Klokka har passert halv elleve, og eg kom brått på at eg ikkje har skrive på bloggen. Ute er det lettskya og +2 grader. Før middag var det klårt og fint, men etter kvart kom skyene. Sidan det kanskje var siste finevêrsdagen på lenge, hadde eg lyst å ta fine bilde, så eg hadde noko å leve på når styggevêret kom.
Vi køyrde rundt Berkneset og stoppa for å ta bilde. Men kva skjer? Eg får følgande melding på "skjermen": "Minnekortet er låst.Skyv låsen til skriveposisjon.". Eg tenkte at det sikkert var batteriet som var utlada og at alt ville ordne seg. Det dummaste var at eg ikkje hadde knipsekamera med meg, så eg fekk ikkje andre minne frå turen enn dei som sit på netthinna.
Vi køyrde innom Volda og hadde tenkt å ete på kafe, men fann ikkje noko som frista. Dette vart liksom dagen der ingen ting gikk skikkelig i lås.
Vi gad ikkje lage middag i dag heller, så det vart ein "heimelaga" Grandiosa frå Kiwi.
Etter at eg hadde lada opp batteriet var meldinga på skjermen den samme-og eg forstod ingen ting. Handboka var heller ikkje til hjelp. Melding til naboen, som seier eg skal slå av kamera i tre minutt. Ikkje det heller hjelper. Så no er gode råd dyre. Eller kanskje gratis, om nokon som les dette veit råd.
Slik går det når ein befattar seg med saker og ting som ein ikkje kan. Også no som eg var så godt i gang !
Etter ein litt sein middag og kvil etterpå, har det blitt mykje TV.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:3.september
Kjempesøte svartsurbær Klokka er no17.15, temperaturen ute er+16 graderC, og sola skin. Ho kjem ikkje her før det lid nokså langt på dag, m...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar