torsdag, november 07, 2013

Dagbok 2013: 7.november.

Klokka er 19.30 temperaturen er 3-4 plussgrader og der regnar. Tidligare i dag var det opplett og ganske fint.
Eg har vore nokså flittig i dag, noko som gjer at eg er relativt trøtt i kveld.
Først vaska og støvsuga eg til helga, og etterpå sette eg meg til for å skrive referat frå møtet i går. Det er ikkje alltid like enkelt å få skikkelig dreis på skriveria, men eg kom då i mål på eit vis.
Vi måtte ein tur nedover også, for eg skulle ha ein prat med redaktøren i Møre-Nytt. Det gikk greitt, for vi trefte han ut for døra.
Det blei ein tur på Amfi også, og i dag hadde dei fått inn heile fåreribber, så vi sikra oss eit par. No kan vi begynne å planlegge feiringa av FAR, sidan det er både farsdag og fødselsdag i kjømda.Ferdig oppskorne ribber vil han ikkje ha, det skal vere skikkelige store stykke.
Etter ein pause, og ny gjennomlesing og retting av manus, blei det endelig tid å lage middag. I dag hadde vi steikt sei, det er og blir ein av favorittane mine. Så bevilga eg meg ein liten klatt is "fordi eg fortente det".
I morgon har eg berre ein jobb som eg MÅ gjere. Eg skal lage ei skuffe-sjokoladekake til misjonsbasaren på laurdag. Fordi vi er medlemmer av Ørsta kyrkjelyd. I fjor var vi med og dekka borda på Kulturhuset. Det var ein jobb eg likte betre, for det KAN vi.No har Nils funne seg ein fotballkamp på TV, så då får eg kanskje høve til å lese litt i boka mi.

3 kommentarer:

solveig sa...

Hm. Du er no flink å bake!

Besta sa...

Eg likar ikkje å bake. Det einaste er brød. Skal berre ta den tradisjonelle Kvikklunsjkaka, og pynte med Non-stop.Den har eg vel bake hundre gonger på skulekjøkkenet, og den likar ungane.(Så dei blir sikkert kvitt den).

solveig sa...

Det er noko med å gi vekk kaker litt anonymt. Gir ein til eit selskap der ein sjølv er, får ein vanlegvis positiv respons.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...