søndag, mars 31, 2024

Dagbok 2024: 31.mars -1.påskedag

Klokka er no 17.45 (sommartid). Det har regna meir og mindre i heile dag og skodda ligg langt nedover fjellsidene. Den flotte påska forsvann brått  og no er det ikkje så fristande å gå ut ein gong. Men eg var i grunnen på veg-tenkte meg ein tur på Vernet i dag også, den turen er så lavterskel at det går nesten ikkje an å skofte.

I dag starta eg dagen med spansk på FB, eg hugsar så dårleg at eg må repetere mykje. Elles har eg stort sett berre strikka og sett TV. Middag hadde eg att frå i går. Og så har eg fått så mykje godteri i presang, at det nesten er for mykje av det gode. Eg har aldri snopa noko særleg i heile mitt liv, men no når eg er gammal er eg veldig glad i t.d. sjokolade med kaffi til. Men det blir mange kaloriar, så då må eg trimme litt. Eller helst meir.

Det var mykje eg kunne ha gjort i dag, men eg set ikkje i gang med storarbeid på påskedag. I morgon kan eg vel finne på å gjere noko, men det er ganske kjekt å sjå TV, strikke og ete snop -så det går vel and å gjere det ein dag til-eller? 

Eg passar katten til Marit men ho vil ikkje inn, berre vere ute på trappa, men i morgon kjem vel Marit att. No fekk eg lyst å gå ut uansett, så gjer eg det.
 


                   No er dei små blå på veg opp, på plenen ved garasjen.

                Eg var ein tur på Vernet, men tok ikkje bilde der oppe i dag

lørdag, mars 30, 2024

Dagbok 2024: 30.mars



I aust var der ein litt utydeleg regnboge.


Klokka er no17.52, temperaturen ute er +10 grader C, det er eit herleg vårvêr sjølv om det kom nokre regndropar. Eg kom nettopp att frå ein liten runde på Vernet. Mens eg var der oppe høyrde eg kyrkjeklokkene  ringe helga inn. Då var eg glad for at eg var langt vekke, for eg får tinnitus- plager berre eg tenkjer på det. Tinnitus har eg heile tida, men ikkje så kraftig.

I dag skulle eg eigentleg ta "fredagsvasken", men eg syntest ikkje det var nødvendig i det heile tatt. Så i staden tok eg fram den store støvsugaren og støvsuga alle teppegolva litt grundig. Og så fekk eg rydda aldri så lite; eg vil så gjerne få "Roserommet" så fint at det kan bli gjesterom, så derfor driv eg og flyttar rotet ned i kjellaren t.d. Rydda på altanen også, men det er langt frå slik som det skulle ha vore. 

Til alle som er innom bloggen vil eg ønske fortsatt God påske, det er enno to helgedagar att.

I dag laga eg middag til meg sjølv. Eg har ein ny vri no, skellar poteter og kokar, og lagar potetstappe. Så har eg pølser untan skinn(og bein)og grønsaker frå frysaren. Det er veldig fort gjort og heilt greit for meg.

Eg sat og slappa av med strikketøyet før eg gjekk på Vernet.

Som de ser så skjer det ikkje så mykje her i dag, men vi har no hatt fleire samkomer i påskeferien, og eg har det bra når eg er åleine også. Mykje selskap i TV-en, og no skal vi endelig få gå over til sommartid.

Det vi lurer litt på her i nabolaget er om våren verkeleg er komen, eller om vi får ein liten vinter till. I fjor hadde vi den første våren i februar, og den siste vinteren i mai.Alt kan skje.


 

fredag, mars 29, 2024

Dagbok 2024: 29.mars


 Klokka er no 17.45. temperaturen ute er ca + 11 grader, det er lettskya og nydeleg ver, tidlegare i dag hadde vi mykje sol og det vart varmt inne.

Eg hadde litt problem med at det var helg dag i dag,men eg hadde på TV-en og såg gudsteneste, og det hjelpte. Eg venta besøk frå Hareid i dag, men eg trong ikkje lage mat, for dei ville berre ha kake og kaffi, så det var no enkelt når eg hadde kaker i frysaren. Dei skulle ikkje komme før i 13-14 -tida så eg fekk gjort litt forskjellig før dei kom. Det var Einar, Audun og Olaug som kom i dag. Vi drakk kaffi og åt kake og prata om laust og fast til dei skulle fare igjen. Då tok eg på meg  tur- klede og gekk ein tur på Vernet. Eg sat litt på alle benkane for å vere mest muleg ute i den fine vårlufta, trefte eit par damer som eg snakka litt med. 

Og eg tok bilde ,sjølvsagt, men no får eg ikkje til å legge dei inn -igjen.

Men i dag såg eg dei første blå blomstrane på plenen oppe mot gata. Det er eit syn når dei blomstrar. I fjor snødde dei nede, men dei kom no att.

Etter ein dag med mykje kaffi og søte kaker lengtar eg etter saltmat, så eg får sjå kva eg finn

torsdag, mars 28, 2024

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint 
I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg sat lenge og las og svarte på mailar før eg kom meg ut og gå. Det blei tur på Vernet i dag også, og der trefte eg folk eg kjenner.
Eg venta besøk av barnebarn i dag, men visste ikkje kva tid dei skulle kome. Dei kom før eg trudde, dei som er hos Margrete. Men det gjorde ingen ting, dei fekk kaffi og kaker og vi fekk prata. Frå Hareid kom ingen, det var eg som hadde misforstått. Dei hadde andre planar.
Amanda hadde med seg hunden sin, Albert, og då dei skulle fare fekk han auge på Lollo ,katten til Marit, og skremte den. Håper at ho ikkje fór for langt. Eg hadde tenkt å pynte meg før gjestane kom, men går eg framleis i arbeisdsklede. Dagen er langt frå slutt, men det blir vel strikketøy og TV resten av dagen. Eirik fiksa støvsugaren min så no er den i orden.


Eit litt finare bilde enn det eg hadde: Amanda, Olaug, Håkon. Amund. Erlend, Eirik og Audun.
 

onsdag, mars 27, 2024

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går.
Eg sov godt sist natt, og eg var veldig aktiv på første delen av dagen, no har eg slappa av litt og sett litt nyhende på TV.
Det første eg gjorde i dag etter at eg hadde vore innom FB, var at eg laga ei kake.Det gjekk nokonlunde bra. Etter at kaka var steikt tok eg ein tur på butikken,det er stadig noko som manglar, men no får det stå si prøve om eg saknar noko.
Det vart ein tur på Vernet før eg gjorde noko meir, der trefte eg ein som eg går tur i lag med av og til, ein som likar å prate. Han skulle gå to runder men eg hadde nok med ei.
På turen fann eg ut kva eg ville ha til middag i dag, så det var berre å hive på poteter så var det meste gjort. Mens potetene kokte laga eg krem til kaka mi og vaska opp ein stor oppvask for hand- Eg hadde også sett på vaskemaskin + trommel- med gammalt og nytt sengetøy.
Middagen min i dag var yndlingsretten min, spekesild, og den gjekk fort ned. Og det var nydeleg som vanleg.
Eg vart veldig trøtt etter måltidet så eg trur eg sovna litt i stolen etterpå -før det vart kaffi og sjokolade. Eg som ikkje har vore så glad i snop har endeleg fått smaken på godteri, og i tida rundt fødselsdagen min unner eg meg litt godt.
Eg vart litt frostig av å sitte i ro, så eg fyrte litt innpå omnen, då greier varmepumpa resten.
No skal eg ta kleda ut av trommelen etc. og etterpå skal eg ta fram strikketøyet.
Lollo, katten til Marit, får mat ute på trappa mi, for ho vil ikkje inn. Marit er på hyttetur. I morgon ventar eg barnebarn og ev. kjærestar på besøk.  Eg tok eit par bilde ute, dei vart ikkje så fine. Med dei viser i alle fall at rabarbraen er i kjømda og at krokusane er i live. Mange løkar av visse slag tok eg opp i fjor, men vinteren kom før eg fekk sett dei i jorda att.Men eg kan no prøve litt seinare om det er liv i dei.


 

tirsdag, mars 26, 2024

Dagbok 2024: 26.mars



Klokka er no 20.02, temperaturen ute er +3 grader C
Det har vore ein nydeleg dag, med sol frå klår himmel og ikkje ein drope vatn frå ev.skyer.Eg hadde tenkt å gå ein tur på Vernet f.m. men slo det frå meg og gjorde litt husarbeid i staden.
I dag skulle vi til Hareid og feire oldemora sin 84 årsdag og oldebarnet sin 4-årsdag. Men ingen av dei to hadde fødselsdagen sin akkurat i dag. Margrete henta meg her og så køyrde ho, med meg og kaker til Solveig. Søsken- borna var også inviterte, men ikkje alle hadde høve til å kome i dag,Einar var på jobb, men dei tre andre søskena var der. Eirik , Amanda og Erlend av Margrete sine var der også.
Ingeborg kom ikkje oppover til påske, men ho var her i vinterferien. Det er kjekt for meg å sjå barnebarna, og kjekt for dei å treffe kvarandre.
Solveig hadde laga nydeleg kjøttsuppe til middag, og serverte karamellpudding og is m.m.til dessert. Barnebarna fekk eige bord i stova, mens vi "vaksne" sat på kjøkkenet med fint dekka bord



Eg fekk mange fine og gode gåver på førehand. Eg fekk t.d. ein rosa genser som eg hadde sett på FB og bedt Solveig om å bestille til meg, no fekk eg den i presang; eg har den på meg no og den eg mjuk og god.

Søskenbarna fann fram diverse spel, og ei stund etter middag vart det kaker og kaffi til alle. Eg hadde med eit par kaker, så Solveig skulle sleppe å bake. Men ho hadde no laga kake m.m. ho også

Det var ein nydeleg biltur heim att, og der ute nær havet var himmelen raud og lufta klar. Nydeleg påskver.

Barnebarna vil kome på besøk til meg på sjølve dagen-og eg ser fram til det.

Takk til Solveig og Øystein som arrangerer slike koselege treff i familien. Og dei har god plass til mange.
 

                   Håkon med son, Audun, Erlend, Amanda, Eirik og Olaug.
                                         Slik har Rasmus og familien hans det i dag   


mandag, mars 25, 2024

Dagbok 2024: 25.mars


 Klokka er no 17.50, temperaturen ute er +3 grader, og enno skin sola, som ho har gjort i heile dag.I dag morgon var det rim på markane, så det var nok kaldt sist natt. Bildet over her tok eg for ei lita stund sidan, då eg tok runden min på Vernet. Dei som er litt kjende her, ser sikkert fjellet Helgehornet.

I dag følte eg på at eg hadde fått påskeferie, for det var ingen ting eg MÅTTE.
Men eg hadde mine planar. Så eg sette i gang med å lage ei kake straks etter at eg var ferdig med frokosten. Etterpå laga eg glasur til to gulrotkaker. I morgon skal vi ha familiesamkome på Hareid og feire oss som har fødselsdag i MARS. Eg skal sitte på med Margrete utover og så får vi sjå kor mange som dukkar opp. Somme er vel på jobb,  men sidan vi er mange lærarar så er det mange som er fri.
Marit kom ned ein tur, ho fekk ikkje starte bilen sin for ho greidde ikkje å ta av handbremsa. Ho lurte på om eg greidde det-men det var håplaust. Men det fins alltid eit råd. Eg heiv meg rundt og så for vi på byen med min bil.
Det var noko Marit skulle ha, og så tenkte vi kanskje på å ta ein tur inn på ALTI, men det slo vi frå oss då vi såg kor mange bilar der var på parkeringa.  
Då køyrde vi heller opp til Kiwi; men på vegen opp fann vi på å sjå bort på gravplassen korleis der såg ut etter vinteren. På grava til Nils var der to lyngplantar som var visne, men julekransen var heilt fin, så den får berre ligge til det blir trygt å ha ut noko anna.
Eg har handla ganske ofte i det siste , og trudde ikkje eg trong så mykje i dag. Men det gjorde eg visst, for eg handla  to store nett fulle. Eg har ikkje laga meg middag i dag, men eg har no ete annen mat. No ser eg fram til å sette meg ned med spøt og TV. Og så gleder eg meg til i morgon.

søndag, mars 24, 2024

Dagbok 2024: 24.mars. Palmesundag

 



                                       Utsikt frå altanen i dag, sundag, kl. 12.15


Klokka er no 15.15, temperaturen ute er + 8 grader. Akkurat no skin sola, for ei lita stund sidan var det noko som likna på nedbør, men det var lite.
Eg var oppe i skikeleg tid i dag, men vart sittande lenge framfor PC-en. Det er så mykje eg må finne ut av der, og så går tida. Dei siste dagane har det vore mykje spanskumndervisning på Reels and short videos -og då må eg vere om meg å følje med.
Sidan det var søndag skulle eg sjå preika på TV-en, og det gjorde eg mens eg strikka på ein lest. Og så kom eg meg endeleg ut på tur. I dag vart det tur på Vernet rangsøles( mot sola) Trefte ingen eg kjende før eg kom ned att i Starevegen. Der vart eg ståande og prate, heilt til det va tid for middagsmat. No har eg ete, vaska opp att og sett meg til PC-en igjen. Her skjer det ogte ting som ikkje eg har bestemt. No er plutseleg opningsbildet blitt dei bilda eg tok i dag. Eg har ikkje bestilt det. IKkje berre eitt av bilda, men fleire -har synt seg på skjermen. No er det strålande sol ute, og det er nesten fristande å gjere hagearbeid, men det får vente. KOmande veke er det verken trening eller spansk, men vi skal ha ein familie -samankomst viss vi får det til.

lørdag, mars 23, 2024

Dagbok 2024: 23.mars

 

Klokka er no 16.13, temperaturen ute er + 10 grader C og det er opplett, men litt "nesten sol". Fint med andre ord. I dag gjekk eg tur på Vernet tidleg på dag, for då er eg lettast på foten. Elles har eg ikkje vore så flink i dag, hadde ikkje planlagt noko, og då blir det deretter. Men eg har bno pynta litt til påske, eg synest at eg nettopp hadde pynta til jul, så eg var ikkje heilt budd på påskepynt. Ikkje har eg så mykje heller men det vart no litt. Eg vaska kopar og messing ioppvaskmaskina i dag også, koparen vart fin, men messingen hadde blitt finare med handpuss.

Så laga eg meg litt middag då det leid på og så tok eg att sudokuen frå Møre-Nytt frå fredag.Dvs. eg tek den ut på maskina torsdag kveld. Eg har jobba med den fleire gonger og hadde så å seie gitt den opp, men så fann eg ein måte så eg GREIDDE den denne gongen også. DEt betyr mykje for meg at eg greier å løyse desse oppgåvene, då er no ikkje  hjernen heilt død. Trur eg.

Eg sit og lurer på om eg skal ta ein tur på butikken i dag også. Eg hadde no som ein slags storhandel i går, men det er alltid eit kvart ein saknar. Men eg trur det held. Det vart så fint ute no at eg lurer på å ta ein tur til i dag, eller eventuelt rydde i hagen. Her er heilt fritt for snø og is no, og dei blå blomstrane er i kjømda, dei kjem fort når dei først er i gang. Eg såg eit bilde på FB av ein bukett med epleblomster, så eg trur eg skal fare ned og klippe litt av epletreet og sette i vatn. Det KAN hende at det blir blomster av det.

I dag fyller Ingeborg 31 år- heilt utruleg at ho er blitt så "gammal". Ho har vore flink og har ei god utdanning no.Ho jobbar som lærar på ein barneskule i Oslo. Ho har vore i byen i mange år og jobba og studert på samme tid.





           Her er eit bilde av alle barnebarna, rett nok er det nokre år sidan.


Ingeborg

fredag, mars 22, 2024

Dagbok 2024: 22.mars


Klokka er no 18.15,temperaturen ute er +4 grader og det har vore kraftige regnbyer innimellom.
Dagen i dag har eg brukt til fredagsvask, tur på butikken, og no til sist PENSJONISTMØTE
Det var eit kjekt møte, og Marit og eg fann oss eit bord med  andre vi kjende. Rett framfor oss var "STYREBORDET" der eg sat i 11 år. No såg vi rett frampå på dei som er i styret, og det er dei same som eg er i lag med på SPANSKEN. Berre kjekke folk altså.
Kanskje nokon kjenner att namnet Kjetil Tandberg? Eg meiner at eg høyrde om ein synsk mann med det namnet ein gong i tida. I dag var der ein mann som fortalde om den synske bestefaren sin, og dottera hans som også var synsk. Det var interessant.
Men toppen på kransekaka var ein 13 år gammal ELVIS som kom og song, han var så flink. Og som Eli sa, det VI som er "Elvisgenerasjonen",det var vi som var unge då Elvis var det. Guten heiter Fredrik Skaar Vinjevoll.
Det vart ein kjekk dag, og så er det fredagskveld, med kjekke program på TV, trur eg. Ønsker alle ei god helg og så ser vi fram til ei fin påskeveke etter helga-
God ferie til dei som har det!







 

torsdag, mars 21, 2024

Dagbok 2024: 21.mars

Klokka er no 17.30 og eg kom nettopp att frå ein liten luftetur, temperaturen ute er no + 6 grader C, men det er iskald vind. Vind er sjeldan vi har her,og i grunnen likar eg vind når den ikkje er altfor kald.
I dag var vi på trening, men vi køyrde rett heim att i dag, utan å handle. Då eg kom heim att var det diverse eg kunne ha tenkt meg å kjøpe, men eg utsette det til i morgon. Varmepumpa står på heile døgnet, men i dag var det litt huskaldt, så eg gjekk ned i tilbygget og saga meg opp litt ved -og kveikte i omnen. Eg laga pølse og potetstappe til middag i dag. Eg har tenkt ut mange rettar som er snart å lage. Grønsaker har eg kvar dag, eg kjøper frosne blandingar-og då går i alle fall ingen ting til spille.
Etter at eg hadde ete  sat eg  stolen og slappa av. Eg vart så trøtt, og det er ikkje rart at er ER trøtt for eg søv lite og nokså uroleg til tross for sovetablettar som eg har brukt i mange år. Eg sat og lurte på kva meir eg skulle gjere i dag. I går fekk vi sommarferie frå spansken, og i dag vart det påskeferie frå treniga, så eg var eigentleg i feriemodus. Eg drakk kaffi og surra rundt, heilt til eg tok meg sjølv i nakken og sa:NO SKAL DU GÅ UT! Og så gjorde eg det, det var friskt og godt på Vernet i dag og turen gjorde godt.



Som de ser på bilda er det heit bert her i dag, den siste snø/is flekken forsvann i går. Krokusane blomstrar nedanfor huset , rabarbraen er i fin vekst og eg synest graset er litt grønt. Men for all del -det kan komme meir snø enno. I fjor snødde det både i april og mai.
Som sagt har eg ferie no, men i morgon skal eg på møte i pensjonistlaget. Der har eg ikkje ansvar for nokon ting, slik som eg hadde dei 11 åra eg var i styret. Så no kan eg berre slappe av og kose meg.
Så kjem vel barnebarna heim til helga og så blir det ein samankomst ein eller annan dag. Kjekt å sjå ungdommane av og til, så eg ser fram til det.

 

onsdag, mars 20, 2024

Dagbok 2024: 20.mars

 

Klokka er no 16.57, temperaturen ute er + 6 grader, det er skya og det har regna, akkurat no er det opplett.
Etter ei litt uroleg natt stod eg opp i 7-tida i dag og hadde  god tid til eg skulle vere på spansk-kurset klokka 11. Eg nytta tida til hårvask etc. og så var eg på FB og studerte litt spansk der også. Det var kjekt på spansken i dag, siste dagen før sommaren. Så vi har lang sommarferie. 
Då eg kom heim tok eg ein tur på Vernet og då eg kom heim laga eg meg ein solid middag, så eg vart kanskje litt for mett. Når ein er mett og i tillegg trøtt, så er det berre ein ting å gjere; slappe av. Eg sette på TV-en og halvsov ei stund. Eg hadde i grunnen tenkt å lage ei gulrotkake til i dag, for det blir mange munnar å mette i påska, trur eg. Og gulrotkake kan ein lage lang tid på førehand -om ein vil. Eg får sjå om eg kviknar til igjen etter kvart,
Eg tenkte at eg skulle få gjort litt hagearbeid, for i dag var endeleg siste resten av is på plenen smelta. Naboane på begge sider er godt i gang med "våronna" .Eg er spent på om dette er VÅREN eller om det kjem ein vinter i april slik som i fjor. I morgon er det siste treninga før påske og så skal det vere pensjonistmøte på fredag. Eg synest at det er kjekt å vere med både her og der, for så treffer eg folk eg kjenner. Eg kan ikkje berre gå her heime og subbe åleine-
Viss eg finn ei høveleg form, skal eg sette  gang å bake.


tirsdag, mars 19, 2024

Dagbok 2024: 19.mars

Klokka er no16.28, temperaturen ute er+10 grader. På Pc-en står det "Regn i kveld"
I dag var det trening igjen og eg køyrde som vanleg på tysdag. Etter trening var vi nedom ALTI, men matvarer etc. kjøpte vi på KIWI på heimvegen. Eg forstår ikkje kvar det vert av all maten som eg dreg med meg heim, men borte blir den. Mens eg enno var godt påkledd tok eg ein runde på Vernet. Då eg var oppe såg eg at der var ein traktor og der driv dei og tek ned skog. Det er mykje ore-skog rndt omkring som like gjerne kunne vore vekke. Fonnvernet er blitt ein stad der ein treffer folk og pratar, så det kan vere fint at dei ryddar opp langs vegen.
Då eg kom heim att åt eg middagsrestar frå to dagar; risgraut og fiskesuppe gjekk ned på høgkant, det var lenge sidan frokost. men det var eigentleg for mykje, kjenner eg no etterpå,- men det  går seg vel til.
No har eg fyrt litt i omnen og så blir det å jobbe med fransken til i morgon, då får vi vel påskeferie.
Eg er ofte innom" Reels and short videos" på facebook, og no har dei starta opp med spanskopplæring der også. Det kan vere litt kjekt å prøve seg på-
EG var ned tilbygget i dag også og laga meg litt ved. Eg ser at graset er blitt litt grønare, krokusen spirer men blomstrar ikkje enno. Rabarbraen er begynt å røre litt på seg. Men så kan det plutseleg bli "vinter" igjen.



Denne trappa har 43 steintrinn, der er tildels høge trinn. Eg prøver å gå litt fort oppover-det skal vere bra for blodtrykket.
No må eg ta meg saman å få gjort leksa, før det blir TV og strikketøy.

19. mars var fødselsdagen til bestemor Hilda Marie, derfor tenkjer eg på henne i dag.Ho var født i 1878 og døde i1969.


 

mandag, mars 18, 2024

Dagbok 2024: 18.mars

 





Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men det får stå si prøve. Eg stod opp klokka 7 og hadde 2 timar på meg til å sette huset og meg sjølv i stand til å møte "kontrollen".Som forventa var alt i orden med det elektriske; det skulle berre mangle -eg har no elektrikar på besøk både titt og ofte og det sa eg til han. Han ville nok gjerne ha vore inn i kjellarleilegheita, men eg sa at han som budde der var på jobb til ulike tider, så eg visste ikkje om han var der. Men eg kunne no ha sagt at alt der i leilegheita vart sjekka før han flytta inn.For det vart det.
Men eg fekk melding på kontrolløren på telefonen og der stod det alt i orden.

Eg merka i går at eg var mykje betre i føtene tidleg på dag, så eg tok runden på Vernet like godt med det samme. Eg jobba litt med spansken både før og etterpå.
Til middag i dag laga eg fiskesuppe, og det blir sagt at det er sovemedisin. Ikkje veit eg men eg var etter kvart så trøtt at eg ville sove. Men då måtte eg ha det varmt og godt så eg gjekk ned i tilbygget og saga litt "ved" for hand-akkurat så mykje som skulle til for å få sovetemperatur. Eg sette på TV og skulle strikke, men det vart ikkje mange maskene. Om eg sov eller ikkje kan eg ikkje svare på-
Eg hadde halvegs tenkt å bake og skreiv opp ei liste av varer eg måtte ha på butikken.- Eg trur eg ventar til i morgon. Då skal vi på trening igjen, og kan handle i samme slengen. Eg håper vi blir fri heile neste veke. Eg får til å legge ut bilde no når Solveig har fiksa litt på Pc-en, men eg trur eg må slette alle bilde og starte på nytt. Desse bilda eg legg ut i dag er tatt i dag.




søndag, mars 17, 2024

Dagbok 2024: 17.mars.

Dette er den eine at to tulipanbukettar eg fekk av Einar i høve fødselsdagen min seinare i månaden.

Klokka er no 16.42, temperaturen ute er+6 grader C, det er overskya , men opplett.

I dag var eg oppe i skikkeleg tid, og gjekk tur på Vernet og kom heim att før klokka var 11. Eg laga tidleg middag, strikka litt, såg TV etc. 
Solveig kom hit etter at ho var ferdig på årsmøtet i Møre og Romsdal husflidslag som har vore her i Ørsta på hotellet i går og i dag. 
Solveig fekk til å legge inn bilde på bloggen min, men det spørs om eg får det til når eg skal gjere det åleine. Bildet under her tok eg frå Vernet men det kan ikkje vere i dag, det ser eg på plasseringa av sola.Men veret var like fint i dag.


Solveig ville ikkje ha noko å ete  så det vart berre at vi prata. Men eg kan no tenkje meg ein kaffikopp no for eg har ikkje vore på hotell.
Komande veke har eg mykje på programmet. I morgon kjen kontrollørane frå brannvesenet eller kva det heiter, tysdag er det trening, onsdag spansk, torsdag trening og fredag pensjonistmøte. Eg må kanskje prøve på å få klipt meg innimellom, det er no ingen ting som varer heile dagen. Veka deretter blir det påske.



 


lørdag, mars 16, 2024

Dagbok 2024: 16.mars

 Klokka er no 17.50; temperaturen ute er +4 grader C, men det har vore ein nydeleg dag med sol heile tida På føremiddagen var det litt kald vind men den gav seg. Elles har dagen gått litt for fort -eg har ikkje utretta så mykje. Det kjem av at det har vore sundag oppe i hovudet mitt heile dagen.

Eg hadde tenkt meg ein tur til Vik og kanskje gå på butikker og kafé, men så hadde ikkje Marit så lyst, og så hadde ikkje eg lyst heller. Eg tok heller å laga ei gulrotkake, og hadde den i frysaren, så står det berre att å få på glasuren. Eg reknar med at eg kan få besøk i påskeferien, så eg må ha litt å by eventuelle gjestar. Eg må nok lage litt meir etter kvar. Eg sette på ei panne med risgraut også, eg må bruke melka eg kjøper-og då blir det ofte til at eg kokar graut.

Så gjekk eg ein tur på Vernet i det fine veret, men eg trefte ikkje kjentfolk i dag. sikkert fordi det var laurdag og ikkje søndag som eg trur heile tida- Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i godstolen og skulle sjå TV, men der var ikkje så mykje som eg var interessert i så eg måtte leite opp noko. Eg veit ikkje om eg sovna, men det er ikkje umuleg at eg var vekke ei stund.

Solveig har vore på hotellet her i dag. Det var årsmøte i Møre og Romsdal husflidslag

Ho skal vere her i morgon også, og då ville ho komme opp hit ein tur. Eg har så mykje fine blomster at det er for gale at eg går her mest åleine og ser på dei. Eg får framleis ikkje til å få bilde over på bloggen, men eg håper ein kvan kan finne ut av dette systemet mitt. Bilda ligg på maskina-eg får dei berre ikkje ut.

fredag, mars 15, 2024

Dagbok 2024: 15.mars.

 


No er klokka 18.45, ute regnar det litt og temperaturen er berre +2 grader, men så lenge det ikkje kjem meir snø, så er det ikkje så gale. Her låg ein gammal snøflekk  på plenen ved poststativet, den gjekk eg laus på i dag spadde litt i den, tømte varmt vatn på isen og salta litt til slutt. Isen var så hard at eg fekk den ikkje sund med spaden. Elles driv eg litt på med å plukke singel frå plenane. Eg vil gjerne ha vår-men vi får vel vente litt til. Eg synest no eigentleg at tida går så altfor fort.

Fredag er vaskedag for meg. Eg vaskar ikkje så mykje kvar veke, det er mest bad og kjøkken. I dag var eg så tidleg oppe og i arbeid at eg var ferdig klokka 11. Eg skulle eigentleg ha vore i gravferda til Aasmund, men Marit fekk fare åleine. Sist eg var i gravferd fekk eg så voldsom tinnitus at eg heldt på å bli sprø, tinnitusen er ikkje heilt vekke no heller , men den er no til å leve med-så vidt.Eg har hatt lyden i øyret i over 20 år, ,men lenge var det bra, før den tok seg opp att.

Eg tok ein liten runde på Vernet etter at eg hadde ete litt -der var ikkje så mykje folk då, men eg trefte sjølvsagt ei dame med hud, og hundeeigarar vil alltid snakke om hunden sin. Berre koseleg det

Elles ser eg litt TV og strikkar, les avisa, begynner på spanskleksa m.m. No er det tid for nyheiter så eg får komme meg på plass. Eg går her blant nydelige tulipanatr og andre blomster. Eg tek bilde, men får ikkje til å legge dei inn -ikkje etter at Einar lærte meg ein lur måte i går heller.

Men eg har no bilda på telefonen 

Så vil eg ønske alle ei god helg, eg synest helgane kjem oftare no enn den tida eg var i arbeid.

torsdag, mars 14, 2024

Dagbok 2024: 14.mars






Klokka er no 16.42, temperaturen ute er +6 grader og det regnar litt, det har regna meir før i dag. Ja, alt er no betre enn snø på denne årstida. I dag var vi på trening Marit og eg, og så var vi på KIWI og handla etterpå.Det var tredobbel trumf i dag, så vi måtte vere om oss. 

Eg venta Einar på besøk i 14-tida, så eg laga til litt mat etc. til han skulle komme.

Det skulle ikkje vere middag, men det vart nesten det, når eg steikte(ferdigkjøpte ) karbonadar,og løk og hadde brød til. Einar kom som avtalt, og med potteplante i gult og to store bukettar med gule tulipanar. Det var bursdagsgåve på førehand.

Vi åt godt, og så vart det resten av gulrotkaka til kaffien. Einar skulle lære meg ein måte å ta bilde på og få dei ut. No har eg prøvd teknikken utan å få det til,så eg sette inn eit av prøvebilda til Einar. Derfor står alt rotet på bordet-så slik vart det.

Etter at Einar hadde fare, rydda eg og vaska opp litt, så no har eg gjort nytte for meg i dag også. I morgon blir det heimedag og fredagsvask.

onsdag, mars 13, 2024


Desse fine primulaene kjøpte eg for ei tid sidan, dessverre er alle visbna og døde, men det er no litt trøst i bildet.( men eg får ikkje klipt bort fføtene mine nedst i kanten,


 Klokka er no 18, temperaturen ute er + 9 graderC og det regnar. Eg saknar sol og fint ver, men det kunne ha vore verre, vi kunne ha fått snø. Eg kjenner at det er huskaldt til tross for varmepumpe, så eg har vore ut og henta litt ved i garasjen. Det var siste resten av "kjøpeved", så eg får vel kjøpe litt meir. Eg nektar å sitte og fryse.

I dag hadde eg tenkt å stå opp litt tidleg og sjå  meir på  spanskleksa før eg skulle på kurs. Eg hadde sett vekkarklokka på halv 8, men vakna mykje før og stod opp, så eg fekk god tid. Eg veit ikkje kor mykje lærdom eg greier å få i meg på kurs, men eg synest det er kjekt å komme i lag med gjengen , og litt lærer eg vel.

Eg for beint heim att etterpå og hadde tenkt å gå tur-men ikkje i dette veret, nei. Det vart til at eg sette meg til med spansken her heime og jobba litt med den mens stoffet var ferskt. Middag hadde eg att frå i går; når eg først lagar middag så held det som regel i minst to dagar. Eg har god appetitt og er ikkje kresen, så eg treng ikkje å lage så fin mat.

Eg sat og såg nyheiter og strikka, som vanleg, og sovna. Og vakna med ein voldsom tinnitus-den har eg enno. Eg har hatt tinnitus i over 20 år., etter kvart vart det stilt i øyret, men no er det på han igjen. Dei første åra eg var plaga var det heilt grusomt og eg prøvde alt for å få det stilt. Så var det bra i mange år, men i det siste dukkar det opp igjen. Ein gong eg var i kyrkja på begravelse, vart det heilt vilt når dei ringde med kyrkjeklokkene. Så eg vegrar meg for å stille opp når eg eigentleg bør.

I morgon skal vi på trening igjen, og etterpå skal vi handle, Marit og eg. Marit passar på-og i morgon er det tredobbel trumf, så eg har fått påminning om at eg må skrive hugseliste.

Det var litt artig på butikken i går. På KIWI og mange andre butikkar er gjær plassert høgt oppe i eit skap med glasdør. Verken Marit eller eg når opp. Eg har spurt om dei ikkje kan plassere gjæren litt lenger ned, men det kan dei ikkje for KIWI har bestemt at det skal vere slik . I går skulle Marit ha gjær og ho spurde ei anna dame(kunde) om ho kunne hjelpe og det gjorde ho. Marit spurde om eg skulle ha, men eg kunne vente til ein annan dag.Vi stod der tre eldre damer med kvar si "vogn", og då den framande gjekk tok ho feil og tok mi, eg for etter og fikk ordna opp. Men då eg kom i kassa fann eg to pakkar gjær i vogna. Eg betalte dei sjølvsagt og tok dei med heim, så no har eg gjær i hus, skal tru om ho andre har det?

tirsdag, mars 12, 2024

Dagbok 2024: 12.mars

 



 Klokka er no 16.16, temperaturen ute er +8 grader. 

Vi har ikkje hatt sol i dag, men det er opplett og fint likevel. Eg les i dagboka frå 12. mars i fjor. Då var Margrete og eg til Haddal på konsert, og Helge Lid hadde fresa tunet mitt.Då var det vinter.

I dag var det trening igjen, og etterpå handla Marit og eg på KIWI. Så var det pratestund i bilen før vi gjekk kvar til vårt. Eg laga meg skikkelig middag i dag, med potetstappe og pølser. Eg hadde tenkt å gå tur når arbeidsdagen var slutt, men så fekk eg melding frå Brannvesenet om at dei ville komme den18.mars viss det passa og det gjorde det. Så kunne eg gå tur først best. Eg var så vidt komen opp på Vernet, då trefte eg to "venninner" og vi  vart ståande og prate lenge-. Det blir ikkje utearbeid på meg i dag heller men det lid så langt på dag at eg kan ta fram "spøtet"- og så må eg øve på spansken. Eg skulle ønske vi fekk "skuleferie" no, for eg han ymse som skulle vore gjort før påske.

Bildet i dag er frå ONA FYR,; Nils og eg reiste ut dit med bil og ferjer, vi overnatta i ei fin leilegheit i eit høgt hus på kaia. Det var nydeleg ver, men dagen etter då vi skulle heim regna det litt. Då tok vi ferje litt lenger nordover og vi for forbi øya Orten. Vi hamna i Molde til slutt. Eg likar godt å reise ut mot havet. For nokre år sidan, meir enn 10, hadde vi pensjonist.-tur til Smøla. Det var veldig kjekt. Margrete og eg har det til felles at vi likar å komme ut til havet.

mandag, mars 11, 2024

Dagbok 2024: 11.mars

 


                     Dette bildet av rosene mine i fjor, fann eg på "Foto"

Klokka er no 17.54, temperaturen ute er +5 grader, det har ikkje vore heilt klart i dag, så er trur ikkje vi får så fint ver som det har vore til denne tid i mars. Vi kan no få både snø og kulde enno. Men det var no godt å få smake litt på våren. Eg har nettopp vore ute og gått tur på Vernet og litt andre vegar i tillegg. Det er godt å komme ut og røre litt på seg. Forresten så rører eg no litt på meg her heime også. I dag trudde eg at mennene frå Brannvesenet hadde kome, men det gjorde dei ikkje. Eg hadde sendt melding om at det passa i dag, men så høyrde eg ikkje frå dei, viss det ikkje var dei som ringde tidleg i dag-men då gjekk telefonen bananas, noko som enda opp med at Margrete fekk telefon frå meg.

Eg bestemte meg for å gjere det beste ut av dagen og halde meg heime. Eg tok fram store-støvsugaren og støvsuga teppet i stova, Det er slikt arbeid som røyner på ryggen min. Etter å ha rydda her og der, sette eg meg til med spanskleksa, og du store all verda kor treigt det går å lære noko nytt no. Ein skulle ha lært meir når ein var yngre.

Men så fekk eg ein lys idé ! Eg kunne pusse vindua på stova utvendig for det hadde eg ikkje gjort før i år. Eg plar bruke hageslange nå er pussar vindu og spyler altanen, men eg trur hageslangen enno ligg frosen i dvale. 

Så det vart mopp og Zalo-vatn først, og så hadde eg ei sprutflaske frå Europris som eg spaya på og drog av med nal. Eg trur det blei bra, men eg har no ikkje sett det i solskinn enno.  Eg har i alle fall gjort eit forsøk. Så laga eg middag til meg sjølv og så kom Marit ned og drakk kaffi med meg så vi fekk fortelje kvarandre om opplevelsane våre i helga. Eg får framleis ikkje til å legge ut bilde, men eg få vel snart litt hjelp. Margrete greidde det, men eg veit ikkje akkurat kva ho gjorde.

No er det snart tid for strikketøy og TVog så er denne dagen oppbrukt. I morgon er det trening og no er Marit sin bil på EU-kontroll-men eg har JARISEN-den beste bilen i verda!

søndag, mars 10, 2024

Dagbok 2024: 10.mars

Dennis på Flø.


Klokka er no 16.25, temperaturen ute er +7 graderC, og sola skin-det har ho gjort i heile dag -og ho varmar godet, særleg inne i huset.

På føremiddagen sagt eg ei stund og såg TV, før eg gjekk ein tur på Vernet. Eg tok sjølvsagt blide og sjølvsagt fekk eg ikkje til flytte dei til bloggen. Eg blir aldri klok på denne maskina. Eller rettare sagt Bildebehandlingsprogrammet.

Eg gad ikkje lage middagsmat i dag. eg åt så mykje middag i går at eg er ikkje skikkeleg svolten enno. Så det var bollar og kaffi til lunsj i dag. 

Eg veit ikkje kva tid kontrollørane kjem, men eg har no hatt kontakt, så er reknar med at dei kjem snart.

Marit er på Sæbø i dag og høyrer på Mari Ella og andre i korpset som trenar til 17. mai, blant anna.Eg har prøvd å rydde litt på roserommet i tilfelle kontrollørane skal inn. Rydda litt i matbuda også, så no er dunken halvfull med flasker og sylteglas. Etter kvar får eg vel ny lagringsplass i kjellaren, slik at eg får det ryddigare oppe. Når ein har budd over 50 år i samme hus, hopar deg seg opp- Og det er ikkje lett å bli kvitt noko, for alle har visst det dei treng.

Sola skin for fullt ute enno, og snøklokkene blomstrar, krokusane spirer etc. Eg har mykje godt arbeod som ventar på meg i hagen. Eg gjorde mykje i fjor, som ikkje syner så mykje att no. Eg har også tatt opp løkar som eg ikkje har sett mned att. men eg kan no prøve når det blir litt mildare, det er kuldegrader om natta.

Litt seinare:

No har eg sett litt på spansk-leksa som vi har til onsdag. Det er utruleg kor seint det går å lære no, mot kva det var for t.d.40 år sidan- då eg begynte på DH i Volda. Eg kan i grunnen ikkje forstå at det er SÅ lenge sidan. No er Marit komen heim att, men det er ikkje sikkert eg ser henne før i morgon. No blir det å ta fram strikketøyet og sette på TV. Forresten-eg har nokre klede som skal strykast.(Eg likar best å ha noko å styre med)

lørdag, mars 09, 2024

Dagbok 2024: 9.mars


 Klokka er no 19.20, temperaturen er så vidt under 0. Det har vore ein strålande dag med sol frå morgon til kveld, Eg hadde ingen planar for dagen, men starta med ein runde på Vernet.

Så fekk eg melding frå Margrete om at ho skulle til Ørsta på kunstutstilling. Kunsten var det elevane i klassa hennar som hadde skapt. Og så ville ho ta meg med på tur etterpå. Det var ikkje NEI i min munn.Vi tok oss ein kaffikopp her først-og så var det på Kunsthuset. Det var heilt utruleg kor mykje fin "kunst" elevane hadde fått til.

Eg har sett kunst av andre "kunstnerar" som har vore mindre bra. Vi snakka no med elevane også og gav dei gode tilbakemeldingar.

Så skulle vi på tur, og sidan vi begge er glade i havet, vart det ein tur til Flø, der vi køyrde så langt vegen gjekk, og gjekk tur på stien vidare, Dennis var så stille og roleg, og gjekk så fint i band, Margrete tok bilde, men så hadde ho ikkje meir straum på telefonen sin, så ho tok bilde med min. No har ho lagt bilda inn på PC-en min, så eg håper eg finn att nokre av dei i alle fall.

Vi avslutta programmet med kvar sin store middagsporsjon på Kina-restauranten i Volda. Det er første gong eg har sett att mat på tallekenen, men i dag vart der ein klatt med ris, som eg ikkje greidde. Som dokke forstår, har eg hatt ein veldig kjekk dag. Og så var det så fint å sjå bort på dei snødekte fjella i Ørsta frå hi sida av bygda.



fredag, mars 08, 2024

Dagbok 2024: 8.mars_Den internasjonale kvinnedagen

 

Dette bildet er frå Straumshamn, der Margrete bur. Dei to båtane Ask og Birk skal fraktast til Eid.


Klokka er no16.30 , temperaturen ute er +7 grader og det er sol. Det er så utruleg fint ute no, men det er enno litt kaldt. Då eg stod opp i dag morgon var det rim på alle markane, men så kom sola.

Eg har ikkje jobba ute i dag, men eg har styrt på inne; vaska, støvsuga, rydda osb. Fekk ha ut teppet på datarommet også i dag. Eg likar godt den nye støvsugaren, for den er lett-og så kan eg gå oppreist. Eg har gjort ein del husarbeid i det siste, for når våren kjem for alvor, vil eg helst jobbe ute. Eg har ikkje laga middag enno i dag, men eg lagar kanskje litt til kvelds.

Etter at eg hadde ete litt, tok eg ein tur på Vernet. Det er litt irriterande å ikkje få ta bilde, men i dag hadde eg ikkje straum på telefonen ein gong. Eg sat ei stund på kvar benk der oppe  i dag, ikkje fordi eg trong kvile, men eg ville vere ute i sola så lenge som muleg. Eg synest ikkje det er varmt nok å sitte på altanen enno. 

Det er vel for tidleg til mykje av hagearbeidet også, det er mykje å ta att- for hausten kom så brått i fjor at mykje vart halvgjort. Til døms har eine riva lege under epletreet heile vinteren. Og den fine raude greipa mi har stått nede i komposten-sidan eg heldt på å flytte kompostjord dit bort som vi tok vekk "thuja-hekken". Eg veit ikkje kor godt eg greier å spade i år, når eg ikkje har 2 friske hender. Men her er no ryddigare på tomta i år enn i fjor, sjølv om eg har ein haug med greiner og kvistar som har lege under altanen sidan i fjor sommar. Eg får vel ta fram motorsaga- eller kanskje ikkje.


torsdag, mars 07, 2024

Dagbok 2024: 7. mars

 

Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 6 grader og det er overskya. Det har ikkje vore sol i dag, ikkje som eg har sett i alle fall. Marit køyrde til treninga i dag, og vi handla ikkje noko så vi var tidleg heime. Eg hadde ikkje program for dagen, så eg fann ut at eg kunne lage meg litt god middag, det gjer eg ikkje kvar dag. Men i dag var det duka for yndlingsretten min, spekesild! Dvs.Kryddersild i pakke. Passeleg salt, så ein slepp å vatne ut. Denne silda sel dei både på Spar og på COOP med litt variasjon av namnet. Eg kokte rikeleg med poteter, det er ikkje ofte eg gjer det, men så kan eg kanskje steike poteter i morgon viss eg finn noko å ha attåt og det gjer eg sikkert.

Dette blei nesten som ein fridag for meg, for veka til denne tid har vore"travel"-med det meiner eg at eg har hatt noko å styre med. I dag skulle dei eigentleg vore her og sjekka diverse elektriske ting og anna, men telefonen min streika så eg fekk ikkje gitt tilbakemelding. Men i dag var telefonen i orden og eg sende melding , så no får eg vel ny tid.

Med det samme eg kom heim i dag sette eg meg til å reparere e-posten på maskina, for den hadde tatt pause. Etter mykje strev og innloggingar og alt mulig, fekk eg melding om at det ikkje var i orden. Men posten kom i alle fall inn.

Etter at eg hadde ete yndlingsretten min til middag vaska eg opp alt for hand. Eg hadde nettopp tømt oppvaskmaskina og syntest det var greit å ikkje fylle inn att med det samme. 

Eg sette på TV for å høyre nyheiter mens eg strikka, det var greitt, men så ville eg ha kaffi, og då gjekk det som så mange gonger før, eg var i ferd med å sovne, og så tømde eg kaffien ned på meg sjølv og på stolen og golvteppet. Genseren som eg hadde på meg er no i vaskemaskina, og buksa heng til tørk. Eg har gått og tenkt på at eg skulle ha gått ein tur, men no er det snart for seint, så eg skal kanskje ta det litt med ro, eg kan no gå ut og rake singelen frå plenen til tunet. Eg gjorde det i går, men eg såg at eg ikkje hadde fått med alt. Og så kan eg no begynne på spanskleksa til komande onsdag...............

Eg lyt eg finne einkvan som kan legge inn eit bildeprogram på PC-en min.Det er litt irriterande at eg kan så lite med datamaskina.Eg vil helst klare meg sjølv.

I morgon er det fredag IGJEN og så er denne veka omme. Dei unge vil kanskje ikkje tru det, men når ein blir gammal går tida mykje fortare enn før-og det likar vi ikkje.

onsdag, mars 06, 2024

Dagbok 2024: 6.mars

            Denne fine buketten fekk eg av Einar til bursdagen min-var det i fjor eller året før ?No får eg  glede meg over bildet, Eg har framleis ikkje fått orden på bildebehandlinga mi.

No er klokka 18.26, det er delvis skya og +4 grader. Eg skulle ønske at vi fekk sommartida i begynnelsen av mars i staden for i slutten, for no  er det alt begynt å skymest ute, og sola kjem tidleg om morgonen.

I dag hadde eg ikkje bil, så eg gjekk ned til Bakk-Ola til klokka 11, det er då spansken begynner. Det var fint å gå, men avstandane er så mykje lenger enn når ein brukar bil. Eg kunne ha henta bilen min i går, men det vart slik tull med telefonane at eg venta. Etter spansken i dag gjekk eg ned på verkstaden og henta bilen, så no er den både blitt reparert og godkjent. Det var godt å sleppe alle bakkane hit opp. Eg er så vand til å bile at  ein ikkje merkar avstandane før ein går. Forresten så har eg no gått ein god del i det siste både her og i Volda. I min ungdom gjekk vi alltid, ikkje så mange som hadde bil då.

Eg hadde ikkje tenkt ut noko til middag så eg tok berre ei brødskive. Sidan eg gjekk litt tidleg frå spansken jobba eg med oppgåver heime, eg likar å bruke Google translate, for då veit eg at det blir rett.

Eg har mykje som skal gjerast ute, i dag raka eg singelen frå plen til tun. På eine sida, der den største snødungen er-er der enno mykje att. Og så tenkjer eg på "Vesle lerka" som trur på vår med ein einaste gong. Vi må no kanskje rekne med at vi får meir snø og kulde før våren kjem for alvor. 

No har eg laga meg ny kaffi som eg skal kose meg med mens eg strikkar og ser TV. Det går fint å strikke med den brotne handa berre eg ikkje held på for lenge. I morgon er det trening igjen frå 10-11.


 

tirsdag, mars 05, 2024

Dagbok 2024: 5.mars

 Klokka er no 19.00, Temperaturen ute er + 5 grader og det er skya. Elles har det vore ein fin dag med mykje sol, men dessverre har eg hatt nokre problem innimellom. Marit og eg var på trening 10-11, og eg kjørte. Eg var innom bilverkstaden og tinga plass til bilen min, før vi køyrde heim. Så skifta vi og Marit køyrde sin bil og eg min, ned til verkstaden, der eg sette att bilen min og så køyrde Marit heimover og vi handla på KIWI. 

Dei ringde frå verkstaden og sa at dei var ferdige med bilen min, då var klokka ca 14- Dei nemnde også dei to små feila dei hadde funne, det mangla ei pumpe til vidusspylervæska.( Den som vi prøvde å få på plass sist søndag,) og så var det litt skade på ein felg. SÅ Marit køyrde meg ned, og eg tenkte å ta bilen min heim. Men så tilbaud dei seg å gjere ferdig bilen i dag. Dei baud til at dei kunne køyre meg heim, men eg ville heller gå i fineveret.

Då eg var komen opp  Haugegjerdet ringde dei frå verkstaden og etterlyste nøkkelen, om eg hadde tatt den i veska mi, men nei der var den ikkje. I lomma då, sa guten, og der var den. Vi avtalte at han skulle kome opp til KIWI og hente nøkkelen, og det gjekk bra, og så køyrde han meg opp att. Han trudde bilen skulle vere ferdig til kl.16.

Eg åt etc då eg kom heim , mens eg venta på telefon. Eg syntest fleire gongar at der var noko som ringde, men det vart ikkje noko av det og tida gjekk, og klokka vart over 16. Eg hadde rigga meg til med spanskbker og Google Translate. Då ringde Marit på telefonen sin. Det viste seg at det hadde vore noko trøbbel med telefonane i dag, men no var telefonen min i orden igjen, den også.

Så skulle eg inn på FB- men NEI det skulle eg visst ikkje. Det vart eit heilt styr med ny pålogging etc. og nye passord både her og der-og eg som hadde nok med spanskleksa fekk enda eit problem. Eg kava ei god stund før eg sende melding til Helge. Eg såg ikkje annan utveg, og han kom. Han hadde problem med å få det til , han også, og så fekk han ut ein heilt ny svensk person-det skulle liksom vere eg. Men under over alle under, til slutt fann han fram til den rette -nemleg meg. No har eg samme namn og passord som før.

Som de forstår har eg hatt det litt stressande i dag, og i morgon må eg GÅ ned til Spansken- men så håper eg at bilen står der fin og reparert og ventar på meg. Verkstaden ligg nær ALTI, så det kan hende eg går inn og kjøper meg noko godt viss alt er i orden.

Gudmund skulle køyre vekk greinene sine i dag, og han tok dei som eg ikkje hadde tatt i gå, så no slapp eg lett unna. Eg har mange gode helparar, det hadde vore litt vanskeleg utan.

mandag, mars 04, 2024

Dagbok 2024:4.mars


                                                  GRATULERER MED DAGEN INGAR 14.år

Endeleg fekk eg til å legge inn eit bilde, det er ikkje heilt nytt, men det er i alle fall rett person,- Ingar som fyller år i dag.Her sit han på rommet sitt heime i Kongsberg. I år 2024, fyller Amanda 24 år, Audun 34, Ingar 14 år, og eg 84 år. Slik følgjer vi siste sifferet i årstalet.

I dag er det vårstemning i Starevegen, eg kom nettopp inn etter å ha gjort litt hagearbeid, men eg synest hagen blir større og større til eldre eg blir. Eg har både tid og krefter til å jobbe i hagen, problemet er at ryggen ikkje likar at eg bøyer meg. Men noko må det vere når ein er så gammal.

I dag hadde eg planen klar, eg skulle vaske "ned" soverommet mitt, og det vart gjort på den måten eg kunne greie det, og så bytta eg på senga, vaska gardinene og fekk dei opp att etc etc. Det var kjekt å få det gjort om det ikkje blir heilt perfekt. Eg gav meg god tid, stressa ikkje og datt ikkje ned frå "trappa" mi, så alt gjekk bra. 

Naboen heldt på å klippe trea i hagen sin, og så tilbaud han seg til å klippe mine tre også. Han har ei saks på eit langt skaft, så han slepp å klare opp i trea. Eg har veldig hjelpsomme naboar.

No på ettermiddagen har eg vore ut og rydda litt, klipt greinene opp smått, så kan eg brenne dei i omnen når dei er tørre. Så slepp eg å køyre på VØR, men det tek si tid, og eg vart ikkje ferdig i dag.

I dag har eg ikkje hatt på TV-en, så no må eg snart sette på og høyre korleis det står til med kongen. Eg sa det då dronning Margrete abdiserte og det kunne kongen også ha gjort, då kunne han slappa av og hatt gode dagar. 

I morgon er det trening, onsdag spansk og torsdag trening igjen. Det er rart med det, om ikkje det tek så mykje tid, direkte, så går mykje av dagen med. I morgon må eg hugse å bestille EU kontroll på bilen.

          Her er Rasmus-familien i Trovågen , juni 2021, Ingar lengst til høgre.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...