onsdag, november 30, 2011

Vermelding 30.november -2011

Klokka har passert halv to, og akkurat no var det såpass lyst ute at eg fekk ta eit bilde. Det har vore veldig mørkt hittil i dag. Det skodde, litt regn og + 3 grader C. Ikkje særlig trivelig ver, men betre enn sprengkulde, i alle fall inne. 
Nils hadde ei lita opprydding i frysaren "sin" i går, så i dag vart det koking av saft, syltetøy og risengrynsgraut. Alt i små mengder. I tillegg laga eg ei kake -men det står att å ha "fyll" oppå. Mangla smør. Blei ein del rot og oppvask, men så er no dette gjort til jul. Vi tok likegodt og åt middag i same farten, dvs graut og spekemat. Går an å leve litt enkelt innimellom.Det kan hende vi må på jakt etter smør e.m., for på nærbutikken var det tomt. Det gikk for lang tid før eg oppdaga smørproblemet, det er så sjelden vi kjøper slikt.
Nils var på Aasentunet og høyrde på Bård Vegar Solhjell i går kveld, og kjøpte boka hans. Han skulle lese i den no, men eg trur han somna.
Eg held på med ei lang bok om Palme-mordet. "Faller fritt som i en drøm" heiter den. God bok, men den krev konsentrasjon, og det er ikkje alltid min er like god. Ingen page-turner, for å seie det slik. Er komen til CD 8 av 15. Men eg skal lese den ferdig. Har lagt den inn på datamaskina og sit framfor den og høyrer mens eg strikkar på dei evinnelige lestane. Har helde på så lenge med det prosjektet at eg greier knapt å slutte.
Elles skal eg ikkje gjere så mykje før jul. Skal kjøpe nokre gåver, men det irriterer meg litt at mykje av det ein kjøper no, kjem på sal rett FØR jul.
Den 30.nov. i fjor var det minus 12-14 grader C og snø. Eg berre nemner det.

tirsdag, november 29, 2011

Vermelding 29.november - 2011

Klokka er snart 13.00. Ute er det + 8 grader C, stilt og litt regn.Snøen som låg heilt ned på marka sist sundag er vekke for lengst, og det er mildt og deilig.
I dag fekk eg det for meg at eg måtte gjere noko "til jul"- men kva? Det var så mykje å velje i at eg kunne ikkje bestemme meg. Ein ting var eg sikker på: Ingen småkaker. Dei eg laga i fjor vart ikkje etne, ikkje dei åra før heller. Formkaker har eg i frysaren frå fjor osv. Det vart til at eg rydda ei "roteskuffe"-det er kjekt, for så finn ein att ting som ein trudde var tapt for alltid.
Blomstrane fekk seg og litt ekstra stell, og avisa skulle lesast. Og så gjekk denne føremiddagen.
No skal vi ha tidlig middag, og kanskje vere litt aktive seinare på dag. Nils var forresten ute og trimma etter frokost.
Til middag i dag skal vi ha resten av sildekakene, dei som vi fraus. Nils skulle ta opp fiskekaker, men tok feil. Ja,ja, like greitt å bli ferdig med dei.
På bildet ser de den grøne boksen som "Tussa fiber" sette opp. Eg synest den stod fint til postboksane. Det er stillstand i fiber-arbeidet her no, men dei held kanskje på ein annan stad. Vi veit ingen ting om kva tid vi får ta fiberkabelen i bruk.

mandag, november 28, 2011

Vermelding 28.november - 2011


Klokka er ca 16.30, og det er for seint å ta bilde ute. Det er overskya, regn og grått, og utetemperaturen er + 5 grader C. Det er vel eigentlig nokså typisk novemberver.
I dag føremiddag var det styremøte i pensjonistlaget, den den nye leiaren, Eli Kjøde, også møtte fram. No håper eg at ho kan bli eit trekkplaster som får yngre pensjonistar til å begynne i laget.
Då vi kom heim att laga eg fiskesuppe til middag, så no har vi ete oss overmette, som vanlig. Nils meiner at vi skulle hatt slik suppe kvar veke.
Slike dagar med møte midt på dagen, blir det liksom ingenting om, så dette vart enda ein lapredag der ingen ting har blitt gjort heime. I løpet av kvelden skal eg skrive eit referat + eit lite avisinnlegg. Vi får kalle det arbeid det også, såpass eg får bøtt litt på samvitet.
Solveig er den einaste som har kommentert multistøpselet som eg la ut. Kan seie såpass som at det har noko med jording å gjere.
No blir det ein liten pause før kaffien.

søndag, november 27, 2011

Vermelding 27.november - 2011

Klokka er ca halv to, og eg måtte ta bilde ute før det vart mørkt. Som de ser har vi fått litt sludd på markane,  men det er greitt når vi alt er komne til 1.sundag i advent. Temperaturen er + 2 grader C.
Nils er i Volda og besøker Harald, og eg nyttar åleinetida til å høyre lydbok på datamaskina og strikke enda eit lestepar. Ein skulle sikkert ha trossa ver og føreforhold og tatt ein tur ut, men "dørstokkmila" er lang for mitt vedkomande. Elles har vi ingen planar for dagen, men i morgon  er det styremøte i pensjonistlaget. Har ikkje tenkt å stresse meg opp når det gjeld jula.

Ei lita nøtt.

I desse mørketider er behovet for lys stort, og med det stig behovet for stikkontaktar og dobbeltstøpsel. Til TV og alt som følgjer med har vi eit langsmalt "dobbeltstøpsel" med plass til mange ledningar. Med ein brytar slår vi av heile greia om natta. Vi tenkte det kunne vere greitt å ha eitt til liknande, og kjøpte dette på Europris for å ha til diverse lampar, julestjerner etc. Men at dette støpselet er lovlig, er meir enn eg forstår. Til vårt bruk var det dessutan ikkje brukbart, fordi der var gammaldagse runde støpsel på ledningane våre.Kan de sjå kva som er gale?
Elles så vil eg minne alle på at på småelektriske apparat bør ein ta ut støpselet om natta eller når ein reiser bort. Å slå av med brytar er ikkje nok. (Det har vi lært i pensjonistlaget).

lørdag, november 26, 2011

Vermelding 26.november - 2011

Klokka har passert 15 med god margin, temperaturen ute er + 3 grader, det er overskya og regn. Mykje roligare ver enn i går, men vi merka no ikkje all verda til styggeveret i går heller, her oppe i bakkane. Noko heilt anna ute på kysten.
I dag vaska eg golva til helga og rydda opp litt. Nils spyla utetrappa og bar inn blomstrane som stod der etc. Førebur oss på vinter og snø.
Fann ut at vi måtte ha ein tur ned på Amfi og treffe litt folk og kanskje gå på kafé. Der var mindre folk enn det som er vanlig på laurdagar, så nokre var vel i Furene.Kaféane var fulle, så det vart til at vi for heim att, og no varmar vi opp ball (klubb) frå i går.Vi handla mat på Kiwi i dag, støttar opp om nærbutikken. Det var ikkje mykje vi skulle ha.
Vart ståande så lenge og prate med folk på Amfi at eg er heilt av i ryggen.
Vi var forresten ein liten tur inn på Gjenbruk også, dei hadde ikkje det vi såg etter.
Prøvde å ta bilde, men som vanlig når eg tek bilde i sterkt lampelys, vart bilda heilt gule.
Elles ser eg at einkvan har fjerna den umulige setninga frå bloggen og skrive "Borte"
sikkert ein som har litt moro av meg. Mistanken går i ei bestemt retning.

Så håper eg at alle får ei god helg-og ei god adventstid.

fredag, november 25, 2011

Vermelding 25. november 2011


Klokka er15.00. Temperaturen ute er ca +5 grader C. Veret er: Vind, regn, hagl, lyn og torden. Kan ikkje bli stort betre. Stygt å seie det, men eg likar det. Men så har eg ingen av mine på sjøen, og treng eigentlig ikkje å gå ut sjølv.
Men vi har no vore ein liten tur ut på Rjåneset og sett til båten. Vi køyrde heilt ut på moloen og tok bilde inn mot hamna, der låg båten lunt og godt til tross for at sjøen gikk kvit.
Etterpå var vi ei lite runde på butikkar. Var innom Amfi sidan eg skulle hente noko medisin. Men det var klokka 17.00 vi skulle ha vore der, for då kjem "Danse-Atle" for å halde konsert.
No skal vi ete middag. Eg koka ferdig ball (klubb) før vi reiste, så no blir det vel horisontalen resten av dagen.(Kokar ikkje ball kvart år, for å seie det slik) Støvsuginga er også unnagjort til helga.
Fekk hjelp med Rasmus i går kveld, så no fungerer begge maskinene igjen. I mi store lykke over at laptoppen var i drift igjen, sette eg meg til å endre bloggbakgrunn etc., med det resultat at der er kome ei setning øvst til høgre, som absolutt ikkje har noko der å gjere. Og ikkje får eg fjerna den heller. Nokon som veit råd?
Så må eg ikkje gløyme å gratulere Harald med 71 årsdagen i dag. Gratulerer hjerteligst!

torsdag, november 24, 2011

Vermeldig 24.nov.-2011


Klokka er snart halv tre. Det er overskya, men opplett akkurat no. Temperaturen er i underkant av +5 grader, og det har kome snø på fjelltoppane.
I dag hadde vi eit ærend til Volda, og sidan vi ikkje skulle shoppe, tok vi oss ein biltur opp i byggefeltet litt utanfor sentrum-i retning Ørsta. Der er det både høgt og bratt, men ei fantastisk utsikt. Vi var ikkje heilt opp, men kom til "vegs ende" meir enn ein gong.Det var tydelig at det hadde vore gardar der for ei tid tilbake, for der stod att mange løer med nydelige gamle murar. Trur ikkje dette bustadområdet høver for folk med høgdeskrekk, men der var mange skikkelig flotte hus der oppe.
På heimvegen berre MÅTTE vi inn på den nye Coopbutikken i Furene. Det er den gamle brusfabrikken som er ombygd. Den første vi møtte var Harald, seinare oppdaga vi Ingeborg også. Elles kunne butikken minne om "svenskehandel"- stort og uoverkomelig. Tok oss ei runde, men kjøpte ikkje mykje. Ei ny steikepanne til induksjonsplata vart det rettnok, men det hadde eg planlagt uansett.
I går kveld fekk vi installert det mye modemet/ruteren, og no virkar den stasjonære maskina. Laptoppen har eg ikkje fått til å legge til enno. Derfor får eg ikkje lagt ut bilde av bursdagsbarnet.
Erlend fyller nemlig 8 år i dag, akkurat 1 mnd.før julafta. Eg hugsar enno at han var ei veke gammal då han var på julegrantenning for første gong.Gratulerer med dagen Erlend! Ingeborg fortalde at de skal på kino i dag og sjå"Jul i Blåfjell". Håper du får enda ei koselig feiring, men utan blåveis denne gongen!

onsdag, november 23, 2011

Bok nr.66-2011:

Eg er ingen tilhengar av Varg Veum verken på film eller i bøker. Men eg plar lese lydbøkene fordi Lasse Lindtner les så bra. Det gjer han også her. Han beherskar alle bergenske sosiolektar, og dialektar i omkringliggande strøk. Her er han likevel litt på villspor, for når han kjem så langt som til Gulen, snakkar folk brått eit arkaisk nynorsk som om dei les frå ei bok. Det får kanskje forfattaren ta skulda for?
Uansett er denne boka heilt uinteressant som krimroman. Staalesen sin styrke ligg i skildringar av natur og personar.Sluttpoenget er likevel overraskande.

Vermelding 23.november - 2011

Klokka er snart 15.00 og det har begynt å mørkne ute. I dag har det vore vind, noko som er sjeldan her oppe hos oss, men det stilna då regnet kom. Temperaturen er + 10 grader, så vi slepp å fryse.
Eg synest sjølv eg har vore flink og flittig i dag. I går baka eg tre Ingers brød, hadde ikkje ingrediensar til meir. Så handla vi både mjøl og gjær så i dag baka eg like godt 6 Ingers brød. Brukte fersk gjær i dag, og ser at brøda hever seg betre då.No har eg brød til langt ut i det nye året.
Elles har Nils teke ned frå loftet advents-og julepynt og eg har starta pyntinga -så no går det i lilla. Fekk opp julegardinene på det vesle vinduet på stova, dei er i kvitt og gull. I det eg skulle pusse vinduet kom eg i skade for å rive ned heile gardinbrettet, så Nils fekk ein ekstra jobb med å få det opp att. Dessverre er eg ikkje særlig handy sjølv.Då er det greitt å ha ein handyman i nærleiken.
Til middag i dag steikte eg sei med løk og paprika. Det er ein av livrettane mine. Blir aldri lei av sei.
No skal eg slappe av ei stund før eg tek ei generalopprydding på kjøkkenet. Treng å kvile ryggen. Dessutan sov eg lite og dårlig sist natt. Det er ikkje berre latskap som gjer at eg ofte står seint opp.Er ofte plaga med verk om natta, men som oftast gir det seg når eg står opp.
Fekk ny router gratis frå Telenor, som eit plaster på såret fordi vi vart utan Internett ein heil dag. Det blir vel eit hendelse når vi skal til å kople om. DET er det Nils som gjer, men eg assisterer på den måten at eg les bruksanvisninga. Eg gler meg! IKKJE.

tirsdag, november 22, 2011

Shoppingtur - igjen.

 I dag var ikkje arbeidslysta på topp, så då måtte vi ta oss ein liten tur. Vi hadde eit ærend bort til Lefdal i Furene-ville kjøpe ei induksjonskokeplate,liknande den som Rasmus har. Eg hadde sjekka på nettet og funne ut at Lefdal hadde beste tilbodet.
Ikkje alle er klar over kor stort og innhaldsrikt industri-og handelsområdet i Furene er, derfor tenkte eg å presentere litt her, for t.d. nordfjordingar og øyafolk som av og til handlar i Ørsta. Ved sidan av Lefdal bygger dei no ein kjempestor Megabutikk som skal opne den 26.nov.Då eg stod på vegen og tok bilda hadde eg desse to butikkane til høgre og Plantasjen til venstre.
Eit stykke lenger borte hadde vi også eit ærend. Då såg eg ein flisbutikk med ei veldig fin og spesiell fasade.



Sidan vi var så godt på veg, tok vi like godt ein Voldatur for å sjå på den nye kafeen og blomsterbutikken rett opp for småbåthamna i dei nye husa der.Der såg heilt greitt ut, men det var fullt på kafeen, så vi sette oss ikkje til. Eg skulda på at eg måtte til Volda og hamstre garn. Og det gjorde eg.
Vi enda opp på Amfi, som vanlig, og kjøpte frosen pizza med oss heim.Det vart middagen i dag.

Vermelding 22.november - 2011

 
Klokka er snart 12.00, og då blir det vel ikkje lysare i dag enn det er no.Det grå novemberlyset har sin sjarm det også, og eg er glad så lenge vi har mildver og slepp snø og slaps. Det er +10 grader i dag, men dette varer vel ikkje så lenge. I dag har eg baka brød på gamlemåten, og så snart dei er ferdigsteikte skal vi nedover og handle. Meir mjøl mellom anna. Må nok ha andre ingrediensar også i tilfelle eg får ånden over meg og bakar til jul. Har kaker i frysaren frå julebaksten i fjor, så eg veit ikkje.....Runde kaker med fyll er meir populært, så eg trur eg satsar på det.
Nils har rydda litt rundt dørene i dag, og tatt ned blomsterkassane utanfor kjøkenglasa; pelargoniane blomstrar vidare i eit kjellarvindu. 
Referatet mitt kom ikkje i avisa i dag heller, ikkje at det gjer meg så mykje, men eg veit at pensjonistane ventar på det. Elles er der rikelig med referat frå all verdens basarar og konsertar m.m. som går for seg no i førjulstida. Og så ei veldig mengde med bilde, heile Møre-Nytt er snart eit bildeblad, med eit minimum av tekst. Ei som uttala seg om kommuneøkonomien i Ørsta t.d.fekk ansiktet sitt smurt ut over ei halv side. "Less is more", seier eg.Elles så var der no ei heil side om Gunda, der eg tilfeldigvis var med på eit av bilda, så no føler eg meg nesten som ei linselus.
Komande fredag skal "Danse-Atle " vere på Amfi, lurer på om eg klarer å snike meg innpå han også?
No skal eg ta ut brøda, og så blir det ein tur på byn!
 I dag fyller bror til Nils, Rolf Jostein, 70 år. Han feirar dagen på Gran Canaria. Vi gratulerer den spreke pensjonisten og håper han har det fint der han er.Bildet er frå i fjor sommar, og fotograf er naboen vår.

mandag, november 21, 2011

Vermelding 28.november - 2011

Klokka er er 14.00, og veret har berre blitt finare og finare utover dagen. No rekk ikkje sola ned til oss, men det kan hende vi hadde sett den tidlig på dag om ho hadde vore framme då. Temperaturen er +10 grader, ikkje gale det heller i siste delen av november. Dessverre skal visst ikkje dette veret vare.
I dag har eg lært ein ting. Det er at viss ein står tidlig opp, kan ein få gjort mykje på føremiddagen. I dag for eksempel har eg laga fiskekaker av 1,5 kg lyr, sildekaker av 1,5 kg sild, vaska golva, sett på brødbakemaskin og oppvaskmaskin, strikka litt etc.Dessutan blitt intervjua av Møre-Nytt.
Vi har no ete middag, og er ferdig med den-og klokka er berre to. Oi! Der kom sola rett inn i ansiktet mitt.Ho er akkurat nede i Os-skaret.
Sildekaker har eg ikkje ete sidan eg var ganske ung, men hugsa at eg likte det.Fann ikkje noka oppskrift som eg var 100% fornøgd med, så eg komponerte mi eiga. Nils tykte kakene var gode. Eg kunne styre begeistringa mi.
Skal eg bgynne å stå tidlig opp og vere litt meir effektiv? Nei, trur ikkje det, nei! For no er eg rett og slett trøtt og trur eg kjem til å somne om eg les lydbok.

søndag, november 20, 2011

Møte med Gunda.


For ei tid tilbake hadde Heidi og Gunda ei matspalte i Sunnmørsposten som eg las med stor interesse. Heidi underviser i Mat og helse på høgskulen i Volda, og har studert faget i Bergen i lag med Solveig. Eg kjenner også Heidi frå skulen, sidan eg hadde ein av dei tre sønene hennar som elev. Heidi har gitt ut fleire kokebøker, mellom anna "Ta kaka". Gunda har eg aldri møtt eller kjent. Berre gjennom bloggen hennar "Alt godt"- ja og så er vi venner på FB.
Hadde tenkt meg til Ulsteinvik då ho hadde bok-lansering der, men det kom noko i vegen, så det vart ikkje. Men i dag møttest vi. Og fann tonen; ikkje noko problem å bli "kjent" med Gunda, nei. Og begge foreldra hennar var også med, så eg hamna midt i smørauget. Det viste seg at faren var søskenbarnet til Hans Kragset og Sverre Paul Runde, folk som vi kjenner,altså. Mora er pensjonert lærar og like lett å prate med. Eg følte aldeles at eg var hamna ved VIP-bordet.(Visste ikkje kven dei var då eg plasserte meg i lag med Heidi.)
Det var ikkje så veldig mange frammøtte, men Gunda prata og fortalde (ho er utdanna jurist) mens ho laga lefserullar med røykelaks som vi fekk smake. Etter kvart dukka det opp veldig mykje folk, men det viste seg at dei fleste skulle på foredraget om Hulda Garborg. Det skulle ikkje eg. Nils var stad og hekla sild på kaia mens eg var på Åsentunet, så eg kunne ikkje bli lenger. Hadde ikkje så veldig lyst heller.
Heidi tok eit bilde med mitt kamera, og så tok ho eit fint bilde av Gunda, meg og mora til Gunda med Gunda sitt kamera.(Men det har ikkje eg tilgang til.)

Vermelding 20.november - 2011

Klokka er snart 13.00. Temperaturen er+ 10 grader C og det har regna berre litt i dag. Himmelen er nokså overskya, så det er typisk "novembermørkt" både ute og inne. Eg klagar ikkje så lenge vi slepp snø og kulde.
I dag har eg tenkt meg i Åsentunet klokka 16.00, elles styrer eg med ymse husarbeid her heime. Det beste for meg er å vere litt i bevegelse; det er når eg sit mykje i ro at eg blir plaga med verk. Så langt i dag er eg bra. 
I dag lagar vi lapskaus av diverse kjøtrestar, tek det litt lett denne helga. Passar bra sidan eg skal på lansering av "Smalhans".

lørdag, november 19, 2011

Vermelding 19.november - 2011

Klokka er snart 15.00. Temperaturen er + 9 grader, og veret er så grått og trist at det  ikkje kan bli stort verre. Likevel er eg glad vi slepp snøen enno. Det som er verst for meg er at i dette veret VERKER eg såpass at eg misser mykje av nattesøvnen.Rått og vått ver er det verste for mange som har ei eller anna form for reumatisme.
I dag var eg bestemt på at eg ikkje skulle gi meg over, men komme meg ut uansett. Og det gjorde eg. Første stopp var biblioteket, derifrå var ikkje vegen lang inn på flatsalen der Reumatikarlaget hadde stor basar. Kjøpte nokre tombolalodd, utan å vinne. Vi skulle rekke 12-koserten i Voldakyrkja så vi var der ikkje lenge. I Volda trefte vi Margrete med fam.+ Ruth og Harald. Konserten var ikkje så lang i dag, og alle som var med var flinke.
I dag spela Amanda og Eirik i lag, eller rettare sagt var dei solistar kvar sine gongar, Amanda på kornett og Eirik på gitar. Gitarlæraren til Eirik var med og kompa. Dei spela to nummer: Bånsull frå Vefsn og Eg veit i himmerik ei borg. Det var ikkje berre vi som tykte det var fint, det var mange som kom med rosande ord etterpå. Sjølve instrumentsamansettinga var litt original, men det funka perfekt. Ei av musikklærarane sa:" Ditta må vi gjere oftare."
Harald måtte gå litt før tida, for han skulle til Ørsta og spele på basaren, og det vart til at vi gikk innom der ein gong til. Der var veldig mykje folk, og ei utulig mengde gevinstar. Vi kjøpte oss kaffi og kaker, og trefte mange vi kjenner. På heimvegen fann vi ut at vi trengde litt av kvart, så vi var innom Kiwi og handla. Slik vart ein elles grå dag litt mindre grå!
Til middag i dag skal vi ha påstråla torsk, som Nils kallar det. Det tyder at fisken er salta natta over.
Referatet mitt kom ikkje i avisa i dag, men så kjem det vel tysdag i staden. Får skulde på Telenor som forkludra internettilgangen vår, slik at referatet kom redaksjonen i hende litt for seint. Kanskje?
NB: De kan sjå og høyre Eirik og Amanda på Ariel sin blogg. Men musikken var mykje finare "live".

fredag, november 18, 2011

Bok nr.65 - 2011: 1 Q 84 Bok 2. av Haruki Murakami

No har eg lese bok 2 i denne trilogien, og er minst like forvirra som etter bok 1.
Er dette science fiction? Allegoriar? Eventyr? Krim? - Ja, det er alt dette, og enda mykje meir. Om eg likar det? Både og, veit ikkje skikkelig enno. Men eg vil ikkje bedømme dette verket før eg har lese alle tre bøkene, og den tredje er ikkje komen ut enno. Så det får vente.
Bøkene er lette å lese, men det aner meg at det er rom for mange tolkingar. Kjem sikkert til å lese dei om att for å forstå litt meir.

Vermelding 18.november 2011

Klokka er 11.30.
I dag er det overskya, og sidan det er vått på vegane, har det kanskje regna litt.Eller kanskje ikkje. Temperaturen er + 8 grader C.
I går fekk eg ikkje skrive på bloggen.Då ver veret fint og litt kaldt.
Eg støvsuga og rydda i huset.Etterpå var eg på kafe med to veninner, og det var kjekt.Nils var på sjøen.

I heile går var vi utan Internett-tilkopling, så det vart ein litt trasig dag på den måten, med mange frustrasjonar. Særlig sidan eg hadde både manus +bilde som skulle sendast til avisa. Vi drog ut og sette inn att alle ledningar som fantest bak maskina, og det er ikkje få, men ingen ting hjelpte.
I dag, før eg var oppe, ringde Nils til Telenor, og då var det der feilen låg. Dei fiksa det tvert, og vi var online igjen.Takk og pris.Vi er nesten heilt "hjelpelause" utan data.
Nils driv og fileterer sei ute i garasjen, han fekk ikkje så veldig mykje i går, men nok til oss. For ein gongs skuld fekk han ein torsk også, den skal vi salte på og ha i morgon; i dag blir det steikt småsei.
Elles har vi ikkje så mange planar for dagen, men skal no nedover og handle litt. I morgon klokka 12 skal vi på konsert i Voldakyrkja. Det er Kulturskulen som står bak desse 12-konsertane. Det er veldig koselig. Amanda skal spele kornett, det var bilde av henne i Møre-Nytt i går i samband med omtalen av konserten. Sundag klokka 16 har eg tenkt meg i Åsentunet og treffe Gunda, forfattaren av boka Smalhans. Ja, det er utuleg mange arrangement denne tida fram mot jul. Særlig er det mange konsertar. Snart er det ballettframsyning også. Ja, vi får velje kva vi har mest lyst til å vere med på.
Sidan det er fredag øsker eg alle ei GOD HELG!

onsdag, november 16, 2011

Vermelding 16.november - 2011

Klokka er 11.30, temperaturen er + 1 grad, sola har vore framme, men no er den borte bak Melshornet.
I natt har det vore frost, og blomkarsen har fått dødsstøtet, men eg trur geraniane har overlevd.
No skal vi nedover på Kulturhuset og stelle i stand til møtet seinare i dag. Eg får skrive litt meir seinare.
KL.22.45: Dette har vore ein relativt travel dag. Pensjonistmøtet gikk greitt, men denne gongen sleit eg meir enn vanlig med referatet.Vanligvis plar det gå fort og greitt unna, slik var det ikkje i dag.Men eg fekk no i hop ein kladd.
Sidan mange av medlemmene i Lionskoret var bortreiste, hadde dei hyrt inn gruppa "Nordvesten"på kort varsel til å spele for oss gæmlisane. Det gjekk i slagerar frå 50 talet og før den tid.Kanskje de kjenner att ein av musikantane?

tirsdag, november 15, 2011

Vermelding 15.november - 2011

Klokka er no 15.00, og vi er nyss komne heim frå Hareid. Då vi stod opp i dag, var det nok ein nydelig dag, med klår himmel og sol i vente.No er sola bak fjellet og det er berre +1 grad ute, så no må vi nok til å berge det som bergast skal av blomster etc.
Vi skulle vere på Hareid ungdomsskule klokka 11.30, så det var ikkje så mykje vi rakk før vi reiste. Veret var like fint heile vegen, men skodda låg over både Hovdevatnet og vatna på Hareid. Stor skilnad på å bu på solsida eller ikkje slike dagar. Ungdomsskulen på Hareid låg ikkje i sola, men det gjorde ingen ting sidan vi skulle vere inne. Der var underhaldning frå scena, servering av lefser frå Solveig sitt prosjekt og fint påsmurde rundstykke. Sidan det var 9.klasse som inviterte, og Solveig hadde undervisning i 10., fekk ikkje ho vere i lag med oss. Vi sat i lag med eit anna besteforeldrepar, pluss to gutar, og Olaug sjølvsagt. Veninna til Olaug, som også skulle ha vore i lag med oss, var sjuk og låg heime. Det var sikkert litt trasig for Olaug som berre hadde meg å prate med. Der var også loddsal og bordkonkurranse. I bordkonkurransen vart vi nr.2 -sant å seie var det Olaug og eg som gjorde meste jobben med den. Takk til Olaug og dei andre 9.-klassingan for ei fin stund.
Då det var slutt på besteforeldrefesten, var vi ned på butikken der Solveig hadde kjøpt presangen til Nils, og bytta den (fordi den var for liten). I staden for genser valde han ei jakke med knappar, som han kan pynte seg med når han går på møte i pensjonistlaget t.d. Han likar ikkje å gå i dressjakker. Der var mykje fint på den butikken, men ganske stive prisar. Har vel med merka å gjere, kan eg tenkje meg. Staurset her i Ørsta held seg stort sett til eit rimeligare sortiment. Men så lenge som Nils har kleda sine, trur eg ikkje det gjer så stort utslag om han måtte legge til nokre kroner.

På heimvegen køyrde vi ned på den gamle ferjekaia på Eiksundsida og tok bilde inn mot Rjåneshamna og av Eiksundbrua. Det er flott å få ein slik novembermånad på tampen av eit så lite solfylt år.Skulle gjerne hatt slikt ver om sommaren også-med høgare temperatur.
No skal vi snart varme opp restar og ete middag.

mandag, november 14, 2011

Nils fyller 75 år i dag.

I dag kan vi gratulere Nils med 75-årsdagen. For meg er det heilt utrulig at han er blitt så "gammal".
Dette bilde er frå 70-årsdagen, som vart feira hos Solveig på Hareid. Her er Nils i lag med søskena sine. Anne Marie i midten er storesøster og Rolf til høgre er den fem år yngre broren. Søskenlikheita er påfallande.
Nils voks opp på den veste staden Trovåg i Solund-øyane ytst i Sognefjorden, der dei fleste dreiv med fiskeri i den tida. Nils var vel ikkje meir enn ca 7 år då han først begynte å "drive sjøen"- ein aktivitet som han tok opp att då han vart pensjonist. Han arbeidde som fiskar heit fram til 1963, då han krabba på land og blei der. Mykje er forandra på alle desse åra, ikkje minst livet om bord i fiskebåtane.
På bildet under er Nils på sildefiske med skøyta Lily.Bildet er frå 1955.

Her er eit bilde frå Trovågen. Trur det må vere frå ca 1970. Nils er fødd og oppvaksen  i huset midt i bildet. Skulehuset er det vesle kvite huset til venstre for huset deira. Der hadde eg min første jobb. På dette bildet har det kome veg i Trovågen, det var der ikkje då eg kom dit sjøvegen i 1958.
Viss de vil sjå korleis der ser ut i Trovågen i dag, kan de gå inn på Google maps.

Det har skjedd mykje på desse 75 åra sidan Nils fart fødd, og materielt sett har folk fått det mykje betre. I Trovågen fekk dei ikkje elektrisk lys før i 1956, og alt var mykje meir tungvint enn i dag. På den tida straumen kom til Trovågen, var Nils i det militære i Stavanger.Den tida var militærtenesta 18 mnd. og få slapp unna.I 1957 hadde Nils permisjon i tre mnd. frå det militære for å reise på sildefiske. Då var han maskinist på "hjelparen"   Skipper Worse.
Nils dimma i juli 1958, og i august dukka eg opp på arenaen.Fire år seinare gifta vi oss-det blir 50 år sidan til sommaren.

Vermelding 14.november - 2011

Klokka er no 9.00. Dette bildet er tatt for vel ein time sidan, mot aust. Eg hugsar aldri det med "Morgen rød....." er det "aften bløt"?  Eller omvendt? Ja, veret er ikkje strålande, men det er i alle fall verken frost eller kulde, noko som vi alle er glade for. Ikkje minst arbeidarane som legg ned fiberkabel oppe i vegen. Temperaturen er + 6 grader, og det regnar litt av og til.
Eg la ikkje ut bilde frå feiringa i går, på bloggen, rett og slett fordi eg ikkje fotograferte. Det var det Solveig og Margrete som gjorde. Det kan hende somme lurte på kvifor vi hadde så rare serviettar. Men då vi såg desse stein-serviettane på Europris ein dag, fann vi ut at vi kunne lage ein liten konkurranse ut av det. Med premie til den som løyste gåta. Det vart Erlend som vann(med litt hjelp?) Nils heiter Nils STEINAR. Premien var ein pakke smellbonbongar.
I dag skal vi feire sjølvaste DAGEN når Margrete og ungane kjem på mandags-ballett-besøk.Det blir litt restar frå i går blant anna.

søndag, november 13, 2011


Klokka er 19.15. Gjestane har reist, og vi har fått rydda vekk det meste rotet. Eg føler meg overoppheta, trur eg har fyrt inn på litt for mange kaloriar i dag. Temperatuen ute er no +8 graderog det har vore grått og litt regn i dag. Samma det berre det ikkje kjem snø. Ikkje enno,please!
I dag har vi altså feira farsdag, Nils sin bursdag og Erlend sin 8 årsdag som er den 24. Han fekk pakkane sine i dag, med oss og med tanta, så det var no kjekt for han. Det vankar vel litt på sjølve dagen også.
Menyen i dag var den same som kvart år på denne tid: pinnekjøt med rabbestappe. Det er Nils som styrer med den delen av matlaginga.I år hadde vi lammeribbe. Eigentlig likar vi betre sau, men den kan av og til bli VEL seig. Kjøtet i dag var prima. Kjøpt på Kiwi på Vallabøen. Solveig kom med karamellpudding til dessert og eg hadde piska krem.
Til kaffimåltidet som gikk av stabelen litt seinare, hadde eg kjøpt kransekake og laga to bløtkaker. Margrete hadde laga Oreokake, som er ungane sin favoritt.Det blir alltid litt spleis når familien samlast.
Vi gamle og vaksne sat for det meste og prata, men dei 6 barnebarna som var til stades, tok seg ein tur ned på Statoil og kjøpte aviser, så dei fekk mosjonen. Det skulle kanskje vore omvendt?
Nils fikk mange fine og nyttige gåver, og ein rosa asalea prydar no bordet i stova.
For å markere at vi har hatt fine haustdagar i det siste og at vinteren enno ikkje er komen, hadde eg pynta med ein blomst av blomkarse på kvar tallerken. Men ingen åt dei, til tross for at det er fullt mulig.

lørdag, november 12, 2011

Vermelding 12.november - 2011

Klokka er snart 13.00. Temperaturen er +5 grader og sola skin frå nesten skyfri himmel, så vi har fått enda ein bonusdag. Det var glatt på vegen i dag, men kan ikkje sjå at blomkarsane har frose.
Vi har vore på handlerunde til Volda og Ørsta, og då vi kom heim, hadde dei greve ferdig grøfta ovafor huset vårt. Vi parkerer hos naboen, så lenge. Dei grev nok på igjen i løpet av dagen/kvelden.Dei ryddar fint opp att etter seg.
Eg var inn på Euronics i Volda og viste dei MP3 spelaren min, og spurde om dei hadde noko liknande. Det hadde dei ikkje, men dei fekk snart inn noko tilsvarande når dei fekk inn julevarene. Kjøpte eit par gåver til Nils på sportsbutikken der. Dei har godt utval i klede.
På biblioteket i Ørsta var det IKKJE godt utval i dag, men eg fekk i alle fall forlenga lånetida på bøkene eg har vidarelånt til Margrete. Min kamp 6 som skulle kome 1.november ,har dei ikkje fått inn enno.
Vi handla mat på Coop i dag, så no trur eg morgondagen er berga.
Eg hadde sett på eit brød i bakemaskina før eg for, og rekna med det var ferdig då vi kom heim. Kunne ikkje sjå lysande tal, så eg opna maskina. Brødet var IKKJE ferdigsteikt, men eg fann eit program som heiter "steke", så eg sette på att. No er eg spent på om eg bergar brødet.
I går kveld kom eg meg endelig ut for å gå tur, etter at det var mørkt og måneskin. Heilt fantastisk å gå opp Storebakken med austamånen rett framme. Det er ikkje gatelys der oppe, så månelyset kom vel med. Spørs om månen får kome fram i kveld også-då må eg ut og gå.
Hadde halvt om halvt tenkt med til Spjelkavika på "Bokbad" i dag, men slo det i frå meg. Det er familiens forfattar Øystein som skal "badast" av biblioteksjefen i Ålesund, som er min gamle "studiekamerat". Mariann Schjeide heiter ho. Fekk innbyding frå henne-dessutan er vi venner på FB.
Øystein har fått mykje ros for novellesamlinga si Sjabervik. Eg held på å lese den for 2.gong. No tek eg berre ei novelle om gongen.

fredag, november 11, 2011

Vermelding 11.november - 2011

Klokka har passert 15.00, og sola er vekk bak fjellet,Kanskje for godt? I dag var ho vekke ei stund bak Melshornet også, men elles har vi hatt ein solrik og fin dag. Berre synd eg ikkje er flinkare å komme meg ut i fineveret.
No er temperaturen + 6-7 grader C. Bildet er tatt for eit par timar sidan.
I dag har eg vore litt lat. Laga ein porsjon fiskekaker f.m. men elles har eg berre gått rundt og vima og småpusla. Skreiv ein mail og rydda i nokre papir etc. Mens Nils derimot har lagt vinterhjul på bilen vår. Mellom anna.
Til lunsj/middag hadde vi kokt kald fjordsild, den var god, men eigentlig er denne retten betre egna til sommarmat. Kunne ha steikt silda, men er ikkje tilhengar av lukta av steikt sild i huset til helga.
No skal Nils ned på gamle Esso og møte Margrete, han har bestilt oljeskift til bilen hennar.
Fibergjengen har spurt om løyve til å jobbe i helga, dei føler nok på seg at vinteren er nær, men eg har sjekka yr.no og slik det ser ut der blir det fint neste veke også, særlig tysdag.
Vil ønske alle blogglesarane mine ei riktig GOD  HELG !

torsdag, november 10, 2011

Vermelding 10.november - 2011

Klokka er no 14.00. Temperaturen er ca +10 grader og det er overskya, men opplett. Akkurat no kom sola fram ei lita stund og eg prøvde å ta bilde mest mulig rett mot sola, utan at det vart vidare vellykka.
Eg er glad for turen eg gjekk i går, det var kanskje siste fineversdagen i denne omgangen? Ikkje fekk eg så mykje vondt av den heller, og det er no det beste av alt.
I dag skulle eg eigentlig på møte i banken klokka 14.00.  Så fekk eg beskjed om at det måtte utsettast, så no ventar eg på telefon.Det er nokre opplysningar eg må ha når eg skal skrive forhåndsomtale av pensjonistmøtet den 16.nov. 
Nils skal på møte på VØR, kanskje for siste gong. Han veit ikkje om han er attvald eller ikkje. Tidlegare i dag var han til Volda og la vinterdekk på Margrete sin bil. Her heime går det diverse karar og luskar rundt med kablar. Det er "Tussa fiber" som held på og skal legge inn fiberkablar. Dei må ha is i magen som kan utsette dette arbeidet til så langt utpå hausten.
Eg har støvsuga og vaska til helga i dag, så har eg dagen fri til andre ting i morgon. Lage fiskekaker t.d.-eller blandaball kanskje.

onsdag, november 09, 2011

Bok nr.64 -2011: 1 Q 84 av Haruki Murakami

Dette er første boka i ein trilogi. Eg har nettopp lese den ferdig og har bok nr.2 klar. Den tredje boka kjem over nyttår. Det vert sagt at dette er den største boksuksessen i Japans historie, men ein anna stad las eg at "Murstenen  ble for lett". Sjølv vil eg ikkje verken dømme eller bedømme bøkene før eg har lese meir. Dei som har lese Kafka på stranden kjenner denne sida av forfattaren og veit at ikkje alt er like lett tilgjengelig,men  ikkje tungt eller kjedelig heller.
Tittelen på boka kan virke underlig. Opphavet til den er George Orwell sin framtidsroman 1984 som kom ut i 1949. Der fantaserer han om korleis verda vil bli i t.d.1984. Murakami har lagt handlinga i boka si til dette året og til heimlandet sitt Japan.
Det er til å begynne med to forteljingar. Den om Aomane som har ein jobb som trenar, men somme tider tek livet av menn. Og forteljinga om Tengo, matematikklæraren som drøymer om å skrive romanar.Vi får annakvart kapittel om kvar av desse to. Men så dukkar det opp den eine forteljinga etter den andre inne i desse to, og til slutt er det eit konglomerat av tekstar; eventyr, faktatekstar, mysterier osb. Og det er sannelig ikkje lett å forstå kvar det ber av.Men ein forstår sjølvsagt at ein eller annan gong skal det bli orden i kaos.
Noko som forundrar meg litt med denne forfattaren er at han så ofte viser til europeisk litteratur og musikk, og til amerikanske filmar, veldig sjeldan til japansk kultur.Les meir om boka på nett, eller om du er Marakami-fan (slik som eg)-så les bøkene.

På gjengrodde stier.

Før eg vart så altfor plaga med rygg og hofte gikk eg mykje tur på skogsvegane i området ovanfor byggefeltet vårt.I tilfelle eg skulle kome ut for uhell e.l. hadde eg alltid mobilen med meg, og Nils og eg hadde gitt alle vegane namn, slik at det skulle vere lett å forklare kvar ein var. No har eg ikkje tort meg opp på desse vegane på minst 5 år,trur eg, men i dag fann eg ut at eg ville prøve ein liten tur. Så får vi sjå om eg får varige mein. Eg gikk inn til bomvegen i nærleiken av der Nils driv og vedar og gikk opp i første krysset-det mellom Bjørnebærvegen og Raudhyttevegen.
Sidan Bjørnebærvegen er både lang og bratt, valde eg å ta til venstre på Raudhyttevegen, den går ovanfor Raudehytta og beint vest. Den er ganske flat.
Her ligg Raudehytta, i bakgrunnen kan de sjå Melshornet.
Raudhyttevegen er ganske flat og god å gå for meg, som helst ikkje skal gå i motbakke. Trefte eit par som eg kjenner frå pensjonistlaget, dei var på heimveg.

Der Raudhyttevegen sluttar står det ein kvilebenk. Der har eg site så mang ein gong og meditert.
Litt plundrete før ein kjem seg inn på stigen som går nedetter Åsmundmarka.


Når ein går beint ned Åsmundmarka, kjem ein ned ytst i Starevegen.Stigen er litt bratt, men akkurat det gjer ikkje noko når det er nedover. Sist eg prøvde på denne runden, gikk det IKKJE bra, så no er eg spent på korleis det funkar denne gongen.
Elles var ikkje stigane så gjengrodde som eg  trudde, det er tydelig at andre også brukar desse fine turvegane.
(Det er ganske håplaust å ta skikkelige bilde når sola står så lågt på himmelen.)

Vermelding 9.november - 2011

Klokka har nettopp passert 14.00, og eg er glad for at eg også i dag kan legge ut eit fineversbilde på bloggen.Temperaturen på baksida av huset er + 10 grader. Eg skulle sjølvsagt ha vore ute i sola no i staden for å sitte her - og kanskje eg tek meg ein tur.
I går kom eg meg ikkje ut før månen var høgt på himmelen.
I dag var vi relativt tidlig oppe, for Nils ville ut og fiske. Han kom heim med mykje småsei, og nokre større. Heldigvis er det nokre av naboane som er så gammaldagse at dei likar "levende pale", som dei seier i Bergen. Men sidan vi ikkje kastar mat, kjem eg vel til å lage noko av det vi løyver når vi har ete oss ulystne i dag. Sidan eg hadde ferskt brød i brødmaskina då vi skulle ha matpause, vart det til at vi tok ei brødskive, og utsette middagen til seinare.
Mens Nils var ute og fiska, gjorde eg tusen ting heime; jobbar av den typen som ikkje viser att anna enn når dei ikkje blir gjort. Og så strikka eg litt. Det går framleis i lestar, trur ikkje eg greier å slutte - ikkje så lenge eg har garn att. Eg har imidlertid ein lei tendens til å fylle opp lageret, så garnposen vert som ei Sarepta krukke.
Lat oss nyte kvar ein solstråle no, før novembermørket kjem!

tirsdag, november 08, 2011

Vermelding 8.november - 2011

Klokka går mot 15.00. Temperaturen i skuggen er + 10 grader, men sola skin frå skyfri himmel og varmar godt gjennom glasa. No skal vi ete middag om ei lita stund, fiskekaker frå fryselageret vårt. Vi har vore på rek heile føremiddagen. Eg var først til frisør, og så var vi til Vik og handla, for det meste mat. Eg har klipt håret mitt ganske kort, etter å ha vore relativt langhåra lenge. Føler meg ikkje heilt bekvem med den nye frisyren enno, men det er vel ein vane.Trur eg føler meg litt slik som Bianca gjorde etter at ho fekk stussa pelsen.
I fjor var vi til Kongsberg i begynnelsen av november, kom heim att den 8.nov. Her kan de sjå korleis det såg ut her då.

mandag, november 07, 2011

Vermelding 7.november - 2011

 Klokka er snart 16.00. Ute er det overskya, opplett og + 11 grader C. Det har alt begynt å skymast.
Ventar på ein kjøpepizza som står i omnen. Eg har nemlig site i møte det meste av føremiddagen, så i dag tek vi det lettvint. Før eg for på møte, sat eg for det meste og strikka.
Nils var stad og fekk seg tak i fleire vedasekker og har fylt oppi dei, så han har hatt nok å gjere. Det varmar betre det enn å sitte på ein stol og prate. Fekk frosten i meg på Bakk-Ola i dag.
Elles plar eg skrive møtereferat straks etter møtet, før eg gløymer kva vi har snakka om. Eg tek sjølvsagt notatar, men det er mykje som skal skje framover. Vi strevar med å få fleire yngre pensjonistar med i laget, og ikkje minst i styret. Eg begynte i styret utan å vere medlem på førehand, og synest i grunnen det har gått greitt. For ein så "ung" pensjonist som meg, er det greitt å ha oppgåver. Viss det er pensjonistar som les dette, så vil eg anbefale å melde seg inn i pensjonistlaget.
Bildet er tatt klokka 16.30.

Alltid vellykka sukkerbrød.

Eg kom i skade for å skrive på bloggen at eg alltid er heldig med sukkerbrøda mine, og no er det nokon som vil ha oppskrifta. Eg har brukt ei oppskrift som eg har i hovudet i alle år, men så fann eg ei på nettet som var nesten heilt lik, så no brukar eg den. Den passar til ei form på 24-26 cm i diameter.
4 egg
1,5 dl sukker
1,5 dl kveitemjøl
1 dl potetmjøl
1,5 ts bakepulver.
Pisk stiv eggedosis, ha i mjøl og bakepulver, rør godt rundt. Ver ikkje redd å røre saman med miksarkraft - men ikkje for fort.
Fyll røra i forma, som skal ha bakepapir i botnen-men for all del:Smør ikkje kantane på forma!
Set forma i heilt kald omn, skru på omnen og set termostaten på 160 grader. Då skal kaka stå i omnen 50-60 minutt.(Dette har eg ikkje soge or mitt eige bryst, det stod i ei kakebok som eg hadde då eg var heilt ung. Har inga aning om kvar ho har blitt av).
Eg frys kakebotnane i forma med det same dei er kalde. Dei er lettare å skjere laus frå forma og dele opp når dei er frosne.
(I går laga eg to botnar; den som eg sette i heilt kald omn vart 2-3 cm høgare enn den som eg sette i forvarma omn.)

søndag, november 06, 2011

Vermelding 6.november - 2011

Klokka har passert 15.30, fotballkampen er over, og himmelen tilnærma skyfri. Endelig. Men sola ligg farlig lågt på himmelen alt, så det er tvilsomt om det blir nokon tur på oss. Temperaturen er ikkje så høg som før, men + 9 grader er ikkje gale.
Nils har sjølvsagt sett fotball; eg laga middag i 1.omgang, og i siste omgangen sat eg framfor dataen og skreiv mailar etc. Men eg høyrde kampen om ikkje anna. Kjekt at sunnmørslaget vann, men særlig engasjert er eg ikkje.
Ser at sola er på veg attom fjellet alt, så det vart ikkje mange strålane på oss i dag. Men alt er betre enn snø,regn, slaps eller kulde. Kvar fineversdag no, gjer vinteren ein dag kortare. 
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget. Det er ei stund sidan sist, sidan oktobermøtet var tidlig i mnd. og novembermøtet midt i mnd. som vanlig.

lørdag, november 05, 2011

Vermelding 5.november - 2011

Klokka er snart 14.00- det er den vanlige middagstida vår. I dag skal vi ha Taco- berre slik at de ikkje trur vi et fisk kvar dag. Ute er det overskya, litt regn av og til, men +13 grader C.
Nils har halde til i garasjen i dag og kløyvd ved. Det kan nok hende eg kjem til å hjelpe med å få den i sekker seinare i dag.
Eg har brukt føremiddagen blant anna til å steike to identiske kakebotnar. Den første sette eg i kald omn slik eg plar, og den vart høg og fin, som vanlig. Eg hadde ikkje tid å vente til omnen vart kald igjen, og sette kake nummer to i halvvarm omn. Den vart ikkje stort meir enn halva så høg ! Men sikkert fullt brukande. Eg plar altså  sette sukkerbrødbotnar i KALD omn og temperaturen på ca 160 grader. Kaka står då i omnen i 50-60 minutt. Det vert aldri mislykka.
Har mykje på programmet dei to komande vekene, så no fyller eg kalenderen. Aldri ein kjedelig dag!

Dagbok 2021: 9.mai.

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 13 grader, så no kjem det seg. Det er overskya,men opphaldsvêr. Eg hadde halvvegs tenk å gjødsle ...