lørdag, november 30, 2013

Dagbok 2013: 30.november

Klokka er 18.30. Det er + 6 grader ute, og framleis mørkt og vått. Veldig vått. Men vi slepp å sjå sola forsvinne høgare og høgare opp i fjellsida slik som i fjor, og om tre veker er det solsnu. Det kan vi i alle fall sjå fram til.
Vi hadde ingen spesifikke planar for dagen i dag, men måtte ut og sjå til båten før vi eventuelt fann på noko.
Det er kjekt med ein tur på Amfi, men vi har vore der så ofte i det siste at eg hadde lyst til noko anna, og då vi var komne ut på Rjåneset fekk eg den lyse ideen at vi i grunnen var langt på veg til Moa. Og så reiste vi dit. Vi har lenge snakka om å ta ein tur på JULA. Vi har vore der berre ein gong før og då syntest vi der var mykje å sjå, men det var før vi fekk Clas Ohlson i Ørsta.Men altså, det var noko vi skulle sjå etter, og det fann vi ikkje. Men heilt tomhendte gjekk vi ikkje ut, for vi fann ein god orange regndress til Nils til ein billig penge.(Det er heilt umulig å få han til å kjøpe noko dyrt til seg sjølv). Eg likar at han viser att når han er ute og fiskar, og livbeltet får han plass til under dressen.
Så var det Moa kjøpesenter. Og der var det folk! Kunne nesten ikkje stoppe opp utan fare for å bli nedkøyrde med barnevogn eller nedetrakka av folk. Det vart litt mallwalking, men lite handel. Vi brukar alltid å kjøpe pizza på Dolly Dimple når vi er der ute, men også der var det fullt, så det vart Peppes i staden. God pizza der også, men botnane til Dolly er best. Nils og eg har ete pizza gjennom heile Sverige og halve Norge, så dette har vi greie på.
Heim frå Festøya køyrde alle bilane frå ferja i ei einaste lang rekke, det var som eit raudt girlander framfor oss på vegen.
Såg forresten ein "kjendis" om bord i ferja, nemlig Fredric Holen Bjørdal (Ap)-stortingsmann frå Ørsta.
Dette er kanskje ikkje den mest givande turen vi har hatt til Moa, men vi kom i alle fall heim med liv og helse i behold, til tross for mørke, regn og vind, så vi er nøgde med det.
Så får vi hente adventspynten ned frå loftet i morgon. Ser at andre har fått sin på plass i dag.

fredag, november 29, 2013

Dagbok 2013: 29.november

Klokka er 19.00. Temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore vått og grått i dag også. Men slik er november, som regel.
I dag strauk eg og hengde opp julegardiner på kjøkkenet, så vaska eg golv, og så reiste vi til Vik.
Eg trong meir garn til lesteprosjektet mitt, og så var det litt anna småtteri. Mellom anna ville eg ha noko raudt å pynte opp juleantrekket mitt med, tenkte på raude øyredobbar og kanskje eit raudt skjerf. Øyredobbar fann eg på Bjørklund, skjerf var det verre meg, eg ville ha eit lite, men fann berre store, så eg trur eg får klare meg med det eg har.
Dei raude "rubinane" kosta under 150 kr så det får vere julegåve til meg sjølv.
Vi orka ikkje å lage middag i dag, så vi kjøpte berre med oss ein grilla kylling heim.
Det vart berre ei lita stund på sofaen i dag, for eg måtte skrive eit lite avisinnlegg.
No vil eg ønske alle ei god helg! Stress ikkje for mykje med jula. Eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåve enno, må først ha ein plan, elles blir det berre tøv.Viss ein veit kva ein vil ha, går det greitt å handle.
I dag var eg inn på julemessa på Ørsta Torg. Der var veldig mykje fint handarbeid til sals, men eg hadde ikkje kontantar. Det kan hende eg går inn att ein annan dag. Men å kjøpe strikka ting blir litt feil for meg.
 

torsdag, november 28, 2013

Dagbok 2013: 28.november.

KLokka er 18.45, temperaturen er + 3grader C og det er vått og mørkt ute. Liknar ikkje mykje på førjulsvinteren i fjor.Då skein sola i fjellet nesten kvar dag.
I dag hadde eg time hos tannlegen klokka 10.45, og der kjem ein alltid inn til rett tid, eller litt før. Det var fort gjort i dag også, to røntgenbilde og pussing av tannstein, same procedure as every year.
Var heimom ein liten tur, før eg skulle på styremøte i pensjonistlaget, på den tida gjorde vi alt klart til middagen, så det skulle vere lettvint når vi kom heim. I dag skulle vi ha spekesild.
Kom fram på Carlo spekesild ein dag vi var innom Spar. Dette er verdens beste spekesild, har ein smakt denne vil ein helst ikkje ha noko anna. Det er ikkje så ofte vi finn den på butikken, for den står seg ikkje evig. Dei har også kryddersild frå same fabrikant , den er i blå boksar. Silda er ikkje direkte billig, men den smeltar på tunga. Faren er at ein kan kome i skade for å ete for mykje. (Det gjorde eg ein gong). Vi hadde mandelpoteter og kålstuing til. Eg plar av og til seie at eg trur vi er siste generasjonen som et spekesild, vi er van med sild frå barnsbein av, og eg har alltid likt det.
Møtet eg var på varte ikkje så lenge, så vi var heime før klokka 14.00, då hadde vi handla litt på Kiwi på heimvegen.
Etter middag las eg ut og blogga om boka er har lese siste dagane. Den kan de lese om i det førre innlegget mitt.
No har eg shina opp kjøkkenet, så har eg berre eit par golv å vaske i morgon. Det gjeld å spre arbeidet ut over heile veka.
No skal Nils sjå ein fotballkamp som går i Tromsø. Einar er der for å heie på Tottenham, som har vore favorittlaget hans sidan han var liten.Eg skal strikke lestar.
Eg ser at mange tener pengar på bloggane sine. Siste veka har eg reklamert for Janus-utsalet i Volda, Gåvebua i Ørsta og for Carlo sild. Eg vil berre gjere merksam på at eg ikkje er sponsa.

Bok nr.67 - 2013: Den onde arven.


Omtale fra forlaget
Så du trodde at du visste alt om familien din?Med en far hun aldri har sett og en mor som verken tåler lys eller lyd, er livet til 16 år gamle Julie langt fra vanlig. Hun bor i et stort hus sammen med sin bestefar, og på skolen blir hun mobbet. Hennes beste venn er en katt. Men en kveld da nordlyset åpenbarer seg på himmelen, finner hun en mystisk gjenstand som snur opp ned på livet hennes. Det er en gjenstand som er nært knyttet til mørke hemmeligheter. En gjenstand noen er villig til å drepe for å få tak i.Julie havner i stor fare da hun prøver å finne ut hva som har skjedd i familien hennes. Samtidig er Julies katt blitt redd for henne. Ute på tunet har 13 ravner slått seg ned, og de følger Julies minste bevegelser med iskalde øyne ...Forfatterens hjemmeside: www.thomasenger.net
.................................................................................
Eg har lese fleire krimromanar av Thomas Enger, derfor vart også denne boka med heim frå biblio. Eg merka fort at den ikkje var som dei andre bøkene eg har lese av forfattaren, ikkje så kriminell, liksom, meir mystisk.
Etter kvart som eg las begynte eg å lure på om eg hadde fått med heim ein bestseller, men så dukka ein annan tanke opp: Enn om det var ei ungdomsbok? Eg hadde for lengst levert originalen på biblio, og eg er motstandar av å google bøker før eg har lese dei, så eg undersøkte ikkje. Men sidan "fortellaren" i boka var ei 16 år gammal jente, vart eg sikker i mi sak. No har eg lese ut boka, leita den opp på nettet og det er ei ungdomsbok. Sidan ungdommen for tida ser ut til å vere interesserte i fantasy og det ikkje heilt realistiske, trur eg denne boka ville fungert bra for dei som er noko yngre enn eg. Sidan eg faktisk las den ferdig, og til tider tykte det var litt spennande, må den vel ha visse kvalitetar?

onsdag, november 27, 2013

Dagbok 2013: 27.november

 Vårstemning i hagen.
 
Klokka er 18.00. Ute blæs det, men det er opphaldsvêr.Temperaturen er +8 grader C. Vegane er berre igjen og i hagen kjem det grøne graset fram.Eg har no enno ei von om at eg skal få klipt hekken før vinteren.
Nils kom nettopp att, han har vore i Volda og besøkt Harald, som skal til Trondheim i morgon.
Eg har stort sett lege rett ut heile ettermiddagen, det er denne ryggen som er plagsam. Før middag fekk eg støvsuga, og bakt ei kake. Og så var det liksom slutt. Men det er betre å vere i bevegelse, i alle fall ei stund. Det blir mykje syting, men eg les på FB kor folk bakar og styrer, trenar og reiser, og då får eg denne kjensla av å vere lat. Eller rettare sagt, folk må tru det, derfor må eg forklare.
I morgon har eg time hos tannlegen klokka 10.45, og så er det styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00, så då går den dagen. Har ikkje så stort program kvar dag. Eg har tru på at dersom det vert eit anna vêr, så vil eg bli betre. 


tirsdag, november 26, 2013

Dagbok 2013: 26.november


Klokka er 18.15, temperaturen ute er 8,5 grader C, og det er vått og grått.
Eg er sterkt plaga med vond rygg, og ser ikkje bort frå at noko av skulda ligg på vêret.
I dag sette eg i gang med å steike havremakronar av deigen eg laga i går. Fann fram eit forkle med lomme, så eg kunne ha MP3 spelaren i. Då fekk eg lese bok til arbeidet, og då blei det ikkje så kjedelig. Men, som sagt, blir det ikkje mykje baking for min del. Skal lage Mor Monsen, for i fjor fekk eg tak i korintar etter mykje fram og tilbake, så då kjøpte eg dobbelt opp.
Etter baksten tok vi ein liten tur ned på Amfi, for å få litt mosjon- innadørs.Ute er det ikkje råd å gå. Vi trefte mange kjende,men handla berre mat.Ein liten tur på biblioteket vart det også.
Det vart restar frå i går til middag, og så var det berre å legge seg på sofaen. No har vi drukke kaffi og så må eg berre bestemme meg kva eg skal gjere vidare.Skal eg bake eller strikke?
Fekk bilde frå Rasmus i dag, dei hadde hatt besøk av fotograf i barnehagen til Ingar. Vesleguten likar å bli tatt bilde av, men så er han no berre nydelig då. Han er nokså nøyaktig 3 1/2 år no. Ser dei så altfor sjeldan.

mandag, november 25, 2013

Dagbok 2013: 25.november

Klokka 14.00.
No er har klokka passert 20.30, og det går mot kveld.Ute er det mørkt og overskya, men opplett, og temperaturen er + 3 grader C.
Det hadde kome meir snø sidan i går, så Nils måtte mòke litt i dag også. Eg likar ikkje dette mørke slapsevêret. I fjor på denne tid var det klårt og kaldt, med sol i fjella. Det likte eg betre.
I dag heldt eg til på kjøkkenet det meste av føremiddagen. Laga ball med alt tilbehør. Hadde att ferdigdampa fåreribbe frå førre helg, og god kraft til å koke ballen i.
Eg laga også deig til havremakronar, som eg skal steike i morgon. Det blir ikkje baka noko særlig til jul, men litt skal eg lage.Eg brukar mamma si gamle oppskrift på havremakronar, den er stor og god.
Margrete kom åleine i dag, men eg kokar så rikelig at ho får med seg mat heim til ungane, og vi har til ein dag til. Lagar eg ball, så lagar eg ball. No blir det ikkje meir av den sorten før neste år.
Etter at Margrete hadde reist, skulle eg slappe av på sofaen ei lita stund,( var rimelig overmett) og der vart eg liggande både lenge og vel. Det er tung kost for gamle folk som ikkje er i fysisk arbeid.
No ser vi fram til siste episoden av "Broen". Eg er ikkje så glad i slike seriar som går berre ein gong i veka, har litt problem med å hugse så lenge. Skulle sikkert ha tatt opp serien og sett den fortløpande,men det er for seint no. Greier no å henge med sånn nokonlunde.

søndag, november 24, 2013

Bok nr. 66 - 2013: Turisten

Marbella kalles Solkystens perle, de rike og berømtes tumleplass, og er tusenvis av nordmenns foretrukne feriemål. Men byen er også sentrum for kriminelle aktiviteter som florerer i ferieparadisets skygge, finansiell korrupsjon, utpressing, hvitvasking, dopsmugling - alt sammen med forgreninger til internasjonal mafiavirksomhet.
Jonfinn Valmann får en hastemelding og må reise til Marbella for å hjelpe en person i akutt fare. En person som en gang sto ham svært nær, men som han ikke har hatt kontakt med på mange år. Hans egen mor.
For en gangs skyld må Valmann opptre som privatperson, uten politistatusens autoritet, eller nettverk, i ryggen. Det merkes når han støter sammen med brutale forbryternettverk og ikke kan regne med hjelp fra noen.
...............................................................
No har eg lese krim igjen. Det er ikkje så mykje å seie om denne boka anna enn at den er lettlesen, velskriven og enkel. Med enkel meiner eg at den høver veldig bra som lydbok, få personar å halde orden på og kronologisk handling som ikkje byr på dei heilt store problema for lesaren.Litt gammaldags og eventyrlig krim.
Kort sagt: lett underhaldning som ein godt kan "lese" mens ein gjer alt mulig anna.

Dagbok 2013: 24.november

Klokka er snart halv seks. Temperaturen er så vidt over 0 grader, og det snødde nesten heile førmiddagen. Nils var ute og mòka, og då han hadde fått tune reint, kom plogen, og så var det ny omgang. Naboen har vore vekke i helga, og er på veg heim, så no er han der borte og skal sørge for at naboenm kjem seg inn på tunet. Hadde vi vore vekke, hadde nok einkvan mòka til oss også. Den eine tenesta er den andre verd.Misunner Nils mosjonen, men akkurat slikt arbeid må eg halde meg unna.
I dag fekk er føre meg at eg skulle pusse sølv. Det er to år sidan sist, og det meste har vore ubrukt denne tida. Eg oppbevarer sølvet i tette plastposar med "lås", så det var i grunnen like fint. Likevel pussa eg alt saman og la det i nye posar. At eg ikkje brukar sølvtøyet kjem av at eg har så rikelig med fint stålbestikk at eg brukar det. Då kan eg vaske det i maskina utan at det blir stygt. Då eg hadde pussa og vaska sølvtøyet, tok eg vaskane på kjøkkenet med pussekluten, og det var ikkje dumt !
Elles strauk eg litt klede etc.
Under fotballkampen sat eg med lydbok på øyret og strikka. Såg opp kvar gong det var mål. Kjekt at Molde vann, men det "visste" eg på førehand, akkurat som eg visste at Hødd kom til å vinne i fjor. Eg trur eg er litt synsk.?
Men eg fikk aldeles tullfliren då eg såg RBK- supportarane, noko så surt og trist. Dei skulle skamme seg ! Det er mange tragediar i verda for tida, og det å tape ein fotballkamp er ikkje ein av dei.
Til middag i dag vart det steikt sei, men no vil Nils ut med liner så snart det blir vêr til det, for vi manglar lange. Har berre litt kveite og sei i frysaren for tida.
I dag har vi ikkje kvilt middag, så eg trur eg må fylle på med litt meir koffein. Har no kaffimaskin også.
I dag er det Erlend sin fødselsdag, og ein månad til julaftan.Neste sundag er det 1.sundag i advent, eg har allereie lagt på eit par lilla løparar, for å ha dei ei stund før det blir tid å pynte til jul.

Gratulerer med dagen!

Vi gratulerer Erlend med 10-årsdagen i dag, og Harald med 73 -årsdagen i morgon! Dei er begge blitt tre år eldre sidan dette bildet var tatt på ein kafe i Volda.
Dette bildet er frå feiringa førre helg.

lørdag, november 23, 2013

Dagbok 2013: 23.november

Klokka  er 18.00, temperaturen +2-3 grader C, og i dag har vi hatt både regn, vind og hagl. Det friskar opp.
Nils var på skogstur tidlig på dag, og etterpå var vi ein tur nedover. På Amfi var det ikkje så mykje nytt å sjå, så vi handla mat m.m. på Rema 1000 i dag, og litt på Spar. Elles var vi ein tur på Gåvebuda i gågata, der er det veldig mykje fint. Viss ein er på jakt etter fine julegåver er Gåvebuda staden. Dessverre er det mange tilreisande som ikkje tek turen opp i gata. Eg skulle ha berre noko lite i dag, men nytta høvet til å sjå meg rundt.
Vi trefte sjølvsagt mange kjende i dag også, og det var herlig med skikkelig styggevêr, det har vi ikkje så ofte. Fekk litt frisk luft om ikkje anna.
Då vi kom heim, steikte eg 2 små pizzaer som vi kjøpte på tilbod. Og så vart det ei stund på sofaen med lydbok før vi drakk kaffi.
Altså har det ikkje hendt så mykje i dag heller, og det er kanskje like godt. No blir det stort sett å sjå TV og strikke resten av dagen/kvelden. Blir litt lurt av sviktande dagslys, så eg tek kvelden for tidlig !? Heiar på Eirik i "Skal vi danse".

fredag, november 22, 2013

Dagbok 2013: 22.november

Ungdomsbilde av Rolf.

Klokka er 16.30, temperaturen ute + 3grader C og det er overskya.
Det er nesten heilt mørkt ute, så ein skulle tru det var langt på kveld, men vi har ikkje ete middag enno. Må vel gjere eit dykk i frysaren og finne eit kvart.
Nils har brukt mykje av dagen til å filetere fisk etc. mens eg har gjort litt husarbeid. Det blir ikkje så mykje som eg ønsker, for den ryggen min er ikkje heilt god. Har no strikka litt også. Har ikkje planar om å gjere så mykje "til jul", så det er ingen ting som hastar.
Reknar med at det blir mykje TV i løpet av kvelden, det er sjeldan eg ser TV før klokka 19.00. Har ikkje sett sjakk i det heile tatt, men det var no kjekt at Magnus Karlsen vann. Når nokon seier at NORGE vann, så er eg ikkje med på det. Har så vidt kunna å spele sjakk ein gong, men det er veldig lenge sidan.
I dag fyller Rolf, bror til Nils, 72 år og vi gratulerer.
Det er i dag 50 år sidan mordet på Kennedy, og eg hugsar dagen som om det var i går. Vi budde i kjellarleilegheita vår på Raudeberg.Eg sat på golvet og leika med Solveig, som låg på eit teppe, 4-5 mnd. var ho då. TV hadde vi sjølvsagt ikkje, men radioen stod på og det var der dei sa kva som hadde hendt.Det gjorde stort inntrykk.
Og så ønsker eg alle ei GOD HELG !

torsdag, november 21, 2013

Dagbok 2013: 21.november

Klokka er 17.20, temperaturen ute er + 2 grader og det har vore ein fin dag, opplett og relativt lettskya. Bildet over er tatt ca klokka 14. Det blir litt mørkare enn det eigentlig var når ein retter kamera mot himmelen.
Vi var relativt tidlig oppe i dag, for Nils hadde avtalt med Mathias at dei skulle ut og fiske. Dei fekk rikelig med halvstor sei, så begge vart godt fornøgde. Nils var heime før klokka 12.00.
Mens han var vekk gikk eg her og smårydda som vanlig, og så sette eg meg til å feste trådane på alle lestane eg har strikka. Eg hadde berre strikka i veg og vissste ikkje kor mange lestar det var blitt, men det var altså 12 par, dei fleste i herrestorleik. Nils måtte svippe meg ned på garnbutikken så eg fekk tak i meir garn, skal strikke nokre par til. Synest det er greitt å strikke lestar, for det kan eg gjere i halvsøvne om så er. Dessutan er det greitt når eg ikkje kan sitte så lenge om gongen, det har eg ikkje rygg til. Dumt å begynne på store arbeid når ein ikkje veit om ein kan fullføre.
Før middag gikk eg ein tur rundt Storebakken,med broddar på skona. Best å ikkje ta sjanse på knall og fall, eg er eit år eldre enn i fjor! 
Vi drakk kaffi då Nils kom frå sjøen, og no er vi nettopp ferdige å ete middag, kokt sei sjølvsagt. Og så er det kaffi igjen! Nils mel kaffi på den nye kverna som han fekk til fødselsdagen, og det luktar godt.

onsdag, november 20, 2013

Dagbok 2013: 20.november.

Klokka er 18.30. Temperaturen ute er minus 3,5 grader C; det har vore ein fin dag med tanke på vêret.
Eg hadde ingen andre planar for dagen enn eit tannlegebesøk, og det er ikkje det kjekkaste eg veit. Nils gikk ein tur etter frokost, eg las ut siste resten av boka mi, mens eg strikka. Så ringde telefonen, og dama fortalde at tannlegen var sjuk og timen min måtte utsettast til neste veke. Veldig barnslig å bli glad for noko slikt, men eg følte at eg fekk ein fridag. (Om lag som ungar reagerer dersom dei får fri på grunn av at læraren blir sjuk.) No er ikkje tannlegen alvorlig sjuk altså.
Vi måtte nyte "fridagen", men det vart berre ein Voldatur, der vi var litt rundt på butikkar, og etterpå åt middag på Landscape. I dag tok vi "Innbakt kylling". Den kinesiske dama som ekspederte oss sa: "Det har dokke tatt to gongar før, og ein gong tok dokke Chop Suey. " Ja, det stemmer nok det, men det er dei gongane ho har servert oss, vi har vore der fleire gonger. "Hugsar du alt, du?" spurde eg. "Ja, eg hugsar godt", sa ho og peikte på hovudet sitt. No må eg legge til at der er mange pensjonistar som et på denne kafeen, særlig på onsdagar då dei har ballj. (Klubb).
Eg hadde sett eit skilt med Fabrikkutsalg på, og ville sjå kva det var. Det var utsal for fabrikken Janus, som alle på min alder kjenner til. Men det var ein flott butikk! Der var ullundertøy i alle fargar og fasongar, til baby, barn og vaksne. Der var utrulig mykje fint i undertrøyer, som eigentlig er tynne genserar, longs, hettejakker, sokkar, hanskar osb. Eit Eldorado for dei som er på jakt etter fine og nyttige julegåver. Hermed anbefalt. Butikken ligg i Lothe-bygget, der glasmagasinet var før. Eg kjøpte meg ei lyseblå ulltrøye, eller "ull-Tskjorte " som somme kallar det. Nils fekk ikkje noko, for han har rikelig frå før. Prisane var "vanlige" om lag som på andre butikkar.
Var så vidt innom Amfi, der vi trefte Sissel frå Markane, blant andre.
Heime vart det ei lita kvilestund før vi drakk kaffi.
Eg leita fram dei gamle støvlettane mine i dag og Nils pussa dei til meg. Eigentlig skulle eg kjøpt nye, men eg vil ikkje kjøpe no og oppleve at dei kjem til halv pris rett før eller etter jul.
I morgon blir det ingen lapredag, for då skal Nils på sjøen om det går etter programmet, og då må eg også gjere noko til nytte.

tirsdag, november 19, 2013

Bok nr 65: Det finnes ingen helhet.

Helga Flatland har begeistret kritikere og lesere. Nå fullfører hun sin trilogi om bygda som mistet tre gutter på oppdrag i Afghanistan.
Det er desember 2012. Fem år har gått siden Tarjei, Trygve og Kristian ble drept av en veibombe i Afghanistan.
Ragnhild, bygdas lege, vet mye om hva som fikk guttene til å reise, og hva dødsfallene har gjort med dem som ble igjen. Hvordan livet etterpå fortoner seg for foreldreparet Karin og Hallvard, eller for Bjørn, som kom levende tilbake - uten heltestatus.
Gjennom Ragnhilds blikk ser vi hvor ulikt menneskene forholder seg til tap, erkjennelse og overlevelse. Hennes fortelling viser også hvordan hjelperen selv kan bli avhengig av de som skal hjelpes.
"Det finnes ingen helhet" er en roman om forsoning, om veien videre etter en stor katastrofe og en stor sorg.

......................................................................................
  • Tarjei Vesaas' debutantpris 2010, for Bli hvis du kan. Reis hvis du må
  • Aschehougs debutantstipend 2010, for Bli hvis du kan. Reis hvis du må
  • Ungdommens kritikerpris 2010, for Bli hvis du kan. Reis hvis du må
  • .................................................................................
  • No har eg lese ferdig siste boka i trilogien. Desse bøkene er annleis enn noko anna eg har lese. Handlinga er lagt til ei lita bygd, der alle kjenner alle - meir og mindre. Og alle kjenner legen, Ragnhild, som blir ein samlande faktor. Fire unge gutar, alle på same alder, reiser til Afganistan etter at dei har vore i det militære, tre av dei blir drepne av ei vegbombe, den fjerde kjem heim.Alle dei sentrale personane i boka fortel si eiga historie i eg/jeg-form. Også dei døde gutane. Nokre av kapitla er skrivne på nynorsk, nokre på bokmål.Vi får vite korleis alle har hatt det både før og etter ulykka. Og korleis venner og familie taklar, eller ikkje taklar, sorga.
    Eg las som sagt om att dei to første bøkene, for å få på plass personane, og det var lurt. Siste boka høyrde eg som lydbok, og då er der ein opplesar for kvar person, noko som fungerer bra.
    Eg vil seie at bøkene er lettlesne, men ikkje lette å lese. Det kan vere deprimerande med så mykje sorg og ulykke, men alle kjem seg igjennom det, og går vidare på ein måte. DET er lyspunktet.

    Dagbok 2013: 19.november.

    Klokka er no18.20. Temperaturen ute er minus 3 grader C. det er opphaldsvêr no, men i dag før middag snødde det tett. Nils var ute og mòka med hand ei stund, i tilfelle det frys på.Ut på dagen vart det veldig fint.

    Mens Nils styra på ute, var eg inne. Her var litt av kvart som skulle ryddast opp i, og i dag hadde eg ikkje noko anna på programmet.Til middag steikte vi sei, ei stund sidan sist no. Trur Nils hadde hatt lyst ut og fiske, men då må det vere høvelig vêr, i dag var det for mykje vind.
    No på ettermiddagen, sette eg meg til og skreiv eit lite manus, veit ikkje om det skal brukast.
    Det er skummelt å lese i avisa om alle øydeleggingane etter stormen. Her merka vi knapt at det bles.
    I morgon skal eg til tannlegen. Der er eg PYSE.

    mandag, november 18, 2013

    Dagbok 2013: 18.november

    Klokka er 20.00. Temperaturen ute er +2 grader C. Det har vore overskya heile dagen, men det letta litt utover ettermiddagen, og sola var så vidt framme. Ho er ikkje heilt vekke her hos oss enno.
    Før middag var eg nokså flittig og fekk gjort ein god del husarbeid. Rydda, vaska, vaska klede etc.
    Nils hadde tannlegetime klokka 12.30, og mens han var vekke "shina" eg opp meg sjølv, slik at eg var klar for å fare nedover då han kom att.
    Var innom biblioteket og fekk med meg eit par bøker heim. Så reiste vi bort på Skeidar for å sjå etter to ting. Der borte hadde dei pynta til jul og angen av "duftlys" låg i lufta. Vi skulle ha ei bilderamme i gullfarge eller brunt tre. Men når det som er moderne er sølv/stål-farge og svart, så vart det eit umulig prosjekt. Eit lite "avisbord" har vi heller ikkje lukkast å få ta i. Slik er det, det bugnar av varer, men ein finn ikkje alltid det ein er på jakt etter. Vi stakk innom El-kjøp og handla eit kilo med heile kaffibønner-produsert i Italia (Ja, dei hadde vel fått dei frå eit anna land, då). Kortreist kaffi er uansett ikkje eit tilgjengelig produkt.
    Sidan eg skulle ha noko medisin, var vi også innom Amfi. På Coop kjøpte vi oss litt potetsalat, såpass vi kunne ha "Tapas" til middag i dag. Nils fekk spennande spekepølser av Margrete til farsdag. Etter to dagar med julemat, måtte vi kvile magane. Og i morgon blir det endelig FISK igjen.
    Etter ei kvilestund på sofaen har eg no strikka ferdig enda ein lest mens eg har rippa to bøker inn på maskina og høyrt lydbok på MP3-spelaren. Multitasking er tingen for "travle" pensjonistar.

    søndag, november 17, 2013

    Bok nr.64 - 2013: En sannsynlig historie.

    Helena får oppfylt en gammel drøm når hun og mannen kjøper en liten gård i Norrland for å drive et hotell. Men ekteskapet knaker i sammenføyningene, og snart er skilsmissen et faktum. Tilbake står Helena med hotellet, en ødelagt tilværelse og en ulykkelig tenåringsdatter.Finansmannen Anders' karriere har vært fremgangsrik. Men i takt med at pengene har strømmet inn, har tilværelsen blitt stadig mer meningsløs. På en landevei i Norrland utfordrer han skjebnen, lukker øynene, gir gass og tenker at nå får det gå som det går. Han våkner på sykehuset. Etter oppholdet der tar han inn på et lite hotell i en norrlandsk småby.Dette er en historie der to ulykkelige mennesker møtes og oppdager at vi faktisk kan forandre vår måte å betrakte tilværelsen, og at det finnes helt andre valg i livet enn dem vi kanskje tror.Med sikker hånd, sterk psykologisk ladning og en usvikelig evne til å blottlegge det dypt menneskelige skildrer Karin Alvtegen forhold, sorg, konfliktredsel, fordommer og kjærlighet.
    ..........................................................
    Denne har eg lese som lydbok på samme tid som eg har lese dei to forrige på papir. Denne boka var ikkje særlig fengande.Her er for mange klisjear.
    Og midt i dei tradisjonelle historiene får vi små porsjonar av kvantefysikk! ?

    Bok nr.62 0g 63 -2013: Bli hvis du kan.Reis hvis du må. og Alle vil hjem. Ingen vil tilbake.

    Desse to bøkene har eg lese før. Då las eg lydbokutgåvene. Så kom tredje boka i trilogien, og eg måtte repetere.Då valde eg papirutgåvene. Det var smart, for det er mykje snarare å lese på papir, og eg fekk meir orden på dei mange hovudpersonane. Dette er gode bøker, vel verde å lese, og no ser eg fram til å lese nr.3. Som lydbok.

    Dagbok 2013: 17.november.

    Klokka er snart 18.00. Temperaturen er vel 4 plussgrader, det er overskya, litt regn, men elles ikkje noko dramatisk.Her på Vallabøen har vi ikkje merka anna av styggevêret enn nokre vindrosser i går ettermiddag.
    Før middag var vi ein tur ut på Rjåneset, Nils ville ause båten.Eg var med for å gå på stiane og vere ute ei lita stund. Eg likar å sjå utover sjøen. Litt rart å sjå på dei små øyane på bildet over, og vite at djupt under havbotnen går tunnelen vi køyrer når vi skal utover. Øyane heiter Yksnøy og Eika. Nils er ofte og fiskar i dette området.
    Denne fiskebrygga vart øydelagd i stormen Dagmar for snart to år sidan, no har dei begynt å reparere den. Der er ei til slik brygge, som gjer at rullestolbrukarar også kan komme seg ut for å fiske.
    Det har kome nysnø i fjella igjen sist natt. Liadalsnipa er eit landemerke som vi kan sjå frå mange stader her på Søre Sunnmøre.
    Då vi kom heim varma vi middag frå i går, og det smakte himmelskt.Etterpå måtte vi ha pause.
    Innimellom har eg baka seks Ingers brød. Brødbaking passar å ta slike dagar då ein held seg heime.
    No har Nils tatt ein tur ned i hamna for å sjå etter sild....
     

    lørdag, november 16, 2013

    Dagbok 2013: 16.november.


    Klokka er 20.00, temperaturen ute ca +  8 grader C og akkurat no er det stilt. Elles har det regna og blæse i heile dag. Minte litt om jula for snart to år sidan.
    I dag var det to som skulle feirast, nemlig Nils og barnebarnet Erlend som blir 10 år den 24. i denne månaden. Det vanka gåver til begge to. Erlend hadde ønska seg eit skjerf, og det hadde Solveig kjøpt. Skjerfet fall i smak, og han har allereie funne eit par måtar å knyte det på.
    Nils ønsker ser ingen ting, men fekk mellom anna ei maskin til å male kaffi på, kaffien bli så mykje betre då-i følge Solveig.
    Elles så varta vi opp med full julemiddag med pinnekjøt, julepølser rabbestappe etc. Pluss eit par dessertar.
    Vi vart såpass mette at det ikkje vart så stas med kaker som det ville ha vore om vi var svoltnare. Den eine kaka bar eg rett i frysaren.
    Det var så fælt vêr at eg tykte det var ekkelt at Solveig skulle køyre utover, men ho er vel heime for lengst. Det var berre ho og dei to yngste som kunne komme i dag. Eirik skulle delta på "Battle of the bands" på Kaihuset her i Ørsta, så Margrete og dei andre to vart med han dit. Eg har fått rydda opp i huset, så no skal eg sløve framfor TV-en resten av kvelden.
    Olaug og Håkon.

    Amanda og Eirik.
     
    Solveig.

    Kransekake med vitsar er eit must. I dag likna kaka mest av alt på det skeive tårnet i Pisa. Men den smakte godt. Kjøpt på Coop i Ørsta.
    De har kanskje lagt merke til at her ikkje er bilde av Margrete og meg. Det er heilt tilfeldig.

    fredag, november 15, 2013

    Dagbok 2013: 15.november

    Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 9 grader C, og eg treng vel knapt å fortelle at det regnar. Det fossar ned.Vi er heldige som bur oppe i høgda og har tett tak.
    I dag føremiddag gjorde eg klart det eg skal servere i morgon. Så var eg ein tur på kafe i lag med kollegaveninner. Den yngste i flokken fyller 60 år i dag og er framleis i arbeid. Dei to eldste er over 80 år. Aldersskilnaden har ingen ting å seie, vi har alltid så mykje å prate om. Vi hadde bestilt bord på Fugl Føniks, der er ofte veldig fullt.
    Etter veninnetreffet var vi så vidt innom Amfi, før vi reiste heim att. Då var det nesten mørkt ute, men det har vel mykje med vêret å gjere. I fjor på denne tid hadde vi sol og fint vêr heile tida.
    Nils kokte lange til middag, og så slappa vi av litt før det vart kaffi. No blir det vel TV resten av kvelden. Eg plar aldri sjå TV på dagtid, men har fått med meg at Magnus Karlsen har vunne i dag. Eg har no spela sjakk ein gong i tida, men hugsar knapt nok reglane, så eg bryr meg ikkje om å sjå det på TV. Kvar sine interesser.
    Så håper eg at alle får ei god helg og at det ikkje skjer ulykker i styggevêret.

    torsdag, november 14, 2013

    Dagbok 2013: 14.november.


    Nils fyller 77 år i dag. Gratulerer !
    Klokka nærmar seg 19.00 og Nils har benka seg framfor TV-en.
    I dag har det vore overskya og stort sett opphaldsvêr i dag. Nils brukte myke av føremiddagen på å sage ned resten av grana på hushjørnet. Den vart planta til mamma sin 80-årsdag i 1988, men no var den ikkje så fin lenger. No kjem hageslangen og takrenna betre til sin rett-. Slik er det berre.
    Her går ingen ting til spille, så også dette treet vart til ved i sekker. Berre baret blir kasta.

    Mens han styrte på ute, laga eg ei kake, og vaska golva.Det er nokon som har antyda at eg vaskar støtt, det er ikkje tilfelle; eg vaskar 2-3 golv ein gong i veka. Grunnen til at eg vaska i dag er at eg skal på kafe i morgon, i lag med veninnene mine frå Velle. Den yngste av oss fyller 60 år i morgon.
    Eg fann meg ikkje genser sist eg var i Volda, eller her i Ørsta. I dag var det halv pris på Møre konf., så eg måtte bort å kjøpe meg eit par stk. Eg brukar mykje genserar, og må ha nokre som ser såpass ut at eg kan gå "ut" med dei, for eksemper på kafe.
    Vi handla sjølvsagt litt mat også,på Amfi, og då vi kom heim laga vi middag. I dag hadde vi noko som Nils likar godt, steikt kveite med heimelaga remuladesaus. Eg fekk lov å seie mi hjertens meining, og den er at eg likar i grunnen best sei!Etter måltidet slokna vi ei stund.
    Noko feiring har vi ikkje hatt i dag, ingen vits verken med kake eller anna "godt" når bursdagsbarnet ikkje kan ete søtt.Vi tek det att på laurdag. Presang har han heller ikkje fått, for dei greidde ikkje å skaffe jakka han ville ha her nede. Men det kjem dagar etter desse.

    onsdag, november 13, 2013

    Dagbok 2013: 13.november.

    Klokka er 18.15. Temperaturen er + 4 grader og det regnar ute. Det har knapt nok vore lyst i dag.
    I dag var eg litt flittig på føremiddagen. Eg fekk dei 13 år gamle stovegardinene ned frå loftet, strauk dei og hengde dei opp. Og eg synest dei er finare enn nokon gong! Dei lette sommar-gardinene med lilla blomster er fine om sommaren, men når det nærmar seg jul, likar eg gamlegardinene best. Særlig når ein skal pynte til jul. Etterpå støvsuga eg alle teppegolva, men vaskinga får vente til i morgon.
    Så har eg også stoppa lester, det er vel ikkje mange som gjer det i vår tid, men eg har tid til slikt, og eg likar det. Når lestane er utslitne, brukar eg brota om att og strikkar ny fot, då sparer ein både garn og arbeid. Dette er ikkje noko ein MÅ gjere, men eg gjer det som eit slags prinsipp.Og så kan eg høyre lydbok mens eg jobbar med det. På grunn av ryggen torer eg ikkje å strikke så mykje akkurat no.
    Eg er ikkje heilt sikker på kva Nils har jobba med, han har halde seg ute og i garasjen for det meste. Trur han har funne fram eit fiskegarn, men det blir ikkje fisking i dette vêret.
    Vi skulle hatt nokre finevêrsdagar til før vinteren, for vi var ikkje heilt ferdige med hagearbeidet.Vi får håpe på eit par bonusdagar.
    I morgon fyller Nils 77 år, eg synest det er heilt utrulig at han plutselig er blitt så gammal.Han virkar ikkje slik. Vi skal feire i lag med barn og barnebarn på laurdag.

    tirsdag, november 12, 2013

    Dagbok 2013: 12.november

    Klokka er no 19.00. Temperaturen ute er + 5 grader C og snøen er borte. Håper han held seg vekke til det nærmar seg jul.
    Sist natt vart eg liggande å verke i ryggen til tross for diverse tablettar. Slike netter har eg hatt mange av, men siste 3-4 åra har eg vore nesten heilt bra, så eg føler det som eit tilbakefall.
    Hadde ikkje så store planar for dagen i dag, anna enn at vi måtte handle inn diverse mat, og det har vi gjort.Var ein snartur til Volda, resten fekk vi på Amfi. Litt husarbeid har det også blitt. Men det var så mykje meir eg gjerne skulle hatt gjort. Og aldri er vel arbeidslysta større enn når ein ikkje maktar det ein vil.
    Til middag i dag hadde vi resten av lapskausen frå i går, så det var no lettvint.
    Nils såg Amanda på lokalsendinga på TV, eg sat sjølvsagt med ryggen til. Det var i saka med nedlegging av skular i Volda kommune. Ja, det ligg ikkje godt til rette for å bu på bygdene. Då flyttar alle barnefamiliane mot sentrum, og det er vel ikkje ei slik utvikling vi ønsker?
    Bildet over knipsa eg før middag, no er det belgmørkt ute.

    mandag, november 11, 2013

    Dagbok 2013: 11.november.

    Klokka er 17.45, temperaturen + 6 grader; det regnar og blæs innimellom.
    Eg var ikkje ut for ei dør i går, og har ikkje vore ute i dag heller. Så i morgon må vi nok ein tur ut i verda igjen.
    Ja, Nils har no vore litt på farten i dag også. Rett etter frokost kom gartnaren "vår" på besøk og ville klippe victoriatreet vårt i år også. Det hadde fått nokre fryktelig lange skudd, som vart fjerna med hard hand. Han klipper tre, og får fisk som betaling, men no hadde han funne ut at han hadde fått for mykje fisk, så han ville gi oss litt sjølvrøykt laks ....
    Elles så fekk Nils saga opp greinene frå naboens tre, dei som han fekk på laurdag, det vart tre sekker med fin bjørkeved. Som de forstår er det mykje bytting av varer og tenester her omkring.
    Eg har for det meste styrt med husarbeid. Laga mat og vaska opp, lagt i hop klede og stroke litt, osb. Dagane går som ein røyk. Margrete og Eirik kom ca 15.30 og var her eit par timar mens Amanda dansa. Dei åt sjølvsagt middag med oss.
    Enda det er tidlig kveld er det stupmørkt ute. Men som Alf Prøysen song:
    "November er så trist og grå,
    men nyttig likevel.
    For nå må barna tenke på
    å lage moro selv."

    søndag, november 10, 2013

    Bok nr.62 - 2013: Vi ses i morgen

    Eg har høyrt denne boka som lydbok. Det er forfattaren sjølv som les heile teksten på stavangerdialekt, og han les fantastisk. Dette er den beste og mest gripande boka eg har lese på lenge.
    Språket er ikkje vakkert i vanlig forstand, her er mykje banning og "stygge" ord, men forfattaren har nok funne fram til rette språket i det miljøet han skildrar. Eg har ikkje for vane å google bøker før eg les dei, men no var eg inn på nettet og kika, og boka har fått terningkast 6.
    Eg er ikkje glad i uttrykket "white trash", men mange av personane i boka ville nok kome inn under denne kategorien. Det er folk som er småkriminelle og umoralske på mange måtar. Likevel blir ein på ein måte glad i dei, sidan ein også får vite bakgrunnen deira.
    Eg vil ikkje skrive så mykje om kva boka handlar om, de kan lese på nettet om de vil. Eg likar best å ikkje vite så mykje før eg les. Eg vil anbefale denne boka på det varmaste. Den er på 16 CD-ar og det er ikkje ein for mykje.Og for all del: Høyr lydboka!

    Dagbok 2013: 10.november = farsdag.

    Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 2grader C. Når det gjeld vêr er dette årets verste dag. Den dagen då den første blaute snøen kjem og legg seg på marker og vegar. Grøss og gru!
    Nils gikk ein tur på føremiddagen, men eg avstod og heldt meg inne. Eg gjorde unna litt "kontorarbeid" før eg fann ut at eg kunne lage ein kakebotn, og sidan bakebollen var nesten like rein og omnen varm, sette eg ein brøddeig i det same. Sidan dette var ein typisk "vere - heime -dag".Mens deigen heva seg hadde eg ein lang prat med ei veninne i telefonen. 
    Noko feiring av farsdagen vart det ikkje i dag, men Nils og eg hadde ei lita "feiring" med kafebesøk i går. I morgon reknar eg med at Margrete kjem, så då får vi avtale neste familietreff. Barn og barnebarn har mange jern i elden, vi er nokså fleksible, så det får vere dei som bestemmer dag og tid.
    Etter at vi hadde ete ein enkel middag, og drukke litt kaffi, blei det sofaen og bok for meg, TV-fotball for Nils. No har han funne enda ein kamp, så då kan eg lese bok og strikke. Heilt greitt for meg.Vi er fæle til å reke på kvardagar, så søndag blir gjerne den dagen vi held oss heime og sløvar.

    lørdag, november 09, 2013

    Dagbok 2013: 9.november.

    Klokka er 16.15. Sola har gått ned og det er + 3grader ute. Det tek så smått til å skymest.
    Denne dagen vart mykje finare enn vi forventa, vi var ikkje budde å så fint vêr, så vi må berre takke og ta imot.
    Nils var ned på Kulturhuset med kaka på føremiddagen, mens eg vaska håret og "shina" meg opp litt.
    Etterpå var vi ein tur på Amfi, før vi stilte opp på basaren. Men der var det så fullt at vi gikk derifrå. Ein liten tur innom biblio, før vi gikk på "Fru Svendsen" og drakk kaffi. Vi feira farsdagen litt på førehand. Trefte mange frå pensjonistlaget der, det er ein fredelig plass for dei som har lyst å sitte og prate med kvarandre.
    Mens vi likevel var på farten og vêret var så fint, tok vi ein tur ut i hamna og såg til båten. Det blei ein liten tur på stien også, eg fann meg ein benk der eg kunne sitte og sjå utover sjøen i solskinet. "Det er svart november, båra knuser mot strand ein forliste draum om eit sommargrønt land........" Sommaren er så avgjort forbi.
    Då vi kom heim att i Starevegen, heldt ein av naboane på å sage greiner at den heilt spesielle bjørka si, så den ikkje skal vere til hinder for trafikken når snøen legg seg. No er Nils ute og hjelper til litt, så vi har ikkja laga middag enno. I dag blir det salta lange med poteter og gulrøter. Pluss flatbrød og Kvitseidsmør. Nam!

    fredag, november 08, 2013

    Dagbok 2013: 8.november

    Klokka har passert 18.00, men eg føler at det er seine kvelden, sidan det alt har vore mørkt lenge. Temperaturen er + 5 grader C og det regnar.
    Dette er det ufyseligaste haustdagen vi har hatt så langt, med tanke på vêret, sjølvsagt, elles har vi det bra. I fjor haust skein sola dag ut og dag inn, slik er det ikkje i år, sjølv om det har vore mange fine dagar.
    I dag laga eg ei kvikklunsjkake på føremiddagen, skal levere den på misjonsbasaren i morgon. Det er omtrent alt eg har gjort i dag.
    Vi var ein tur nedover, måtte bort på VØR for å få oss ein større papirdunk, sidan vi no må ha plastposen i papirdunken. Vi har rett på større dunk sidan vi betaler dobbel renovasjonsavgift. Må det når vi leiger ut kjellarleilegheita.
    Gikk ein liten tur i gå-gata, men det var ikkje mange som gikk der, og så vart det ein liten tur på Amfi, sjølvsagt. Var innom apoteket og kjøpte to ulltrøyer, eller T-skjorter i ull, som det heiter på fint. Ønsker meg varme genserar også, har to, men dei er ikkje brukande andre stader enn heime. Dei er veldig velbrukte!
    Til middag i dag blei det karbonadesmørbrød, ikkje kvar dag vi lagar skikkelig middag. Etterpå vart eg liggande på sofaen å lese, før eg tok tak i strikketøyet.
    Eg er så elendig i ryggen om morgonen når eg står opp, at eg knapt er i stand til å røre meg. Men når eg kjem i siget går det heilt fint. Og takk for det.
    Fredags-og laurdags-kveldane blir det mykje TV, og det blir det vel i kveld også. Vil ønske alle ei god helg !

    torsdag, november 07, 2013

    Dagbok 2013: 7.november.

    Klokka er 19.30 temperaturen er 3-4 plussgrader og der regnar. Tidligare i dag var det opplett og ganske fint.
    Eg har vore nokså flittig i dag, noko som gjer at eg er relativt trøtt i kveld.
    Først vaska og støvsuga eg til helga, og etterpå sette eg meg til for å skrive referat frå møtet i går. Det er ikkje alltid like enkelt å få skikkelig dreis på skriveria, men eg kom då i mål på eit vis.
    Vi måtte ein tur nedover også, for eg skulle ha ein prat med redaktøren i Møre-Nytt. Det gikk greitt, for vi trefte han ut for døra.
    Det blei ein tur på Amfi også, og i dag hadde dei fått inn heile fåreribber, så vi sikra oss eit par. No kan vi begynne å planlegge feiringa av FAR, sidan det er både farsdag og fødselsdag i kjømda.Ferdig oppskorne ribber vil han ikkje ha, det skal vere skikkelige store stykke.
    Etter ein pause, og ny gjennomlesing og retting av manus, blei det endelig tid å lage middag. I dag hadde vi steikt sei, det er og blir ein av favorittane mine. Så bevilga eg meg ein liten klatt is "fordi eg fortente det".
    I morgon har eg berre ein jobb som eg MÅ gjere. Eg skal lage ei skuffe-sjokoladekake til misjonsbasaren på laurdag. Fordi vi er medlemmer av Ørsta kyrkjelyd. I fjor var vi med og dekka borda på Kulturhuset. Det var ein jobb eg likte betre, for det KAN vi.No har Nils funne seg ein fotballkamp på TV, så då får eg kanskje høve til å lese litt i boka mi.

    onsdag, november 06, 2013

    Dagbok 2013: 6.november

    Klokka er 19.45, temperaturen ute +2 grader C, og det har vore ein fin dag. Men i dag fekk vi ikkje høve verken til hagearbeid eller tur, for det var det møte i pensjonistlaget, og det tek det meste av dagen.
    Eg var ikkje heilt i form i dag, så det vart ikkje gjort noko særlig her heime før vi for nedover i 11.30-tida. Vi hentar songbøker m.m. på Bakk-Ola- marka og tek dei med til kulturhuset. Der dekkar vi borda og ordnar det vi skal til møtet.
    Så var vi ein tur på Amfi, Nils må ned på sportsbutikken kvar dag, nesten, for å spørje etter ei jakke han har bestilt. Alt tek si tid.
    Vi fekk tid til både å ete og kvile litt før vi gjorde oss klar til "fest". Det kom mykje folk på møtet, og vi hadde det kjekt. Vi har åresal og loddar ut blomstrane som vi pyntar borda med, og Nils vann ein plante i kveld. Sparebanken gav 4 flotte bøker til utlodding, så i dag var det litt ekstra. Det var dei som stod forutdelinga av premiar til dei som hadde delteke i "Den gylne spaserstokk" også.
    No er eg trøtt i hovudet og ser fram til ein rolig kveld. Eg er i fin form no, om nokon skulle lure på det.

    tirsdag, november 05, 2013

    Dagbok 2013: 5.november.

    Klokka er 16.30, temperaturen + 6 grader og det har regna så smått i dag. Det vart ikkje den finevêrsdagen vi hadde venta.
    Vi var relativt tidlig oppe, og Nils reiste ut for å fiske. Eg baka brød og rygga kjøkkenet litt ekstra, slik eg gjer ein gong i veka.
    Så sette eg meg til å scanne bilde og skrive.
    Nils kom att med sei, men det vart til at vi tok oss ei fersk brødskive og ein kaffikopp då. NO skal vi ete middag, og litt seinare skal vi i Åsentunet på boklansering. Slik er det når ein kjenner fleire forfattarar.
    Og i morgon er det møte i Pensjonistlaget, så då går den dagen.
    Så har vi vore i Åsentunet, der Ottar las dikt, og Stig "Ulv" Ulvestad spela gitar. Det vart til at vi kjøpte både boka og eine plata til Stig, som eg for øvrig hadde som elev i mange år. Vi trefte mange vi kjenner, så det vart litt prat etterpå.

    Eid i gamle dagar 4

    Her er vi komne fram til 1963, det året Solveig var fødd. Vi budde på Raudeberg den tida, men eg ser ikkje bort frå at eg var på Eid i mai månad. Det ser ut som om dette er folketoget. Barnetoget starta alltid frå sjukehuset og gikk bort på Plassen, det no så kjende Malakoff.
    Folketoget starta ved det gamle kommunehuset og gikk ned Simabrekka, gjennom gata og så er eg ikkje så sikker på kvar det slutta. Kanskje på Plassen, det også?
    Det gamle kommunehuset vart også brukt til Fylkesskulen, seinare kalla Folkehøgskulen; det brann ned, men det var etter at eg hadde flytta frå Eid.
    Det var berre ei gate på Eid, og den heitte Gata, og dett var dett. Seinare fekk den namnet Eidsgata. Gata var lang, med små og store hus på begge sider. Dei eldste og minste husa vart rivne før Gata vart "freda". Elles har dei vore flinke å bygge nye hus og bygge om gamle hus, slik at dei står i stil med den gamle byggeskikken. Det vart først gjort nokre flauser, men etter kvart har det blitt betre.
    Dei fem åra vi budde på Plassen, var Gata skulevegen min.
    Til venstre i bildet kan de sjå eit lite skilt med Kafe. Det er Siggen Lefdals kafe der vi kunne sitte i timesvis med ei flaske Solo på deling, og spele plater på den einaste Jukeboxen som fantest på staden.Trur det var 25 øre pr. plate, men sikker er eg ikkje.

    Eid i gamle dagar 3

    Dette bildet er frå 1961. Lotevegen er enno ikkje bygt, rådhuset er under bygging. Oppe i høgre hjørnet ser vi eksersisplassen der vi budde i fem, fine år. Det er om lag der hotellet ligg no. Vi kan sjå at Langebrakka står enno, og vi kan sjå den eine av dei tre brune offisersbrakkene. Den vi budde i viser ikkje på bildet. Der var ein port i gjerdet, der vi kunne gå rett ned til Valhall der det var kino to gonger i veka. Billettprisen var 75 øre for barn og 1,50 kr for vaksne.
    Når eg skulle på meieriet og kjøpe melk gikk eg også gjennom den porten, rett nedover langs gjerdet til Messehagen. Før vi kom ned på hovudvegen stod der ei vasspumpe, der dei kunne hente vatn, dei som ikkje hadde innlagt vatn i husa sine. Vi måtte alltid prøve pumpa når vi gjekk forbi. I 1953 flytta vi opp til sjukehuset, det var ein stor overgang frå det frie livet på Plassen og i Malakoff. 
    På bildet ser vi også det nye meieriet og brakker på nedste eksersisplassen.

    Eid i gamle dagar 2

    Dette bildet er frå 1951.Sjukehuset ligg framleis høgst oppe av alle husa. Det er blitt påbygt to gonger etter at det var nytt, først kom "Tårnet" og seinare vart det forlenga så det vart likt i begge endar. Overlege Wennewold bygde huset sitt nær sjukehuset, vi ser det til høgre for sjukehuset på bildet.
    Heilt til venstre i bildet, bak nokre tre, ligg Handelsskulen til Kragset. Der var eg ofte, for der var fleire jenter, litt eldre enn eg, både på handelsskulen og hos Kaptein Myklebust som budde i huset rett nedanfor sjukehuset. Då vi budde i prestegarden var det berre ein liten tur gjennom Alleen og ut dit.(Dette var ein annan alle enn den som no heiter Alleen.)
    Nede i fjøra her, brukte vi å leike og bade om somrane. Og her budde han "Simon i Støa", han som Jakob Sande skreiv diktet om. Han heitte eigentlig Pål.
    No går vegen til Måløy der som nausta stod før. Det er litt rart med staden der ein har vakse opp. Ein vil helst at alt skal vere slik ein hugsar det.

    Eid i gamle dagar: 1

    Eg blir ofte oppmoda om å skrive litt om "gamle dagar", og etter tips frå Solveig, skriv eg heller små epistlar her på bloggen enn å sette i gang med memoarar.
    I går begynte eg å studere ein kalender frå 2013-utgitt av Lions på Eid, og eg blei fascinert av nokre av bilda der. Dette bildet er frå 1936, og då var eg ikkje fødd. Men det nye sjukehuset er på plass oppe i bakkane. Trur det er det einaste huset som er så høgt oppe. Begge foreldra mine arbeidde på sjukehuset i mange år, og både eg sjølv og dei tre borna mine kom til verda der.
    Heilt til høgre i bildet ligg det kvite "Mattishuset" der tanta mi med familie budde nokre år. Til venstre og litt bakanfor det, ligg "Heimen", det som no heiter "Bryggen hotell".Vi kan skimte litt av Grindhuset til høgre for Mattishuset. Der hadde dei brusfabrikk. Grindebrus var greitt nok, men var det feiring, skulle det vere Hansa. 
    De kan også sjå eit eldgammalt grått hus med torvtak, eg kan hugse at det budde folk der.Eg trur Ellen Marie veit meir om det. 
    Heilt til venstre i bildet ligg Meieriet, der eg var innom dei fleste dagane i veka og kjøpte melk i spann. Vi stod ved disken og venta på tur. Dei som ekspederte målte melka i litermål med lange skaft og fylte opp i spanna. Melka hadde dei i store kar. Skulle vi kjøpe fløte hadde vi med eit Norgesglas e.l. Som de ser er der to dører på det kvite huset, den til venstre er til mottaket. Der bar bøndene inn melka som dei kom med -frakta med hest og vogn. Døra til høgre gikk inn til utsalet.
    På bildet kan ein også sjå at det har gått eit snøras. Det kom aldri ras i den tida eg budde på Eid.

    mandag, november 04, 2013

    Dagbok 2013: 2.november

    Klokka er 18.45, temperaturen ute er litt over 4 plussgrader, og det har regna.
    Då vi stod opp i dag var vêret minst like fint som i går, og etter kvart kom sola fram. Eg var elendig i ryggen etter den lange turen i går, og var redd eg kom til å ligge rett ut i dag. Men etter at eg kom i siget, betra det seg, og eg sette i gang med hagearbeid i lag med Nils.
    Han klipte greiner av frukt- og bærtre og mol dei på kompostkverna. Dei greinene som var tjukke nok til ved, vart teke vare på, derfor står hylsa til vedsekkene framme. 
    Eg planta blomsterløk, raka og "gikk til hånde". Blant anna.
    I 13-tida var vi inn og tok oss litt mat, før vi gikk ut og jobba vidare. Vi raka lauv, både med rive og med grasklipper. Vi byttest på jobbane, men det vart såpass tungt å dra klipparen på den dyvåte jorda nede bakken, at vi vart ikkje heilt ferdige. Så vi har ein god del att før vi er klar for vinter.
    Ikkje før hadde vi kome i hus og fått fyr i omnen, så silregna det. Det kom heilt uventa. 
    Middagen i dag vart Pizza Grandiosa, hjemmelaget type. Såpass må vi unne oss etter ein hard arbeidsdag.

    Dagbok 2024: 26.april

    Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...