onsdag, september 18, 2019

Dagbok 2019: 18.september.

Klokka er no 17.50, temperaturen er + 9 grader, og det er ikkje langt mellom regnbygene, men det er i alle fall byger og ikkje samanhengande regn, litt sol har vi også sett.
Det blei ikkje gjort noko særleg før eg for på spanskkurs i dag, vi møter opp i god tid før 11. I dag var det litt frafall, så vi var ikkje så mange.
Då eg kom heim rydda eg litt i tilbygget. Der hadde eg to store baljar med "hage-ved" som eg fyrer med i dag også. Baljane er tomme no og står ute i regnet for å bli vaska. Eg prøver å rydde litt i garasjen også, for eg må bruke vedkløyvaren på plommetreet som har lagt til tørk i sommar. Det er mykje som må ryddast opp i før vinteren kjem, så eg håper vi får nokre fine dagar framover. Og så skal eg ha plass til veden eg har bestilt.
Eg har verkt mykje i kroppen i det siste, men det er vel typisk giktvêr, eg reagerer alltid på fuktig vêr. Det er verst om morgonen, då vaknar eg tidleg, men utover dagen går det betre. Ja, ja, litt får ein tole.
I dag kokte eg meg ei panne med små poteter frå eige avl. Men då eg skulle ta fram Stranda mòren som eg skulle ha attåt, fann eg den ikkje. Så då må eg ha ete den opp før. men eg hadde noko eldre mòr , hard som stein, men som eg kunne skjere opp med ein kraftig kniv. Eg fekk i alle fall i meg nok potet. Det er ikkje synd i meg, eg har mykje mat i lageret mitt, og no er det lenge sidan eg har hatt gjestar.
Vi fekk ganske mykje spansklekse i dag, så eg har å jobbe med. Ei av leksene er årstidene og månadane, dagane lærte vi i vår. Eg har ein kjekk kalender som Einar hadde kjøp på Gran Canaria, den har eg hatt god bruk for no. 
I dag skulle Eli ha fødselsnummeret til nokre av kursdeltakarane. Dei var sånn blyge over å komme med at dei var fødde i 1946, 48 etc. Eg sa:" Eg er fødd før krigen, det er ingen av dokke!". Ho som er like gammal som eg har ikkje vore der no.
Eg er fæl å snakke høgt med meg sjølv når eg går her åleine, men no kan eg begynne å terpe på månedane...forresten så kan eg dei! Men dei fire årstidene er eg ikkje trygg på. Eg ser fram til helga, då skal det bli sommar igjen. No ligg snøen langt nedetter fjellsidene.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...