis er det ikkje det som feilar meg, men eg toler dårleg penicillin -verre er det ikkje. Ein 14-dagers-kur varer ikkje evig, men eg håper ikkje eg skal vere så slapp heile tida. I morgon skal eg på trening;  onsdag er det spansk-og det skulkar eg ikkje. Men eg veit ikkje om Marit og eg kjem oss på gravplassen i dag.
Eg har funne nokre store plommer på Victoriatreet som har overlevd både regn og vind. Somme naboar slår plen i dag, men eg ventar litt og ser, for plenane skal ikkje vere for kortklipte før hausten og vinteren kjen. Vi plar av og til fare over og ta opp lauvet når den tida kjem. I dag hadde eit par av klematisane funne ut at dei skulle kome med nye blomster. No må eg ta ein tur ut og sjå om eg får fotografert litt.


søndag, september 22, 2019

Dagbok 2019: 22.september

Dette er oppe på Fonnvernet.


Dette er Turvegen som går parallelt med Fonnvernet. Det er ein djup "avgrunn" mellom dei to vegane.

Klokka er no 17.50. Temperaturen er + 18 grader og vi har hatt ein fantastisk fin dag. Heilt utruleg kor vêret kan skifte frå ein dag til ein annan. 
I dag hadde eg tenkt meg fram på gravplassen og sjå kor der såg ut, men Marit kunne ikkje fare i dag, så eg utsette det til i morgon. Vi plar ofte fare i lag, synest det er greitt. 
Eg rusla litt i hagen på føremiddagen, fann nokre Victoriaplommer som var gode, der var fleire enn eg trudde. 
Men så ville eg gå tur på Fonnvernet, det har eg tenkt på lenge, men eg har oppfatta det som om vegane er stengde. Eg såg at der var mykje folk i dag, så då måtte det vere mulig for meg også å gå der. Fekk litt orientering frå naboen, så i dag brydde eg meg ikkje om fysiske hinder, men gjekk rett forbi. 
Det er brei fin veg når ein kjem opp, men høgdeskrekken min slo inn likevel, berre ved TANKEN på kor høgt vernet var.Eg heldt meg godt i indre bane og såg ikkje altfor mykje på utsikta. 
Brått kom der ein mann opp på sida mi, og tiltalte meg namn. Og kven er du? sa eg ,eg hadde solbriller på meg og såg rett på sola og såg ikkje han. Han presenterte seg som Paul, og så gjekk vi vidare i lag og prata. Vi skilde lag ved enden på vegen, han gjekk nedover på vegen som går nedover langs Fonnvernet.Eg gjekk oppover og inn på Turvegen som går nedover parallelt med Fonnvernet. Ein går liksom rundt "Avgrunnen". Ein kan også velje å gå nokre få steg og komme ned på Storebakken. Eg skriv så detaljert, fordi eg veit at mange i familien og diverse andre har lyst å gå turen. 
Nedst i Turvegen trefte eg ho som åtte heile området før ho selde til kommunen. Turen slutta på brua over elva, då hadde eg går ei runde og var tilbake der eg starta. Det er ein veldig lett tur som høver for folk som har diverse plager når dei skal gå.
Då eg kom heim tok eg meg litt mat og drikke, og så hengde eg opp ein klesvask før eg la meg ut på solsenga med lydbok. Eg har ei lydbok eg må lese ferdig før eg startar opp med Storytell på mobilen.
Det skal visst bli fleire fine dagar, så eg håper på å få rydda opp i hagen før hausten kjem for alvor.Trea står enno med fullt, grønt lauv. Spekulerer på om eg må klippe plenane ein gong til før vinteren.



lørdag, september 21, 2019

Dagbok 2019: 21.september.

Klokka er no 18.40 og det er snart på tide å benke seg framfor TV-en. Ute er det strålande ver, sol frå klår himmel og + 18 grader. Det har vore fint i heile dag, eg var oppe før sola rakk ned til oss, og såg at ho skein på Melle.
Eg gjekk ut og jobba litt på føremiddagen. Eg frakta kubbane frå plommetreet opp i garasjen, starta vedkløyvaren og kløyvde dei kubbane som var korte nok. Somme var så lange at dei gjekk ikkje inn i kløyvaren, det vart litt opprydding under altanen i garasjen og i tilbygget, men eg er langt frå ferdig. Eg plukka opp alle dei rotne plommene som låg på marka og fekk dei ned i komposten. Eg vart både sveitt og sliten til slutt, er visst ikkje heilt i form. I alle fall gjekk eg inn , dusja og hadde på meg reine klede, og la meg på sofaen , der eg sovna ei lita stund. 
Margrete sende melding om at ho og "ungane" var på ALTI Ørsta, og ville komme opp ein tur. Vi drakk kaffi, åt kaker og is og prata ei stund før dei måtte heim att. Då rydda eg litt og gjekk opp på platten til Marit og sat der ei stund. Der er så fint å sitte om kveldane.
No er eg veldig spent på "Stjernekamp" i kveld, det er så ange flinke med i år. "Skal vi danse?" på TV 2, tek eg opp og ser seinare, så slepp eg reklamepausar.
Blir det like fint vêr i morgon skal eg vere ute maksimalt, og det kan hende eg gjer litt stille hagearbeid- som å luke t.d.

fredag, september 20, 2019

Dagbok 2019: 20.september

Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 12 grader C, no er det opplett, og eg ser at finevêret vi skal få i morgon er på veg.
Det har vore ein litt rotete dag i dag av ymse grunnar. Eg sov dårleg sist natt og verkte i armane etc.  Eg stod tidleg opp for eg skulle eit ærend ned på legesenteret tidleg på dag. Mens eg sat på venterommet fekk eg ein telefon. Det var røyrleggaren som skulle kople til oppvaskmaskina i sokkelleilegheita. Dei som bur der er vekke, men eg hadde lova å låse inn karen når han kom. Eg sa berre at eg er heime at om ein time. og det var eg- og før den tid. Eg var ned og viste han til rette, og så fekk han arbeidsro.
Eg begynte på helga-sudokuen i går og heldt fram med den men røyrleggaren jobba. Då har var ferdig for Marit og eg til Vik, vil skulle blant anna på apoteket. Eg hadde ærend på Clas med det samme og på -nille.
Mat handla vi på Kiwi i dag, og der serverte dei marsipankake og kaffi til dei som ville ha- og det ville vi. Vi kjøpte lodd med nokre sanitetskvinner som sat der-damer vi kjende.
Då eg kom heim fekk eg melding frå Einar om at han ville komme på besøk, og det var no kjekt. Eg laga ei vaffelrøre og slappa godt av med avisa før eg begynte å steike.
Einar hadde eit anna ærend også, han skulle på fotballkamp og sjå Hareid spele mot Ørsta.
No er eg heime åleine, men har planar om å sette på TV og sjå kva som skjer i verda.
Ønsker alle ei GOD HELG !

torsdag, september 19, 2019

Dagbok 2019: 19.september

Klokka er no 17.17, og temperaturen på trappa er + 9 grader C. Det regnar i dag også, men eg ser fram mot sommaren som skal kome på laurdag. Då blir det liv!
I dag har eg vore heime heile dagen, mest fordi eg venta på ei telefonoppringing.
Men eg fekk i alle fall bytta på senga mi og vaska alle golva som eg brukar å vaske. Støvsuging har eg ikkje begynt på enno, må no ha litt å gjere i morgon også.
Eg har jobba litt med spansk- leksa i dag, eg merkar godt at eg ikkje lærer så fort lenger, eller om eg lærer fort, så fer det ut att i samme farten. Det gjer ingen ting. Eg skal ikkje opp til eksamen.
Elles har eg lese litt, men eg må visst ha meg litt meir garn så eg kan strikke litt lestar etc. Det er betre for armen min å strikke LITT enn å sitte heilt stille.
Eg gler meg til betre vêr så eg får rydde litt ute,; plukke opp eple og rake vekk rotne plommer. Og så må eg plukke svartsurbæra mine, eg et litt av dei kvar dag, sjølv om dei ikkje er så gode. Dei er fulle av C-vitamin.
I dag får eg ikkje til å ta bilde med mobilen min. Eg har knipsa og knipsa, men det vart berre eitt bilde. Det må vere noko eg ikkje kan. Elles er eg veldig fornøgd med å ha fått tilbake PC-en, eg sit betre, likar tastaturet betre og er kopla til printer og høgtalarar. Men det er godt å ha laptopen i bakhand.
Eg hadde nokre fuglefrø i ei spann på altanen. Trur de ikkje at skjora hadde fått av loket og hakka hol i ein pose og forsynt seg. Heile altane var full av frø, så eg måtte spyle litt. Eg må sjå til å få tørka frøa som er att, så dei ikkje myglar. Her er veldig lite småfuglar, ser nesten ingen. Men her ein dag såg eg ein diger flokk som spreidde seg over heile himmelen. Kanskje det var flyttfuglar som samla seg? Eg fekk ikkje sjå kva slags fuglar det var, dei var for langt borte. Håkon hadde kanskje kjent dei på flygestilen; den var veldig flaksande.

onsdag, september 18, 2019

Dagbok 2019: 18.september.

Klokka er no 17.50, temperaturen er + 9 grader, og det er ikkje langt mellom regnbygene, men det er i alle fall byger og ikkje samanhengande regn, litt sol har vi også sett.
Det blei ikkje gjort noko særleg før eg for på spanskkurs i dag, vi møter opp i god tid før 11. I dag var det litt frafall, så vi var ikkje så mange.
Då eg kom heim rydda eg litt i tilbygget. Der hadde eg to store baljar med "hage-ved" som eg fyrer med i dag også. Baljane er tomme no og står ute i regnet for å bli vaska. Eg prøver å rydde litt i garasjen også, for eg må bruke vedkløyvaren på plommetreet som har lagt til tørk i sommar. Det er mykje som må ryddast opp i før vinteren kjem, så eg håper vi får nokre fine dagar framover. Og så skal eg ha plass til veden eg har bestilt.
Eg har verkt mykje i kroppen i det siste, men det er vel typisk giktvêr, eg reagerer alltid på fuktig vêr. Det er verst om morgonen, då vaknar eg tidleg, men utover dagen går det betre. Ja, ja, litt får ein tole.
I dag kokte eg meg ei panne med små poteter frå eige avl. Men då eg skulle ta fram Stranda mòren som eg skulle ha attåt, fann eg den ikkje. Så då må eg ha ete den opp før. men eg hadde noko eldre mòr , hard som stein, men som eg kunne skjere opp med ein kraftig kniv. Eg fekk i alle fall i meg nok potet. Det er ikkje synd i meg, eg har mykje mat i lageret mitt, og no er det lenge sidan eg har hatt gjestar.
Vi fekk ganske mykje spansklekse i dag, så eg har å jobbe med. Ei av leksene er årstidene og månadane, dagane lærte vi i vår. Eg har ein kjekk kalender som Einar hadde kjøp på Gran Canaria, den har eg hatt god bruk for no. 
I dag skulle Eli ha fødselsnummeret til nokre av kursdeltakarane. Dei var sånn blyge over å komme med at dei var fødde i 1946, 48 etc. Eg sa:" Eg er fødd før krigen, det er ingen av dokke!". Ho som er like gammal som eg har ikkje vore der no.
Eg er fæl å snakke høgt med meg sjølv når eg går her åleine, men no kan eg begynne å terpe på månedane...forresten så kan eg dei! Men dei fire årstidene er eg ikkje trygg på. Eg ser fram til helga, då skal det bli sommar igjen. No ligg snøen langt nedetter fjellsidene.

Bok nr. 27 -2019: Malurtveien 10

De voksne i Mis familie krangler og elsker og forlater hverandre og trygler om tilgivelse. Hver søndag leser morfar katekismen hjemme i Malurtveien, hvor Mi bor når moren er på turné. Mis far har stilt klokka etter Amerika-tid, han venter på telefon fra Hollywood. Mi er forberedt på katastrofe. Hun har vokst opp med fortellingene om ulykke, den slo inn i familien på 1920-tallet da Mis oldemor var nygift, og har ikke sluppet taket siden. Man må passe seg for bilene, for vannet, aldri se fremmede i øynene. Nå er det Mi som skal være den voksne. Under senga har hun en kasse, med gaffateip, hermetikk, munnbind. Mannen hennes, Leo, skjønner ikke alvoret - at ulykken når som helst kan dukke opp igjen, at de to små barna deres er i konstant fare. Leo ligger som et fjell under dyna, aldri er han nær nok for henne, aldri tilstrekkelig oppmerksom. Men endelig ser katastrofen ut til å ramme også dem. "Malurtveien 10" er en medrivende roman om en katolsk familie i fem generasjoner, om ulykkene som sendes videre og bølger gjennom dem alle, og om å være den som hele livet påtar seg å avverge den neste.
………………………………………………………………………………………………………………..
I dag la eg meg rett ut på sofaen og las ut denne boka. Den er på ca.270 sider. Eg ser at dei som har anmeldt boka, har likt den betre enn eg gjorde. La meg seie det enkelt slik: Eg kjøpte ikkje historia. Eg forstod ikkje tankegangen til jeg-personen i det heile tatt-vi er ikkje alle like. Elles synest eg det vart litt rotete når eg skulle halde orden på foreldre, besteforeldre og oldeforeldre. Men det er eg. Det er fritt fram for å like boka.

tirsdag, september 17, 2019

Dagbok 2019: 17.september





Klokka er 14.40, så det er litt tidleg på dag for bloggskriving, men eg har ikkje energi til så mykje anna akkurat no. Ute regnar det, som før, temperaturen er + 6 grader, og snøen ligg langt nedetter fjellsidene. Eg fyrer i omnen med ruskeved frå hagen, vil gjerne bruke opp den, før eg reinsar teppet. Eg finn også diverse rot her og der som også hamnar i omnen, så eg har det varmt og godt.
Eg sov ikkje godt i natt, eg verkte både her og der, men då eg stod opp og tok tablett, var det ikkje lenge før eg var mykje betre.
I dag var det trening hos fysioterapeuten 10-11. Eg køyrde i dag og ingen av oss hadde behov for å handle, så det vart beint heim.
I tillegg til å fyre har eg øvd på spansken til i morgon. Eg går inn på You Tube på TV-en og øver der.
Programmet heiter MI VIDA LOCA.
Eg blei tidleg svolten i dag sidan eg var tidleg oppe og steikte bacon attåt pastaen som var att frå sundag. 
Eg prøvde å rydde litt i garasjen, men det er heilt håplaust å få gjort noko i dette vêret.
Eg var inn på Nettbanken i dag og skulle betale noko, då låg der 140 kr. frå Norsk tipping. Eg kjøpte eit par kupongar ein gong og har spelekort.........
Helge kom ikkje i går så eg håper han kjem i dag. Eg prøvde PC-en i dag, men der var ikkje mykje liv. Eg saknar den, for eg likar betre å skrive på den enn på Laptoppen, dessutan er den kopla til skrivar, og  til det er kjekt. Eg har også gode høgtalarar  til den.
Det var lynnedslag her på Vallabøen, så det kan vere grunnen til at den er øydelagd. Når eg er redd for at vêret blir dårleg, plar eg slå av heile nettverket, men det fæle vêret natt til fredag var eg ikkje budd på. Eg har mist ein PC før på grunn av torevêr, og eg lurer på om forsikringa dekker slikt? Helge skulle høyre med karane på Tussa. Eg har eigen brytar for TV-en så den slår eg som regel av om kvelden.
Heldigvis er det meldt betre vêr uti veka.
Kl.19.30: No har Helge vore her, og under over alle under, PC-en er i orden igjen. Slik eg forstod det var det ikkje her i huset feilen var. Eg er sjeleglad for å ha fått att yndlingsmaskina mi, som har tilkopla høgtalarar og printer. Følte meg heilt hjelpelaus utan.



mandag, september 16, 2019

Dagbok 2019: 16. september.

Her er arbeidsplassen min no. Eg har funne ut korleis eg skal få bilde frå den nye telefonen inn på laptoppen.

Klokka er no 18.30, temperaturen er + 8 grader C og  veret er litt betre enn i går, kanskje. Det har vore voldsomme regnbyger i dag også. Men eg har no vore inne for det meste. På føremiddagen fann eg ut at eg ville bake brød sidan eg hadde ein kartong med melk som var ute på dato. Mens deigen heva seg fekk eg rydda matskapet på kjøkkenet, så no veit eg kva eg manglar og kva eg har for mykje av. Eg fekk også tid til å rydde i ein haug med papir, så no har eg kveikje. La i hop klede og fekk i det heile tatt gjort ganske mykje før brøda var steikte. Blant anna fekk eg sagt opp abonnementet på fasttelefonen, det passa bra akkurat no, sidan den ikkje verka likevel. Så dreiv eg også og sette meg inn i bruken av den nye mobilen og laptoppen, men eg er langt frå utlærd.
Eg åt eit par skiver av det ferske brødet, før eg køyrde ned på butikken og handla litt.
Då eg kom heim ville eg inn på You Tube på TV-en for å øve på spanskleksa. Det gjekk heilt greitt.
Men då ringde telefonen. Ellen Marie, kusina mi, har bursdag i dag og eg har ringt fleire gonger. Det var ho som ringde opp att. Ho hadde sete i telefonen det meste av dagen.
Når eg fekk gjort såpass mykje i dag er det for at eg ikkje har hatt særleg vondt i armane. Eg tok ein tablett MOT betennelse i dag tidleg; eg har ikkje tatt dei tablettane på nokre dagar fordi eg er redd for bivirkningar, men det er tydeleg at dei hjelper.
No ventar eg på at Helge skal komme ein tur etter arbeidstid, det er spennande å sjå om han kan få PC-en på nett.Eg har tørka støvet av den i alle fall.


søndag, september 15, 2019

Dagbok 2019: 15.september

Eg har ikkje fått til å legge nye bilde inn på laptoppen, så eg tek eit som låg der før. Her har vi Eivind Og Ingar på hytta i lag med bestefar Arne.

Klokka er 17.15, temperaturen har lagt seg stand by på +10 grader, det blæs litt no, og så har vi sjølvsagt hatt nokre regnbyger i dag også .
No har eg nettopp ete middag, det skjer ikkje kvar dag; men i dag steikte eg ørret og kokte pasta til, feilen var verre at eg steikte to stykke, og det hadde greidd seg lenge med eitt. Eg vart stappmett, men eg ville heller det enn å ete same maten i morgon.

Helge kom litt før halv åtte i går. Han fekk liv i TV-en til Linda, men ikkje i PC-en min. PC-en er i orden på ein måte, men den vil ikkje inn på nett. Helge, som jobbar i Tussa, ville snakke med dei som styrer med internett der. Natt til fredag var det lynnedslag, så det kan ha skada maskina som var tilkopla då. TV-en på stova slær eg heilt av om kvelden, så den vart ikkje skadd. Helge ville også undersøke om eg har rett til assuransegodtgjerdsle i tilfelle maskina var kaputt. Eg har mist ei maskin på denne måten før. Hadde eg visst at vi skulle få torevêr om natta, så hadde eg sjølvsagt slått av heile nettverket. Det var det første eg gjorde etter at eg vakna av braket.
No har eg rigga meg til ved stovebordet med laptoppen, slik vi hadde det før, men eg sit ikkje godt, bordet  er for høgt, så eg må til å bygge opp stolen. Eg er låk i armar og skuldrar frå før- og det blir ikkje betre no.
På føremiddagen i dag rydda eg litt, la i hop ein klesvask og sette på ei ny maskin osb.. strikka litt og høyrde radio.Og så er eg rett som det er bort på laptoppen. Plutselig kom det musikk ut frå dataen, og mobilen som låg ved sidan av spelte med. Ja, det er no slikt som skjer, tenkte eg.
Eg hadde det godt og varmt for eg hadde fyrt i omnen, sende ei melding til Marit og ho kom ned. Vi drakk kaffi og prata. Eg hadde mobilen ved sidan av meg, og brått begynte den å spele igjen. Då gjekk det opp for meg at det var RINGETONEN, og eg opna og sa HALLO. Det var Bodil som ringde, men eg høyrde ikkje så godt kva ho sa, eg er ikkje vant til den nye mobilen enno, men no funkar den gamle DOROen også. Fasttelefon har eg også, men den har eg tenkt kvitte. Eg skal ringe opp att Bodil med den, trur eg.
Marit gjekk opp att; eg skulle sjå "Skal vi danse" i reprisen , for eg tok det ikkje opp i går. Såg første gongen, og tenkte at dette gidd eg ikkje, men no tykte eg det var interessant likevel.
Det vart ikkje at eg kom meg på butikk i går, så eg får ta ein tur i morgon. Eg har mykje anna eg skulle ha gjort, men er litt "begrensa" av armane , skuldra og nakken. Men det er i grunnen verst når eg er i ro. Ja,ja noko lyt ein finne seg i, i sitt åttiande år.

lørdag, september 14, 2019

Dagbok 2019:14.september

Klokka er 17.00, temperaturen er + 10 grader, det er vått og rått ute. Eg har stort sett vore inne i dag, berre små turar ut. Ikkje har eg gjort så mykje heller.
Det første eg gjorde etter frokost i dag, var å prøve laptoppen, og den fungerte heilt fint etter at eg hadde installert musa. Dei unge ler av meg fordi eg brukar mus-men det bryr eg meg ikkje om.
Storemaskina har eg ikkje gjort noko med, den må inn på eit nettverk, det er alt eg veit. Så er det TV-en til ho som bur i kjellaren, den virkar ikkje. Eg har bedt Helge om å komme og sjå på elendigheita og eg fekk melding om at han ville komme, så eg har brukt mesteparten av tida i dag til å vente på han.
Øvde litt på spanskleksa (då må eg ha You Tube), sette på ein klesvask, las i ei bok etc. Hadde eigentleg tenkt å handle, men kanskje blir det for seint. Eg veit ikkje kva tid dei stenger på laurdag.
I dag ser eg veldig fram til Stjernekamp, det er eit program eg likar. Tek opp "Skal vi danse"-så kan eg spole over reklamepausane.
Gløymde å skrive :GOD HELG i går, men ønsket gjeld enno.

Dagbok 2019: 13.-14.september.

Klokka er no 10.05 og temperaturen ute er + 10 grader. Det er søkkande vått, men opplett og det ser ut til at det kan bli ein bra dag. 
Klokka 2.45 natt til i går vakna eg av det verste tore-skrallet eg har høyrt i heile mitt liv. Eg vakna ikkje av nyttårsorkanen, men denne gongen  var verre. Det første eg tenkjer på når det er torevêr  er datamaskina. Så eg var snar fram or senga og  fekk slått av nettverket. Då eg la meg igjen kom det ei stemme frå alarmsentralen på nattbordet som eg ikkje forstod, så eg måtte sjekke hovudstasjonen i stova. Forstod ikkje heller, men det eg forstod var at komfyrklokka stod og blinka-då har det vore straumbrot.Og  det varte ikkje mange minutta før straumen for igjen, halve Ørsta vart svart, dvs. vår halvdel.  
Morgonen etter vart eg liggande ei stund før eg stod opp. Ikkje hadde eg sytt for å ha ved inne og ikkje kunne eg koke kaffi utan straum. Den elektriske klokka på nattbordet virka sjølvsagt ikkje, men eg hadde vore så lur at eg tok på meg armbandsuret. Men det såg eg ikkje i mørkret. For moro skuld tende eg sengelampen min-og då var der lys.
Eg fekk sette på varmepumpa, koke meg kaffi og sette på datamaskina-alt slik eg plar gjere. Men dessverre, datamaskina var ikkje samarbeidsvilleg. Ein gong for mange år sidan "miste" eg ein PC i torevêr, men då var den heilt kaputt. Den eg har no var ikkje kaputt, berre Internett mangla. Eg er ikkje på NETT-kort sagt, og har ikkje kome dit enno. TV-en som også er på nettet virkar.
Eg brukte mykje av fredagen til å prøve å fikse PC-en, men utan resultat. Kom meg på nett med mobilen, så eg hadde litt kontakt med omverda. 
Elles så fekk eg no vaska til helga, og etterkvart  shina med sjølv litt, til Marit og eg skulle på  "Afternoon tea" og kino. Vi sat på med Janne ned klokka 17.
Heile konseptet var selt , så det vart fullt av folk. Nokre hadde pynta seg veldig med hattar, smykke og fine klede. Nokre kom kvardagskledde. Marit og eg hadde pynta oss LITT. Vi hadde i alle fall perlekjede.
Det var ungdommar frå kokkelinja som hadde laga maten og serverte. Dei hadde nok studert på kva som skulle vere til eit slikt måltid, og det vart fantastisk, men kanskje mest for augo.
Jirij og dei andre på kulturhuset hadde dekka og pynta -det var som eit eventyr. Janne har lagt ut bilde på FB. Eg trefte folk eg kjenner, men som eg ikkje har sett på år og dag.
Så vart det film, og den var som forventa, med gamle kjenningar i kjent stil. Vi kosa oss ! Alle som har likt serien på TV bør gå og sjå fimen, de blir ikkje skuffa.
I dag er eg lykkeleg og glad fordi eg får til å bruke laptoppen, følte meg heilt avsondra i går då eg ikkje hadde Face book. Eg skal høyre med ein eg kjenner om han vil prøve å få PC-en på nett.

torsdag, september 12, 2019

Dagbok 2019: 12.september


Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 11 grader og det styrtregnar nesten heile tida. Men eg klagar ikkje, for eg trong ein inn/heime-dag, sidan eg hadde diverse som måtte gjerast.
Det første eg sette i gang med atter frokosten var skriving av referat, det må eg alltid ha frå meg før eg kan gjere noko anna, såpass eg hugsar sånn nokolunde kva eg skal skrive om. I dag var eg skeptisk, for det var mykje å halde greie på, men det gjekk forbausande lett. Då klokka var 11 var eg ferdig med referatet. Men så må eg bruke litt tid på finpussen, for å sjekke opp diverse tekstar, titlar, namn etc. Eg sende nettopp manus til avisa no, for det er ingenting som hastar. Før skulle eg ha det inn i laurdagsavisa, men no er det lokalavis berre fredag og tysdag.
Så var det jobb nummer to som venta. Solveig kom med den ferdigmonterte kofta mi på tysdag, og ho hadde kjøpt knappar. Dei sette eg i -  i dag.
Deretter tok eg fram støvsugaren og for over teppegolva. Akkurat det arbeidet er eg ikkje så glad i no når høgrearmen sviktar. Men det vart no gjort på eit vis. Eg likar betre å klippe plen!
Etter å ha tatt meg litt mat, sette eg meg ned og las ferdig boka som eg har halde på med nokre dagar, og blogga den med det samme.
Det har vore ei innhaldsrik og aktiv veke, så langt, og i morgon ettermiddag skal Marit og eg på "Afternoon Tea" med kinobesøk etterpå. Vi må passe på å få med oss det vi kan før kveldane blir for mørke. Ingen av oss likar å køyre i mørkret.
No veit eg korleis eg skal komme meg opp på Fonnvernet, men det blir ikkje i dag. Det er FOR vått.

Bok nr. 26 - 2019: Da Henrik Husten kom hjem


Om Da Henrik Husten kom hjem


Om hvordan lukkede epoker i et liv igjen kan åpne seg: Hver kveld går Frank Berg tur med bikkja, Betsi. Det er det siste han gjør før han går til ro, og de to tar alltid samme ruta, seint og etter at naboene i husbankvillaene har lagt seg. En kveld står det en dyr, ny, rød Toyota på den så vidt opplyste snuplassen i enden av gata. I bilen sitter en mann, sammenkrøket i forsetet. Bildøra åpner seg bak Frank, og et ansikt han ikke kjenner spør - Er det deg, Frank Berg? Sakte begynner det å demre ... Slik møtes de gamle naboguttene Frank Berg og Henrik Husten igjen etter at Henrik Husten forsvant. Hvordan samler de trådene igjen og får oversikt over tida som har gått? Og hvorfor kom han tilbake? Da Henrik på ny forsvinner, starter en ny reise i Franks liv. Han må gjøre opp regnskap både for sitt eget og barndomskameratens liv. Om forfatteren: Bård Nannestad (f. 1967) er oppvokst i Nittedal, og bor i dag i Arendal. Han arbeider som psykiatrisk sykepleier, og debuterer med Da Henrik Husten kom hjem.
…………………………………………………………………………………………………………………….
No har eg lese ei bok til av same forfattaren som den førre eg las. Bård Nannestad heiter han. Den eg no las er eigentleg debut-romanen hans. Den er ikkje så tjukk som  "Mannen som elsket livet"  berre 280 sider. Eg vil påstå at denne debutromanen er den beste av dei to. Bård Nannestad kan fortelje ei historie som engasjerer, utan altfor mange litterære krumspring, og det likar eg.
Det er mykje som er likt i dei to bøkene eg til no har lese av forfattaren. Begge begynner med to smågutar som er venner. Etter kvart går dei to ut i livet kvar for seg, for så å møtast att.
Eg likar slike "enkle" forteljingar om korleis livet kan arte seg , og vil sikkert lese meir av denne forfattaren om han kjem med fleire bøker.

onsdag, september 11, 2019

Dagbok 2019: 11.september (Remember: Nine eleven 2001)

Klokka er 19.53, temperaturen er + 13 grader og det har regna meir og mindre i heile dag.
Det har vore eit travelt døgn sidan eg skreiv i går. Det verste var at eg ikkje fekk sove sist natt, sovna litt på morgonkvisten, elles var det håplaust. Men det er ikkje så farleg om ein er litt trøytt ein dag.
Vaska håret og gjorde meg klar til spanskundervisning frå 11-13. Det er alltid kjekt, og vi kosar oss med litt godt i pausen mellom dei to øktene. Det er ikkje lang veg til kafeen når vi er på Bakk-Ola-marka.
Etter spansken, var Eli og eg på kulturhuset og dekka bord i lag med dei andre damene i styret. Fekk ein liten pause heime etterpå, sidan vi ikkje skulle begynne møtet før kl.17 i dag. Marit og eg for i lag, og det var eg som køyrde i dag. Eg likar å køyre litt kvar dag, for då får eg trening. Men eg må nok snart trene på lengre turar trur eg.
Pensjonistmøtet gjekk heilt greitt. Eg skal ikkje skrive noko om det her, for i morgon blir det å skrive referat for avisa. Akkurat det er ein JOBB.
Marit og eg henta kinobillettane våre før vi for heim, så er vi klar for "Afternoon tea" og "Downton Abbey" på fredag. Eg synest det har vore litt hektisk no, eg er ikkje vant til å vere så mykje på farten, men det er no kjekt å "ta seg ut" litt. Eg er veldig glad i den vesle bilen min, eg hadde ikkje kunna vore med på så mykje om eg ikkje hadde hatt den. No skal eg slappe av og sjå litt TV, og kanskje lese litt i ei bok eg begynte på i går.

tirsdag, september 10, 2019

Dagbok 2019: 10.september


Klokka er no 16.50, temperaturen er + 19 grader, det er strålande sol og berre lette skyer på himmelen.
I dag var det treningsdag, så eg stod opp klokka 8 for å ha god tid. Eg var veldig låk i armen med det same eg var oppe, men det gav sett etter kvart. Etter at eg hadde trena var eg på apoteket for å kjøpe diverse. Der var mange kjende på Amfi i dag, og til slutt var vi så mange som prata i lag at vi like godt sette oss bort til eit bord og drakk kaffi. Det var Brita frå Oldedalen, Bjørg og eg frå Eid og Liv frå Ørsta. Vi prata ei god stund om laust og fast og hadde det triveleg.
Då eg kom heim var eg snar å byte om og komme meg ut. Det var Skråninga som skulle klippast. Det var ein relativt tung jobb, som vanleg, men det gjekk bra. 
Så gjekk eg inn og varma litt av fårikålen frå i går. Etter at eg hadde ete la eg meg ut på solsenga og las og slappa av. Det var varmt og godt.
Etter ei stund måtte eg inn og finne meg litt kaffi, og då ringde Solveig. Ho ville kome innover ein tur om ei stund og ha med seg kofta mi, den som eg strikka sjølv, og ho monterte.
Eg vart litt irritert på meg sjølv då eg las avisa. Førehandsomtalen min var der, men så hadde det snike seg inn ein feil, og er det noko eg absolutt ikkje likar, så er det å finne feil i det eg sjølv har skrive.(Ja, det var eg sjølv som hadde gjort feilen, så eg kan ikkje eingong skulde på nokon) Men eg får prøve å komme over det. 
I morgon er det spansk frå 11-13, og så er det pensjonistmøte klokka 17. Og ein eller annan gong innimellom skal borda dekkast.
Også i Ørsta gjorde Senterpartiet det godt, så ordføraren blir vel sittande. Partiet mitt hadde dobla seg sidan førre val, men så er der også dyktige folk. I Volda gjekk Senterpartiet fram og Ap tilbake, så no er det spennande om Margrete kjem inn denne gongen. Ho stod som nr.2 på lista, og det er fem frå Ap som kjem inn.
Ja,ja, " poppularriteten kjæm og poppularriteten går," som Vidar Sandbekk song i si tid. Det blir meir spennande om to år. 
Eg synest vi er heldige som bur i eit land der vi har frie val og kan meine kva vi vil.


mandag, september 09, 2019

Dagbok 2019: 9.september. Valdag.

Klokka er no 18.20 og temperaturen er +18 grader. Det har vore ein fin og varm dag, men ikkje så klårt som i går.
I dag har eg jobba ein del i hagen. Først tok eg opp to potetstokkar som eg hadde i jordbæråkeren. Stakk poteter ned der som plantane var gåen. Fekk mange fine poteter. Så begynte eg å klippe på det minste plommetreet-ikkje heilt enkelt å få det pent, men eg konsentrerte meg om å klippe greinene som vaks i feil retning. Så var det fram med kompostkverna, i dag gjekk den utan problem.
Så var det berre å ta fram klipparen og barbere plenen rundt huset.
Og då var det tid for mat. Eg hadde sett på ei panne med fårikål før eg gjekk ut, og då var det berre å koke dei nye potetene-dei som kom rett frå åkeren. Fårekjøtet eg hadde kjøpt var veldig feitt, så eg kunne ikkje ha jevning på , då hadde det blitt for mykje av det gode. Det blei eit veldig godt og mettande måltid; eg som ikkje er så vant med å ete middag, vart heilt utslått. Eg tok rett og slett og kvilte middag på solsenga-om eg sov, veit eg ikkje.
Så stod det att å klippe plen-stykka opp mot vegen før eg gjekk i dusjen. Eg køyrde Marit og meg ned på kulturhuset, der vi fekk stemt ifrå oss. No har dei laga det enda enklare å stemme, så det var gjort på eit øyeblikk. På heimvegen handla vi litt på Kiwi.
Men det samme eg sette meg ned for å skrive blogg, ringde det på døra. Det var Jørn som kom med ein fin langefilet til meg.
I morgon skal ikkje Marit på trening, ho skal fornye sertifikatet sitt, så då fer eg åleine.
Etterpå får eg prøve å få klipt Skråninga, for i morgon er det visst siste finevêrs-dagen for denne gong.
No blir det spennande å få resultata frå valet; sjølv om det er kommuneval, viser det vel også litt av tendensen sentralt. Kjem vel til å sitte framfor TV-en i heile kveld.
Eg las ut ei bok før eg gjekk ut i dag, og så oppdaga eg at eg har ei til av samme forfattar, den skal eg begynne på no. Eg har tatt pause frå lydbøker og les på papir for tida.

Bok nr.25 - 2019: Mannen som elsket livet.

Hvordan forteller man en datter hennes fars historie, når livet hans har vært grenseløst og livsbejaende, på godt og vondt? En iskald januardag i 2001 sitter en ung jente på første benkerad i kirka der faren hennes, Valentin Vang, skal bisettes. Sara hadde kjent faren bare i noen måneder og sitter sammen med hans beste venn, Jarl. Akkurat da de fastslår at det ikke vil komme noen flere, ramler det inn en rekke underlige personer. Da innser Jarl at han ikke kan underslå noe når han skal fortelle fram Valentin Vangs liv for datteren. På løpende bånd kommer viltre historier om oppveksten i Nittedal og de tøylesløse 1990-årene da Valentin ble utelivskonge og samtidig drev stort med dopimport. Historien om Valentin Vang er en mangfoldig og frodig fortelling om å elske livet gjennom oppgang og fall, og om å finne tilbake til seg selv. Og om alltid å søke etter det som føles ekte. 
………………………………………………………………………………………...
No har eg endeleg kome gjennom denne boka som har 440 tettskrivne sider. Eg meiner at teksten kunne ha vore litt avkorta-eg likar ikkje så godt tjukke bøker. Men sjølve historia er fin, og den er godt fortalt.

søndag, september 08, 2019

Dagbok 2019: 8.september

Det blei nokre klønete bilde eg tok med mobilen i dag. Dette må eg lære meg betre.

Klokka er no 20.15, temperaturen er + 11 grader og det har ore ein strålande dag, med sol frå skyfri himmel. Som vanleg var eg ikkje så sprek med det samme eg var oppe, men eg livna fort til då eg såg det nydelige vêret.
Så fekk eg telefon frå naboen som spurde om Marit og eg ville vere med på biltur inn til Urke og sjå på Hurtigruta og livet der inne. Det er nemleg slik at no på ettersommaren og hausten går Hurtigruta inn til Urke og ligg der nokre timar så passasjerane kan gå i land for å sitte på kafeen på kaia, eller gå tur i "skog og fjell". Ja, vil Marit, så vil eg også, sa eg. Marit og eg hadde nemleg diskutert litt om vi skulle ta bilturar hit eller dit. Vi takka ja, begge to, og sette oss inn i den fine raude bilen til naboen med frue.
Å køyre gjennom bygda ,og Bondalen i slikt vêr var ei naturoppleving berre det, så var det ferje frå Sæbø til Leknes og biltur vidare til Urke, og ikkje berre det, men vi fekk vere med på ein lang tur framover dalen  og oppover så langt som vegen gjekk. Det vart både smalt og bratt, men sjåføren, som er frå Urke, heldt bilen stødig på vegen. Etterpå var vi på kaikafeen og drakk kaffi og åt vaflar. Der fekk vi helse på kai-verten, den første i landet som har den tittelen. Hurtigruta låg midt i fjorden og passasjerane blei frakt til lands i ein mindre båt.
Då vi skulle fare heim, køyrde vi inn til hotellet på Øye og snudde. Og vi tykte vi hadde hatt ein veldig fin tur. Eg har sagt det mange gonger, og kan berre gjenta at vi har veldig kjekke naboar her i Starevegen. Takk til Marit og Torbjørn for ein kjekk dag.
Det har ikkje blitt "gjort" nok særleg etter at eg kom heim. Det einaste var at eg raka i hot nedfallsfrukt og kasta. No er det snart tomt for plommer på trea.
Eg sat på altanen og las i boka mi ei stund, eg bør snart bli ferdig med den no. Eg fekk prøvd ut dei nye solbrillene mine med styrke som vanlege briller, og dei funka fint. 
I morgon blir det å stemme- det burde vere ei plikt for alle som har stemmerett. Eg synest det skulle ha vore ein fridag og ein festdag, der vi feira at vi faktisk har fridom til å velje. Ein liten 17.mai ? Eg vil ønske alle eit GODT VAL !

lørdag, september 07, 2019

Dagbok 2019: 7.september



Klokka er 18.20, temperaturen er + 14 grader , og i dag har det vore opplett og ganske mykje sol. Ei stund var det nesten varmt, men no er det nokså kjølig ute. Men det gjorde seg med litt finevêr.
Eg var rimeleg handikappa då eg stod opp, vondt både i armar og bein, men eg kjem meg etter ei stund, så det går stort sett bra.
I går bestemte eg meg for at eg må begynne å fare til Vik om laurdagane for å treffe folk. No når vi går mot haust, treng vi å bli litt meir sosiale.
Marit og eg bestemte oss for å fare bort i Furene og handle på Coop Extra. Vi er begge Coop-medlemmer, men så har vi altså ikkje ein einaste Coop butikk her i Ørsta lenger,  Extra-butikken høyrer til i Volda.
Vi hadde også ærend på Plantasjen. Eg kjøpte to lyngplantar til grava, og ein orkidé til meg sjølv.
På Coop handla eg blant anna store pakningar med mjøl og sukker. Sukker kjøper eg knapt ein gong i året, men kjekt å ha om ein skulle finne på å sylte eller bake. Vi gav oss god tid med handelen, og sat og prata ei stund i bilen då vi kom heim. Marit er nesten åleine heime ho også denne helga. Og i dag var det ho som køyrde.
Med det same eg hadde rydda på plass alt, tok eg med meg lyngplantane og køyrde fram på gravplassen og planta dei. Den planten som stod der frå før var det ingen stas med lenger.
Eg hadde avtale med Margrete at vi skulle fare i lag på "Musikk i sentrum" i Ørsta i dag. Der er utescene i Laguneparken, og der har det vore konsert det meste av dagen. Margrete har vore ppå stand i Volda i heile dag, og Amanda har vore på jobb.
Eg køyrde ned sjølv og parkerte, så eg var i parken før dei kom. Erlend og bandet hans var dei siste som spelte, og dei som laga mest lyd. Eg synest det er kjekt å høyre og sjå dei, sjølv om det ikkje er akkurat min musikk. På vona hadde eg med den gamle mobilen min, DOROen, og under over alle under-Amanda fiksa den på eit øyeblikk, så NO ENDELEG har eg tvillingtelefonar. Eg har sjekka at dei funkar her heime også. Eg har sakna den enkle gamle mobilen som eg har hatt med meg og på meg heile tida dei siste åra.
Eg kjøpte litt fårekjøtt i dag, for eg har eit kålhovud liggande....så får vi sjå kva det blir til. Poteter har eg enno av eige avl.
Har ingen spesifikke planar for morgondagen, men eg finn vel på noko.


Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...