tirsdag, april 30, 2013

Dagbok 2013: 30.april


Klokka har passert 19.00.Temperaturen ute er+ 4 grader. Det har slutta å snø etter at det har lava ned det meste av dagen, det starta ut på føremiddagen.
Eg vaska og styra på inne før middag, Nils jobba med eit prosjekt i garasjen. Så var vi ein tur på Amfi og handla-for det meste mat. Då vi kom heim, varma vi opp suppe frå i går, trur vi fekk mesteparten av kjøtet i dag.
Etter at vi hadde slappa av litt, tok eg meg på tak og hengde opp sommargardiner på stova. Før jul tok eg fram dei ti år gamle einsfarga gardinene for å ha dei på mørkaste vinteren, no var det kjekt å få opp gardiner med farge og mønster. Forandring fryder.
No er Nils på eit møte i Aasentunet i regi av SV. Theo Koritzinsky er her, han skal tale i Volda i morgon.Nils skal sikkert bort, men eg er ikkje så veldig interessert.
Veit ikkje om alle har sett bildet av Nils og Theo på Bjørnsund i 1985(?), så eg tek det med her også. Alle vert no eldre med åra, men eg synest Nils er bra lik seg sjølv.
 
Eg brukar mykje av åleinetida til å lese lydbok, mens eg strikkar. Akkurat no held eg på med ei bok frå krigens dagar i Norge. Eg plar ikkje lese så mykje krigsbøker, det meste er kjent stoff frå eit utal med filmar eg har sett opp gjennom åra.
Elles er Hareids-gutane framleis i Oslo, dei skulle på enda ein konsert. Eirik er reist til Trondheim med eit fotballag frå Volda. Dei har planar om å slå Rosenborg.


 

Slik er det ute akkurat no
 
 

mandag, april 29, 2013

Dagbok 2013: 29.april

Klokka er 19. 30, temperaturen er +10 grader C og det er overskya, men opplett.Sjølv om temperatur og vêr er ok, så vil det liksom ikkje bli vår. Det kjem vel av at det framleis er tele i jorda. Nils var ute i hagen før middag og skulle solde mold frå nokre torver han hadde liggande, men det gikk ikkje så bra. Torvene var enno frosne.
Sidan Margrete og ungane skulle kome i dag, laga vi ein stor porsjon med brennsnut (betasuppe) -det er litt arbeid å lage, men lettvint å servere og rydde opp att. Steikte vaflar , som vi hadde til dessert.I dag var alle tre ungane med, Ingeborg er framleis på tur verda rundt, akkurat no er ho i San Francisco. Etter planen skal dei vere heime att den 15.mai.
Då det vart tomt i huset, sala eg på meg fotoapparat og steig i Ecco-skona og trava rundt Storebakken på leit etter fotomotiv. Var spent på om eg fann kvitveis i dag, og no var den endelig komen! Ovafor elva som renn langs vegen er der massevis av desse vakre blomstrane. Eg er ikkje så  "flink" å plukke plomster å ta med inn, likar best å la dei stå i fred.Kunne også registrere ei ny "elv" som bana seg veg gjennom hogstfeltet der dei tok ut tømmer sist haust.
Nils skal på møte klokka 20.00, så det kan hende eg nyttar høvet til å lese bok mens det er stilt i huset.Ikkje det at han bråkar, men han set på TV.
 

søndag, april 28, 2013

Dagbok 2013: 28.april

Klokka har passert 19.00. Ute er det overskya og litt regn. Temperaturen er + 7 grader. Ingen sommar akkurat, knapt nok vår.
Men vi har vore på vårshowet til ballettskulen på Kulturhuset.No har vi berre Amanda med i balletten, men ho dansar til gjengjeld på tre parti, klassisk, jazz og comtemporary(samtidsdans). I dag hadde klassikarane fått nye kostymer frå England og det var stas. Det strutta i tutuar i alle fargar. Amanda dansa i svart. Dansen var fin, kostyma var fine, og musikken kunne ha vore fin. Men Vivaldis "Årstidene" på så høg styrke skar i øyrene mine, men så er eg veldig følsom når det gjeld sterk lyd.
I andre avdeling såg vi ei dramatisering av ei skotsk barnefortelling som heiter "Prinsessa og dvergane". Det var kveldens høgdepunkt, til tross for at Amanda ikkje var med. Dei hadde hatt skotsk koreograf til denne delen. Her var alt perfekt, kostymar, musikk og dans. Denne delen skal trulig visast under Dei nynorske festspela.
Tredje og siste delen var koreografert av lærarar ved ballettskulen. Den handla om vikingtid og mytologi i Norge. Her var Amanda med og dansa "troll".Flink jente. Fekk ikkje tatt bilde av henne i kostyme, men sminken og håret var att.
I morgon skal ho berre på ei ballettøving, vanligvis trenar ho to timar om måndagane. Dei kjem i alle fall hit til middag, som vanlig.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag. Før middag gjorde eg litt husarbeid, strikka litt og laga middag. Nils gikk ein liten tur.

lørdag, april 27, 2013

Dagbok 2013: 27.april.

Klokka er no 20.00, temperaturen er +7 grader og det er lettskya og ganske fint.Men altså kaldt.
I dag hadde vi bestemt oss for ein tur til Grodås, sidan Anne Marie, systra til Nils, var der på fylkesårsmøte i Saniteten. Ho visste ikkje at vi kom. Mens vi venta på at ho skulle ha pause, kjøpte vi oss kaffi og eplekake i kafeen. Anne Marie vart ganske forundra då ho såg oss, og vi fekk ikkje prata så lenge med henne. Ho måtte følge programmet, det var vi budde på. Men vi hadde ein annan plan.
Vi hadde tenkt å sjå om det gikk an å komme seg til Otterdal. Vi visste sjølvsagt at vegen var øydelagt, slik at vi ikkje kunne køyre heilt inn. Vi såg på skiltet at det var 4 km frå Grodås. Eg resonnerte slik: Viss vi kan køyre halve vegen, greier eg sikkert å gå 2 km fram og to tilbake. (Eg hadde sjølvsagt tatt på meg dei beste støvlettane mine med hæl og greier-dei nykjøpte Ecco Biom var att heime). Det var ikkje to km til bommen. Toppen ein. Og vegen var mykje meir øydelagd enn vi trudde, ikkje eit kort stykke, men nesten heilt inn. Då vi kom så langt at vi såg inn i dalen, snudde vi-eg måtte tenke på retretten.Eg har vondt under særlig eine hælen, så eg kjem nok til å kjenne at eg har vore på ville vegar. Eg tok bilde heile vegen innover, men ikkje på tilbaketure. Nils er med på dei fleste bilda sidan han gjekk føre. Vi trefte ein mann med sykkel, han fortalde at vegen skal reparerast. Det bur 10 personar fast i dalen.Der låg is på vatnet, men det var sol og lunt der vi gjekk på den sørvende stranda.





Bok nr. 21 - 2013: Et offer til Molok.


En stor bjørn blir skutt i nærheten av Kiruna, og i bjørnens mage finner man knokler fra et menneske. Noen måneder senere blir en kvinne myrdet med en høygaffel, mens hennes barnebarn Marcus overlever ved å gjemme seg i et lekehus. Da Rebecka begynner å se på den myrdede kvinnens bakgrunn, viser det seg at usedvanlig mange av hennes nærmeste slektninger er døde. Den eneste overlevende er lille Marcus.Samtidig rulles historien om Kirunas mektigste mann opp. Hjalmar Lundbohm var direktør for gruveselskapet i den lille gruvebyen, og var en rik og mektig mann. I 1914 innledet han et forhold til en ung lærerinne. Forholdet ble uglesett og skulle få katastrofale følger gjennom flere generasjoner.
Dette er den femte boken med Rebecka Martinsson. Et brutalt kvinnemord i nåtidens Kiruna og et kjærlighetsforhold nesten hundre år tilbake i tid.

Eg har lese alle Åsa Larsson sine bøker.Dei er kanskje ikkje spesielt gode, verken om ein ser dei som krim eller "litteratur". Men dei er annleis. Handlinga er lagt til Kiruna , den eine historia til først på 1900-talet, den andre hundre år seinare. Eg synest dette er blitt det mest vanlige i krimlitteraturen, historier med gamle røter. Det eg likar best i denne boka er det historiske bakgrunnsstoffet frå den tida då gruvesamfunnet i Kiruna vart grunnlagt.
Boka er på 8 CD -plater, passe kort og lettlesen. Bra underhaldning.

fredag, april 26, 2013

Dagbok 2013: 26.april

Klokka er ca 23.30 og dagen i dag går snart over i historia.Ute er det ca +2 grader C, så vårlig varme vil eg ikkje snakke om.
Men eg må seie eg vart forundra då eg vakna og såg ut i dag. Skodde var det, men den var på god veg til å forsvinne då vi var ferdige med frokosten. Resten av dagen vart det sol og finevêr, og etter kvart steig temperaturen til utrulige 13 plussgrader.
Så mykje har det ikkje skjedd i dag. Systra til ei kollega-veninne vart gravlagd i dag, så eg gikk til kyrkje.Då eg las på heftet såg eg at det var fødselsdatoen til den døde i dag. Ho ville fylt 85 år.
Etter kyrkjetid var Nils og eg bort på Rema 1000 og handla litt. Mellom anna hadde dei nydelige tomatar til 15 kr kiloen.
Då vi kom heim, tok vi oss ei brødskive og ein kaffikopp før vi gikk ut i hagen og jobba litt. Det var viktig for meg å få rake og rydde beddet ved garasjen før løkplantane kjem opp. Alt er seint i år, telen er framleis i jorda, og mykje er skada. Men vi må vente og sjå før vi ryddar vekk noko. Kanskje er der liv? Dei store staudene, som vi har planta rundt omkring, lever i alle fall.
Så mykje vart det ikkje gjort. Det vart til at vi sette oss i kvar vår stol nedanfor huset og sat der og slikka sol. Middag vart det etter kvar, i dag nydelig fiskesuppe - med fisk. Nils har kokt kraft på fiskebein etc.som vi har frose ned, den gjer suppa ekstra god.
Vi måtte sløve etterpå, og så vart det TV. Idol har eg ikkje sett enno, men vi har det på boks. Og så skal Freddie Mercury vere på NRK1 i kveld, så vi får eit problem. Såg at ein av favorittane mine, Astrid S gikk ut. Eg vil ha ut Steffen, og heiar på Eirik, no som før. 
I morgon blir det kanskje ein tur i Honndalen; sytra til Nils er der på tur med Husmorlaget eller kva det no var.
God helg til alle!

torsdag, april 25, 2013

Dagbok 2013: 25.april

Klokka er 19.30. Vêret er overskya og grått no, men for ei stund sidan var sola framme så vidt det var. Temperaturen er + 6 grader C.
I dag før middag støvsuga eg, før eg sette meg til å jobbe. Det vil seie at eg skreiv referat frå møtet i går. Eg jobba intenst og konsentrert og brukte ikkje altfor lang tid. Men då eg skulle lese korrektur no på ettermiddagen, var det verre. Når ein les over det ein sjølv har skrive, finn ein både feil og manglar. No har eg sendt manus til avisa, og terningen er kasta. Like skummelt kvar gong.

I dag visste eg ikkje kva vi skulle ha til middag, så eg foreslo kinamat i Volda.Og det vart det. På Landscape, som no er flytta til Megabutikken. Vi tok ein lunsjrett som jenta anbefalte, ingen usmak, men heller ikkje spennande smak. Nils reiv i eplekake og is til kaffien, så mette vart vi i alle fall.Vi trakka litt rundt i Volda, men kjøpte ingen ting. Heim att tok vi turen over Krøvelseidet, og så køyrde vi Melssida ned att. Eg plar knapt gå ti meter frå huset utan mobil i venstre lomma og knipsekamera i høgre, men i dag låg begge delar att heime. Har ikkje tatt eit einaste bilde i dag-i alle fall ikkje til denne tid. Blir så frustrert når eg skal ta bilde på kulturhuset, slik som i går, det må vere noko med lyset der. Bilda blir i alle fall ikkje bra.

I dag har Wenche på Kongsberg fødselsdag og vi gratulerer henne med dagen! Dei plar feire både henne og dei to eldste gutane i lag. Vebjørn blir sju år den 2.mai og Eivind fyller 11 år den 16.

onsdag, april 24, 2013

Dagbok 2013: 24.april

Klokka er snart 20.00, temperaturen er + 4 grader C. I dag har det veksla mellom regn, snø og hagl, så vêret er meir variert enn det har vore siste halvåret. Men linerla er komen til Ørsta ! Så det blir vår.
I dag har vi vore mykje opptekne med pensjonistmøtet. Klokka 12.00 var vi ned og dekka bord og gjorde klart til møtet som begynte klokka 16.00.
Vi hadde ei bra pause mellom øktene i dag, sidan vi ikkje skulle selje billettar.
I dag hadde vi skikkelig interessant program. Ein mann som har jobba i Nepal i seks år kom og fortalde frå landet, og det på ein interessant og humoristisk måte.
Jan Helset, som er halvproff songar, spela gitar og song. Det vart både Elton John låtar og mykje anna slik som "ungdommen" likar. Kan ikkje skrive for mykje her, skal tross alt skrive eit fyldig referat i morgon.
Fekk skikkelig problem med fotograferinga, men så viste det seg at Jan H.som sat ved same bordet som oss hadde peil og fekk fiksa det slik at eg i alle fall har nokre bilde som er brukande.
No kokar Nils poteter og steiker pølser, vi har ikkje ete middag før i dag.
Bildet viser Eli Kjøde, leiaren i pensjonistlaget og Karl Johan Haanes, pensjonert lærar som arrangerer turar til Nepal.

tirsdag, april 23, 2013

Dagbok 2013: 23.april.

Klokka har passert halv åtte, ute haglar det og temperaturen er + 5 grader. Det er fint vêr å vere inne i, for å seie det slik. Har hatt som eit slags mål å gå ein tur ut kvar dag, men denne dagen trur eg  at eg må stå over, om det ikkje lettar opp snart.
Før middag vaska eg grundig kjøkken og bad og gjorde ymse anna i huset før vi tok ein tur på Amfi og handla.Det var i grunnen berre ei rabbe vi skulle ha, men kom ut med eit stort nett matvarer. Som vanlig trefte vi mykje kjekt folk å prate med.
Eg har ei stor god aluminiumspanne (kasserolle) som eg brukar til graut og anna melkemat. I går då eg skod og vaska den, tenkte eg med gru på at aluminiumspanner er ein saga blott, og kva når den eg har er utsliten?
Eg har sett på nokre dei har på Jernia, berekna for såkalla "storkjøkken", og lurt på om eg skulle kjøpe ei slik. Eg rådførte meg med NIls og han var enig i at ei aluminiumspanne MÅTTE vi ha. Vi er alltid rørande enige når det gjeld innkjøp av panner og steikepanner. Panna blei kjøpt og betalt (1050 kr)og er no eit supplement til den allereie store kasserolleparken vår. Aluminium kan ein ikkje vaske i maskin, men eg har god tid å vaske for hand. Vi kokar ofte suppe når vi er mange, så panna blir nok brukt!


Vi kjøpte gjødsel til plenane i dag, for det er så vidt begynt å spire litt.
I dag varma vi opp resten av blandaballen som eg laga på laurdag. Den var ikkje så god som nylaga, men gikk likevel ned på høgkant. Etterpå slokna eg på sofaen med lydbok. Då vi skulle drikke kaffi kom ein nabo innom, og det passa godt. Elles brukar mannfolka i nabolaget å stå i ein eller annan garasje og prate om kveldane.
I morgon blir det ein "travel" dag, med pensjonistmøte. Då er vi på Kulturhuset og lagar til frå klokka 12 og utover, og så begynner møtet klokka 16.00.
I dag fyller svigerinna vår på Eid år, og vi gratulerer! Håper du har hatt ein god dag, Bodil! Vi må snart ha oss ein tur bortover.

mandag, april 22, 2013

Dagbok 2013: 22.april.

Klokka er no ca 20.00. Temperaturen er + 8 grader C. Det er overskya og litt regn. Før middag var vêret såpass at Nils fekk rydda opp litt ute. Først raka han plenane ovapå huset og etterpå kjørte han over med plenklippar og samla opp sagmask etter vedsaginga.Denne plenen vil om kort tid vere dekka av blå blomster, så då kan vi ikkkje røre noko før dei er avblomstra.
Mens Nils var ute og jobba, baka eg brød og laga middag. I dag hadde vi steikt sei, og eg åt så altfor mykje, så eg måtte legge meg nedpå etterpå. Så var vi ein tur på biblioteket for eg var lens for lesestoff. Får ikkje lagt inn det eg har på maskina, der er krøll i systemet.Fann ei ny krimbok av Åsa Larsson.Eg plar like bøkene hennar.
Eg følte sterkt for mosjon i dag, så vi køyrde bak Prix, parkerte der og gikk stien langs elva. Det vart ingen lang tur, for der stien slutta var det både snø og anna væte, så vi ville ikkje gå ut i naturen. Bilda tok eg på tilbakevegen. Sidan eg hadde fått for lite mosjon, fekk eg Nils til å sette meg av på brua i Håkonsgata, så eg fekk gå langs elva heim att.
To veninner har ringt i ettermiddag, så eg har site mykje i telefonen. Godt at andre er flinkare å ringe enn eg; med meg blir det mest data og FB.

 
 
Ose-elva
VIke-elva.

søndag, april 21, 2013

Dagbok 2013: 21.april

Klokka er ca 19.30. Temperaturen ute er +10 grader og der er opplett. Overskya har det vore i heile dag, men akkurat no mot kveld kom sola fram, så vidt det er. Det blæs litt ute, noko som vi er lite vande med her.
Eg har vore frostig i heile dag, men då det leid ut på ettermiddagen, tok eg på meg ein varmare genser, og så gjekk vi ei runde rundt omkring i nabolaget.
Elles låg eg ei lang stund på sofaen og las ut boka eg heldt på med. Av og til gjer eg slikt, for eg blir lei av bøkene om dei varer for lenge. Då blir det for mykje tilbakespoling og omatt-lesing. Det går mykje i krim for tida, og då gjeld det å ha hovudet med seg. Neste bok eg skal lese er også ein kriminalroman, men så lenge det er kvalitetskrim er det ok.
Vi har ete mykje god mat siste veka, men i dag roa vi ned og åt karbonadesmørbrød. Likar ikkje at restar blir liggande for lenge.
Nils har funne seg ein fotballkamp, men eg må legge ei ny bok inn på MP3-spelaren, slik at eg har den klar.
I dag skulle Ingeborg og Sandra ta flyet frå Peru til Los Angeles. Resten av turen skal dei vere i USA.

Bok nr.20 2013: Døden to ganger.

Døden to ganger
USAs mest forførende seriemorder er tilbake i Chelsea Cains siste thriller - og denne gangen drar hun Portlands sterkt prøvde etterforsker, Archie Sheridan, enda dypere ned i sin egen mørke fortid.

Archie Sheridan prøver å komme til hektene, både fysisk og mentalt, etter sine tidligere opplevelser med seriemorderen Gretchen Lowell. Men selv om han viser tegn til fremskritt, er han fortsatt like besatt som den dagen hun slapp ham fri. Nå prøver han å fokusere på en ny sak - en brutal morder har torturert sitt offer i mange timer en sommerdag i en av byens parker.
Etterforskningen er bare i startfasen da legen på den psykiatriske avdelingen der Gretchen skal tilbringe resten av livet, tar kontakt. Gretchen påstår at hun har førstehåndsinformasjon om den nye drapssaken. Archie er overbevist om at hun bløffer bare for å treffe ham. Men han kan ikke la muligheten for å få viktige tips gå fra seg, og går med på å møte henne igjen.

Det er ingen tvil: Gretchen er tilbake i Chelsea Cains nye og fengslende thriller, og Archie må ta stilling til om det å stoppe en ny morder er verdt prisen for å stå ansikt til ansikt med sine demoner igjen.

 
Dette er femte boka i ein serie om etterforskar Archie Sheridan og massemordaren Gretchen Lowell.
Eg har har lese alle, men det er ei stund sidan eg las nr.4, så eg hadde litt problem med å kjenne att alle personane. Når det gjeld slike seriar er det ein fordel å lese bøkene i rett rekkefølge, og gjerne i sammenheng (det kan i dette tilfelle bli vel mykje av det gode). Dette er ikkje krim for pyser, men bøkene er spennande og velskrivne. Margrete har skrive om boka på sin blogg, men når det gjeld krim , treng ein ikkje å vite så mykje på førehand.
 
Forfattaren Chelsea Cain er født i Iowa i 1972. Ho er utdanna samfunnsvitar og journalist. Handlinga i bøkene er lagt til byen Portland og omegn.
Dei fem bøkene i serien er:
1. Ondskapens hjerte.
2. Hjerterdame.
3. Hjerterått.
4. Mørketid.
5. Døden to ganger.

lørdag, april 20, 2013

Dagbok 2013: 20.april


Klokka er snart halv fire. Vi har nettopp hatt eit herremåltid med sei i kvit saus med poteter og gulrot+ litt bacon frå i går. Vi lever godt! I dag var det sol ei stund på føremiddagen, men iskald vind. No har det skya over, men det er framleis opplett. Temperaturen er +10 grader C.
I dag hadde vi ikkje noko spesielt på programmet, men vi tok ein tur nedover. Gikk ein tur gjennom gågata, der møtte vi Solfrid med den midterste sonen sin, som er på alder med Margrete. Han bur i Trondheim og hadde adoptert dialekten frå byen.
Vi såg at Inger og Rolf sat inne på ADAM. Vi gikk inn og prata litt med dei, men kjøpte ikkje noko i dag. På Staurset hadde dei fine skjorte på sal til 100 kr. Vi fann ei som passa til Nils eller ev. andre. Var berre så vidt innom Amfi i dag, men det vart til at eg kjøpte eit par sko som eg har sett på lenge. Skorne heiter Ecco Biom, og ei veninne, som heller ikkje er så god til beins, har anbefalt meg å kjøpe slike.Dei gjer slik at ein rettar seg opp i ryggen, sa ho, og det merka eg då eg prøvde dei. Dessutan vart det mindre press på hælane, som er det som plagar meg mest for tida. Her vart trykket fordelt under heile foten. Desse skorne er veldig populære. Fekk eit par ekstra reimar i grått.Nils fekk billig skjorte og eg fekk dyre skor- så gikk det opp i opp.
Vi kjørte bort på Rema 1000 for å handle mat der i dag, der trefte vi Kari og Kåre, så det vart ein lang prat der også. Vi såg at det var noko på gang i Rystefeltet/Osborg, så vi måtte bort å gløse litt. Der er stor byggeverksemd for tida; det vi hadde sett var tre vertikaldelte 4-mannsbustader. Elles blir det bygt fleire digre hus høgare oppe. Dei har fin utsikt-mot fjorden og Vallabøen.For dei som ikkje er kjende, kan eg opplyse at vi bur i fjellsida heilt til høgre i nedste bildet.
No har vi vore såpass sosiale at vi kan slappe av heime resten av dagen og kvelden.

fredag, april 19, 2013

Dagbok 2013: 19.april

Klokka har passert 19.00, temperaturen ute er + 5 grader, så vi er tilbake i den kalde sona. I dag har det både regna, hagla og snøa; no ser det ut som om sola skal kome fram- men det er er ver berre lureri.
I dag var vi ein tur ril Vik etter at Nils hadde filetert fisk. Vi handla på Amfi før vi gjekk opp i gata. Hadde tenkt å sjå innom den asiatiske kafeen ADAM. Og i vinduet såg eg to av kollegaveninnene mine. Vi fire hadde ei koselig stund, åt noko bakverk fylt med løk og andre grønsaker og drakk te til. Det var godt og rimelig. Håper at både butikken og kafeen skal klare seg. Dei held til i lokala der bakar Westre hadde konditori før i tida. Dei hadde fått det fint til inne.
Vi venta Solveig innover etter arbeidstid, ho måtte køyre den "gamle" bilen ut att, mens Øystein køyrde den "nye" bruktbilen. Ho gav seg tid til ein kaffikopp og så fekk ho med seg fisk ut att.
Etter litt diskusjon fram og tilbake bestemte vi oss for å lage blandaball til middag i dag. Den står no på kok. Nils har male både fisken og potetene på handkvern.Og så rørte eg med "storemiksaren". Vi prøver ein ny vri sidan vi syntest det blei vel finmale på foodprosessoren.
Eirik og kameratane er på Sunndalsøra på UKM. Margrete og småsøskena har booka  inn for to netter på Seilet hotell i Molde. Lommerosk-bandet skal spele i morgon kveld, så då skal dei inn til Sunndalsøra og høyre på dei.
Vil ønske alle ei god helg!
PS: Konsistensen på blandaballen vart perfekt !

torsdag, april 18, 2013

Dagbok 2013: 18.april


Klokka er snart 16.30, temperaturen ute er + 9  grader C og akkurat no regnar det. Tidlegare i dag var det litt lettare. Nils reiste ut for å fiske i 9-tida. Eg skreiv ein liten epistel til avisa før eg sette i gang å støvsuge.
Då det var gjort, skreiv eg referat frå møtet i går, og før eg var ferdig, var Nils komen heim att- med ein pen seifangst. Han delte ut småsei til dei naboane som ville ha, og hengde opp dei største fiskane.
Han fiskar berre til han har så mykje at han har nok, er ikkje interessert i å stå i dagesvis og filetere fisk.
Vi åt kokt småsei til middag, og måtte ha oss ei kvilestund etterpå.
Elles så driv eg og "klikkar" uti eningen, fordi eg finn så mange skrivefeil i avisa. Kva folk skriv reint privat tek eg ikkje så tungt, men eg meiner at det som skal på trykk i avisa, skrive av journalistane, bør vere korrekt. I dag hadde ein og same person skrive to artiklar om garden Ytste Skotet i Geirangerfjorden. Den eine artikkelen hadde namnet rett i overskrifta; over den andre stod det Yste Skotet. Inne i begge stykka stod det feil heile tida. Ytste er kanskje ikkje eit ord som er mykje brukt, men det er avleidd av ordet ytre, begge har opphav i ordet ut. Yste tyder, så vidt eg veit, å lage ost, og har ingen ting med namnet på garden å gjere.
Snart klikkar Nils fordi eg øser meg opp over slike bagatellar, men viss det finst noko slikt som ein rettskrivingsmafia melder eg meg inn tvert. Det finst gode ordlister på nett t.d. og det er lov å bruke dei. Og særnamn bør ein sjekke opp før ein set dei på trykk.
I kveld skal vi til Folkestad og høyre og sjå på10.klassingane som har laga musikal. Eirik skal synge, veit eg. Det blir sikkert kjekt. Men først skal vi innom Margrete med nokre hagemøblar som vi har ståande her.
Vi var på Folkestad skule og såg musikalen deira. Dei som vil kan sjå bilde på Margrete sin blogg.

onsdag, april 17, 2013

Dagbok 2023: 17.april

Klokka er snart 21.30, temperaturen er + 6 grader C. Det har vore overskya og litt regn i dag, men det gjer ingen ting, berre resten av snøen blir borte.
I dag har eg ikkje gjort så veldig mykje fornuftig- eller kanskje eg har det.Det spørs kva ein meiner er viktig. Eg skulle vere på styremøte på biblioteket klokka 12, så før den tid måtte eg sjå på nokre papir og lage ei vaffelrøre, sidan Solveig og Øystein var venta hit etter møtet.
Dei skulle kjøpe, eller sjå på, ein ny bruktbil; Nils skulle vere med Øystein.Solveig og eg skulle
utveksle bøker pr.minnepenn.
Mens eg var på møte, reiste Nils ut på bilbutikken i Strandgata, der han fann ein fint brukt Opel til ein rimelig pris.Så forarbeidet var gjort. Nils og eg handla litt på heimvegen, og eg rakk akkurat å steike vaflane før dei kom frå Hareid.
Karane for av garde på bilkjøp mens Solveig og eg styrte med bøkene vår. Dei kom att og då Øystein hadde kjøpt bilen, dei kjem att og hentar den på fredag.
Vi drakk kaffi og åt vaflar før dei for ut att.
Somme veker skjer det nesten ingen ting, andre veker er det fullt program. (For pensjonistar skal det ikkje så mykje til).
Eg visste at Eirik skal vere med på UKM på Sunndalsøra og at Margrete og dei to yngste skulle til Molde og Sunndalsøra. Men det var jo langt ute i april, etter den 20.i alle fall. Så seier Margrete at det er komande helg.....? Eg burde eigentlig vite kva dato vi har når eg skriv det på bloggen kvar dag! Men tida flyg av garde fortare enn eg likar å tenke på.
I morgon kveld er det musikal på Folkestad skule, så då blir det trulig ein tur dit.Men først må eg skrive eit lite avisinnlegg og få av garde. Det er fort gjort.
Vi har nyss ete middag, litt seinare enn vanlig. Restemat på menyen i dag.

tirsdag, april 16, 2013

Dagbok 2013: 16.april

Klokka er ca 12.30. Temperaturen er +13-14  grader, og det er overskya med nokre regndropar av og til.Fint vårvêr med andre ord.
Eg har brukt føremiddagen til å vaske og rydde kjøkken og bad. Og så var eg ut i hagen og raka i hop nokre greiner. Snøen er nesten borte no, men elles er det ikkje mange vårteikn å sjå. Ei einsleg snøklokke fann eg, og ein krokus. Men så har vi ikkje så mykje bed og blomster lenger heller- i alle fall ikkje nedom huset. Det lange rosebeddet nede i hagen, har vi lagt att, det vart for mykje å halde orden på. Nokre bed står att og eg gler meg til å pynte opp litt. Har funne ut at det er greitt å kjøpe sommarblomster som varer ein sommar.
I går fann eg ei bildemappe på PC-en , med bilde frå nesten alle dagar i 2009. Slik såg det ut i hagen den 17.april det året.
I kveld skal eg på pensjonisttreff på Velle skule. Det blir kjekt å møte att "gamle" arbeidskameratar. Vi har alltid mykje å snakke om. I fjor måtte eg melde avbod fordi er vart så forkjøla.

Nils er borte hos naboen og hjelper han med å sage sund resten av sypressen.


mandag, april 15, 2013

Dagbok 2013: 15.april


Klokka er 20.30, temperaturen ute er +8 grader, max temp. i dag var +15 grader, så no minkar snøen!Det var nesten som ein sommardag samanlikna med det vi er blitt vande med. Men det regnar, og det må vel til, det også.
På føremiddagen lærte Nils opp naboen til å bruke vedkløyvaren vår, så no er sypressen hans blitt peisved.
 I dag har vi hatt besøk av Margrete og ungane. Sidan Eirik har bursdag i dag, hadde eg laga litt ekstra god middag, lammelår med tilbehør og bløtkake til dessert.
Amanda måtte fare på balletten ganske snart, så henne fekk eg ikkje ta bilde av. Det som "feila" kamera var berre ein bagatell som Margrete fiksa på eit øyeblikk.Ingeborg ringde frå Peru, og vi snakka med henne på Skype, på mobilen.
 
Eirik 16 år i dag.

Karane her i gata har ein vane, dei samlast i ein eller annan garasje for prat og sosialt samver.Der er Nils no.Eg har sett i gang med ripping av ei bok som Margrete hadde med seg.

søndag, april 14, 2013

Dagbok 2013 : 14.april.

Klokka har passert 20.00, temperaturen ute er +  10 grader, det blæs litt og regnar litt, men det er langt frå så dramatisk som forventa. Mi beste von er at regnet og vinden skal klare å få bort snøen.
I dag har eg gjort lite og ingen ting. Strikka ferdig eit lestepar mens eg las ut krimboka som eg heldt på med. Elles har eg styra litt på kjøkkenet. Steikte ein kjempeporsjon med sei til middag, fisk som ikkje har vore frosen. Skal ha kjøt i morgon, derfor fisk i dag.
I morgon kjem Margrete og ungane til middag, og sidan Eirik har fødselsdag, blir det ei lita feiring.
Storfeiring blir det vel når Ingeborg kjem heim frå verdensturneen sin. Ho reiste frå Rio i går, så no skal ho etter planen vere i Peru.
I dag er det sommardag. I gamle dagar kunne ein tenar skifte jobb anten sommardag eller vinterdag(14.oktober)-ein måtte altså binde seg for eit halvår. Så at det er første sommardag i dag tyder berre at det er første dag i sommarhalvåret-ikkje at sommaren er komen.
Eg har enno ikkje fått i orden fotoapparatet, men skal sjå om eg får tatt eit lite vêrbilde til bloggen men knipsekamera.
I dag kan vi gratulere Kristoffer på Eid med 25-årsdagen!

lørdag, april 13, 2013

Bok nr. 19 -2013: Marco-effekten


Dette er den femte boka om Avdeling Q.
Forlagets omtale:
Unge Marco er tidlig blitt tvunget inn på en kriminell løpebane av sin onkel Zola. Marco er dyktig, men avskyr alt Zola står for. Og når han oppdager at familien vil gjøre ham til krøpling, ser han ingen annen utvei enn å komme seg vekk så fort som mulig. De grusomme realitetene innhenter ham imidlertid da han noen måneder senere konfronteres med en plakat av en savnet mann. Etter dette kjemper Marco ikke bare for sin egen tilværelse, men også for sitt liv. Zola er på sporet av ham. I Avdeling Q virvles Carl, Assad og Rose inn i en sak som trekker farlige tråder til korrupsjon og forbrytelser helt opp på ministernivå og inn i den afrikanske jungelen.

Eg har lese alle dei fem bøkene om Avdeling Q. Eg har likt alle, også denne.(Men sidan eg ikkje forstår meg på økonomi på høgt nivå, får eg sikkert ikkje med meg alt.) Her er både humor og dramatikk som i dei fire første. Særlig spelar forfattaren mykje på språket, men om ein siterer lausrivne setningar og uttrykk, blir det ikkje det same som å støyte på dei teksten. Det som eg har å utsette på denne boka er at det liksom blir hakket too much; svindel med bistandspengar, gjengkriminalitet, barnesoldatar som drapsmaskiner osb. Her er også mykje brutalitet. Less is more!
Boka er på 14 CD-plater, noko som eg synest er i meste laget.
For dei som vil prøve seg på denne serien, som eg absolutt vil anbefale, vil eg foreslå at de startar på den første boka, sidan bøkene heng såpass tett i hop.
1. Kvinnen i buret.
2. Fasandreperne.
3. Flaskepost fra P.
4. Journal 64.
5. Marco-effekten.
Av desse bøkene har eg likt best nr.4.
Eg håper det kjem fleire bøker i serien.

Dagbok 2013: 13.april.

Klokka har passert halv elleve, og eg kom brått på at eg ikkje har skrive på bloggen. Ute er det lettskya og +2 grader. Før middag var det klårt og fint, men etter kvart kom skyene. Sidan det kanskje var siste finevêrsdagen på lenge, hadde eg lyst å ta fine bilde, så eg hadde noko å leve på når styggevêret kom.
Vi køyrde rundt Berkneset og stoppa for å ta bilde. Men kva skjer? Eg får følgande melding  på "skjermen":  "Minnekortet er låst.Skyv låsen til skriveposisjon.". Eg tenkte at det sikkert var batteriet som var utlada og at alt ville ordne seg. Det dummaste var at eg ikkje hadde knipsekamera med meg, så eg  fekk ikkje andre minne frå turen enn dei som sit på netthinna.
Vi køyrde innom Volda og hadde tenkt å ete på kafe, men fann ikkje noko som frista. Dette vart liksom dagen der ingen ting gikk skikkelig i lås.
Vi gad ikkje lage middag i dag heller, så det vart ein "heimelaga" Grandiosa frå Kiwi.
Etter at eg hadde lada opp batteriet var meldinga på skjermen den samme-og eg forstod ingen ting. Handboka var heller ikkje til hjelp. Melding til naboen, som seier eg skal slå av kamera i tre minutt. Ikkje det heller hjelper. Så no er gode råd dyre. Eller kanskje gratis, om nokon som les dette veit råd.
Slik går det når ein befattar seg med saker og ting som ein ikkje kan. Også no som eg var så godt i gang !
Etter ein litt sein middag og kvil etterpå, har det blitt mykje TV.

fredag, april 12, 2013

Dagbok 2013: 12.april

Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 6 grader, og eg trur våren er på veg. Det har vore fint vêr og sol i dag også, men på ettermiddagen kom det lette skyer.
Nils var ut ein liten tur på morgonen og fiska litt sei, det var is i hamna og kaldt. Han fiska ikkje lenge, men det vart i alle fall småsei til middag og nokre større til å fryse.
Eg fekk ikkje utretta så mykje før han var tilbake igjen, men smelte i hop ein kakebotn og rydda kjøkkenet om ikkje anna.
For å få nyte siste rest av finevêret, gikk eg tur med bok på øyret. I dag kom eg meg eit stykke opp i skogsvegane, men det var ikkje så godt å gå, råsa som var trakka var nokså glatt og upålitelig. Det viktigaste er å få vere ute i sol og frisk luft, og eg må gå åleine, for eg går så seint.
Litt seinare åt vi middag og slappa av på sofaen.
I dag fyller Anne Marie, systra til Nils, 78 år. Det er ei tøff og flink dame som bur åleine på ei øy i Gulen. Vi gratulerer!!! 12.april var også mora sin fødselsdag, Anne Marie var fødd på 27-årsdagen hennar.
No blir det mykje TV resten av kvelden, og eg ønsker alle ei god helg.

torsdag, april 11, 2013

Dagbok 2013: 11.april

Klokka er 19.30, temperaturen + 4 grader C og vêret har vore strålande i heile dag. Det einaste eg ikkje likar er at det er så kaldt, særlig tidlig på dag. Men så er det fint å sjå ut glaset å møte synet på bildet over.
I dag skulle eg vere hos frisøren klokka 11.00, så det var ikkje vits i å sette i gang med så mykje før den tid. Då klokka var vel  10 ringde telefonen, og eg vart mint om eit møte eg skulle vere på. Kva tid?  NO!  Eg hadde ikkje gløymt møtet, men det var vore diverse mailar med endringar av tidspunkt, og så har eg rett og slett ikkje fått med meg det siste. Eg hatar å vere upresis og upålitelig, men i dag måtte dei greie seg utan meg, og det gikk heilt fint. Eg kom meg til frisør og fekk etablert sommarsveis og skikkelig kort hår. Nils køyrde meg halve vegen fram i Mosmarka, resten gikk eg.
Etterpå handla vi inn litt mat, og i dag kjøpte vi ein kylling på deling til middag. Det var ikkje den store smaksopplevinga, for å vere ærlig.
Etter middag har eg berre lata meg, låg lenge på altanen med lydbok, men så gikk eg ein skikkelig tur i kveld.Føler det som om eg har "skulka jobben" i dag. Nils har vore litt flinkare, for han har kløvt ved.

onsdag, april 10, 2013

Dagbok 2013: 10.april

Klokka er 20.15, temperaturen +2 grader, og det er framleis nydelig vêr. Eg kom nettopp inn att etter ei runde rundt Storebakken. Hadde med meg fotoapparat for å eksperimentere litt. Det store "blinkskotet" har eg enno til gode. I dag trefte eg berre ei dame med hund, var litt seinare ute enn vanlig. Elles brukar eg lang tid på turen min, for der er alltid nokon å slå av ein prat med.
I dag lånte Nils tilhengar med naboen og køyrde heim resten av bjørka, og i tillegg nokre oretre som stod så lagleg til. Så no har han arbeid nokre dagar med å kløyve og ha i sekkar.Eg skulle prøve å raske saman nokre greiner som vart klipt av plommetrea ein gong i vinter, men måtte gi opp, for dei var heilt fastfrosne. Det er tjukk is under snøen.
Eg sjekka yr.no og fann ut at det skal regne heile neste veke, så eg heiv meg rundt, bytta på sengane, lufta sengetøy, vaska soverommet m.m. Vaska sengkleda, fekk dei tørre og strekte dei på att. Likar å vaske sengetøyet når eg får tørke det ute.
Elles har eg gjort det vanlige husarbeidet; steikte ei stor mengde med sei til middag, meir enn vi greidde å ete opp.
Etter middag reidde eg opp solsenga mi og låg ute og las i lydboka ei god stund.Dei var heilt herlig.Kosar meg for tida med Jussi Adler Olsen.



tirsdag, april 09, 2013

Dagbok 2013: 9.april

Klokka er 19.30, temperaturen er +3-4  grader C. Vêret har vore nydelig i heile dag, men det har vore ei og anna sky på himmelen.
Nils tok seg ein tur på vedaskogen før middag, mens eg støvsuga, rydda etc. Koka blomkålsuppe til han kom heim.Elles går det i litt klesvask og anna husarbeid. Må gjere ein ekstra innsats denne veka, for neste veke har eg mykje på programmet. Bestilte frisør til torsdag, sidan eg skal på pensjonisttreff på Velle skule tysdag kveld. På formiddagen skal eg på eit møte i komiteen som skal legge opp program for dei eldre på aktivitetsdagen 8.mai.Onsdag er det styremøte i pensjonistlaget.
Eg trudde ikkje eg hadde klipt meg sidan november, men så gale var det ikkje. Var til frisør i januar.
I dag vart Dalhaughuset selt, så no veit vi kven dei nye naboane er. Det er folk i 50-årsalderen, ikkje akkurat vår generasjon, men heller ikkje småbarnsfamilie.
Eg har hatt litt problem med speilreflekskameraet, men no trur eg at eg har funne ut av det. Tok ein liten tur for å teste, og knipsa vilt. Nils må finne seg i å vere fotomodell. Eg sløyfa turen min i kveld, gikk berre ei lita runde. Har hatt problem med ein fot ei tid, vondt under hælen når eg stig ned. Litt betre i kveld, så kanskje det hjelper med ein kviledag. Låg ute på altanen med lydbok ei stund, seint på ettermiddagen.
Nils har kløyvd ved og hatt i sekker. Har ca 50 sekker ferdige no, men har meir ved å kløyve.Ikkje rart han må ha seg litt eksta næring i form av müsli og youghurt.
 
 

mandag, april 08, 2013

Dagbok 2013: 8.april.

Klokka er snart 20.00 og sola skin. Vi har hatt enda ein nydelig dag med sol frå klår himmel. Det er ikkje til å tru. Temperaturen på trappa er no + 2  grader C, men i deg har det vore opp i 9-10 grader max. Snøen smeltar, men det går ikkje fort.
I dag før middag måtte eg gjere ein innsats i huset, særlig kjøkkenet trong ein omgang.Eg fekk til og med vaska steikomnen. Mens eg vaska og rydda inne, kløyvde Nils ved i garasjen.
Så var det ein tur på biblio for å hente siste boka til Jussi Adler Olsen, min favoritt-krimforfattar. Margrete hadde bestilt boka, men eg henta den og lånte den i mitt namn.No har eg rippa den, og har den på PC-en. Så NO, Solveig, må du snart komme og fylle opp. På heimvegen tok vi med oss nokre av kubbane som låg att, men vi har på langt nær fått heim all veden.
I dag var det fiskekaker frå frysaren til middag, og etter at vi hadde ete, la eg meg i senga mi på altanen, med lydbok, og hadde det herlig i sola.
Etter oppstandelsen hengde eg opp klede etc., og så gjekk eg runda mi.I dag trefte eg tre damer med hund. Ser ut frå at eg treffer luftetida kvar dag.
I nr.10 har det vore visning i dag, men vi veit sjølvsagt ingen ting om korleis det gjekk. Eit anna hus, lenger nede på Vallabøen, vart selt for 4,1mill. Men det var eit større hus, med utleigeleilegheit.
Nils og eg fekk skattesetlane våre i dag. Han fekk att meir enn eg, tilsaman fekk vi  ca 10 000 kr. Trur ikkje pengane fører til særlig store sprell, men dei kjem sikkert vel med.
I dag har svigerinna mi i Solund fødselsdag, og vi gratulerer! Eg har ikkje vore i Solund sidan 60-årsdagen hennar, og det er nokre år sidan.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...