I desse mørketider er behovet for lys stort, og med det stig behovet for stikkontaktar og dobbeltstøpsel. Til TV og alt som følgjer med har vi eit langsmalt "dobbeltstøpsel" med plass til mange ledningar. Med ein brytar slår vi av heile greia om natta. Vi tenkte det kunne vere greitt å ha eitt til liknande, og kjøpte dette på Europris for å ha til diverse lampar, julestjerner etc. Men at dette støpselet er lovlig, er meir enn eg forstår. Til vårt bruk var det dessutan ikkje brukbart, fordi der var gammaldagse runde støpsel på ledningane våre.Kan de sjå kva som er gale?
Elles så vil eg minne alle på at på småelektriske apparat bør ein ta ut støpselet om natta eller når ein reiser bort. Å slå av med brytar er ikkje nok. (Det har vi lært i pensjonistlaget).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
3 kommentarer:
Ein stygg skrivefeil gjer at eg prøver på nytt!
Støpselet som skal i veggen manglar vel jording?
Det gjer det kanskje? Men i alle fall gikk det rett inn i ein ujorda vegg-kontakt.Derimot fekk vi ikkje sette inn ujorda støpsel i "multistøpselet"!Og kvar skal vi så bruke dette vidunderet?
Legg inn en kommentar