onsdag, mars 27, 2024

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går.
Eg sov godt sist natt, og eg var veldig aktiv på første delen av dagen, no har eg slappa av litt og sett litt nyhende på TV.
Det første eg gjorde i dag etter at eg hadde vore innom FB, var at eg laga ei kake.Det gjekk nokonlunde bra. Etter at kaka var steikt tok eg ein tur på butikken,det er stadig noko som manglar, men no får det stå si prøve om eg saknar noko.
Det vart ein tur på Vernet før eg gjorde noko meir, der trefte eg ein som eg går tur i lag med av og til, ein som likar å prate. Han skulle gå to runder men eg hadde nok med ei.
På turen fann eg ut kva eg ville ha til middag i dag, så det var berre å hive på poteter så var det meste gjort. Mens potetene kokte laga eg krem til kaka mi og vaska opp ein stor oppvask for hand- Eg hadde også sett på vaskemaskin + trommel- med gammalt og nytt sengetøy.
Middagen min i dag var yndlingsretten min, spekesild, og den gjekk fort ned. Og det var nydeleg som vanleg.
Eg vart veldig trøtt etter måltidet så eg trur eg sovna litt i stolen etterpå -før det vart kaffi og sjokolade. Eg som ikkje har vore så glad i snop har endeleg fått smaken på godteri, og i tida rundt fødselsdagen min unner eg meg litt godt.
Eg vart litt frostig av å sitte i ro, så eg fyrte litt innpå omnen, då greier varmepumpa resten.
No skal eg ta kleda ut av trommelen etc. og etterpå skal eg ta fram strikketøyet.
Lollo, katten til Marit, får mat ute på trappa mi, for ho vil ikkje inn. Marit er på hyttetur. I morgon ventar eg barnebarn og ev. kjærestar på besøk.  Eg tok eit par bilde ute, dei vart ikkje så fine. Med dei viser i alle fall at rabarbraen er i kjømda og at krokusane er i live. Mange løkar av visse slag tok eg opp i fjor, men vinteren kom før eg fekk sett dei i jorda att.Men eg kan no prøve litt seinare om det er liv i dei.


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...